INFORMASJON FRÅ LANDBRUKSKONTORET Rasjonalisering deling av landbrukseigedommar 2018 Landbrukskontoret for Sel og Vågå Tlf. 61293600 Edvard Storms veg 2 2680 VÅGÅ
RASJONALISERINGSSAKER Det er eit ønskje frå nasjonalt og lokalt hald å prøve å få til harmonisering mellom bruksstruktur og eigedomsstruktur i landbruket, dvs. redusere omfanget av leigejord. Mange bønder gjer store investeringar i bygningar og maskiner utan å eige jordbruksarealet dei er avhengig av. Det vil vere betre for den einskilde bonde å eige meir av jorda han/ho driv, både mtp. investeringar på garden og drifta av jordbruksareala. Det vil vere lettare å investere også i jordbrukareala, t.d. grøfting, kalking, fornying av eng mv., dersom ein eig areala sjølv, og veit at ein ikkje vil miste moglegheiten til å bruke dei til andre brukarar ved neste fornying av jordleigeavtala. På landsbasis er det over 40 % leigejord. Sel og Vågå følgjer omtrent landsgjennomsnittet. Politikarane i Sel og Vågå har uttrykt at dei ønskjer delingssaker og konsesjonssaker der sal av landbruksareal styrkjer driftsgrunnlaget for aktive gardsbruk. Det er ein føresetnad at desse sakene gir ein reell rasjonaliseringsgevinst og gir gode driftsmessige løysingar. Det er fleire ulike måtar å nærme seg rasjonaliseringssaker på. Der det ligg til rette for det, kan den som sel unna landbruksarealet og sjølv beheld husa og gardstunet, ha att noko meir areal enn berre tunet. Landbruksareala kan seljast til fleire landbrukseigedommar, dersom det gir dei beste driftsmessige løysingane. Det kan vere tilfelle der ein ikkje får til fullstendig rasjonalisering, dvs. eigar ønskjer å halde att noko landbruksareal sjølv eller ikkje får seld alle teigane. Då må ein gjere ei vurdering om det er ei bra løysing i forhold til formålet i jordlova. Dei aller fleste sakene må til politisk behandling etter jordlova 2
og plan- og bygningslova (pbl.). Der det er tale om frådeling av tun, blir det også dispensasjonsbehandling etter pbl., da tunet får endra status frå landbruk til bustadformål. Det gjeld også der det er tale om å endre status på seterhus frå landbruk til fritidsformål. For å starte ein prosess er det fint å ta kontakt med kommunen v/landbrukskontoret. Vi vil i dei følgjande avsnitta kommentere ein del døme. Når det gjeld seter vil vi på generell basis informere om at det er stor forskjell på om ei seter ligg i statsallmenning som eit feste eller om ho er sjølveigd. Dersom det er tale om seter i statsallmenning, inneber det at gardsbruket har ein rettigheit til å ha seter i statsallmenning, dersom ein del føresetnader er oppfylt. Lovverket knytt til seter er heimla i Fjellova og Seterforskrifta. Det er fjellstyreadministrasjonen som saksbehandlar, og fjellstyret som fattar vedtak. Den kommunale saksbehandlinga knyt seg til endring av status seterhusa/setertunet får i forhold til kommuneplanens arealdel i samband med frådeling, dvs. endring frå landbruk til fritidseigedom. Viss det er ønskje om overføring av seter til annan landbrukseigedom, får kommunen høve til å uttale seg i samband med saksbehandling om utvising av seter. Bygningane på seter i statsallmenning er det i utgangspunktet siste brukar av setra som eig. Det kan vere tale om ulik grad av rasjonalisering: 1. Sal av heile eigedommen til eit anna gardsbruk som tilleggsjord. Kommentar: Det er ein føresetnad at salet gjev driftsmessige gode løysingar. Dersom dyrkajorda og/eller skogen grenser til kjøpars eigedom, eller det er kort driftsavstand, vil det ofte vere ein driftsmessig god løysing. 3
Lovverk: Den/dei som kjøper landbrukseigedommen, må søkje konsesjon viss eigedommen er over konsesjonspliktig storleik (ubebygd eigedom er konsesjonspliktig uansett, bebygd eigedom er konsesjonspliktig når eigedommen har meir enn 35 daa dyrkajord (inkl. overflatedyrka jord) eller eit totalareal på meir enn 100 daa). For nær slekt vil ikkje kjøpet vere konsesjonspliktig. 2. Dele frå tunet og selje landbruksareala til eit eller fleire gardsbruk. Kommentar: Det er ein føresetnad at frådelinga gjev driftsmessige gode løysingar. Dersom dyrkajorda og/eller skogen grenser til kjøpars eigedom, eller det er kort driftsavstand, vil det ofte vere ein driftsmessig god løysing. Det er og viktig å ta omsyn til korleis tunet vil bli liggjande i forhold til landbruksareala. Eit fritt omsetteleg tun som blir liggjande midt ute på eit jorde, vil kunne føre til drifts- og miljømessige ulemper. Dette er noko som må vurderast i kvar einskild sak. Tunet vil etter evt. frådeling endre status i kommuneplansamanheng frå landbruk til bustad. Lovverk: Saka må behandlast etter jordlova og plan- og bygningslova, både som deling og dispensasjon. Den som skal kjøpe landbruksareala, må søkje konsesjon dersom han ikkje er i nær slekt med seljar. 3. Sal av delar av landbruksareala til eit eller fleire gardsbruk, halde att gardstunet og ein del landbruksareal sjølve. Kommentar: Det er ein føresetnad at salet gjev driftsmessige gode løysingar. Dersom dyrkajorda og/eller skogen grenser til kjøpars eigedom, eller det er kort driftsavstand, vil det ofte 4
vere ein driftsmessig god løysing. Det må vere spesielle grunnar til at seljar skal halde att større areal, evt. at areala har liten verdi i landbrukssamanheng, eller at det arronderingsmessig ligg godt til rette for det. Lovverk: Saka må behandlast etter jordlova og plan- og bygningslova, både som deling og dispensasjon. Den som skal kjøpe landbruksareala, må søkje konsesjon dersom han ikkje er i nær slekt med seljar. 4. Sal av landbruksareala til eit eller fleire gardsbruk, helde att gardstunet og setertunet, sjølveigande seter. Kommentar: Det er ein føresetnad at salet gjev driftsmessige gode løysingar. Dersom dyrkajorda og/eller skogen grenser til kjøpars eigedom, eller det er kort driftsavstand, vil det ofte vere ein driftsmessig god løysing. Dersom den som kjøper jorda har seter frå før, vil dette vere eit moment som taler for at seljar kan helde at setertunet. Både tunet og setertunet vil endre status frå landbruk til bustad-/fritidsformål og det må søkjast dispensasjon frå gjeldande kommuneplan Lovverk: Saka må behandlast etter jordlova og plan- og bygningslova, både som deling og dispensasjon, både av tunet og setra. Den som skal kjøpe landbruksareala, må søkje konsesjon dersom han ikkje er i nær slekt med seljar. 5. Sal av gardstunet og landbruksareala til eit eller fleire gardsbruk, helde att berre setertunet, sjølveigande seter. Identisk behandling med pkt. 4 6. Sal av tunet og landbruksareala til eit eller fleire gardsbruk, helde at setertunet, setra ligg i statsallmenning 5
Kommentar: Sjå pkt. 1, men i tillegg regulerer seterforskrifta kven som har rett til å ha seter i statsallmenning. Eigedommen opphøyrar som landbrukseigedom og grunnlaget for å ha seter er borte. Det er mulig å søkje om å behalde setra. Det er fjellstyret som behandlar denne type saker. Kommunen må evt. behandle delinga som ein dispensasjon frå gjeldande kommuneplan i.o.m. at setertunet/bygningane vil endre status frå LNF til fritidsbebyggelse. Lovverk: Som pkt. 1, men i tillegg kjem fjellova og seterforskrifta inn og regulerer det som har med seter i statsallmenning å gjere. 7. Sal av heile setra, sjølveigande seter (på eige gards- og bruksnr.), til annan landbrukseigedom Kommentar: Det må søkjast deling etter jordlovas 12, deling av driftseining. Den som kjøper setra, må evt. søkje konsesjon viss han ikkje er i slekt med seljar og setra er over arealgrensa for konsesjonspliktig erverv for bebygd eigedom (35 daa dyrkajord/totalareal på over 100 daa). Lovverk: Jordlova og konsesjonslova, litt avhengig av eigedommens karakter 8. Sal av heile setra, sjølveigande seter, som fritidseigedom Kommentar: Det må søkjast deling etter jordlovas 12. Bygningane skal nyttast til andre formål enn landbruksdrift og det må søkjast dispensasjon frå gjeldande kommuneplan. Dette alternativet vil berre vere aktuelt der totalarealet på setra er særs lite og ikkje høver til jordbruksdrift. Lovverk: Jordlova, plan- og bygningslova og evt. konsesjonslova, litt avhengig av eigedommens karakter. 9. Sal av heile setra, setra ligg i statsallmenning Kommentar: Dette blir i utgangspunktet ein sak for fjellstyret. Viss setra skal nyttast som fritidseigedom må det 6
søkjast dispensasjon frå gjeldande kommuneplan for å endre bruken av bygningane frå landbruk til fritid. Dette alternativet vil berre vere aktuelt der totalarealet på setra er særs lite og ikkje høver til jordbruksdrift. Lovverk: Seterforskrift, evt. plan- og bygningsloven viss bygningane skal nyttast til fritidsbruk. Saksbehandlingstid: Dette vil variere avhengig av kor kompleks saka er. Saker som berre skal behandlast etter jordlova, kan ofte bli ferdigbehandla i løpet av 3-4 veker. Saker som skal behandlast både etter jordlova og som dispensasjon frå plan- og bygningslova, tek gjerne ca. 2-4 månader. Saker som skal innom både fjellstyret og kommunen, kan ta lang tid, 4-6 månader, men kan og gå på 4-7 veker. Saksbehandlingskostnadar: Søknad om deling etter jordloven: kr. 1.250/2.000 Søknad om konsesjon: kr. 2.500/5.000 Søknad om deling, plan- og bygningsloven: kr. 1 000 6 000 Søknad om dispensasjon etter plan- og bygningsloven: ca. 10.-15.000 litt avhengig av kva for kommune ein bur i. Saksbehandling etter fjelloven og seterforskrifta er gratis. Viss det skal opprettast ein ny eigedom med eige gards- og bruksnummer, må det til kartforretning og oppmåling. Dette kostar ofte 20-30 000 kr. For å starte ein prosess er det fint å ta kontakt med Landbrukskontoret. Vi vil kunne gje rettleiing for vidare saksbehandling. Det er og mulig å ta kontakt med sjølvstendige firma som driv innafor eigedomsbransjen, med kjøp og sal av eigedommar. Der det er tale om seter og seterbygningar i statsallmenning kan ein med fordel ta kontakt med det lokale fjellstyret parallelt med kommunen/landbrukskontoret. 7
Landbrukskontoret for Sel og Vågå Edvard Stormsveg 2 2680 VÅGÅ Tilsette på kontoret: Per-Ivar Weydahl, tlf 61 29 36 71/920 41 410 e-post: piw@vaga.kommune.no Kjersti Reksen, tlf. 61 29 36 77/909 40 529 e-post: kjersti.reksen@vaga.kommune.no Bjørn Tore Karlstad, tlf. 61 29 36 73/957 96 218 e-post: bjorn-tore.karlstad@vaga.kommune.no Kjell Hølmo, tlf. 61 29 36 79/970 11743 e-post: kjell.holmo@vaga.kommune.no Jan Teigen, tlf. 61 29 36 78/ 994 51 073 e-post: jan.teigen@vaga.kommune.no Per Ekre, tlf. 61 29 36 74/958 26 661 e-post: per.ekre@vaga.kommune.no Iris Dalseg, tlf. 61 29 36 49 e-post: iris.dalseg@vaga.kommune.no Ola Løkken (Mjøsen), tlf. 971 94 015, e-post: ol@mjosen.no Landbruksvikarar, tingast på 61 29 36 03/61 29 36 00: Ola Lusæter og Ivar Ulsand 8