Saman for vatnet Oppdatering av regional vassforvaltingsplan med tilhøyrande tiltaksprogram Vedlegg 2 til høyringsdokument 2: Hovudutfordringar Våren 2019 www.vannportalen.no
Innhald 1. Innleiing... 3 2. Om dokumentet... 5 2.1 Vassområdet vårt... 6 3. Miljøtilstanden i vassområdet korleis står det til med vatnet vårt?... 7 3.1 Økologisk tilstand i overflatevatn i vassområdet... 7 3.2 Sterkt modifiserte vassførekomstar (SMVF) i vassområdet... 8 3.3 Kjemisk tilstand og grunnvatn... 9 3.4 Endringar i miljøtilstanden... 9 4. Påverknader i vassområdet... 9 4.1 Kva påverkar vassførekomstane i vassområdet vårt?... 9 4.2 Samfunnsutvikling, klimaendringar og planlagd aktivitet og verksemd... 11 4.3 Endringar i påverknader og utviklingstrekk... 12 5. Miljømål og unntak i vassregionen... 12 5.1 Endringar i miljømål og unntak... 13 6. Tiltak i vassområdet... 14 2
1. Innleiing Fram mot 2021 skal dei regionale vassforvaltingsplanane og dei tilhøyrande tiltaksprogramma i heile Noreg oppdaterast og justerast. Den gjeldande regionale vassforvaltingsplanen med tilhøyrande tiltaksprogram har fått verke sidan 2016. Vi skal no gå gjennom korleis det står til med vatnet, og justere planane for korleis vi best kan ta vare på vatnet vårt framover. Oppdaterte planar og tiltaksprogram skal gjelde frå starten av 2022 til utgangen av 2027. Les meir om vassforvaltinga i Noreg her. I prosessen fram mot oppdaterte vassforvaltingsplanar og tiltaksprogram vil det vere to høyringar, med to dokument i kvar høyring. På høyring frå 1. april til 30. juni 2019: Planprogram Hovudutfordringar i vassregionen med vedlegg (dette er vedlegg 2) På høyring frå 1. juli til 31. desember 2020: Forslag til oppdatert regional vassforvaltingsplan Forslag til oppdatert regionalt tiltaksprogram Dette dokumentet om hovudutfordringar inneheld ei oppdatert oversikt over miljøtilstand, påverknader og status for gjennomføring av tiltak og er derfor eit viktig dokument i prosessen fram mot oppdatert vassforvaltingsplan og tiltaksprogram. Ei felles forståing av kva som er dei viktigaste utfordringane, vil gi eit godt grunnlag for vidare samarbeid om oppdateringa av forvaltingsplanen og det tilhøyrande tiltaksprogrammet. Samtidig som hovudutfordringane skal også planprogrammet ut på høyring. I planprogrammet kan du lese meir om korleis prosessen fram mot oppdaterte planar skal gå for seg, kven som er involverte og når og prosessen for medverknad. Med høyringa av planprogram og hovudutfordringar er vi no inne i planarbeidet for andre runde av regionale vassforvaltingsplanar. Gjeldande regional vassforvaltingsplan og tiltaksprogram blei utarbeidde i 2015, godkjende i 2016 og gjeld til utgangen av 2021. Planen og tiltaksprogrammet som no skal reviderast og oppdaterast, skal gjelde for åra 2022 til 2027. Gjeldande plandokument for planperiodane 2010 2015 og 2016 2021 finn du her. Utarbeidinga av dette dokumentet er basert på uttrekk frå Vann-Nett og følgjande møte og konsultasjonar: Møte i Søre Nordmøre vassområde 12.12.2018 3
4
2. Om dokumentet Dette dokumentet ser på kva som var dei viktigaste utfordringane i førre planleggingsrunde, og kva for utfordringar som gjeld no, og som skal setjast på dagsordenen og arbeidast vidare med i neste forvaltingsplan og tiltaksprogram. Er det dei same utfordringane som gjeld? Spørsmål i høyringa Dokumentet inneheld nokre spørsmål som vi særleg ønskjer svar på i høyringa. Alle spørsmåla er samla i boksen nedanfor. Du må gjerne sende inn andre kommentarar i tillegg til høyringsspørsmåla. Vi vil leggje til rette for innspel undervegs i arbeidet fram mot nye plandokument og i den kommande høyringa av plandokumenta frå 1. juli 2020. Spørsmål som vi særleg ønskjer svar på i høyringa: Er miljøtilstanden og påverknadene rett omtalt? Finst det data hos sektormyndigheiter eller lokal/erfaringsbasert kunnskap som kan bidra til ei betre omtale? Er alle viktige interesser tekne omsyn til? Er det nokon viktige interesser som ikkje er omtalte? Har du eller organisasjonen din / bedrifta di / styresmakta di innspel til prioriteringar i det vidare planarbeidet? 5
2.1 Vassområdet vårt Søre Nordmøre er dominert av den moderat eksponerte Sunndals-/Tingvollfjorden og fjordane rundt Frei og Averøya. Indre del av fjorden er sterkt ferskvasspåverka både naturleg og etter overføringa av Aura og Toåa. Vassområdet har fleire beskytta kystvassområde i Averøy, Kristiansund og Tingvoll. Ferskvassregimet er dominert av Drivavassdraget i Sunndal og Oppdal som er regionen sitt største vassdrag. Nedbørfeltet er i stor grad høgareliggande opp til 2286 m.o.h. med innsjøar i fjellet. Følgjande kommunar ligg innanfor Søre Nordmøre vassområde: Averøy Kristiansund Tingvoll Gjemnes Sunndal Oppdal Eide I tillegg har delar av Nesset kommune mindre areal innanfor vassområdet. Type vannforekomst: Antall vannforekomster Av disse; Antall SMVF* Areal/lengde Elver og bekkefelt 187 9 4696,30km Grunnvann 18 0 69,54km 2 Innsjøer 67 10 75,74km 2 Kystvann 39 0 1327,89km 2 Antall totalt 311 19 Tabell 1: Vassførekomstar i vassområdet. Vassdraga og kystområda er delte inn i vassførekomstar. Talet på vassførekomstar er ikkje statisk og kan endrast undervegs etter kvart som kunnskapen om vassmiljøet blir endra/forbetra. Kjelde: Vann-Nett 18. september. * Sterkt modifiserte vassførekomstar. Drikkevatn Meir info om dette vil kome. 6
3. Miljøtilstanden i vassområdet korleis står det til med vatnet vårt? 3.1 Økologisk tilstand i overflatevatn i vassområdet Figur 1a: Oversikt over den økologiske tilstanden i overflatevatn i Søre Nordmøre vassområde. Kjelde: Vann-Nett 6. desember 2018. Figur 2 a: Fordeling i antal og prosent av tilstand per vasskategori i Søre Nordmøre vassområde. Kjelde: Vann-Nett 6. desember 2018. Figur 2b Fordeling areal og lengde vasskategori i Søre Nordmøre vassområde. Kjelde: Vann-Nett 6. desember 2018. 7
3.2 Sterkt modifiserte vassførekomstar (SMVF) i vassområdet Figur 1b: Oversikt over økologisk potensial i sterkt modifiserte vassførekomstar Søre Nordmøre vassområde. Kjelde: Vann-Nett 6. desember 2018. Figur 2c Fordeling i antal og prosent per vasskategori, Sterkt modifiserte vassførekomstar i Søre Nordmøre vassområde. Kjelde: Vann-Nett 6. desember 2018.. Figur 2d Fordeling areal og lengde sterkt modifiserte vassførekomstar i Søre Nordmøre vassområde. Kjelde: Vann-Nett 6. desember 2018. 8
3.3 Kjemisk tilstand og grunnvatn 3.4 Endringar i miljøtilstanden 4. Påverknader i vassområdet 4.1 Kva påverkar vassførekomstane i vassområdet vårt? Her viser vi dei ti største påverknadene for Søre Nordmøre vassområde 9
Figur 3: Oversikt over dei ti største påverknadsgruppene i Søre Nordmøre vassområde. Kjelde: Vann- Nett 6. desember 2018. Vassførekomstar kan ha fleire påverknader samtidig: Figur 8 Vassførekomstar med 0, 1, 2, 3 og 4 eller fleire påverknader i Søre Nordmøre vassområde. Kjelde: Vann-Nett 6. desember 2018. Sentrale påverknader i vassområdet Vasskraft: Vassområde er påverka av vassdragsregulering, mellom anna Gjevilvatnet, Ångardsvatna og Tovanta. Driva er og regulert, men det er ikkje forventa at dette vil være til hinder for å oppnå god økologisk tilstand. 10
Gyrodactylus salaris: Vassområdet er sterkt prege av denne parasitten i Drivaregionen, og slik vil det vere i mange år. Drivaregionen med vassdrag som Batnfjordselva, Usma og Driva vil ikkje oppnå god tilstand før laksebestandane er friskmeldt. Det er bygd fiskesperre i Driva, som må virke i nokre år og friskmelding vil ikkje skje før tidlegast 2027 2028 Miljøgifter: Mykje industri i området har medført utfordringar i fleire kystvassførekomstar. Sunndalsfjorden er sterkt forureina og er ein av 14 nasjonalt prioriterte vassførekomstar for opprydding. Rundt Kristiansund og Averøy er det og store utfordringar med miljøgifter. Dette er påverknadar som vil krevje store ressursar for å rydde opp. Det er heilt nødvendig med ei realsitstik tilnærming til miljømålfastsetting i desse vassførekomstane Landbruk: I heile vassområdet er det aktiv landbruk. Dei lågareliggande områda i heile vassregionen har innslag av landbruksverksemd. Påverknadane er størst i dei jordbruksintensive områda. Først og fremst om avrenning av næringssalta nitrogen og fosfor. Årsakene kan vere avrenning frå silopressaft, gjødselavrenning frå utette gjødsellagre, gjødsellagre med for liten kapasitet, overgjødsling og spreiing på ugunstige steder og tidspunkt. I Bergemsvatnet i Tingvoll har avrenning av næringsstoff frå forskjellige typar landbruksverksemd gjort at blågrønnalgar har etablert seg. Desse er giftige og legg begrensingar på bruken av vatnet både ovanfor landbruket (drikkevatn til dyr på beite) og friluftsliv. Avløp: Forureining frå avløp gjeld diffuse kjelder i form av spreidd avløp (private enkeltanlegg) som ikkje er knytt til avløpsnett, samt punktutslepp frå reinseanlegg og /eller større fellesanlegg for avløp. Mykje spreidd busetnad i heile vassområdet tilseier mange separate/private avløpsanlegg og mange plassar manglar vi oversikt over høva. Nokre stader går avløpet rett ut i vassdraga og sjøen, noko som igjen kan føre til auka grad av eutrofiering og gjengroing.. Det er satt fokus på interkommunalt samarbeid på spreidd avløp. Prioriterte utfordringar: I førre planperiode var avløp og miljøgifter priorterte påverknadsgrupper i vassområdet. Det er fortsatt behov for fokus på dette. Samstundes ser ein at andre påverknadar bør og komme inn i arbeidet. Ein ser at utfordringar knytt landbruk bør ha fokus. Her går det ofte an å få til enkle og lite kostnadskrevjande tiltak. Søre vassområde saknar i tillegg ei fokus på plast i havet. Det er ønskeleg at det blir satt fokus på dette i arbeidet med vassforskrifta framover. På bakgrunn av dette prioriterer vassområde dette som viktige utferdingar: Avløp Miljøgift Landbruk Plastforsøpling i hav 4.2 Samfunnsutvikling, klimaendringar og planlagd aktivitet og verksemd Framtidig aktivitet og verksemd kan komme til å påverke vassførekomstane, og det kan mellom anna få følgjer for kvar og når vi når miljømåla. Kva slags aktivitet og verksemd kjem til å påverke vassførekomstane i regionen vår framover? Kva slags utfordringar vil klimaendringar kunne få i vassområdet vårt? Dei aller største flaumane i Driva er sommarflaumar som følgje av kraftig regnvér, enkelte gongar kombinert med snøsmelting. Svært sjeldan førekjem store flaumar om vinteren. Meir enn 70 % av 11
Drivavassdraga er dekka av snaufjell. Driva er regulert, som kan redusere vassføringa i flaumsituasjonar. Klimaendringane vil i Møre og Romsdal særleg føre til behov for tilpassing med tanke på kraftig nedbør og auka problem med overvatn i vassområdet. Klimaendringane vil og føre til havnivåstiging, stormflo og skred. Ved handtering av overvatn er det anbefalt eit klimapåslag på flaumvassføring opptil 40%. Klimatilpassning vil kunne medføre auke inngrep i vassdraga våre, og kunne påverke økologien her. Vi kan derfor forvente ei auke påverknad frå flomforbygging og kanskje reguleringar, I vassområde er det forventa ein svak nedgang i befolkninga, med unntak av Kristiansund og Averøy. Som i resten av fylke ser vi ein regional sentralisering. Det er forventa at i de allereie folketette områdane vil utfordringane med inngrep, behov for overvasshandtering og avløp auke. Landbruk. I tillegg til at klimaendringar vil kunne medføre auke utvasking av næringsstoff frå landbruksareal, vil ein fortsatt driftseffektivisering av landbruket medføre utfordringar. Færre bønder som driv store areal medfører større press på den enkelte bonde på å drive raskt og effektivt. Dette kan bety at nærliggande areal får for mykje gjødsel, men andre areal ikkje får nok. Dårlegare vedlikehald av dyrka mark, behov for maskinell og effektiv drift og rundballelagring vil alle kunne medføre auka forureiningsbidrag frå landbruk. Figur 9 Forventa foketalsvekts i vassområde (Frå fyleksstatistikk 2018) 4.3 Endringar i påverknader og utviklingstrekk Kunnskapsgrunnlaget er ikkje tilstrekkeleg til å sjå endringar i påverknadar og utviklingstrekk frå 2016 i vassområdet. 5. Miljømål og unntak i vassregionen Miljømåla frå 2016 Vassforvaltingsplanane som vi jobbar etter no (2016 2021), blei vedtekne i vassregionane i 2015 og godkjende av departementa i 2016. 12
Miljømåla er viktige fordi dei skal beskytte vassdraga og kystvatnet mot å få ein dårlegare miljøtilstand. Dei skal og verke til at miljøtilstanden vert betre og retta opp att for å nå god økologisk og kjemisk tilstand. Vassforvaltingsplanane bidreg til felles innsats for å redusere forureining og andre negative påverknader på kystvatn, grunnvatn og vassdrag. Vassdrag med god miljøtilstand har lite forureining og er eigna for bading, som drikkevatn, for sportsfiske og andre gode naturopplevingar. Kystvatn med lite miljøgifter gir trygg sjømat og høve til å hauste av alt det gode havet har å by på, også i framtida. I vassområdet er det miljøgiftsproblematikken og gyrodactylus salaris som har medført at fleire vassforekomstar har fått utsatt frist for å nå miljømålet til 2027. Miljømål for naturlige vassforekomster i gjeldande vassforvaltningsplan: Figur fra Vann-Nett Portal, faktaark frå Søre Nordmøre vassområde 14.12.2018. Godt økologisk potensial for sterkt modifiserte vassforekomstar: Det er får SMVF med miljøforbetrande tiltak i vassområdet. 5.1 Endringar i miljømål og unntak Det er ikkje gjort endringar i miljømål og unntak sidan godkjenning a vgjeldande forvaltningsplan. Dette vil gjerast i neste forvaltningsplan. Viktige brukarinteresser i Søre Nordmøre vassområde I tillegg til hovudmålet om godt vassmiljø kan det vere tilfelle der viktige brukarinteresser tilseier strengare miljømål. I Søre Nordmøre vassområde gjeld det: Reiseliv: Området har ei satsing på naturbasert reiseliv. Ein viktig føresetnad er reine fjordar, vatn og vassdrag. Både landskapsbilde med vassdragsnaturen i sentrum, attraktivt fiske i vatn og elv, og områdar med særlig reiselevsatsing er viktige interesser som bør vektleggast i planarbeidet. Fiske: 13
Det er store interesser knytt til laksefiske i vassområdet og laksefiske i Driva har stort potensiale for verdiskapning når den er friskmeldt. Samtidig er fleire elvear i regionen lokalt viktige og bør vektleggast i planarbeidet. Sjøaure er attraktiv sportsfisk både i sjø og elv og vassområdet har ein unik sjøaurestamme i Driva. Skal målsettinga i vassforskrifta nås, må det takast omsyn til sjøaure i planarbeidet. Tilstanden for sjøauren er generelt dårleg i vassområdet. Brunaure er kanskje den sportsfisken som er mest tilgjengeleg og som dei fleste har fiske etter. Tilstanden for brunaure er stort sett god i vatn som ikkje er regulert. Her vil nok tiltak være ønskelig først og fremst for å få opp kvaliteten på fisken. Akvakultur: Akvakulturnæringa er svært viktig på Nordmøre og er avhengig av reine fjordar for å produsere. Å sikre at kystvatnet er i god nok tilstand til at vi kan produsere fisk er derfor viktig for vassområdet og regionen. Drikkevatn: Område som nyttast av drikkevatn kan få strengare krav. 6. Tiltak i vassområdet Figur 5: Tiltak fordelte på tiltaksansvarleg myndigheit basert på den regionale vassforvaltingsplanen for åra 2016 2021. Søre Nordmøre vassområde. Kjelde: Vann-Nett 6. desember 2018. Det er mange tiltak fordelt på Fylkesmannen i Møre og Romsdal og Miljødirektoratet i vassområdet. Dette er på grunn av større utfordringar knytt til industri (miljøgifter) og Gyrodactylus salaris, der Miljødirektoratet og Fylkesmannen er myndigheiter. Fordelinga viser og at det er behov for meir tiltak på kommunesektor. Fordelinga av grunnleggjande og supplerande tiltak i vassregionen ser slik ut: 14
Figur6: Fordeling av grunnleggjande og supplerande tiltak i Søre Nordmøre vassområde, basert på den regionale vassforvaltingsplanen for åra 2016 2021. Kjelde: Vann-Nett 14. desember 2018. Status for gjennomføring av tiltak Tabell 3: Oversikt som viser tiltaksgjennomføring i Søre Nordmøre vassområde. Kjelde. Vann-nett 14. desember 2018 15
Figur 7: Tiltaksgjennomføring per sektor i Søre Nordmøre vassområde. Kjelde: Vann-Nett 14. desember 2018. 16