SELJE MAGASIN. Innhaldsrikt program 2010/2011 YTTARST MOT STORHAVET I VEST



Like dokumenter
Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Nytt: SMAK OG BEHAG HELG Kr

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Til deg som bur i fosterheim år

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Den kulturelle skulesekken Lokal plan - Selje kommune 2012/ /2016

Spameny. Hoveveien 65, 4818 Færvik. Tlf: / Mail:

Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Månadsbrev for Rosa september 2014

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Herregaardens lille luksus Perfekt kombinasjon av skrubb og massasje. Hele kroppen poleres med en silkemyk peeling. Etter dusj, avsluttes

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Spa - Hud, Kroppspleie og Massasje

Jon Fosse. For seint. Libretto

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

15-30 personar i enkle og doble rom Vi har pr. dato ikkje reservert rom for gruppa dykkar.

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Spa - Hud, Kroppspleie og Massasje

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Sommartur til Sverige,

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Månadsbrev for ROSA mars 2015

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

Jan Helgøy, Ordførar i Vanylven kommune

Analyser setningane under. Det betyr at du skal finne subjekt og verbal. Sjå eksempelet:

CHRISTMAS DINNER & SHOW

Spa - Hud, Kroppspleie og Massasje

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

Helsereise Eger 20. August 3. September 2013

Bambus tekstilar frå BadaBoom

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

mmm...med SMAK på timeplanen

Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. Eg må kjøpe ei nynorsk ordbok. Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. I tillegg må eg kjøpe ei nynorsk ordbok.

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, hausten 2015

Brukarrettleiing E-post lesar

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

MEDLEMSINFO. august 2009

Juvet Landskapshotell

Spa Treatments 2016 SOLSTRAND HOTEL & BAD

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Kva er økologisk matproduksjon?

Kom skal vi klippe sauen

Spameny. Spa avdelingen inneholder bl.a.: Hoveveien 65, 4818 Færvik Tlf: / SPA:

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

26 sept 07 oktober Lima Machu Picchu Cusco Amazonas

M/S NYBAKK SI HISTORIE

Pasienthotellet Fss Plassering: 7. etg Kapasitet: 21 sengar fordelt på 7 dobbeltrom/7 enkeltrom

VELSIGNING AV HUS OG HEIM

STORO HUD FOTPLEIE STORO HUD FOTPLEIE meny

SELJE MAGASIN. Innhaldsrikt program vinter 2009/vår 2010 YTTARST MOT STORHAVET I VEST

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

TURKESTOVA. 5. Dersom fleire hadde turkestove saman, var det då faste reglar for bruken, eller retta dei seg etter kvarandre som best dei kunne?

Onsdag Tid Aktivitet Mål Innhold Metode Ansvar

Nettverksgruppa på hospiteringsbesøk i Danmark

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR


/

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

NOREG KAPITTEL 15 1 TANKEKART. Cappelen Damm AS NORSK START 8 10 / KAPITTELPRØVE 15 / 1

2 Inngangsord. 1 Preludium/Inngang. ORDNING FOR Vigsel. Anten A. L I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande. Eller B

Å KOMME HEIM OPPFØLGING AV DEG OG FAMILIEN DIN

EIT TILBOD TIL STUDENTAR VED HØGSKULEN I SOGN OG FJORDANE.

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

SUNDAG Morgonbøn (Laudes)

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Vekeplan for 5.klasse Veke 48

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

Ren luksus. Estimert behandlingstid ca 3 timer 30 min. Pris 4330, kr. Otium Relaxing Moments.

Lyssamlinga gjekk som smurt, barna syns det var kjempe kjekt. Dei dansa, svansa og lo som berre det. Dette hadde me øvd på ei heil veka på forhånd,

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

6. trinn. Veke 24 Navn:

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Invitasjon til Vinterfestivalen i Myrkdalen 2012

Valdres vidaregåande skule

Transkript:

SPA THALASSO - KLOSTER - GALLERI - GOLF - VESTKAPP - BÅTLIV - SURF - DYKKING SELJE MAGASIN Nr. 26 Juli 2010 Innhaldsrikt program 2010/2011 35 35 1975 2010 YTTARST MOT STORHAVET I VEST

Ein draum frå havet Jubileumstilbod: 15.10.2010-31.03.2011 35% rabatt på minimum 3 døgn opphald med halvpensjon 10% rabatt på alle enkeltbehandlingar på Selje Spa Thalasso 35% rabatt på 5 dagars thalassopakkeopphald Vi er ved havet, det er haust og året er 2000. 25 år er gått sidan gründer og industribyggjar Wald Drageseth realiserte sin draum;- Selje Hotel, bygda si storstove som skulle fylle det private og forretningsmessige sosiale behovet til seljeværingane. Harald og eg kom til eit halvferdig hotell og til ei bygd og eit folk fulle av entusiasme og pågangsmot. Slik ordla Gerd Kjellaug Berge seg ved opninga av Selje Spa Thalasso 31.oktober 2000. Helseminister i 2000, Tore Tønne, stod for den offisielle opninga av thalassosenteret. Det er god helsepolitikk i det vi ser her på hotellet og i naturen rundt, sa m.a. Tønne i helsingstalen sin. Han la til at turar i vakker natur, i fjellet og ved havet, samvær med familie og gode vener, god mat og drikke, kulturopplevingar og møte med spennande menneske, er viktige for helsa vår. Og, ikkje minst, ta seg tid til å nyte at det er stilt, lytte til suset frå bølgjene og havdønningane og la seg fascinere av lyset - vest ved havet... Betre påfyll i kvardagen kan ein knapt få. 10 år er gått sidan behandlingssenteret vårt opna, og i 2010 feira Selje Hotel 35-års jubileum. 2 Selje magasin Seljefilosofien er like klår som i starten: Helgen og klosteranlegg, pilegrimsmål, vandring, surfing og Stadhavet...; ei god ramme rundt gode opplevingar. For kystbuarane har havet alltid vore viktig. Selje Hotel har teke i bruk havet sine verdiar på ein annan måte enn det tradisjonelle. Frå mange tusen år tilbake har saltvatnet vore nytta for menneskeleg behag. Frå barnet låg i mora sin mage omgitt av fostervatn til dei moderne thalassohelsefarmane som brukar sjøvatn til hjelp i førebygging, oppbygging og behandling av ulike plager. På Selje Spa Thalasso har vi kombinert kunnskapane om fortida og gamal tradisjon med moderne forsking, teknologi og høg terapikompetanse. Her kan vanlege folk møte sine eigne helseutfordringar. Ei investering i eiga helse er den beste investering eit menneske kan gjere; for seg sjølv, sine næraste og ikkje minst for det storsamfunnet vi alle er ein del av. I perioden 15. oktober 2010 til 31. mars 2011 markerer vi våre 10- og 35- årsjubileum, med sterkt rabatterte prisar på spesielle opplegg. Kos deg med magasinet. Følg med på Selje Hotel Facebook. Vi har mykje spennande å by på. Velkommen til Selje. Gerd Kjellaug og Harald Berge

Jubileumsfeiring for hotell, thalasso og hotellbetening: Vi er klare for ein jubileumsfest 35 35 1975 2010 Sølvi, Marit, Gunnar, Kerstin, Vibeke. Mange i Selje Hotel-familien feirar rundt år i 2010, - og heile 7 personar av den faste staben har jobba på hotellet i meir enn 25 år. Fest skal det bli både for dei tilsette som jubilerer, og for alle oss andre som utgjer ein trufast arbeidsstokk på Selje Hotel. Vi gratulerer med: 35 år: Vibeke Eilertsen Grytting, f. 03.01.75, resepsjonist/servitør 40 år: Kerstin Hansel, f. 28.07.70, resepsjonist/servitør 50 år: Sølvi Hjertenes Hamre, f. 20.08.60, kjøkensjef 60 år: Gunnar Sunde, f. 19.08.50, vaktmeister 65 år: Marit Moldestad, f. 27.02.46, kontoransvarleg Vi gratulerer også dei ekte seniorane våre med 80 år: Ane Drabløs, f. 18.06.30, reinhaldsansvarleg frå 1977 + av og til etter 2007 85 år: Ragna Guldbrandsen, f. 12.06.25, gjest frå 1976+ gartnar og seniortrimmar 1985 2009. Desse har jobba på Selje Hotel i meir enn 10 år: 10 år: Vibeke Eilertsen Grytting, resepsjonist/servitør 25 år: Roald Otnes, servitør/nattevakt 10 år: Hildegunn Lunde, resepsjonist/servitør 30 år: Sølvi Hjertenes Hamre, kjøkensjef 10 år: Sissel Rundereim, avdelingssjef Spa Thalasso 30 år: Arvid Hamre, resepsjonsjef 10 år: Yvonne Kvernevik, kokk 35 år: Gunnar Sunde, vaktmeister 25 år: Marit Moldestad, kontoransvarleg 35 år: Gerd Kjellaug og Harald Berge, framleis vertskap Selje magasin 3

Yttarst mot storhavet, langt frå byens stress og mas, finn du Selje Hotel 3 timars biltur sørover frå Ålesund, ca. ein time vestover frå Nordfjordeid, eller ein knapp 5 timars komfortabel båttur frå Bergen. I hotellhagen kan du nyte utsikta mot havet og stranda. Kjøkensjef Sølvi Hjertenes Hamre (til høgre) og kokkane Yvonne og Randi sjekkar den nykokte hummaren. Frå korridoren i 1.etasje er det inngang til symjehall og til venteromet for thalasso-avdelinga. Attraksjonar: 1. Kjerringa, 496 m.o.h. Loddrette klipper mot STADHAVET Vestkapp Stålet Hesten Stadhavet. Fantastisk utsikt. Fleire krigsminner 439 (kanonstillingar) 2. St. Svitunkapellet bygd til minne om skipet Buholmen fyrlykt Årvik Honningsvåg Kjerrina Revjehornet som vart bomba og gjekk ned under krigen. Eltvik 497 Ferstad Kyrnossa 5 427 Gamal gravplass. Erviksanden (sandstrand). Ervika 441 Krigsminnar på Hovden. Hanekamben Tungevåg 3. Hoddeviksanden, flygesand. Svarthornet 2 502 Borgundvåg 4. Fure. Eldre gardstun. Hovden 479 5. Krigsminner, festningsanlegg, bunkersar, Dalskarhornet 6 Leikanger kanonstillingar. 6. Leikanger kapell. Gamal kyrkje frå Selja 3 vart flytta hit og ombygd i 1866. Libera 7 7. Olavskrossen på Dragseidet. Der Olav Trygvasson 4 Drage kristna 4 fylke i 977. I gamal tid drog dei båtane 487 Ytre Fure Fure Skårfjellet over Dragseidet for å unngå den frykta ferda Gamla lys- og lydbølge rundt Stadt. Tarvaldsegga 645 Sandvik SILDAGAPET Selja Skårbø Sandvikseiedet Årsheim Selje 11 8 Åheim Skongsnes fyr 12 Røysetfjorden Eidshornet Moldefjorden Røyset Høgehornet Barmøy 774 Mørklia Silda 579 Kvammefjellet Kjøde Solvåg Barmen Flistrahornet Ulvesund fyr Venøy 10 570 Randeberg Flatraket VÅGSØY Måløy Ulvesundet Hanekammen 652 Sørpollen Sørpollen Nordpollen Synnevalhornet 684 Barmsundet Nordpollen Salen 643 Berstaddalen Bryggja Totland Maurstad Kjødepollen 8. Årsheim. 9. Manseidet. Gamal ferdselsveg, kongsvegen. 10. Skulemuseum, Sandvik Skule. 11. Selje prestegard med bygningar frå 1782. Selje kyrkje. Gamal kyrkjegard. Seljesanden, 500 m lang sandstrand. 12. Klostret på Selja. Ruiner frå middelalderen. Albanusklosteret og St. Sunniva kyrkja frå 1000- og 1100-talet. Sunnivahola. Vikafjellet Austeliheim 642 Grønnlikollen 569 Lefdal Lyngfjellet Langs naustrekkja ved kyrkja finn du spennande ting i fjøra. Nordfjord Kart over Selje og Stad. Be om oversiktskart i resepsjonen. Biljardrommet med fotoutstilling av Harald Berge. 4 Selje magasin

Sunnivasalen møte-, kurs- og festsal. Her finn du Sunnivagalleriet, bilete av alle måleri og skulpturar av St.Sunniva som er att frå mellomalderen her i landet. Salong v/resepsjonen. Måleria på veggen er av Kjell Stig Amdam. TV-salong med intimt miljø og måleri av Kjell Stig Amdam og to måleri av Vigdis Wåge. Kunstnarrom. Dei 4 kunstnarroma våre med stor veranda og god plass har namn etter kjende menn frå Selje, - Claus Frimann, Bernt Thunold, Julius Cæsar Hartmann og Isak Refsnes. Selje Hotel ligg vakkert til ved Seljesanden, midt i Selje sentrum. Hotellrom i 1.etasje med utgang direkte til den store hotellhagen. Tregolv og tekstilar frå Designers Guild. Baderom de luxe-rom. Alle hotellroma har nyoppussa bad. Venterom Spa/thalasso Symjehallen har utgang til stor terrasse, utebad og til hotellhagen med trapp ned til badestranda. Hagestova er populær til småselskap og feiring av dag. Utgang til terrasse med uteservering. Spa-/thalassoavdelinga med 13 behandlingsrom og meir enn 40 ulike behandlingstilbod. Selje magasin 5

Informasjon Selje Hotel og omegn Nyttig informasjon Telefon: 57 85 88 80 Telefaks: 57 85 88 81 E-post: post@seljehotel.no Besøk også: www.seljehotel.no Akutt medisinsk naudhjelp, ring 113. Slik brukar du hotelltelefonen: Utgåande samtale: Slå 0 og deretter nummeret. Ring til eit anna rom: Slå nummeret til romet. Resepsjon/Romservice: 9 Spa Thalasso: 866 Sunnivasal: 886 Kjøken: 887 Servering/restaurant/måltider: Frukost: 07.30 10.00 (10.30 søndag) Lunsj: 13.00 15.00 Middag: 19.00 20.30 A la carte/smårettar: Dagens kaffi/kake (resepsjonen): Atelier Amdam: Kontakt biletkunstnar Kjell Stig Amdam tel. 57 85 66 56, www.amdam-art.no Avreise: Rommet er disponibelt til kl. 12.00 avreisedagen. For anna avtale, kontakt resepsjonen. Aviser: VG til sals i resepsjonen frå ca. kl. 13.30. Badetøy: til sals i minibutikken. Bading: Seljesanden, Erviksanden, Hoddeviksanden. Hotellets badebasseng. Badekåpe: Vi har badekåpe til leige. Kontakt resepsjonen. (inkludert for Spa Thalasso gjester) Badesko/slippers: I thalassoavdelinga må det brukast slippers/badesko. Desse kan leigast eller kjøpast i resepsjonen. Bagasjeoppbevaring: Ved resepsjonen. Bar: Hemsen Bar/Dansesal er open frå kl. 21.00. Når baren er stengt, får du servering frå resepsjonen. Barmen: Besøk øya Barmen. Fiske i fjellvatn. www.barmen.no Behandlingar: På Spa Thalasso tilbyr vi ei mengd gode, velgjerande behandlingar. Kontakt resepsjonen. Sjå eigen informasjon lenger bak i faldaren. Biljard/lego/spel: Finn du i 1.etasje ved garderoben. Bilutleige: Kontakt resepsjonen. Branninstruks: Sjekk branninstruksen som heng på veggen på rommet ditt. Butikk: Hotellet har minibutikk i thalassoavdelinga og ved resepsjonen. Gode kremar og alge-produkt for kropp og ansikt, toalett-artiklar, badetøy m.m. Resepsjonen og terapeutane hjelper deg med informasjon om dei velgjerande spesialprodukta våre frå Biomare og Thalgo. Keramikk, kunstartiklar, bøker og fotografi er fine ferdaminne å ta med heim. Båtutleige: Kontakt resepsjonen. Dans: Husorkester spelar til dans 6 kveldar i veka utanom desember og januar. Drosje: Ring 57 85 64 86 Doktorgarden Selje: Kafe Claus, Galleri Salen, Butikken NokoAnna, Overnatting. Tel. 90186882, www.doktorgarden-selje.no Dykking: Vestkapp Ægir Dykkerklubb, tlf. 70 02 43 90/976 54 327, www.aegir.no Ervik: Sandstrand. Hovden turområde, Gamal kyrkjegard. Ervik Kyrkje/ St. Svithunkapellet. Vegkyrkja er open i sesongen, tlf. 950 56 252. Fiske: Med småbåt frå hotellet eller frå fiskeplassar langs kaiane. Fotturar: Fint turterreng med mange merkte stiar. Trappeløype frå hotellet til Risnakken. Frimannsbua: Kystkro/pub midt i hamna i sentrum. Fure: Idyllisk grend. Sti frå indre til ytre Fure. Galleri/utstillingar: Klosterutstilling + fotoutstilling av Sunnivaleia/Turistinformasjonen. Tlf. 57 85 66 06. Galleri Salen/Doktorgarden: sesongope. Tlf. 909 29 771 eller 918 65 634. Atelier Amdam: sesongope. Tlf. 57 85 65 65. Sunnivagalleriet/Sunnivsalen: Selje Hotel. Gammel Sjarm: Antikvitetshandel. Werner van den Brandel, tlf. 971 67 141 www.gammelsjarm.no Golf: Selje Golfklubb, tlf. 412 33 944. Handkle: Ta med handkle frå rommet til bassenget. Nye handkle kan du få i resepsjonen eller hos dei som steller romma. Hoddevik: Sandstrand. Surfing. Hund: Du kan ta med deg hund til Selje Hotel, men ikkje inn i restauranten. Internett: Gjeste-PC til disposisjon. Kreditt: Kreditt blir ikkje gitt utan at det er avtalt på førehand. Kredittkort: Hotellet aksepterer dei fleste kredittkort. Du kan ikkje ta ut kontantar på terminalen vår. Lege: Selje legekontor, tlf. 57 85 61 06/57 85 56 100. 6 Selje magasin

Minibar: Alle rom har minibar. Ver venleg å fylle ut minibarskjema og ta det med til resepsjonen når du sjekkar ut. Naturguiding: Grete Solborg Fure. Tlf. 415 13 473. www.stadtnaturguiding.no Nødutgang: Du finn kart over nødutgangar på veggen på rommet ditt. Overvaking: Overvakingskamera er installert i garderobe/biljardrom, symjehall, utebadet og venterommet på thalassoavdelinga. Post: Postkasse i resepsjonen. Posten kjem og blir sendt kl. 10.30. Regntøy: Til utlån i resepsjonen. Romservice: Kontakt resepsjonen. Ekstra servicetillegg kr. 50.-. Trening: Treningsstudio med TechnoGymapparat. Gratis for hotellgjester. Nøkkel i resepsjonen. Aldersgrense 16 år. Kr. 100.- inkl. bading for gjester som ikkje bur på hotellet. Sagaboat: Produksjon i Selje, tlf. 57 858480, www.sagaboats.no Selja/Selje Kloster/Sunnivahola: Ingen kjem til klosteret utan å undre seg, og ingen reiser derifrå upåverka. Guida turar kvar dag i sesongen, elles for grupper og hotellgjester. Turistinformasjonen tlf. 57 85 66 06. Strykejern: Kan lånast i resepsjonen. Surfing: Eksotiske surfspots i Hoddevik og Ervik. Tlf. 57 85 69 44/930 91 439. www.stadsurfing.com Sykkelutleige: Kontakt resepsjonen. Symjebasseng/velværeavdeling/utebad: Avdelinga er open kl. 0700 2100. Badebasseng, trimrom, sauna. Infraraud terapi sauna. Utebad (38 grader) kr. 50,- (per person) må bestillast i resepsjonen. Solarium: Mynt kan kjøpast i resepsjonen. Teknisk informasjon: ISDN, Internet, PC - kontakt resepsjonen. Telefaks/kopiering: Resepsjonen hjelper deg med dette. Turistinformasjon: i sentrum. Tlf. 57 85 66 06. E-post: turistinfo@selje.kommune.no TV: Alle hotellrom har TV. Vekking: Kan bestillast i resepsjonen. Vestkapp/Stadlandet: Besøk Dragseidet, Hoddevik, Fure, Ervik, Vestkapp, Honningsvåg. Vestkapphuset tlf. 915 35 160/915 11 012. Verdisaker: Kan deponerast i resepsjonen. Åhjemsbuda: Utstilling av porselen, midt i sentrum. Selje magasin 7

Prisliste Selje Hotel 1.6 2009-31.5 2011 Antall Overnatting og Halvpensjon pr. pers pr. dag Weekend fre-søn Weekend laur-søn Type rom frukost - pr. pers. 2 døgn 5 døgn halvpensjon pr.pers halvpensjon pr.pers Enkeltrom dusj/bad 975 1125 1000 2400 1325 1 pers. 1. etg. mot VEG. Enkeltrom/dusj/bad 1100 1250 1225 2650 1450 1 pers. 2. etg. mot SJØ/balkong. Enkeltrom/dusj/bad 1200 1350 1325 2850 1550 2. etg. mot SJØ/balkong og 1. etg. mot SJØ/terrasse. Dobbeltrom dusj/bad 9 650 800 775 1900 1000 2 pers, 1. etg. mot VEG. Dobbeltrom dusj/bad 20 850 1000 975 2300 1200 1. etg. mot SJØ/terrasse og 2. etg. mot SJØ/balkong Dobbeltrom dusj/bad 10 800 950 925 2200 1150 2 pers, 2. etg. mot VEG. De luxerom/kunstnarrom 9 1050 1200 1175 2550 1400 dusj/bad 3.etg. Ekstraseng vaksen 500 650 652 1500 850 Ekstraseng barn under 10år 150 300 150 m/frukost Tillegg lunsj 125 125 250 Priseks: Gjeld pr. person. Weekend fred.-sønd inkl. halvpensjon. Weekend laur. søn. inkl. middag og frukost. Barnerabattar: 10-15 år : 50% reduksjon på pensjonsprisar i ekstraseng. Under 10 år : kr. 150- pr. barn pr. døgn i ekstraseng. Middag kr. 10 pr.år. Konferanse Legg samlinga til Sunnivasalen eller Hagestova. Bruk pausane til aktivitetar som gir energi ved havet. Skap entusiasme. Midtvekepris kr 1350. Prisen er per person per døgn i enkeltrom og inkluderer møtelokale, ein kaffipause, middag, frukost og lunsj. Entusiasme av Henry Ford Du kan gjøre hva som helst om du er entusiastisk. Entusiasmen er den kraft som får dine forhåpninger til å svinge seg opp til stjernene. Entusiasme er glansen i dine øyne, bevegelsen i din gange, ditt faste håndslag og din uimotståelige vilje til å gjennomføre dine ideer. Entusiastiske mennesker er fightere. De har sjelsstyrke og utholdenhet. Entusiasme ligger bak alle fremskritt. Med entusiasme blir det resultater, uten entusiasme bare unnskyldninger og bortforklaringer. 8 Selje magasin

Greske nonner vil grunnleggje nytt kloster i Selje Nonner frå Hellas til Selje I 10 år har den norskfødde nonna Thavoria Gillebo drøymt om å etablere eit nytt kloster i Noreg. No kan draumen gå i oppfylling. Fleire gonger har Thavoria besøkt Selje, siste gong i samband med Pilegrimskonferansen i Selje i mai 2010. Denne gongen kom Thavoria saman med priorinne Diodora, og dei hadde med seg eit ikon av Sankta Sunniva som var laga i Hellas og som vart overrekt til ordføraren i Selje, Gunn Helgesen. Både Selje-ordføraren og biskop Halvor Nordhaug i Bjørgvin er positive til dei greske klostertankane. Vi ønskjer at dei kjem og etablerer seg her. Biskopen har signalisert at dette går i same leia som han har tenkt om å få ein plass for åndeleg styrking. Nonner og ordførar på kaffibesøk i Doktorgarden. At det er det gresk-ortodokse klosteret, kolliderer ikkje med statskyrkja, seier Helgesen. Eit nytt kloster i Selje vil vere unikt og verdifullt for Selje kommune. Det er både fantastisk og eksotisk om vi igjen kan få eit levande klosterliv på Selja, meiner ordføraren. Det gresk-ortodokse klosteret i Hellas vil helst kjøpe ein gard på klosterøya Selja, men for tida er det ingen gard til sals. Kommunen prøver no å skaffe areal og har kontakta Opplysningsvesenets Fond som eig areal på øya. Ordføraren i Selje seier at alle som har vore på besøk frå Hellas er høgt utdanna folk med eit stort potensiale. Biskopen i Bjørgvin har no sendt eit støttebrev til klosteret i Hellas, noko som vi håpar vil føre til eit gjennombrot. Ordføraren og soknepresten i Selje planlegg også å reise ein tur til Hellas for å besøkje klosteret til Thavoria. Biskopen blir kanskje også med på denne reisa. Etablering av eit nytt kloster på Selja er heilt i tråd med det vi elles jobbar med, seier ordføraren og nemner spesielt kystvegen som vart nytta i pilegrimsvandingar. Selje er det eldste pilegrimsmålet i Noreg, og no håpar vi at Selje skal få status som eit regionalt pilegrimssenter. Ordførar Gunn Helgesen tek i mot gåve frå nonne Thavoria. Eit ikon av St. Sunniva måla i Hellas. Selje magasin 9

Haust- og vinterprogram September: 29. august - 5. september: Sunnivafestspel Per Oddvar Hildre, dirigent Søndag 29.8 kl. 1600 Selje kyrkje: Festspelopning med Sunnivakoret med solistar og musikarar. Melodiar arrangerte av Henning Sommerro. Dirigent: Per Oddvar Hildre. Orgel: Henning Sommerro Ut over veka blir det program kvar dag m.a. konsert med gjester frå Stettin: The Szczecin Technical University Choir, Himmelblått i St. Jetmundskyrkja, kveldssamlingar i Ervik og Leikanger, torgdag og barnehagedag. Emblakvinnene er på plass med vikingskipet sitt, og laurdag 4.september blir det heile avslutta med torgdag i Selje sentrum, arrangement på Selje kloster, fakkeltog på Seljesanden og Keltisk kveldsbøn i Selje kyrkje. Sjå: www.sunniva.org 10. - 12. september: Ut-på-tur-helg og Teinafest (publokale på Selje Hotel) Naturguide Grete Solborg Fure tek dykk med på tur til Der ingen skulle tru ei aktiv helg med spektakulære opplevingar i Stadlandskapet kombinert med velvære, god mat, god musikk og glede. Passar fint for små grupper, klubben eller enkeltpersonar. Kombiner turhelga med fest på Teina laurdag kveld. Pris: Vanleg weekendpris med halvpensjon + kr. 300.- p.p. for turopplegget + evt. Teinafest. Det vil også verte spela både franske perler og italienske trekkspelklassikarar. Komponistnamn som Pietro Frosini, Isaac Albeniz, Edvard Grieg m. fl. Litt for ein kvar smak, altså. Billett kr. 150.- Haustweekendmeny Fredag: Kokkane sin Temakveld Spennande meny t.d. Transjering, Brasiliansk, Italiensk, Gresk, Seljekveld o.l.) Laurdag: Havets Bord: Buffet med varme og kalde lokale rettar frå havet, dessertbord og kaffi. Taffel- og dansemusikk: kvar kveld utanom søndag. 11. september: TEINA-fest med Kjetil Grodås Sissel, Yvonne, Kerstin og Vibeke lagar fest på Teina. Fylkets mest populære entertainer, Kjetil Grodås, med flygelet gir folket topp valuta for frammøte. c.c. kr. 150.- før kl. 2200, kr. 200.- etter kl. 2200. Legitimasjon. Oktober: 30. september - 3.oktober: Bli med Olaug til Selje I år tilbyr vi 35 % jubileumsrabatt på Olaug sin hausttur til Selje. 3 dgn. Thalassopakke med godt reisefølgje og stort program. Kontakt Olaug Kvalvik, tel 53415816/411 44 127 2. oktober: Norske Virtuosar, trekkspel og piano i verdsklasse. Nordens trekkspelvirtuosar, Håvard Svendsrud og Seljes musikalske geni, Jon Inge Sigerland, gir oss ein fantastisk konsert laurdag 2.oktober. Både Håvard og Jon Inge har bakgrunn frå Barrat Dues Musikkinstitutt i Oslo. Håvard og Jon Inge har hatt sendingar både på NRK og Sveriges Radio sommaren 2010. Konserten på Selje Hotel startar kl. 2100 på Hemsen og har 2 avdelingar med underhaldningsmusikk og lettare klassisk musikk, og vil spenne frå Per Bolstad til Paganini og Grieg. Håvard Svendsrud og Jon Inge Sigerland 10 Selje magasin

Norge-Brasil, ein opera ved Are Kalvø SlowTur på Selje Hotel Seljemat på alle fat Opera Nordfjord: Norge Brasil, ein opera verdspremiere Operahuset Nordfjordeid Libretto: Are Kalvø, Musikk: Helge Førde Dirigent: Michael Pavelich, Regissør: Svein Sturla Hungnes, Solistar, kor, dansarar, orkester. Forestillingsdatoar: 05.10., 06.10., 08.10., 09.10., 12.10., 13.10., 15.10., 16.10., 17.10. Kjøp billettar på www.operahuset.no. Bu på Selje Hotel, opplev operamiljøet på Eid. Sjå www.opearhuset.no LS Holst-NK Larsens Bureau, tel. 71 52 11 70, holst@nklarsen.no arrangerer operatur til Selje/Nordfjordeid til Norge-Brasil, - ein opera. 10. - 13. oktober: SlowTur på Selje Hotel Eit 3 dagars opphald med fokus på å roe ned i ein elles hektisk kvardag. Kvar morgon startar vi med ei gruppesamling der vi mediterer, bevegar kroppen og deler refleksjonane våre. Det blir god tid til å nyte den gode maten på hotellet, og til, på eiga hand, bevege seg rundt i vakre omgjevnader i Selje, langs fjøra og stranda og opp på fjellet. I løpet av 3 dagar får alle ei behandling med thalassoterapi og ein avspenningsmassasje. Pris per person: Kr. 6.500.- Prisen inkluderer 3 døgn med kost og losji, 3 gruppesamlingar, 1 Thalasso-terapi, 1 avspenningsmassasje, bruk av badebasseng, sauna og trimrom. Minimum deltakarar er 4 personar. Bindande påmelding til Bettina Vick Bickhardt, bettinavick@slowtur.no Tel. 950 23 668 15. - 17. oktober: Seljehelg Seljecabaret Seljemat på alle fat Sølvi og Hermann si mathelg - Seljemat på alle fat. Gjestekokk Hermann Myrseth Seljecabaret under middagen laurdag: song- lyrikk- humor og musikk. 29. - 31. oktober: Kor Artig/Frisk Bris + Ut-på-tur-helg Friskinspirert gladhelg med korsong, vandring og ønskekonsert. Songkoret Frisk Bris framfører friskinspirert ønskekonsert på Hemsen laurdag. Naturguide Grete Solborg Fure tek dykk med på ein spektakulær tur til Der ingen skulle tru.. (Turen blir tilpassa vêr, føre og form og startar laurdag kl. 1000.) Songgrupper/songkor,trimgrupper, Jubileumstilbod gjeld i perioden 15.10.2010-31.03.2011 35 35 1975 2010 Selje Hotel 1975-2010: 35-årsjubileum = 35% RABATT 35 år = 35% rabatt på 3 døgn opphald på Selje Hotel inkludert halvpensjon: Sjå prisliste på www.seljehotel.no og trekk ifrå 35%. Krabbefest i Selje Vi fyller opp teinene med krabbe frå eit friskt og brusande Stadhav. For små grupper frå 8 personar og oppover arrangerer vi krabbetur, krabbekoking og krabbefest. Selje Spa Thalasso 2000-2010: 10-årsjubileum = 10% RABATT 10 år = 10% rabatt på alle enkeltbehandlingar på Selje Spa Thalasso: sjå prisliste www.seljehotel/selje Spa Thalasso. Tilbodet gjeld i perioden 15.10 31.03.2011 Kombiner 3 dg. opphald med behandlingar alt til rabatterte prisar. 5 døgn thalassopakke: 35% rabatt Opphaldet inkluderer 5 døgn med full pensjon og 4 dagar med 3 thalassobehandlingar kvar dag. Sjå www.seljehotel.no/selje Spa Thalasso prisliste. Selje magasin 11

Klubbvenner og alle som er glade i song, mosjon og natur er ekstra velkomne denne helga. Kombiner dette med 3 døgns jubileumstilbod: November: 5. - 7. november: Motehelg Fredag kveld blir det motevising på Hemsen med haust- og vintermotar frå Pryd og Mote og vising av den heilt nye norskdesigna kolleksjonen til FABEL. Sesilie og Helle stiller med mannekengar i small, medium og large. 20. november: JULEBORDSTART Ut-på-tur-helg Julebordhelg 2010 til 2009 prisar: 19-21.11 + 26.-28.11 + 3. 5.12. + 10.-12.12 + 17.-19.12 Pris: Kr. 2.700.- p.p i dobbeltrom. Berre julebord kr. 575.- Desember: 4.,12., 11., 12. desember: JULEBORD Servering av julemat alle dagar på bestilling. GÅVEKORT: Hugs å bestille gåvekort som julepresang i år. Bestill gåvekortet til jul før 15. desember. Hotellet er delvis stengt for overnatting i perioden 15.12 til 14.1. 2011. Ope for førehandsbestilte tilstellingar. Januar: Jubileumstilbodet gjeld i perioden 14.1-31.3.2011. Temakveldar vinteren 2011: Om lag ein kveld i månaden, fredag eller laurdag, byr vi på temakveld med gjestekokk frå ulike miljø/land. Kollegatreff, klubbkveld, vennetreff? kom med ønske om tema i god tid på førehand. Brasiliansk Italiensk Biff Ost/vin - Asiatisk m.fl. Dei andre fredagane byr vi på kokkane sin transjeringskveld. Følg med på Selje Hotel Facebook. 29. januar: VINTERBALL med Sigrid Moldestad med band Sigrid Moldestad med eigne musikarar presenterer ein nydelig kabaret under festmåltidet. Menyen er utsøkt, og etterpå blir det dans på Hemsen. Kr. 495.-p.p. De kan gle dykk til ein stor kveld. Hugs bordbestilling i god tid på førehand (fin julegåve). Den nye, norskdesigna kolleksjonen til FABEL får du sjå på Selje Hotels motehelg 5. - 7. november. 12 Selje magasin

Februar: 11. - 13. februar: Romantisk helg Sjampanje, steam/algeoppleving, levande lys, hjerte på menyen. Romantisk middag laurdag. Vinterferie/Familieopphald: Gratis opphald for 1 barn per vaksen betalande. Tilbodet gjeld for opphald i minimum 2 døgn inkludert halvpensjon i perioden f.o.m. 21. februar t.o.m. 5. mars 2010. Mars: 11. - 14. mars: Bli med Olaug til Selje og til Fure Olaug frå Stord er på farten til Selje igjen. 3 dg. thalassoopphald med godt reisefølgje og stort program. I år tilbyr vi 35% Rabatt på opphaldet på Selje. Grete Solborg Fure tek dykk med på ein fantastisk tur til Der ingen skulle tru (turen blir tilpassa vêr, føre og form) Kontakt Olaug Kvalvik, tel. 53415816/411 44127 14. - 17. mars: SlowTur Same opplegg som i oktober 2010. Påmelding innan 15.2.2011 April: 1. - 3. april: Ut mot havet, - på-tur-helg Møt naturguide Grete Solborg Fure fredag kveld på hotellet til get-together-party. Laurdag tek Grete dykk med på tur ut mot havet. Vi går i lett kystterreng og får fine opplevingar undervegs. Tid til behandlingar fredag ettermiddag eller søndag føremiddag. (hugs bestilling før de kjem) TREN deg i form! Månadskort på treningsstudio inkl. bruk av badebasseng, dusj, badstove og infraraud sauna. Kr. 475.- «Påske ved Havet» med familierabatt: Nyt våren og påska i Selje. Herlege behandlingar, gode påskeprisar for familien der 1 barn får gratis opphald per betalande vaksen ved 3 døgn opphald med halvpensjon. Mai: Maitur til Selje: Våren kjem tidleg ute ved kysten. Nyt nokre dagar med turopplevingar, klosterbesøk og herlege spa/thalassobehandlingar. Er du med i lag/organisasjon, så er mai ei fin tid for å leggja gruppeturen til Selje. Naturguiden vår tek deg gjerne med på tur... Her fra klosterbesøk på Selja. 18. - 23. mai: Kulturreise for kropp og sjel Turen startar og sluttar i Oslo. Overnatting på Lillehammer, Nordfjordeid og 2 døgn på Selje Hotel. Påmelding til LS Holst-NK Larsens Bureau, tel. 71521170. Selje magasin 13

Helle, med familien og Fabel, til Selje Vi har alltid tenkt at vi skulle bryte og gjere noko heilt anna, la livet ta ei anna retning, seier Helle, og med vi meiner ho seg sjølv pluss mannen Jon og dei 3 borna. Vi hadde vore innom tanken på å flytte til Finnmark eller Lofoten, men i fjor så slo det oss at det sjølvsagt måtte bli til Stad. Då hadde vi feriert i Selje i 7 år, i surfeparadiset Hoddevik. Vi budde fint på Høvik i Bærum, rett ved stranda i ei kjempefin leilegheit, men vi var svært mykje på farten, på fjellet om vinteren, og til Stad om sommaren. Vi drøymde om ro, plass og fridom til å kunne jobbe med kreative ting, og til å vere meir i kontakt med naturen. Selje har alt som er viktig for å ha eit godt liv, seier Helle. Ho legg til at det er ein utruleg vakker kommune med severdigheiter i verdsklasse og ei historie som er unik. Våren 2010 flytte Helle med familien sin til Ervik på Stadlandet der dei leiger eit lite gardsbruk. Hadde det ikkje vore for Internett, hadde det ikkje gått å bu her, men no kan mykje ordnast med mail og skype. Ho og Jon reiser ein del, både til Oslo og til utlandet, men borna kan vere i ro. Borna trivst svært godt og kosar seg på skulen og i barnehagen. Folk i Ervik har teke utruleg godt imot oss, det er ei bygd med godt samarbeid, og alle hjelper kvarandre. Vi føler oss heime i Ervik no, seier Helle med eit stort smil om munnen. 14 Selje magasin

Fabel har sidan 1994 designa kle til kvinner, med utgangspunkt i eit nordisk klima og livet tett på naturen. Designar Sigrid Grønlie Thomassen kjem frå ein familie med lange tradisjonar innan saum og tekstil. Ho sakna sjølv praktisk, stilig og funksjonelt yttertøy. Enten var det tekniske sportskle, eller pene, men upraktiske damekle. Sidan ho verken ønska å sjå ut som ein eventyrar på ekspedisjon eller berre ei pyntedokke, starta ho opp med å lage kåper, jakker og ei rekke strikkeplagg. Fabel har lang tradisjon og god erfaring med å kombinere moderne hi-tech tekstilar med tradisjonelle naturmateriale, som t.d. ull av høg kvalitet. Fabel er ei familiebedrift. I dei siste åra har Helle Frogner, dottera til Sigrid Grønlie Thomassen, kome inn for å jobbe med marknadsføring og designkonseptet i Noreg. Stad er eit referansepunkt i norsk vêrmelding, det heiter sør for Stad og nord for Stad. Få stader er vêret meir ekstremt i Noreg, frå berykta stormar til varme, stille sommar- dagar. Fabel fornyar seg sjølv i spennet mellom fantastisk natur i Noreg og dei siste impulsane frå metropolane ute i verda. Sommaren 2010 opna Helle sommarbutikk midt i Selje sentrum. I starten hadde ho med seg Werner van den Branden med sine unike antikvitetar frå Gammel Sjarm, i tillegg til Seljeskjorter frå fabrikken i Selje og nokre nye hudpleiekremar som eigaren av bygget har til sals. Helle ønskjer å snu flyttestraummen og, ho vil at Selje skal blomstre. Det blir spennande å følgje med vidare... Solveig og Jon Hole, stamgjester i 35 år på Selje Hotel 25. juni 2010: Solveig og Jon Hole sjekkar nok ein gong inn på Selje Hotel, kanskje for 100. gong? Denne gongen er dei her for å markere 57 års bryllaupsdag, som er 27. juni. Første besøket var i 1975. Solveig og Jon tok inn på det nyopna hotellet og kjøpte sin første SAGA-båt i Selje. Sidan har den første SAGAen blitt skifta ut fleire gonger til større modellar, alle frå Saga Boats. Sidan 1975 har Solveig og Jon besøkt hotellet trufast minst 3-4 gonger i året. Kolbjørn, yngste sonen, var med som 9-åring og kvart år seinare til han vart vaksen. I 1993 feira Kolbjørn bryllaup på Selje Hotel med mange gjester. Og feiring har det blitt, 50-, 60-, 70-, 80-årsdagane har Solveig og Jon feira på Selje Hotel, mange påskehelgar, nyttårsball og julebord har det også blitt. No er dei her på bryllaupsdagen sin. Og, plutseleg står både dottera og eldste sonen med familiar i døra, - dei kjem overraskande til Selje for å feire foreldre og besteforeldre. Og feiring vart det også denne gongen. Gratulerer, Solveig og Jon! Selje magasin 15

Selja lokka fram varme og poesi hos Sigrid Undset Sigrid Undset kunne snakke oppglødd om Sunniva som vår alles storesøster og med personleg varme om sine sommardagar på Selja. Forteljinga om den irske prinsessa som overgav seg til Gud og let seg drive ut på havet for så å strande på Selja, skulle vekse saman med Sigrid Undset sine eigne livsprosjekt på ein spesiell måte. Av Sigrun Slapgard Den la seg nedpå, hvit og pen, og så ut som den visste den tok seg symbolsk ut. Sigrid Undset Høyt oppe lyser den lille ruinen av Sunnivakirken, og bakom den gaper helleren inn i berget det eldste kirketak i Norge, og den eneste som står som vi har grunn til å tro, Sankt Olav har knelt under. Slik skriv Sigrid Undset om helgenforteljinga som grip rett inn i hennar eigen oppvekst, tru og historiske orientering. Når ho kritiserte den rådande norske historieforteljinga som utelet helgenane, var Sunniva og Seljumennene eit godt døme. Ho meinte også at Selja måtte ha vore ein stad pilegrimar valfarta til. Selja med de vidløftige anlegg og mange kapeller har saktens ikke få pilegrimer besøkt, det lå midt i seilleden, blandt annet på veien for alle som reiste kysten rundt til Nidaros, skriv ho og viste til funn av mange pilegrimsmerke frå Selja. At det er ei heilagkjelde på Selja, såg ho også som eit prov på at mange valfarta til øya før reformasjonen. Sigrid Undset var fullt klar over at dei historiske kjeldene er usikre og går ikkje alltid god for dei helgenforklarte versjonane. Ho opna for at mye av Sunniva-overleveringane kan vere mytar, i motsetning til Olav og Hallvard veit ein ikkje sikkert om den irske prinsessa fanst. Men viktigare for Sigrid Undset var det faktum at Sunniva som helgenfigur var så høgt elska, og særleg langs vår langstrekte kyst. Nest etter jomfru Maria vart Sunniva dyrka av norske kvinner som deira viktigaste vernehelgen, i tillegg til å vere skytshelgen for Vestlandet. Da Sigrid Undset var flyktning i USA under krigen, kom ho ofte tilbake til denne vår alles storesøster og både snakka og skreiv om Sunniva og Selja. Etter sommarturen til Selja i 1926 saman med familien Gejerstam, ønskte Sigrid Undset å skaffe seg eit hus på Selja. Det var eit vonbrot for henne at ein ikkje ville ha den kjende katolikken hit, men ho heldt likevel fram med å skrive poetisk og varmt om staden der Sunnivas kjelde risla ved fjellfoten, slik ho også kunne skrive humoristisk om ein lamunge som hadde lagt seg der Sunniva-skrinet ein gong stod: Den la seg nedpå, hvit og pen, og så ut som den visste den tok seg symbolsk ut. I denne siste setninga ligg det ein rik og svært undsetsk bodskap til oss om gåtene i Sigrid Undset sjølv og i Sunniva-myten. 16 Selje magasin

PROGRAM: KULTURREISE FOR KROPP OG SJEL 18. 23. mai 2011 Velkommen til Selje og Stadhavet Sigrid og Sunniva, Selje og Selja, kunstnerhjem og opera, fyr og fisk, samvær og fellesskap... Vi gleder oss over å invitere til en tur som byr på Sigrid Undset, den hellige Sunniva, Nordfjordoperaen, Kråkenes fyr og Vestkapp. Kultur og natur og mye sosialt samvær. Vi bor på meget gode hotell inkludert tre netter på Selje Hotel. Påmelding innen 1. februar 2011. For mer informasjon og program: www.nklarsen.no KAFE CLAUS OVERNATTING BUTIKKEN NOKO ANNA GALLERI SALEN...eit hus med sjel Doktorgarden er ein sjarmerande og innhaldsrik villa frå 1917, midt i Selje-bygda, med gangavstand til det meste. Galleri Salen har skiftande salsutstillingar. Butikken Noko Anna har bøker, originale suvenirar og kunsthandverk. Kafe Claus byr på heimelaga, god mat og drikke. I 2. etasje er det fire lekre rom til utleige, stort bad og eige kjøken for dei som vil stelle seg sjølve. Doktorgarden har ope kvar dag i sesongen, elles i året ein del helgar og etter avtale. Doktorgarden høver ypperleg også til mindre grupper, møte og arrangement. Ta kontakt for tilbod! LS Holst - NK Larsen Bureau Villa Humaniora, 6590 Tustna Tlf: 71 52 11 70/64 93 93 15 E-post: holst@nklarsen.no K U L T U R E L L R E I S E V I R K S O M H E T Doktorgarden Selje, 6740 Selje Tlf 57 02 01 89/ 909 29 771/ 901 86 882 / 918 65 634 anna@selja.no www.doktorgarden-selje.no Selje magasin 17

Hana Cathala og Selje Spa Thalasso Ein gong i tida kom ein gamal mammut og tigerjeger heim frå jobb, trøytt og lidande av mange sår. Instinktet førte han til svaberga ved sjøkanten der hol var fylte med saltvatn oppvarma av sola. Han merka at han, berre etter fem minuttar avslapping i dette bassenget, fekk nye krefter og at såra ville kome til å bli lækte fort. Han gjorde thalasso. Hippokrates, den store greske filosofen, besøkte ein gong ypparstepresten i Egypt for å få hjelp for sjukdomen sin. Rådet han fekk, var å drikke litt sjøvatn, ta eit varmt saltvassbad og å spasere langs stranda i vinden kvar einaste dag i ein månad. Dette gjorde Hippokrates, og han tok denne naturlege og hyggelege kuren kvart einaste år. Sjukdomen stogga opp, han vart bra og kjende seg mykje yngre. Han gjorde thalasso. Det er Hana Cathala, vår tsjekkiske/franske thalassokonsulent som har fortalt oss desse historiene. Cathala var engasjert av Selje Hotel i perioden 1997 2000 i samband med nyskapinga Selje Spa Thalasso. Saman med arkitekt Vidar Lerum har Cathala hatt ansvar for utforminga av thalassosenteret vårt, og ho har stått for den behandlingsfaglege kvalitetssikringa. No har Hana Cathala vore tilbake i Selje for å ta etterkontroll etter 10 års bruk. Ho er imponert over senteret vårt. Ho understrekar kor viktig det no bør vere å få fram at det er berre i Selje ein kan få thalassoterapi i Noreg. Det friske, brusande havvatnet som blir nytta i behandlingane, blir pumpa inn i hotellet direkte frå Stadhavet. Thalassoterapien kan ikkje samanliknast med ei vanleg spa-behandling, understrekar Cathala. (ref.: le guide de la thalassotherapi / Caroline Faesch, France Loisirs, Paris 1977 (bok 223 sider) Wellness /Hana Cathala, Grade Publishing, a.s. 2007. (bok 170 sider). Massasjebad med sjøvatn, algeinnpakningar, dusjjet og dusjaffusjon er behandlingar som journalist Frode Stang (NRK) omtalar slik: Kongelig luksus og Paradisbehandling i tropisk regn. Slik hadde de gamle keisere i Romerriket det. Dette er den beste antistressbehandling jeg noensinne har fått. Den setter en i en tilstand der hele systemet, både fysisk og psykisk, faller til ro, og man kan reflektere over livet i trygge og vennlige omgivelser. Terningkast 6. (Spa Beauty Magasinet 2009) Behandlingsroma og spesialutstyret er i 2010 blitt fornya i stil med siste nytt frå Paris: Nye fargar med turkis/blått som havet, grønt som naturen, beige som sanden og brunt som jorda. Elden er representert med levande lys. Våre infraraude varmeteppe i orange/brunt, og den nye dusjaffusjonsmadrassen er det aller siste på marknaden i Europa. Du kan gle deg til ei spirituell oppleving. Thalassoterapi er ein av den aller eldste, naturlege og effektive anti-stressbehandlingane i verda. Fullstendig i harmoni med menneske-organismen. Behandlingane gir oss energi og styrkjer oss på fleire måtar. 18 Selje magasin

Brusande balsam for kropp og sjel - vest ved havet

Selje Spa Thalasso Er balsam for heile sanseapparatet, og etter to timar med algeterapi, bølgjemassasje, saltvassbobler og høgtrykkspyling er kroppen fullstendig nullstilt; velværet breier seg frå isse til tær... Behandlingar og prisliste 2010/2011: THALGO HUDPLEIE: Alle behandlingane inkluderer reins, peeling og massasje Djup reins for ansikt Gir rein og klar hud med individuell maske. 55 min............kr. 725.- Thalgo menn-herrebehandling Spesialmaske med antirynkeeffekt. 55 min............kr. 750.- Spesial fuktigheitsbehandling Intensiv fuktbehandling for tørr hud. (virkar straks) 70 min............kr. 950.- Cold marinemaske (super for roseacea) Svært roande og kjølande behandling for sensitiv hud. 70min.............kr. 950.- Askepottbehandling Fuktigheitsgivande collagenbehandling, poresamantrekkjande. Veldig bra før makeup. 70 min............kr. 950.- Antirynkebehandling Svært god behandling for å motverke rynker. Linjene fyller vi opp med strips av hyaluronsyre. (umiddelbart resultat) 80 min............kr. 975.- MINI HUDPLEIE Reins, peeling, alagaformerosemaske, hydralga visageolje. 30 min............kr. 550.- Forming av bryn....kr. 210.- Farging av vipper og bryn inkl. forming.......kr. 450.- Farging av vipper eller bryn..........kr. 210.- Voksing av legger, lår og bikinilinjer......kr. 700.- Voksing av overleppe kr. 180.- Voksing av legger eller lår............kr. 350.- Spa Manikyr Stell av negler, negleband,peeling, parafinvoks, massasje, lakk 60 min............kr. 750.- Spa Pedikyr Fotbad, peeling, fjerning av tørr hud, stell av negler og negleband, massasje, lakk 60 min............kr. 750.- Mjuke hender Peeling, parafinvoks, massasje 25 min............kr. 450.- Mjuke føter Fotbad, peeling, parafinvoks, massasje 30 min............kr. 500.- THALASSOBEHANDLINGAR: Alle behandlingane går ut på å kvitte seg med avfallsstoff, og ta opp nye mineral. Vi brukar oppvarma sjøvatn og algeprodukt av høg kvalitet. Kvilerommet kan nyttast i samband med thalassobehandlingar. Standard Thalasso - Thalasso/hydroterapibad - Stimulerande kroppsspyling - Avslappande algeinnpakning - Avsluttande rytmisk kroppsmassasje 120 min...........kr. 1650.- Thalasso med kroppsskrubb Thalasso/hydroterapibad, kroppspeeling, algeinnpakning, massasje. 120 min...........kr. 1700.- Utrensing av kropp Stråledusj, sauna m/algaskin, algeinnpakning med utrensande effekt. 90 min............kr. 950.- Sunn slanking, Selje Biomare Sauna, algaskin, kvile, te, kroppspeeling, utrensande algeinnpakning, anticellulittmassasje. 110 min...........kr. 1500.- Mini Thalasso - Thalasso/hydroterapibad. - Algeinnpakning m/rosemaske. - Innsmøring av algeolje. 60 min............kr. 850.- Thalgomince Thalgo sin nye anticellulitt og oppstrammande behandling. Kroppspeeling, cellulittmassasje, gummimaske. 80 min............kr. 850,- 6 behandlingar......kr. 4250,- (inkl. fri bruk av basseng, infraraud sauna, trimrom) Kombo rygg - Rygg- og nakkemassasje. - Minihudpleie. 60 min............kr. 950.- Kombo fot - Fotbad, peeling, parapfinvoks, krem. - Minihudpleie 55 min............kr. 900.- Kombo kropp - Dusjaffusjon - Kalde algar på delar av kroppen. Fremjar blodsirkulasjonen. 60 min............kr. 850.- ENKLE BEHANDLINGAR: Thalasso/hydroterapibad (MB) 25 min............kr. 420.- Dusjjet (DJ) 15 min............kr. 385.- Algeinnpakning (AA) 25 min............kr. 400.- Dusjaffusjon (DAM) 25 min............kr. 550.- Kroppspeeling 25 min............kr. 480.- Steambad og/eller infraraud badstove/kvile 45 min............kr. 350.- MB = Thalasso/hydroterapibad med sjøvatn og undervassmassasje, DJ = Dusj Jet/Stråledusj, AA= Algeinnpakking, DAM = Dusj affusjon med massasje, S = Sauna, P = Plastinnpakking, M = Massasje, A = Aromamassasje, K = Kopping, H = Hud/ansiktspleie, F = Fotsoneterapi, R = Rose algemaske, IS = Infraraud sauna, AY = Ayurvedamassasje, ILM = Innerlifemassasje 20 Selje magasin