SKODJE KOMMUNE Møteprotokoll Utval: KOMMUNESTYRET Møtestad: Rådhuset Møtedato: 20.11.2012 Tid: 17.00 Desse møtte: Fremskrittspartiet: Ordførar Terje Vadset, Kjell Arve Reiakvam, Jon Arne Torset vara for Terje Sortehaug, Alvar Skarpnes vara for Erling Ostnes Arbeiderpartiet: Kjell Haukeberg, Tone Fylling, Jan Georg Fossheim, Sven Ivar Skodjevåg vara for Bjørn Andre Stavset Senterpartiet: Elise Stette, Johan Honningdal, Linda Stavset, Inge Øye vara for Modolf Hareide. Kristeleg folkeparti: Gunnar Hauge, Reidun Holm Aure vara for Knut Strand Venstre: Kari Grindvik, Rolf Stavset Høgre: Torbjørn Skodjereite, Torunn Mølsæter, Leif Glomset, Karl Johan Kvernland vara for Lidvar Giskeødegård John Ola Røstad møtte ikkje. 20 voterande Tilstades var og rådmannen, assisterande rådmann, kommunalsjef, teknisk sjef, økonomisjef og politisk sekretær. Sistnemnde førde møteboka. Innkalling: Ingen merknadar Sakliste: Ingen merknadar Elise Stette og Karl Johan Kvernland vart samrøystes valt til å skrive under protokollen. Etter at sakene på saklista var handsama, var det drøfting om budsjettet. SAKLISTE Sak nr. Arkivsak 73/12 12/753 GODKJENNING AV PROTOKOLL FRÅ MØTE 13.11.2012
74/12 12/710 EKOMMUNE SUNNMØRE - OPPRETTING AV INTERKOMMUNALT SAMARBEID OM IKT-TENESTER 75/12 11/911 ETABLERING AV SAMARBEIDSUTVAL VED PRESTEMARKA BU- OG DAGTILBOD 76/12 08/687 BUSETTING AV FLYKTNINGAR 2
Sak 73/12 GODKJENNING AV PROTOKOLL FRÅ MØTE 13.11.2012 Johan Honningdal hadde ordet i saka. Protokollen vart lagt ut seint, dette grunna sjukdom. Samrøystes vedtak. Protokollen frå møte 13.11.2012 vert samrøystes godkjent. Sak 74/12 EKOMMUNE SUNNMØRE - OPPRETTING AV INTERKOMMUNALT SAMARBEID OM IKT-TENESTER Samrøystes vedtak i samsvar med innstilling frå formannskapet. 1. Skodje kommune vedtek den tilrådde organiseringa av ekommune Sunnmøre og tek vedteken IKT-strategi for ekommune Sunnmøre for 2013-16 til orientering. Skodje kommune godkjenner vedtekter for ekommune Sunnmøre, heimla i Kommunelova 27. 2. Skodje kommune godkjenner framlegg til samarbeidsavtale for IKT-drift, heimla i kommunelova 28b. Skodje kommune ber om ei evaluering etter første driftsår. Evalueringa skal sjå om intensjonen i avtalen er innfridd. Sak 75/12 ETABLERING AV SAMARBEIDSUTVAL VED PRESTEMARKA BU- OG DAGTILBOD Reidun Holm Aure, rådmannen og Kjell Haukeberg hadde ordet i saka. Rådmannen vart bedt om å forfatte tillegg til innstillinga der det skal kome fram kven dei tre representantane frå kommuna skal vere, og korleis utvalet skal konstituere seg. Rådmannen la fram følgjande endringsforslag til innstillinga: Endring punkt 2: Den eine av representantane for kommuna skal vere einingsleiar, den andre frå rådmannens administrasjon. Den tredje vert oppnemnd av kommunestyret. Føye til eit punkt (punkt 6): Samarbeidsutvalet vel sjølv leiar. 3
Votering: Innstilling: 0 røyster Innstilling med tilleggsframlegg frå rådmannen: Samrøystes vedtatt 1. Det vert oppretta eit eige samarbeidsutval for Prestemarka bu- og dagtilbod med verknad frå 01.01.13. 2. Utvalet skal bestå av to representantar for dei tilsette, to for pårørande/hjelpeverge, og tre representantar for kommunen. Den eine av representantane for kommuna skal vere einingsleiar, den andre frå rådmannens administrasjon. Den tredje vert oppnemnd av kommunestyret. Brukarrepresentantane skal ikkje vere til stades når saker som er omfatta av teieplikt etter lover eller forskrifter, blir behandla i samarbeidsutvalet. 3. Skodje kommunestyre oppnemner ordføraren som politisk representant i samarbeidsutvalet. 4. Samarbeidsutvalet har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld tilbodet i eininga Prestemarka bu- og dagtilbod. 5. Samarbeidsutvalet skal ha minst to møte i året. Einingsleiar har ansvar for å kalle inn, og fører også referat. 6. Samarbeidsutvalet vel sjølv leiar. Sak 76/12 BUSETTING AV FLYKTNINGAR Kari Grindvik, ordføraren, Linda Stavset og Kjell Haukeberg hadde ordet i saka. Skodje Venstre v/ Kari Grindvik la fram følgjande forslag til vedtak: Skodje kommune seier ja til å ta i mot inntil 15 flyktningar i 2013. Kjell Haukeberg la fram følgjande forslag til vedtak: Skodje kommunestyre ber administrasjonen greie ut sak om mottak av flyktningar frå og med 2014. Votering 1: Innstillinga og forslag frå Skodje Venstre vart sett opp mot kvarandre. Forslag frå Skodje Venstre v/ Kari Grindvik: 2 røyster for, 18 i mot Innstillinga: 18 røyster for, 2 røyster i mot Forslaget frå Skodje Venstre falt. Votering 2: Innstillinga og forslag frå Kjell Haukeberg vart sett opp mot kvarandre. Forslag frå Kjell Haukeberg: Samrøystes vedtatt Dermed falt innstillinga. 4
Skodje kommunestyre ber administrasjonen greie ut sak om mottak av flyktningar frå og med 2014. M Ø T E T S L U T T Terje Vadset ordførar Elise Stette Karl Johan Kvernland Rita Orheim Engeset politisk sekretær 5