Høyring - ny ferjestandard og utrekning av ferjekriteriet i inntektssystemet

Like dokumenter
Som figuren over viser, er Møre og Romsdal det største ferjefylket både målt i talet på passasjerar og kjøretøy.

Julaften/nyttårsaften Lørdagsrute fram til siste tur kl for B-ferja fra Sulesund, og kl for A-ferja fra Sulesund.

Julaften/nyttårsaften Søndagsrute fram til siste tur kl for B-ferja frå Sulesund, og kl for A-ferja frå Sulesund.

1.juledag Søndagsrute frå ki.1045, som blir første tur frå Ãrvika. Første tur frå Koparneset blir kl.1100.

Ferjerevolusjon i Møre og Romsdal -

Ferjedrift Åfarnes-Sølsnes i perioda

Inndekning av auka kostnader i ferjedrifta frå 2020

Sterk trafikkvekst og mye dårlig fergemateriell hva skjer? mars Arild Fuglseth, samferdselssjef

Ferjeruter for jul og nyttår 2016/17

Ferje- og hurtigbåtrute. Møre og Romsdal. Gjeld frå 1. mai 2015 til og med 30. april Foto: Terje Aamodt

Mogleg kapasitetsauke på sambanda Hareid - Sulesund, Sølsnes - Åfarnes og Eidsdal - Linge

Endra konkurransesituasjon, løns- og drivstoffkostnader og at reiarlaga prisar risiko høgare, er dei viktigaste årsakene til at prisane går opp.

Ferje- og hurtigbåtruter. Møre og Romsdal. Gjeld frå 01. mai 2016 til og med 30. april Foto: Terje Aamodt

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet

Økonomiske konsekvensar av ferjeanbod Hareid - Sulesund og Sykkylven - Magerholm

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet

Ferje- og hurtigbåtruter. Møre og Romsdal. Gjeld frå 01. mai 2017 til og med 30. april Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune

Oppsummering fylkesrådmann

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

Saksnr Utval Møtedato SA 61/14 Samferdselsutvalet

Null og Lavutslipp ferjer - nye anbud i Møre og Romsdal

Ferje- og hurtigbåtrute for Møre og Romsdal

Utfordringar på fylkesvegnettet

Saksbehandlar: Øystein Hunvik, Samferdsleavdelinga Sak nr.: 16 /

Konsekvensar av Autopass-regulativ på ferjesamband

Tilpassing av ferjetilbodet i Hardanger som følgje av endring i trafikkgrunnlaget

Saksnr Utval Møtedato Fylkesutvalet

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

Saksnr Utval Møtedato U 17/18 Fylkesutvalet

Kystekspressen - Hurtigbåtsamarbeid fylkeskryssande rute

TS midlar - mindre tiltak - status, korrigering og tiltak for 2018

Omklassifisering av fylkesveg til riksveg

Saksnr Utval Møtedato Fylkesutvalet Fylkestinget

Omklassifisering av eksisterande strekningar på E134 i samband med bygging av Stordalstunnelen i Etne kommune - ny høyring

Prøveprosjekt med ekspressrute E39 Mørebyane - Trondheim

Kontrollrapport - Overføring av fylkesvegadministrasjonen

Utarbeiding av trafikktryggingsstrategi for Møre og Romsdal

1. Samandrag I sak 13/12 vedtok hovudutval for samferdsle m.a. at strekninga Ånneland - Skipavika vert omklassifiserte frå fylkesveg til kommunal veg.

Tabell E-fk viser kriteriedata som ligg til grunn for berekninga av indeksverdiane som er vist i tabell D-fk.

Oppfølging handlingsplan - Koordinerande einingar, individuell plan og koordinator

Samferdselsutvalet Møtestad: Finnøy sjøhus , befaring og utvalgsmøte Protokoll nr: 3/18

Omklassifisering av vegnettet som følgje av Bremangersambandet II

FRAMTIDIG FERJELEIE PÅ VARALDSØY I KVINNHERAD KOMMUNE

Funksjonsinndeling av fylkesvegane i Møre og Romsdal

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

Møteinnkalling. Utval: Plannemnd for samferdselsutbygging Møtestad: Rom 700 Fylkeshuset, Molde Dato: Tid: 10:30

SAKSPAPIR. Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr. Formannskapet /15

Bømlopakken - Gang- og sykkelveg langs Fv 542 Stokkabekken/Siggjarvåg - ny løysing treng godkjenning

Uttale - Høyring forslag til endring i organisering av skuleåret i vidaregåande opplæring

Høyring - Ferjerute Vangsnes - Hella - Dragsvik og Mannheller - Fodnes ved neste kontraktsperiode

HARAM KOMMUNE Sakspapir

Bompengefinansiering av fellesprosjektet E136 Tresfjordbrua og E136 Vågetunnelen - uttale frå Vestnes kommune

Alternativ tilrettelegging for syklistar ved innføring av sykkelforbod gjennom fv. 62 Øksendalstunnelen

UTTALE - TIL "FORSLAG FOR NYE KRITERIER FOR FASTSETTELSE AV SÆRSKILTE FARTSGRENSER FRA 60 KM/T TIL 100 KM/T".

Behandling i Samferdselsutvalet Det legges fram vedtak med 3 nye pkt. ang. etterslep, ferje og rassikring.

Høyring - Rapport om overføring av ansvar for kjøp av innanlandske flyruter til nye folkevalde regionar

Orientering om mindre ts-tiltak 2019 og prioritering for 2020

Statens vegvesen. Vurdering framtidig ferjebehov dersom det ikkje vert realisert ferjefritt samband over Bjørnafjorden.

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Ferjesambandet Hareid-Sulesund, avvik 2015 og kapasitet 2016

Ny kostnadsnøkkel for båt og ferje

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Finansiering av ikkje-kommunale barnehagar i Kvinnherad 2011.

1. Opsjonen på ferjesambandet bør ikkje nyttast. Ny kontraktsperiode bør vere frå januar 2017.

HØYRINGSUTTALE - STATENS VEGVESEN SITT FRAMLEGG TIL STATSBUDSJETTET 2012

Høyring forslag om overgang frå Vg1 studiespesialiserande til yrkesfaglege programområde på Vg 2

Høyring Forslag om endringar i privatskulelova Innføring av midlertidig dispensasjonsregel

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 216 Arkivsaksnr.: 13/197

NTP - hovudutfordringar

Jondalstunnelen AS- Takstreduksjon

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet Faktatal Pr 1. oktober 2015 hadde vi slike tal drosjeløyve i drift i Møre og Romsdal:

Saksnr Utval Type Dato 008/18 Formannskapet PS Formannskapet vedtek følgjande medlemmer til den politiske arbeidsgruppa:

Nytt inntektssystem for kommunane - konsekvensar for Nordhordland

HØYRINGSUTTALE - RAPPORT FRÅ ARBEIDSGRUPPE MED FRAMLEGG OM ENDRINGAR I OPPLÆRINGSLOVA NÅR DET GJELD FAG- OG YRKESOPPLÆRINGA

Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Postboks 8112 Dep., 0032 Oslo. Høyringssvar - framlegg til nytt inntektssystem for kommunane

Omklassifisering av delstrekningar fv 4 i Gulen kommune

Saksnr Utval Møtedato Fagskolestyret i Møre og Romsdal I sak FAG 15/17 Økonomirapportering vart det fatta slikt samrøystes vedtak:

Fjell kommune Arkiv: 320 Saksmappe: 2016/ /2016 Sakshandsamar: Monica Pedersen Dato: SAKSDOKUMENT

Høyringsbrev med forslag til endring av lov 21. juni 2013 (jordskiftelova)

Varslingsanlegg med lysregulering for Grandefonna på fv. 63

OPPLÆRINGSAVDELINGA. Utval Saknr. Møtedato Utval for opplæring og helse

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

Kostnader for bussar i kø i Bergensområdet

Saksnr Utval Møtedato SA-38/12 Samferdselsutvalet

Vedlegg: AU-sak 6/13 Ferjedrift som flaskehals på kyststamvegen E39

Etne kommune SAKSUTGREIING

Nytt inntektssystem for kommunane - konsekvensar for Nordhordland

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret BETALINGSSATSAR I SFO, KULTURSKULE OG BARNEHAGAR 2015

Dialogkonferanse Nye ferjeanbod

Framlegg Handlingsprogram Kompetanse og Verdiskaping 2017

Vurdering av eit tilbod innan blått naturbruk på Nordmøre

Side 2 av 6 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/13 13/91 Faste saker 002/13 09/635 Utbygging ved Samnangerh

MØTEINNKALLING. NB! Det vil bli lagt opp til ei vidare drøfting av formannskapet sitt buddsjettframlegg, jf. f.sak 89/13 frå møtet

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

Undersøkinga repeterte hovuddelen av spørsmåla frå dei tidlegare undersøkingane. Slik kan ein måle eventuell endring over tid på følgjande område:

Møre og Romsdal fylkeskommune og Statens vegvesen Region midt gir saman ut ruteheftet for ferje- og hurtigbåtrafikk i Møre og Romsdal.

Høring - Takster i kollektivtransporten i Møre og Romsdal

Saksprotokoll. Arkivsak: 11/794 HØYRING - NASJONAL BESTEMMING OM LÆRARTETTLEIK I GRUNNSKOLEN

Transkript:

saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 11.04.2018 47808/2018 Olav Arne Vatne Saksnr Utval Møtedato SA 28/18 Samferdselsutvalet 15.05.2018 Fylkesrådmannens tilråding 24.05.2018 Fylkesutvalet 04.06.2018 Høyring - ny ferjestandard og utrekning av ferjekriteriet i inntektssystemet Bakgrunn Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) har sendt ut høyring om ny ferjestandard, og utrekning av ferjekriteriet/kostnadsnøkkel i inntektssystemet for fylkeskommunane. Eit av kriteriene i den nye kostnadsnøkkelen for ferjedrift, er dei normerte ferjekostnadene for kvart enkelt samband. Denne nye kostnadsnøkkelen gjeld frå 2018. Kriteriet er utvikla av Møreforsking på oppdrag frå KMD. Kriteriet reknar dei normerte nettokostnadene ved å drifte dei fylkeskommunale ferjesambanda. Det er teke utganspunkt i standarden for ferjetilbodet frå Nasjonal transportplan 2010-2019. KMD gav Vegdirektoratet i oppdrag å oppdatere ferjestandarden i 2017, som følgje av tilbakemeldinga frå fylkeskommunane om at ferjestandarden i NTP 2010-2019 var utdatert. Det oppdaterte forslaget ligg med som vedlegg. Ny ferjestandard er utarbeidd av ei arbeidsgruppe i Vegdirektoratet. Fylkeskommunar med ferjedrift har delteke i dette arbeidet gjennom ei referansegruppe. Vegdirektoratet har gjennomført to møter med referansegruppa, samt at fylkeskommunane har rapportert inn data og levert faglege innspel. Departementet ønskjer at fylkeskommunane skal få vurdere forslaget til ny ferjestandard før den skal eventuelt leggast til grunn for utrekning av kriteriet normerte ferjekostnader. Departementet har sendt rapporten frå Vegdirektoratet ut på høyring, og fristen er sett til 25. mai 2018. Av denne grunn blir denne saka handsama i fylkesutvalet etter at høyringsfristen har gått ut. Om bruken av ny ferjestandard Bakgrunnen for oppdatering til ny ferjestandard er at den skal nyttast i utrekninga av ferjekriteriet i inntektssystemet for fylkeskommunane. Ein føresetnad for kriteriet er at berekningane tek utgangspunkt i ein felles standard eller norm for ferjetilbodet, som til dømes tal avgangar og opningstid.

Ein ny utrekning av ferjekriteriet med utgangspunkt i ein oppdatert ferjestandard kan dermed få konsekvensar for fordelinga av rammetilskott mellom fylkeskommunane. Departementet har vore tydeleg i heile arbeidet med ny ferjestandard at det ikkje vil ha nokon verknad for storleiken på ramma som blir fordelt etter ferjekriteriet i inntektssystemet. Ferjestandarden som er på høyring, er Vegdirektoratet sitt forslag. Blir dette vedteke vil fylkeskommunane framleis stå fritt til å leggje seg på eit høgare, eller lågare servicenivå enn det som kjem fram i forslaget til ny standard, utan at dette vil ha nokon innverknad på utrekninga av ferjekriteriet. Departementet ber om fylkeskommunane sin vurdering om forslaget til ny ferjestandard bør leggast til grunn for utrekninga av normerte ferjekostnader. Vurdering Vegdirektoratet har utarbeidd ein revisjon av ferjestandarden frå 2010-2019. KMD har særskilt bede fylkeskommunane gje tilbakemelding på følgjande punkt: 1. Definisjon og utrekning av sambandslengde i samband med fleire strekningar (fleirkantsamband) 2. Spesifisering av dimensjonerande strekning for plassering i standardklasse i fleirkantsamband 3. Om fleire strekningar i same område skal definerast som eitt eller fleire samband 4. Kva inntektsdata som skal nyttast for utrekning av netto ferjekostnader 5. Kva trafikkdata som skal leggast til grunn for berekninga Definisjon og berekning av sambandslengde i samband med fleire strekningar (fleirkantsamband) Departementet meiner at sambandslengda i fleirkantsamband kan knytast opp mot den faktiske ruteproduksjonen, slik at den gjev eit uttrykk for den faktiske utsegla distansen. Ein legg opp til at sambandslengda blir fastsatt éin gong, og ikkje justert etter endringar i rutemønsteret. Dette for å hindre at utrekninga av sambandslengde skal verke inn på korleis fylkeskommunane legg opp rutetabellane frå år til år. Ein vil likevel kunne gjere endringar ved større omleggingar av rutemønsteret. Departementet foreslår at sambandslengda i fleirkantsamband blir utrekna etter følgjande prinsipp: 1. I samband der alle eller dei fleste avgangane er innom alle anløp, reknast sambandslengda som distansen mellom alle anløpa. 2. I samband der eitt eller fleire anløp ikkje trafikkerast på ein stor del av avgangane, reknast sambandslengda som lengda på hovudstrekninga pluss ein vekta del av lengda på tilleggstrekningane. Ein vil likevel ta omsyn til at ein del avgangar har ein lengre rute enn hovudstrekninga/hovudruta.

Utrekninga av sambandslengda blir som følgjer: rundturlengde= (lengde hovedrute+(lengde tilleggsstrekning avganger tilleggsstrekningavganger i alt)) * 2 avganger i alt Hovudruta er den eller dei strekningane på sambandet som trafikkerast på alle eller dei fleste avgangane. Ein tilleggstrekning er strekningar som berre trafikkerast på noen av avgangane. «Avgangar tilleggstrekning» er normalt tal avgangar som går på tilleggstrekningane i løpet av ei veke. Ved store sesongvariasjonar skal ruta som gjeld den største delen av året leggast til grunn. «Avgangar i alt» er normalt tal avgangar i alt på sambandet i løpet av ei veke, både dei som berre trafikkerer hovudstrekningane og dei som også trafikkerer tilleggsstrekningane. Den samla lengda éin veg multipliserast med to for å kome fram til rundturlengda. I nokre samband er det fleire tilleggstrekningar som går i ulike retningar ut frå hovudstrekninga. I slike høve skal det bereknast ein vekta lengde på alle tilleggsstrekningane. Nokre strekningar trafikkerast berre som signalanløp, eller kan bli forlenga som følgje av signalanløp. I desse høva reknast tilleggslengda som følgje av signalanløp med ein samla rundturlengde, og vektast inn etter anslag på avgangar som normalt går innom signalanløpa. Møre og Romsdal fylkeskommune er samd i prinsippa for utrekning av sambandslengde i ferjesamband, og slik vi forstår sambandslengda er denne saman med frekvens grunnlaget for produksjonsutrekninga. Frekvens blir bestemt ut i frå trafikkgrunnlag. Desse to faktorane gjev etter vårt syn eit objektivt bilde av produksjonen.

Spesifisering av dimensjonerande strekning for plassering i standardklasse i fleirkantsamband Tabellen viser forslaget til revidert ferjedriftsstandard 2018. Vegdirektoratet har gjort ein vurdering av dimensjonerande ferjestrekningar i fleirkantsamband og kome fram til to prinsipp som departementet støttar. Ein har identifisert to prinsipp ved kategorisering av fleirkantsamband: 1. Hovudstrekning - alle samband som har ein hovudstrekning med 80 % av totaltrafikken i sambandet eller meir, skal lengda på hovudtrekninga leggast til grunn for kategorisering. Summen av trafikk på alle strekningane leggast til grunn for kategorisering i standardklasse. 2. Hovudrute alle samband kor trafikken er fordelt på fleire strekningar og ruteproduksjon forgår på ei hovudrute vil lengde på hovudruta og summen av trafikk på alle strekningar takast med i kategorisering i standardklasse. Ein må vere merksam på at den dimensjonerande strekninga berre har konsekvensar for kva standardklasse eit samband blir plassert i. I berekningane av til dømes forbruk av brensel, vil sambandslengda blir fastsatt etter sambandslengda som er distansen mellom alle anløpa. Bruken av dimensjonerande strekning kan innebere at nokre samband plasserast i ein høgare standardklasse enn kva dei elles ville ha hatt, med eit høgare tal normerte avgangar. Forholdet mellom standardklasse og kategorisering finn vi til dømes i standardklasse 4 i tabellen ovanfor. Standardklasse 4 gjeld samband med trafikk mellom 100-500 PBE ÅDT og kategorisering gjeld lengda på sambandet.

Tabellen syner kategorisering av fleirkantsamband: Samband 01 Larsnes-Åram- Voksa-Kvamsøy 12 Sæbø-Lekneset- Standal-Trandal 32 Småge-Orta- Finnøya-Sandøya-Ona 22* Brattvåg-Dryna- Fjørtofta-Harøya Hovudstrekning Hovudrute Grunngiving X Trafikk fordelt på fleire strekningar ruteproduksjon på ei hovudrute X Ei strekning med 80 % av trafikk eller meir X Trafikk fordelt på fleire strekningar ruteproduksjon på ei hovudrute X X Kombinasjon av prinsipp både trafikk og ruteproduksjon fordelt på fleire strekningar hovudstrekning Brattvåg- Dryna og hovudrute Brattvåg-Harøya- Fjørtofta. *Når Nordøyvegen står ferdig i 2023, vil ruta til Fjørtofta og Harøya felle vekk. Om fleire strekningar i same område skal definerast som eitt eller fleire samband Departementet har vurdert definisjonen av eit ferjesamband kor det er fleire ferjestrekningar i same område «Et ferjesamband er her definert som én eller fleire ferjestrekninger som til sammen utgjør et sammenhengende ruteområde for ett eller flere fartøy. Dersom et fartøy har det alt vesentlige av trafikken i et ruteområde, men en sjelden gang tar enkeltturer på et naboruteområde trafikkert av andre fartøy, blir dette regnet som to samband». Definisjonen er meint for å sikre eitt mest mogleg lik klassifisering av ferjesamband i heile landet, og departementet foreslår at definisjonen framleis leggast til grunn for inndeling av ferjesamband i kriteriedata til inntektssystemet. Fleirkantsamband med fleire enn eitt fartøy, og stor forskjell i trafikkmengde og frekvens på ulike deler av sambandet: Nokre fleirkantsamband har fleire fartøy som til ein viss grad nyttast på alle strekningar på sambandet, men der det likevel er stor forskjell i trafikkmengde og frekvens på dei ulike deler av sambandet. Departementet meiner at det vil vere meir riktig å berekne dei normerte kostnadane for dei ulike delane som separate samband. I vurderinga av kva samband dette gjeld, har departementet i hovudsak tatt utgangspunkt i sambandsinndelinga som er nytta i Vegdirektoratets analysar til ny ferjestandard. På bakgrunn av dette meiner blant anna departementet at sambandet Brattvåg-Nordøyane i Møre og Romsdal delast inn i: o Brattvåg Dryna o Brattvåg Harøya - Fjørtofta For Møre og Romsdal fylkeskommune vil sambandet Brattvåg Harøya Fjørtofta felle bort når fastlandforbindelsen Nordøyvegen blir ferdigstilt i år 2023.

Kva inntektsdata som skal nyttast for utrekning av netto ferjekostnader Departementet foreslår at ein tek utgangspunkt i Statens vegvesen sin EFFEKTmodell og at ein vil leggje riksregulativet for ferjetakster til grunn ved utrekning av inntekter. Tal kjøretøy, tal passasjerar, takstsone og eit anslag på bruk av rabattkort vil vere variablar som påverkar denne inntektsutrekninga. Med denne metoden vil fylkeskommunane fortsatt kunne nytte takstverkemiddel og Møre og Romsdal fylkeskommune er nøgd med at dette vert teke omsyn til i modellen. Møre og Romsdal fylkeskommune vil peike på at departementet må lage ein lik modell for berekning av inntekter på samband som eventuelt vil nytte AutoPASS. Hovudprinsippet må framleis vere at fylkeskommunane sit på ei reell takstmynde. Kva trafikkdata som skal leggast til grunn for utrekninga Møre og Romsdal fylkeskommune støttar at ein nyttar trafikktala i ferjedatabanken. Møre og Romsdal fylkeskommune vil gjere ein merksam på at det er nytta historiske trafikktal i utarbeidinga av ny standard. Fylker med sterk trafikkvekst vil kunne oppleve at standarden ikkje imøtekjem dei framtidige behova til ferjetilbodet. Revidering av standarden Forslag til endring av ferjedriftsstandard NTP 2010-2019: Endre lengde frå sone til km Sommar/vinter Ny inndeling for høgtrafikkerte fylkesvegferjestrekningar, inkl. justering av frekvens Auka frekvens i standardklasse Fv3.1 Definert frekvens Fv3.2 Auka frekvens i standardklasse Fv4.3 Definert servicenorm for lågtrafikkerte strekningar/samband 25-99 PBE ÅDT Lengde: Vegdirektoratet anbefaler at ein går over frå takstsone som grunnlag for kategorisering av strekning/samband, og heller nytte lengde i km for strekning/samband. I dagens standard nyttar ein takstsone som grunnlag for kategorisering av strekningar/samband i standardklasse. Møre og Romsdal fylkeskommune er eitt av fylka som har gått vekk frå standardregulativet, med omsyn til prising av strekningar. Møre og Romsdal fylkeskommune er difor samd i at km er ein betre metode for å definere lengde i eit samband. Sommar/vinter: Vegdirektoratet anbefaler at det for strekningar/-samband med meir enn 35% av trafikken i månadene juni, juli og august vert eit skille mellom sommar- og vintertilbod. For desse strekningane/sambanda anbefalast det at standarden for vintertilbodet sett ut ifrå den standardklassa som vinter PBE per døgn tilsvarar, men at sommartrafikken plasserast i standardklasse utifrå sommar PBE per døgn.

Møre og Romsdal fylkeskommune har ønskja at Vegdirektoratet såg nærare på problemstillinga knytt høg sommartrafikk. Årsaka til at Møre og Romsdal fylkeskommune ønskte dette er den utfordrande sommartrafikken på strekninga Eidsdal Linge. Vi er difor nøgd med at dette er teke inn i framlegget til ny ferjestandard. Høgtrafikkerte fylkesvegstrekningar: Det er 12 strekningar i Noreg som er i standardklassen for dei mest trafikkerte fylkesvegstrekningane hhv. Fv1 og Fv2. Det er stor forskjell i trafikkvolum og ruteproduksjon for dei mest trafikkerte fylkesvegstrekningane. Utifrå dette har Vegdirektoratet anbefalt at det blir etablert ein ny inndeling av dei høgtrafikkerte fylkesvegferjestrekningar. Fv1.1: Fv > 3000 PBE ÅDT Fv1.2: Fv 2000 3000 PBE ÅDT Fv2: Fv 1000 2000 PBE ÅDT Den nye ferjestandarden anbefaler å auke frekvensen for dei mest trafikkerte fylkesvegstrekningane i klassane fv1.1 og fv1.2. Dette grunna blant anna i innspel frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Frekvensen i fv1.1 og fv1.2 er no frekvens på høvesvis 48 og 39. Gammal Ny Samband - rute Klasse ÅDT Frekvens Klasse ÅDT Frekvens Fv1 (>2 36 Fv1.1 (>3000) 48 06 Hareid- Sulesund og 13 Magerholm- Sykkylven Fv2.1 (1000-2 30 Fv1.2 (2000-3000) 39 36 Åfarnes- Sølsnes Fv2 (1000-2000) 31 31 Aukra- Hollingsholmen, 50 Seivika- Tømmervåg og 15 Eidsdal- Linge(sommar) Møre og Romsdal fylkeskommune har 6 samband av dei 12 strekningane som er i desse standardklassene, og dei to einaste i fylkesvegklasse 1.1. Møre og Romsdal fylkeskommune er nøgd med at frekvensen er auka, men framleis er det eit avvik mellom produksjonen Møre og Romsdal fylkeskommune har og kva den reviderte ferjestandarden legg til grunn. Riksvegsambanda har ikkje vore ein del av Vegdirektoratet sitt arbeid med revidert standard. Dette meiner Møre og Romsdal fylkeskommune er uheldig sidan det ikkje bør vere noko standardforskjell mellom riksvegsamband og våre viktige samband som til dømes Hareid-Sulesund, og Magerholm-Sykkylven. Møre og Romsdal fylkeskommune meiner difor at ei revidering av riksvegstandarden som gjev auka tilbod, må få følgjer for samanliknbare fylkesvegklassar.

Auka frekvens standardklasse fv3.1 (500-1000 PBE ÅDT, lengde under 5 km): Fem av seks strekningar/samband i standardklasse fv3.1 har høgare frekvens enn det standarden tilseier. Medianen for strekningane/sambanda er 30 avgangar per døgn, mens standarden tilseier 22 avgangar per døgn. Det er og liten forskjell i frekvens mellom standardklassen under, standardklasse fv4.1, kor standardmålet er 21 avgangar per dag. Utifrå dette anbefalast det i den nye ferjestandarden at ein aukar frekvens i standardklasse fv3.1 frå 22 til 27 avgangar per døgn. Møre og Romsdal fylkeskommune sine samband i denne klassen ligg over 27 avgangar per døgn, og ein meiner difor at ein ytterligare bør auke frekvensen i klassen. Møre og Romsdal fylkeskommune meiner at standarden må ta omsyn til dei reelle behova i samfunnet. Gammal Ny Samband - rute Klasse ÅDT* Frekvens Klasse ÅDT* Frekvens Fv3.1 (500-1000) Fv3.2 (500-750) Fv3.3 (750-1000) 22 Fv3.1 (500-1000) 27 02 Årvik- Koparneset, 14 Stranda- Liabygda, 30 Solholmen- Mordalsvågen, 46 Kvanne- Rykkjem Kont. drift Fv3.2 (500-750) 17 Ingen 22 Fv3.3 (750-22 Ingen 1000) *I fylkesvegklassar med overlappande ÅDT er det skild mellom strekningslengde. Dette er ikkje vist i tabellen. Definert frekvens for standardklasse fv3.2 (500-750 PBE ÅDT, lengde over 5 km) Det er ikkje angitt servicemål for frekvens for strekningar/samband i standardklasse fv3.2 i den gjeldande ferjestandarden. Medianen i dei åtte strekningane i standardklasse fv3.2 er 16 avgangar per døgn. Standardklasse fv.4.2 (trafikk mellom 100 og 500 PBE ÅDT, strekningslengde 5-9 km) har 15 avgangar per døgn. Utifrå dette anbefaler ein at det settas frekvens på 17 avgangar per døgn i standardklasse fv3.2. Møre og Romsdal fylkeskommune har ikkje nokon samband som ligg i denne standardklassen. Auka frekvens standardklasse fv4.3 (100-500 PBE ÅDT, lengde mellom 9 og 20 km): I standardklasse fv.4.1 og Fv4.2 er det ikkje endringar i høve til frekvensen. Standardklasse fv4.3 har ein median med frekvens på 9 avgangar per døgn. I den nye ferjestandarden er det difor foreslått 9 avgangar per døgn. Dette er ein auke på ein avgang per døgn i forhold til noverande standard.

Møre og Romsdal fylkeskommune har 2 samband i klasse 4.3. I standardklasse 4.1 har vi 3 samband og klasse 4.2 har vi 5 samband. Når det gjeld samband i desse klassane er det særleg rute 54 Edøy-Sandvika som har ein høgare frekvens enn i ny standard. Rute 54 har ein frekvens på 19 i dag og 32 i dei nye anboda. Denne forskjellen vil auka ytterlegare når nye anbod trer i kraft 1.1.2020. Møre og Romsdal fylkeskommune har rapportert inn dei nye frekvensane i nye anbod i arbeidet med ny ferjestandard. Gammal Ny Samband - rute Klasse ÅDT* Frekvens Klasse ÅDT* Frekvens Fv4.1 (100- Fv4.2 (100- Fv4.3 (100-21 Fv4.1 (100-15 Fv4.2 (100-8 Fv4.3 (100-21 12 Sæbø-Lekneset-Skår- Trandal- Standal(sommar),15 Eidsdal-Linge(vinter),49 Arasvika-Hennset 15 08 Volda-Lauvstad,09 Hundeidvika-Festøya,21 Skjeltene-Lepsøya- Haramsøya,22(Brattvåg- Dryna),54 Edøy-Sandvika 9 01 Larsnes-Åram-Voksa- Kvamsøya,22(Brattvåg- Harøya-Fjørtofta) *I fylkesvegklassar med overlappande ÅDT er det skild mellom strekningslengde. Dette er ikkje vist i tabellen. Definert servicenorm for lågtrafikkerte strekningar/samband under 100 PBE ÅDT: Standardklasse fv5 har flest strekningar/samband med 37 strekningar/samband. I denne klassen er det ikkje angitt servicenorm i noverande standard, men det skal gjerast eigne vurderingar. Denne klassen skal ha eit tilbod for at det skal være mogleg å oppretthalde busetting, såkalla «lifeline service». I mandatet frå KMD heiter det at «i tillegg bør det vurderes om det kan gis nærmere normer for servicenivå for standardklasser der dette ikke er angitt i dagens standard. Dette gjelder standardklassene markert med «Kontinuerlig drift» og «Egne vurderinger» i ferjestandarden frå NTP 2010-2019.» Det er gjort framlegg om at det er behov for ein ny standardklasse fv5.1 for strekningar/samband mellom 25 og 100 PBE ÅDT, og kortare enn 15 km. Det er anbefalt at ein set frekvens til 7 avgangar per døgn og opningstid settast til 14 timer på kvardagar. Det er også foreslått i den nye standarden at ein opprettar ein standardklasse fv5.2 for strekningar/samband mellom 25 og 100 PBE ÅDT som er lengre enn 15 km, og ein standardklasse fv5.3 for strekningar/samband under 25 PBE ÅDT. For standardklasse fv5.2 og fv5.3 skal det gjerast eigne vurderingar for frekvens og opningstid. Servicenivå er satt til 98 prosent. Møre og Romsdal fylkeskommune har samband i klassane 5.1 og 5.2 (sjå tabell nedanfor). Vi har ingen samband i klasse 5.3.

Møre og Romsdal fylkeskommune meiner at det er uheldig at det er standardklassar der det ikkje er definert eit servicenivå. Dette må ein uansett ha for å kunne berekne normerte ferjekostnader. Standardklasser med «kontinuerlig drift» og «eigne vurderingar» Ferjedriftsstandard NTP 2010-2019 er det fire standardklasser kor det ikkje er definert standard for frekvens. Dette er fv2.2, fv3.2, fv4.4 og fv5. For desse klassane er det lagt til grunn at ein skal gjere «eigne vurderingar» eller det skal vere «kontinuerlig drift». Ein har i bakgrunn av mandatet frå KMD vurdert om det er grunnlag for å definere normer om servicenivå for standardklasser der dette ikkje er angitt i noverande standard. Ein gjer framlegg om at ein definerer standard for frekvens for standardklasse fv3.2 og delar av standardklasse fv5. Ein anbefaler å ta bort standardklasse fv2.2, da det er ingen strekningar/samband som inngår i standardklassen. Den nye ferjedriftsstandard 2018 inneber at ein definerer standard for 82 prosent av strekningane/sambanda. I noverande standard er det definert ein standard for 62 prosent av strekningane/sambanda. Det vil framleis vere tre standardklassar kor det ikkje er definert standard i forslaget til ferjestandard 2018. Dette gjeld klassane fv4.4, fv5.2 og fv5.3. Grunnen til dette er at det er stor variasjon med omsyn til trafikk og lengde for strekningane/sambanda som inngår i dei aktuelle standardklassane. Gammal Ny Samband - rute Klasse ÅDT* Frekvens Klasse ÅDT* Frekvens Fv5.0 <100 Egen vurdering Konklusjon: Fv5.1 (25-100) Fv5.2 (25-100) 7 12 Sæbø-Lekneset- Skår-Trandal- Standal(vinter) og 34 Molde-Sekken Egen vurdering Fv5.3 <25 Egen vurdering 32 Småge-Orta- Finnøya-Sandøya- Ona Ingen *I fylkesvegklassar med overlappande ÅDT er det skild mellom strekningslengde. Dette er ikkje vist i tabellen. Møre og Romsdal fylkeskommune er nøgd med at standarden frå NTP 2010-2019 er heva, men meiner framleis at nivået i enkelte klassar kunne ha vore høgare. Vidare er det også uheldig at ein framleis manglar eit definert servicenivå i nokre klassar. Standarden bygger på historiske trafikktal. Møre og Romsdal fylkeskommune meiner det er uheldig at ikkje ramma vert auka og at det berre vert ei ny fordeling mellom fylka. Det er heller ikkje vore lagt fram utrekningar som syner korleis den nye ferjestandarden vil påverke berekningar av ferjekriteriet i inntektssystemet. Møre og Romsdal fylkeskommune er avhengig av auka og føreseielege rammer for å finansiere satsinga på ny teknologi i ferjeflåten.

Møre og Romsdal fylkeskommune meiner at ny ferjestandard kan leggast til grunn for berekning av normerte ferjekostnader. Forslag til vedtak: Møre og Romsdal fylkeskommune sluttar seg i hovudsak til ny ferjestandard og utrekning av ferjekriteriet i inntektssystemet, men vil trekke fram følgjande: 1. Ramma til ferjedrift må aukast grunna: a. Omstilling til ny teknologi b. Trafikkvekst som inneber større og fleire ferjer c. Generell auke i kontraktspriser utover deflator 2. Det er særs viktig at inntektene vert normert og at det framleis er fylkeskommunane som er takstmynde. 3. Møre og Romsdal fylkeskommune har framleis fleire samband som ligg over frekvensen i den framlagte standarden. Møre og Romsdal fylkeskommune ber derfor om at klasse fv3.1 får auka frekvens frå 27 til 30 avgangar per dag, og klasse fv4.2 får auka frekvens frå 15 til 19 avgangar per dag. 4. Møre og Romsdal fylkeskommune meiner at ei framtidig revidering av riksvegferjestandarden som medfører auka tilbod, må få følgjer for samanliknbare fylkesvegferjesamband. Ottar Brage Guttelvik fylkesrådmann Arild Fuglseth samferdselssjef Vedlegg 1 Invitasjon til innspll om ny ferjestandard og beregning av 2 Statens vegvesens forslag til ferjedriftsstandard 2018 3 Fylkesvegferjene finansiering av drift og infrastrukturnotat frå samferdselssjefen 4 Presentasjon transportkomiteen