Mægta menn. Sosiale nettverk og uformell maktutøving i norske bygdesamfunn på 1700-talet



Like dokumenter
Til deg som bur i fosterheim år

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Minnebok. Minnebok NYNORSK


Jon Fosse. For seint. Libretto

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Norsk Bremuseum sine klimanøtter

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Rumenske og norske studentars bruk av bibliotek og ressursar.

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

Da psbrosjyre ver nov :03:33

Psykolog Elin Hordvik Senter for Krisepsykologi, Bergen

Ordning for dåp Storsamling Nærbø

/

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

20/2010 EMBETSMENN, BØNDER OG FADDERSKAP I HOSANGER SOKN NOTAT. Atle Døssland

6. trinn. Veke 24 Navn:

Rettleiing for revisor sin særattestasjon

Habilitetsavgjerder for tilsette, styremedlemmer og andre som utfører arbeid eller tenester for KORO. Gjeld frå 1. januar 2015

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013.

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid


Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Sakshandsamar: Arkiv: ArkivsakID Willy Andre Gjesdal FE - 223, FA - C00 14/1418

LOV nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1

12/2011 NOTAT. Hallgerd Conradi og Kåre Heggen

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Informasjon til elevane

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

mmm...med SMAK på timeplanen

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Å studere patron-klient-forhold i norsk 1700-talshistorie

FOLKEMEDISIN. 1. Kan De seie at innstillinga til sjukdom og synet på det å vere hardfør har skiftet i manns minne?

Kompetansearbeidsplassar i Hordaland

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette?

Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande


Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp

FANTASTISK FORTELJING

Den nye seksjon for applikasjonar

Den europeiske samfunnsundersøkelsen - hvordan lever vi i Norge og andre land i Europa?

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 2

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Fra Forskrift til Opplæringslova:

Frå novelle til teikneserie

Refleksjon og skriving

Brødsbrytelsen - Nattverden

Problemet «den nyaste tids busetnadshistorie»

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

RANDA Slekt- henta frå Gaularsoga bygdebok for Sande (side )

Elevundersøkinga 2016

Vidar Kristensen Illustrert av Lars Tothammer. leseser ie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet

Opplæring i kinesisk språk (mandarin) i den vidaregåande skulen i Hordaland

BARNEVERNET. Til beste for barnet

APOSTELGJERNINGANE Av Linn og Jonas

Med god informasjon i bagasjen

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

FLYTTING TIL OG FRÅ BYKLE

Vil forbetre diagnostiseringa av tuberkulose

Brukarrettleiing E-post lesar

Transkript:

Mægta menn. Sosiale nettverk og uformell maktutøving i norske bygdesamfunn på 1700-talet På leit etter nettverk i bondesamfunnet Innlegg på Norske historiedagar i Bergen 19.6.09 Av Atle Døssland Innanfor sjølve bondesamfunnet eksiserte det i høg grad sosiale og økonomiske nettverk. Innanfor desse var nokre personar viktigare enn andre. Ofte kan vi nok også definere dette som patron klient relasjonar. I skriftet Saa Maata frå 1723 skildrar den anonyme forfattaren ymse sider ved skikk og bruk og levekår mellom innbyggarane på Osterøy nær Bergen. 1 Mellom dei elles så nøysame bøndene var det nokre som skilde seg ut ved å kle seg i sølv og stas i gjestebod og kyrkje. I bryllaup var dei mykje meir rause enn andre med pengegåver. Til gjengjeld fekk dei ekstra ære ved å sitte nærast brurefolket ved bordet. Karane fekk etterpå danse med brura i rekkefølgje etter som dei var mægta til. 2 Saa det gaaer ligedan til blant Bønder som andre Folk, at den Fattige altid maa vige for den Riige, heiter det i eit anna noko yngre anonymt skrift. 3 Truleg var det den same gruppa mægta menn som fekk viktige lokalombod som lagrettemenn, medlemer i skule- og fattigkommisjon, eller jamvel som lensmenn. 4 I samband med den marknadsretta delen av bondeøkonomien høyrer vi også om forhold som kan minne om, eller førte fram til patron-klient-tilhøve. Nokre småbønder hadde vondt for å greie seg gjennom vårknipa og måtte ha hjelp av meir velståande grannar. Desse grannane hadde fartøy store nok til å føre ei større mengde varer til byen om hausten. Som betaling overlet difor småbonden då det vesle han hadde av salsvarer til storbonden som så inkluderte dette i si eiga last av byvarer. 5 Vi kan spørje om slike relasjonar lettast oppstod der den marknadsretta delen av bondeøkonomien var mest omfattande. Mogelege mægta menn kan vi nok eit stykke på veg spore rett og slett ved å leite fram velstandsfolk i bygda. Truleg kan mengd av overskotsgjenstandar ved arveskifte fortelje ein 1 Trykt med kommentarar av Brynjulv Alver i: Frå Fjon til Fusa 1972: 7 60. 2 Saa Maata: 22, 24. og 26. 3 Anmærkninger over Norhordlehns skikke. Trykt i Nordhordland og Midthordland. Sogelaget sitt aarsskrift III 1920 : 9. Skriftet er truleg frå ca 1750. 4 Døssland, Atle 1998. Strilesoga bd 3 Frå 1650 1800: 94 96. 5 Døssland 1998: 15. 1

god del om dette. I Nordhordland var framfor alt sølv eit slikt velstandssymbol på 1700-talet. I eit tilfeldig utval bondeskifte 1756 60 låg midtpunktet om vi rangerer skifta etter sølvverdiar (medianen) på kring 10 dalar, medan ei lita gruppe, knapt 10 prosent, hadde over 40 dalar i sølvverdiar, nokre få av desse jamvel over 100 dalar. Tabell 1: Fordeling av sølvverdiar i skifte i Nordhordland 1756 60 Sølvverdi i riksdalar Tal skifte Prosent 0 9 108 46,8 10 19 54 23,4 20 39 47 20,3 40 59 13 5,6 60 124 9 3,9 Til saman 231 100,0 Ein annan interessant indikator kan vere dei svært ulike storleikane på gravferdsutgifter. For nokre var det viktigare enn for andre å slå stort på ved gjestebod. I 1756 60 førte den store tyngda av dei bøndene som gav opp gravferdsutgifter (dvs i 70 prosent av skifta), summar mellom 5 og 15 dalar. (Medianen var ca 11 dalar). Men ein elite på 8 prosent opererte med summar frå 20 til 45 dalar. 6 Det er såleis lett nok å konstatere at det fanst ein økonomisk elite innanfor bondesamfunnet. Bønder imellom er det likevel på sin plass å tenkje seg to hovudtypar nettverk: sosiale og økonomiske. Det er ikkje sikkert at dei same personane dominerte i begge desse typane nettverk. Men det kan vere verre å finne kjeldegrunnlag for å analysere dette systematisk. Spørsmålet er kva typar lett tilgjengelege kjelder vi kan bruke som utgangspunkt for å kaste lys over dette. Eg vil her komme inn på to typar kjelder som ein nok ikkje kjem utanom. For det første vil det her dreie seg om kor vidt kyrkebøker (eventuelt kombinert med folketeljingar og fyldige gards- og slektshistorier) kan brukast til å kartlegge sosiale nettverk. Dei kan sjølvsagt fortelje om slektskap. I tillegg er fadrar ved barnedåpar lette å registrere. Det same gjeld forlovarar ved ektevigsler. Er nokre i bygdesamfunnet brukt hyppigare enn andre? 6 Begge delar rekna ut etter registreringar i skifte i samband med Strilesoge-arbeidet. 15 prosent førte ikkje opp gravferdsutgifter og dei er ikkje medrekna her. 2

For det andre vil eg komme inn på om også skifta kan brukast til å kartlegge sosiale band. Her står jo sjølve familien fram, men også verjer for kvinner og andre umyndige er opplista. Likevel er det meir nærliggande å tenkje på økonomiske band når skifta skal brukast. Uteståande krav og gjeldspostane vert viktige, ved sida av det slikt som formue og overskotsgjenstandar indirekte kan vitne om. Eksempelet Hosanger i kyrkjebøkene Når det gjeld kyrkjebøker har eg gjort ein liten pilotstudie frå Hosanger hovudsokn som omfatta delar av dagens Osterøy kommune og delar av dagens Lindås kommune, nær Bergen. I soknet var det 1118 innbyggarar i 1769 og 720 av desse var over 16 år. 7 (Området er elles valt dels på grunn av høveleg storleik, men også på grunn av ryddig kyrkebokføring. 8 ) Eg har registrert alle barnedåpar og alle ektevigsler i femåret 1750 54, dvs 169 barnedåpar og 49 ektevigsler. I desse opptrer minst 473 ulike personar som fadrar eller forlovarar, altså ein temmeleg stor del av den vaksne befolkninga. Av desse er 193 kvinner og 280 menn. Det var nemleg vesentleg større sjanse for at menn fekk desse rollene enn kvinnene. Med svært få unnatak var det ført opp tre mannlege og to kvinnelege fadrar, medan berre menn var forlovarar. Dette inneber at vi må behandle kjønna ulikt ved statistiske analyse. Når eg understrekar minst har dette å gjere med nokså omfattande samanfall av førenamn og gardsnamn. Det kan vere fleire med namn som Brita Rossland eller Ole Mjøs. Eit førebels inntrykk, i alle fall når det gjeld fadrar, er at ein vanlegvis brukte dei næraste grannane (innanfor grannelaget) til fadrar. I kva grad det også var slektskapsrelasjonar i høve til dåpsbarn og foreldre, har eg endå ikkje hatt høve til å undersøke. Kondisjonerte personar finst så å seie ikkje ved barnedåpane til bøndene. Derimot får nokre bønder æra av å vere fadrar hos kondisjonerte eller halvkondisjonerte (dvs hos presten og klokkaren, men ikkje hos offiserane). Denne gruppa av bønder er sjølvsagt ekstra spanande å kartlegge nærare. Men innanfor grannelaget er ikkje alle likestilte. Nokre få personar skil seg ut ved å vere hyppigare brukt som fadrar eller forlovarar enn andre. I alt registerer vi 51 personar som er anten fadrar eller forlovarar minst 5 gonger desse åra. Av desse er 39 menn. Ein person har 7 NOS. Norges første folketelling 1769. 8 Eg har her brukt dei skanna kyrkjebøkene som er lagt ut i på netter av Digitalarkivet. Registreringane mine har eg lagt inn i XL-rekneark og analysert ut frå dette. 3

denne rolla 11 gonger og ein 10. (Med eit atterhald om at det av og til kan vere fleire personar med samanfallande namn.) Desse synest å ha vore viktige personar innanfor det sosiale nettverket. Ved nærare undersøking viser det seg forresten at begge dei mest brukte personane, Nils Bjørsvik og Ole Mjøs var prestens medhjelparar. 9 Ein annan mykje brukt fadder, Ole Nilsen Hanstveit, høyrte til på ein gard der det i følgje Geir Kleiveland i allmennsoga for Osterøy var pengefolk. Både far, bestefar og oldefar til Ole hadde vore bondelensmenn. 10 Tabell 2: Faddrar og folovarar frå Hosanger sokn registerte i kyrkeboka 1750 54 Fadder/forlovar antal gonger Menn Kvinner Begge kjønn Prosent 1 142 113 255 53,9 2 66 44 110 23,3 3 25 16 41 8,7 4 20 8 28 5,9 5 9 9 18 3,8 6 12 2 14 3,0 7 3 1 4 0,8 8 1 1 0,2 10 1 1 0,2 11 1 1 0,2 Sum 280 193 473 100,0 Eg trur både fadderskap og forlovar-funksjonen fortel om dei meir langvarige (nærast permanente) banda. Vidare vil eg tru at dei kan gje sterke indikasjonar på kven som var særskild dominerande personar i dei sosiale nettverka, eller kjernen i nettverka. I etnologen Ørnulf Hodnes grundige gjennomgang av tradisjonsmateriale rundt fadderordningar heiter det at slekt (skyldfolk) og grannar gjerne vart prioriterte som fadrar, men helst vyrde folk. Det var om å gjera å ha gjeve folk til fadrar. Nokre stader var det i denne samanhengen viktigare 9 Eknæs, Askild 1968 (1988). Ættebok for Hosanger Bd I: 320 og 362, Eknæs 1968 (1988) bd II: 418. 10 Kleiveland, Geir 2007. Osterøy Bygdebok. Allmennsoge, bd I. Frå dei eldste tider til 1870: 284 87. 4

med grannar enn med slekt. 11 Eg får inntrykk av at dette siste også kan ha vore tilfelle i Hosanger. Forlovarane synest i noko mindre grad å ha høyrt til den aller næraste grannekrinsen. I høve til styresmaktene skulle dei først og fremst gå god for at dei to ikkje var i slekt eller familie innanfor forbodne ledd. Det er dei same personane som vart utropte som brudgomsmenn under sjølve bryllaupet. 12 Skiftet etter Brita Mjøs Vi merka oss altså Ole Jacobsen Mjøs som ein svært viktig person innanfor sosiale nettverk. Eit par år etter våre kyrkjebokregistreringar, døydde kona hans Brita Olsdotter. Det vart halde skifte i juni 1756. På dette tidspunktet var Ole 44 år og såleis i økonomisk aktiv alder. 13 Kan slike skifte fortelje meir om posisjon og rolle innanfor nettverka? Brutto verdiar ved skifte var 90 dalar, og gjelda var på knappe 20 dalar. Der var sølv for 18 dalar, og enkemannen fekk fråtrekk på knapt 9 dalar for gravferdsutgifter. Begge delar er noko meir enn gjennomsnittet i området, men likevel slett ikkje oppsiktsvekkande mykje. Ved skiftet møter folk som kan vere viktige personar innafor eit sosialt og økonomisk nettverk. Lensmannen Magne Hatland og vurderingsmennene Ole Lone og Anders Ytre Bersnes er offentlege ombodsmenn ved skifte, ved sida av sorenskrivaren. Men sidan dei 6 borna er umyndige, er det oppnemnt verje for dei. For eine sonen er faren sjølv verje. Dei andre borna har kvar sine verje. Det er uvisst korleis desse verjene vart utvalde. Dei høyrer ikkje til det næraste grannelaget, og det ser ut til at i alle fall nokre av dei er slektningar. Dette er også i samsvar med lova, at frendar er næraste til å vere verje. 14 Dermed har vi med eit delvis anna type nettverk å gjere enn ved barnedåpar og giftarmål. Men i skifta kan uteståande krav eller gjeldspostar seie noko om økonomiske band. Uventa nok finst det i dette tilfellet likevel ikkje uteståande krav. Derimot er det fleire små gjeldspostar. Desse gjeldpostane må ein nok i vår samanheng sortere etter eit visst skjønn: På 11 Hodne, Ørnulf 1979. Fadderskapet og dets funkjoner i norsk folketradisjon. Heimen 1: 9 10. 12 Anmærkninger: 9 10. Seehus, Hans Midhael 1770 (1932): Beskrivelse over Nordfjord Herred i Bergen stift. Prenta i Firda Tidend 1932 33: 105 06. 13 I følgje Eknæs I 1968: 320 var han fødd i 1712 og døydde i 1778. 14 Kiil, Alf 1969. Arkivkunnskap. Statsarkiva: 105 106. Chr. 5 norske lov,tredje bok, kap. 19. 5

kva måtar er det interessant at Ole Mjøs skulda lensmannen, Magne Essem, pengar for 1 våg korn og 1 års tiende og Åmund Røssland for landskyld? Vidare har han gjeld til enkeltpersonar for konkrete varer og tenester: Mons i Eknesvågen for vadmål, Ole Kleiveland for sperrer, Ole Fotland for never, Anders Larsen Mjøs for kle, Ole Lie for en Hodder (?), Anders Toft for 1 båt og Aamund Røssland for båtleige. Ingen av desse summane er over 1 dalar. (Av desse er Ole Fotland også mellom verjene og såleis truleg i slekt.) Men gjeld for konkrete varer eller tenester er vanlegvis mindre interessante i ein nettverksanalyse. Det dreiar seg om vanlege utvekslingar innanfor bondesamfunnet, altså kortvarige relasjonar. Annleis er det kanskje når det gjeld lånte pengar. Ole har lånt ein liten pengesum hos grannen Anders Mjøs. Det same har han gjort hos Anne Kristensdotter, Marit Olsdotter, Jacob Torkelson Øfsthus, Johannes Kvamme og Johannes Storset. Den sistnemnde er forresten mellom verjene, og såleis truleg i slekt/familie. Alle desse summane er under 1 dalar. Ole har også ei lita bygjeld: til kjøpmannen Christian Thormølen for gods. Også innanfor postane gjeld for lånte pengar må ein altså bruke skjønn for å sortere fram det som kan vere spor etter verkelege økonomiske nettverk og mægta menn. Er til dømes storleiken på summane avgjerande? Det dreiar seg også om skilje langvarige band frå dei kortvarige og tilfeldige. Berre ved å analysere ei større mengd skifte kan vi eventuelt finne mønster for økonomiske band. Finst det personar i bygda som mange står i gjeld til, sjølv om enkeltsummane, som i vårt eksempel, kan vere små? Det er nok i alle fall mange som står litt til atters med betalingar til fut, lensmann, eller til jordeigar. Eit anna om lag samtidig skifte frå soknet etter bondelensmannen Magne Eidsheim frå 1760 viser såleis ei omfattande restanseliste og eit større økonomisk nettverk enn i tilfelle Ole Mjøs. Gjeldsband treng, som eg alt har nemnt, neppe å falle heilt saman med sosiale band. Ole Mjøs peikar seg såleis ikkje ut som ein sentral person innanfor eit økonomisk nettverk, skal ein dømme etter skiftet. Likevel synest han å vere sentral innanfor det vi har kalla sosialt nettverk. Men kva slags sosial kapital sat han i så fall inne med? Det må vi leite meir etter. At presten har valt han ut som medhjelpar gjev truleg visse indikasjonar. Men vi kan tenkje oss at i dei tilfella då mange trådar av både sosial og økonomisk art synest å ha vore samla ein og same person, kan vi nokså trygt rekne med å ha avslørt ein verkeleg mægta mann. Då kan vi også gå vidare og sjå om han også sit med viktige offentlege ombod i 6

bygda. Altså: med utgangspunkt i ei første grovkartlegging i eit område gjennom kyrkjebøker og skifte kan ein gå over til næranalysar kring enkeltaktørar som synest å merke seg ut, og då må ein trekke inn mange andre kjelder som tingbøker, kopibøker frå både sivile og geistlege embetsmenn og mykje anna. 7