Avtale om partnarskap Det er inngått partnarskap mellom..kommune og ALV - Møre og Romsdal. Avtalen gjeld frå 1.januar 2016. Dato: Rådmann Dato: Styreleiar ALV Møre og Romsdal
Bakgrunn Arena for læring om velferdsteknologi (ALV-Møre og Romsdal), vart etablert som eit partnarskap mellom Høgskolen i Ålesund og Ålesund kommune i 2013. Frå og med 2016 blir ALV-Møre og Romsdal utvida gjennom partnarskapsavtalar med kommunar i Møre og Romsdal. Formålet med etablering av ALV Møre og Romsdal Formålet med ALV-Møre og Romsdal er å byggje og dele kunnskap omkring velferdsteknologi gjennom tverrfagleg samhandling i organisasjonane og tverrfagleg samhandling mellom ulike samfunnsaktørar. Kunnskapen skal ha effekt for innbyggjar, kommunar og høgskulen. For innbyggjarar vil arbeidet i ALV bidra til: Betra livskvalitet gjennom sjølvstende, fridom, tryggleik og aktivitet på alle arenaer. For kommunane vil arbeidet i ALV bidra til: Til å bygge bestillerkompetanse på velferdsteknologiske løysingar. Å bygge kunnskap til å implementere velferdsteknologi i tenestane. Kunnskap om tenleg tenesteorganisering for å få god effekt ut av velferdsteknologien. Opplæring av tilsette. For høgskulen vil arbeidet i ALV bidra til: Å legge til rette for forsking. Med utgangspunkt i brukarens behov peike på problemstillingar og bidra til kontakt med forskingsfeltet. Idear om korleis velferdsteknologi kan implanterast som fag innan eksisterande utdanningar, evt. ved utarbeiding av velferdsteknologi som sjølvstendig fagområde. ALV skal: Vere ein kompetanse- og læringsarena for heile fylket. Fremje velferdsteknologi som verkemiddel for innovasjon av helse- og omsorgstenestane. Medverke til etablering av ulike arenaer der partnarane kan dele erfaringar, tilegne seg ny kunnskap og få rettleiing relatert til tenesteinnovasjon, utprøving og implementering av velferdsteknologi. Drifte ein fysisk arena (ALV-leilegheit) for opplæring, utprøving, utbetring og utvikling av velferdsteknologi, og stille denne til rådigheit for opplæring av partnarane sine tilsette og studentar ved Høgskolen i Ålesund. Ta utgangpunkt i partnarskapskommunane og Høgskolen i Ålesund sine ønskjer og behov relatert til velferdsteknologi. partnarskapsavtale alv-møre og romsdal usignert 2/6
Ta initiativ til samarbeid med regionråda og medverke til at velferdsteknologi er tema på relevante møter for ulike grupper av kommunalt tilsette, folkevalte og brukarar. Ha prosjektleiar, tilsett i Ålesund kommune, med følgjande arbeidsoppgåver: o Vere oppdatert om kva som skjer på velferdsteknologi området nasjonalt og internasjonalt. o Gjennomføre kompetanseutviklingstiltak, for eksempel gjennom nyheitsbrev, undervisning, nettverksgrupper, seminar. o Vere ressursperson for ALV-kommunane i forbindelse med tenesteutvikling og implementering av velferdsteknologi. o Ta initiativ til nye prosjekt, herunder søknad om midlar, saman med partnarane. o Vere prosjektleiar i enkeltprosjekt i den grad styringsgruppa bestemmer dette. o Vidareutvikle innhald og bruk av ALV-leilegheita ved Høgskolen i Ålesund. o Ha hovudansvar for nettsida www.alv-moreogromsdal.no o Rapportere på enkeltprosjekt til partane, når dette er naturleg. o Synleggjere resultat oppnådd gjennom ALV, gjennom for eksempel årsrapport. o Rapportere status og framdrift til styringsgruppa for ALV. o Kalle inn til møter og vere sekretær for styringsgruppa. Vurdere personalressursar etter behov og økonomi. ALV-kommunane skal: Definere eigne ønsker og behov for arbeid innan tenesteutvikling og implementering av velferdsteknologi. Oppnemne kontaktperson til ALV. Stimulere til innovasjon i eigen kommune og invitere ALV inn til samarbeid når dette er aktuelt. Dele erfaringar. Samarbeide med andre ALV-kommunar om aktuelle prosjekt. Opne opp for følgjeforsking på prosjekt når dette er aktuelt. Høgskolen i Ålesund skal: Stille ALV-leilegheita til rådigheit, i henhold til gjeldande avtale. partnarskapsavtale alv-møre og romsdal usignert 3/6
Partnarar Det er ynskjeleg at alle kommunar i heile Møre og Romsdal er partnarar i ALV-Møre og Romsdal. Målsetjing, organisering mm. vil verte endra i tråd med slik utvikling. Samarbeidspartar ALV har per dato ein skriftleg samarbeidsavtale med NAV Hjelpemiddelsentral Møre og Romsdal. Denne avtalen vart inngått i mars 2014 og har som formål å regulere samarbeidet om etablering og drift av ALV-leilegheita. Avtalen gir rammer for samhandling, utplassering av hjelpemidler frå NAV i ALV-leilegheita og bruk av denne. Det kan vere aktuelt å inngå fleire samarbeidsavtalar, eksempelvis med KomUT, ulike brukarorganisasjonar, Helse Møre og Romsdal HF, leverandørar og sponsorar. Finansiering Styret for ALV Møre og Romsdal utarbeider årsbudsjett for påfylgjande år og sender dette til partnarskapskommunane innan 01.06. Medlemsavgift for partnarkommuner fordelast etter følgjande modell: Eigenandel frå partnarane: Folketal Kostnad < 5 000 50 000 5 000 11 000 75 000 >11 000 150 000 Partnarane dekker sjølve kostnadane for medlemmane i styringsgruppa. Ålesund kommune bidrar med eigeninnsats relater til rekneskap, arbeidsgjevaransvar mv. Høgskolen i Ålesund svarer for husleige, straumutgifter og reinhald i ALV-leilegheita etter avtale. ALV-Møre og Romsdal dekkjer brukarrepresentantane sine utgifter og møtegodtgjerdsler etter gjeldande offentlege satsar. Organisering ALV Møre og Romsdal skal ha eit styre på opp til 8 personar, fordelt på følgjande måte: 1 representant m/vara frå Høgskolen i Ålesund 1 representant m/vara frå Ålesund kommune 1 ansattrepresentant m/vara, oppnemnt av arbeidstakarorganisasjonane. 1-2 brukarrepresentantar m/vara, derav den eine skal vere frå Ålesund kommune. Oppnemnd av regionråda. Talet på representantar setjast etter følgjande modell: partnarskapsavtale alv-møre og romsdal usignert 4/6
Partnarskapskommunar 1-5 6-10 11 Brukarrepr. 1 1 2 1-3 representantar frå andre partnarskapskommunar. Oppnemnd av regionråda, men for 2016 av Sunnmøre Regionråd. Talet på representantar setjast etter følgjande modell: Partnarskapskommunar 1-5 6-10 11 Kommune repr. 1 2 3 Representantar og vara vert oppnemde for 2 år, med funksjonstid frå 1.januar. Styret er ansvarleg for at eiga organisering vert endra i tråd med samansetjinga av partnarskapskommunar. Varigheit Partnarskapsavtalen gjeld frå 1.1.16, med ei gjensidig oppseiingstid på 6 månader. Partnarskapsavtalen skal reviderast minimum kvart fjerde år. Utover dette kan styringsgruppa ta initiativ til revisjon etter behov. All revisjon skal vere klar 6 månader før iverksetjing. Forslag til revisjon skal sendast til partnarane i god tid. partnarskapsavtale alv-møre og romsdal usignert 5/6
Eit utval aktuelle samarbeidspartar Brukarorganisasjonar USHT - Utviklingssenter for sykehjem og hjemmetjenester i Møre og Romsdal Senter for omsorgsforskning, Midt-Norge KomUT Fylkesmannen NAV Sunnmøre regionråd Romsdal regionråd Nordmøre regionråd ORKidé E-kommune Sunnmøre IKT-Søre Sunnmøre ROR-IKT ORKidé-IKT Helse Møre og Romsdal Næringsliv/-organisasjonar Midtnorsk velferdsteknologi nettverk Høgskulen i Volda Høgskolen i Molde KS partnarskapsavtale alv-møre og romsdal usignert 6/6