SLT- og folkehelsekoordinator, november RAPPORT Barnetråkk i Hjelmeland 2017

Like dokumenter
Barnetråkk for elever i 5 (6) og 9 klasse, Sauda. Formål med Barnetråkk: Resultat:

6-åringar på skuleveg

Høyring Masfjorden kommune med saksnummer034/2018 Svar på høyring om samanslåing av ungdomskular frå FAU ved Matre Skule

Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017

BARNETRAKK EI BÅTLENGD FØRE

Notat om Barnetråkk Nærbø 2017, sentrumsområdet

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

KOMMUNEDELPLAN TRAFIKKTRYGGING HERØY KOMMUNE

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019

Barnetråkk -Sagstad Skule

SUND KOMMUNE. Innhald. Dok.dato: Vår Ref: 17/ Arkiv:

Vedlegg 1: Oversyn over ekstra skuleskyss i Fjell kommune, 2012.

Spørjeundersøking om sentrumsområde

Arbeidsprosess Kommuneplanen sin samfunnsdel

Kommentarar frå Røyrvik Kraft til høyringsfråsegner for Røyrvik og Øyrane kraftverk i Gloppen kommune

Elevundersøkinga 2016

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 046/2018 Formannskapet PS /2018 Kommunestyret PS

Trafikkavviklingsplan: sykkel-vm i Fjell Kommune

Plan for utvikling av barnehage og skule i Balestrand kommune Planprogram

Midsund kommune Arkivsak: - Arkiv: 144 Saksbeh: Dato:

Kulturskatten er ein konkurranse der det gjeld å finna fram til kulturminna me har merka av på kartet.

2015/

SAKSUTGREIING ETNE KOMMUNE

Oppsummering frå verkstad på Hardange Ungdomsting

Vintervèr i Eksingedalen

Vennegrupper på Høle Barne- og Ungdomsskule

Hjelmeland kommune. Dykkar ref.. Vår ref. Arkivkode: Dato: 14/468-7/14/

FØRDE TOMTESELSKAP. Brendeholten

MØTEPROTOKOLL. Råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne SAKLISTE:

Planprogram for trafikksikkerhetsplan Tysvær kommune

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet

Retningsliner for skuleskyss i Gol kommune

Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE (-17)

Kvifor likar me å høyre på forskjellig musikk?

Retningsliner for skuleskyss i Gol kommune

EIDFJORD KOMMUNE Arkiv: K1-, K2-L00. Godkjenning av sti- og løypeplan for Sysendalen. Arkivsak ID: 11/ Journalpost ID: 13/2948 Saksh.

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Vegard Ertesvåg Arkivsak: 2016/523 Løpenr.: 5765/2016. Utvalsaksnr. Utval Møtedato 16/58 Teknisk utval

Kafédialog Ungdommens kommunestyre

Barnetråkk i Halsa Kommune 2018

Planprogram. Skulebruksplan Lærdal kommune

SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Anne-Jorunn Bjørkum Leigvold Arkiv: A10 Arkivsaksnr.: 18/38-14

Saksnr Utval Type Dato 008/18 Formannskapet PS Formannskapet vedtek følgjande medlemmer til den politiske arbeidsgruppa:

Kartlegging av rammevilkår

Oppsummering frå verkstad på Hardanger Ungdomsting 2015

RAPPORT. Barnetrakkregistrering Bringedalsbygda oppvekstsenter, Herøysund

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

MED ecampus PÅ NETT I LÆRARUTDANNINGANE

Innspel frå FUNK til kommuneplanen sin samfunnsdel

Tokke kommune. Møteinnkalling. Til medlemene i Oppvekstutvalet. Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Oppvekstutvalet

Barnetråkk Tema: Trafikksikkerhet

Sosial handlingsplan 2016 SOSIAL HANDLINGSPLAN - BRINGEDALSBYGDA SKULE KVINNHERAD KOMMUNE.

Informasjon frå Bore skule skuleåret Nr 2 - November. Slik så den ut i. og slik ser den ut i dag.

Informasjon frå Bore skule skuleåret Nr 3 - Januar. Så tar me hoppet over til 2018

Regional transportplan Sogn og Fjordane

2015/

Innspel frå elevar på. Volda læringssenter. til kommuneplanen sin samfunnsdel. Volda kommune

Tilleggsinnkalling til Formannskapet

Utval Møtedato Utval Saksnr Plan- og miljøutvalet /55 Kommunestyret /45

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 028/17 Formannskapet PS Kommunestyret 023/17 Levekårsutvalet PS

Trafikksikringsplan Svortland skule

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Hareid kommune Kommunedelplan for vatn og avløp Forslag til planprogram

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Kommunestyre. Sakliste

Kommunale eldreråd i Møre og Romsdal

Vågsøy kommune. Møteprotokoll. Ungdomsråd. Møtested: Formannskapssalen 3. etg Rådhuset Møtedato: Tidspunkt: 14:15-15:45

11JUNI2012 /_5 S. Frå barn og vaksne som bur i området langs Kyrkjevegen og Træsvegen Kvinnherad kommune. R sendal, 11. juni 2012

Utsnitt av komuneplanen med trasealternativ frå RAPPORT. Fjordstien Damskipskaia / Straumen. Datert

Vår ref.: Dykkar ref.: Saksbehandlar: Dato:

Saksnr. Utval Møtedato 005/17 Formannskapet /17 Kommunestyret Sakshandsamar: Monika Lysne Arkiv: Arkivsaksnr.

Finnøy og Rennesøy kommunar

KVA MEINER INNBYGGJARANE I BYGDENE NORDDAL OG EIDSDAL OM KOMMUNETILKNYTING FOR FRAMTIDA?

Innspel frå elevane på 9. trinn på Leikanger ungdomsskule

Foreldreråd utan tilsette - Helland Barnehage 25. september 2012 kl

VANYLVEN KOMMUNE Rådmannen. Saksnr Løpenr/Arkiv Dykkar ref. Avd/Saksansvarleg Dato 2012/ /2015 / 002 RÅD / SANGUD

Bykle kommune -Bykle ser langt. Planprogram for kulturminneplan

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

DETTE ER VIKTIG FOR OSS. For at Midsund skal være ein god stad for alle å bu i, arbeide i, lære i og besøke. MIDSUND ARBEIDERPARTI

forum for natur og friluftsliv FRILUFTSLOVA SJIKANERANDE STENGSEL

Å løyse kvadratiske likningar

Til veljarane i Tysnes

Næring 23 Hytte 34, Bustad 76 Hytte 2

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2018

Foreldremøte 19. september 2018

Skuleskyss båt/buss Atløy - Dale

FLORA KOMMUNE Sentrumsplanen. Prosjektbeskriving. Folk i sentrum.

RAPPORT FRÅ MEDVIRKNINGSMODELLEN GJESTEBUD

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet

Faste medlemmer som møtte: Namn Funksjon Representerer Kari Fjugstad Giske Harald Rydland Johnny Westvik LEIAR MEDL. MEDL

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013.

MELAND KOMMUNE SAKSPAPIR

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, vår 2019

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Resultater fra barnetråkk 2017

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

Utval Møtedato Utval Saksnr Plan- og miljøutvalet /61 Plan- og miljøutvalet /85

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:

Transkript:

SLT- og folkehelsekoordinator, november 2017 RAPPORT Barnetråkk i Hjelmeland 2017

1 Innleiing I perioden mai oktober 2017 vart det gjennomført Barnetråkk-undersøkingar i utvalde klassar på skulane i Hjelmeland kommune. Barnetråkk er eit digitalt verkty og undervisningsopplegg som let barn fortelle planleggarar, kommunen og politikarar korleis dei brukar staden dei bur på og kva dei ynskjer hadde vore annleis. Tenesta ligg open på www.barnetrakk.no, og er utarbeida av Norsk Design- og Arkitektursenter for Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Heilt konkret loggar elevane seg inn på ei nettside, der dei hentar opp kart over heimstaden sin. Her legg dei inn ruta kor skulevegen går, og kva dei ser på som positivt og negativt langs denne. Til å illustrere og kommentere bruker dei ulike symbol, til dømes kan dei leggje inn symbolet med bilar for å illustrere at det er mykje trafikk i området. Dei tek også føre seg nærområda sine, og gjev attendemeldingar på kva dei likar, og kva dei ynskjer skulle vore annleis. Ein viktig faktor å ta med seg er at ca. halvparten av barna i Hjelmeland kommune har skuleskyss, der nokon må ta både ferje og buss. Kommunen har tre skular og er ein kommune med stort areal. Barna bur i heile kommunen og kjem difor med innspel frå heile kommunen. Dette betyr også at det gjerne ikkje er meir enn ein eller to personar som har meiningar om eit nærområde. Dette vert difor ei kvalitativ undersøking, og grunnlaget må tolkast deretter.

1.1 Hensikt og mål Hjelmeland kommune ynskjer at barn og unge skal ha medverknad, og vi ynskjer at dei skal ha høve til å påverka planarbeidet. Gjennom Barnetråkk får dei mellom anna formidle sine tankar kring skulevegen, då med spesielt fokus på trafikktrygging, og nærmiljøet elles. Målet er at kommunen gjennom denne undersøkinga kan finne ut kor ein har utfordringar/ressursar, og kva som gjer/kan gjera nærmiljøet til ein trygg og god plass for barn og unge. 1.2 Involverte Arbeidsgruppa for Barnetråkk består av arealplanleggjar, oppvekstrådgjevar og SLT- og folkehelsekoordinator. Desse har samarbeida med rektorar og lærarar på Hjelmeland barne- og ungdomsskule, Fister skule og Årda skule. Kommunen har sett dette arbeidet i samanheng med arbeidet med ny kommuneplan, og difor har heile den kommunale plangruppa også vore involverte; Rådmann, plan- og forvaltningsleiar, SLTog folkehelsekoordinator, oppvekstrådgjevar, arealplanleggjar, rådgjevar landbruk og rådgjevar byggesak. 1.3. Gjennomføring Hjelmeland ungdomsskule Klasse: 8B Elevantal: 15 Gjennomføring: Gjennomføring i september. Undersøkinga vart gjennomført digitalt og fungerte greitt. Hjelmeland barneskule Klasse: 6. Elevantal: 27 Gjennomføring: Gjennomførte undersøkinga i mai. Undersøkinga vart gjennomført digitalt og fungerte greitt. Fister skule Klasse: 5. 7. Elevantal: 18 Gjennomføring: Gjennomførte undersøkinga i oktober. Undersøkinga vart gjennomført både digitalt og manuelt på kart. Den digitale delen fungerte ikkje skikkeleg, ingenting av informasjonen ligg difor lagra på nett. Det er også mogleg at elevane på Fister av den grunn ikkje har tenkt i same «bane» som på dei andre skulane, då dei ikkje har hatt alle symbola tilgjengeleg. Mellom anna var det ingen på Fister som nemnde sinte hundar, som er eit eige symbol, noko elevane på dei andre skulane gjorde. Notatane er elles systematiserte og innleverte skriftleg. Årdal skule Klasse: 5. 7. Elevantal: 22 Gjennomføring: Gjennomførte undersøkinga i oktober. Undersøkinga vart gjennomført digitalt og fungerte greitt.

2. Resultat Det er kome inn mange varierte innspel, både når det gjeld barna si oppleving av skulevegen, og korleis dei brukar nærområda til aktivitet og sosialt samver. Vi har difor valt å sortera resultata etter «Skuleveg» og «Område for fritidsaktivitetar». Vi fordeler innspela etter skulekrins, og kommenterer kva nærområde kommentarane gjeld. Nokre tema går att på alle skulane, mellom anna fine utsiktsplassar og skogsområde. Dette er ikkje alltid nemnd spesifikt, då desse kommentarane er plasserte over heile kommunen. Andre tema er meir spesifikke for den einskilde bygda, desse nemner vi med namn. Mange av innspela er konstateringar som t.d. «her er fotballbingen» eller «her er barnehagen». Desse innspela nemner vi ikkje i denne rapporten, her viser vi eit uttrekk av det viktigaste. 2.1. Hjelmeland På Hjelmeland har både barne- og ungdomsskulen vore med på Barnetråkk. Her er det difor mange tilbakemeldingar, gjerne aller flest om det som gjeld fritida. Tilbakemeldingane som er kome gjeld hovudsakleg sentrumsområdet frå Pundsnes til Vågen. Det er Sande og områda rundt idrettsbanen/skulen som engasjerer mest. I tillegg er det nokre kommentarar frå andre deler av krinsen. 2.1.1. Skuleveg Fleire elevar meiner at bilane køyrer fort langs skulevegen. I Vormedalen er det ikkje så mykje trafikk, men det vert påpeika at dei bilane som er der køyrer fort. Ved Vågabru-krysset er det mange innspel, og det er tydeleg at kryssing av denne vegen uroar elevane. Det vert påpeika at det er mykje trafikk, at ein ikkje høyrer bilane på grunn av elva og at det burde vore gongfelt her. Det kjem liknande tilbakemeldingar om krysset opp til barne- og ungdomsskulen, og det vert ytra ynskje om lyskryss her. I tillegg meiner fleire at bakken opp til ungdomsskulen er mørk, og at det burde vore lyktestolpar.

Ved bensinstasjonen på Pundsnes er det óg ytra ynskje om tryggare vegkryssing gjerne ein undergong. Det vert også kommentert at undergongen på Kleppa er uoversiktleg og at det er betre å sykla på RV13. Ein elev har teikna inn at ein kan bruka stien langs sjøen frå Vågen, via hotellet, til skulen. Elles vert det kommentert at mange vert køyrde til skulen, sjølv om dei kan gå. Når det gjeld tryggleik langs skulevegen er det ikkje berre trafikkrelaterte utfordringar som vert melde inn. Sinte hundar og personar elevane føler seg usikre på uroar også elevane. 2.1.2. Område for fritidsaktivitetar Mange av barna gjer attendemelding om at dei er glade i skogsområdet rundt barneskulen. Det same gjer dei når det gjeld ballbingen og idrettsplassen, dette er heilt tydeleg ein møteplass for barn og unge i kommunen. Dei saknar likevel noko meir å gjera i dette området, og kunne mellom anna tenkt seg ein kafé eller kiosk og benker. I tillegg vert det peika på at det ikkje er garderobar/toalett. På barneskulen saknar dei meir ting på uteområdet, og på ungdomsskulen ytrar dei ynskje om vatn i bassenget heile året. Mange meinar at ungdomsskulen bør pussast opp og at parkeringsplassen er full av hol. Barnehagen derimot får mange positive kommentarar! Sande er det området som har fått desidert mest kommentarar, så det er tydeleg at dette er eit område mange har eit forhold til. Fleire kommenterer også at dette er ein møteplass. Dei fleste assosierer området med bading, men nokre har også nemnd at Sandedalen er fin til aking og gjerne kunne det vore eit aktuelt område for rulleski. Elles får området mange av dei same kommentarane som er nemnd ovanfor, men i tillegg er det nokre negative attendemeldingar i forhold til at det er mykje trafikk, at det skulle vore ein garderobe der og at den store Jærstolen er kjekk, men burde vore pussa opp. Tonen er elles ganske lik for fleire av områda, spesielt i Hjelmeland sentrum; Barna tykkjer områda rundt hotellet, på Hjelmen og på Sande er fine, men dei tykkjer det er for mykje søppel også på skuleområdet. I tillegg vert det påpeika at det er mørkt, mellom anna i området ved hotellet. Veldig mange ytrar ynskje om fleire benkar i sentrum, spesielt i Vågen. Møteplassar som kaféar og butikkar er også sakna, gjerne kafé i samband med biblioteket og/eller Sande. Pr. i dag er det stort sett Prix og Spar som vert nytta som møteplassar. Meir aktivitetar, som t.d. trampolinar, klatretårn og stupebrett, er også ynskja av mange. Steinslandsvatnet er eit område mange brukar, både til bading om sommaren og skøyting vinterstid. I samband med skøyting vert også Vigavatnet nemnd som ein arena. På vinteren likar mange seg på ski på Bjødnabu, og det vert ytra ynskje om at lysløypa skulle vore asfaltert til bruk når det ikkje er snø.

2.2. Fister På Fister kjem det kommentarar frå Hetlandsbygda til Helgøy, og mange av kommentarane gjeld skulevegen. 2.2.1. Skuleveg Det er tydeleg at smale vegar med mange svingar, store køyrety og bilar som køyrer for fort uroar elevane. I tillegg har, spesielt vegen langs Hetlandsvatnet, til dels bratte sider og djupe grøfter. Elevane ynskjer seg difor sykkel- og gongstiar langs Ryfylkevegen og Nesvegen, då det føles utrygt å sykla langs desse vegane. Det vert også påpeika at bilane parkerar der bussane skal stoppa ved skulen, noko som skapar uønska trafikale situasjonar. Det er også kome innspel på at det er ynskjeleg med eit leskur på kaien på Helgøy. 2.2.2. Område for fritidsaktivitetar Barna er svært fornøgde med utsikta på heile Fister. Dei tykkjer at skulen vert halden bra og ser fin ut. Dei er også fornøgde med mange fine badeplassar i området. Dei påpeikar at det er viktig å vedlikehalde badeplassen i Kjelavika, og at det gjerne kunne vore montert stupebrett- eller tårn der. Dei tykkjer leikeplassen/«stadion» på Helgøy er bra, men ynskjer at ballbingen på skulen vert fiksa det trengs nytt kunstgras og gjerdet er dårleg. 2.3. Årdal I Årdal er barna meir eller mindre udelt positive til nærområda sine, spesielt skuleområdet, og har ikkje ytra mange ynskje om endringar.

2.3.1. Skuleveg Det kjem fleire kommentarar om at bilane køyrer fort forbi barnehagen og skulen, og barna ber om redusert fartsgrense på Kyrkjevegen. Det vert også påpeika at det er mørkt langs Melevegen, og at skulevegen til Riskedal og Melslia er lang. Ei uro som ser ut til å gjelda for fleire er sinte hundar, men også personar barna treff på i nærmiljøet vert kommentert. Dei som bur på Åsen opplever skulevegen som utrygg, då dei må kryssa riksvegen i 80 sona på veg til busshaldeplassen! 2.3.2. Område for fritidsaktivitetar Dei aller fleste kommentarane om nærområda er særs positive, spesielt skuleområdet er positivt bemerka av mange elevar. Det er sagt noko om at ballbingen gjerne burde vore oppgradert/vore større, og at det hadde vore kjekt med ballbinge og betre leikeplass i Dalane. Mange kommenterer også friluftsområdet ved Riskedalsvatnet positivt. Dette vert nytta til bading sommarstid og skøyting om vinteren. Åsen vert óg nemnd som område for skøyting vinterstid. Elevane nemner mange ulike skogsområde dei tykkjer er fine, og runden «Litle Mæle» vert nemnd som ei grei løype gjerne spesielt i skuletida. 3. Korleis bruker vi kartlegginga vidare? Denne rapporten vil verta brukt som grunnlag på fleire område. I første omgang inngår den som bakgrunnsmateriale i arbeidet med ny kommuneplan for perioden 2018 2030, både i samfunnsog arealdelen. I tillegg vil den mellom anna verta brukt i desse samanhengane: - Trafikktryggingsplan, årleg revisjon - Tiltaksplan, Bygg og anlegg - Grunnlag for muligheitsanalyse for Hjelmeland sentrum 2017/2018 Elles vil rapporten også verta formidla vidare til andre kommunale einingar, samt at elevane sjølv får tilgong til den.