Naturvegleiing i Jotunheimen sommarsesongen 2013

Like dokumenter
Naturvegleiing i Jotunheimen sommarsesongen 2014

Naturvegleiing i Jotunheimen sommarsesongen 2012

Besøksstrategi for Jotunheimen

Besøksstrategi Jotunheimen nasjonalpark - og pilotprosjekt om besøksforvaltning knytt til Miljødirektoratet sitt arbeid med merkevarestrategi

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Nasjonalparksenter for Jotunheimen og Reinheimen

Besøksstrategi Jotunheimen nasjonalpark - og pilotprosjekt om besøksforvaltning knytt til Miljødirektoratet sitt arbeid med merkevarestrategi

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Til deg som bur i fosterheim år

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Juvet Landskapshotell

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Tilskot til friluftsliv

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

EVALUERINGSRAPPORT FRAMTIDSFYLKET KARRIEREMESSER 2015

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

KULTURBÅTEN M/S NYBAKK BLIR AMBASSADØR FOR GULATINGET TUSENÅRSSTADEN FOR SOGN OG FJORDANE

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Bli verande eller reise vidare? avgjerande faktorar når høgt utdanna vel å bu og arbeide i distrikta

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Teknikk og konsentrasjon viktigast

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

NOREG KAPITTEL 15 1 TANKEKART. Cappelen Damm AS NORSK START 8 10 / KAPITTELPRØVE 15 / 1

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Lønnsame næringar. Presentasjon av Folgefonni Breførarlag AS ved daglegleiar Åsmund Bakke

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Viser til søknad av Nasjonalparkstyret har behandla saka i møte , og har gjort slik

Møteprotokoll. Nasjonalparkstyret for Jotunheimen og Utladalen. Følgjande faste medlemmer møtte: Namn Funksjon Representerer

IKT-kompetanse for øvingsskular


Analyser setningane under. Det betyr at du skal finne subjekt og verbal. Sjå eksempelet:

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Styremøte i Helse Finnmark HF Dato. 1. desember Møtedato: 8. desember Saksbehandlar: HMS-rådgjevar Andreas Ertesvåg.

Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Marka kraftverk i Førde kommune.

Nasjonalparken vart oppretta i 1980, og ligg i Lom, Luster, Vågå, Vang og Årdal kommunar, mot grensa mellom Oppland og Sogn og Fjordane Utladalen

«Ny Giv» med gjetarhund

Møteinnkalling. Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re - AU Møtesta d: Telefonmøte Dato: Tidspunkt : 10:00

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

Brukarrettleiing E-post lesar

Erfaringar frå arbeidet med forvaltingsplan for Reinheimen

Jæren Distriktspsykiatriske Senter Korleis kan ein unngå å bli utmatta? om å ta vare på seg sjølv

Nasjonalpark FESTIVALEN. i Skjåk PROGRAM

Møteprotokoll. Nasjonalparkstyret for Jotunheimen og Utladalen

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

Virksomhetsplan for år 2016 BESØKSSENTER FOLGEFONNA NASJONALPARK

Saksgang Møtedato Saksnr Kultur- og oppvekstutvalet /12 Bystyret /12

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik

Lag, organisasjonar og frivilligsentralar si rolle i folkehelsearbeidet. Hjelmeland frivilligsentral


FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

Rapport konferanse og tilhørande studietur til Hamamatsu, Japan

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Møteinnkalling. Nasjonalparkstyret for Jotunheimen og Utladalen

Bitraf Resultatregnskap0per

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

NASJONALPARKSTYRET FOR JOTUNHEIMEN OG UTLADALEN NASJONALPARKSTYRET FOR JOTUNHEIMEN OG UTLADALEN - MEDLEMMER TIL FAGLEG RÅDGJEVANDE UTVAL

Marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto

Informasjon til elevane

Statusrapportering for reiselivsnæringa i Møre og Romsdal - heile 2016

Med god informasjon i bagasjen

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

Støtteordningar og søknader

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Pilegrimsvandring 2014 Lillehammer Trondheim. Odd Inge Vistad NINA - Avdeling for naturbruk

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage)

Transkript:

Naturvegleiing i Jotunheimen sommarsesongen 2013

Innhald 1. Arbeidstid... 3 2. Publikumskontakt. 3 3. Innleiing.. 3 4. Gjennomført naturvegleiing sommarsesongen 2013. 4 4.1 Møte med folk ute i arbeidsområdet.. 4 4.1.1 Rutene i dalane mellom hyttene 4.1.2 Høgfjells- og toppturar 4.1.3 I nærområdet og på turisthyttene 4.1.4 Andre innfallsportar og båtane på Gjende og Bygdin 4.2 Quiz og foredrag på kveldstid på turisthyttene 8 4.3 Naturvegleiing i samband med opplegg på hyttene 10 4.3.1 Sommaropning på Gjendebu 29.juni 2013 4.3.2 Deltaking under Familiecamp på Glitterheim 15.-16.juli 2013 4.4 Andre erfaringar verdt å nemne.. 11 5.Oppsummering og vidareføring.. 12 2

Naturvegleiing i Jotunheimen sommaren 2013 Ingvild Øyjordet. I perioden 22.juni 11.august 2013. Geografisk arbeidsområde: verneområda i Jotunheimen. Samandrag av feltdagbok for utførte oppdrag: 1. Arbeidstid Totalt: Naturveiledning: 234,5 timeverk Reise/ klargjering: 56,5 timeverk Kontor 26 timeverk Totalt utførte timeverk 317 timeverk 2. Publikumskontakt Totalt Vegleiing ute i felt, arrangement ute Foredrag turisthytter ca. tal norske ca. tal svenske og danske ca. tal tyskarar og hollendarar ca. tal andre nasjonar Sum 1820 1575 245 1615 67 54 84 3. Innleiing I omtale av naturvegleiing frå direktoratet sine nettsider kjem det fram at; «Naturveiledning er formidling av kunnskap om naturen og dens sammenhenger, i den hensikt å styrke innsikt, respekt, engasjement og omsorg for natur- og kulturmiljøet.» Frå Statens Naturoppsyn sine sider (SNO 2013) går det fram at målsetjinga for naturvegleiing er å: gje kunnskap om naturmangfold og økosystemtenester auke interessa for friluftsliv og inspirere til ein sunn og berekraftig livsstil vise samanhengar mellom menneske og natur, og styrke forståinga for bruk og vern av natur drive haldingsskapande arbeid samarbeide med ulike aktørar i lokalsamfunnet samarbeide med etatane under Miljøverndepartementet, Miljødirektoratet, Riksantikvaren, Statens Kartverk og Polarinstituttet. Hovudmålsetjing for naturvegleiing i Jotunheimen - gje besøkjande innsikt i, forståing for og kunnskap om natur- og kulturarven i Jotunheimen. Naturvegleiinga i Jotunheimen har hatt fokus på formidling av føljande fem emne: - Lokal natur- og kulturhistorie (fangsttradisjonar, seterkulturen m.m.). - Flora og fauna. - Geologiske prosessar som har forma landskapet. - Verneformål for nasjonalparken og tilhøyrande landskapsvernområde. - Klimaendringar og korleis dette påverkar plante- og dyrelivet. 3

Denne rapporten summerer opp erfaringar frå sesongen 2013 med forslag til vidareføring av naturvegleiing i Jotunheimen. 4. Gjennomført naturvegleiing sommarsesongen 2013. Mitt hovudfokus for sesongen 2013 har vore naturvegleiing ute i arbeidsområdet med vektleggjing på møte med folk langs vandrerutene, samt opplegg med foredrag og quiz på kveldstid på turisthyttene. 4.1 Møte med folk ute i arbeidsområdet. Hovuddelen av naturvegleiingsarbeidet i Jotunheimen har gått føre seg som tilfeldige møte ute i felt. Verneområda i Jotunheimen, som inneber Jotunheimen nasjonalpark og Utladalen Landskapsvernområde, har eit totalareal på 1465 km 2. Store delar av arbeidsområdet har vorte dekt; frå dei vanlege vandrarrutene i dalane mellom turisthyttene til dei mest populære høgfjells- og toppturane. I år har fokuset på områda som trekkjer mest folk i større grad vorte vektlagt enn i fjor, hovudsakleg Galdhøpiggen og Besseggen. I tillegg har turisthyttene og andre innfallsportar til Jotunheimen, samt turistbåtane vore viktige arenaer i møte med folk. Generelt er erfaringa med å møte folk «aktivt» ute i fjellet god. Det er lett å koma i dialog med folk og dei fleste viser stor interesse for Jotunheimen med ønskje om å lære meir. På turar som Besseggen og Galdhøpiggen når ein mykje folk på kort tid og får på den måten synleggjort SNO og naturvegleiing. Erfaringane er gode med deltaking på turar til Galdhøpiggen frå Juvasshytta der fleire hundre turvandrarar er med. Formidling av natur og vegleiing kan vera like så bra i møte med færre folk der ein fører ein lengre samtale eller følgjer desse over ei tid. Opplegg på hyttene på kveldstid sørgjer for formidling av mykje kunnskap til fleire deltakarar på kort tid. Vidare følgjer erfaringar gjort ved dei ulike arenaene i løpet av sommarsesongen. 4.1.1 Rutene i dalane mellom hyttene. Tur frå hytte til hytte er populært i Jotunheimen og naturvegleiing i møte med folk langs desse rutene er derfor høgaktuelt. Vegleiing i nærkontakt med naturverdiane Jotunheimen har å by på opnar for større innsikt og oppleving. I kontakt med folk blir spørsmål brukt som verkemiddel; har vandraren sett noko interessant på turen? Har han vore i Jotunheimen før? Dersom ja, kvar og kva fører han attende? Dersom ikkje, har han vore i andre naturområde, innanlands eller utanlands? Korleis er desse samanlikna med Jotunheimen? Har du sett reinsdyr på vegen? Visste du at? Vegleiinga tilpassast kvar enkelt møte og gjennom ein naturleg samtale får ein fletta inn både flora, fauna, geologi, kulturhistorie som kjenneteiknar det spesifikke området. Både nordmenn og utlendingar går langs dei merka rutene. Dei fleste bur på hyttene, men ein del ligg i telt. Inntrykket er at utlendingar i større grad nyttar seg av telt enn nordmenn. Andelen utlendingar som vandrar i dalane synast å vera større enn på dei utprega toppturane; ein møter fleire nordmenn enn utlendingar på dei utprega høgfjells- og toppturane. Andre erfaringar i møte med folk ute langs vandrarrutene; tyskarar er godt representert, der fleire har besøkt Jotunheimen tidlegare år. Nederlendarar er også godt representert. Elles er møte med svenskar og danskar av fleirtal. Mange svenskar ytrar at det er kortare køyreavstand til Jotunheimen som fjellområdet i Sverige og at området er meir spektakulært. I tillegg er området meir tilgjengeleg og tilrettelagt i forhold til betente turisthytter; i Sverige er anmarsjen frå bilveg til sjølve fjellområdet lang og hyttene er i større grad sjølvbetente. Fleire danskar ytrar at dei starta med skiferie i Noreg, men at også fjellferie i Jotunheimen frista. Folk frå Sveits, Frankrike, Austerrike, Polen, Tsjekkia, Australia, USA, Asia utgjer ein mindre del av 4

tilfeldige møte. Ein typisk tur for mange er fem til seks dagars rundtur med start frå Gjendesheim der dei er innom Glitterheim, Spiterstulen og Gjendebu og legg inn tur til Galdhøpiggen og/eller Glittertinden samt Besseggen og Bukkelægret. Vestover går mange mellom Leirvassbu, Olavsbu, Skogadalsbøen og Sognefjellshytta der Fannaråken er eit populært mål. Det gode nettverket av turisthytter mogleggjer ein rekkje ulike kombinasjonar. l Utladalen Naturhus, Vettisfossen, Sognefjellet og ruta mellom Leirvassbu og Spiterstulen er nokre av mange arenaer for naturvegleiing ute i Jotunheimen. 4.1.2 Høgfjells- og toppturar Populære høgfjells- og toppturar som Galdhøpiggen, Glittertinden, Besseggen, Bukkelægret og Kyrkja trekkjer mykje folk og er derfor naturlege turar for naturvegleiing. Folk tek turane som dagstur eller som ein del av eit lengre opphald i Jotunheimen. Fleire besøkjande går alle dei fire fyrstenemnde turane i kombinasjon med vandring mellom hyttene, ofte med Gjendesheim som startstad. Galdhøpiggen og Besseggen som dei mest besøkte trekkjer folk frå heile verda og av erfaring møter ein både godt vante og mindre turvante vandrarar på desse rutene. 5

I sommarsesongen 2013 har naturvegleiing på turar til Galdhøpiggen frå Juvasshytta gjeve gode erfaringar og derfor vorte repetert. Ofte deltek fleire hundre turvandrarar på desse turane som har faste starttidspunkt kvar dag i sommarsesongen. Etter at breførarane har informert om turen har eg teke ordet, presentert meg og informert generelt om Jotunheimen nasjonalpark. Vidare har turfolket vorte utfordra til å sjå etter issoleia på turen inn til brekanten. Her har vi teke ei oppsummering og deltakarane har fått ei ny oppgåve; å sjå etter snøspurven som held til på toppen av Galdhøpiggen heile sommaren og som er utruleg glad i folk. Dialog med folk i løpet av heile turen har gjeve ekstra påfyll. Andre variantar har vore å utfordre turfolket til å sjå etter noko dei tykkjer er interessant på turen for så å ta ei felles oppsummering. Ved å bidra med naturvegleiing på denne turen når ein ut med naturkunnskap til mange på kort tid. Ofte er det ikkje så mykje som skal til for å berike turopplevinga der og da, og utfordringane på turen vil også gjera folk meir oppmerksame på andre spennande naturelement dei har rundt seg på same turen og framtidige turar. Ruta til Galdhøpiggen frå Spiterstulen har også vorte dekt fleire gongar i løpet av sommaren, mellom anna under integreringsarrangementet Til Topps i slutten av juni. Lang, lang rekkje på tur til Galdhøpiggen frå Juvasshytta. På tur over Styggebrean. Galdhøpiggen 2469moh t.v., Vesle Galdhøpiggen 2369moh t.h. Naturvegleiing i piggeura på tur til Galdhøpiggen. 6

Mange fekkt oppleve Noregs tak i finvêr sommaren 2013. Omtrent 40 000 mennesker går Besseggen kvar sommarsesong. Glittertinden 2465moh var godt besøkt den fyrste verkelege finvêrsdagen i juli. Fjellsmelle og raudberg på Kyrkja legg til rette for naturvegleiing på staden. 7

4.1.3 I nærområdet og på turisthyttene Turisthyttene er naturlege utgangspunkt og innfallsportar til verneområda i Jotunheimen. Hyttene og nærområdet samlar mykje folk, anten dei er på vandring i området eller tek dagsturar. Naturvegleiing ved hyttene kan synleggjere naturverdiane i området og her vil ein kunne nå eit større spekter av besøkjande; frå bilturistar til den typiske fjellvandraren. Kontakt med folk på hyttene på kveldstid, anten gjennom opplegg som quiz og foredrag eller dialog, er gode møter som berikar føregåande eller komande vandringar eller utflukter i Jotunheimen. 4.1.4 Andre innfallsportar og båtane på Gjende og Bygdin Møte med folk på båtane på Gjende og Bygdin gjev gode moglegheiter for vegleiing anten folk er på tur inn i eller ut av Jotunheimen. Folk viser interesse og har ofte spørsmål til turen dei har framfor seg eller har opplevd. Formidling av naturverdiane ved Gjende når ein befinn seg i akkurat dette området i løpet av båtturen gjev moglegheit for innleving. 4.2 Quiz og foredrag på kveldstid på turisthyttene Etter gode erfaringar frå sommarsesongen 2012 vart formidlingskveldar på turisthyttene med ljosbileteforedrag vidareført sommaren 2013. Nytt av året var Jotunheimen-QUIZ! Quizen dekkjer fokusemna for naturvegleiing i Jotunheimen; flora, fauna, geologi, kultur- og naturhistorie, samt fjellvandring i dag. Folk som deltek på slike kveldar har ulik erfaring med Jotunheimen og natur generelt; folk er i området for fyrste gong eller har lite kunnskap om natur, andre har lang erfaring frå Jotunheimen eller er generelt interessert i naturkunnskap. Nesten alle spørsmåla, 25 i talet, har derfor svaralternativ. Kvart spørsmål har også ein eller fleire introduserande setningar med fakta. Målet med det heile er at folk skal lære noko nytt! For at deltakarane skal ha eit grunnlag for å svare på spørsmåla har opplegget starta med ein halvtimes introduksjon med bileteframsyning og informasjon om verdiane i Jotunheimen. Attendemeldingar tyder på at introen har noko for seg; folk har gjeve uttrykk for at dei snappa opp fleire svar i løpet av denne. Introen vart laga generell med innslag frå heile området for å kunne brukast på alle hyttene. Premie vanka til laget med høgast poengsum, generelt var nivået høgt blant laga. Opplegget vart annonsert for gjestane i samband med middagsserveringa. I byrjinga av sommarsesongen vart det heldt foredrag på Gjendesheim, Gjendebu og Leirvassbu. Quiz vart gjennomført på Spiterstulen, Glitterheim, Gjendesheim, Memurubu og Leirvassbu. Oppslutninga var bra og opplegget bør vidareførast til neste sommar! Jotunheimen-QUIZ slo an. Erfaringane og attendemeldingane frå opplegget med quiz er gode; folk er utruleg interesserte. Inntrykket er at opplegget med quiz skapar engasjement blant folk. Turfølgje dannar lag og blir utfordra til å lage team-namn, og kunnskap blir erverva gjennom samarbeid og på ein underhaldande måte. Opplegget møter hovudmålsettinga for naturvegleiing i Jotunheimen på ein god måte og er eit fint supplment til formidling ute i naturen. Spørsmål og bilete set i gang 8

tankane til folk; anten om dei memorerar noko dei allereie har sett eller tek med seg når dei legg i veg på tur neste dag. Formidling av enkel artskunnskap vil kunne auke naturopplevinga hjå folk. Berre å kunne knyte eit namn til ein blome, og kanskje kunne plassere akkurat denne blomen til levestad, gjev noko ekstra til det visuelle. Lokal kulturhistorie med fangsttradisjon på reinsdyr i spissen er kunnskap den generelle lyttaren finn spennande og nytt. Informasjon om verneområda i Jotunheimen og bevisstgjering om tiltak og tilrettelegging for å imøtekome både vern og bruk er viktig. Folk nikkar i prat om stigtilretteleggingsprosjekta og kjenner att tiltaka frå sine turar. Etter foredraga fortset dialogen der folk fortel om eigne opplevingar og stiller spørsmål. Kanskje lurar dei på ein blome eller ein formasjon i landskapet dei har sett? Ofte har folk også praktiske spørsmål i forhold til turmål, tips m.m. Fordi responsen på tilbodet om botanisk vandring langs Gjende frå i fjor var fråværande vart ikkje dette vidareført i 2013. Utpå sommaren viste det se derimot at tilbodet var annonsert via DNT Gudbrandsdalen. Etter interesse vart det derfor gjennomført vandring langs blomsterstigen ein fredag i juli. Tre gudbrandsdølar møtte opp. Trass i labert oppmøte fekk vi ein fin tur med mange botaniske innslag slik vi veit Gjendeområdet kan by på. For å få prioritert opplegg på kveldstid også på andre og fleire turisthytter vart ikkje opplegg på Gjendesheim kvar torsdag vidareført. Erfaringane tilseier at dei som deltek uansett er gjestar som får annonsert foredrag på hytta same kveld. Slikt sett er det like hensiktsmessig å avtale opplegg med hytta nærare i forhold til turisttrafikken. Samanlika med dei andre turisthyttene er deltakinga minst på Gjendesheim. Som i fjor er inntrykket at gjestane er meir «spreidd» på Gjendesheim etter middagstid. Vandring langs blomsterstigen ved Gjende. 9

4.3 Naturvegleiing i samband med opplegg ved hyttene 4.3.1 Sommaropning på Gjendebu 29.juni 2013 I samband med sommaropning 2013 deltok SNO Jotunheimen ved Gjendebu Turisthytte. Opplegget inneheldt kokegrop, kinning av smør, spikking av smørkniv, kornkaker, fisking samt flora i nærområdet. Ca. ti fiskestenger lånt frå Vågå Fjellstyre var med. Vêret var ikkje heilt på vår side, men folk som deltok såg ut til å vera tilfredse. På kveldstid vart det heldt eit foredrag om Jotunheimen i peisstugu med god oppslutning. Stort engasjement rundt kornkakebaking, kinning av smør og fisking frå brygga under opplegg på Gjendebu. 4.3.2 Deltaking under Familiecamp på Glitterheim 15.-16.juli 2013 Familiecamp vart arrangert på Glitterheim tredje veka i juli for ungar opp til sju år med føresette. Som naturvegleiiar bidrog eg på to av dagane med naturkunnskap som supplement til aktivitetane. Fyrste dag sto kanopadling og klatring på programmet. Nærområdet rundt Glitterheim er ein ideell arena for naturvegleiing! Spesielt fengande vart lav. Utgangspunktet var ein stein nede ved vatnet med kartlav på. Vi fann også fleire lavartar og ungane viste stor interesse. Eg trur eg har funne ein ny lav, Ingvild! Å leggje seg ned for å kjenne nellikduften av fjellsmelle vart også svært populært. På veg mot klatreveggen fann vi issoleie og andre interessante vekster. På kveldstid vart det quiz for føresette og andre gjestar på Glitterheim. Dag to sto naturstig på programmet. Ved reinsdyrgrava vart det fortalt om rein og fangst, og ungane var travelt opptekne med å spele rein. Naturstigen enda ved Steinbuvatnet med bål og niste. Vêret var i det striaste laget for fisking, utan at det dempa stemniniga; små som store såg ut til å storkose seg med ny naturkunnskap. Bidrag med naturvegleiing under opplegg som familiecamp gav gode erfaringar og er ein fin måte å nå den yngre garde på. 10

Duften frå fjellsmelle, reinsdyr og fangstanlegg og lav var interessante innslag under opplegget i Glitterheim. 4.4 Andre erfaringar verdt å nemne - eit sett med omtrent ti fiskestenger vart lånt frå Vågå Fjellstyre for bruk i naturvegleiingsarbeidet sommaren 2013. Arrangering av eigne fiskedagar krev ein del marknadsføring og erfaringar tilseier at folk generelt har planlagt ferien før dei kjem til fjellheimen. Å vera tilstades ved turisthyttene med tilbod om og oppfølgjing under fiske samt bruk under opplegg i samarbeid med hyttene er aktuelt. Fiskestengene vart brukt under opplegg ved Gjendebu og i samband med naturvegleiing ved Leirvassbu. Folk viste interesse og fleire freista fisken. Elles er inntrykket positivt av å gå med fiskestong på sekken under naturvegleiinga ute i løypa. På den måten blir fisk i Jotunheimen eit naturleg samtaleemne. - reinsdyr har vorte observert i området Spiterstulen/Galdhøpiggen stort sett heile sommaren og skapar eit godt utgangspunkt for formidling. - tilrettelegging av stigar i brukssonene i nasjonalparken får gode attendemeldingar frå brukarane og er eit naturleg emne å nemne i samband med quiz-kveldar. Jotunheimen byr på storstilt natur; her frå Sognefjellet med utsyn mot Hurrungane. 11

5 Oppsummering og vidareføring. Hovudmålsettjng for naturveiledning i Jotunheimen - gje besøkande innsikt i, forståing for og kunnskap om natur- og kulturarven i Jotunheimen. Tilfeldige møte langs vandrarrutene er framleis viktigaste verktøy for å nå målsetjinga for naturvegleiing i Jotunheimen. I løpet av sesongen er store delar av rutenettet i Jotunheimen vorte gått. Møte med besøkjande ute i felt gjev rom for områdespesifikk naturvegleiing. Ved at heile arbeidsområdet dekt, frå aust til vest, nord til sør og lågt til høgt, når ein ulike målgrupper for vegleiinga. Quiz og foredrag på turisthyttene på kveldstid er viktige supplement til dei tilfeldige møta. Her når ein eit større publikum med mykje naturkunnskap på relativt kort tid. Gode attendemeldingar og erfaringar frå desse opplegga gjer sitt til at dette bør vidareførast. Turar til Galdhøpiggen frå Juvasshytta er ein hot spot og ideell arena for naturvegleiing og vil bli prioritert også neste sommar. Godt samarbeid med turisthyttene er viktig då desse er sentrale samlingspunkt for aktuell målgruppe i naturvegleiingsarbeidet. Deltaking ved prioriterte årlege arrangement i Jotunheimen bør vidareførast. Erfaringar gjort i sommar seier at bidrag med naturvegleiing i samband med opplegg turisthyttene sjølv arrangerer er vel så vellukka som opplegg vi sjølve arrangerer. Spesielt er slike bidrag optimalt for å nå ungar som er for små til å gå dagsturar sjølve. Arrangerte fisketurar vart nemnd i evalueringa av naturvegleiinga i fjor som eit felt med potensiale. Lom Fjellstyre har ein årleg familiefiskedag i juni; kanskje kan vi bidra her? Stjernesildre, musøyra i ein hestesko omkransa av kartlav, fjellkvann invadert av veps, flekkmarihand, fjellsmelle; nokre av Jotunheimens mange verdiar. 12

Naturvegleiing kan bidra til å gjera folk som ferdast i Jotunheimen meir oppmerksame på naturen dei har kring seg. Naturglede i tillegg til turglede vil auke opplevinga som heilskap. Naturopplevingar gjev livskvalitet. Naturvegleiing i Jotunheimen skal gje besøkjande innsikt i, forståing for og kunnskap om natur- og kulturarven i Jotunheimen. At folk generelt har innsikt og kunnskap om natur er viktig også i eit langtidssperspektiv, og naturvegleiing bør vidareførast. Eng av issoleie med tindar bak. August 2013, Ingvild Øyjordet. 13