MEDBORGERNOTAT #12. «Med KrF i sentrum ei analyse av partisympatiane til KrFveljarar

Like dokumenter
MEDBORGERNOTAT. «Samarbeidspartia i norsk politikk kor godt likar veljarane dei andre partia?»

MEDBORGERNOTAT. «Sympatibarometer for norske politiske parti i perioden »

MEDBORGERNOTAT. «Stortingsval Veljarvandring»

MEDBORGERNOTAT. «Ei oversikt over spørsmåla i Meningsfelle-testen» Marta Rekdal Eidheim Universitetet i Bergen August 2017

MEDBORGERNOTAT # 5. «Norske velgeres tilfredshet med demokrati og regjering i stortingsperioden »

MEDBORGERNOTAT #6. «Holdninger til innvandring » Runa Falck Langaas Universitetet i Bergen August 2017

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

MEDBORGERNOTAT. «Kva kjenneteiknar meiningane til dei nye veljarane til Senterpartiet?»

MEDBORGERNOTAT #8. «Bekymring for klimaendringer i den norske befolkning perioden »

HVORDAN VILLE KOMMUNEVALGET SETT UT HVIS UNGDOMMENE HADDE FÅTT BESTEMME?

Mange yrkesvalhemma har fleire periodar under attføring

De partiene som får mange stemmer, får mange representanter på Stortinget.

KVA MEINER INNBYGGJARANE I BYGDENE NORDDAL OG EIDSDAL OM KOMMUNETILKNYTING FOR FRAMTIDA?

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2015

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2016

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

Hei Guro, ei oppdatering frå Holmedal Ungdomslag.

MEDBORGERNOTAT #11. «Holdninger til økonomisk vekst vs. miljøinteresser, våren 2017.»

Beregning av mulige konsekvenser av for sent innkomne forhåndstemmer

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2017

Informasjon om et politisk parti

Ørl an d kom m u n e R A P P O R T. Sentio Research Norge AS Verftsgata Trondheim Org.nr MVA. Mottaker. Dato:

MEDBORGERNOTAT #3. «Holdninger til boring i olje- og gassutvinning utenfor Lofoten og Vesterålen i perioden »

Å løyse kvadratiske likningar

Politi og publikum Omnibus Spørreskjema 3 Mars 2011 (uke 11) Målgruppe: Nat rep 18 år + Fast/Mobil splitt: 50% - 50% Opinion. Antall intervjuer: 1000

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Kristin Sandal Gunnvor Sunde Arnfinn Brekke

Her skal du lære å programmere micro:biten slik at du kan spele stein, saks, papir med den eller mot den.

Førebuing/ Forberedelse

Kontrollrapport - Overføring av fylkesvegadministrasjonen

100 ÅR MED ALLMENN FOR KVINNER

12/2011 NOTAT. Hallgerd Conradi og Kåre Heggen

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:

Intranett Spørjeundersøking i DOT Hordaland Analyse, utgreiing og dokumentasjon (AUD) AUD-rapport nr

Undersøkinga repeterte hovuddelen av spørsmåla frå dei tidlegare undersøkingane. Slik kan ein måle eventuell endring over tid på følgjande område:

Lørdag 16. mars Søndag 17. mars 12 18

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Brukarrettleiing E-post lesar

Same ordlyd som oppsummeringa i saksframlegget på s , med unntak av kulepunkt 4 på s. 20.

Senterpartiet ,11. Rødt 36 3,11. SV - Sosialistisk Venstreparti ,34. Miljøpartiet De Grønne ,84. Venstre 45 3,89

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Dilemma ved ei folkerøysting. Oddvar Flæte og Jan Øhlckers

Fjell kommune Arkiv: Saksmappe: 2014/ /2014 Sakshandsamar: Unni Rygg Dato: SAKSDOKUMENT

Politi og publikum Omnibus Spørreskjema 1 August 2011 (uke 34) Målgruppe: Nat rep 18 år + Fast/Mobil splitt: 50% - 50% Scanstat

Aldri har så mange skiftet parti

Samarbeidsutvalet Foreldrerådsutvalet. arbeidsoppgaver konflikthandtering SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Kjønn Alder Landsdel Husstandsinntekt Utdanning. Universitet/ Møre og Romsdal/ høyskole, Under Østlandet

Kommunestyre- og fylkestingsvalget 2015

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2017

Kartlegging av befolkninga sitt syn på drosjetilbodet i Bergensområdet. AUD-rapport nr. 12b

Partifinansiering 2017, RA Rettleiing: Web-skjema. Finne ID og passord. Hente, fylle ut, signere og sende inn skjemaet elektronisk

Medievaner og holdninger

Kjelde: alle figurar PANDA/SSB

Befolkningsundersøkelse Juli Utført på oppdrag for Postkom

Tingvoll, Tingvoll kommune FRÅSEGN SØKNAD OM NYDYRKING GNR 41/1. Viser til brev av , sak 2016/19-2

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Partifinansiering 2016, RA Rettleiing: Web-skjema. Finne ID og passord. Hente, fylle ut, signere og sende inn skjemaet elektronisk

// Notat 1 // tapte årsverk i 2013

Medlemsundersøking for Mållaget i Kristiansand november 2018

Noen av spørsmålene fra valgundersøkelsen, skal også besvares av et representativt utvalg av det norske folk.

Kontrollutvalet Møteprotokoll

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

100 ÅR MED ALLMENN FOR KVINNER

Kartlegging av rammevilkår

Naturvernforbundet sin representant har sett på areala det er søkt om dyrking av, og elles dei dyrka areala som ligg mellom.

Innbyggarundersøking i Nordhordland kommunestruktur

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Senterpartiet ,32. Miljøpartiet De Grønne 62 4,42. Sosialistisk Venstreparti 41 2,92. Høyre ,18. Venstre 41 2,92

6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 68/2015 Formannskapet PS /2015 Kommunestyret PS

Innbyggarhøyring i Nesse skulekrins

Innkalling til ekstraordinært møte i Bystyret

Evaluering av Fylkesplan for Hordaland /09 September 2009

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2018

Setesdal regionråd. Kartlegging Offentleg innkjøp. Eli Beate Tveiten

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE

Politi og publikum Omnibus Spørreskjema 2 November 2011 (uke 47) Målgruppe: Nat rep 18 år + Fast/Mobil splitt: 50% - 50% Opinion

Teknisk rapport og analyse av resultat frå Nasjonale prøvar i engelsk 2009

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

MØTEINNKALLING. Utval: OS VALSTYRE Møtestad: Nore Neset Aktivitetshus NB. MERK STADEN! Møtedato: Tid: SAKLISTE

// Notat 2 // tapte årsverk i 2014

Nysgjerrigper-konkurransen Er det ei grense for kor lenge vi kan klare å halde auga opne utan å blunke?

Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim

Resultat frå innbyggjarundersøkinga 2018

Analyse av kvantitativ undersøking Kinn kommune

Forslag. Her er to bilde av gutar og jenter som har det fint saman.

Evaluering av offentleglova bakgrunn, ramme, tematikk, prosess, erfaringar og status. Vegen vidare?

Elevundersøkinga 2016

Konklusjon for 4 grupper

Verdiblink kan brukast i grupper av tilsette i kommunane på ulike nivå i organisasjonen.

Kommunestyret handsama saka i møte og gjorde slikt vedtak:

EVALUERING AV BEFOLKNINGSVARSLINGSTEST 2018

DIGITAL KOMMUNIKASJON SOM HOVUDREGEL - ENDRINGAR I FORVALTNINGSLOVA - HØYRING

Til deg som bur i fosterheim år

// Notat 2 // tapte årsverk i 2016

Elevane sitt val av framandspråk på ungdomsskulen Nasjonalt senter for engelsk og framandspråk i opplæringa - Notat 12/2018.

Møteinnkalling. Eventuelt forfall skal meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. Sakliste

Politi og publikum Omnibus Spørreskjema 4 Aug/sept 2012 (uke 35) Målgruppe: Nat rep 18 år + Fast/Mobil splitt: 50% - 50% Opinion

Skjell Rådgivende Biologer AS FANGST OG SKJELPRØVAR I FRØYSETELVA. Fangststatistikk. Skjelmateriale

Transkript:

MEDBORGERNOTAT #12 «Med KrF i sentrum ei analyse av partisympatiane til KrFveljarar og sympatisørar» Marta Rekdal Eidheim Marta.Eidheim@uib.no Universitetet i Bergen Oktober 2018

Med Krf i sentrum ei analyse av partisympatiane til KrF-veljarar og sympatisørar Kristeleg folkeparti sin leiar Knut Arild Hareide sa fredag 28. september i år at han tilråder at partiet skal samarbeide med partia til venstre i Stortinget. Den varsla talen fekk sjølvsagt stor merksemd i media då Hareide og KrF har vore støtteparti for Solberg si Høgre/Frp-regjering i Stortinget. Om partiet bestemmer seg for å samarbeide til venstre, vert dette rekna som eit historisk val for partiet. 1 Eit ekstraordinert landsmøte skal avgjere vegen vidare den 2. november 2018. I følge mediedekninga av saka er politikarane i partiet splitta i spørsmålet om kva retning partiet skal gå. I dette notatet vil eg undersøke nærare kva slags sympati og antipati veljarane til KrF har til andre parti. Dette kan seie noko om kva dei noverande veljarane eller veljarane ved førre stortingsval har av haldningar til dei andre partia, og igjen indikere kva preferansar dei har for samarbeid. Men eit parti som har oppslutning rundt sperregrensa vil i tillegg ønske å tiltrekke seg nye veljarar både på kortare og lengre sikt; partiet hadde til dømes i 2001 eit valresultat på 12,4 prosent. Derfor inkluderer dette notatet også ei oversikt over sympatien til potensielle veljarar som her er definert som dei som dei som seier sjølv at dei liker KrF våren 2018. Kort om data Datagrunnlaget i dette notatet er henta frå Norsk medborgerpanel. 2 Denne spørjeundersøkinga har i skrivande stund vore i felt i 12 rundar. Spørsmålet om kva respondentane synest om dei ulike partia har vore stilt i undersøkinga fleire gongar, og tala i dette notatet baserer seg på runde 9 (mai 2017) og runde 11 (mars 2018). Formuleringa av spørsmålet til panelet er denne: Vi vil gjerne be deg vurdere hvor mye du liker eller misliker de ulike politiske partiene i Norge. Arbeiderpartiet Høyre Fremskrittspartiet Kristelig Folkeparti Venstre Sosialistisk Venstreparti Senterpartiet Miljøpartiet de Grønne Svaralternativ: Misliker svært mye Misliker mye Misliker noe Verken misliker eller liker Liker noe Liker mye Liker svært mye 1 F.eks omtale her: https://www.nrk.no/ytring/sand-om-krfs-retningsvalg_-skal-han-si-_morna_-jensen -1.14212660 2 Les meir om Norsk medborgerpanel på nettsida www.uib.no/medborger 1

I tillegg til denne liker/misliker-variabelen er det her sentralt for tabellane i første del kva parti respondentane stemte på ved stortingsvalet i 2013 og 2017. Mange av respondentane i Norsk medborgerpanel har vore med i panelet sidan 2013/2014 (høvesvis runde 1 og runde 3). Då dei vart rekruttert vart dei blant anna stilt spørsmål om kva for parti dei stemte på ved førre stortingsval. Spørsmålet om stemmegiving hausten 2017 var stilt til respondentane hausten 2017, og februar 2018 (til dei som var nye i panelet den gongen). Data om stemmegiving vert stilt nærast mogleg valet på grunn av at ein ynskjer å minimere feilrapportering. Partisympatiane til KrF sine veljarar frå 2013 og 2017 Fløyparti Spørsmålet om KrF kan inngå i ei regjering med parti som ligg lengst til høvesvis høgre og venstre i norsk stortingspolitikk er for mange særleg interessant. Ein reknar med at den politiske avstanden til fløypartia er så stor at det kan vere vanskeleg å kome til semje. KrF har tidlegare slått fast at samarbeid med Frp vert vanskeleg på grunn av politiske forskjellar. 3 Avstanden veljarane til partiet har til dei andre partia, kan vi derimot sjå nærare på ved å bruke det generelle liker/misliker-målet i Norsk medborgerpanel. I dette notatet reknar eg SV og Frp som dei mest relevante fløypartia, då Raudt ikkje er nødvendig for at ei eventuell sentrum-venstre-regjering skal få fleirtal. Vi kan først sjå på veljarane til KrF frå hausten 2013, og kva dei meinte om SV og Frp våren 2017, altså før stortingsvalet hausten 2017. 4 Det vi tydeleg kan sjå er at ei stor tyngde av partiet sine veljarar, rundt 70 prosent, seier at dei misliker høvesvis SV og Frp i større eller mindre grad. Tendensen er at det er fleire som misliker Frp svært mykje enn som misliker SV svært mykje, men når vi tek omsyn til feilmarginar er ikkje dette ein sikker forskjell. Det er fleire KrF-veljarar som er nøytrale til SV enn Frp på dette tidspunktet. Rundt 20 prosent liker Frp, og rundt 13 prosent liker SV, og fleste parten av desse igjen finner vi i den svakaste likerkategorien. Igjen, så kan vi ikkje kan konkludere med at det er sikkert at det er fleire som liker Frp enn SV når vi tek høgde for feilmarginar. Liker/misliker Frp KRF-veljarar frå 2013 om parti vår 2017 (prosent) Liker/misliker SV Misliker svært mye 20 Misliker svært mye 14 Misliker mye 31 Misliker mye 32 Misliker noe 20 Misliker noe 25 Verken misliker eller liker 7 Verken misliker eller liker 17 Liker noe 14 Liker noe 11 Liker mye 6 Liker mye 1 Liker svært mye 0 Liker svært mye 0 N 210 N 212 3 Sjå f.eks her: https://www.nrk.no/norge/krf-garanterer-ikke-lenger-en-borgerlig-regjering-1.13213091 4 Prosentane i alle tabellar og figurar er runda av til næraste heile tal. 2

Vi har også nyare data som kan kaste lys over situasjonen for veljarane til KrF etter valet 2017. Sjølv om mange av veljarane er dei same (data frå Norsk medborgerpanel tilseier at Krf har ein lojalitet på omtrent 64 prosent frå 2013 til 2017), kan det ha skjedd endringar i veljarsamansetjinga som påverkar resultatet av sympatien til fløypartia. Frå tabellen under ser vi at eit fleirtal av 2017-veljarane til KrF også misliker Frp og SV i ei eller anna grad. Det er fleire av veljarane som misliker Frp svært mykje samanlikna med dei som misliker SV svært mykje. Totalt er det rundt 77 prosent som misliker Frp hos dei nye Krf-veljarane mot 64 prosent som misliker SV. Igjen er det fleire som er nøytrale til SV samanlikna med dei som er nøytrale til Frp. Det er omtrent 14 prosent som liker Frp, medan omtrent 18 prosent som liker SV; ein forskjell som ikkje er stor nok til at den er sikker. Det vi likevel ser er at det er fleire som tenderer til å mislike Frp samanlikna med SV denne våren. KRF-veljarar frå 2017 vår 2018 (prosent) Liker/misliker Frp Liker/misliker SV Misliker svært mye 28 Misliker svært mye 15 Misliker mye 28 Misliker mye 25 Misliker noe 22 Misliker noe 24 Verken misliker eller liker 8 Verken misliker eller liker 17 Liker noe 12 Liker noe 16 Liker mye 2 Liker mye 2 Liker svært mye 0 Liker svært mye 0 N 296 293 Dei to store Slik som situasjonen er i Stortinget no, og slik situasjonen har vore dei siste åra, er det svært truleg at ei regjering består anten av Arbeiderpartiet og andre mindre parti eller av Høgre og andre mindre parti. Dermed er det sentralt når KrF skal velje side at dei kan samarbeide med eitt av desse to partia. Derfor presenterer notatet her synet til KrF-veljarane på Ap og Høgre før og etter valet. I tabellen under ser vi korleis veljarane til KrF i 2013 såg på dei to store partia før valet i 2017. Desse veljarane ser ut til å like Høgre meir enn Ap; til saman liker omtrent 60 prosent av veljarane Høgre i ei eller anna grad, medan omtrent 47 prosent liker Ap. Dei fleste er i den mest moderate kategorien av «liker», men fleire av KrF-veljarane plasserer seg i «liker mye» når det gjeld Høgre samanlikna med denne kategorien for Ap. Derfor ser det ut til at KrF sine veljarar frå 2013 var meir positive til Høgre enn Ap før førre stortingsval. Det tenderer til at det er fleire som misliker Ap samanlikna Høgre blant desse veljarane, sjølv om dette ikkje er sikkert når ein tek omsyn til feilmarginar. 3

KRF-veljarar frå 2013 vår 2017 (prosent) Liker/misliker Høgre Liker/misliker AP Misliker svært mye 1 Misliker svært mye 2 Misliker mye 6 Misliker mye 11 Misliker noe 20 Misliker noe 24 Verken misliker eller liker 14 Verken misliker eller liker 17 Liker noe 37 Liker noe 36 Liker mye 22 Liker mye 9 Liker svært mye 0 Liker svært mye 1 N 210 212 Vidare ser vi på ei nyare måling der KrF sine veljarar frå 2017 har sagt si meining om Ap og Høgre våren 2018. Tendensane er like dei vi såg i tabellen over. Det er fleire som liker Høgre (til saman om lag 68 prosent) enn Ap (til saman 44 prosent). Tendensen ser ut til å vere styrka samanlikna med målinga over. Dei fleste som misliker dei to partia, misliker dei «noe», og det er klart fleire som misliker Ap enn Høgre blant KrF sine 2017-veljarar. KRF-veljarar frå 2017 vår 2018 (prosent) Høgre AP Misliker svært mye 1 Misliker svært mye 2 Misliker mye 3 Misliker mye 11 Misliker noe 14 Misliker noe 27 Verken misliker eller liker 14 Verken misliker eller liker 16 Liker noe 42 Liker noe 40 Liker mye 25 Liker mye 4 Liker svært mye 2 Liker svært mye 0 N 289 293 Sentrumskameratar? Om ein skal tenke på norsk politikk der partia kan rangerast langs ein klassisk venstre-høgre-akse, plasserer vi gjerne Sp, KrF og Venstre i midten av spektrumet. Men betyr det at KrF sine veljarar dermed har mest sympati med desse to partia? Det finn vi svaret på i dei to tabellane presentert under. Når det gjeld dei to sentrumspartia, ser det ut til at Sp er meir populært hos dei tidlegare KrF-veljarane våren 2017. Til saman er det om lag 35 prosent som liker Venstre i større eller mindre grad, og om lag 53 prosent som liker Sp. Det er fleire som vel «liker mye» når dei skal vurdere Sp. KrF-veljarar misliker også Venstre meir enn Sp. Det kan sjå ut som veljarane frå 2013 var meir delt i synet sitt på Venstre. Ein vesentleg del av veljarane, rundt 20 prosent, er også nøytrale til dei to partia. 4

KRF-veljarar frå 2013 vår 2017 (prosent) V SP Misliker svært mye 2 Misliker svært mye 2 Misliker mye 13 Misliker mye 6 Misliker noe 25 Misliker noe 19 Verken misliker eller liker 24 Verken misliker eller liker 19 Liker noe 31 Liker noe 36 Liker mye 5 Liker mye 15 Liker svært mye 0 Liker svært mye 3 N 213 N 212 Vidare er det kanskje meir relevant å sjå på sympatien dei noverande KrF-veljarane har til dei andre sentrumspartia. Tendensen er den same hos dei nye veljarane. Fleire av KrF-veljarane liker Sp samanlikna med Venstre (høvesvis 56 prosent og 33 prosent). Krf-veljarane er framleis ganske splitta i synet på Venstre, og misliker Venstre meir enn Sp. KRF-veljarar frå 2017 vår 2018 (prosent) V SP Misliker svært mye 4 Misliker svært mye 2 Misliker mye 12 Misliker mye 6 Misliker noe 28 Misliker noe 12 Verken misliker eller liker 24 Verken misliker eller liker 22 Liker noe 26 Liker noe 36 Liker mye 7 Liker mye 19 Liker svært mye 0 Liker svært mye 1 N 295 N 294 Preferansane til Krf sine potensielle veljarar Til no har det vore dei noverande og tidlegare veljarane til Krf som har vore gjenstand for analyse. Det vi likevel kan gå ut frå er at eit eventuelt skifte vil vere ei strategisk vurdering der målet er å tiltrekke seg fleire nye veljararar. Derfor er det interessant å sjå på kva parti potensielle veljarar liker. I dette notatet vil potensielle veljarar definerast som dei som seier dei liker KrF i mars 2018 (her er kategoriane «liker noe», «liker» og «liker svært mye» slått saman). Målinga stammar dermed frå eit tidspunkt mange månadar før Hareide si tale. Av respondentane i Norsk medborgerpanel så er det 23 prosent (vekta), 1942 respondentar, som seier at dei liker KrF. Kva sympatiar har KrF-sympatisørane? Figuren under viser kor mange av KrF-sympatisørane som liker (her er kategoriane «liker noe», «liker» og «liker svært mye» slått saman til ein liker-kategori) dei andre partia. Det vil seie at blant dei som liker KrF så er det 43 prosent som liker SV, medan det er 24 prosent som liker Frp. Det betyr at blant dei vi her ser på som potensielle KrF-veljarar, så er det fleire som er begeistra for SV. Når det gjeld dei to store partia Høgre og Ap ser dei som liker KrF ut til å ikkje ha meir sympati for dei eine samanlikna med det andre. Det ser ut til fleire KrF-sympatisørar er meir positivt innstilt overfor Sp enn Venstre. 5

Prosent som liker (%) Denne gruppa er faktisk omtrent like positivt innstilt til SV som til Venstre. Arbeiderpartiet ser også ut til å vere meir likt enn sentrumskameraten i den blå-grøne regjeringa. 70 Krf-sympatisørar om andre parti 60 50 61 61 58 40 30 43 45 20 24 10 0 SV FRP AP H SP V Parti Aldersforskjellar? Eit anna spørsmål som er relevant for KrF er om yngre moglege veljarar er mindre konservative og meir orientert mot venstresida enn eldre moglege veljarar. Om dette stemmer så kan partiet potensielt sikre seg fleire yngre veljarar og bygge seg større på lengre sikt, ved å gå mot venstre. Noko som kan tale i mot ein slik hypotese er at Krf sitt ungdomsparti, KrFU, vedtok at dei ønsker at KrF skal samarbeide til høgre, sjølv om det er delte meiningar om dette også i ungdomsorganisasjonen. Dermed er det ikkje gitt at partiet sine yngre tilhengarar sympatiserer mest til venstresida. Tabellen under viser korleis KrF-sympatisørane (dei som liker KrF) ser på dei ulike partia, på same måte som over, men her er dei delt inn i to aldersgrupper som kan gi oss eit innblikk i om det er forskjellane på eldre og yngre. Den første kolonnen er består berre av respondentar som er fødd i 1980 eller seinare, medan den andre kolonnen består berre av respondentar som er fødd 1959 eller tidlegare. Dei yngre Krf-sympatisørane utgjer 368 respondentar, medan dei eldre utgjer 821 respondentar. Det første ein kan lese av desse tala er at blant dei som liker KrF, så ser vi ikkje store forskjellar mellom dei yngre og dei eldre. Dei yngre er ikkje meir positive til SV og Ap, som ein kanskje skulle trudd dersom hypotesen om at dei yngre var meir venstreorienterte stemte. Den største forskjellen mellom aldersgruppene av KrF-sympatisørar ser ut til å gjelde dei andre sentrumspartia. Dei yngre ser ut til å like Venstre betre enn dei eldre, og dei eldre ser ut til å like Sp betre enn dei yngre. 6

Krf-sympatisørar om andre parti Liker parti (prosent) Yngre (fødd 1980 eller seinare) Eldre (fødd 1959 eller tidlegare) SV 39 44 FRP 24 23 AP 58 63 H 60 58 SP 45 65 V 52 39 Oppsummering KrF er for tida både i sentrum av norsk politikk og av den politiske mediedekninga. Partiet skal ta eit retningsval som kan ha stor innverknad på norsk politikk framover. I dette notatet har eg først presentert partysympatiane til Krf sine veljarar (frå 2013 og 2017). Desse resultata illustrerer godt den spagaten partiet står i. Veljarane deira er ikkje veldig begeistra for fløypartia, og denne antipatien indikerer at det er ein betydeleg avstand til både Frp og SV for veljarane. Dei nyaste tala tyder på at dei misliker Frp noko sterkare enn SV. Samtidig ser Høgre ut til å vere betre likt enn Ap. Dette tyder på at valet mellom ei Solberg-regjering med Frp, og ei Støre-regjering støtta av SV er vanskeleg også for veljarane. Det som kompliserer situasjonen ytterlegare er at veljarane til KrF ser ut til å vere meir positive til Sp enn Venstre. Skal vi berre basere oss på desse resultata, og ikkje målingar som dreier seg om haldningar til ulike politiske saker, får ikkje KrF noko tydeleg svar frå veljarane her. Likevel kan ein rekne med at Krf har ambisjonar om å få fleire veljarar enn dei 4,2 prosentane som dei oppnådde sist val. Derfor inkluderer dette notatet også preferansane til det ein kan rekne som potensielle Krf-veljarar, nemleg dei som seier at dei liker KrF. Av desse KrF-sympatisørane er det fleire som liker SV enn Frp. Det er omtrent like mange som liker høvesvis Høgre og Arbeidarpartiet. Eit fleirtal liker Senterpartiet, medan Venstre ser ut til å vere på same popularitetsnivå som SV. KrF-sympatisørar har dermed noko tydelegare sympatiar for dei raudgrøne enn KrF-veljarane. Yngre Krf-sympatisørarar ikkje ser ut til å vere meir venstreorienterte enn eldre, slik at ein strategi som inneberer å samarbeide til venstre verkar ikkje å vere betre tilpassa yngre potensielle veljarar enn eldre, dersom ein legg til grunn definisjonen av potensielle veljararar frå dette notatet. 7