MEDLEMSBLAD FOR KRINGKASTINGSRINGEN NR. 2, 2009. Kringkastingsprisen 2009 til Yasmin Syed: side 4



Like dokumenter
Til deg som bur i fosterheim år

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

KULTURDEPARTEMENTET SIN

Prisvinnar Ronny Brede Aase får nynorskprisen for journalistar for 2009 av juryleiar Gry Molvær. Nynorskprisen for journalistar

Nynorskprisen for journalistar

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Tiltak frå regjeringa for styrking av nynorsk

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Brukarrettleiing E-post lesar

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Teknikk og konsentrasjon viktigast

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Jon Fosse. For seint. Libretto

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

14. Radio og TV. Liv Taule

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2012

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking


REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

mmm...med SMAK på timeplanen

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

styrke i at mest kva som helst kan skje, utan at dei vert mindre aktuelle.

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

13. Sendetida på TV aukar

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2014

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007


Rogaland Mållag. Gode målfolk, Bryne, 5. oktober 2009

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

Evaluering av offentleglova bakgrunn, ramme, tematikk, prosess, erfaringar og status. Vegen vidare?

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Sakshandsamar: Arkiv: ArkivsakID Willy Andre Gjesdal FE - 223, FA - C00 14/1418

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Minnebok. Minnebok NYNORSK

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Rettleiing for revisor sin særattestasjon

Marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Informasjon til elevane

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Brukarrettleiing. epolitiker

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2015

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

MØTEBOK. Desse møtte: Dorthe Huitfeldt, Halvor Fehn, Jarle Nordjordet, Tor Aage Dale, Marit Jordtveit

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg

FANTASTISK FORTELJING

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

No sprett knuppane og sevja stig

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

5. Soknerådsmøte mai Referat

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Plassebakken Barnehage

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

Hei Guro, ei oppdatering frå Holmedal Ungdomslag.

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

«Ny Giv» med gjetarhund

Samansette tekster og Sjanger og stil

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Lønnsundersøkinga for 2014

IKT-kompetanse for øvingsskular

Prisvinnar frå Dagsavisen

Møteprotokoll for møte i

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Vel nynorsk for barnet ditt!

Transkript:

MEDLEMSBLAD FOR KRINGKASTINGSRINGEN NR. 2, 2009 Kringkastingsprisen 2009 til Yasmin Syed: side 4

Leiar Språkfridomen i TV 2 må halda fram TV 2-sjefen Alf Hildrum varslar no at kanalen vil søkja om ny konsesjon for allmennkringkasting. Det er Kringkastingsringen svært glad for. Martin Toft leiar i Kringkastingsringen Heilt sidan TV 2 gjekk på lufta har dei gitt eit verdfullt tilskot til allmennkringkastinga her i landet. Dei har vore ein føregangskanal når det gjeld å bruka dialekt i alle typar sendingar, og den sterke bergensredaksjonen har gjort at dei ofte har vinkla saker på ein annan måte. Når dei no varslar at dei vil søkja om ny konsesjon, tyder det at dei vil forplikta seg å føra dette allmennkringkastingsoppdraget vidare. Det er svært gledeleg. Nyhendet om at TV 2 vil søkja om ny konsesjon, kom samtidig med at TV 2-sjefen la fram ei tiltakspakke for å kutta kostnadene i kanalen. TV 2 har fått inn 350 millionar kroner mindre i reklameinntekter enn rekna med. Konsekvensen blir at kanalen må kutta 135 årsverk som ein del av ei samla innsparing på 150 millionar kroner på årets budsjett. 23 av årsverk skal sparast inn i nyhenderedaksjonen medan 12 skal takast frå TV2-sporten. Kringkastingsringen er viss på at det på lang sikt vil lønna seg å satsa på kvalitet. TV 2 burde difor ikkje ha kutta meir ned på dei tunge nyhende- og aktualitetsredaksjonane enn det dei allereie har gjort ved å leggja ned graveredaksjonen Dokument 2. No er kanalen i ferd med å svikta samfunnsoppdraget sitt. I jungelen av lette underhaldningskanalar har TV 2 tidlegare vore ein kommersiell aktør som har tatt rolla si som eit seriøst alternativ til NRK, alvorleg. Satsinga på Nyhetskanalen og nyhendesendingane i TV 2 osar av kvalitet og av ankermenn og ankerkvinner med dialektar frå heile landet. Slik har TV 2 klart å bli dialektkanalen, som samtidig også gir plass til dei medarbeidarane som held fast på eit normalisert nynorsk eller bokmål. På den måten har TV 2 gitt dialektbrukarane eit ansikt. Kulturminister Trond Giske kunne fortelja til VG Nett denne månaden at regjeringa ønskte å lysa ut ny konsesjon for allmennkringkasting, men la vekt på at det måtte vera ein open prosess der andre òg fekk høve til å søkja. Kringkastingsringen meiner det er viktig at Kulturdepartementet stiller klare krav i ei ny utlysing. Ein viktig føresetnad for å kunne kalla seg allmennkringkastar, er at ein speglar språk- og kulturmangfaldet i Noreg. Det tyder mellom anna å gi rom for nynorsk, dialekt og samisk i sendingane. Me vil ynskja TV 2 lykke til på vegen utan eller med ein statleg konsesjon i bagasjen. Me er visse på at TV 2 vil leva best, om den held fram med å vera ein kanal for heile Noreg. Då må kanalen visa språkmangfaldet i landet. Kringom nr. 2/2009 november 2009 Kringkastingsringen Postboks 9161 Grønland 0134 Oslo Telefon: 23 00 29 50 post@kringkastingsringen.no Nettstad: www.kringkastingsringen.no Redaktør: Tarjei Vågstøl Form: Tarjei Vågstøl Framsidebilete: Foto: Tarjei Vågstøl Trykkeri: Oslo Aksidenstrykkeri Takk til alle bidragsytarar. 2 Kringom 2 2009

MEDIEMÅLLAGET Samarbeid og synleggjering for nynorsken For andre gong har Mediemållaget skipa til Dei nynorske mediedagane i lag med eit mangfald av samarbeidspartnarar. Styret har vedteke å halda fram med tilskiping i 2010. Berit Rekve leiar i Mediemållaget I år, som i fjor, inviterte vi organisasjonar og verksemder både frå nynorskhald og medieorganisasjonane. Ideen har vore å laga eit torg der samarbeidspartnarar kan koma med program og bidrag dei sjølve ønskjer. Dette har gitt eit program med stor breidd og rom for både kurs, historie, nett, ordskifte, lesestund for dei yngste og fest. Om lag 250 personar var innom dei ulike tilskipingane. Vi trur at Dei nynorske mediedagane kan vidareutviklast og brukast til endå betre tilskipingar og samarbeidsprosjekt på kryss og tvers mellom ulike verksemder. I dei to åra vi har halde på, har vi fått kontaktar langt utover nynorskfamilien. Dette vonar vi mange kan dra nytte av når vi tek til med arbeidet for 2010. Alle som har gode idear, er hjarteleg velkomne til å koma til oss med dei. Og så må vi gjera ein sving innom regjeringa I skrivande stund er det berre nokre timar sidan den nye regjeringa kom på plass. Eg trur alle i nynorskrørsla er spente på korleis dei nye statsrådane i dei departementa som særleg styrer med nynorsken vil følgja opp. Anniken Huitfeldt skal forvalta språk-, kultur- og frivilligheitspolitikken, Kristin Halvorsen skulepolitikken, og Rigmor Aaserud har ansvar for skolering av statstilsette. Alle tre er nye på områda sine, og vi kjem til å følgja opp korleis dei varetek ansvaret for nynorsken. Vi byrjar med å ønskja dei lykke til! Ei julegåve til Kringkastingsringen? Dersom du gjev meir enn fem hundre kroner i gåve til Kringkastingsringen i 2009, kan du trekkja frå beløpet på sjølvmeldinga. Saman med dette nummeret av Kringom ligg det ein giro der vi bed om ei julegåve til Kringkastingsringen. Kringkastingsringen får ikkje noko tilskot av styremaktene til drifta, og gåver frå medlemene gjer det mogleg å skipa til møte og seminar og til å produsera materiell. Utan gåver frå medlemene hadde Kringkastingsringen vore ein mindre synleg og aktiv organisasjon. Det er sjølvsagt heilt opp til kvar einskild om ein vil gje ei slik gåve. Skattefrådag I fjor vedtok Skattedirektoratet at ein kan trekkja frå gåver til Kringkastingsringen på sjølvmeldinga. Slik får dei som gjev gåver nokre av pengane att når skatteoppgjeret kjem til våren. Det er to vilkår for å kunne gjera eit slikt fråtrekk: For det fyrste må ein ha gjeve minst 500 kroner i 2009 (ikkje medrekna medlemspengar), og for det andre må du sjølv syta for å gje oss melding om personnummeret ditt (elleve siffer) innan 15. januar 2010. Vi sender ut brev til alle som kjem inn under ordninga på nyåret, men send oss gjerne personnummeret alt no. På gåvegiroen gjer med framlegg om ei gåve på 300 kroner, slik at dei som gav vårgåve kjem over grensa. Du kan sjølvsagt endra denne summen slik du måtte ynskja! På førehand tusen takk for alle gåver til Kringkastingsringen. 2 2009 Kringom 3

Kringkastingsprisen 2009 Kringkastingsprisen 2009 til Yasmin Syed I 2009 gjekk Kringkastingsprisen til Yasmin Syed, mest kjend som kanalvert i NRK1. Tarjei Vågstøl tarjei@kringkastingsringen.no Syed er ein god ambassadør for nynorsken, og syner at han slett ikkje berre er for vestlendingar, sa Martin Toft under prisutdelinga. Prisen vart delt ut på ein pressekonferanse på Det norske teatret 27. oktober. Til stades var medlemer i Kringkastingsringen, presse og representantar for målrørsla. Det er godt å høyra Yasmin Syed tala nynorsk med tydeleg tonefall frå Vest-Telemark, anten ho gjer det som kanalvert, skodespelar, programleiar eller kommentarrøyst, heldt han fram. Populær røyst Leiar for kanalvertane i NRK, Ragnhild Sælthun Fjørtoft, representerte NRK under prisutdelinga. Ho fekk sjølv Kringkastingsprisen i 1994, og streka under kor viktig ho meinte det var at nynorsken òg har eit munnleg uttrykk. Eg har vore blant dei som ikkje har vore heilt nøgd når prisen har gått til dialektbrukarar, fortalde ho. Kanalvertane i NRK kjem ikkje til å bruka dialekt då lenge eg kan hindra det. Fjørtoft kunne òg fortelja fleire innan NRK var i ferd med å finna ut at kanalvertane var svært gode røyster, og gjerne ville nytta dei til andre oppgåver. Eg kjem til å gjera det eg kan for å halda på Yasmin, fortalde ho. Prisvinnaren Yasmin Syed får overrekt prisen av Martin Toft, styreleiar i Tidlegare prisvinnarar 1978 Hartvig Kiran og Arthur Klæbo 1979 Henning Rivedal 1980 Rolf Myklebust 1981 Olga Meyer 1982 Herbjørn Sørebø 4 Kringom 2 2009 1983 Andreas Lunnan og Gustav Moberg 1984 Steinar Brauteset 1985 Svanhild Mundheim 1986 Ingrid Espelid Hovig 1987 Gunvor Hals 1988 Sigvart Østrem 1989 Nils Gunnar Lie 1990 Per Riste 1991 Martin Lohne 1992 Astrid Brekken 1993 Oddgeir Bruaset

kringkastingsprisen 2009 Grunngjevinga frå juryen Kringkastingsringen (Foto: Kringkastingsringen) Kanalvert i NRK, Yasmin Syed er oppvaksen i Vinje i Telemark, der ho budde frå ho var to år gamal. Ho er fødd i London i 1966, som dotter av norsk mor og far med opphav frå den indiske delen av Kashmir. Men vegen til Telemark var ikkje lang då mora i 1968 tok over farsgarden i Vinje. Karrieren hennar skaut fart etter at ho hadde spela den kvinnelege hovudrolla i filmen Halvveis til Haugesund i 1997. Like etter fekk ho tilbod om jobb som reporter i NRK -Telemark. Ho har vore både programleiar, skodespelar, musikar og kanalvert i NRK. Jula 2008 var ho programleiar for Julemorgen i NRK saman med Kåre Magnus Bergh Dessutan har ho vore programleiar for det direktesende livssynsprogrammet STYRK Live i NRK. Også i TV 2 har ho hatt ei rolle, som politioverkonstabel i TV-dramaet De Syv Søstre. Sjølv om Yasmin Syed har budd både i USA, Skien og i Oslo har ho aldri gitt slepp på Vinjedialekten sin. Difor er det eit normalisert nynorsk med eit tonefall frå Vest-Telemark som karakteriserer språkbruken til Yasmin Syed, og ho brukar dette språket på ein trygg og tillitvekkjande måte, anten ho er kanalvert, programleiar eller les kommentarar til utanlandske TV-dokumentarar Ho viser med dette at nynorsken slett ikkje berre er ei målform for vestlendingar, men ei målform som i høgste grad er levande, også på Austlandet. Kanalvert og programleiar Yasmin Syed er difor ein god ambassadør for nynorsken i norsk fjernsyn, og ein verdig vinnar av Kringkastingsprisen for 2009. Jury for prisen er styret i Kringkastingsringen 1994 Ragnhild S. Fjørtoft 1995 Kari Sørbø 1996 Astrid Versto 1997 Bjørn Bø 1998 Ingvild Bryn 1999 Ingolf Håkon Teigene 2000 Siri Lill Mannes 2001 Egil Johan Ree 2002 Gry Molvær 2003 Arne Hjeltnes 2004 Audhild G. Rotevatn 2005 Are Kalvø 2006 Harald Bøe 2007 Ingerid Stenvold 2008 Trude Teige 2009 Yasmin Syed 2 2009 Kringom 5

KRINGKASTingsprisen 2009 Prisvinnar Yasmin Syed: Språket er verktøyet mitt Kringkastingsprisen 2009 gjekk til Yasmin Syed, kanalvert i NRK. Ein god ambassadør for nynorsk, meinte juryen. Kjartan Helleve kjartan.helleve@nm.no Under utdelinga av prisen på Det Norske Teatret, kom Ragnhild Sælthun Fjørtoft for å helsa prisvinnaren på vegner av NRK. Då ho påpeika at dette truleg var fyrste gongen ein nynorsk språkpris hadde gått til nokon med indisk namn, så klappa prisvinnaren: «Eg klappar for meg sjølv, eg!» Du var glad for å få pris? Ja, sjølvsagt. Fyrst tenkte eg stygge tankar om at no hadde dei gått tom for namn og at eg var den neste på lista. Fort skjøna eg likevel at dette var ein heider eg måtte ta til meg. Språket er verktøyet mitt, og når nokon gjev meg ros for at eg nyttar verktøyet mitt godt, så blir eg jo veldig glad for det. 6 Kringom 2 2009 Meir enn språk Det er ein ganske språkmedviten arbeidsplass du har. Det stemmer. Språket er likevel berre ein ting. I snitt har me femten sekund på å seie det me vil seie. Så ein ting er kva ord og uttrykk me nyttar, men det viktigaste er jo at me greier å formidle det me skal seie på ein god måte. Ein kamerat sa ein gong at folk frå Telemark kan gå seg ein tur på fjellet, vere vekk i tre månader og kome ned og berre ha ei einaste setning å kome med. Men den setninga kan oppsummere heile turen og vere full av visdom og vurderingar. Slik sett så høver eg kan hende godt til arbeidet eg gjer. Er det du som skriv alt du seier? Ja, alt er mine eigne tekstar. Når eg har kveldsvakt, så har eg gått gjennom alt stoffet dagen før. Saman med sendeleiar så ser eg gjennom programma, for så å hente inn så mykje informasjon som mogleg før eg skriv eit manus til neste kveld. Dette manuset blir det alltid endringar på fordi eg til dømes får meir eller mindre tid til disposisjon. Skulle det hende noko heilt gale, så er det sendeleiaren som har det øvste ansvaret, sjølv om det er eg som har skrive det. Tidlegare las sendeleiaren gjennom alt, men det har me slutta med. Meir enn pynt Vil det seie at kanalvertane har fått ein annan status? Det har me nok, i alle fall i NRK. Nokre kanalar har jo heilt kutta ut kanalvertane, men det er av di dei ikkje hadde nokon funksjon. Ofte var dette folk som var tilsette som pynt, og dei las inn tekstane sine gjerne ei veke før det vart sendt. Me som arbeider i NRK er alle journalistar, sjølv om tittelen er kanalvert. Me legg mykje arbeid ned i arbeidet vårt, er informerte og kan snu oss rundt om noko særskild skulle hende. I løpet av dei siste åra, så har resten av huset forstått meir av kva me kan gjere. Så staden for å springe rundt til dei ulike redaksjonane og dra ut informasjon av dei, så er det no dei som kjem til oss i større grad. Ein av funksjonane dykkar er vel å vere eit bindeledd mellom kanalen og sjåarane? Det sit jo nokre eldre og einslege der ute, og me blir nok som ein ven for dei. Me ser jo programma saman. Ser du for deg ein familie, så kan dei snakka om kven som er kanalvert den kvelden eller kva jakke du har på deg. Så det er nok eit band mellom oss og dei som ser på. Du må få mykje brev og slikt. Eg får ikkje så mykje brev, og det er sikkert like greitt. Men når folk kjenner meg att, så får eg ofte respons på språket mitt. Dei seier at dei høyrer kvar eg er i frå, at dei greier å plassere meg eller at dei synest dialekten min er flott. Det set eg jo stor pris på. Meir enn nynorsk Eg trudde ikkje du hadde lov til å nytte dialekt? Det har vel heller ikkje lov til. Men då eg byrja her, var eg i ferd med å skilje meg frå nynorsken. Ragnhild henta meg for at eg skulle snakke nynorsk, og då vart eg nesten litt redd. Eg var redd for å miste min eigen dialekt og ende opp som skodespelarane på det Norske Teatret. Eg likar godt å gå der, men tykkjer måten dei snakkar nynorsk

kringkastingsprisen 2009 Yasmin Syed, her saman med Kåre Magnus Bergh i Julemorgon (2008). (Foto: Arnstein Dypvik, NRK) på, kan bli stiv og upersonleg. Så i byrjinga var eg nok litt rampete og sneik inn dialektord her og der. Sa «sjå» i staden for «hjå». På den måten fann eg fram til ein nynorsk som eg kunne føle meg vel med. Kva sa ho då? Ein dag kom ho til pulten min og sa at det vel strengt teke var «hjå» eg skulle seie. Ja, jo, det var det, og då byrja eg med det. Eg tykkjer det er bra ho er streng og skikkeleg, så får det heller vere oss andre som må prøve ut kvar grensene går og til tider vera litt språkleg rampete. Men eg får framleis lov til å seie «jol» og ikkje «jul». Eg har fått dispensasjon. Meir enn kanalvert Brått går Einar Lunde frå Dagsrevyen forbi oss, der me sit i gangen på fjernsynshuset på Marinlyst. «Hei, prisvinner! Bra! Veldig fortjent!» Syed smiler nøgd. Du har gjort mykje anna før, har mellom anna vore skodespelar. Vil du gjere meir slikt? Alt. Meir skodespel. Meir musikk. Og skrive meir. Meir? Betyr det at du skriv no? Ja. Journalistisk? Nei. Er det ein roman? Nja, eg trur det blir noko som ein ikkje har lese på nynorsk før. No blir eg veldig nyfiken. Nei, du får vente og sjå 2 2009 Kringom 7

NYNORSK mediesenter Nynorsk mediesenter fem år 1. september vart Nynorsk mediesenter i Førde fem år. Det feira dei med både festmiddag, jubileumskonferanse og ei aldri så lita omdøyping. No er namnet NRK Nynorsk mediesenter. Tarjei Vågstøl tarjei@kringkastingsringen.no Nynorsk mediesenter vart oppretta i 2004, og tilbyr eit kort og intensivt kurs i journalistikk for radio, fjernsyn og Internett. Praktikantane får to månader på skulebenken for å læra journalistikk og tekniske verktøy, og fire månader praksis i ulike redaksjonar. Og, ikkje minst: Løn under opplæringa. Etter utdanninga får praktikantane status som «interne søkjarar» til ledige stillingar i NRK i to år. Sidan starten er femti medarbeidarar vortne uteksaminerte frå Førde, og dei aller fleste har funne seg arbeid innan media. Då senteret vart oppretta, var tanken at NRK berre skulle vera ein av fleire eigarar. Etter kvart synte det seg at ikkje vart slik, og NRK-leiinga melde at dei fann seg godt til rette med å eiga og driva åleine. Det nye namnet er meint å understreka tilhøyrsla til NRK. Nynorsk mediesenter har òg vore modell for NRK FleRe, eit opplæringstilbod for å rekruttera fleirkulturelle medarbeidarar til NRK. Ho var distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane frå 1990 til 2004, og har etter vore sjølvskriven leiar for senteret. Utan henne er det slett ikkje sikkert at senteret hadde kome til verda, og fleire NRK-toppar takka «nynorskrefsaren» Øvrebotten for den jobben ho gjorde for å fremja nynorsken i NRK: Ein kringkastingssjef kan ikkje vera redd for nokon, kanskje med unnatak av Magni Øvrebotten, skjemta Hans-Tore Bjerkaas. Tid for alvor Dagen etter var det alvor att. Tema for jubileumskonferansen var «Mangfald i NRK enklare sagt enn gjort?», og blant dei 60 deltakarane var det mange NRKtoppar å finna. For NRK er det viktig å spegla både det kulturelle og det språklege mangfaldet i landet. Mangfald er rett og slett nødvendig for å styrkja og betra journalistikken i NRK, sa kringkastingssjefen. Mellom seminardeltakarane var det brei semje om at dette var målet, men òg om at den store utfordringa var å spreia denne haldninga «nedover» i organisasjonen, til dei redaksjonane som må gjera henne til røyndom. Semja var òg stor om at det ikkje ville vera mogleg å auka nynorskbruken eller talet på fleirkulturelle medarbeidarar utan det jamne tilsiget av journalistar frå NRK Nynorsk mediesenter og NRK FleRe. NRK skal vera ein spydspiss på å utfordra haldningar. Vi skal arbeida for å auka toleransen både for fleirkulturelle og nynorske røyster i eteren. Arbeidet som blir lagt ned i her skal verta teke meir vare på i systemet, lova kringkastingssjefen. Takk vere Magni Under festmiddagen var det tida for lovord, særleg om dagleg Magni Øvrebotten. Feirar fem år: Magni Øvrebotten, dagleg leiar for NRK Nynorsk mediesenter 8 Kringom 2 2009

nynorske mediedagar 2009 Nynorske mediedagar For andre året på rad bad Mediemållaget inn til Nynorske mediedagar i oktober. Tarjei Vågstøl tarjei@kringkastingsringen.no Eit torg, ein møteplass, kallar Mediemållaget tilskipinga, som gjekk frå torsdag 1. oktober til laurdag 3. oktober. Sjølv om Mediemållaget stod står for arrangement, marknadsføring og organisering, hadde fleire av samarbeidsorganisasjonane fått plass til å laga eigne møte under mediedagane. Mellom desse var Kringkastingsringen, som dekte laurdagen med eit seminar om framtida for dialektbruken i TV2. Norskkurs for journalistar Møtehelga byrja med nynorskkurs for journalistar. Asgeir Olden frå Institutt for journalistikk underviste 12 journalistar, redaktørar og informasjonsmedarbeidarar i god nynorsk målbruk. Berit Rekve frå Mediemållaget, koordinator for Mediedagane, var godt nøgd med frammøtet. Eg trur oppmøtet er heilt perfekt for denne typen kurs. Likevel trur eg det er mange som gjerne skulle vore her, men som tykkjer det er langt å reisa til Oslo. Vi har allereie fått oppmoding om å skipa til eit slikt kurs i Bergen. Dei som var meir interesserte i det utforskande språket enn det effektive nyhendespråket, kunne kanskje i staden gå på essaykurset Syn og Segn skipa til fredagen. Frå venstre: Martin Toft, Einar Aadland og Jon Peder Vestad. Vinjefondet Ottar Grepstad kom òg for å orientera om arbeidet med Vinjefondet, som Nynorsk kultursentrum har fått i oppdrag å administrera. Grepstad har tidlegare uttalt at det var viktig å finna ut kvar skoen trykte får ein laga konkrete retningslinjer for fondet. Her var både Redaktørforeininga og Landslaget for lokalaviser inviterte til å koma med innspel. Det var òg tid for å feira 40 årsdagen til Nynorsk pressekontor (NPK) med kake og seminar, før alle kunne samlast til fest på kvelden med Arne Hjeltnes, Erling Lægreid, Gabriel Flirflet og utdeling av Nynorsk redaktørpris. Framtida for TV 2 Kringkastingsringen stod for seminaret på laurdagen, der spørsmålet var kva rolle TV 2 hadde hatt å seia for at det er stadig meir dialekt å høyra på norske TV-skjermar, og korleis ein kunne sikra at denne dialektbruken skulle halda fram når konsesjonstida gjekk ut. Tidspunktet for debatten var nok dårleg valt, for allereie veka etterpå kom nyhenda om at TV 2 ville søkja ny konsesjon. Det kan nok delvis forklara kvifor det var vanskeleg for kanalen å stilla i debatten. Jon Peder Vestad, språkkonsulent i NRK, heldt likevel eit lærerikt føredrag der han gjekk gjennom tilhøvet mellom dialekt og normaltalemål heilt sidan norsk fjernsyn gjekk på lufta for fyrste gong. Konklusjonen hans var rimeleg tydeleg: Norsk fjernsyn har alltid hatt eit innslag av dialekt, eller i det minste dialektprega uttale. Det er lite truleg at TV2 har hatt så mykje å seia for den liberaliseringa vi har sett dei siste åra. I panelet sat òg Einar Aadland frå Hordaland Mållag og Martin Toft frå Kringkastingsringen. 2 2009 Kringom 9

TV2 TV2: Vil søkja ny konsesjon TV2 har no signalisert at dei ønskjer ny konsesjon som allmennkringkastar. Det kan redda kanalen økonomisk og sikra hovudkontoret i Bergen. Tarjei Vågstøl tarjei@kringkastingsringen.no Heilt sidan TV 2 gjekk på lufta har dei gjeve eit verdfult tilskot til allmennkringkastinga her i landet. Dei har vore ein føregangskanal når det gjeld å bruka dialekt i alle typar sendingar, og den sterke bergensredaksjonen har gjort at dei ofte har vinkla saker på ein annan måte, sa Martin Toft, styreleiar i Kringkastingsringen, då planane vart kjende. Når dei no varslar at dei vil søkja om ny konsesjon, tyder det at dei vil forplikta seg å føra dette allmennkringkastingsoppdraget vidare. Det er svært gledeleg. Den gamle konsesjonen I 1991 fekk TV2, med hovudkontor i Bergen, konsesjon for å driva reklamefinansiert allmennkringkasting på det analoge sendenettet. Kabelverksemder var òg pliktige til å vidareformidla TV2 til kundane sine, men utan å betala TV2 særleg for dette. No er det gamle, analoge bakkenettet stengt ned, og TV2 har tidlegare signalisert at dei ikkje var interesserte i å søkja om ny konsesjon når den dei har no går ut 31. desember 2009. Det var før reklameinntektene fall. Økonomiske problem I mai meldte TV 2-sjef Alf TV 2-sjef Alf Hildrum: Vil kutta programpostar og søkja konsesjon. (Foto: Bjørn Erik Larsen, TV 2) Hildrum at kanalen frykta å tena 350 millionar mindre på reklame i 2009 enn i 2008. Årsakene er både å finna i dei dårlege økonomiske tidene og i den harde konkurransen mellom dei kommersielle TV-kanalane. Han varsla både innsparingar og kutt i talet på stillingar. Det var òg snakk om å flytta hovudkvartet til kanalen frå Bergen til Oslo. Om TV2 skulle finna det naudsynt å flytta verksemda ut frå hovudstaden på Vestlandet, ville det vera eit særs alvorleg tilbakesteg for språkleg og kulturelt mangfald, for desentralisering, distriktsutbygging og for ei medieutvikling som Vestlandet og nasjonen elles treng i tida frametter, skreiv Hordaland Mållag i eit brev til fleire departement og stortingskomitear i juni. I oktober presenterte Hildrum løysinga på dei økonomiske problema kanalen stod andsynes: Kanalen vil fleire program, mellom anna debattprogrammet Tabloid og dokumentarprogrammet Dokument 2, seia opp over hundre medarbeidarar, behalda kontoret i Bergen og søkja om ny konsesjon. Formidlingsplikt Eller, «status som formidlingspliktig kommersiell allmennkringkastar», som det heiter no. Like etter lyste Kulturdepartementet ut ein ny konsesjon. Samtidig sendte dei òg eit framlegg om «endringer i kringkastingsforskriftens regler om formidlingsplikt». Den viktige endringa 10 Kringom 2 2009

TV2 Konsesjon i ei ny tid: Når det gamle, analoge bakkenettet forsvinn, får òg konsesjonane ei ny form. her var at den formidlingspliktige kanalen skulle få betalt frå kringkastarane (RiksTV og kanal- og parabolselskapa) for å levera kanalen, og at Medietilsynet skal avgjera dette vederlaget. Fleire, mellom anna TV2 sjølv, har peikt på at dette kjem til å «samlet [ ] beløpe seg til titalls kanskje hundretalls millioner kroner per år.» (brev til Kulturdepartementet, 20.11.09) Det er all grunn til å tru at det framleis er sjåarane som til slutt kjem til å betala denne rekninga. Generelle krav Samtidig som den nye ordninga gjev ekstrainntekter frå distributørane på kanskje hundre millionar, er programkrava i den utlyste konsesjonen ikkje særleg spesifisert. Det einaste språkkravet som ligg føre, er at «Norskspråklige programmer skal utgjøre minst 50 prosent av sendetiden. Kulturdepartementet opnar likevel for å utarbeida ein meir konkret avtale med den som eventuelt får status som formidlingspliktig. Søknadsfristen for konsesjon er 7. desember 2009. 2 2009 Kringom 11

NYNORSK I NRK Framleis store utfordringar for NRK Då Medietilsynet la fram allmennkringkastingsrapporten for 2008 var det på same tid lite nytt og lite å gleda seg over når ein kom til biten om nynorskbruken i NRK. Tarjei Vågstøl tarjei@kringkastingsringen.no I mange år har nynorskbruken i NRK vore på om lag tjue prosent av den totale sendetida, litt over for nokre kanalar. Dette har vore godt under det minstekravet som Stortinget vedtok i Allmennkringkastingsplakaten, men samtidig eit stabilt tal. Dei siste åra har dessutan signala frå NRK gjeve von om ei betring i tala. Vi må berre skjerpa oss. Det finst ingen grunn til at vi ikke skal være bedre på nynorsk, sa kommunikasjonssjef i NRK, Sigurd Sandvin, til NTB i mai i fjor då Allmennkringkastingsrapporten for 2007 vart lagt fram. Kringkastingssjef Hans-Tore Bjerkaas har òg fleire gonger offentleg peika på at det er viktig at kanalen følgjer oppdraget sitt òg på dette feltet. Nedgang likevel For 2008 synte tala derimot ein jamn nedgang for alle kanalar. Kommentaren frå Medietilsynet var skarp: NRK har i flere års regnskaper redegjort for tiltak som er satt i verk for å øke nynorskbruken i kanalene, som Nynorsk mediesenter i Førde. Medietilsynet mener det er å forvente at de ulike tiltakene NRK har satt i Bruken av nynorsk i NRK-kanalane (fjernsyn og radio), 2007 jamført med 2008. Frå Allmennkringkastingsrapporten 2008, s. 197 (Medietilsynet) verk for å øke nynorskbruken, nå må komme til uttrykk i det faktiske programtilbudet til NRK på en slik måte at den negative trenden snus (s. 194 i rapporten) Etterlyste tiltak No ser vi at det ikkje er nok med gode ønskje, sa Martin Toft, styreleiar i Kringkastingsringen i ei pressemelding då rapporten vart offentleggjort. Han kravde ein tiltaksplan frå NRK der dei laga ein målretta plan for korleis dei kan nå det vedtekne minstekravet på 25 prosent innan 2012, og synte til det gode samarbeidet Noregs Mållag har med NRK Super: Når det gjeld barnekanalen NRK Super, har vi hatt ein svært god dialog med leiinga for kanalen om å ta i bruk meir nynorsk og dialekt, og vi veit at dei har sett i verk fleire gode tiltak. Dersom resten av NRK hadde teke nynorsk like alvorleg, hadde dei ikkje hamna i den stoda dei er i idag. NRK kunne ikkje gjera greie for nynorskbruken i dei nye kanalane NRK3 og NRK Super i 2008 fordi dei mangla grunnlagsdata. Uklar måling Bak tala Medietilsynet la til Har ansvaret: Kringkastingssjef Hans- Tore Bjerkaas. (Foto: NRK) 12 Kringom 2 2009

NYNORSK I NRK / VINJEFONDET Vinjefondet: Framleis på statsbudsjettet grunn ligg eit statistisk utval på om lag 1000 tilfeldige minuttar for kvar kanal. All tale (eller teksting) i desse minuttane vert såleis registrerte som anten nynorsk, bokmål eller dialekt, og dialektbruken vert fordelt jamt mellom nynorsk og bokmål. Etter kvart som det har vorte lov å nytta dialekt i NRK, må ein difor rekna med at ein monaleg del det som vert rapportert som nynorsk, «eigentleg» er dialekt. Det er NRK sjølve som har gjort denne granskinga, og analyseavdelinga skriv i ein e-post til Kringkastingsringen at dei reknar med at granskinga har ein feilmargin på om lag to prosent. Det er såleis ikkje heilt sikkert kva for røynleg endring som ligg bak tala. Redaktøren har ansvaret Då allmennkringkastingsrapporten vart offentleggjort, sende Kringkastingsringen og Noregs Mållag eit brev til kulturminister Trond Giske der dei bad om at han måtte krevja ein handlingsplan frå Giske. Dette ønskte departementet ikkje å gjera, under tilvising til at Kringkastingssjefen har ansvaret for den daglege drifta, og at dei difor ville vera varsame med å detaljstyra NRK. I framlegg til statsbudsjett for 2010 er Vinjefondet vidareført med ein halv million kroner, same beløpet som i år. Tidlegare i år vart det klart at Nynorsk kultursentrum har fått i oppdrag frå Kulturdepartementet å administrera fondet. I språkmeldinga Mål og meining vart fondet, «med hovudføremål å styrkja nynorsk journalistikk og anna publisistisk verksemd på nynorsk» lova, etter å ha svirra som ein idé heilt sidan «Kulturløftet» i 2004. Kulturdepartementet meinte det var for tidleg å etablera eit fond allereie i fjor, men sette av ein halv million som ein «tjuvstart», slik statssekretær Wegard Harsvik formulerte det på eit møte i 2009. Denne summen vert no vidareført til neste år. Retningslinjene for fondet vart handsama av styret i Nynorsk kultursentrum 4. desember. Kringkastingsringen: Vikar på kontoret Eirik Wixøe Svela er tilsett som vikar for dagleg leiar frå 1. januar. Dagleg leiar Tarjei Vågstøl, går ut i fødselspermisjon fram til 1. august 2010. Eirik Wixøe Svela (biletet) er tilsett som vikar. Han er 21 år, og kjem frå Bjerkreim i Rogaland. Han er òg sentralstyremedlem i Norsk Målungdom og varamedlem til styret i Noregs Mållag. Med pengesekken til Vinje: Nynorsk kultursentrum skal administrera Vinjefondet (Foto: Anders Aanes) 2 2009 Kringom 13

nynorske medieprisar 2009 Nynorske medieprisar Sjølv om Kringkastingsprisen er eldst, er han ikkje lenger den einaste prisen som lokkar på nynorskbrukande journalistar. Tarjei Vågstøl tarjei@kringkastingsringen.no Dei siste åra har det kome til ei rekkje prisar for å gje heider til dei som gjer ein praktisk innsats for nynorsk i media. Kriteria for prisane er alle litt ulike, så det skal godt gjerast å ta med seg alle saman på ein gong. Her får du hjelp av Kringom til å hugsa kva som er kva. Kulturdepartementet Nynorskprisen til journalistar, som Kulturdepartementet deler ut, er yngst, men i motsetnad til dei andre prisane deler Kulturdepartementet ikkje berre ut heider, men òg pengar: prisvinnaren får 50 000 kroner og eit kunstverk. Prisen skal gå til «ein journalist som har utmerka seg med bruk av levande og god nynorsk i media, og som gjennom arbeidet sitt har gjeve nynorsken status og innpass på nye område.» Prisen vert delt ut på Dei nynorske festspela. Fyrste året gjekk han til Linda Eide (2006). Seinare har Odd-Reidar Solem (TV 2) og Kjell-Erik Kallset (Dagsavisen) fått prisen. I år valde juryen å gje prisen til plateprataren Ronny Brede Aase i NRK P3. Som nynorskbrukande platepratar i P3 når han ungdom når språklege haldningar vert forma og vala tekne. Han kan vere eit Ronny Brede Aase, Kulturdepartementet sin nynorskpris til journalistar (Foto: Nadia Frantsen) føredøme for andre dialekt- og nynorskbrukarar, heitte det i grunngjevinga frå juryen. Nynorsk redaktørpris Sidan 2004 har Mediemållaget delt ut Nynorsk redaktørpris. Føremålet med denne prisen er å «heidra dei redaktørane som gjer ein ekstra innsats for nynorsk som mediespråk.» Dei to siste åra har prisen vorte del ut under festen på Dei nynorske mediedagane. Berre ein redaktør frå etermedia, Per Arne Kalbakk, har fått prisen (2006). I år gjekk prisen til Christian Fredrik Stabell i lokalavisa Os og Christian Fredrik Stabell, Nynorsk redaktørpris. Her saman med Berit Rekve, leiar i Mediemållaget (Foto: Rune Hetland/LLA) 14 Kringom 2 2009

nynorske medieprisar 2009 Eli Kari Gjengedal, Dialektprisen. Her saman med Maria K. Svendsen, leiar i Norsk Målungdom (Foto: Vebjørn Sture, Norsk Målungdom) Fusaposten. Stabell har i sine 36 år som redaktør alltid lagt stor vekt på at lokalavisa for Os og Fusa skal skrivast på eit godt og korrekt nynorsk. Stabells språklege haldning har utan tvil vore medverkande til at nynorsken framleis står så sterkt i Os, like i nabolaget til Bergen, slo juryen fast. Dialektprisen Dialektprisen til Norsk Målungdom vart oppretta i 2001, og gjekk fyrste året til hip-hopgruppa Tungtvann. Prisen går til offentleg kjende dialektbrukarar, og det har vore mange musikarar og programleiarar blant prisvinnarane, mellom anna Linda Eide (2008) og Are og Odin (2006). I år gjekk prisen til Eli Kari Gjengedal, vêrmeldar i TV 2. Ho fekk mykje merksemd då ho song heile vêrmeldinga på melodien til Ola Tveiten tidlegare i haust. Eli Kari sjølv har uttalt at ho syntest det var flaut, men gjennom å tore å gjere det, gjorde ho seg sjølv til eit godt føredøme for andre. Når usikre ungdomar landet over ser henne vise fram dialekten sin på den måten, gjer det godt for den språklege sjølvkjensla, sa Maria Svendsen, leiar i Norsk Målungdom under prisutdelinga. Eit pris-mangfald I tillegg til desse tre prisane finst det ei nærast uendeleg rekkje av lokale målprisar og ei like uendeleg rekkje prisar til flinke journalistar. Det er slett ikkje uvanleg at journalistar vinn dei fyrste og nynorskbrukarar dei andre. På nettsida til Kringkastingsringen prøver vi å melda om slike prisutdelingar, i tillegg til anna stoff om nynorsk og media. Er det noko vi har gått glipp av: send oss gjerne eit tips! Adressa finn du på side to i dette bladet. 2 2009 Kringom 15

Sendar/retur: KRINGKASTINGSRINGEN Postboks 9161 Grønland 0134 OSLO God jul frå Kringkastingsringen!