ÅRSMELDING FOR NAUSTDAL KØYRE OG RIDEKLUBB 2007
ÅRSMØTE 2008 Tysdag 26. februar klokka 19.30 2008 på Horstad skule. SAKLISTE: 1. Val av møteleiar, ein til å føre møteboka og to til å skrive under 2. Godkjenning av innkalling og sakliste 3. Årsmelding 4. Rekneskap 5. Samanslåing med Naustdal og Vevring Fjordhestlag 6. Kontingent 7. Val av styre, vararepresentantar, valnemnd, revisor og utsendingar 8. Informasjonssaker 9. Akivitetar i 2008 10. Saker som måtte komme til 11. Ymse STYRET I 2007 Leiar Marianne Aase * Nestleiar Elisiv Enersvold * Skrivar Inger Grønntun Kasserar: Ragnhild Enersvold * Styremedlem Kristine Ullaland Styremedlem Marianne Buanes Vara 1 May Helen Kjørsvik Vatne * Vara 2 Jim Ivar Kalland * Vara 3 Birgitte Kalland Valnemnd: 1. Cecilie Storehaug Herstad * 2. Solbjørg Steiro Herstad 3. Ingrid Kringlen (Dei med * er på val i år). MØTE Årsmøtet 2007 var 28. februar 2007 på Horstad skule. Det møtte 12 med røysterett, samt 8 yngre medlemar. Styret har hatt 8 styremøte, og 3 møte i lag med Naustdal og Vevring Fjordhestlag. KLUBBEN SITT UTSTYR Hestehengaren til klubben står ved dørfabrikken på Reiakvam. Elisiv har hatt ansvar for utleige av hengaren i 2007. Klubben sitt hindermateriell står hos Inger på Reiakvam. Inger har ansvar for utlån av hinder. Voltigeutstyret til klubben er det Cecilie Storehaug Herstad som har ansvar for utlån av. Både hestehengar og hinder har det vore mykje utleige/utlån av i 2007. Klubben har fått 5 sikkerheitsvestar av Gjensidige i 2007, som kan lånast av medlemane.
AKTIVITETAR 2007 har vore eit år med brukbart med aktivitetar i køyre og rideklubben. Vi har hatt ein overnattingstur, to helgekurs, dressurstemne, Rideknappen grad 5-prøver, sikkerheitskurs, reglementskurs og kurs med hestemassør. Elles har vi delteke på Sanden-søndag, og vi har hatt to treningsdager i påska. Køyre og rideklubben har også arrangert unghestsjå i Naustdal i lag med Naustdal og Vevring Fjordhestlag. TURAR Det vart berre ein tur i 2007. Dette var ein overnattingstur, som gjekk til Reiakvamsstølen 29. 30. juni. Det var ein god del folk og hestar med på turen. Nokre av hestane gjekk skogsvegen og over fjellet. Resten rei vegen til stølen. Vi hadde satt opp elektrisk gjerde, og slapp hestane i tre ulike innhegningar. Der gjekk dei fint og roleg heile kvelden og natta. Nokre av hestane og ryttarane tok seg eit bad i Storevatnet. Om kvelden grilla vi, og holdt myggen på avstand med dei fantastiske mygglysa våre og eit flott bål. Det vart langt på natt før alle var i seng. Dagen etter åt vi litt, og så pakka vi i hop gjerder og alt, og reiste heim att. Desse var med: Marianne Buanes-Storsjø Prinsen, Elisiv Enersvold-Vårdølgutten, Lone Kalland-Rano Prinsen, Marina Gjøringbø-Herkules, Annette Kalland-Gina, Marianne Aase-Brief Junior, Trude Furelid Trym Best, Ragnhild Kringlen-Vesla, Jorunn Grønntun-Prippen, Inger Grønntun-Linus, Margrete Jonstad-Romeo, Amalie EinevollDorry. Elles var det nokre fleire medlemar som kom opp om kvelden og var med på grillinga. Nokre av dei overnatta også. KURS Naustdal køyre og rideklubb arrangerte to helgekurs i riding (dressur og sprang) i 2007. Det eine kurset var med Silje Tornvik som instruktør, og det andre kurset var med Ingjerd Vetti som instruktør. Begge kursa var på ridebana på Reiakvam. Det var bra oppmøte av folk og hestar på begge kurs. Deltakarar på helgekurset 1.-3. juni 07: Elisiv Enersvold Vårdølgutten, Marianne Buanes Prinsen, Inger Grønntun Vesla, Lone Kalland Rano Prinsen, Annette Kalland Gina, Inger Grønntun Linus, Silje Vonen Dorry, Ragnhild Kringlen Romeo/Vesla, Marina Gjøringbø Herkules, Mari Horstad Herkules, Ingrid Kringlen Linea, Ina Steiro Herstad Frida/Linea/Helgvild, Mali Steiro Herstad Vesla/Romeo/Helgvild Deltakarar på helgekurset 3.-4. november: Mali Steiro Herstad Helgvild, Ina Steiro Herstad Gydja, Annette Kalland Gina, Lone Kalland Rano, Ragnhild Kringlen Borken, Sunniva Haugen Bruland Linus, Marina Gjøringbø Vesla, Silje Vonen Dorry/Vesla/Romeo, Mari Horstad Lena
STEMNE Vi hadde klubbstemne i dressur 12. mai. Det var berre ein klasse; Lett C:1. Dommar var Lucinda B. Reksten. I tillegg til at programmet vart dømt på vanleg måte, inngjekk det også som ein del av Rideknappen 5-prøva. Dei som tok Rideknappen 5, måtte hoppe over eit hinder i tillegg til å ri dressur. Dressur Lett C. Resultat: 1. Birgitte Kalland Jakobgardens Vesla 52,91 % 2. Marianne Buanes Storsjø Prinsen 52,50 % 3. Lone Kalland Rano Prinsen 52,00 % 4. Inger Grønntun Prippen 51,66 % 5. Elisiv Enersvold Vårdølgutten 50,42 % -------------------------------------------------------------Desse var også med, men rei ikkje godkjende program (under 50%): Bente Finsrud Horstads Ida, Mali Steiro Herstad Helgvild, Silje Vonen Dorry, Margrete Jonstad Jakobgardens Vesla, Monica Gjøringbø Prippen, Ina Steiro Herstad Helgvild, Kristine Ullaland Ulltangs Ludvik, Ragnhild Vatne Horstads Ida, Marina Gjøringbø Herkules, Ragnhild Kringlen Prippen RIDEKNAPPEN 5 15. april arrangerte vi Rideknappen 5-prøva for klubb-medlemane. Prøva bestod av mønstring av hest, fortelle om kroppsdelar, visitering og riding i trafikk og nærmiljø. Vidare skulle alle vise praktisk kunnskap i riding på tur, om dei hadde kontroll på hestane, rett sits, god avstand, fulgte reglar osv. Dommar var Gitte Midtbø. Den siste delen av prøva (dressur og sprang) vart helden 12. mai i samband med dressurstemnet vårt. Desse deltok på Rideknappen 5-prøva (alle greidde Rideknappen grad 5): Margrete Jonstad, Silje Vonen, Ragnhild Kringlen, Ragnhild Vatne, Elisiv Enersvold, Marianne Buanes, Bente Finsrud, Marina Gjøringbø, Monica Gjøringbø, Lone Kalland, Birgitte Kalland, Kristine Ullaland, Mali Steio Herstad, Ina Steiro Herstad SIKKERHEITSKURS Dette kurset er obligatorisk for å få Grønt kort. Kurset vart helde på Horstad skule, og kursleiar var Inger Grønntun. Dette var eit reint teorikurs. Desse deltok på kurset: Monica Gjøringbø, Bente Finsrud, Margrete Jonstad, Ragnhild Vatne, Marina Gjøringbø, Elisiv Enersvold, Marianne Aase, Marianne Buanes, Jorunn Grønntun, Silje Vonen, Mari Horstad, Sunniva Bruland REGLEMENTSKURS Kurset vart helde på Horstad skule, og kursleiar var Ingjerd Vetti. Dette kurset er også eit teorikurs som er obligatorisk for å få Grønt kort. Desse deltok på kurset: Birgitte Kalland, Mali Steiro Herstad, Bente Finsrud, Monica Gjøringbø, Margrete Jonstad, Ragnhild Vatne, Lone Kalland, Marina Gjøringbø, Elisiv Enersvold, Marianne Aase, Marianne Buanes, Inger Grønntun, Ina Steiro Herstad
KURS MED HESTEMASSØR Dette kurset vart helde i stallen til Inger på Reiakvam. Kurshaldar var Nina Savland. Det var mange ulike tema som vart gjennomgått, mellom anna litt om anatomi, rett trening, tilpassing av utstyr, fôring, og kva ein hestemassør kan gjere for hesten. Desse deltok på kurset: Kristine Ullaland, Margrete Jonstad, Marina Gjøringbø, Monica Gjøringbø, Anne Laila Berg, Marianne Buanes, Elisiv Enersvold, Margunn Finsrud, Bente Finsrud, Inger Grønntun, Jorunn Grønntun, Ragnhild Enersvold, Lone Kalland, Helge Gjøringbø, Tone Finsrud, Ragnhild Vatne B SANDEN-SØNDAG Sanden-søndag vart arrangert 19. august. Klubben deltok med barneriding og eit oppvisningsinnslag. I år var Sanden-søndag prega av regn for fyrste gong, så det var mindre folk der enn vanleg. TRENINGS-DAGAR I påskeferien hadde vi to felles treningsdagar der klubbmedlemar kunne komme og trene i lag på bana på Reiakvam. Desse dagane var 6. og 7. april. Diverre var det ikkje så mange som møtte opp, men dei som kom hadde det kjekt i lag likevel. UNGHESTSJÅ Laurdag 28. april arrangerte køyre og rideklubben og fjordhestlaget unghestsjå for Sunnfjord på Horstad skule. Dette var eit stort arrangement som gjekk fint, og som vi har fått mykje skryt for. KLUBBKVELD Vi har hatt ein klubbkveld i 2007. Den var 29. mars 07, og det var Margrete Jonstad og Jorunn Grønntun som arrangerte. ANDRE AKTIVITETAR, DELTAKELSE PÅ STEMNE OG UTSTILLINGAR Fleire av medlemane i klubben har delteke på sprang og dressurstemne i 2007. Vi har hatt medlemar som har starta for klubben i Florø, i Førde, på Tefre og på Breim. I tillegg har nokre av medlemane starta trav og galoppløp. Elles har medlemar i klubben stilt ut hestar både på unghestsjået i Naustdal, på merrautstilling og brukshestutstilling i Førde, på hingsteutstilling og på følskue. DESSE MEDLEMANE HAR TEKE «GRØNT KORT» I 2007: *Margrete Jonstad *Marina Gjøringbø *Monica Gjøringbø *Bente Finsrud *Ragnhild Vatne *Elisiv Enersvold *Marianne Buanes Vi gratulerer!
MEDLEMSLISTE 1. Fam. Jan Birger Horstad. 2. Margrete Jonstad. 3. Fam. Haugen Herstad. 4. Amalie Einevoll. 5. Fam. Lone Kalland. 6. Fam. Kim Horstad. 7. Fam. Linn C. U Ekreskar. 8. Fam. Ingrid Kringlen. 9. Fam. Helene Langedal. 10. Silje Vonen. 11. Sunniva Haugen Bruland. 12. Anita Sunnarvik. 13. Dagmar Vigdis Falkenstein. 14. Fam. Marianne Kvalvik. 15. Njål Hamn. 16. Carolie Storehaug Øren. 17. Fam. Olav Birkeland. 18. Marianne Buanes. 19. Fam. Birgitte Kalland. 20. Kristine Ullaland. 21. Fam. Elisiv Enersvold. 22. Marianne Aase. 23. Egil Nes. 24. Fam. Inger Grønntun. 25. Fam. Atle Savland. 26. Ann Elen Endestad. 27. Fam. Mari Horstad. 28. Fam. Steiro Herstad. 29. Fam. Thune Finsrud. 30. Fam. Kjørsvik Vatne. 31. Fam. Marina Gjøringbø. 32. Fam. Monica Gjøringbø. 33. Cecilie Storehaug Herstad. 34. Fam. Kristina og Lena Nyman. 35. Malwina Ambrozewicz. 36. Harald Engebø. HÅPER VI FÅR EIT FINT ÅR 2008 MED MANGE KJEKKE HESTEAKTIVITETAR I KLUBBEN VÅR!