for underdøler og venene deira heime og ute 18. årgang * juni 2011 * kr 70,

Like dokumenter
LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Minnebok. Minnebok NYNORSK

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Til deg som bur i fosterheim år

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Månadsbrev for Rosa september 2014

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND

Jon Fosse. For seint. Libretto

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

OK, seier Hilde og låser.

6. trinn. Veke 24 Navn:

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

MEDLEMSINFO. august 2009

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Velkomen som konfirmant!

«Ny Giv» med gjetarhund

DET NÆRMAR SEG VÅR MÅNADSBREV FOR MARS.

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1


Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

ELVASTIEN I ØRSKOG. Jon Per Rødseth

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

6-åringar på skuleveg

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

VELSIGNING AV HUS OG HEIM

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Jon Fosse. Olavs draumar. Forteljing

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

FANTASTISK FORTELJING

mmm...med SMAK på timeplanen

Kom skal vi klippe sauen

Plassebakken Barnehage

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Vedlegg til høyringa om Justering av hovudgudstenesta

Månedsbrev april 2015

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Barnevernsfaglege vurderingar. Fylkesmannen sine erfaringar. Turid Måseide og Gunn Randi Bjørnevoll

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Psykologisk førstehjelp i skulen


Brukarrettleiing E-post lesar

Velkomen som konfirmant

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage

NOREG KAPITTEL 15 1 TANKEKART. Cappelen Damm AS NORSK START 8 10 / KAPITTELPRØVE 15 / 1

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje


Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Jon Fosse. Andvake. Forteljing

Møteprotokoll for møte i

Februar 2015 Januar, månaden som gjekk Månaden som kjem

Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012

Plassebakken Barnehage

Informasjon til elevane

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

Namning av vegar i Fræna Kommune

ARBEIDSPRØVEN Nynorsk ELEVHEFTE

Jæren Distriktspsykiatriske Senter Korleis kan ein unngå å bli utmatta? om å ta vare på seg sjølv

Transkript:

nderdølen for underdøler og venene deira heime og ute 18. årgang * juni 2011 * kr 70, BLADET FOR BYGDA MED OVER 80 INNBYGGJARAR Gjett kva Kenneth, Tormod, Per Øystein, Atle, Sondre, Per Rune og Torbjørn driv med! Les meir på side 6. Les om aktive Anita på side 8!

Gode lesar av Underdølen! I vinter har vår vakre og stille bygd opplevd ein del negativ merksemd i media. Det me snakkar om er sjølvsagt Servicebygget. Det har vore fleire oppslag i lokal- og regionavisene, som har presentert steile motsetnader i saka. Det er ikkje kjekt for ei bygd som til vanleg er kjent for vakker natur, ei flott stavkyrkje og god geitost. Ja, og ikkje minst dugnadsånd å samarbeide til felles for bygda. Det som er heilt sikkert er at bråket omkring saki gagnar verken oss som bur her, eller dei som ynskjer å besøkje bygdi. No ser me fram til sommaren med ferie og festival, trua på fred og fordragelegheit og fint ver. Redaksjonen i Underdølen ynskjer alle lesarane ein riktig god sommar! Redaksjon Hanna Hj. Borlaug, tlf 576 31 742, hanna_1958@hotmail.com Anna K. Marstein, tlf 959 84 630, geitost@online.no Åremålsdagar andre del av 2011 15 år Tore Stegen 29.09.96 20 år Sigrun U. Borlaug 21.07.91 Maria B. Underdal 09.11.91 25 år Anna Elise Borlaug 30.09.86 50 år Sigbjørn Skarsbø 19.07.61 55 år Lars Underdal 15.12.56 80 år Astrid Vindedal 06.08.31 Fødde Bergit Torgersen 30.10.31 Aslaug Nedberge 01.12.31 May Kristin Underdal og Harald Vik fekk ein gut 30. mars Dårdi Flåm og Espen Bjørndal fekk ei jente 23. april Dåp i Undredal kyrkje 22. mai vart vetle Nikolai frå den russisk-ortodokse kyrkjelyden i Bergen døypt. Me kjenner ikkje etternamnet hans Konfirmasjon 2. juni vart Tore Stegen og Simon Underdal konfirmerte i Undredal kyrkje Anna K. Marstein er bladet sin faste fotograf Ansvarleg utgjevar: Undredal Bygdeutvikling AS, 5746 Undredal Eigar: Undredal Grendalag Kontonr: 3745 30 28756 (OBS, nytt nummer) Utforming: Oransje webdesign, Stange Trykt hjå: Erik Tanche Nilssen AS, Skien på 130 g Profi silk Opplag: 400 Send e-postadressa di! Meld adresseendring! Det hender me skulle hatt kontakt med abonnentane våre fort. Det hender og at abonnentane våre flyttar på seg. Det sparer både dykk og oss for arbeid dersom de sender oss e-postadressa dykkar og eventuell melding om ny adresse. Begge delar kan sendast post@undredal.no Bidragsytarar i dette nummeret Tekst: Inger Oline Øy Hanne Lykkja Sigrun Ytrefjord Eldbjørg Wangen Gerd-Mari Ahlin Caroline Juul Jørstad Gunhild Strand Borlaug Anna Elise Borlaug Leif Inge Underdal David Underdal Aud Melås Roald Underdal Bilete: Henning Øy Pascale Baudonnel Hanne Lykkja Tilfeldig F. Passerande Atle U. Borlaug Ole Fretheim Avlidne Øystein Underdal f. 17.03.1920, vart gravlagt frå Vangen kyrkje 02. mai 2011. Info om betaling Det er mange som lurer på kva tid dei skal betale for Underdølen. Me sender ut rekning på våren. Sommarnummeret skal vere i posten før 20. juni, og julenummeret før 20. desember. Det lettar arbeidet for oss om du sender oss e-postadressa di, så kan me sende rekning og annan informasjon pr e-post. Ta kontakt med redaksjonen om du har spørsmål! Frist Frist for stoff til julenummeret er 1. november, men me tek imot bidrag fortløpande. Send stoff send bilete! Den 4. februar var det flo. 2 Underdølen - desember 2010

helsing leiar Ord ved båra til Øystein Øystein, du var ein heidersmann, veldig engasjert på mange felt. Men først og fremst var du kjøpmann. Det var som kjøpmann eg lærde deg å kjenna på slutten av 70-talet. Me var då to av tretten kjøpmenn - plukka ut til å vera med i forsøksprogrammet for nærbutikkar i Sogn og Fjordane. Føremålet var å driva meir lettvint og lønsam butikk. Det vart ein revolusjon for oss alle tretten. Mykje nytt å forholda seg til, entusiasme og skepsis. Me lærde kvarandre godt å kjenna gjennom mange seminar som gjekk over fleire år. Du, Øystein, var ein som ofte ga utrykk og tala med klar høg røyst - kva du meinte når det syntes gå over stokk og stein eller noko var glimrande. De må no skjønna og begripa var omkvedet ditt når du gav uttrykk for dine synspunkt. Me var begge med i styret for Sogn Kjøpmannslag. I begge desse fora var det sosiale ein svært viktig faktor. Og her var du, Øystein, svært medverkande. Du var ein person med eit lyst sinn og eit fantastisk humør og ein glad latter. Du var ærekjær og ein stolt person. Du var stolt av bygda di, stolt av kona di, Jensine, som du mista altfor tidleg, stolt av familien din og stolt av det du hadde fått til. Du ånda og levde for geitosten, og det opna seg nye moglegheiter med den då bygda fekk veg. Eg har aldri møtt nokon som tala så varmt og med innleving om ei vare som du kunne når du i din iver la ut om geitost frå Undredal. Ein kunne formeleg kjenna lukta både av geitedyret og den skarpe ostesmaken. Du sysla med osten til det siste. Du heldt deg godt i din høge alder, hadde god helse. Me møttes på Undredal brygge i fjor sommar. Som 90-åring baud du meg opp til ein vals. Eg måtte berømma deg for kor sprek du var og kor godt du heldt deg. Du lika det. Men det skulle bli den siste dans. Frå gode venner i Førsøksprogrammet og Sogn Kjøpmannslag vil eg bringa fram ei siste helsing og takk. Me lyser fred over Øystein sitt minne. Gerd-Mari Ahlin, Slinde Foto: PB Hjarteleg takk! - til alle som gav minnegåve i samband med at Øystein Underdal gjekk bort 25. april 2011. Til saman kom det inn kr. 10.378,-, noko som kjem vel med når ungdomslaget no står framfor ei større utbetring av ungdomshuset. Familien og Undredal Ungdomslag juni 2011 - Underdølen 3

bygdanytt Snøvinteren 2010-2011 Kven hadde trudd at me skulle få to vintrar så like etter ein annan! Vinteren kom tidleg, og mange var ikkje ferdig med å førebu hagen før vinteren. Blada hang lenge på skogen i haust, og det var mange som beit seg merke i det. Det kunne hende det vart ein hard vinter til, og at han kom til å vare lenge. Mot slutten av oktober kom både snøen og kulden. Det vart ikkje så mykje snø, men kulda var hard utover seinhausten. Resultatet vart at hjå mange fraus vassrøyr og vatnet med. Desember vart den kaldaste månaden på om lag 40 år, og det seier litt. Januar var litt mildare og februar kaldare att. Det var kaldt nok, og nedbøren lavde ned som snø. Det var meir snø i vinter enn fjoråret. Ved å bruke skistaven som mål, så var det lett å finne skilnaden frå i fjor. På flat mark var det på det meste tett oppunder 1 meter. Store svingingar i temperaturane i vinter gjorde at rasfaren vart større enn fjoråret. Det var ikkje stabilt nok, og då vart det utrygt å ferdast t.d. på dalen. Det gjorde sitt til at den gamle stølsvegen ikkje vart like mykje brukt av oss skigåarar som vinteren i fjor. Vegstengingane kan du lese om i eigen artikkel. I midten av februar gjekk Djupsåna, slik at ho demde opp for vatnet, og så mykje at vatnet frå elvi flaumde over brui på ettermiddagen. Då veret vart kaldt og stabilt, var det fint å fare på ski over raset på veg til Langhuso. Dyrespor er det nok av, berre ein gir seg tid til å sjå etter. Likevel, samanlikna med førre året, så var det lite harespor å sjå. Spor etter rev hadde auka frå i fjor, og kan hende gaupa hadde vore ein tur på gamlevegen òg? Det fekk me aldri stadfesta, men kan hende viltkameraet som sto ei stund i Breiskreda har fanga opp noko.. I midten av mars trudde vel dei fleste at vinteren skulle vere over for i år. I alle fall håpa me på det. Då opplevde me det verste uveret som me kan hugse, i lågareliggjande strøk til no. Vegen til Langhuso vart omtrent vekke i snøvêr og vind. Alt gjekk i eitt, og det var umogleg å sjå kor ein var på vegen. I eit slikt forrykande uver kunne det lett ha skjedd uhell, men sneglefarten gjorde at me etter om lag ein 20-25 minutt fann fram til E16 i Botn. Når me tenkjer attende på vinteren i år, så var det ein flott vinter. Det same med vinteren før. Det er lenge sidan eg har måka så mykje snø, og for å vinkle det positivt, så har det gitt oss masse trening. Då vegane i bygdi låg der ubrøyta, så måtte vel det gi alle lyst til å vere ute å gjere noko kjekt i snøen! Å ake Hjøllabakkane var kjekt, og gjekk godt gjorde det òg. Ein har ikkje meir moro enn ein lagar sjølv, og det bør me hugse å ta vare på. Tekst og foto: HHB Ungdomshuset Det er lenge sidan ungdomshuset fekk seg ein rundvask, men i år skjedde det. Golv, tak og vegger, gardiner, skap og skuffer vart vaska. Til og med flaggstonga fekk seg ein omgang måling. Det var det John i Nigarden som sto for. 17. mai stråla huset som det ikkje har gjort på lenge. 4 Underdølen - juni 2011

Rv 601 stengd stengd att laurdag 7. januar om ettermiddagen og opna ikkje før kl 14.00 måndag 17. januar. Stenginga førte til messefall i kyrkja og ein del problem for folk. Geitebøndene skulle levere mjølk til Tine for første gong etter kjeing, men det vart det ikkje noko av. Nokre bilistar tykte det var for gale at vegen var stengt pga fare for ras, og køyrde forbi sperringane. Heldigvis gjekk det godt. Skuleelevane som skulle på vidaregåande i Sogndal tok skulebåten som vanleg måndag morgon, men dei som skulle til skule i eigen kommune måtte bli heime. NRK Sogn og Fjordane leigde båtskyss og kom på fjøsbesøk for å finne ut korleis bøndene takla situasjonen. Innslaget vart sendt på NRK 1 kl 19.00 og kl 21.00. Men då var altså vegen opna att. Vegen mellom Langhuso og Undredal var stengd to gonger i vinter. Første vart vegen stengt mellom tysdag 11. januar om ettermiddagen og 12. januar tidleg på ettermiddagen. Det kom eit lite ras denne gongen, men det var ikkje større enn at det kunne ha vore rydda med ein gong. Men vegvesenet valde å stengje pga fare for nye ras mens det var mørkt/ikkje sette brøyemannskapet i fare. Så vart vegen I våre dagar kjennest det dramatisk når vegen stengjer, sjølv om det er snakk om berre nokre dagar i året. Her i Undredal har me likevel ikkje mykje å klage over i samanlikning med dei som bur i Skjerdal eller på Bakka. Dei har verkeleg fått merke kva vinteren medfører av ulemper denne vinteren. Foto: AKM Tormod og Kjell flyttar Dessverre forlet to gode krefter bygda etter påske. Tormod Herre begynte som landbruksvikar i Luster kommune. Han tykkjer det er godt å vere tilbake i jordbruket, etter nokre år som anleggsarbeidar. Kjell Krogstad begynte i eit vikariat som museumsbonde ved De Heibergske samlinger Sogn Folkemuseum. Med praksis frå Undredal skulle han vere godt kvalifisert for jobben... Tekst & foto: AKM Gutane på Filefjell Kjell har vore museumsbonde her i bygda og. Her serverer han vassgraut til onnefolka på slåttefesten i 2010. Tormod Herre i sitt rette element. Bildet er frå Slåttefesten i 2010. I vinterferien slo ein heil generasjon med undredølar seg saman og dro til Filefjell for å stå på ski og vera saman. Her ser me gjengen før heimreise (frå v.): Espen Bjørndal (reserveunderdøl, gift med ei underdøla), David Underdal, Sondre Torgersen, Atle Underdal Borlaug, Kenneth Vindedal, Tormod Herre (vossing og underdøl god som nokon) og Tormod Underdal. Foto: tilfeldig forbipasserande juni 2011 - Underdølen 5

bygdanytt Volley, volley! Det har lenge stått på ønskelista til ungdomane i bygdi å få laga til ei volleyballbane. I fjor søkte Undredal Ungdomslag om folkehelsemidlar til å fremje fysisk aktivitet i bygda. Ungdomslaget inviterte Grendalaget til spleiselag. Torill sette i gang med å innhente tekniske opplysningar, og det viste seg at det enklaste og rimelegaste var å lage ei grasbane. Tidleg på våren i år fekk vi levert søknad til kommunen og svaret var at ver så god, berre set i gang. Dette er eit riktig tiltak i følgje reguleringsplanen. I løpet av nokre hektiske vårhelger har den kommunale tomta me til dagleg kallar Borlaugsåkeren blitt forvandla frå haug og holer til ei fin, slett bane med nedstøypte fundament for volleyballstativ. Den 7. mai vart bana sådd til. Primus motorar har vore Tormod U. og Atle U.B. Dei har og stilt med maskiner. Så har ein heil gjeng med ungdomar vore med på arbeidet. Vårveret har vore nesten litt for strålande, så det måtte vatning til for at frøa kunne spire og vekse seg fine til volleyballkamp som er planlagt på jonsokkvelden. GSB/AKM David, Torbjørn og Atle fyller på massar og planerer. Bildet er teke i april. Foto: AKM Vårrydding Fjerde mai var det ein liten, men ivrig gjeng som stilte med trillebårer, river og arbeidshanskar for å gjere bygda klar til sommaren. Parken vart fin etter eit par timars arbeid, og dugnadsgjengen vart blid og mett etter å ha blitt traktert med dugnadskringle i hagen til Inger Oline og Henning. På bildet ser me Bente og Torill i full sving. Bergit er skjult bak buskane. Foto: AKM Anna Elise Borlaug er tilsett i ei prosjektstilling hjå Undredal Bygdeutvikling sommaren 2011. Ho skal arbeide med Geitostfestivalen, skjødselsprosjektet på Stokko, rydding og merking av stiar og administrere parkstellet i bygda. Foto: Henning Øy Til Bente Eg vil skrive nokre ord om Bente. Eg føler at ho er for bygda. Ho gjer mykje for oss alle, ikkje berre i jobben på Underdalsbui, men i mange samanhengar. Bente er hjelpsam, ein god ven, ein vi kan lite på. Då vi flytta hit kunne vi gå til Bente og spørre viss det var noko vi lurte på. I den siste tida vi har vore gjennom, med alvorleg sjukdom og bekymringar, har ho vore ei utruleg god støtte. Me har fått eit nært og spesielt forhold til Bente. Inger Oline Øy 6 Underdølen - juni 2011

Ein samtale med Eke Krug Eke Krug kom til Noreg første gong i 2009. Ho flytta til Undredal saman med ektemannen Huib van der Horst i mai i fjor, og dei bur i Tora-huset på Reina. Ho seier at dei likar seg godt i Undredal og øver seg i norsk språk kvar dag. For ikkje å ha budd i Noreg meir enn knappe to år, så snakkar Eke godt norsk. Eke er opphavleg frå Amsterdam i Nederland, men etter 27 år i den nederlandske hovudstaden busette ho seg i Friesland, som vert meir nord i landet. Der budde ho i om lag 20 år. Friesland har eit eige språk som heiter frisisk, så Nederland har to offisielle språk nederlandsk og frisisk. Eke er kunstnar og utdanna fargeterapeut, men har ikkje jobba som det. I Nederland hadde ho eiga bedrift med nokre få tilsette der dei masseproduserte smykke. Dette var i 1980-åra, då smykka skulle vere store. Dette var viktig for motebransjen. Smykka vart selde både i Nederland, Belgia og i Sveits. I 1990-åra endra situasjonen seg. Smykka skulle vere enkle og mindre i storleik. Det var ikkje så in med smykke, så etterspurnaden minka veldig. Det vart ingen suksess. I 2009 etablerte Eke seg i Noreg og designa berre sine eigne smykke. Dei er spesiallaga, og svært få er like. Det er mange forskjellige smykke store og små, og ho lagar det som ho likar sjølv. Materiala som ho brukar er papir, kartong, gummi, tre, syntetisk leire, metallfolie og filt. Ho nyttar òg sykkelslangar som materiale. Ho fargar sykkelslangane med forskjellige fargar, og nyttar dette materialet som ein del i smykka. Eit smykke kan bestå av fleire materiale. Zentangle er ein spesialteikning laga med tusj. Denne teknikken skapar ro i kroppen og i hovudet. Det er som ho seier sjølv nesten meditasjon. Det vert ein repetisjon av bildet ein lagar. Teikningane blir skanna og skrivne ut. Så etter kvart vert dei til smykke, små (kort)bøker eller kort. I fjor vart det lita tid til førebuing av sal når Eke og Huib ikkje kom før i mai. Likevel vart det galleri på bryggja i fjor, og det har gitt ho lyst til å satse i år også. Smykka som ho selde i fjor var store. I år er dei mindre, og ho har både halssmykke, armband og øyredobbar, i tillegg til små (kort)bøker og kort. Ho opnar offisielt Galleriet på Bryggja 1. juni. I desse dagar går ho ut med annonser, og det kjem ei heimeside i løpet av sommaren. Ekes, som bedrifta heiter, vil halde ope i om lag tre månader framover. Her må alle ta seg ein tur innom utover sommaren. Sjølv etter at ho har opna i Galleriet på Bryggja, så held ho fram arbeidet der. Folk kan få sjå korleis ho arbeider. Smykka ligg framme og dei kan tas på. Det er ikkje farleg om barn t.d. tek på smykka. Dei tåler ein støyt, seier Eke. Me gler oss til opninga av Galleriet 1. juni, og håpar at mange vil sjå innom i løpet av sommaren og første del av hausten. Sjå annonse lengre bak i bladet. HHB Gatenamn og husnummer i kommunen vår Arbeidet med tildeling av offisielle adresser starta opp på siste halvdel av 90-talet. Det første som vart gjort var å kartleggja, koda og gje namn til dei ulike vegane i kommunen. Arbeidet vart avslutta med kommunestyrevedtaket 15. mai 2003. Vegnamna hadde då vore ute til høyring, og det hadde vore gjennomført folkemøte for dei ulike soknene. Adresseringa er gjort med heimel i Matrikkellova. Hovudføremålet med å tildele offisielle adresser, kombinert med skilting og kartfesting, er å gjere det praktisk mogleg å finne fram til eigedommar og personar eller aktivitetar som er knytte til desse. Ei einsarta og presis offisiell adresse er viktig for besøkjande, drosjer, e-verk, posten, televerk, varetransport, brannvesen, ambulanse, renovasjon og legeteneste. I 2005 starta Aurland kommune opp med skilting og nummerering av hus og vegar. Eigarane har krav på å uttale seg om desse før montering. I Aurland og delar av Flåm er dette utført. Kontaktperson her er Jan Inge Magnussen. Husnummerskilt vil bli sett opp for huseigaren sin kostnad, jf. reglane for skilting, vedtekne av kommunen. Huseigarane vil bli kontakta før montering. Prisen på husnummerskilt vert om lag 150 kr pr stk., eks. mva oppsett på husveggen. Det skal nyttast standardskilt for husnummer (skilt nr 770 i Vegvesenet sin skiltnormal). Dersom nokon har ynskje om anna skilting enn den standardiserte, skal det godkjennast av kommunen. Framdrifta i 2011 er resten av Flåm. Først i 2012 og 2013 er Undredal, Nærøy og hytteområde i fjellet planlagt. HHB juni 2011 - Underdølen 7

Anita Alltid-på-farten Anita er den slags menneske som aldri blir gamal. Ho er like ungdommeleg, slank, blid og energisk som då ho kom hit til bygda. Dessutan er ho som pota: Kan brukast til alt. Spør du Anita om å koke i ein femtiårsdag i ungdomshuset, så seier ho ja. På Furukroa ser du ho ofte med servitørforkledet. Ho tar gjerne og klipper håret ditt når ho er heimom ein tur. Det skulle ikkje forundre meg om ho på dagtid ser etter ungane dine eller vaskar kontoret ditt. Anita Fjellheim er frå Tunhovd, og har budd dei siste 24 åra i Undredal. - Eg kom hit i 88, seier ho. Første jobben var for Selmer Furuholmen i Vassbygdi. Så var eg på strikkefabrikken på Fjordsentret i Aurland og i restauranten på gamle Fretheim Hotell. Så begynte eg som vikar i vaskejobben på Undredal skule, og der var eg heilt til skulen vart lagt ned. Sidan gjekk det slag i slag med barnehage og skulefritidsordningar rundt om i kommunen. Eg har jobba på dei fleste skulane og barnehagane som finst - og har funnest - i kommunen. For tida jobbar eg som assistent på Flåm skule. Det stortrivst eg med. - Kva er den viktigaste eigenskapen for ein som skal jobbe med ungar?- Hmm, seier Anita og tenkjer ein augneblink. - Det er kanskje å vere litt barn sjølv? Og ikkje minst å kunne lytte til dei. Eg liker kjempegodt å jobbe med ungar. Eg tykkjer eg får god kontakt med ungane. Eg er og assistent for barn med særskilde behov. Det er gøy med utfordringar! Anita er god til å lage mat, og ho er ein av dei som ikkje er redd for å lage mat til mange menneske. Anita var på kjøkenlaget då Undredal Ungdomslag feira sitt 100-årsjubileum. Sist ho hadde ansvar for maten i eit 8 Underdølen - juni 2011 Versågod, det er berre å forsyne seg, seier Leif Finden til Anita. stort lag i Ungdomshuset var då ho kokte i bryllaupet til Steinar Stegen og Trude Du har jobba mykje i serveringsbransjen, ikkje sant? - Jo, eg begynte på Fretheim Hotell, men no har eg jobba som restaurantsjef på Furukroa i mange år. Eg har eigentleg slutta der, men eg er ofte innom for å ha kontroll, ler ho. Det er ein god arbeidsplass. Når me spør kor ofte ho er innom, viser det seg at det er bortimot kvar dag. Og så jobbar ho når det er bruk for ho, det vil seie ganske ofte. - Kva gjer du som restaurantsjef, og kva er din viktigaste eigenskap? - Tja... Anita legg hovudet på skakke og tenkjer seg om i to sekund: Eg tar meg av kundane, og ser etter at det er nok dukar, blomar og slikt. Så plasserer eg gjestane i lokalet og ser til at me har nok folk på jobb. Viktigaste eigenskapen er vel å vere positiv og imøtekommande og å passe på at både dei som er på jobb og kundane har det bra. - På ein internasjonal plass for Furukroa i travle Flåm møter du vel mange rare folk? - Ja, det skal vere visst, svarer Anita med eit glis. Asiatane, for eksempel. Dei er veldig flinke til å blande maten sin: Brun saus og gele, for eksempel. Laks og jordbærsylte. Og så drikk dei vaniljesaus. Til slutt takkar dei for maten og seier at det var godt. Det er kjempehyggeleg! Men Anita kan meir: Ho er omreisande i hårklipp! I dag skal ho ned til Leif Finden å gjere han fin. Leif er i gang med middagen, men han set kjøtkakene til sides når Anita kjem og tek plass på ein krakk så ho kan komme i gang med arbeidet. Saks og kam og dusjeflaske kjem opp av frisørposen. - Her var det mykje å ta av, ler ho. - Ja, no må du berre forsyne deg, svarer Leif. Har du gått på skule og lært å klippe hår? - Nei, eg har lært meg sjølv, svarer Anita. Eg øvde meg først på systene og venninnene heime på Tunhovd. Så har eg ei venninne som er frisør. Av ho får eg det ho ikkje bruker lenger. Kven er det du klipper? Anita reknar opp den eine etter den andre i bygda.

Aud Melås på Flåmsbrygga: Her er min karakteristikk av Anita... Smilande, godt humør, service i blodet, stiller alltid opp så sant ho kan og ofte på kort varsel, lojal og trufast, eit rivjern som sjonglerer mange jobbar samstundes, glad i menneske, omtenksam, givande, rettferdig, rask i vendinga. Anita er med andre ord eit glad-menneske som får ting gjort, ho bryr seg og deler gjerne med andre av seg sjølv, og ho er perfekt for servicebransjen! Det blir ein 15-16 personar før me veit ordet av det. - Og så klipper eg nokre i Aurland, venner og slikt, og nokre kolleger. Eg fargar og. Me spør Leif kva han set pris på ved Anita frisørdame. - Ho er omgjengeleg, og ho ser ikkje på klokka. Og så gjer ho godt arbeid, sjølvsagt. Bror min, Lidvin, er frisør nordafor. Han har si eiga frisørkjede. Når han er heime i Undredal ser han på frisyren min og godkjenner arbeidet! Har du nokon gong fri, Anita? - Å jada, kjem det, etterfølgt av ein trillande latter. Eg er ofte heime hos mor og far på Tunhovd. Både eg og ungane er veldig glad i å vere der. Tunhovd ligg 850 moh, 2,5 mil frå Nesbyen. Det er heilt annleis enn her. Der bur ein oppå fjellet, her bur ein nedi. Pappa, som var anleggsarbeidar, hadde ein draum om å få seg dyr. Så kjøpte han ein stall og fekk seg 6 sauer og ein hest. Det var i 1975, så eg er nesten bondejente. Etter kvart bygde han seg fjøs, og no har han 40 vinterfora sauer. Alle som kjenner Anita, veit at ho er ei skikkeleg hønemor. Når ungane reiser tilbake skule og hybel etter endt helg får dei med seg heimelaga middag for fleire dagar. Ho ringer dei ofte, og må forsikre seg om at dei har kome seg vel i hus når dei har vore ute ein laurdagskveld. - Det er så grusomt når ungane skal reise ifrå meg. Eg er så sippete. Tårene renn! Men så er eg fantastisk glad når dei kjem heim att. Då veit eg ikkje kva for bein eg skal stå på av berre glede! No har du budd i Undredal i 24 år. Ungane dine, Kenneth og Kathrine er 21 og 18 år. Dei har budd her heile livet. Likevel snakkar dei Tunhovd-dialekt. Kvifor? - Det er min feil. Eg tyt så mykje, svarer ho og set latterdøra opp igjen. Du er veldig glad i foreldra dine og. Sat du ikkje stand by ved sengekanten til far din i to månader då han var sjuk for eit par år sidan? - Det skulle berre mangle. Han har gjort så mykje for oss! Lungene hans kollapsa og han fekk ikkje nok oksygen. Eg og systrene mine bytte på å sitte ved senga hans. Og me krangla mykje med sjukehuset for at han skulle få den behandlinga han hadde krav på. Eg er sikker på at om me ikkje hadde stått på slik me gjorde, så hadde han ikkje levd i dag. På same tid vart mor innlagt med ein alvorleg augesjukdom. Det var ei tøff tid, men no er heldigvis begge ganske bra, og takk og pris for det! Du er alltid blid og glad, verkar det som, og aldri høyrer me du snakkar stygt om andre. Er du alltid slik? - Eg kan vere alvorleg, slik som då eg sat ved sjukesenga til far min. Men eg klarer for eksempel ikkje vere på ein arbeidsplass der eg må vere seriøs heile tida. Då dør eg, seier Anita og knekker saman i ei lang, herleg latterkule Tekst & foto: AKM Cruisebesøk Den 11. mai låg det tre Cruiseskip i Flåm. Det lengste skipet heitte Orchestra og målte nesten 300 m. 173 personar frå skipet, fordelt på fem bussar kom hit og fekk omvising i kyrkja. Dagen etter kom 93 personar frå skipet Exhibition. Biletet av bussane er frå 27. mai. Då låg to store skip i Flåm, og det kom fire bussar på ein gong. juni 2011 - Underdølen 9

Hjå Jofrid og Egil i Buastova Strandsitjarane var underdølar som ikkje eigde grunn. Dei eigde huset dei budde i og kanskje eit naust og grunnen huset sto på. Inntekta henta dei ved arbeid utanom heimen, ofte gjennom pendling til andre plassar. Egil, Jofrid, brygga og fjorden. Buastova er eit slikt strandsitjarhus. Stova ligg i Undredals Skomakargate : Når du står på almenningen framom Underdalsbui går du til venstre opp Birjegeili. Du svingar forbi det som går for å vere Undredal eldste hus, Edlingastova, og stova der Tulla, mor til Jofrid bur. På vegen utover passerer du to andre strandsitjar-stover og så er du der: Eit enkelt kvitt hus med to naust tett i tett, inneklemt mellom vegen og fjorden. Ein vakker vårdag i slutten av april tar Jofrid og Egil Roteigen imot på brygga i sitt paradis. Sola strålar frå skyfri himmel og speglar seg i blank sjø. På bordet på brygga står ein gamal mugge med gåsungar og nokre gule tulipanar i. - Det er ein befrielse å komma hit, seier Jofrid. Her er så vakkert og fredeleg. Me reiser så ofte me har tid, det er berre 1 ½ times køyring frå Hemsedal. Byggeåret er ukjent, men skøyta på tufti er datert 1919. Det var bestefar og bestemor (Jens og Marta Sofie Buene) til Jofrid som bygde huset. Han kom frå Buene og ho frå Sogndalsdalen. Dei fekk 10 barn, og av dei er det Tulla, Idar og Ruth som lever i dag. - Etter at Sigurd-morbror døydde, overtok Jon-morbror huset. No er også han død, og huset er eit mykje brukt fritidshus for Jofrid og Egil. - Dette er heimen min, skjønar du! Mor og far budde først i to år på loftet i Edlingastova. Der fekk dei eldste syster mi. Så budde dei på loftet her hjå bestefar 10 Underdølen - juni 2011 og bestemor, og her fødde mor fem jenter. Då eg var sju år flytta dei bort i huset ho mor bur i enno. Men då sa bestemor: - Ho Jofrid blir verande hjå oss! Og slik vart det. Brygga her vart restaurert for seks-sju år sidan, seier Egil. Det var han Jon og eg som gjorde det. Så restaurerte me naustet. Han Jon var ein ivrig fiskar. Me har ikkje båt, men sonen vår i Hemsedal har ein båt som han hadde liggjande her i fjor sommar. Stova begynte me på etter at me overtok ho for eit par år sidan. Me tek den tida me treng, det er ingen ting som hastar. Me er her som sagt så ofte me kan, og om sommaren er eg her meir eller mindre fire månader samanhengande. I fjor kledde eg opp att huset. Alle som for forbi på fjorden vinka til meg. Det vart så travelt at til slutt måtte eg slutte å snu meg og vinke tilbake, elles hadde eg ikkje fått gjort noko, ler han. Egil jobbar som vaktmeistar i Hemsedal kommune. - Han liker å drive med noko heile tida, seier Jofrid. At han er ein nevenyttig kar er lett å sjå. Alt er fint gjort, både innvendig og utvendig. Og Jofrid har sett sitt preg på huset gjennom innreiing og fargeval. Lyst og lekkert er det. Og alle møblane har si historie: Denne sjeselongen fekk eg av Sigurd-morbror. Eg tok han med til Hemsedal og trekte han opp att. Han kan slåast ut til dobbelseng. Då eg var lita sto sjeselongen inne i vetlastova. Bestemor og eg låg i han kvar natt. Eg har mange gode minne både om den og vetlastova. No har me slått ut veggen mellom stovene og sett sjeselongen inn her, for han Strandsitjarstovene ligg tett i tett langs fjorden. Brygger og uthus innimellom. var så fin. Over han heng eit stort, fint måleri av ein hane, som Jofrid fekk av yngste dotter si til 60-årsdagen. - Eg har alltid hatt så lyst på høner, seier ho. Kanskje eg kan få

meg høner når me flytter til Undredal? Men det blir ikkje mykje for dei å nippe i, ler ho. Tomta er ikkje stort større enn flekken huset står på. Frå stoveglasa ser Jofrid og Egil både innover mot Raudberg og utover mot Beitelen. - Det er kjekt å sjå på dyrelivet herfå, seier Jofrid. I dag tidleg symde det eit stokkandpar forbi her. I fjor og i forfjor såg me ein storskarv som ofte sat på ein båt utom her og tørka vengene sine. Ein gong såg eg han kom opp med ein fisk, fortel Egil. Me såg og ein oter som symde langs hølastrondi og ei kveite som bukta seg rett utfor brygga. Eit mektig syn! - Før såg eg ofte krosstroll og krabbe, minnest Jofrid. Denne gamle sjeselongen har Det har vore lite av det i mange år, Jofrid mange gode minne om men i fjor såg eg dei igjen. Jofrid minnest barneåra: Me sto på brygga og fiska. Me fekk ofte fisk. Og når makrellstimen kom då var det ut i båt. Me sette hoven nedi sjøen og hova inn. Ja, det var andre tider enn no! Nise og kobbe ser me ofte. Og så følgjer me med på pillane som beitar i vetlenedbergane. Det er stupbratt der. Mang ein gong har me trudd dei har gått seg skorfaste, men nei, dei bergar seg alltid! No ser Egil og Jofrid fram til ein lang, fin sommar i Buastova. Målet til Egil i år er å rydde naustet. - Eg har ikkje noko hastverk, seier han. Eg liker å ha noko å gjere på. Og arbeidet har ein tendens til å balle på seg. Eg ser for eksempel at sjøen tærer på grunnmuren. Kan hende må eg støype lenger ned for å sikre grunnmuren? Tekst & foto: AKM Servicebygget Som nemnt i leiaren, har det storma kring servicebygget i vinter. Me gjengir ikkje argumenta her, men kan opplyse at uteområdet etter framdriftsplanen frå byggjeleiar Kjell Tokvam skal ferdigstillast i midten av juni. Første etasje (toalett, dusj mm) skal vere ferdig 1. juli, og andre etasje i midten av august. Bygget skal opnast offisielt under Geitostfestivalen siste helga i juli. Norske parkar stifta i Undredal 2. mai 2011 Nærøyfjorden verdsarvpark var vertskap for nettverket mellom dei som alt er regionale parkar eller landskapsparkar (lokale parkar), samt alle andre som var interesserte i å lære om dette. Måndag 2. mai møttest 45 personar frå m.a. Telemarkskanalen, Valdres Naturog kulturpark, Landskapsparkane i Hordaland, Halden, Finnskogen, Numedal og verdsarvparken på grendehuset i Undredal. Det var svært stilt i bygda, for ein av dei gamle høvedsmennene, Øystein Undredal, vart gravlagd på Vangen denne dagen. Vi fekk ei fin omvisning i kyrkja, der vi også mintest Øystein med eitt minutts stillheit. Klokka sine vakre tonar fylde kyrkja for ein som hadde vore klokkar i over tjue år. Det var ei fin stund og sjølv dei som ikkje kjende han, følte at dei kom Undredølene litt nærmare nett då. Etter omvisninga gjekk vi til ungdomshuset. Den gode maten og miljøet både nede i kafeen og oppe i salen danna ei fin ramme for konferansen, noko mange kommenterte. Det er heilt ok å ikkje ha alt på stell med nyaste teknologi, det enkle er ofte det beste! I unghusomset vart og skipinga av ein ny organisasjon vedteken: Den 2. mai 2011 signerte dei fire eksisterande parkane stiftingsdokumentet for Norske Parker. Tema elles på seminaret var utvikling av vertskapsrolla, lokal verdiskaping og forankring av parksatsinga i lokalsamfunna. Undredal var eit godt eksempel på båe delar. Seminaret held fram med eit sakte cruise med Lykkeper på fjorden og på Stalheim hotell dagen etter. Tekst og foto: Hanne Lykkja juni 2011 - Underdølen 11