B E R G TAT T Ny hovedutstilling på NORSK FJELLMUSEUM OPPLEV, LÆR, BLI INSPIRERT F J ELLT U R I S M EN O G F J ELLH I S T O R I A BREARKEOLOGI K LI M A N A S J O N A LPA R K A R F J ELLV I T EN
NORSK FJELLSENTER I LOM Norsk fjellsenter har som mål å formidle kunnskap om natur- og kulturhistorie i fjellområda i Noreg. Senteret skal inspirere og førebu til trygg og berekraftig ferdsel i fjell og nasjonalparkar. "Bergtatt" er tittelen på den nye hovudutstillinga ved Norsk fjellsenter og opninga av den er lagt til juni 2018. Tittelen på utstillinga spelar på verknaden fjella har hatt på folk i uminnelege tider. Gjennom stemningar, personlege historier og opplevingar ved bruk av fleire sansar, er målet at utstillinga skal skape refleksjonar kring kva fjellet betyr for menneske, både i eit historisk perspektiv, men òg i dag. Bergtatt skal formidle både dei små og store historiene om samspelet mellom menneske og fjell, og ein ynskjer å auke bevisstheita kring ressursane i fjellet. 2018 markerer fleire viktige hendingar i norsk kulturhistorie knytt til fjellet. Det er 150 år sidan DNT vart stifta og 200 år sidan Aasmund Olavsson Vinje vart fødd. Vi har eit tett samarbeid med DNT, der eit felles mål er at utstillingsopninga skal vere ein del av DNT sitt 150-årsjubileum i 2018. Fjellturismen sin utvikling i området er eit viktig tema i den nye utstillinga. Claus Helberg deponerte gjenstandar og arkivmaterial på fjellmuseet i samband med stiftinga av Norsk Fjellmuseum i 1991. Samlinga omfattar mellom anna arkiv- og gjenstandsmaterial frå den fyrsten fjellturismen og den tidlege perioden til DNT. Patentførarar, framandbøker og donasjonar til DNT gjort av kjende personar som Carl Hall, Howard Priestman, Morten Borrelly og Gunnar Raabe. Materialet omfattar òg eit tusentals fotografi frå fjellet og fjellturismen frå slutten av 1800-talet og fram til 1960. Ei anna interessant og særs verdifull samling er dagbøkene, skissene og fotografia til William Cecil Slingsby, deponert av Norsk Tindeklubb. I 2006 vart Noregs eldste sko, 3400 år gamal, funne på Kvitingskjølen i Lom. Det var starten på arbeidet med dei brearkeologiske funna som fjellmuseet i samarbeid med Oppland fylkeskommune og Kulturhistorisk museum i Oslo tek ansvar for å sikre, verne og formidle til besøkande. Brearkeologien er eit relativt nytt forskingsfelt, og 50 % av dei brearkeologiske funna i verda er gjort i Oppland. Det vart skrive ei intensjonsavtale mellom partane som sikrar museet moglegheita til å stille ut desse gjenstandane, og dei vil få ein sentral plass i den nye utstillinga. Avtala synleggjer også langsiktige ambisjonar knytt til funn formidla i utstillinga i museet. mest kjende av dei alle og har inspirert kunstnarar og fjellfolk i over 200 år. Utstillinga tek for seg Jotunheimen, Reinheimen og Breheimen spesielt, og formidlar verdiar og utfordringar knytt til bruk og vern. Fjellområda og nasjonalparkane museet formidlar er nasjonale og internasjonale ikon, og museet skal synleggjere unike verdiar og forvaltinga av desse, på vegne av Noreg. Det gamle auditoriet på fjellsenteret blir gjort om til "Fjellviten", eit minivitensenter. Tema i "Fjellviten" er spesielt knytt til kunnskap formidla i klimaparken på Juvflye. Her kan besøkande utforske naturkreftene i fjellet gjennom interaktive modellar, og mellom anna lære korleis vatn og is former fjellandskapet. Her kan ein lære om vêr og klima og korleis desse kreftene blir opplevd i fjellet. Forskare innan biologi, geologi, klima og vær formidlar små og store fenomen i fjella gjennom video og animasjonar. Mai Bakken dagleg leiar Oppland fylke er nasjonalparkfylket framfor noko, med heile sju nasjonalparkar. Jotunheimen er den 2 3
INNHALD Reflekterer du over kva fjellet betyr for deg, tenkjer du over kva du må gjere for å ta vare på det. Forord... 2 Bergtatt... 5 Planskisse utstilling... 6 Utstilling inndelt i tema... Fjellturismen og fjellhistoria... 7 Brearkeologi... 8 Klima... 9 Nasjonalparkar... 10 Fjellviten... 11 Budsjett... 12 Mål og ambisjonar... 13 UTGJEVE AV: Norsk Fjellmusuem DESIGN: Løwehjerte design AS, og IVK Design. TRYKK: Konsis AS FOTO: Framside foto: "Berg" av Ida Visdal Kolden Jørgen Skaug: side 2 og 33. Espen Finstad: side 32 Nasjonalparkriket reiseliv: side 4, 6 og øvst til høgre side 19 Jan Stokstad: side 8 Universitet i Oslo, Kulturhistorisk museum, Vegard Vike: side 22 og 23 Norsk Fjellmuseum: arkivbilde frå samlinga ILLUSTRASJONAR OG TEIKNINGAR: Nordplan AS i Vågå, med unntak av side 18 og 19 som er laga av LPO arkitektfirma. 4 5 Norsk Fjellmuseum Postboks 5, 2688 LOM E-post: mai.bakken@fjell.museum.no
FJELLTURISMEN OG FJELLHISTORIA "BERGTATT" 500 kvm ny utstilling Målet med utstillinga er å auke bevisstheita kring ressursane i fjellet og vise korleis fjellet inspirerer på ulikt vis. Utstillinga skal formidle natur- og kulturhistoria i fjellområda i Noreg med i eit lokalt og regionalt perspektivt. Overordna tema er forhaldet mellom menneske og fjell og korleis menneske har brukt og bruker fjella. Utstillinga skal inspirere folk til å reise til fjells, til å lære og skaffe seg meir informasjon. Hovudfokus er ressursutnytting, utvikling av turismen og friluftslivet i fjellet. Gjenstandssamlinga frå DNT og Claus Helberg er sentral, likeeins gjenstandar som teltet til "Tre i Norge ved to av dem", bileter og anna materiale knytt til William Cecil Slingsby frå Norsk Tindeklubb. Fjellet har vore grunnlag for identitet og tilhøyre og vi ynskjer å syne mangfaldet av verdiar i fjellet. Ein fotovegg med fleire tusen bilete illustrerer folk sine fjellopplevingar og gjennom videoportrett blir ein kjend med ulike fjellfolk. Dei besøkande får også oppleve atmosfæren i ei turisthytte for 50 år sidan og lære meir om fjellaktivitetar før og no. Utstillinga blir bygd opp som eit fjellandskap der ein kan gå inn og ut av rom i fjellet, og oppleve gjennom å bruke fleire sansar. Stemning, ljos og lyd skifter som eit døgn i fjellet. 6 7
BREARKEOLOGI KLIMA Over 50 % av dei brearkeologiske funna i verda er gjort i Oppland fylke. I utstillinga syner vi spennande gjenstandar som har smelta ut av isen og fortel historia om menneska bak funna. Funna er frå vikingtid og heilt attende til steinalderen. Fleire ikonfunn blir presentert, slik som kjortelen frå Lendbreen, bronsealderskoa frå Kvitingskjølen og mannsgrava frå Læshøe. Korleis påverkar klima livet i fjella. Fjellet har mange sårbare økosystem og små endringar kan få store konsekvensar. Lemen som nøkkelart i fjellet blir brukt som eksempel. Den rekonstruerte mammuten blir også ein del av dette temaet. Målingar og registrerar i Klimapark 2469 blir formidla her. 8 9
NASJONALPARKAR Kvifor vernar vi noko natur framfor anna? Utstillinga syner bakgrunnen for opprettinga av nasjonalparkar og innhald i verneforskrifter og verneverdiar. Hanna Resvoll-Holmsen sitt engasjement kring vern av Jotunheimen er ein av historiene vi ynskjer å ha med. Ein videovegg tek dei besøkande inn i dei 3 nasjonalparkane Jotunheimen, Reinheimen og Breheimen gjennom eitt år og syner mangfald og variasjon i landskapa. På eit golvkart med nasjonalparkane kan dei besøkande sjølve "gå" i landskapet. FJELLVITEN Tema i Fjellviten er spesielt knytt til kunnskap formidla i klimaparken på Juvflye. Her kan dei besøkande utforske naturkreftane i fjellet gjennom interaktive modellar og mellom anna lære kva rolle vatn og is har hatt i å forme fjellandskapet. Dei lærar om forskjellen på vær og klima og korleis desse opplevast i fjellet og får møte forskare innan biologi, geologi, klima og vær. 10 11
BUDSJETT "BERGTATT" Utgifter Prosjektleiing 1 200 000 Utstillingsdesigner 950 000 Reisekostnad og møter 150 000 Utvikling og produksjon av 366 m2 utstillingsareal 5 758 000 Fjellviten 2 000 000 Uforutsett 500 000 Sum 10 558 000 Finansiering, løyvd Regionrådet Nord Gudbrandsdal 400 000 Sparebank 1 Lom og Skjåk 500 000 Oppland Fylkeskommune 2 000 000 Miljødirektoratet 1 000 000 Sparebankstiftinga DNB 800 000 Eigenandel 1 000 000 Nasjonalparkstyra Jotunheimen og Reinheimen 114 720 Manglande finansiering 4 743 280 Sum 10 558 000 Manglande finansiering, søkjer Kulturdepartementet 2 000 000 Oppland fylkeskommune 2 000 000 Innovasjon Norge 800 000 Sum 4 800 000 12 13
AMBISJONAR FOR NORSK FJELLSENTER NÅ OG FRAM I TID Vera det mest heilhetlege og spennande fjellsenteret i Noreg Ta ei nasjonal rolle knytt til formidling av fjellet si natur- og kulturhistorie, ressursar og kvalitetar. Vi bruker natur- og kulturarven som ressurs i utviklingsarbeid med mål om brei verdiskaping. Skape ein aktiv formidlingsarena for barn og unge som spreier kunnskap og interesse knytt til berekraftig forvalting og bruk av fjella til nye generasjonar. Styrke eit utviklingsretta miljø knytt til forvaltning, forsking og formidling av fjellet si historie, ressursar og kvalitet. Formidlinga på Norsk fjellsenter skal skape engasjement og refleksjonar som førar til berekaftig handlingskompetanse. «Reflekterer du over kva fjellet betyr for deg, tenkjer du over kva du må gjere for å ta vare på det.» 14 15
Norsk Fjellmuseum Postboks 5, 2688 LOM E-post: mai.bakken@fjell.museum.no www.norskfjellsenter.no