SOSIAL LÆREPLAN FOR TONNING SKULE

Like dokumenter
Eg må tenke lurt og bruke heile kroppen. Eg må seie høgt til meg sjølv: Dette KAN eg. Det som er vanskeleg kan eg LÆRE meg.

SOSIAL KOMPETANSEPLAN FOR 1.-7.KLASSE I SULDAL KOMMUNE

PLAN FOR SOSIAL KOMPETANSE

Svara i undersøkinga vil bli brukte til å forbetre læringsmiljøet på skolen, og vi håper derfor du svarer på alle spørsmåla.

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

Elevundersøkinga 2016

Vi snakkar fint til og om kvarandre. Vi løyser konfliktar på ein fredeleg måte. Vert du eller andre plaga, sei ifrå til ein vaksen.

Plan for eit trygt og godt skulemiljø

Heilt einig. Litt einig

Oppsummering trivselsundersøking våren 2016

Øystese barneskule April - 08

Sosial handlingsplan 2016 SOSIAL HANDLINGSPLAN - BRINGEDALSBYGDA SKULE KVINNHERAD KOMMUNE.

TRIVSELSREGLAR FOR ROMMETVEIT SKULE.

TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017

Olweusarbeidet i Luster kommune Felles årshjul


Alversund skule Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a Handlingsplikta Opplæringslova 9a 3 andre ledd

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019

Månadsbrev for Rosa september 2014

Spørjeskjema for elevar klasse, vår 2017

Klassemøte med tema frå årshjulet, tre fire møte i kvar bolk. Tidsbruk for kvart møte kan variere frå 10 min 40 min. Viktig å ha god kontinuitet.

Plan mot krenking og sosial utestenging

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Langevåg skule

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING VED SKJÅK BARNE- OG UNGDOMSSKULE

Velkommen til SFO i Forsand 2017/2018

Refleksjon og skriving

HOLEN SKOLES SOSIALE LÆREPLAN

SOSIAL KOMPETANSEPLAN SAGENE SKOLE TRINN

Kvardagsaktivitetar er noko som skjer kvar dag, og difor noko av det viktigaste innhaldet i barnehagen. Vi har satt oss nokre mål for desse

Barneskule elevar 35 lærarar eks leiing (Ca 70 barn i SFO) 50 tilsette i alt Utbygging / renovering

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Handlingsplan mot. mobbing ved. Åheim skule

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, vår 2019

Dersom reglane blir broten, kan det få konsekvensar for den det gjeld.

Forsand skule. der læring og trivsel går hand i hand PLAN FOR HEIM-SKULE SAMARBEIDET

VELKOMSTHEFTE FOR HELLAND SFO

Vedtatt i Skulemiljøutvalet

Informasjon til elevane

Forsand skule. der læring og trivsel går hand i hand PLAN FOR HEIM-SKULE SAMARBEIDET

SYSTEMATISK ARBEID FOR EIT GODT SKULEMILJØ FOR ELEVANE KLØVHEIM SKULE

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for vurdering ved Gimle skule

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

Vennegrupper på Høle Barne- og Ungdomsskule

Trivsel og vekstvilkår

LEIRVIK SKULE. Velkomen til skuleåret

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING I TYSNESBARNEHAGANE

«Positiv atferd, støttende læringsmiljø og samhandling»

Ein trygg stad å vera ein god stad å læra

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Sagstad skule Førskuledag 27. mai Velkommen til foreldremøte for dei nye førsteklassane 2016/2017

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Alle elevar i grunnskulen har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring.

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

SKULEFRITIDSORDNING ÅHEIM SKULE 2016/2017

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Samarbeid heim skule i Skodje kommune

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage

I. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING II. PLAN FOR AVDEKKING AV MOBBING

Utvalg År Prikket Sist oppdatert Hafslo barne- og ungdomsskule (Høst 2015) Trivst du på skolen? 4,3

Handlingsplan. Åheim skule. mot. mobbing og anna krenkjande åtferd. ved

Strategiplan for arbeid med sosial kompetanse og psykisk helse -Rosseland skule- Sosial kompetanse og psykisk helse

Regel Dette betyr at Konsekvens av regelbrot 1. Omsyn og respekt

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for mottak, språkopplæring og integrering av framandspråklege elevar. for.

Manifest. for eit positivt oppvekstmiljø Barnehage Skule - Kultur

Til deg som bur i fosterheim år

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Til deg som bur i fosterheim år

Bjørnehiet SFO - informasjon

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

AVLEVERINGSRAPPORT ETTER FOKUSOMRÅDE NR. 6. FOKUSOMRÅDE: VAKSENROLLA I HENTESITUASJONEN STANDARD: BESTE PRAKSIS

1. AVDEKKING AV MOBBING

GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI)

Informasjon til foreldre

ÅRSPLAN FOR SFO FLATDAL BARNESKULE

Du må tru det for å sjå det

Informasjon frå Bore skule skuleåret Nr 2 - Oktober

BRUKARMEDVERKNAD I SULDALSSKULEN OG SFO

Rettleiar. Undervisningsvurdering ein rettleiar for elevar og lærarar

Barnerettane i SKULEN

Psykologisk førstehjelp i skulen

Sandeid skule SFO Årsplan

TILTAKSPLAN MOT MOBBING LONE SKULE

DEL I: REGLAR OVERORDNA:

Utviklingsarbeid for alle barnehagane i Vestnes kommune

Øystese barneskule. Plan og tiltak ved mobbing og anna uønskt elevåtferd

6-åringar på skuleveg

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø

Referat frå foreldremøte 25. september 2018 Hyllestad barnehage.

Denne planen består av fire deler 1. AVDEKKING AV MOBBING 2. PROBLEMLØYSING AV MOBBESAKER 3. FØREBYGGING 4. KONTINUITET

Velkommen til SFO i Forsand Årsplan 2018/2019

SAMARBEIDSPLAN FOR BARNEHAGANE OG SKULANE I BØ KOMMUNE

Handlingsplan. Åheim skule. Elevane sitt skulemiljø. ved. Godkjent i SU den..

SAMARBEID HEIM OG SKULE

Ordensreglement. Bremnes ungdomsskule

Transkript:

SOSIAL LÆREPLAN FOR TONNING SKULE Syn på læring: "OPPLÆRINGA MÅ RETTAST IKKJE BERRE MOT FAGINNHALD, MEN OG MOT DEI PERSONLEGE EIGENSKAPANE EIN ØNSKJER Å UTVIKLE" Sosial læring får vi: VED Å UTFORME OMGJEVNADER SOM GIR RIKE MULEGHEITER FOR BARN OG UNGE TIL Å UTVIKLE EIT MEDVITE SAMFUNNSANSVAR OG HANDLINGSKOMPETANSE FOR ROLLA SOM VAKSEN ( L97 ) Mai 2016

INNHALD: 1. Føreord 2. Føremål med planen 3. Mål / visjon 4. Felles ansvar: - ansvar i klasserommet - skulen og uteområdet - ansvar for kvarandre - fadderordning 5. Opplæring i sosiale dugleikar: -Slik arbeider vi med sosiale dugleikar på Tonning skule 6. Viktig informasjon til foreldre før start i 1. klasse og viktige fellesskapsevner og fellesskapsverdiar 7. Kompetansemål / mål på elevnivå: -1. og 2. trinn -3. og 4. trinn -5. 7. trinn 2

1. FØREORD Den største gleda du kan ha, er å gjere andre glad. Vi treng å ta omsyn, vise medkjensle og ha omtanke for andre i samfunnet. Det er viktig å legge til rette for felles opplevingar og samhandling i skulen. Berre gjennom samvere med andre kan vi lære korleis vi skal oppføre oss mot kvarandre. 2. FØREMÅLET MED PLANEN - Alle elevar har rett til eit godt arbeids/læringsmiljø. - Vi ønskjer at elevane våre skal ha ein hyggeleg og positiv omgangstone. - Vi ønskjer høflege, ærlege og omsorgsfulle elevar. - For å få til dette har vi i samarbeid med foreldra, laga ei felles ramme for skulen sitt arbeid med sosial kompetanse. 3. MÅL / VISJON All problemåtferd som ikkje skuldast ein diagnose eller andre særeigne tilhøve, bør vere vekke innan utgangen av 4. klassetrinn. Def. Problemåtferd: Problemåtferd er slik framferd som er problematisk for aktøren sjølv og / eller omgivnadene. Det er vanleg å dele problemåtferd inn i gruppene 1) undervisnings- og læringshemmande åtferd, 2) utagerande åtferd,eller at ein går inn i seg sjølv 3) alvorleg norm- og regelbrytande åtferd (Ogden 2002). For å kunne utvikle eit godt oppvekstmiljø, er det heilt nødvendig at skule, SFO og heim samarbeider om oppfølgjing av kvar einskild elev, og om ei felles verdiplattform. 3

4. FELLES ANSVAR: - Elevane skal gjere seg erfaringar ved å få ansvar. - Barn som føler ansvar, tenkjer over konsekvensane av handlingane sine. - Barn som føler ansvar, blir ikkje likesæle. - Å kjempe mot likesæle er ein føresetnad for å fremje tryggheit, tilhøyrigheit og trivsel. Vi vil at alle elevane på kvart årstrinn skal ha eit spesielt ansvarsområde i tillegg til det ansvaret dei har i klasserommet. Elevar og lærerar har ansvar for: 1. trinn: Ein ryddedag av uteleiker for veka. Vi har og ansvaret denne dagen for at leikeskuret er ryddig. Ansvar for å lære seg rett bruk av uteområdet. 2. trinn: Ein ryddedag av uteleiker for veka. Vi har og ansvaret denne dagen for at leikeskuret er ryddig. Passe på at tre rundt 1.- 2. klassebygget er i god stand. Melde frå til inspektør dersom greiner blir brotne. 3. trinn: Ein ryddedag av uteleiker for veka. Vi har og ansvaret denne dagen for at leikeskuret er ryddig. Passe på leikeområdet vest for eigne klasserom. Melde frå til inspektør dersom greiner på trea blir brotne. 4. trinn: Ein ryddedag av uteleiker for veka. Vi har og ansvaret denne dagen for at leikeskuret er ryddig. Teamleiar blir med på møte mellom skule og barnehage. SFO: Ein ryddedag av uteleiker for veka. Vi har og ansvaret denne dagen for at leikeskuret er ryddig. Sortere ut øydelagde leiker. Ansvar for leikehytta. 5. trinn: Ansvar for blomsterkassar på uteområdet 6. trinn: Rydde uteområdet til 17. mai. Har ansvar for å gjere avtale med andre trinn dersom dei treng hjelp. Koste vekk sand under leikeapparata på grusbana. 7. trinn: Ansvar for blomsterbedet ved sørenden av mellomtrinn-bygget. Rydding av grusbana og framfor hovudbygget til helga. Ansvar for å halde 17. mai-tale. 4

FADDERORDNING: GJER AT VI FØLER ANSVAR FOR DEI SOM ER MINDRE ENN OSS. Når ein tek vare på andre, lærer ein å sjå andre sine behov. - 6. trinn elevane er fadderar for elevane på 1. trinn - 7. trinn elevane er fadderar for elevane på 2. trinn. - Kvar vår skal elevane på 5. trinn ta imot og bli kjende med neste års 1. trinn elevar. I utgangspunktet er heile uteområdet ope for alle elevar. Då er det lettare at fadderordninga fungerer. Elevane må rette seg etter dei reglane som gjeld for det området dei oppheld seg på. Elevar som ikkje respekterer reglane, kan visast vekk frå området. 5

5. OPPLÆRING I SOSIALE DUGLEIKAR - God folkeskikk er dei gode skikkane folk brukar når dei er saman. - God oppførsel kjem ikkje automatisk. - Barn må lære seg korleis dei skal oppføre seg. - Vaksne er modellar for all oppførsel. Slik arbeider vi med sosiale dugleikar på Tonning skule: a) Tonning skule har eigen plan mot mobbing. Denne vert brukt aktivt. b) Ordensreglane blir gått gjennom kvar haust på alle trinn. Det er kontaktlærar sitt ansvar å sjå til at dette vert gjort. c) Skulen har rutinar for start og avslutning av dagen, for matpause m.m. d) På alle trinn utarbeider lærarar og elevar klassereglar saman. e) Alle trinn samarbeider med foreldra om eit positivt læringsmiljø. f) Alle vaksne på skulen seier klart ifrå til personar som dei høyrer nyttar stygg og negativ språkbruk på skulen. g) Alle dei vaksne reagerer mot elevar som bryt ordensreglane. Sei ifrå til eleven og varsle deretter kontaktlærar! h) Dei vaksne tek aktivt i bruk talemåtar som god morgon, takk for i dag, god helg, kan du, ver så snill, unnskyld, ver så god, takk, m.m. og forventar at elevane gjer det same. i) Sosial og fagleg opplæring går hand i hand, derfor skal opplæringa i sosial kompetanse vere ein del av mappemetodikken. 6

j) Sosial kompetanse vert vurdert / kommentert på foreldrekonferansar (utviklingssamtalar) og ved skriftleg vurdering på alle klassesteg. k) Alle trinn har zero-timar, minst 2 per mnd. 5. 7. trinn har klasseråd og elevråd. l) SFO føl klassane når det gjeld sosial kompetanse og konfliktløysingsstrategiar. m) Alle trinn har sosiale kompetansemål i mappemetodikken, sjå eigne sider! NB! Det er viktig at nye lærerar/vikarar og nye elevar får kjennskap til planen. 7

6. Viktig informasjon til foreldre Før elevane startar på 1. trinn: - Vi set ofte elevane i hestesko i klasserommet. Dette er for at alle skal få sjå kvarandre og bli godt kjende. Det er og ofte utrygt for elevar å ha andre ukjende elevar bak seg. Forventningar til kva elevane skal klare sjølve ved skulestart: - kunne kle på seg. - kunne gå på do, tørke seg, vaske seg. - ete maten sin utan å vandre rundt. - ha tenlege, merka kle som dei klarer å ordne sjølve. - ha skulesakene dei treng, ikkje meir! Til alle foreldre: Fellesskapsevner vert lært i familien og på skulen: Tradisjonar og gode førebilete/modell-læring Gjennom samtalar og refleksjonar Gjennom handlingar og øvingar Gjennom eiga erfaring Gjennom felles opplevingar Gjennom vanar, rutiner og ritualer Gjennom vennskap Gjennom utfordring og meistring Døme på fellesskapsevner og på fellesskapsverdiar: Å kunne lytte til andre Å kunne vente på tur Ikkje avbrute andre Å innrømme feil Å hjelpe andre Å dele Å trøyste andre Å seie venlege ting til og om andre Å kunne takke Å klare forstå korleis andre har det; ha innlevingsevne Å helse på andre 8

Å snakke sant; vere ærleg Å vere tydeleg på mitt og ditt: ikkje stele Å våge å stå aleine Å tåle å tape Å våge å vere flink og vinne Å ta ansvar Å klare å vurdere konsekvensane av eigne handlingar Å vise tålmod Å kunne gå med på kompromiss Å løyse konfliktar på ein OK møte Å kunne ta imot beskjedar Å kunne tåle kritikk Å vise omsorg og omtanke Å vise initiativ 9

7. Kompetansemål / mål på elevnivå SOSIAL KOMPETANSE; MÅL FOR 1. 2. TRINN EG OG DEI ANDRE nesten sjeldan 1 Eg seier alltid ja når ein åleine spør om å få vere med på leiken. 2 Eg kan spørje andre om å få vere med i leiken. 3 Eg kan seie noko fint til andre. 4 Eg kan løyse oppgåver saman med andre 5 Eg kan lære andre noko som eg har lært. 6 Når andre pratar kan eg lytte utan å seie noko. 7 Eg greier å ta imot ein beskjed frå lærar. 8 Eg greier å vente til det er min tur. 9 Eg greier å bruke ord for å løyse konflikter 10 Eg kan trøste andre når dei er lei seg RO OG ORDEN 11 Eg held orden på plassen min i garderoben. 12 Eg held orden på tinga mine. 13 Eg hentar ting eg treng utan å forstyrre andre. 14 Eg arbeider utan å forstyrre andre. 15 Eg kjem inn når skuleklokka ringjer. 16 Eg rekkjer opp handa når eg vil seie noko eller spørje om hjelp. NB! Dette skjemaet er meint som ei oversikt for lærerar (og foreldre). Til bruk i mappa er måla sette opp som ballongmål. Dette gjer det meir tydeleg for dei minste elevane. 10

11

SOSIAL KOMPETANSE; MÅL FOR 3. 4. TRINN KLARE Å JOBBE SJØLVSTENDIG 1 Eg finn raskt fram det eg treng når eg skal arbeide 2 Eg kjem raskt i gong med arbeidet. 3 Eg prøver å greie oppgåvene sjølv, før eg spør om hjelp. 4 Eg let meg ikkje forstyrre av andre når eg arbeider. 5 Eg greier å sitje stille når eg arbeider. 6 Eg gjer arbeidet mitt så godt og fint eg kan. 7 Eg tek ansvar når vi arbeider i gruppe. 8 Eg greier å lære andre det eg sjølv har lært. nesten sjeldan KLARE Å TA IMOT FELLES BESKJEDAR 1 Når læreren snakkar eller skriv på tavla, arbeider eg ikkje i bøkene. 2 Når eg har fått nye ark i melde-mappa mi, hugsar eg å vise dei heime same dagen. 3 Om eg ikkje forstår kva læraren seier, spør eg. 4 Eg er flink til å gjere det læraren seier med ein gong. VERE HØFLEG OG HENSYNSFULL 1 Eg hugsar å seie hei eller god morgon til dei eg møter. 2 Eg hugsar å seie takk når eg får noko. 3 Eg hugsar å seie takk for hjelpa når nokon hjelper meg. 4 Eg hugsar å seie takk for i dag, eller ha det når eg går heim. 5 Eg snakkar ikkje stygt om nokon andre eller sender stygge blikk. 6 Eg seier ikkje noko som andre kan bli lei seg for. 7 Eg brukar ikkje bannord. TA ORDET I KLASSEN 1 Eg svarer på spørsmål når eg er heilt sikker på at eg svarer rett. 2 Eg kan stå framfor klassen og snakke. 3 Eg svarer på spørsmål sjølv om eg ikkje er heilt sikker på at svaret er rett. 4 Eg snakker så høgt at alle i klassen høyrer meg. 5 Eg snakker engelsk i klassen. 6 Eg les høgt alle typar tekstar, også det eg har skrive sjølv. 7 Eg seier kva eg meiner i klassen når vi diskuterer. 8 Eg syng saman med dei andre. 9 Eg spør når det er noko eg lurer på. 12

SOSIAL KOMPETANSE; MÅL FOR 5. 7. TRINN DETTE MÅ EG ARBEIDE VIDARE MED ETTER 4. TRINN nesten sjeldan 1 2 MEG SJØLV 1 Eg greier å uttrykje eigne meiningar. 2 Eg aksepterer andre sine meiningar. 3 Eg greier å vere roleg ved skifte av lærar. 4 Eg hugsar munnlege meldingar. 5 Eg rettar meg etter fellesbeskjedar utanfor klasserommet 6 Eg kan ta imot rettleiing frå alle lærarar. 7 Eg kan endre meining om eg forstår at eg har feil. 8 Eg kan innrømme feil. LÆRINGSARBEID 1 Eg greier å lære til andre det eg sjølv har lært. 2 Eg greier å setje meg realistiske mål. 3 Eg arbeider aktivt etter dei måla eg har sett meg, både delmål og mål frå utviklingssamtalen. 4 Eg greier å endre dei personlege måla mine dersom dei er for lette eller for vanskelege. 5 Eg arbeider sjølvstendig 6 Eg kan vurdere arbeidet mitt på ein god og realistisk måte. 7 Eg kan arbeide utan stadige tilbakemeldingar frå lærar. 8 Eg tek ansvar når vi arbeider i gruppe. 9 Eg greier å arbeide etter måla på vekeplanen/ arbeidsplanen. FADDERORDNINGA 1 Når eg er ilag med fadderbarnet passar eg på at han/ho har det bra. 2 Eg er saman med fadderbarnet mitt av og til i friminutta. 3 Eg er positiv og eit godt føredøme for fadderbarnet. MOBBING/PLAGING 1 Eg deltek ikkje i mobbing eller utestengjing. 2 Eg veit kva som står i mobbeplanen for Tonning skule. 3 Eg seier ifrå til ein vaksen dersom nokon blir plaga. 4 Eg seier ifrå til dei som plagar andre. 5 Eg hjelper nye elevar. 6 Eg gjer noko med det dersom eg ser at nokon ikkje har det bra. 7 Eg sender ikkje ufine meldingar på mob.tlf. eller PC. 13