MØTEBOK REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL



Like dokumenter
UTTALE, ST.MELD. NR. 12 REGIONALE FORTRINN - REGIONAL FRAMTID. Høringsfristen for innspel til fylkeskommunen er satt til 31. mai 2007.

REKRUTERINGSARBEIDET I HALLINGDAL Felles utgangspunkt, kva er problemstillingane

MØTEBOK REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL. Møtedato: 25. april 2008, kl. 09:00 15:00 Stad: Hol, Hol kommunehus

PARTNARSKAPSAVTALE MED BUSKERUD FYLKESKOMMUNE,

Høyring av forslag til klassifisering av øvrige riksvegar ved gjennomføring av forvaltningsreforma - uttale

VAL AV RÅDSORDFØRAR OG VARAORDFØRAR

STRATEGISK FORVALTNINGSPLAN RV7 OG RV52

UTTALE TIL HØYRINGSDOKUMENT NORSK FJELLPOLITIKK 2009

SAK 01/08 GODKJENNING AV MØTEPROTOKOLL Vedtak Møteprotokoll 14.desember 2007 vart vedteke.

SAK ÅRSBUDSJETT 2018 OG ØKONOMIPLAN

MØTEBOK REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL

SAK ØKONOMIPLAN OG ÅRSBUDSJETT 2013

Høyring - Regionalt bygdeutviklingsprogram for Sogn og Fjordane

SAK ØKONOMIPLAN OG ÅRSBUDSJETT 2014

LOKALMEDISINSKE TENESTER I HALLINGDAL, FINANSIERING VIDAREFØRING

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

MØTEBOK REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL

Handlingsplan EKSTERN TENESTE Regionrådet

SAK ÅRSBUDSJETT 2017 OG ØKONOMIPLAN

SAK 49/15 ÅRSBUDSJETT 2016 OG ØKONOMIPLAN

Sak ÅRSBUDSJETT 2016 OG ØKONOMIPLAN

SAK ÅRSBUDSJETT 2019 OG ØKONOMIPLAN

TILSKOT/SPONSING AV REGIONALT IDRETS/KULTURARBEID

SAK ÅRSBUDSJETT 2018 OG ØKONOMIPLAN

Strategisk plan - eit vik0g verktøy for regionalt samarbeid? Knut Arne Gurigard Dagleg leiar Regionrådet for Hallingdal

Prosjektplan for Inn på tunet-løftet for Hallingdal

MØTEBOK REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL

Nord-Fron kommune. Politisk sak. Kommunereform - Nord-Fron - vidare prosess

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

Husleige / Fellsekostnader i interkommunale samarbeid i Hallingdal.

SAK ÅRSBUDSJETT 2020 OG ØKONOMIPLAN

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

INNSPEL TIL ARBEIDET MED ETABLERING AV REGION VIKEN

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL

UTTALE NASJONAL TRANSPORTPLAN

Regionalt bygdeutviklingsprogram i Rogaland 2013

Søknad Byregion Fase 2

SØKNAD OM TILSKOT TIL UARBEIDING AV STEDSANAYSE OG REGULERINGSPLAN, GOL KOMMUNE

SAK 56-14, VEDLEGG 1 Eit prosjekt i utviklingsprogrammet for byregionar ByR Samspel og regional vekstkraft i Hallingdal»

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

Oppsummering av saka: Formannskapet er av kommunestyret gitt fullmakt til å utforme endeleg svar til Fylkesmannen i Oppland.

REGIONALE IDRETTSANLEGG

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

OPPRETTING AV ADMINISTRASJONSSELSKAP FOR BOMPENGESELSKAPA I HORDALAND

ARBEIDSGJEVARPOLITISK PLATTFORM GOL KOMMUNE , vedteke i Formannskapet, sak 0001/04, for

SØKNAD OM ØKONOMISK STØTTE TIL ELEKTRONISK BOM PÅ VASSFARVEGEN, UTTALE

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

Møteprotokoll for Formannskapet

MØTEBOK REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL

Oppgåvedeling i Sogn og Fjordane

Prosjektplan. Kommunereforma i Møre og Romsdal

SAK 04/18 LIVSKVALITET HALLINGDAL

Innbyggjarundersøking Kommunereforma

Omklassifisering av fylkesveg til riksveg

Hallingtinget Knut Arne Gurigard

St.meld. nr. 12 ( ) Regionale fortrinn - regional framtid Om prosessen for å avklare inndelingsspørsmål

MIDLAR TIL REKRUTTERING, LIKESTILLING OG KOMPETANSEHEVING I LANDBRUKET - FORVALTNING

SØKNAD OM STØTTE TIL DIGITALISERING VED FOLKEMUSIKKARKIVET I BUSKERUD

INTERNASJONAL STRATEGI

Forslag frå fylkesrådmannen

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

SØKNAD OM TILRETTELEGGING AV FLEKSIBLE LÆRINGSARENAER I LOKALMILJØ UTVIKLING AV BIBLIOTEKA SOM EIN GOD STAD Å STUDERE

Kontrollrapport - Overføring av fylkesvegadministrasjonen

Hovudutval Plan og Ressurs har behandla saka i møte sak 80/16

Utval Saksnummer Møtedato Time formannskap Time kommunestyre

Programkategori Distrikts- og regionalpolitikk

Saksframlegg. Orientering om Kompetansesenteret og søknad om regionale utviklingsmidlar til Ny GIV-tiltak ved Kompetansesenteret

Dykkar ref: Vår ref Saksbeh: Arkivkode: Dato: 2017/ Einar Mikkelsen,

SØKNAD OM TILSKOT TIL PROSJEKT; NOREGS FRILUFTSHØGSKOLE

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Kommunestyresalen Saknr.: 36/12 42/12. MØTELEIAR Sølvi Ulvenes (H)

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

Regionreforma og Sogn og Fjordane fylkeskommune

HARAM KOMMUNE Sakspapir

Regionreforma og Sogn og Fjordane fylkeskommune

VIDARE SAMARBEID MELLOM FYLKESKOMMUNANE PÅ VESTLANDET MED TANKE PÅ Å FREMJE NYNORSKE LÆREMIDDEL

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Gunnar Steine Arkiv: 024 G00 &01 Arkivsaksnr.: 11/ Rammeavtale for samhandling mellom kommunane og Helse Førde

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

KONTROLLUTVALET FOR RADØY KOMMUNE MØTEUTSKRIFT

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Regional planstrategi

Høring - finansiering av private barnehager

Ørskog kommune - Sunnmørsperla ved Storfjorden -

Kommunedelplan for oppvekst

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/ Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

Frivillige organisasjonar i samfunnsbygginga

SØKNAD OMTILSKOT, INNOVASJONSLØFT HALLINGDAL

Innleiing. 1. Mål for samanslåinga. 2. Betre tenester

ÅRSMELDING 2009 for ÅRDAL UTVIKLING 24. driftsår

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Strategi Bygge politisk og administrativ kunnskap og kapasitet til å drive påverknadsarbeid og strategiutvikling.

Transkript:

MØTEBOK REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL Møtedato: 23. mars 2007 Stad: Ål, Kommunehuset REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL Desse møtte frå Regionrådet: Erik Kaupang, Torleif Dalseide, Oddvar Grøthe, Jan Halvard Brekko, Audun Aasheim, Hans Bekken, Hol kommune Ål kommune Hemsedal kommune Gol kommune Nes kommune Flå kommune Frå Buskerud fylkeskommune deltok fylkeskontakt Lise Løff og Dag Stenersen og regionkontakt Terje Moen (med unntak sak 14) Knut Arne Gurigard møtte som dagleg leiar. Rådmannsutvalet deltok i sak 14,15 og 17. I sak 14/07 deltok også representantar frå NAV-Hallingdal og trygdekontora SAK 13/07 GODKJENNING AV MØTEPROTOKOLL 23.2.2007 Møteprotokoll 23. februar 2007 vart vedteke. SAK 14/07 INFORMASJONSMØTE OM ARBEIDET NAV REFORMA NAV Buskerud med fylkesdirektør Ola Heen Strømmen og prosjektdirektør Bjørn Christensen orienterte om status NAV Buskerud. Det vart orientert om framtidig organisering av spesialeiningar. Når det gjeld NAV kontora i Hallingdal ligg det fast at det skal vera eit NAV kontor i kvar kommune. NAV ynskjer at Hallingdal tek stilling til eit eventuelt felles ressurssenter for Hallingdal. Arbeidsgruppa vil arbeide vidare med desse spørsmåla. SAK 15/07 KARRIERESENTER FOR HALLINGDAL Knut Erik Hovde frå Buskerud fylkeskommune orienterte om arbeidet med karrieresenter i Hallingdal. Utdanningsdirektoratet har i brev til fylkeskommunane (08.02.06) sagt at det blir forventa at fylkeskommunane tek ansvar for å styrke karriererettleiinga i eit livslangt perspektiv, ved å organisere partnarskap for karriererettleiing i fylka. Buskerud fylkeskommune har valt ulike tiltak for å styrke karriererettleiinga i skula. Samstundes ynskjer hovudutvalet å prøve ut ulike modellar for ekstern rettleiing. Hovudutvalet gjorde følgjande vedtak 30.08.06, sak 038/06, pkt.5 : Fylkesutdanningssjefen gis fullmakt til å prøve ut to modeller for ekstern karriereveiledning:

Karrieresentret på Papirbredden som et treårig prosjekt i henhold til tidligere vedtatt forprosjekt. Karrieresenter på Gol i nært samarbeid med lokalt nærings-og samfunnsliv. Finansiering av karrieresentrene søkes innarbeidet i Handlingsprogrammet 2007-2010 og ved en omfordeling av midler i sektoren. Til å sjå på aktuelle modellar for Hallingdal er det sett ned ei eigen arbeidsgruppe, som vil ha klart sine tilrådingar våren 2007. SAK 16/07 STRATEGISK FORVALTNINGSPLAN FOR RV7 OG RV52 1. Regionrådet for Hallingdal vil presisere at ein strategisk forvaltningsplan for riksveg 7 og riksveg 52, skal vera eit hjelpemiddel for at planlagt og prioritert utvikling kan gjennomførast. Utgangspunktet for forvaltningsplanen må vera å skape ei forståing hjå sentrale styresmakter for samanhengen mellom ynskt distriktsutvikling og nasjonale satsing på reiseliv, sett i forhold til dei behov riksveg 7 og riksveg 52 har. 2. I samband med det arbeidet som skal gjerast bør det og vurderast kva konsekvensar tungtrafikken har for Rv7 og Rv52. 3. Som representant i arbeidsgruppa oppnemne Regionrådet for Hallingdal, dagleg leiar Knut Arne Gurigard 4. Som representant i referansegruppa oppnemne Regionrådet for Hallingdal, ordførar Oddvar Grøthe. SAK 17/07 UTTALE, STORTINGSMELDING NR. 12. REGIONALE FORTRINN REGIONAL FRAMTID OG REGIONINNDELING AV NOREG ETTER 2010. Regionrådet for Hallingdal legg fram følgjande forslag til uttale, for vidare drøfting i Hallingtinget: Regionrådet for Hallingdal legg følgjande prinsipp til grunn for forvaltningsreforma, med bakgrunn i at det skal vera 3 forvaltningsnivå i Norge. Nærleiksprinsippet. Alle avgjerder skal flyttes så nært innbyggarane som mogeleg, og takast på lågast mogeleg hensiktsmessige forvaltningsnivå. Ut frå dette må fleire oppgåver flyttast ned på kommunalt nivå. Desentralisering. Reforma skal vera ei omfattande desentralisering av oppgåver, ansvar og myndigheit. Reforma skal ikkje føre til sentralisering i regionane, og regionale funksjoner skal spreiast i heile regionen. Regionreforma må ikkje ha som konsekvens at den overstyrer kommunane i samfunnsutviklinga. Spesielt kan nemnast at kommunane må få eit langt større ansvar for næringsutvikling og stadutvikling. For at det skal vera ein demokratireform må fylkesmannembete berre ha ansvar for tilsyn og kontroll Vidareføre/styrke prinsippet om at dei faglege, administrative og finansielle ressursar følgjer oppgåvene.

Generalistkommuneprinsippet skal vidareførast. Kommunane sin rolle i samfunnsutviklinga skal styrkast, og oppgåveoverføring til kommunane må ikkje vera avhengig av kommunestorleik. Eit regionalt nivå må vera langt meir tilpassa ei samordning av sektorpolitikken enn det nasjonale nivået. Forvaltningsreforma bør bygge på prinsipp der sentrale målsettingar blir gjennomført gjennom ei regional prioritering. Ein tydelegare nasjonal overordna politikk skal gje grunnlag for å utvikle ein samordna regional politikk. Det er viktig at geografisk differensierte verkemidlar kompenserer for ulike vekstføresetnader på grunn av naturgjevne ulemper. Det må utviklast ein kort veg frå ide til handling, og ei brei overføring av verkemidlane til regionen må derfor gjennomførast. 1. Oppgåvefordeling 2.1 Generelt Noko av hovudpoenget med regionreforma har vore ei styrking av det regionale nivået og desentralisering av oppgåver, dette har og vore sterkt marknadsført. I forhold til ambisjonane må det dessverre seiast at det vart ned som ein skinnfell. Nye oppgåver til regionalt nivå er svært beskjedene og det kan sjå ut som lokalt nivå heller mister oppgåver/ansvar i staden for å få overført nye. I tillegg skisserar Regjeringa nokre aktuelle oppgåver til regionalt nivå på sikt, men dette er står fram som uklart og utan det store engasjementet. diffust. mildt sagt uklart. Meldinga blir og svært uklar i forhold tilfaktiske endringar fordi det i stor grad har foreslått oppgåveendringar avhengig av storleik og tal på regionar. Dermed blir mange sentrale områder hengande i lause lufta og blir avhengig av utfallet av ein frivillig prosess i kommunar og fylker. 2.2 Samferdsel Regionrådet støttar forslaget om at ansvaret for stamvegar må vera ei statleg oppgåve. og at vegar som bind landsdelar saman ( interregionale funksjoner ) blir vurdert omklassifisert til stamvegar. 2.3 Næringsutvikling og innovasjon Sjølv om det blir lagt opp til auka regional innverknad på Innovasjon Norge og SIVA, meiner Regionrådet for Hallingdal at prinsippet må vera at regionane overtek strategisk planlegging og ansvar for virkemiddelapparatet Innovasjon Noreg sine distriktskontor blir overført til regionane. 2.4 Miljøvernområdet: Fylkesmannen sitt ansvar for miljø, med unntak av tilsyn og kontroll (klagebehandling og legalitetskontroll og innsigelse???) må overførast til regionane og samordnast med regionen sitt ansvar for kulturminnevernet. Oppgåver som kan løysast på ein god måte av kommunane skal overførast til kommunane. Oppgåver som kan løysast på ein god måte av kommunane skal overførast til kommunane. 2.5 Landbruk- og matområdet Reforma må føre til at dei at dei virkemidla som i dag er styrt av fylkesmannen blir overført til regionane.

Store delar av dagens rovdyrforvaltning kan overførast frå staten, ved fylkesmannen, til regionane. 2.6 Vidaregåande opplæring og fagskoleutdanning Utdanningspolitisk utviklings- og planleggingsarbeid som fylkeskommunen og fylkesmannen har ansvar for i dag, må samlast i dei folkestyrte regionane. Regionane skal ha eit heilskapleg ansvar politisk, fagleg og finansielt for den vidaregåande opplæringa, slik fylkeskommunen har det i dag. 2.7 Høgare utdanning og forsking Universitet og høgskular må framleis væra ei statleg oppgåve. For å sikre at den høgare utdanninga og forskinga er i samsvar med regionen sine behov, må regionen ha eit medansvar for utviklinga av universitets- og høgskolesektoren. 2.8 Kultur Regionen må få eit mykje sterkare og heilskapleg ansvar politisk, faglig og finansielt for kulturpolitikken på regionalt nivå enn det som er foreslått i stortingsmeldinga.. Ressursar og funksjonar som i dag blir ivareteke av ulike statlege organ og som har regionale funksjonar må overførast til regionalt nivå. Kulturpolitikken i regionen må utformast og gjennomføres i et nært samarbeid med kulturinstitusjonane, organisasjonane og med kommunane og staten. 2.9 Regional planlegging Eventuell innføring av rettsleg bindande regionale arealplanar er heilt avhengig av eit godt utvikla partnarskap mellom region og kommunane. Samspelet mellom kommunane og regionen må baserast på ei nærare avklart ansvarsfordeling. Prinsippet må vera at avgjerder skal flyttast så nært innbyggarane som mogeleg, og takast på lågast mogeleg hensiktsmessige forvaltningsnivå. Alternativt: Regionrådet for Hallingdal er sterkt kritisk til at det nye regionale nivået skal ei form for overkommunal mynde innanfor deler av den framtidige regionale arealplanlegginga. 2.10 Spesialhelsetenesta og folkehelsearbeid Spesialisthelsetenesta må få reell demokratisk forankring i dei nye regionane. Regionane må ha eit særleg samordningsansvar for folkehelsearbeidet på regionalt nivå. Arbeidet må skje i et nært samarbeid med stat, kommunane og frivillige organisasjonar. Ressursar til folkehelserådgjeving i regional stat må overførast til regionane, med ansvar for å formidle kunnskap og kompetanse. 3. Regioninndeling Organisering i større regioneiningar enn dagens inndeling i fylke må sjåast i samanheng med hovudmålet med reforma auka folkestyre og desentralisering av mynde til lågast mogeleg forvaltningsnivå. I den samanheng har Regionrådet problem med å sjå at t.d. val til regioneiningane betre kan motivere til val enn dagens val til fylkesting. Regionrådet er redd for at ein faktisk kan redusere lokaldemokratiet framfor å styrke det. Regionrådet for Hallingdal vil uttrykke sterk skepsis til at dei nye folkevalte landsdelsregionane vil tene distrikta. Det er ingen grunn til å tru at dei nye landsregionane vil skapa sterkare identitet, nærleik og politisk engasjement.

Med dei svært avgrensa nye oppgåvene som er tenkt lagt til dei nye regionane er det vanskeleg å sjå behovet for ein landsdelsmodell. Regionrådet for Hallingdal går ikkje inn for ein regionmodell (landsdelsmodell). Ein modell med t.d. Buskerud, Vestfold og Telemark blir sett på som uaktuell både ut frå identitet og funksjonalitet. Det same ville det vera med t.d. ein Region Sør som dagens vegregion. Geografisk blir dette ein region frå Flekkefjord til Hemsedal. Ein samanslutning som ikkje har noko identitetsmessig fellesskap og som blir vurdert som heilt uaktuell. Regionrådet for Hallingdal vil prioritere ein forsterka fylkesmodell med ei regioninndeling som i hovudsak tilsvarer dagens fylkesinndeling. Alternativt ynskjer Regionrådet for Hallingdal ei vurdering i forhold til Vestregionen, som i dag er den regionale samarbeidskonstellasjonen med 13 kommunar vest for Oslo. Store delar av Buskerud inklusive Bærum og Asker ville kunne definerast som ein forsterka fylkesmodell. Dette er vil kunne vera ein modell som er framtidsretta og positiv for både Hallingdal og Buskerud. SAK 18/07 PARTNARSKAPSAVTALA MED BUSKERUD FYLKESKOMMUNE, SØKNADAR 2007 1. Regionrådet for Hallingdal vil i denne omgang prioritere følgjande tiltak for 2007: a) Partnarskapsavtale med DBC-Næringshage, 2007 kr. 300.000 b) Hallingdal Reiseliv, Eventyrveien og Eventyrferden kr. 600.000 c) Hallingdal Reiseliv AS; vidareføring av sykkelprosjekt i 2007/2008 kr. 200.000 d) Hallingdal Reiseliv AS; Kartprosjekt kr. 314.000 e) Hallingdal Teaterverkstad; støtte til jubileumsforestilling kr. 250.000 f) Vassfaret Bjørnepark; Søknad om støtte til prosjektering av eit natur- & miljøsenter kr. 100.000 g) Norwegian centre of expertice reiseliv kr. 50.000 h) Yrkesmessa 2007 kr. 100.000 i) Vassdragsovervaking 2006 kr. 200.000 TOTAL SUM kr.2.114.000 2. Regionrådet for Hallingdal rår til at det ut frå framlagt finansieringsplan, ikkje blir løyvd midlar til Hallingdal Museum; Søknad om midlar til arkeologisk registrering av kulturminner på Gardnos SAK 19/07 REKNESKAP 2006

Dagleg leiar tydeleggjer overfor Regionrådet svar på spørsmål stilt i møte. Regionrådet kjem med eventuelle kommentarar til rekneskap innan 11.4.2007, før rekneskap blir sendt ut som sak til Hallingtinget. Sak 20/07 ÅRSMELDING 2006 Dagleg leiar korrigerar årsmelding. Regionrådet kjem med eventuelle kommentarar til årsmelding innan 11.4.2007, før årsmelding blir sendt ut som sak til Hallingtinget. Ål 27.3.2007 Knut Arne Gurigard Dagleg leiar