VI DELER Trusopplæring i Den norske kyrkja
Vi deler tru og undring Vi deler kristne tradisjonar og verdiar Vi deler opplevingar og fellesskap Vi deler håp og kjærleik 2
Gjennom eit år skjer det om lag 42 000 gonger i Den norske kyrkja. Somme søv, somme går dit sjølve somme græt iltert, medan andre ser undrande på presten som tre gonger slår vatn over hovudet i namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage ande. Unike og ulike deler vi den same gåva. Gud gir oss ei fullverdig tru uavhengig av evna til å forstå eller uttrykkje den. Trua kan utforskast gjennom handlingar, ord og fellesskap. Dette deler foreldre, fadderar og kyrkjelyd ansvaret for. 3
KYRKJE OG ANSVAR Alle skal få lære å kjenne den trua dei er døypte til. For å ta vare på dette ansvaret trengst ei nasjonal satsing som fornyar og styrker trusopplæringa. Dette var ein grunnleggjande føresetnad for at Stortinget i 2003 vedtok ei reform for trusopplæring som alle døypte born og unge kjem til å merke at dei er ein del av. Trusopplæringsreforma skal no gjennomførast over heile landet. «Dersom det fi nst kyrkjer i Noreg som ikkje har gudsteneste for borna, så burde dei ta til med det, for det er veldig gøy.» Live Tronstad 10 år 4
BAKGRUNN Ein av grunnane til reforma er at undervisninga i skulen er endra. Fram til siste del av 1900-talet var skulen ein viktig arena for dåpsopplæringa i kyrkja. I RLE-faget (religion, livssyn og etikk) får elevane kunnskap om kristendom og andre religionar, men ikkje opplæring til tru og religiøs praksis. 5
TOLERANSE OG RESPEKT FNs barnekonvensjon framhevar borna sin rett til åndeleg utvikling. Samfunnet er blitt meir mangfaldig. Det at born kjenner den norske kulturarven og har kjennskap og tryggleik i forhold til eige livssyn, er ein god føresetnad for toleranse og respekt for andre sin ståstad. «Eg ser gleda i fjeset til Karoline når vi kjem til kyrkja på babysong. Det har endra mitt forhold til kyrkja på den måten at eg går dit oftare.» Lene Gramstad, mor til Karoline 1 år 6
FRÅ 0 TIL 18 ÅR Reforma inneber at kyrkjelyden skal gi tilbod om trusopplæring til alle døypte frå 0 til 18 år. Det vil seie at dei døypte langt oftare enn tidlegare vil få tilbod frå kyrkjelyden som gir dei høve til å erfare og oppdage kva det vil seie å vere døypt. NYTT OG BREIARE Tilboda skal rette seg mot alle døypte i aldersgruppa og supplere dei meir tradisjonelle formene for trusopplæring som dei fleste kyrkjelydar alt tilbyr. Når trusopplæringa no blir styrka og fornya, er det understreka at den skal rette seg mot ALLE døypte, uavhengig av funksjonsevne. 7
8
ALLE døypte Jenter og gutar. Dei rolege og dei rampete. Dei som er glade i å synge og dei som absolutt ikkje er det. Dei sjenerte og dei frimodige. Dei som kjenner seg heime i kyrkja og dei som aldri har merka at dei høyrer til ein kyrkjelyd. Dei som har behov for litt tilrettelegging og dei som har behov for mykje. Alle skal få oppleve, lære og erfare, og alle skal kjenne at dei høyrer til. 9
«Det var gøy å vere saman med vener på leir og sjå ein annan personlegdom hos venene mine!» Leirdeltakar 10
RAUS OG TYDELEG KYRKJE Gjennom trusopplæringsreforma ønskjer kyrkja at born og unge skal oppleve å høyre til i ei raus og tydeleg kyrkje. Ei kyrkje der det viktigaste er at Gud er kjærleik og born og unge får erfare at dei er skapte av Gud, elska av Gud og har uendeleg verdi. 11
Kunnskap, oppleving og samkjensle Trusopplæring er meir enn kunnskap det er å få kjennskap om og tru på Gud, Jesus og Den heilage ande. Trusopplæring er meir enn eit tilbod det er deltaking. Trusopplæring er meir enn oppleving det er innleving. Trusopplæring er meir enn å besøke kyrkja det er å kome ein stad der ein høyrer heime. Trusopplæring er meir enn å gi ferdige svar den har rom for spørsmål, undring og tvil. 12
13
TRU SOM BLIR DELT Tanken om å dele går som ein raud tråd gjennom reforma. Både born og vaksne deler dåpen og trua. Det er ikkje berre dei vaksne som har noko å lære dei yngre om tru, men også omvendt. Heile kyrkjelyden er ein lærande fellesskap der perspektivet til både born, unge og vaksne utfyller kvarandre. Kyrkjelyden, foreldre og fadderar står saman om oppdraget som oppfølgjing av dåpen inneber. Det er lagt stor vekt på medverknad av både born og ungdom. Dei skal vere med å prege og evaluere det som blir gjort. «I kyrkja mi er det sånn at Jesus liksom har blitt venen min.» Aksel 12 år 14
«Til den første konfi rmantkafeen måtte eg nærmast tvinge han! Sidan trur eg han vart med på alle!» Ei mor SAMLA ERFARINGAR Det er kvar einskild kyrkjelyd som legg opp sitt trusopplæringstilbod, og opplæringa skal ha lokal utforming. Kyrkjelydane er ikkje åleine om å løyse utfordringa. Om lag 500 kyrkjelydar har i fem år gjennomført ein forsøks- og utviklingsfase. Erfaringane er samla og evaluerte, og dei skal delast med andre. Alle kyrkjelydar i landet vil få tilført ekstra ressursar til trusopplæring. 15
KREATIV FORNYING Kyrkjelydane som alt er i gong med fornya trusopplæring, er entusiastiske over å vere med på noko nytt. Kreativiteten blomstrar! Kyrkja er tatt i bruk på nye måtar. Born og unge set sitt preg på gudstenestene, utforskar høgtidene og opplever samhald og omsorg. EIN UNIK SJANSE! Eit så stort løft treng folk som er villige til å ta i eit tak. Når dei ulike tilboda skal gjennomførast, vil det utfordre alle også foreldre og føresette til å delta som frivillige medarbeidarar. Det gir høve til fellesskap og ein sjanse til å dele opplevingar med born og unge. 16
17
Formålet for trusopplæringa: Å bidra til ei systematisk og samanhengande trusopplæring som fremjar kristen tru gir kjennskap til den treeinige Gud bidrar til livstolking og livsmeistring utfordrar til engasjement og deltaking i kyrkje og samfunnsliv for alle døypte i alderen 0 18 år, uavhengig av funksjonsevne 18
Nettstader vi tilrår: www.kyrkja.no www.storstavalt.no «Vi deler» Plan for trusopplæring: www.storstavalt.no/plan Nettstad for samisk trusopplæring: www.osko.no Abonner på nyhetsbrevet: www.kyrkja.no/storstavalt Bruk menyvalg: Aktuelt Foto: Side 1: Side 2: Side 5: Side 6: Side 7: Side 8: Inger Marie Jakobsen Sylte, Jon Veflingstad og Njord Wegge Esko Jämsä og Erik Thallhaug Helge Grønmo Øivind Haug Marit Hommedal Torstein Ihle Side 10: Jon Arne Jenssen Side 11: Dag-Eirik Lannem Side 13: Øivind Haug Side 14: NMS og Vardeneset kyrkjelyd. Aud Ingeborg Haldaas Side 15: Dag-Eirik Lannem Side 17: Tom Riis Side 18: Cathrine Møystad Side 20: Anbjørg Holm Varsi 241 Kan tingast gratis frå www.kirken.no/materiell Artikkel nr 4234 Bokmål Artikkel nr 4235 Nynorsk Design: Tank Design as Trykk: Møklegaards Trykkeri as MILJØMERKET Trykksak 723 19
«På same måte som nyfødde må lære livet å kjenne, må dei døypte lære å kjenne den trua dei er døypte til» Trusopplæring i ei ny tid. Stortingsmelding 7/2002 2003 Finn informasjon om din kyrkjelyd via kyrkja.no