Referat frå styremøte på FK-Lillehammer, 8. mars kl

Like dokumenter
Innkalling til styremøte på FK-Lillehammer, 8. mars kl

Referat frå styremøte på Spitsbergseter 4. og 5. august 2019, 6 timar

Oppland Sau og Geit. Saker på årsmøte i Oppland Sau og Geit: Årsmøte i Oppland Sau og Geit lørdag 4. mars 2017.

Referat frå styremøte på Grand Hotel, Gjøvik, 20. mars kl

Referat frå styremøte torsdag 22. januar 2015 kl Møtet vart halde på Statens Hus på Lillehammer.

Referat frå styremøte på Sødorp Gjestgivergård, 17. januar kl

Oppland Sau og Geit. Referat fra styremøte onsdag 16. januar 2013.

Referat fra styremøte torsdag 23. januar 2014 kl Møtet ble holdt på Statens Hus på Lillehammer.

Sauebonde sidan 1984 Har hatt og har mange tillitsverv i Sau og Geit. Lokallag/fylkeslag Værring/avlsutvalg

Referat frå styremøte på Sødorp Gjestgivergård, Vinstra, 24. januar kl

Informasjon fra styret i Oppland Sau og Geit - januar 2014

Referat frå styremøte fredag 21. november 2014 kl Møtet vart halde på Rica Hotel Dombås.

Påmelding til landsmøte, ok med Anne Kari, Arnfinn, Bjørn Even, Tore og Ellen. Pål sender/hjelper til med påmelding.

Møte m/ob 24/ Generellt Rovvilt Jordbruksavtala

Utmarksbeite miljøvennleg og fornybart, men krev meir og meir ressursar til tilsyn. Oppland Sau og Geit

Årsmøte Radøy sau og geit Hordaland Sau og Geit «Slik gjer me det» Kjetil Rødland

Referat fra styremøte tysdag 25. mars 2014 kl Møtet ble holdt på Statens Hus på Lillehammer.

Referat frå styremøte på Sødorp Gjestgivergård, 26. september kl

Styremøte i Sogn og Fjordane Sau og geit april på Quality Hotell Sogndal

Referat frå styremøte fredag 18. august 2017 kl Møtet vart halde på Quality Hotel Strand på Gjøvik.

BEITEBRUK I OMRÅDER MED JERVANGREP. Pål Kjorstad Oppland NSG

Besøksadresse Vestringsvegen Østre Gausdal

LOVER FOR NORSK BONDE OG SMÅBRUKARLAG

ROVVILTNEMNDA I REGION 1 Vest-Agder, Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane

Regionutvalget gjekk gjennom svara frå høyringa frå veraringane. Svara frå kvart fylke kan bli samanfatta slik:

Referat frå styremøte på Sødorp Gjestgivergård 7. juni 2017 kl

Styremøte 9. og 10. februar i Bergen

I forkant av møtet, og etter avslutning av møtet, vart det gjennomført opplæring i bruk av ipad.

Styremøte Sogn og Fjordane Sau og Geit på Reset

Oppland Sau og Geit - Regionmøter jan 2011

Nord-Fron kommune. Politisk sak. Kommunereform - Nord-Fron - vidare prosess

Seminar om rovvilt og beitenæring i Oppland Bruk av radiobjøller på lam -Prosjekt Fron Vest

Rovviltforvaltning og beitebruk i Vestland, ansvar og roller

Referat fra styremøte onssdag 14. januar 2009 kl

REGIONMØTE I OSG Sødorp Gjestgivergård, Vinstra 10/1 Valdres Folkemuseum, Fagernes 11/1 Aas kommunelokale, Bøverbru 12/1

Stranda kommune Næring og teknisk

Ny teknologi i beitenæringa - Honne Prosjekt Fron Vest 2018 og 2019

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

ÅRSMELDING 2017 INTERESSELAGET FOR FARGA SPÆLSAU

ROVVILTNEMNDA I REGION 1 Vest-Agder, Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet

Interesselaget for farga spælsau

Styremøte 5-6. desember Thon Hotel Opera - Oslo

Sogn og Fjordane Sau og Geit

Referat fra styremøte tirsdag 18. januar 2011 hos Fylkesmannen i Oppland, Lillehammer.

VEST-AGDER SAU OG GEIT

ÅRSMELDING FOR RADØY SAU OG GEIT Leiar Kåre Hole * Nestleiar ; Ivar Soltveit * Skrivar ; Erna Tunsberg Erstad

LOVER FOR NORSK BONDE OG SMÅBRUKARLAG

-- Harald Lie, Jorulf Refsnes, Bodil Mannsverk, Finn Egil Adolfsen, Aud Fossøy, Ivar Aae, Marianne Hagen Lie og Ola Mjølhus.

Årsmøtet vart halde den Kl på Smiths møte og selskapslokaler.20 medlemmer møtte.

Referat frå styremøte onsdag 15. november 2017 kl Møtet vart halde på Sødorp Gjestgivergård på Vinstra.

Dato: 24. januar 2012 Kl.: Stad: Fylkeshuset Bergen Møterom Nordhordland 4. et. Saknr.: 1/12-5/12

Årsmøte i Oppland Sau og Geit

2016 NB! Ny søknadsfrist er 15. november

Framtid for småfehaldet i Oppland?

Forord. Mål: Alle skal ha ei god psykisk helse. Visjon: Likeverd openheit respekt

(Leikarringen vart skipa 14. november Lov og styringsføresegner sist endra )

Sakspapirer for. Årsmøte. Gudbrandsdal Folkemusikklag Laurdag 6. april 2019 Utgard fleirbrukshall, Lom

Oppland Sau og Geit. Årsmøtehelg Oppland Sau og Geit 2019

Oppland Sau og Geit. Årsmøte i Oppland Sau og Geit Møtested: Storefjell Resort Hotel, Gol Møtestart: lørdag 23. mars 2019 kl

Sakliste: Sak 43/2014: Referatsaker Referat frå styremøte 12/ , referatet vart godkjent og lagt ut på heimesida.

Møteprotokoll. Følgjande faste medlemmar møtte: Namn Funksjon Representerer

Referat fra styremøte tirsdag 21. juni 2011 på Quality Hotel Strand, Gjøvik.

Kap 1 Innleiande fastsettingar

Beitesesongen 2011 og resultat frå spørjeundersøking

Møteprotokoll. Nærøyfjorden verneområdestyre - AU

Innkalling til årsmøte i Osterøy Sau og Geit 2012

Sogn og Fjordane Sau og Geit

Oslo, 7. april møte i gjetarhundnemnda måndag den 6. april kl på lagskontoret i Parkveien 71.

Rovviltkurs NJFF 5.desember 2012

Utvalg: Kontrollutvalet Møtestad: Kommunestyresalen, Rådhuset i Austevoll Dato: Tidspunkt: 09:30-12:30

Møteinnkalling for Råd for eldre og menneskje med nedsett funksjonsevne

Referat frå styremøte i NJFF - Sogn og Fjordane

GJETARHUND EIT HJELPEMIDDEL FOR SMÅ- OG STORE SAUEBØNDER ÅRSMØTE 2018 MØRE OG ROMSDAL SAU OG GEIT MØRE OG ROMSDAL GJETARHUNDLAG

MØTEPROTOKOLL. Forfall Parti Møtande varamedlemmer Parti Anne-Grete Gjerdevik Ap Ingen

PROTOKOLL. Faste medlemar som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer. Varamedlemar som møtte: Namn Møtte for Representerer

VEDTEKTER FOR FOLKEHØGSKOLEFORBUNDET

Nye kommunar i Møre og Romsdal

INNKALLING TIL STYREMØTE nr 3/18 i 4H Hordaland

Referat. Godkjenning av protokoll frå førre styremøte. Vedtak Protokoll frå førre styremøte er godkjent

Forum for Kontroll og Tilsyn Møteprotokoll

Kontrollutval rådmann - revisor. Korleis samarbeider vi?

Samnanger kommune Møteprotokoll

Referat styremøte 2017

Vedtekter for Vestland SV

Plan- og utbyggingssjefen Dato: Vår ref.: 2016/ /2016 Ark.kode: 022.3

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Krav om tiltak til jervforvaltninga i Oppland 2015 fram til ny beitesesong

Arbeids- og organisasjonsplan for Vestland SV 2019

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 1/10 10/29 POLITISK KVARTER - PERSONALUTVALET

Arbeids- og organisasjonsplan for Vestland SV 2019

Sak 1 Konstituering. Godkjenning av innkalling. Godkjenning av sakliste

Innkalling til årsmøte for året 2014 i Sogndal Sau og geit og Sogndal beite og sankelag

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Møteinnkalling. Naustdal-Gjengedal verneområdestyre

Forum for Kontroll og Tilsyn Møteprotokoll

Nærøyfjorden landskapsvernområde - melding om vedtak - gjennoppføring av tilbygg på stølshuset på Åsen

Fortid & notid for framtid

Kommune Styre, råd, utval Møtestad Møtedato Frå kl Til kl Aurland Fjellstyret Marianne Bakeri og kafè

Vedtekter (Gjeldande frå årsmøte )

Transkript:

Oppland Sau og Geit Referat frå styremøte på FK-Lillehammer, 8. mars kl. 10.00 16.00 Desse møtte: Knut Evensen, Ellen M. Syse, Gro Arneng, Jonny Mathisen, Eirik Kolbjørnshus, Ola Hareland og Pål Kjorstad Sak 14/2019: Referatsaker - Nytt styre etter årsmøtet: Knut Evensen, leiar, Ellen M. Syse, nestleiar, Gro Arneng, styremedlem, Jonny Mathisen, styremedlem, Eirik Kolbjørnshus, styremedlem og Ola Hareland møtande 1. varamedlem. - Knut Evensen ønskte velkome til styremøte, nytt styre og nytt arbeidsår i Oppland Sau og Geit. Heile styret presenterte seg. - Knut Evensen, gift, 4 born, arbeidar hos Fjøssystemer AS i tillegg til å ha 140 vf. spælsauer i ring heime på garden i Fåvang, sekretær i Fåvang Sau og Geit, jeger, fotballtrener - Ellen M. Syse, gift, 2 born, bakgrunn i arbeid hos FM og kommune, deltidsstilling nå, 90 vf. NKS, skjer ned og foredlar kjøtt heime på garden på Lesja - Gro Arneng, gift, 3 born, arbeidar heime på garden i Øystre Slidre med 80 mjølkegeiter, kvote 40 tonn, foredlar ein del produkt sjølv, direktevald geiterepresentant i representantskapet i NSG - Jonny Mathisen, 4 born, 120 vf. NKS på garden i Kvam, eige snikkerfirma, bakgrunn med div. roller og instruktør m/hundar, sentral i Norske Kadaverhunder, erfaring frå landsomfattande tapsprosjekter på sau/lam, styremedlem i Nord-Fron Sau og Geit, leiar i rovviltutvalget i OSG - Eirik Kolbjørnshus, gift, 2 born, 180 vf NKS i ring, arbeidar også hos Nortura SA og som saueklipper, tidlegare leiar av Oppland Gjeterhundlag, sekretær Slidre Sau og Geit - Ola Hareland, gift, 3 born, ku-mjølkeproduksjon 150 tonn. 150 vf. NKS i ring og samdrift, mangeårig tidlegare leiar i Lesja Sau og Geit, fotballtrenar - Pål Kjorstad, gift 4 born, overdrege garden med 235 vf spælsauer i ring til eine sonen, arbeider hos Oppland Sau og Geit og hos Furuseth AS, nestleiar i NSG - Pål forklarte litt om sekretær/administrasjonsstillinga si i OSG og viste til arbeidsavtala, som var signert sist i 2016. - Årsmøtereferatet er skrive under og godkjent av dei som var vald til det og lagt ut på heimesida. - Styretreff søndag 24.02.2019 på Storefjell Resort Hotel. Styret utnemnte Eirik som gjetarhundansvarleg og Jonny som rovviltansvarleg i styret. Styreplan, roller, organisering, målsetting, bruk av nettsida, mail og innspel med kvarandre vart avtala. - Deltakarar i fagleg rådgjevande utvalg for dei store verneområda i Rondane, Anders Formo, Sel og Jan Erik Brenden fra Ringebu er spelt inn. OSG har gått for sistnemnte - Innspel til jordbruksforhandlingane innsendt til NSG på fristen 4. april - Årsmøte i Oppland Bonde og Småbrukarlag 9. - 10/3, Knut møter den 09/3 - Årsmøte i Oppland Bondelag, 12. - 13/3, Pål møter om dagen den 12/3 - Årsmøte NSG 13. 14/3. Knut har alt vore i kontakt med fleire fylkesleiarar. Styret i OSG lufta tankar og la fram plan om korleis dei skulle takla Kleppesaka på årsmøtet til det beste for å bygge organisasjonen NSG Styret i OSG tek informasjonen i saka til orientering Postadresse: Telefon: Bankkonto: Oppland Sau og Geit 99034406 2095.19.84249 v/pål Kjorstad, Moarusta 13 E-post: Heimeside: 2647 Sør-Fron pkjorstad@outlook.com http://www.nsg.no/oppland/

Det vart vedteke at ny arbeidsavtale med sekretæren skal skrivast, med bakgrunn i at leiar og mykje av styret er endra og at det har gått 3 år sidan sist Det vart også vedteke å bruka kalenderen aktivt på nettsida vår, og at vi skulle sende mail til lokallaga om dette slik at dei kan følgja med kva som skjer Sak 15/2019: Årsmøte og seminar 2019 og 2020 - Evaluering årsmøter, seminar 2019: Årsmøte vart også i år langt, og i generaldebatten vart berre ei sak teke opp grunna tidspress. Vidare vart årsmøtet diverre prega av støy rundt vala, der mangel på kunnskap om kva valkomitèen eigentleg har gjort og mangel på kunnskap om instruksen blant årsmøteutsendingane var tonegivande. Valet resulterte i at leiar i valkomitèen fekk urettferdig kritikk og at Toten/Hadeland ikkje fekk representant i styret i OSG. Seminaret var vellykka, men tidspresset førte også denne gongen til unødvendig mykje stress for deltakarar og leiinga. Elles vart staden for årsmøtehelga i 2020 teke opp. Styret i OSG vil sjå framover og gjera alt klarare og betre ved å gå i gjennom valinstruksen, revidera den til eit høringsforslag, sende den ut på høring i lokallaga og leggja den fram som sak på neste årsmøte i OSG. Valinstruksen og forslag til ny instruks arbeidas fram av sekretær og vert sendt ut på mail til styret i OSG i forkant av neste styremøte i OSG m/forslag til endringar i raud skrift. Da ny valinstruks er ei årsmøtesak vil styret i OSG at dagens instruks skal gjeras kjent for årsmøteutsendingane på neste årsmøte ved utsending av årsmøtesakene og gjerast kjent gjennom møteleiarar på årsmøta i Ring 41 og fylkeslaget. Møtegodtgjeringa vert innstilt av valkomitèen, årsmøte i Ring 41 vedtek innstillinga si og årsmøtet i fylkeslaget tek det avgjerande vedtaket for organisasjonen Oppland Sau og Geit I årsmøtehelga 2020 skal årsmøtet i Ring 41 arrangeras fredag ettermiddag og årsmøte i fylkeslaget m/generaldebatt arrangeras laurdag og seminarprogram søndag. Dersom det vert tid til noko anna fredag eller laurdag, vil vi ha dette klart, som eit seminar parallelt med årsmøta eller etter årsmøta. Årsmøtehelga 2020 vert arrangert på Scandic Hotel Hafjell, 21-23. februar 2020 Sak 16/2019: Rovviltsaker - Rovviltutvalget i Oppland skal utnemnast for 2019. I 2018 var det: Jonny Mathisen, Erik Bakken, Marthe Lang-Ree, Wenche Rustad Wangen og Geir Harald Fodnes - Jonny orienterte generelt om ansvar, roller og haldningar rundt ymse rovviltsaker - Møte i rovviltnemnda 12.03.2018 - Møte planlagt 3. april hos FM-Oppland om rovvilt, tiltak, beredskap og samarbeid 2019 i forhold til FM Innlandet og felles sekretariatfunksjon i region 5 og 3 Rovviltutvalget i Oppland Sau og Geit held fram som før med dei same medlemmane som i 2018. Rovviltutvalget sender notater etter møter/arbeid som mail til styret og sekretær i 2019, og dette vil utgjera grunnlaget for korleis utvalet skal/kan arbeida vidare og leggja grunnlag for ei framtidig budsjettering. Utgangspunktet må vera at medlemmar skal ha same honorar som andre tillitsvalde i OSG. Da Jonny Mathisen er rovviltansvarleg i styret får han den faste godtgjeringa for rovviltarbeid i OSG for 2019 på kr. 10.000,- På spørsmål om prioritering av uttak av jerv i beiteprioriterte områder i forhold til rovviltprioriterte områder ville Jonny som rovviltansvarleg ha eit prinsipielt råd frå styret. Dette er vanskeleg, da nokre meiner at byrdeprinsippet i rovviltsoner også er

viktig, men styret i OSG går for at uttak av jerv i beiteprioriterte områder må vera 1. prioritert Jonny arbeider ut ein arbeidsdokument vi bruker som underpunkt under arbeidsplan 2019/20 Sak 17/2019: Geitesaker - Gro orienterte frå årssamlinga i Tine med dystre salstal, der det er nedgang både på G35 og kvit geitost. Det er lite fagstoff om geit i Tine, og det er tydeleg både uro og usikkerheit i geitenæringa kring dette da næringa i dag teljar berre 270 produsentar og har ingen å mista. Fakta er at det vert drukke mykje meire geitemjølk i forhold til kumjølk på verdsbasis enn i Norge, men da produktutvikling er dyrt på lite volum, og at dei gode produkta av geit ikkje heller kjem i butikkhyllene, så går ikkje salet opp. - Gro er innstilt i som repr. i «eierutvalget i Tine» - Geitedagane vert arrangert på Geilo 2. 4. august, der Tine har trekt seg ut og NSG har eit budsjett på kr. 100.000,- for at arrangementet skal oppretthalda den kvaliteten det har hatt før - Det er frå Nordland Sau og Geit kome ønskje om å endra lovene slik at ein av varamedlemmane i fylkesstyra er fast vara-medlem for geiterepresentanten Styret i OSG tek informasjonen i saka til orientering Sak 18/2019: Saker frå Ring 41/avlsutvalget - Ola orienterte om at fleire avlsbesetningar med NKS i Oppland var med på GSprosjektets utplukk av 1 1/2-åringar av søyer til referanse-dyr inn i prosjektet - Styret i Ring 41 vil arbeida ut revidert medlemsavtale som bygger på oppdaterte ordningar i nasjonalt avlsprogram for sau - 1 avlsver på Lesja vart ihelkjørt av toget i august. Det er sendt søknad om og faktura på veren til rett instans, men vi har fått avslag, da dei ikkje fann hol i gjerdet på staden. Styret i OSG tek informasjonen i saka til orientering. Styret i OSG ber Ola finna ut meire detaljar i saka om veren for at vi eventuelt kan koma med ei klage på vedtaket. Sak 19/2019: Gjetarhundsaker - Eirik orienterte frå Oppland Gjeterhundlag, som har hatt eit aktivt år med 39 nye bruksprov. Etter årsmøte for 2017 gikk styret i OGL frå ein modell der dei hadde 5 styremedlemmar til 4 styremedlemmar i 2018. Målet i året 2019 var å koma ned på 3 styremedlemmar. Argumentasjonen for dette var å spara pengar da økonomien ikkje var bra i 2017. Økonomisk lykkes dette for OGL, men på årsmøte for 2018 var berre to styreplasser innstilt av valkomiteen (sekretær og styremedlem) og ein mangla leiar for 2019. Av den grunn skal lokallagsleiarane møtes 12 mars for å finne ei løysing på saka. Etter møtet 12 mars tek Eirik kontakt med styret i OGL for å etablera vidare samarbeid. - Hundedekken, som viser at gjetarhunden har godkjent bruksprov kan kjøpast av OGL - Bandtvang i forhold til gjetarhundarbeid vart diskutert Styret i OSG tek informasjonen i saka til orientering

Sak 20/2019: Arbeidsplan 2019/20 Arbeidsplan, jmf. årsmøtesak, styret er bedd om å konkretisera planen, og oppdatere planen med underpunkter for å illustrere kva som er gjort og kva som må/bør/kan verta gjort for å følgja og eventuelt nå arbeidsplanen. Punkta som vart vedteke på årsmøtet er desse: Bidra til at et medlemskap i NSG skal lønne seg både i 2019 og fremover for småfeholdet i Oppland Innspill til jordbruksforhandlingene 2019 Delta på styremøte, årsmøter og medlemsmøter i lokallag som spør om det Bidra til godt samarbeid og komme med gode og konstruktive innspill til småfeholdets beste til NSG, Nortura, Tine, Fylkesmannen, nabofylkeslag, Oppland Bondelag, Oppland Bonde- og Småbrukarlag Bidra i arbeidet for økt oppslutning om sauekontrollen Medlemsverving mål >1250 medlemmer i 2019 Oppdatering av hjemmesida, inkludert rovviltartikkelen Søke FKT-midler, midler fra «Tilskudd til tiltak i beiteområder» og andre midler til drift av Oppland Radiobjøllelag Videreføre engasjementet i rovviltarbeidet inkludert Rovviltutvalget som bidragsyter Gjennomføre styremøter etter oppsett plan med saker fra Ring 41, geit og OGL Planlegge kontaktmøter/regionmøter i 2019/20 og seminar/årsmøte i februar 2020 Arbeida med utfordringer til gjerding/gjerdeplikt, spesielt mot utmark Arbeide med rekruttering til næringa tiltak for unge småfebønder Arbeida med mere faglige småfesaker, som på avl-, beitebruk-, produksjons- og dyreholdrelaterte områder Beholde generaldebatt på neste årsmøte med god nok tid Drøfte og utrede fylkessammenslåinga med Hedmark Sau og Geit i forhold til vedtak i sak 9 i og avholde minst 1 felles styremøte med Hedmark Sau og Geit Arrangere seminar, møte og turopplegg i Oppland for Rogaland Sau og Geit Følge opp kompetansekravet som nå kommer opp i forhold til ny dyrehelseforskrift Sørge for at det arrangeres grillaksjoner/markedsføring av sau/lam- og geite-produkter Styret i OSG gjekk gjennom alle punkta og noterte ned det som kom opp der og da. Dette er sett inn i referatet og resten er «lekse» med mailrunder til neste styremøte. Utkast til konkretisert arbeidsplan for OSG 2019/20, som skal utvidast og diskuterast fram til neste styremøte i OSG er sett inn under. Denne kan eigentleg revideras og følgjas opp på kvart styremøte slik at den kjem på eit akseptabelt kvalitetsnivå: Bidra til at eit medlemskap i NSG skal lønne seg både i 2019 og framover for småfeholdet i Oppland: o Alle medlemmar kan leiga elektronisk overvakingsutstyr gjennom Oppland Radiobjøllelag o Sørge for at det arrangeras grillaksjonar/marknadsføring av sau/lam- og geiteprodukt o Følge opp kompetansekravet som nå kjem opp i forhold til ny dyrehelseforskrift Bygge vidare på organisasjonen Oppland Sau og Geit o Revidera valinstruksen o Informera om kriteria til beste lokallag o Samarbeida godt med Ring 41, Radiobjøllelaget og Oppland Gjetarhundlag

o Behalde generaldebatt på neste årsmøte med god nok tid o Gjera Oppland Sau og Geit enda meire synleg, aktiv og seriøs Innspel til jordbruksforhandlingane o Innspel sendt til NSG 4/3 2019 o Innspel sendes til OB og OBS o Delteke på årsmøter i OB og OBS, m/innspela o Lage hefte med alle tema, som sendes ut til lokallaga i god tid Delta på styremøte, årsmøter og medlemsmøter i lokallag som spør om det o Be seg inn til dei som treng o Sende mail til lokallaga at vi står til disposisjon o Produsera ferdig powerpoint med ulike tema for medlemsmøter o Halda styremøter i regionar og be inn lokallagsstyra Bidra til godt samarbeid og komme med gode og konstruktive innspel til småfeholdets beste til NSG, Nortura, Tine, Fylkesmannen, nabofylkeslag, Oppland Bondelag, Oppland Bonde- og Småbrukarlag o Halda møter med OB og OBS i forkant av rovviltnemndsmøter med fleire tema o Be inn representantar for alle over på passande arrangement vi held o Drøfte og utreide fylkessamanslåinga med Hedmark Sau og Geit i forhold til vedtak i sak 9 i og halda minst 1 felles styremøte med Hedmark Sau og Geit Bidra i arbeidet for økt oppslutning om sauekontrollen o Halda kurs i medlemsmøter o Informera om fordelane ved sauekontrollen o Samarbeida med slakteria o Arbeida målretta med definerte mål om større oppslutning år for år Medlemsverving mål >1250 medlemmer i 2019 o Inspirera alle lokallag til å bruke «minside» aktivt o Følgja opp dei med avvik kontingent, og dei som har småfe som ikkje er medlemmar o Minna om vervepremiar, og fordelen med fleire medlemmar Oppdatering av heimesida, inkludert rovviltartikkelen o Knut Evensen får tilgang til Opplandssida o Legge ut møtekalender og møtenotater, bruka heimesida meire o Søkja om tilskot frå faglaga i Oppland på rovviltartikkelen Søke FKT-midlar, midlar frå «Tilskot til tiltak i beiteområder» og andre midlar til drift av Oppland Radiobjøllelag o Søkt om «FKT-midlar» og «Tilskot til tiltak i beiteområder» 28/2 2019 o Halda god dialog og kontakt med FM, Findmy og Telespor Videreføre engasjementet i rovviltarbeidet inkludert Rovviltutvalget som bidragsyter o Oppland Sau og Geit skal stå for ei tydeleg linje i rovviltspørsmål som er godt forankra i rovviltutvalget og i styret. OSG skal fremme klare synspunkt i møte med forvaltninga, faglaga i Oppland og NSG sentralt. o Vi ser generelt at det er ei stor utfordring for fleire og fleire beitebrukarar å oppnå full erstatning utover normaltapet, som vi meiner i seg sjølv er for høgt i mange områder. o Det er i 2018 erstatta 55,7 % av dyr som er tapt på beite og søkt om erstatning for. Av dette er 54 % erstatta til jerv. Totalt er det tapt 11164 dyr på beite i 2018, og sjølv om ein trekker frå normaltapet av dette så er talet alt for høgt til

å leva med. Beitebrukarane er pålagt ei umogleg oppgåve med å finne nok kadaver som er dokumenterbare. o OSG skal krevja ein større innsats frå forvaltinga gjennom rovviltnemnda til å ta ut restkvota når ikkje lisensjakta fører til at kvotene vert teke ut o OSG krev at sonene vert respektert slik Stortinget har vedteke med ei «tydelegare soneforvaltning». Dette betyr i praksis at rovdyr i reine beiteprioriterte områder skal takast ut. Bjørn og ulv i Oppland skal takast ut, og dei skal fortrinnsvis takast ut i forkant av beitesesongen. Her må det krevjast at det vert gjeve skadefelling ved observasjonar. o I rovviltsonene skal uttaket prioriterast i områder med størst skade når det skal takast ut restkvoter. o Når det dukkar opp t.d. gaupe i jervsona eller jerv i gaupesona skal desse taskast ut, dette er i samsvar med byrdefordelingsprinsippet i forvaltningsplanen i Oppland o OSG skal arbeida for ei forvaltning av ørn. o OSG ønskjer å behalde Rovviltnemndene slik dei fungerer i dag o OSG skal jobbe for at FKT potten skal auka og i størst mogleg grad koma beitebrukarane til gode. o OSG skal jobbe for at det vert gjeve full erstatning i forhold til rovviltskader til våre medlemmar der ingen anna årsak er påvist. Gjennomføra styremøter etter oppsett plan med saker frå Ring 41, geitesaker og OGL o Vedtak om bruk av kalender på heimesida for alle møter o Plan er laga 8/3 2019 så langt vi i praksis veit Planlegge kontaktmøter/regionmøter i 2019/20 og seminar/årsmøte i februar 2020 o Arrangere seminar, møte og turopplegg i Oppland for Rogaland Sau og Geit o Diskutere om vi skal ha fleire kontaktmøter og regionmøter fleire stadar o Seminar og årsmøtehelg er bestemt til tid og stad, og opplegg Arbeida med utfordringar til gjerding/gjerdeplikt, spesielt mot utmark o Jonny har laga powerpoint om emnet o Ta opp att kunnskapen frå tidlegare prosjekt i regi av FMOP og OSG Arbeide med rekruttering til næringa tiltak for unge småfebønder o Bruka Valdres-prosjektet aktivt fleire stadar o Redusert pris til dei under 35 år på seminar/årsmøte o Bidra med rekrutteringstema på seminar Arbeida med meire faglege småfesaker, som på avl-, beitebruk-, produksjons- og dyrehald-relaterte områder o Vidareføre og behalde engasjementet i Ring 41 o Vidareføra og auka engasjementet og deltakinga i kåringssjåa Sak 21/2019: Oppland Radiobjøllelag - Pål orienterer det nye styret om arbeidet med dette - Det har vore til hjelp å fått eit meire databasert system med koplingar mellom leigetakarar, ulikt utstyr, rapportering, søknader, osb, om det kan finnast noko slikt. I dag vert Excel-ark brukt, med mykje manuell innlegging

- Søknad om FKT-midlar og midlar frå tilskot til tiltak i beiteområder sendt 28.02.2019 basert på samtaler med FM og førebels kunnskap om tapsprosjekta m/radiobjøller på lam Styret i OSG tek informasjonen i saka til orientering Sak 22/2019: Møteplan 2019 Møteplan 2019/20 vert endra etterkvart som datoar fell på plass Vi bruker møtekalender på nettsida aktivt og varslar om møter vi deltek på via mail. Etter møta sender vi ut eit notat frå møtet til styret og sekretær 08.03.2019: Styremøte i OSG, FK-Lillehammer 09.03.2019: Årsmøte Norsk Bonde- og Småbrukarlag Tyriford Hotell, Knut møter 12.03.2019: Årsmøte Oppland Bondelag Thon Hotel Skeikampen, Pål møter 12.03.2019: Møte i rovviltnemnda Statens Hus, Lillehammer, Jonny møter 13. - 14.03.2019: Årsmøte i NSG Park Inn West, Gardermoen, 5 utsendingar møter 05.06.2019: Styremøte i OSG, Vertshuset Sincklair, styret møter 04. 09.07.2019: Tur til VM i saueklipping og ullhandtering, Frankrike 02. 03.08.2019: Styremøte i OSG og seminar Spitsbergseter Resort Rondane 02. 04.08.2019: Geitedagar, Geilo i Buskerud 21. - 23.02.2020: Årsmøtehelg Oppland Sau og Geit, Scandic Hotel, Hafjell Sak 23/2019: Sponsoravtaler OSG - Sponsoravtalane går ut i 2019, og det er tid for å forhandla fram nye. Ansvar/fordeling av ansvar, sist sendte vi ut ein sponsorfolder. Sponsorane våre har vore dette: Os ID kr 2 500,00 Strand Unikorn kr 5 000,00 AS Nessemaskin kr 2 500,00 Fjøssystemer AS kr 5 000,00 Tine SA kr 2 500,00 Felleskjøpet Agri SA kr 5 000,00 Sp.bank 1 Gudbrandsdal kr 5 000,00 Telespor AS kr 10 000,00 Findmysheep kr 10 000,00 Nortura SA kr 43 000,00 Sikringsradion kr 5 000,00 Grobakken Landmek AS kr 20 000,00 Furuseth AS kr 2 500,00 Fatland AS kr 2 500,00 Bekkevold Lyskopi kr 2 500,00 Norilia kr 5 000,00

Det vart vedteke å revidere foldaren med det som trengs og bruka den på ny. Pål sender ut forslag til ny tekst. Etter at foldaren er klar vil vi senda den ut til dei som er positive til ny avtale. Alle vert ringt opp på førehand for å varsla om og få munnlege spørsmål om sponsormidlar Vi bestemte ei fordeling av dette innan styret: Knut fekk ansvar for: Fjøssystemer, Sikringsradion, OSID, Nessemaskin og Nordfjordkjøtt Ellen fekk ansvar for: Norilia, Nortura og Animalia Jonny fekk ansvar for: Sparebank1, Fatland, Furuseth og Felleskjøpet Eirik fekk ansvar for: Grobakken (Husdyrsystemer) og Strand Gro fekk ansvar for: Landkreditt og Tine Ola fekk ansvar for Gjensidige og DNB Pål fekk ansvar for Findmy, Telespor og Bekkevold Lyskopi Sak 24/2019: Høring på ny forskrift om regionale miljøtilskot i jordbruket Høringsfrist 31/3 2019. Det vart dårleg tid til denne saka, og styret vedtok å laga høringssvaret med hjelp av ein mailrunde. Høringsdokumentet, som er utkast til ny forskrift er vedlagt i mailen i word Sak 25/2019: Samanslåing av Vang Sau og Geit og Øye Sau og Geit På årsmøta i dei 2 lokallaga vart det vedteke i båe laga at Vang Sau og Geit og Øye Sau og Geit skulle slå seg saman i 2019. Dei har vald namnet Vang Sau og Geit, og nytt styre er vald. Dette må formelt sett godkjennas av styret i Oppland Sau og Geit. Styret i Oppland Sau og Geit godkjenner samanslåinga av dei 2 lokallaga og ynskjer det nye laget Vang Sau og Geit lykke til i arbeidet sitt. Sak 26/2019: Eventuelt 1. DNT-hytte i Haldorbu Fellesdrift, der det vert bedd om innspel frå Oppland Sau og Geit, som støtter opp om at det ikkje DNT kan få løyve til å byggja ny hytte i området. Eirik og Gro lagar eit utkast til innspel og sender dette ut på mail for godkjenning i styret, og innspelet til Øystre Slidre Fjellstyre v/anne Frugård vart slikt: «Oppland Sau og Geit er en medlemsorganisasjon med over 1200 medlemmer i Oppland og et fylkeslag av Norsk Sau og Geit med ca. 11.000 medlemmer. Oppland Sau og Geit har som et av sine hovedmål å ivareta beitebrukerne i fylket. Etter å ha lest gjennom det Haldorbu Fellesdrift har skrevet, der det helt klart går fram at bygging av ny DNT-hytte vil forringe beiteinteressene i område, stiller Oppland Sau og Geit seg bak skepsisen til bygging av ny DNT-hytte innenfor området Haldorbu Fellesdrift. Vi har og lest gjennom uttalen fra Oppland Bonde og Småbrukerlag. Oppland Sau og Geit støtter denne uttalen og kommer også med følgende tillegg: Forskrift om vern av Haldorbu landskapsvernområde, Øystre Slidre kommune, Oppland 1.Føremål Føremålet med Haldorbu landskapsvernområde er å ta vare på eit natur- og kulturlandskap med økologisk verdi, kulturell verdi, opplevingsverdi, og som er identitetsskapande. Vidare er føremålet med vernet å:

- ta vare på eit naturområde med eit rikt dyre- og planteliv som pregar landskapet. - ta vare på og oppretthalde eit eigenarta, ope og vakkert natur- og kulturlandskap der stølslandskapet med beitebruk, stølsbygningar og stølsvollar, og kulturminne utgjer ein vesentleg del av landskapet sin eigenart. - ta vare på biologisk mangfald som pregar landskapet medrekna naturtypar som naturbeitemark, myr, medrekna slåttemyr, ferskvatn/våtmark, og artar knytte til desse. - ta vare på vassdragsnatur, landskapsformer og kvartærgeologiske førekomstar. Ålmenta skal ha høve til natur- og landskapsoppleving gjennom utøving av naturvennleg og enkelt friluftsliv med liten grad av teknisk tilrettelegging. Kommentar fra Oppland Sau og Geit: I formålet til Haldorbu landskapsvernområde står det altså at: «Ålmenta skal ha høve til natur- og landskapsoppleving gjennom utøving av naturvennleg og enkelt friluftsliv med liten grad av teknisk tilrettelegging.» Ålmenta har mulighet til utøving av naturvennlig og enkelt friluftsliv slik det er i dag. Når en ser på overnattingskapasiteten i område er det mulighet for overnatting i Haldorbu. I tillegg er det 4 åpne buer i område. Disse buene er Bøllhaugbu, Plankebu, Vesterheimsbu og Langsubu. Pr. i dag er det rikelig med kapasitet i område. Vi spør oss om motivet til DNT er å få flere folk inn i fjellet for å tjene penger? Vil dette være i tråd med formålet til Haldorbu landskapsvernområde og har de da rettigheter til å bygge ny DNT-hytte? Hvilke signaler sender de myndigheter som evt. godkjenner å bygge dette bygget i et landskapsvernområde? Hvem kan bygge og på hvilket grunnlag? Det står helt klart i formålet at det skal være liten grad av teknisk tilrettelegging. Denne hytta er helt klart en oppgradering og går under kategorien teknisk tilrettelegging. Vi stiller oss da undrende til at DNT kan gjøre et slik inngrep i et landskapsvernområde. Dette vil helt klart forringe beiteressursene til de som er avhengige av disse i sin næring. Konklusjon: Oppland Sau og Geit ser ikke at dette bygget kan bygges med bakgrunn i forskrift om vern av Haldorbu landskapsvernområde. Oppland Sau og Geit støtter samtidig innspillene Oppland Bonde og Småbrukarlag og Haldorbu Fellesdrift har kommet med.» Lillehammer 8. mars 2019. Pål Kjorstad, sekretær