NÆRINGSPLAN FOR GOL KOMMUNE



Like dokumenter
Næringsplan for Gol kommune

Strategisk plan - eit vik0g verktøy for regionalt samarbeid? Knut Arne Gurigard Dagleg leiar Regionrådet for Hallingdal

Strategi Bygge politisk og administrativ kunnskap og kapasitet til å drive påverknadsarbeid og strategiutvikling.

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

Strategi Bygge politisk og administrativ kunnskap og kapasitet til å drive påverknadsarbeid og strategiutvikling.

Strategi Bygge politisk og administrativ kunnskap og kapasitet til å drive påverknadsarbeid og strategiutvikling.

STRATEGISK PLAN FOR SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND IKS

Overordna strategiplan for Hardangerrådet

INDRE VESTLAND. Innspel frå Hardanger, Sogn, Voss og Vaksdal i dialogmøte med Vestland fylke

Ål Venstre. Ål Venstre

ARBEIDSGJEVARPOLITISK PLATTFORM GOL KOMMUNE , vedteke i Formannskapet, sak 0001/04, for

- Side 1 - Luster kommune Rådhuset, 6868 Gaupne Telefon: Faks: E-post: postmottak@luster.kommune.no Org.nr.

Hallingtinget Knut Arne Gurigard

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

KOMMUNEPLAN SELJORD KOMMUNE

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

Vedlegg SNP Side 1. Strategisk næringsplan

Samhandlingskonferansen 2015 Regional plan for folkehelse. Regional plan for folkehelse

Programkategori Distrikts- og regionalpolitikk

SAK 56-14, VEDLEGG 1 Eit prosjekt i utviklingsprogrammet for byregionar ByR Samspel og regional vekstkraft i Hallingdal»

Kva kan gjerast for at kommunane og fylkeskommunen arbeider stadig betre med næringsutvikling: Temaet no: Nytt næringshageprogram

Hytter i Gol. Kommuneplan og litt meir

REKRUTERINGSARBEIDET I HALLINGDAL Felles utgangspunkt, kva er problemstillingane

Vaksdal Venstre. «Venstre er det grøne og liberale alternativet i Vaksdal» Tommy Svendsson Ordførarkandidat for Venstre

RETNINGSLINER FOR TILDELING AV MIDLAR TIL KOMMUNALE NÆRINGSFOND. GJELD FRÅ

ARBEIDSGJEVARSTRATEGI

KOMMUNAL PLANSTRATEGI FLORA KOMMUNE

Fjordportalen. Møteplass for verdsarven. Sentrum for natur- og kulturbasert næring og aktivitet. v/arve Tokvam

Program for. Årdal Venstre

Regionalt bygdeutviklingsprogram i Rogaland 2013

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Ole Aasaaren Regionsjef

SOGN driftig raus ekte

STRATEGISK KULTURPLAN FOR SELJORD KOMMUNE

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

Regionplan Agder RUP 2012 & Setesdal! NB: Bildene i denne presentasjonen kan ikke benyttes videreuten tillatelse fra Setesdal regionråd.

Regionale aktørar sitt arbeid med bygde- og lokalsamfunnsutvikling på Vestlandet Utgreiing: Møreforsking og Ideas2Evidence Oppdragsgjevar:

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

STRATEGISK NÆRINGSPLAN (SNP)

UTTALE NASJONAL TRANSPORTPLAN

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

UTTALE TIL HØYRINGSDOKUMENT NORSK FJELLPOLITIKK 2009

Prosjektplan. Bustadpolitisk handlingsplan

Til veljarane i Tysnes

Regional Næringsstrategi for Hardanger. Hardangerkonferansen, torsdag 13. november 2014

Hovden del2 reguleringsplan frå 1997

STRATEGISK PLAN

Kommuneplanen sin handlingsdel. Eid kommune

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

VÅGSØY ARBEIDaRPARTI Valprogram

Læreplan i reiselivsfaget Vg3 / opplæring i bedrift

ÅRSMELDING 2009 for ÅRDAL UTVIKLING 24. driftsår

SAK 01/08 GODKJENNING AV MØTEPROTOKOLL Vedtak Møteprotokoll 14.desember 2007 vart vedteke.

Kommunedelplan for oppvekst

PLANPROGRAM FOR KOMMUNEDELPLAN FOR BREIBAND

Søknad Byregion Fase 2

EU-prosjektet Économusée Tradisjonsnæringar gir arbeidsplassar og ny giv

POTENSIALET FOR REISELIV PÅ VOSS

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

Høyring - Regionalt bygdeutviklingsprogram for Sogn og Fjordane

Strategi Forord

KLIPPFISK-KONFERANSEN Dato

FROKOSTMØTE 12. JANUAR 2016: Informasjonsmøte om RDA-midler - næringsretta midler til regional utvikling

Bustadområde i sentrum. Vurdering

LUK- slik vi forstår intensjonane frå KRD

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Planstrategi for Balestrand kommune

Frivillige organisasjonar i samfunnsbygginga

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

SANDØY KOMMUNE VEDTEKTER FOR NÆRINGSFONDET

Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting

Dykkar ref Vår ref Dato

tirsdag 16. april 13 «Brød av sirkus?»

Orientering om: - Arbeid for nye arbeidsplassar - Viken - Samferdsel - Sykkel - Fagskule

HEMSEDAL KOMMUNE ARBEIDSGJEVAR STRATEGI

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

STRATEGIPLAN

Vestnes kommune MIDT I BLINKEN. Arbeidsgjevarpolitikk Arbeidsgjevarstrategi mot 2023

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

INTENSJONSAVTALE FOR SAMANSLA ING AV ODDA KOMMUNE, JONDAL KOMMUNE OG ULLENSVANG HERAD

Program for Masfjorden Venstre

Planstrategi

Miljøsertifisering av offentlige og private verksemder i Gol kommune Bruk av Miljøfyrtårn som sertifiseringsordning

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

Hemsedal KRF Program

PARTNARSKAPSAVTALE MED BUSKERUD FYLKESKOMMUNE,

Omstillingskommune Sauda. Handlingsplan Handlingsplan Sauda omstilling 2017 Side 1 av 7

Ei god framtid for alle!

TRAINEE I SOGN OG FJORDANE

Internevaluering Destinasjon Voss/ Voss Reiselivsråd. Framlegg frå arbeidsgruppa

Ny regionkommune HØNSSHUSSGÅSS

Forfall meldast snarast til Pia Rørby Ruud ( ) eller tenestetorget ( ). Saker til behandling

REGIONALE IDRETTSANLEGG

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

REGIONRÅDET NORDHORDLAND IKS STRATEGISK PLAN

Årsmelding NÆRINGSAVDELINGA (Utval for Natur og næring)

DETTE ER VIKTIG FOR OSS. For at Midsund skal være ein god stad for alle å bu i, arbeide i, lære i og besøke. MIDSUND ARBEIDERPARTI

Politisk program for Jølster KrF

Transkript:

Hallingdal NÆRINGSPLAN FOR GOL KOMMUNE 2014-2018 2014 U t k a s t f o r h ø y r i n g r e v i d e r t 2 2. 0 4 2014

INNHOLDSFORTEGNELSE 1 SAMANDRAG... 3 1.1 ORGANISERING AV ARBEIDET... 3 1.2 BAKGRUNN FOR NÆRINGSPLAN... 4 2 Kommuneplanen 2011-2023... 5 2.1 VISJON (KOMMUNEPLANEN):... 5 2.2 OVERORDNA MÅL (KOMMUNEPLANEN):... 5 2.3 NÆRING... 5 2.4 HOVUDMÅL FOR NÆRINGSPLANEN... 6 2.5 TILTAK... 6 3 SATSINGSOMRÅDE 2014 2016... 7 3.1 SAMSPEL OG SAMHANDLING... 7 3.2 OVERORDNA PRINSIPP... 7 3.3 INFORMASJON... 7 3.4 SATSINGSOMRÅDE, STRATEGIAR OG MÅL... 8 3.4.1 Generelt... 8 3.4.2 GOL KOMMUNE SKAL HA EI TILRETTELEGGJARROLLE... 8 3.4.3 BEDRIFTSRETTA UTVIKLINGSTILTAK... 8 3.4.4 AKTIVE LOKALE EIGARMILJØ... 8 3.4.5 OFFENTLEG SEKTOR BÅDE LOKAL, REGIONAL OG LANDSDEKKJANDE... 8 3.4.6 PROFILARBEID, STADSINNOVASJON OG NYSKAPING... 8 4 REISELIV... 9 4.1 HOVUDMÅL... 9 4.2 Tiltak... 9 5 LANDBRUK... 10 5.1 HOVUDMÅL... 10 5.2 Tiltak... 10 6 HANDEL, VARE OG TENESTER... 11 6.1 HOVUDMÅL... 11 6.2 Tiltak... 11 7 SAMFERDSEL/INFRASTRUKTUR... 12 7.1 HOVUDMÅL... 12 7.2 Tiltak... 12 8 KOMPETANSE, INNOVASJON OG UTVIKLING... 13 8.1 Hovudmål... 13 1

8.2 Tiltak... 13 9 VERKEMIDDEL OG BRUK AV DESSE... 14 9.1 Planverk... 14 9.2 Lovar og regelverk... 14 9.3 Økonomiske verkemiddel... 14 9.4 Kommunale tenester Gol, ei næringsvenleg kommune... 14 9.5 Kommunal innkjøp... 15 10 ANDRE VIKTIGE AKTØRAR... 15 10.1 Gol Reisemål AS... 15 10.2 Hallingdal Næringshage AS... 15 10.3 Hallingdal Etablerersenter... 16 10.4 Innovasjon Norge og Buskerud fylkeskommune... 16 10.5 Regionrådet for Hallingdal... 16 10.6 Visit Hallingdal AS... 16 10.7 HallingExpo... 16 10.8 Hallingkost SA... 16 10.9 Næringsavdelinga i kommunen... 16 2

1 SAMANDRAG Næringslivet i Hallingdal har vore gjennom ei krevjande periode i etterkant av finanskrisa. Vår region har ein svært høg konsentrasjon av verksemder innanfor reiselivsnæringane. Dette er ei næring som har slitt tungt, også i landssamanheng, spesielt distriktshotell og anna kommersiell overnatting. Samstundes har ein registrert ein sterk investeringslyst, spesielt i områder på Glitre Næringspark og Enden. Dette er synleg gjennom nybygg og tilbygg. Gol festar grepet som sentrum for handel og kjøp/sal av tenester i Hallingdal. Bilbransjen er stor i omsetjing og tal på tilsetje. Same sak gjeld for entreprenørbransjen. Gol har eit aktivt sentrum med god spennvidde av ulike verksemder. Befolkningsutviklinga har vore positiv for Gol dei siste åra som følgje av innvandring. Auka befolkning gjev også auka arbeidsstyrkje. Utfordring er knytt opp mot å sikre relevante arbeidsplassar til kommunen. Auka befolkning vil også påverke næringssamansetjinga (service, handel og transport). Ei slik auke fører òg til større behov av arbeidsplassar innan helse og omsorgsnæringane. Fleire pensjonistar betyr ein lågare del av yrkesaktive, samanlikna med «ikkje yrkesaktive». Dette fører til at det må utviklast nye produkt og smartare måtar å arbeide på, for dei som er yrkesaktive. Derfor må det satsast innan FoU(forsking og utvikling) og innovasjon. Ein må derfor ta ut større potensiale av næringane Hovudutfordringa for alle næringar er: Å bli meir berekraftig Å omsette kunden sitt behov til produkt som kunden vil kjøpe Å bli attraktiv for arbeidstakarar og investorar 1.1 ORGANISERING AV ARBEIDET Arbeidet med denne næringsplanen har vore utførd av følgjande medlemmer: Helge Feet, 1 medlem i UNN og leiar prosjektgruppa Gro Hjelmen, Gol Reisemål AS Bitte Olstad, Gol Reisemål AS ( fram til 2011) Ingrid Hillestad Medhus, Nortura AS Asle Bråtalien, Golsfjellet Utmarkslag BA Gudmund Brekko 2, Hallingdal Næringshage, Petter Owesen, Gol kommune, (fram til 2012) Magne Hoftun, Gol Campingsenter og appartement Arne Nibstad, Storefjell Hotell Sekretær: Lars Riise 3, Gol kommune 1 avløyste Rolf Dencker i 2012 2 Avløyste Jan Egil Halbjørhus i 2012 3

1.2 BAKGRUNN FOR NÆRINGSPLAN Næringsplan skal vere eit styringsverktøy for heilskapleg næringspolitikk og skal vere grunnlag for dei prioriteringane som kommunen gjer i planperioden. I tillegg skal det gi aktørane innanfor næringslivet klare signal om kva prioriteringar kommunen legg til grunn for vidare utvikling. Gol kommune vil vere med å leggje til rette for næringsutvikling generelt og spesifikt for dei utvalde satsingsområda som er vedteke i denne planen. Dette vil bli gjennomført gjennom politisk arbeid, rådgiving, sakshandsaming, plan og rammeverk samt økonomisk stønad. Dette er verkemidla kommunen har tilgjengeleg. Visjonen skal vere ei samlande og motiverande målsetjing som ein kan strekke seg etter. Hovudmålet skal gje retninga for kvar ein vil, skal vere langsiktig og målbar med tanke på gjennomføring. Ein nyttar visjonen som er utforma i kommuneplanen. Næringsplanen skal ha klart definerte mål og skal ha konkrete tiltak for korleis ein skal nå desse måla. Gol kommune skal ha ein næringsplan som skal stimulere til ny aktivitet for næringar. Samstundes skal den leggje til rette for det etablerte næringslivet som allereie finns i kommunen. Gol sin gjeldande næringsplan er frå 1998. Denne nye planen skal gjelde for perioden 2014 2016 og skal rulleras innan 31.12.2016. Start på revidering av denne planen starta i 2010, etter vedtak i kommunestyret. Planen skal byggje på kommunale, regionale og fylkeskommunale planar som er vedtekne, og skal innehalde tydlege prioriteringar med mål og tiltak. Planen skal bygge under og forsterke kommunen sitt særpreg og fortrinn. Mål og tiltak i planen syner at kommunen ønskjer ein berekraftig utvikling slik det kjem fram i kommuneplanen generelt og i Energi og klimaplan for Gol. Berekraft definert som: Utvikling som imøtekjem dagens behov utan å øydeleggje mogelegheitene for at kommande generasjon skal få dekka sin behov. FN sin rapport «Vår felles framtid 1987» Kommunen sin plassering i NHO si nærings-nm og attraktivitetsbarometer 2012 (20. plass av totalt 430 kommunar) syner potensialet til kommunen. Mål og tiltaka er utforma mellom anna ut frå: SWOT-analyse basert på data frå SSB «Økonomiske virkninger av reiseliv i Buskerud» Ringvirkningsanalyse, Transportøkonomisk Institutt Rapport 1175/2011 «Næringsutvikling, innovasjon og attraktivitet i Buskerud, 2011» «Planprogram for nærings- og reiselivsplan for Gol» «Planstrategi for Gol kommune (2012 2014)» 3 avløyste Lornst Letnes i 2012 4

Det har vore gjennomførd samtaler med lokalt næringsliv, og dette og attendemeldingar på utsend svarskjema er nytta i planarbeidet. Næringslivet har soleis vore med å leggje føringar for utarbeiding av plan. Visjon og hovudmål skal reviderast samstundes med kommuneplanen, ein gong i kommunevalperioden. Viktige moment i næringsplanarbeidet som skal munne ut i praktisk arbeid. Næringslivet er ein viktig premissleverandør for Næringsplanen Strategiane skal byggje på bevisste og målretta val og tydelege satsingsområde, samt konkrete tiltak Næringsplanen skal vere arbeidd inn i kommuneplanen og andre planer for Gol kommune Næringsplanen skal vere sett i lys av regionale, fylkeskommunale og statlege planverk Verdiskaping og innovasjon er viktig Gol kommune sitt næringsfond skal støtte utvalde satsingsområder Nettverksarbeid både lokalt og regionalt gjennom jamlege møter mellom næringsaktørar, politikarar og administrativ leiing. Både kommunen og næringslivet kan ta initiativ til slike møter. Omdømebygging/ merkevarebygging og marknadsføring av kommunen 2 KOMMUNEPLANEN 2011-2023 Følgjande er henta frå kommuneplan for Gol 2.1 VISJON (KOMMUNEPLANEN): Samarbeid formar framtida 2.2 OVERORDNA MÅL (KOMMUNEPLANEN): Gol kommune skal vera styrt i pakt med natur og menneske i eit langsiktig perspektiv. Utvikling av Gol kommune som samfunn skal ta vare på behova til komande generasjonar. Gol kommune skal vera ei kommune som folk trivst i, flyttar til og blir integrert i. Gol kommune har bruk for aktive, kreative, deltakande og skapande innbyggjarar 2.3 NÆRING Gol, sentralt plassert i Hallingdal, skal ha fokus på tilrettelegging av ei allsidig næringsutvikling. Utfordringa er å ha tilgjengeleg næringsareal. Næringslivet i dag er landbruksretta industri, mindre industri, og tenesteyting, landbruk og reiseliv. Ut frå eksisterande næringsliv og naturgjevne tilhøve er det viktig å oppretthalde og vidareutvikle primærnæringa og spesielt leggje til rette for tertiærnæringar som tenesteyting og reiseliv. Eit allsidig næringsliv gir ein livskraftig og spennande kommune og eit breitt spekter av alternative arbeidsplassar. Ein kommune med godt tilbod på 5

tenesteyting og handel er i neste omgang og ein attraktiv bu-kommune. Aktiv satsing på reiseliv er avhengig av eit sterkt landbruk og eit attraktivt kulturlandskap. Næringsutviklinga i Gol kommune skal femne om tilrettelegging for eksisterande næringsliv og tilrettelegging av nyetableringar, og ha fokus på berekraftig utvikling med omsyn til klima og energibruk. Måla er å utvikle breidde, nyskaping og kreativitet i dette perspektivet. Gol kommune skal nå sine mål gjennom konkrete planar og tiltak. 2.4 HOVUDMÅL FOR NÆRINGSPLANEN Gol skal byggje opp og støtte eksisterande næringsliv Gol skal skape levedyktige og nyskapande arbeidsplassar Gol skal styrke sin posisjon som næringskommunen framfor nokon i regionen Gol skal gjere seg synleg nasjonalt og internasjonalt Gol skal vere attraktiv som framtidsretta reisemål Desse måla skal skje gjennom eit rikt mangfald som gjer Gol attraktivt for arbeidstakarar og investorar. Ein hovudregel for all drift er: Det er bedriftas eige ansvar å sørgje for at dei har eit produkt som marknaden etterspør til ein pris som gjev bedrifta godt nok overskot og at marknaden er kjend med at dette produktet eksisterer Gol er eit naturleg regionsenter og må byggje vidare på den naturlege krafta som ligg i enkeltmennesket til å skape. I denne samanhengen er kompetanse, innovasjon og utvikling sentrale arbeidsområde som ikkje skal bremse, men understøtte skaparevna. Gol kommune må leggje til rette for at offentlege arbeidsplassar for regionen skal kunne plasserast på Gol. 2.5 TILTAK Vekst, innovasjon og knoppskyting i nye og eksisterande bedrifter er målsetjinga for å få eit levande og dynamisk næringsliv. Gol kommune skal vere ei «ja-kommune» der administrasjon og politikarar finn gode løysingar innan det handlingsrommet som lover og forskrifter gir, og er i tråd med dei vedtekne lokalpolitiske føringane. Vil arbeide i lag for å utvikle/styrkje: Gol som regionsenter Gol som skule- og kompetansesenter Gol som kollektiv og transportknutepunkt for veg og bane Gol med framtidig by-status Kommunen skal leggje til rette for at dette kan skje. Derfor er det viktig å satse på dei rette prosjekta. 6

Samhandling mellom næring og kommune gir utvikling som vil utvikle Gol-samfunnet. 3 SATSINGSOMRÅDE 2014 2016 REISELIV LANDBRUK HANDEL, VARE OG TENESTER SAMFERDSEL/INFRASTRUKTUR KOMPETANSE, INNOVASJON OG UTVIKLING Desse satsingsområda er ikkje sett opp i prioritert rekkefølgje. Det vil bli laga eit årleg handlingsprogram for å styre innsats mot vedtekne mål og strategiar. Handlingsprogrammet skal godkjennast i kommunestyret i samband med handsaming av årsbudsjett 3.1 SAMSPEL OG SAMHANDLING Gol treng god samhandling og eit godt samspel for få til næringsbygging som kan bety noko over tid. Ein ynskjer seg eit langsiktig samspel mellom fleire aktørar lokalt, regionalt og nasjonalt. Kommunen er sentral i arbeidet med å bygge nettverk, nyskaping og utvikling i næringslivet. 3.2 OVERORDNA PRINSIPP Gol skal i samarbeid med næringslivet, virkemiddelaktørane og andre sentrale aktørar aktivt hjelpe personar som ynskjer å etablere eigen verksemd. Gol skal hjelpe eksisterande næringsliv i utviklingsprosjekt og nytenking. Gol skal stå fram og opptre som ein samla kommune. Kommunen skal søkje felles løysingar i saker av lokal karakter og samarbeide med andre kommunar/regionar, der dette synes å ha gjensidig verdi. Kommunal forvaltning og tenesteproduksjon er særs viktig for rammevilkåra til det lokale næringslivet. Det er viktig å utvikle lokale møteplassar slik at næringsdrivande, politikarar og offentleg tilsette kommuniserer, utviklar idear og styrkjer det eksisterande næringslivet. 3.3 INFORMASJON Nærings og næringspolitikk er viktig for lokalsamfunnet. Det må derfor leggjast til rette for god informasjon. Det vil vere viktig med ein eigen informasjonsstrategi i samband med årleg handlingsplan for å få best mogeleg medverknad frå næringslivet og resten av samfunnet i kommunen. Kommunen er avhengig av tilbakemeldingar frå næringsdrivande for at det skal vere ein god kommunikasjonsflyt. 7

3.4 SATSINGSOMRÅDE, STRATEGIAR OG MÅL 3.4.1 GENERELT Politikarar og kommuneadministrasjonen er tiltaksapparatet i Gol kommune. Eit rikhaldig og godt fungerande næringsliv er grunnlag for eit levande lokalsamfunn. 3.4.2 GOL KOMMUNE SKAL HA EI TILRETTELEGGJARROLLE Kommunen skal kunne tilby effektive næringsareal, god infrastruktur, effektiv saksbehandling og næringsvenlege offentlege tenester (forvaltning) overfor næringslivet under her å marknadsføre Gol som ein attraktiv bu og etablerer- stad. Kommunen skal til kvar ei tid ha oversikt over tilgjengeleg næringsareal. 3.4.3 BEDRIFTSRETTA UTVIKLINGSTILTAK Rådgjeving og anna bistand for å stimulere gründere/ nyetablerte firma i gang. Ha ein vegvisarfunksjon til gratis rådgjevingstenester frå miljø som for eksempel Hallingdal Etablerersenter og Hallingdal Næringshage samt rådgjeving og gunstig finansiering frå verkemiddelapparatet. 3.4.4 AKTIVE LOKALE EIGARMILJØ Kommunen ved rådmann, ordførar og næringskonsulent skal knyte kontakt og skape dialog. 3.4.5 OFFENTLEG SEKTOR BÅDE LOKAL, REGIONAL OG LANDSDEKKJANDE Kommunen skal arbeide aktivt for lokalisering av regionale arbeidsplassar. Stimulere til lokal samhandling mellom offentleg og private miljø gjerne gjennom konferanse og seminar. 3.4.6 PROFILARBEID, STADSINNOVASJON OG NYSKAPING Gjennom å drive kontinuerleg profilarbeid og stadsinnovasjon vil ein styrke attraksjonsverdien til Gol. Dette skal føre fram til: Få fram attraksjonar/»magnetar» som Gol skal byggje identiteten rundt. Nye verksemder. Styrkje vitaliteten i næringslivet. Auke tilstrøyminga til Gol i form av både bustader og reisemål. Bidra til å styrkje optimisme og gjennomføringsevna i Gol. Styrkje arbeidslivet gjennom aktiv bruk av arbeidsmarknadstiltak for å få fleire med nedsett arbeidsevne ut i arbeid. Hjørnesteinsverksemder sine behov må ivaretakast. Partnarskapsarbeid må stimulerast. Kapitalhovudstad i Hallingdal innan finans og forsikring. 8

4 REISELIV 4.1 HOVUDMÅL Skal bli bland dei 10 største reiselivskommunane i landet Skal vere eit klart heilårs reisemål Det familievenlege fjellet Gol kommune skal stimulere til eit framtidsretta reiseliv og til samarbeid mellom aktørane Gol kommune er ein stor reiselivskommune på landsbasis. Med om lag 1900 hotellsenger og 2155 fritidsbustader (2012). Det er i om lag 17 000 hytter og leilegheiter i heile Hallingdal. Transportøkonomisk Institutt (TØI) sin rapport, «Økonomiske virkninger av reiseliv i Buskerud» Ringvirkningsanalyse, Rapport 1175/2011, konkluderer med at samla ringverknader økonomisk sett, for reiseliv, er 606 MNOK i omsetning for Gol. I heile Hallingdal er omsetjinga minst 3 milliardar. Gol har ca 20 % av denne omsetjinga. Rapporten seier at Gol har 15 % av all overnatting i Hallingdal. Mest er fordelt på hotell og liknande (62 % )men og mykje på private fritidsbustader og stadig aukande del er innan camping. Det er store variasjonar innan reiselivet. Gol har ikkje dei store fyrtårna innan aktivitetsverksemder slik som t.d. skisenter som Hol og Hemsedal har, men har mindre som td. Tropicana og fleire spreidde ski-/sykkel-/turområder. I avstand innan 1 time reisetid frå Gol ligg Bjørneparken i Flå, Langedrag og Hardangervidda Nasjonalpark i tillegg til fleire skisenter Det er også korte avstandar til fjordane i Hardanger og Sogn. 4.2 TILTAK For å kunne by fram eit differensiert overnatting og serveringstilbod, må det iverksetjast tiltak for å fremje mangfald i arrangement og aktivitetstilbod utan at desse kjem i konflikt med kvarandre. Ein må ha fokus på vertskapsrolla. Alle næringar har ei rolle i høve til dette. Ein må stadig utvikle rolla som arrangør. Målet er å ha fleire store arrangement i løpet av året. Ein må utvikle Gol som ein motordestinasjon det vil vere mogelegheit for å utvikle fleire og betre motoraktivitetar innan isbanedrift, organisert scooteraktivitet mm. Ein må ha fokus på private hytteeigarar dette er ei ressurssterk gruppe som må involverast, integrerast, og leggjast til rette for. Ein må vidareutvikle løyper for langrenn og stigar for vandring og sykkel Auka satsing på kompetanse og det å ta i bruk nye teknologiske løysingar Gol kommune vil gjennom sitt planverk stimulere til å oppretthalde drift hjå eksisterande verksemder, leggje til rette for knoppskyting og tilleggsnæringar innan tradisjonelt reiseliv. Overordna planer og enkeltvedtak skal stimulere til at reiselivet si utviklingsmogelegheit blir ivareteken. Utviklinga i reiselivet vil gje store ringverknader til andre næringar ved å auke forståinga av viktigheita av denne. Eit attraktivt reiseliv er avhengig av eit levande landbruk, yrande handel og godt fungerande samferdselsløysingar. 9

5 LANDBRUK 5.1 HOVUDMÅL Landbruket skal på ein offensiv, berekraftig og effektiv måte nytte heile produksjonsgrunnlaget til størst mogeleg verdiskaping i lokalsamfunnet og vere aktive i forhold til å bevare det tradisjonelle kulturlandskapet. Jord og skogbruk er næringar med fallande omfang, sysselsetjing og økonomi. Samstundes kvilar det driveplikt på alle eigedomane som krev ei eller ei anna form for drift. Dette sjølv om ein ikkje ynskjer å drive jorda. Det er i hovudsak nasjonale rammer som avgjer denne utviklinga. Gol kommune har utarbeidd eigen plan for landbruket i 2009, med eigne hovudmål for næringen. Planen har status som temaplan. Masterplanen for Golsfjellet har som visjon at reiselivet og landbruket i området skal utviklast ved gjensidig samarbeid om fjellet si ressursar. Det blir lagt vekt på at det tradisjonelle stølslivet skal gje grunnlag for ein heilskapleg turist og opplevingstilbod. Det er viktig også for reiseliv at kulturlandskapet i kommunen blir halde i stand gjennom beiting og rydding. Det vil vere behov for auka kompetanse hjå dei som blir igjen i næringen. Truleg vil framtidas bonde langt meir vere ein bedriftsleiar med tilsette og treng sterkare økonomisk kompetanse. I periodar har næringa stor behov for arbeidskraft. Dette må dekkjast inn. 5.2 TILTAK Ein må støtte oppunder produksjon av nisjemat og mogelegheit for å samle eit salsapparat for slik utsal. Dette gjennom stimulering til foredling av lokale råvarer, oppretting av gardsbutikkar og felles varedistribusjon Ein må hindre attgroing, kulturlandskap og reiseliv heng i hop, det er då viktig å behalde tregrensa Ein må vidareutvikle produkt som jakt, fiske og utmarksaktivitetar. Ein må ha fokus på å synleggjera landbrukets samfunnsverd med lokale og regionale ringverknader Gol kommune må vere ein nyttig medspelar og inspirator for dei som vil utvikle landbruket og starte nye næringar knytt til jord- og skogbruk Kommunen må vere pådrivar for å oppgradere /oppskrive kommunale, og regionale vegar slik at vegnettet i sin heilskap tåler belastninga av 60 tonn totalvekt frå skog og til sluttforedling. (fabrikk) Næringsavdelinga skal fylle ei viktig rolle som formidlar av informasjon til landbruksnæringa innanfor fagområdet Kommunen skal ha administrativ kapasitet slik at vilkåra for å drive landbruk blir gode. Ein må stimulere til kompetanse og næringsutvikling i landbruket Gol kommune vil gjennom sitt planverk stimulere til å oppretthalde primærproduksjon og arbeide for knoppskyting og tilleggsnæringar innan jordbruk og landbruk. Kommunen må vere støttespelar for å behalde flest mogeleg bønder, sjølv om desse ikkje er 100 % sysselsett innan landbruket. Det må leggjast til rette for å kombinere jordbruk og anna næring på garden. 10

Overordna planer og enkeltvedtak skal sørgje for at landbruket sine viktige landbruksareal blir skåna for unødig nedbygging Eit levande landbruk er viktig faktor for turisme og bevaring og utvikling av kommunen sitt vakre kulturlandskap. 6 HANDEL, VARE OG TENESTER 6.1 HOVUDMÅL Gol skal vidareutviklast som regionsenter innan handel og service for Hallingdal. Regionsenteret skal pregast av gode og varierte handels-, servicetilbod og tilbod om opplevingar i eit triveleg småbymiljø, som trekkjer til seg nye og komplementære næringar. Sentrumsnære bustadformer skal underbyggje veksten og leggje til rette for mindre bilbruk Skal bli bland dei tre største handelskommunane i landet (omsetjing pr. innbyggar) Gol kommune står fram som eit regionalt sentrum innan handel og tenesteyting. I tillegg har stat og fylke lagt viktige regionale funksjonar til Gol. Det er ei klar oppfatning at kommunen har eit triveleg sentrum som har både butikkar som er kjedetilknytt, men også mange kjedeuavhengige. Sentrum har både kjøpesenter og frittståande butikkar. Felles er at dette er butikkar av god kvalitet. Dette gjer sitt til at ein ser dette som eit levande og vitalt gatemiljø. Glitre Næringspark har utvikla seg til å bli eit regionalt senter for sal av bil- og bilrekvisita i tillegg til landbruksmaskiner/hageutstyr. 6.2 TILTAK Ein må sikre det lokale næringslivets rammevilkår. Det kan vere å oppretthalde eksisterande parkeringsløysingar (kantparkering). Ein må leggje til rette for utvikling for aktørar innan plasskrevjande varehandel som; bilsal, traktor og hageutstyr mm. Kommunen skal aktivt leggje til rette for verksemder som bidreg til å komplettere Gol som handels og servicestad. Ein skal også bidra til å avdekke slike behov. Sentrumsutvikling skal stå på kommunen sin agende i samarbeid med det lokale næringslivet. Ein må nytte det regulerte sentrum med fortetting i eksisterande areal for å gi plass til nye næringsdrivande og fleire bu-einingar. Kommunen bør appellere til at butikkar har lengre opningstider i samband med helg og feriar. Gol kommune vil gjennom sitt planverk stimulere til å oppretthalde drift hjå eksisterande verksemder, leggje til rette for knoppskyting og tilleggsnæringar innan tradisjonelt handel. Overordna planer og enkeltvedtak skal sørgje for at private næringsdrivande sine utviklingsmogelegheiter blir ivaretekne. Eit yrande handelsliv i Gol er avhengig av attraktivt reiseliv som i sin tur er avhengig av eit levande landbruk samt godt fungerande samferdselsløysingar. 11

7 SAMFERDSEL/INFRASTRUKTUR 7.1 HOVUDMÅL Gjennom tilrettelegging av moderne infrastruktur skal kommunen vera samarbeidspartnar i utvikling av eit variert, konkurransedyktig og berekraftig næringsliv Med samferdsel meiner ein: Transportårer (veg, jernbane, flyplass) Kraft- og kommunikasjonsliner Kommunikasjonspunkt for trådlause tilbod (radio/tv, telefoni og breiband) Gol har eit godt utgangspunkt med Riksveg 7, Riksvegveg 51 og Fylkesveg 52 og Bergensbanen som går igjennom kommunen. Rapportar syner at bilveg framleis vil vere den viktigaste åra for samferdsel i nær framtid. Viktige infrastrukturtiltak som ny vegstrekning Sokna Ørgenvika og Hardangerbrua vil føre til kortare tid til våre 2 største byar med tilhøyrande tunge næringsliv og stor befolkning. Arbeidet med fleire infrastrukturtiltak aust-vest er naudsynt og viktig. Gol er eit nasjonalt trafikknutepunkt. Dette er eit godt utgangspunkt for utvikling av kollektive trafikkløysingar, tilrettelegging for langtransport og utvikling av Gol som eit logistikknutepunkt. Det er spesielt viktig å byggje maksimalt opp under ei betydeleg styrking av kollektivtrafikk på bane og veg. Kollektivtransport skal prioriterast både på riks- og regionalt nivå Stadig fleire verksemder og privatpersonar er avhengig av eit nettverk for telefoni og data som fungerer. For teknologiverksemder er høg hastighet på breiband med fiber som berar ein føresetnad for deira arbeid. Fleire tilsette vel å arbeide frå bustad eller fritidsbustaden sin. Det er difor viktig at slike nett er godt utbygde og driftssikre i alle område. E-CO styrer 7 % av all vasskraftproduksjon i landet frå hovudsentralen på Gol. Store deler av straumen dei produserer skal distribuerast frå Hallingdal. Viktige arbeidsplassar for Gol. 7.2 TILTAK Ein må betre parkeringsmoglegheiter nær kollektivknutepunktet Gol stasjon (oppmerking og betre tilrettelegging med skilting og informasjon). Ein må etablere fleire parkeringsplasser med lademoglegheiter for EL-bil. Logistikknutepunktet Gol må utviklast m h t persontransport og næringsdistribusjon. Gol kommune skal arbeide for raske og effektive transportkorridorar for både veg og bane. Døme på dette er intercitytog mellom Geilo og Oslo. Kommunalt vegnett skal ha normal god standard. Fiberutbygging må prioriterast og tilpassast kunden sitt behov. 12

For Gol og Hallingdal er innkorting av reisetid avgjerande for næringsutvikling og busetjing, konkret tenkjer ein då på innkorting av RV7 Sokna- Ørgenvika og Ringeriksbanen. Stamvegnettet RV7/FV52 må oppgraderast og person- og godstransport på Bergensbana må utviklast. Elles er vegsambandet over til Valdres viktig for Gol og Golsfjellområdet, fordi ein kan vente synergieffektar frå Valdres, Lillehammer og Gjøvik til Hallingdal ved enkelte høve og spesielt om Fjellregionsamarbeidet blir utvida og Fagernes Lufthavn får auka reiselivstrafikk. Det er også ei auke i tungtransport aust vest som går over Golsfjellet. 8 KOMPETANSE, INNOVASJON OG UTVIKLING 8.1 HOVUDMÅL Gol er kompetansekrysset for Hallingdal. Vekst i kunnskapsbedrifter er eit naturleg mål for kommunen. Kompetansebedrifter og finansnæring skal vere blant berebjelkar for Gol ved utvikling som næringssentrum i regionen. Kulturnæringar må også vere ein bjelke for framtidig næringsvekst. Sterkare global og lokal konkurranse stiller krav til ny og oppdatert kompetanse. Det er ei utfordring å vere omstillingsdyktig nok for å ta i bruk ny teknologi til dømes.. Spisskompetanse blir bygd med støtte i eit kompetent lokalt fag miljø. Samstundes tel erfaring frå lokale, suksessrike gründere som kan trekkjast med for kompetansedeling, utvikling av idèer, tilførsel av lokalt leiarskap i samspel med nasjonal kapital og kompetanse. Gjennom dette samarbeidet ventar ein at nye næringsinitiativ og vidareutvikling av eksisterande verksemder eller produkt vil skje Gol skal bli blant dei fremste i landet når det gjeld læringsmiljø og kunnskapsutvikling. Gol skal vera eit sentrum for spennande kunnskapsbedrifter og kreative fagmiljø. 8.2 TILTAK Eit viktig verkemiddel for innovasjon og utvikling vil vere deltaking i eit større landsdels eller nasjonalt innovasjonsprogram, der Gol skal ta ei sterk regional rolle Hallingdal Næringshage er eit verktøy og stadbunden utviklingsaktør for regionen som skal vere bidragsytar for å utvikle den «virtuelle kunnskapsparken». Næringshagen har serlege føresetnader då den no er fylkeskommunal utviklingsaktør i regionen. Gol må også arbeide for ytterlegare differensiering av næringslivet for å styrke breidda. Dette skjer gjennom å fange opp trendar og omsetje desse til nye produkt/bedrifter gjennom sterkare forankring til bransjeorganisasjonar og utviklingsaktørar. I perioden skal Gol aktivt arbeide for internasjonal handel og nytte seg av dei gode handelsrelasjonane som oppstår gjennom innvandrarar til Norge. Klyngedanning er eit sentralt omgrep knytt til innovasjon, utvikling og vekst. Gol har mange verksemder som i lag utgjer ein viktig del i ei større nasjonal kompetanseklynge. Eksisterande verksemder som Gol vidaregåande skule, Hallingdal Folkehøgskule, Folkeuniversitetet, Gol Vaksenopplæring, Hallingdal Karrieresenter, Hallingdal Etablerer 13

senter og Hallingdal Næringshage byr alle på kompetanse på regionalt nivå. Det vil vere eit mål å styrke bandet mellom desse til regionens beste. Det må i perioden arbeidast vidare med å byggje eit betre tilbod innan vidaregåande skule og høgare utdanning. Dette gjennom målbevisst satsing på stadbunden forsking og undervisning, kombinert med desentraliserte tilbod. Gol kommune skal arbeide for å etablere regionens første Kunnskapspark for å fremje lokal, regional og landsdelen sin innovasjon og utvikling. Kjernen i kunnskapsparken er eksisterande verksemder som blir bygd ut med nye private og offentlege høgskulestilbod som stadbundne eller desentraliserte behov. Dette vil gi næring til nye kunnskapsintensive verksemder. Virtuell og stadbunden samling skal gå hand i hand. 9 VERKEMIDDEL OG BRUK AV DESSE Gol kommune har fleire verkmiddel til rådvelde i arbeidet med næring og utvikling: Planverk, lover og regelverk, kommunale tenester, næringspolitikk og tilskotsordningar. Desse må nyttast strategisk og planmessigt for å nå måla. I tillegg kan kommunen spele på eksterne aktørar og samarbeidspartnarar. 9.1 PLANVERK Kommuneplanen for Gol, som Næringsplanen for Gol er ein del av, syner korleis dei folkevalde i kommunen ynskjer at innbyggjarar, næringsliv, politikarar og kommuneadministrasjonen saman skal skape eit attraktivt lokalsamfunn med eit rikt og variert næringsliv og ei trygg oppvekst og alderdom. Kommuneplan for Gol er overordna andre kommunal planar. Næringsplanen byggjer til ein kvar tid på denne. 9.2 LOVAR OG REGELVERK Gol kommune ynskjer å stå fram som løysingsorientert ved å gje rask og korrekt sakshandsaming og nytte det handlingsrommet som lovverket gjev. Det viktigaste regelverket som ein må halde seg til er: Plan- og bygningslova, Jordlova, Konsesjonslova og Odelslova. 9.3 ØKONOMISKE VERKEMIDDEL Gol kommune har årleg inntekt av konsesjonskraft. Dette er det kommunale næringsfondet der midlane er øyremerka til næringstiltak. Føremålet med fond er å stimulere til nyskaping, nyetablering, knoppskyting, kompetanseheving eller andre utviklingstiltak tufta på varige og lønsame arbeidsplassar og verksemder i samsvar med Næringsplanen sine mål og satsingsområder. Beløpet er sett til kr 800 000,- årleg i perioden 2013 2016. Dette beløpet blir vurdert ved rullering av ny økonomiplan i 2016. 9.4 KOMMUNALE TENESTER GOL, EI NÆRINGSVENLEG KOMMUNE Gol skal vere ei næringsvenleg kommune. Med dette meiner ein at kommunen skal yte tenester som næringslivet er nøgd med: 14

Høvelege krav og forventningar, rask sakshandsaming, god rådgjeving og informasjon m.m. Næringslivet skal kunne rekne med at kommunen legg til rette for at næringsdrivande kan få rettleiing og rask avklaring av nødvendige godkjenningar for å utvikle og/eller starte ny verksemd. I tillegg kjem gode kommunal tenester som barnehage, skule, helse og omsorg, vassforsyning, vegvedlikehald og kulturtilbod for å sikre bu-lyst og dermed tilgang på kvalifiserte arbeidstakarar. Tilgang på sentrumsnære bustad og næringstomter er ein viktig føresetnad for næringsutvikling. Desse bustadformene bør ha ulike storleik og utforming. Kommunen skal vere ein pådrivar, samtalepartner, rettleiar, samarbeidspartnar og kan yte ressursar, men det må aldri vere tvil om at arbeidsplassane blir skapt av og for næringslivet. Kommunen ynskjer å samarbeide om å stimulere til prosjekt og tiltak. Dette gjennom forankring i eit utviklingsorientert næringsliv som skal fremje samarbeid mellom offentlege og private aktørar. Difor vil kommunen støtte dei verksemdene og dei prosjekta som har eit utviklingspotensial i tråd med målsetjingane, og dei som sjølve ynskjer å realisere potensialet sitt. 9.5 KOMMUNAL INNKJØP Kommunale innkjøp utgjer betydelege summar, og kommunen kan vera ein viktig kunde for delar av det lokale næringslivet. I samband med avtaler om innkjøp skal kostnad, tilgjenge og service vektast ut frå eit lokalt perspektiv. Ein skal og ta omsyn til indirekte verknader, slik som arbeidsplassar, skatteinngang og bevaring av verdiskapinga i lokalsamfunnet gjennom lokalt eigarskap 10 ANDRE VIKTIGE AKTØRAR 10.1 GOL REISEMÅL AS Gol Reisemål AS skal utvikle, leggje til rette for og marknadsføre tilbod som kommunen har, med sikte på at auka kjennskap og aktivitet vil styrkje næringslivet og gjere Gol til ei betre kommune å bu og opphalde seg i. Arbeidsoppgåvene skal i stor utstrekning vera til nytte for aksjonærane, men og for Gol i sin heilskap. Gol Reisemål sin Visjon er å bli den samlande og viktigaste aktøren for å oppnå at kommunen blir bland dei 10 største reiselivskommunane i landet og den tredje største handelkommunen pr. innbyggjar i Norge. Deira hovudmål er at Gol Reisemål skal gjennom alle sine arbeidsoppgåver bidra til å auke totalt tal på gjester til Gol kommune og at flest mogeleg av desse reiser frå Gol med positive minner og opplevingar. 10.2 HALLINGDAL NÆRINGSHAGE AS Hallingdal Næringshage AS er eit regionalt privat\offentleg eigd utviklingsselskap som eksklusivt er med i det statelege næringshageprogrammet som SIVA administrerer. Næringshageprogrammet skal bidra til auka verdiskaping gjennom å legge til rette for utvikling av attraktive bedrifter og kunnskapsarbeidsplasser i hele landet, men fortrinnsvis i distrikta. Arbeidsområda til næringshagen å medverke til å starte verksemder, vidareutvikle dei eller produkta, bedrifts- og samfunnsprosjekt som har relevans for bedriftsutvikling. Verktøya er mellom anna nettverksbygging, rekruttering, kompetanse og kapital. Næringshageprogrammet eit eit verkemiddel for fylkeskommunen og bidrar til at fylkeskommunens rolle som regional utviklingsaktør styrkes. Hallingdal Næringshage AS er eit godt strategisk verkemiddel for Gol kommune og regionen i næringsutviklinga 15

10.3 HALLINGDAL ETABLERERSENTER Hjå Hallingdal Etablerersenter kan personar få hjelp til etablering og annan bedriftsrådgjeving. Dei som har ein forretningsidè, ynskjer å starte eige firma, eller treng hjelp til finansiering kan får gratis rådgjeving her. Gol kommune vil satse vidare på etablerarsenteret både økonomiske og ved å sende moglege etablerarar dit for rådgjeving. 10.4 INNOVASJON NORGE OG BUSKERUD FYLKESKOMMUNE Innovasjon Norge har eit omfattande tilbod av produkt og tenester retta mot norsk næringsliv, og særskilt entreprenørar og små og mellomstore bedrifter. Utviklingsavdelinga i fylkeskommunen sitt virkefelt er omfattande og kan gjelde t.d. nyskapingsprosjekt, samfunnsomstilling, næringslivsorientert transport, infrastrukturplanlegging, stadutvikling og kulturbaserte tilbod. Gol kommune skal vere døropnar og freiste å få så størst mogleg del av utlyste midlar til nytte i Hallingdal/Gol. 10.5 REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL Regionrådet i Hallingdal er eit politisk samarbeidsorgan for dei seks kommunane i Hallingdal. Ordførarane i Hallingdal utgjer regionrådet, som skal vera eit samarbeids og interesseorgan for deltakarkommunane. Det skal arbeid for å utvikle regionen med særleg vekt på nokre prioriterte satsingsområde og det skal ta vare på regionen sine interesser overfor fylke, stat og andre organ på region-, fylkes- og riksplan. 10.6 VISIT HALLINGDAL AS Visit Hallingdal AS er det regionale destinasjonsselskapet for Hallingdal. Skal drive regionalt sals- og marknadsføring med føremål arbeide for generell reiselivsutvikling i Hallingdal. Selskapet skal arbeide for reiselivsnæringa sine interesser og drive profilmarknadsføring av Hallingdal som heilårs destinasjon. 10.7 HALLINGEXPO HallingExpo er Hallingdal sitt eige næringsforum. Skal arbeide for best mogelege arbeidsvilkår for all verdiskapande næring i Hallingdal. Skal fokusere på å profilere næringslivet i Hallingdal og skape møteplassar for nettverksbygging og kompetanseutvikling. Fungerer som eit næringspolitisk talerør ovanfor myndigheitene. 10.8 HALLINGKOST SA Hallingkost er ein nettverksorganisasjon med nesten 50 medlemer. Hallingkost skal bidra til betre verdiskaping for deleigarane, gjera den lokalproduserte maten synleg og styrkje Hallingdal som reiselivsregion. Hallingkost vil arbeide i grensesnittet mellom landbruk og reiseliv. Eit aktivt og levande landbruk er grunnlaget for framtidas reiseliv. 10.9 NÆRINGSAVDELINGA I KOMMUNEN Gol kommune har eigen næringsavdeling med næringskonsulent og næringsmedarbeidarar innan landbruk og skogbruk. Dei skal bidra for å leggje til rette for all næring i kommunen. 16

17 Næringsplan for Gol kommune 2014-2017