Sakshandsamar, telefon Sissel Storebø, 5557 2317 Vår dato 13.06.2018 Dykkar dato Vår referanse 2018/3725 542.1 Dykkar referanse Lindum AS Lerpeveien 155 3036 DRAMMEN Rapport frå fleirdagstilsyn ved Lindum AS, avfallsanlegga på Lindenes og i Simadalen den 30. - 31. mai 2018 Rapportnummer: 2018.003.R.FMHO Kontaktperson ved tilsynet: Frå verksemda: Zeben Putnam Frå Fylkesmannen i Hordaland: Sissel Storebø Resultat frå fleirdagstilsynet Denne rapporten omhandlar avvik og merknader som vart presentert hos Lindum AS, avfallsanlegga på Lindenes og i Simadalen. Fylkesmannen i Hordaland fann 4 avvik og har gitt 1 merknad under fleirdagstilsynet: Lindum AS har manglar ved internkontrollen for ytre miljø ved avfallsanlegga på Lindenes og i Simadalen. Verksemda stettar ikkje alle krav i løyvet for anlegget på Lindenes. Verksemda deponerer kompostert slam utan løyve på anlegget i Simadalen. Verksemda driv opplagsplass og behandling av trevirke utan løyve på anlegget i Simadalen. Avvika og merknaden er nærare omtalt frå side 4 og utover i rapporten. Lindum AS må sende ei skriftleg stadfesting innan 1. oktober 2018 på at avvika er retta. Oppfølginga etter fleirdagstilsynet er nærare omtalt på side tre. Fylkesmannen ser alvorleg på avvik 2, 3 og 4. Gjennomføringa av tiltaka og retting av avvika vil bli følgt opp med nytt tilsyn. Med helsing Kjell Kvingedal miljøvernsjef Sissel Storebø senioringeniør Brevet er godkjent elektronisk og har derfor inga underskrift. Kopi til: Eidfjord kommune Simadalsvegen 1 5783 Eidfjord Odda kommune Opheimsgata 31 5750 Odda Fylkesmannen i Hordaland Postadresse: Postboks 7310, 5020 Bergen Besøksadresse: Statens hus, Kaigaten 9, Bergen Telefon: 55 57 20 00 Miljøvern- og klimaavdelinga Kontakt: www.fylkesmannen.no/melding Nettside: www.fylkesmannen.no/hordaland Org.nr: 974760665
1. Informasjon om verksemda Namn: Lindum AS Organisasjonsnr.: 979 618 840 Besøksadresse: Lerpeveien 155, 3036 Drammen Telefon: 32 21 09 00 Bransjenr. (NACE-kode): 38.320 Sortering og bearbeiding av avfall for materialgjenvinning 38.210 Behandling og disponering av ikke-farlig avfall E-post: post@lindum.no Kontrollert anlegg Namn: Lindenes avfallsanlegg Adresse: Lindenes Miljøstasjon, 5750 Odda Anleggsnr.: 1228.0002.02 Anleggsaktivitet: Avfall- mottak, mellomlagring og sortering Løyvet sist oppdatert: 18. oktober 2017 Siste tilsyn: 7. juni 2017 Kontrollert anlegg Namn: Lindenes avfallsanlegg Adresse: Lindenes Miljøstasjon, 5750 Odda Anleggsnr.: 1228.0002.03 Anleggsaktivitet: Farleg avfall mottak og mellomlagring Løyvet sist oppdatert: 18. oktober 2017 Siste tilsyn: - Kontrollert anlegg Namn: Lindenes komposteringsanlegg Adresse: Lindenes Miljøstasjon, 5750 Odda Anleggsnr.: 1228.0002.01 Anleggsaktivitet: Biologisk behandling av org. avfall Løyvet sist oppdatert: 18. oktober 2017 Siste tilsyn: 7. juni 2017 Kontrollert anlegg Namn: Simadalen komposteringsanlegg Adresse: Simadalen Eidfjord Anleggsnr.: 1232.0015.01 Anleggsaktivitet: Biologisk behandling av org. avfall Løyvet sist oppdatert: 26. november 1997 Siste tilsyn: 26. mars 2014 2
2. Omfanget av fleirdagstilsynet Rapporten er utarbeidd etter eit fleirdagstilsyn ved Lindum AS, avfallsanlegga på Lindenes og i Simadalen i perioden 30. - 31. mai 2018. Tilsynsobjektet for fleirdagstilsynet var Lindum AS, komposteringsanlegga på Lindenes og Simadalen, sorteringsanlegget og mottak av farleg avfall på Lindenes. Fleirdagstilsynet inngår som ein del av Fylkesmannen si planlagde tilsynsverksemd for inneverande år. Tilsynet var også ei oppfølging av alvorlege avvik som vart gitt ved sist tilsyn 19. juni 2017 på Lindenes. Tilsynet fokuserer på at krav blir haldne og rapporten omtaler avvik og merknader som vart funne under kontrollen. Formålet med fleirdagstilsynet var å vurdere om det systematiske helse-, miljø- og tryggleiksarbeidet fungerer tilfredsstillande og om verksemda har ei tilfredsstillande styring med aktivitetar og utstyr som gjeld ytre miljø. Fylkesmannen har mellom anna undersøkt om; internkontrollen til verksemda er hensiktsmessig og dekkjande aktivitetar blir utført slik som omtalt og uttalt verksemda når måla sine og driv verksemda si innanfor eigne rammer og dei rammene som styresmaktene har sett Fleirdagstilsynet vart gjennomført ved; å granske dokument å intervjue sentralt plasserte personar i organisasjonen å verifisere at rutinar, prosedyrar og instruksar blir følgd opp i praksis Tema var: internkontroll, under dette mål, avvikshandtering, skriftlege rutinar/prosedyrar og risikovurdering for ytre miljø utslepp til vatn, grunn og luft avfall og farleg avfall drift av avfallsanlegga løyvet til utslepp 18. oktober 2017 for avfallsanlegga på Lindenes og 26. november 1997 for avfallsanlegget i Simadalen. Denne rapporten omhandlar avvik og merknader som vart funne under fleirdagstilsynet og gjev ingen fullstendig tilstandsvurdering av miljøarbeidet eller miljøstatusen til verksemda. Definisjonar Avvik: brot på krav fastsett i eller i medhald av helse-, miljø- og tryggleikslovgjevnaden. Merknad: eit forhold som miljøvernstyresmaktene meiner det er nødvendig å påpeike for å ivareta helse og miljø og som ikkje er omfatta av definisjonen for avvik. 3. Oppfølging etter fleirdagstilsynet Verksemda pliktar snarast å rette opp avvika som er omtalt i denne rapporten så raskt som mogleg. For at Fylkesmannen skal kunne avslutte saka, må de innan 1. oktober 2018 sende ei 3
skriftleg tilbakemelding med dokumentasjon som viser korleis avvika er retta, gjerne med bildedokumentasjon. Innan 1. oktober 2018 skal verksemda sende inn ein plan med tiltak og framdriftsplan for å fjerne avfallskomposten ved anlegget i Simadalen. Vidare skal det innan same dato sendast inn ein endeleg rapport om brannen i komposteringsanlegget på Lindenes. Innan 31. desember 2018 skal verksemda sende inn ny søknad for både drifta av komposteringsanlegget i Simadalen og mottak, lagring, kverning og utskiping av returvirke. 4. Varsel om tvangsmulkt Dersom vi ikkje får skriftleg tilbakemelding med dokumentasjon på at avvika er retta innan 1. oktober 2018, vil Fylkesmannen fatte vedtak om tvangsmulkt, jf. forureiningslova 73. I vedtaket om tvangsmulkt blir det sett ein ny frist for å sende inn dokumentasjon. Dersom denne fristen ikkje blir heldt, må verksemda betale tvangsmulkta. Ei eventuell tvangsmulkt vil vere på 50 000 kroner. Verksemda kan kommentere dette varselet. Eventuelle kommentarar må sendast til Fylkesmannen innan to veker etter at denne rapporten er motteken, jf. forvaltningslova 16. 5. Gebyr for fleirdagstilsynet Verksemda skal betale gebyr for fleirdagstilsynet, jf. forureiningsforskrifta 39-8 om gebyr for fleirdagstilsyn, jf. varselbrev frå Fylkesmannen datert 14. mars 2018. Gebyret skal dekkje kostnader i samband med førebuingar, gjennomføring og oppfølging av tilsynet. Tilsynet er plassert i sats 3. Dette inneber at verksemda skal betale 116 500 kroner i gebyr. Faktura blir ettersendt frå Miljødirektoratet. De kan klage på storleiken på gebyret til Miljødirektoratet, jf. forvaltingslova 28. Klagefristen er tre veker frå de har motteke denne rapporten. Klagen skal vere grunngitt skriftleg, og skal sendast via Fylkesmannen. Vi viser til forureiningsforskrifta kapittel 39 om innkrevjing av gebyr til statskassen. 6. Offentleggjering Denne rapporten vil vere offentleg tilgjengeleg via postjournalen til Fylkesmannen i Hordaland, jf. offentleglova. 4
7. Avvik Vi fann følgjande avvik under tilsynet: Avvik 1 Lindum AS har manglar ved internkontrollen for ytre miljø ved avfallsanlegga på Lindenes og i Simadalen Avvik frå: Internkontrollforskrifta 5 andre ledd punkt 2, 6 og 7 Kommentarar: Internkontrollen skal verne ytre miljø mot forureining og sikre ei betre handtering av avfall i den form og det omfang som er naudsynt på bakgrunn av verksemda sin art, aktivitetar, risikotilhøve og storleik, jf. 5. Internkontrollen skal sikre at verksemda kjenner til det regelverket som gjeld for verksemda, og at verksemda har rutinar som sikrar at krav stilt i regelverket vert haldne. Risikovurdering - 5 andre ledd punkt 6 Verksemda skal kartleggje farar og problem og på denne bakgrunn vurdere risiko. På bakgrunn av dette skal verksemda utarbeide handlingsplan og konkrete tiltak for å redusere risikoforholda. I handlingsplanen skal det gå fram tiltak, ansvarleg og frist for når tiltaka skal vere gjennomført for å redusere risiko. Lindum AS har etablert eit system for risikovurdering for ytre miljø for sine aktivitetar på Lindenes og i Simadalen. Risikokartlegginga omfattar fleire område som har verknad for ytre miljø. Verksemda har nyleg gått over til eit nytt internkontrollsystem Total Quality Management (TQM). Systemet er under oppbygging og nokre risikomoment er lagt inn i systemet, men mykje ligg framleis i Word-format. Verksemda har vurdert noverande risiko på dei momenta som ligg i TQM, men risiko etter gjennomført tiltak er ikkje vurdert. Risikokartlegginga er ikkje fullstendig då viktige tilhøve for god miljøstyring ikkje er med i risikovurderinga. For komposteringsanlegget, sorteringsanlegget og mottak av farleg avfall på Lindenes manglar mellom anna; luktvurderingane er ikkje i samsvar med luktrettleiing TA 3019/2017 spreiing av framande artar alt materiale som inngår i kompostering/sluttprodukt (dette er under arbeid) forsøpling/plastforureining sluk ved sikterest utslepp til vatn og forureining av resipient all behandling og handtering, inkludert lagring, av avfall 5
Risikovurderinga for komposteringsanlegget Simadalen er frå 2016 og tilpassa aktiviteten ved tidlegare mottak av slam frå Bergen kommune. Vurderinga er ikkje oppdatert i samsvar med dagens drift ved anlegget. Det er berre 4 risikomoment for anlegget som er lagt inn i TQM. I tillegg til sjølve komposteringa i Simadalen manglar det risikovurdering for mellom anna: lagring av farleg avfall saman med kjemikalie i rom med sluk i golv alt materiale som inngår i kompostering/sluttprodukt all behandling og handtering, inkludert lagring, av avfall i samband med kompostering mottak, kverning, lagring, opplasting og utskiping av trevirke på lokaliteten Lista er ikkje uttømande. Når ein gjennomfører ei miljørisikovurdering, vil kunnskap og erfaring knytt til drifta vere viktig å få fram. Sentrale personar i organisasjonen er ikkje med på arbeidet med risikovurderinga. Dei bør vere med å kartlegge risikoen på anlegga. Det er utarbeidd handlingsplan for nokre få risikoelement. Avvikshandtering og rutinar - 5 andre ledd punkt 7 Verksemda skal ha rutinar for å avdekke, rette opp og førebygge brot på miljøregelverket. Rutinane må vere dokumenterte slik at dei kan inngå i internkontrollen. Avviksregistrering er viktig for å hindre gjentakingar av feil og manglar. Avvikssystemet fungerer ikkje godt nok i organisasjonen. Fleire hendingar kunne vore ført som avvik, til dømes framandelement i matavfallet ved mottakskontrollen. Verksemda har utarbeidd rutine for avvikshandtering, men har ikkje definert kva som skal førast som avvik på ytre miljø. Det er viktig at alt personell i alle ledd har ein felles forståing av kva som skal registrerast som avvik. Verksemda manglar følgjande skriftleg rutine for avfallsanlegga på Lindenes og i Simadalen: sikting av kompost for å unngå forsøpling og plastforureining mottakskontroll av kompost Mangelfull rutine: farleg avfall mottak av farleg avfall frå næring, journalføring og handtering i avfallsdeklarering.no driftsinstruks for komposteringsanlegget i Simadalen er av eldre dato og ikkje i samsvar med slik anlegget blir drive i dag arbeidet med risikovurderingar Dei som utfører og har kjennskap til dei praktiske rutinane er ikkje med på å utarbeide rutinane. Opplæring - 5 andre ledd punkt 2 Verksemda skal sørge for at arbeidstakarane har tilstrekkeleg kunnskapar og ferdigheiter i det systematiske helse-, miljø- og sikkerheitsarbeidet. Under dette informasjon om endringar. 6
Fleire tilsette var ikkje kjent med utsleppsløyvet med krav som er gitt av Fylkesmannen eller at det fantes skriftlege rutinar i internkontrollen for sine arbeidsaktivitetar. Fleire tilsette etterlyste meir opplæring på verksemda sin internkontroll, spesielt TQM-systemet. Avvik 2 Verksemda stettar ikkje alle krav i løyvet for anlegget på Lindenes Avvik frå: Avfallsforskrifta kapittel 11 vedlegg 4 punkt 6 om journalføring Løyvet datert 18. oktober 2017: punkt 2.7 Krav til kompetanse punkt 3.1 Journalføring punkt 3.4.1 Bruk av strukturmateriale punkt 3.5 Skjerming for vêr og vind punkt 4.1 Utslepp av avløpsvatn, inkludert forureina overvatn punkt 13.4 Program for utsleppskontroll Kommentarar: Kompetanse punkt 2.7 Verksemda plikter å sjå til at anlegg og installasjonar blir drive av personar med nødvendig opplæring og kompetanse. Kva som er definert som farleg avfall eller kva avfall som kan innehalde så høge konsentrasjonar av miljøfarlege stoff at det blir definert som farleg avfall, er heile tida under endring. Dette gjeld særleg avfall frå bygg og anlegg. Det er viktig å kunne skilje farleg avfall frå ikkje-farleg avfall mellom anna ved sortering av blanda næringsavfall. Oppdatert kunnskap vert ikkje formidla vidare til tilsette i verksemda som har dette som sine arbeidsoppgåver. Journalføring av farleg avfall punkt 3.1 Verksemda skal føre journal over opplysningar om mottak, lagring og vidarelevering av alt farleg avfall som verksemda tek imot. Dette inneber alle nødvendige opplysningar som mengde, type, deklarasjonsnummer, opphav mv. Journal er særleg viktig for å dokumentere mottak etter 1. ledd og vidarelevering av avfallet, då www.avfallsdeklarering.no berre dokumenterer levering/mottak til 1. ledd. Det er også viktig for å ha oversikt over avfall på lager og for å kunne skilje på eige, transportert og mottatt farleg avfall. Verksemda har ikkje ein samanstillande journal som viser dato for mottak, dato for vidarelevering og kvar avfallet er levert vidare. Verksemda bruker www.avfallsdeklarering.no til å halde oversikt over mottatt og mellomlagra farleg avfall. Verksemda fører ikkje lagerjournal som viser mengdene farleg avfall på lager til ei kvar tid. Det vart opplyst at verksemda bruker Unicon til registrering, men at verksemda ønskjer å bytte til Reknes, då dette vil passe drifta betre. Bruk av strukturmateriale punkt 3.4.1 Verksemda kan bruke reint hageavfall og reint trevirke som strukturmateriale i komposten. Det er ikkje tillate å bruke andre typar tilsetningar eller avfall som strukturmateriale i komposten. Bruk av avfallsmateriale som strukturmateriale kan innehalde helse- og 7
miljøfarlege stoff, noko som kan vere vanskeleg å dokumentere. Papir kan innehalde lim og fargestoff som kan vere forureina med fleire ulike helse- og miljøskadelege stoff som det er ønskjeleg å minimere. Verksemda har i 2017 behandla 4 tonn makulert papir ved kompostering og har ikkje dokumentasjon på at det makulerte papiret ikkje inneheldt helse- og miljøskadelege stoff. Skjerming for vêr og vind ved sortering av blanda hushalds- og næringsavfall punkt 3.5 Blanda hushalds- og næringsavfall skal alltid behandlast, handterast, inkludert lagrast, innandørs (bygning med fire vegger og tak) eller i lukka konteinarar. Sortering av blanda hushalds- og næringsavfall kan føre til forureining i form av avrenning, flygeavfall, lukt, skadedyr og støy. Det er derfor sett som standardkrav for alle sorteringsanlegg at aktiviteten skal utførast innandørs i bygning med fire vegger og tak. Det er opna opp for lagring av avfallet i lukka konteinarar. Verksemda sorterer blanda hushalds- og næringsavfall utandørs i ein open konteinar. På slutten av arbeidsdagen blir det lagt lokk på konteinaren. Verksemda har tidlegare vore i dialog med Fylkesmannen om dette er ei tilfredsstillande løysing. Fylkesmannen gav munnleg melding om at sortering av dette avfallet skal skje innandørs i bygning med fire vegger og tak. Utslepp til vatn punkt 4.1 Utslepp til vatn frå innandørs avfallshandtering er ikkje tillate. Eventuell avrenning skal samlast opp, handterast og klassifiserast før levering til lovleg avfallsanlegg. I prosessanlegget for kompostering (reaktoren) var det avløp som går via slamavskiljar til sjø. Det vart opplyst at avrenning var kondensvatn og at det var små mengder. Program for utsleppskontroll punkt 13.4 Verksemda skal ha eit program for utsleppskontroll som inngår i verksemda sin dokumenterte internkontroll. I programmet skal verksemda gjere greie for dei kartlagde utsleppa, gjennomføringa av utsleppskontrollen og kvalitetssikring av målingane. Programmet skal vise ei utgreiing for verksemda sine faktiske utslepp til luft, vatn og støy. Verksemda sitt program for utsleppskontroll er mangelfullt. Avvik 3: Verksemda deponerer kompostert slam utan løyve på anlegget i Simadalen Avvik frå: Avfallsforskrifta 9-2 Virkeområde Forureiningslova 29 Krav til anlegg for behandling av avfall Kommentarar: Etter avfallsforskrifta 9-2 må ein ha særskilt løyve dersom avfall skal lagrast lenger enn 3 år. Det er uansett ikkje tillate å deponere biologisk nedbrytbart avfall. Den som driver opplagsplass eller anlegg for behandling av avfall som kan føre til forureining eller virke skjemmande, må ha løyve etter forureiningslova 11. 8
Verksemda har lagra stabilisert slam og ferdig kompostert slam i ranker, utanfor komposteringsanlegget i over 3 år. Under tilsynet var det 15 000-18 000 tonn på lager. Verksemda opplyste at avfallskomposten inneheld for mykje kadmium og skal difor sendast til lovleg mottak. Det vart opplyst under tilsynet at det var ein 5-års plan for å få levert avfallskomposten til lovleg mottak. Langtidslagring av avfall er ikkje omfatta av gjeldande løyve. Lindum AS må sende ein plan innan 1. oktober 2018 med tiltak og framdriftsplan for å fjerne avfallskomposten. Avvik 4 Verksemda driv opplagsplass og behandling av trevirke utan løyve på anlegget i Simadalen Avvik frå: Forureiningslova 29 Krav til anlegg for behandling av avfall Kommentarar: Den som driver opplagsplass eller anlegg for behandling av avfall som kan føre til forureining eller virke skjemmande, må ha løyve etter forureiningslova 11. Verksemda har etablert eit anlegg for mottak, lagring, kverning og utskiping av returvirke frå båt på lokaliteten. Lagring, kverning og opplasting av trevirke/treflis går føre seg utandørs. Gjeldande løyve omfattar ikkje desse aktivitetane. Det vart opplyst under tilsynet at mottak, lagring, kverning og utskiping av returvirke starta opp i Eidfjord i 2013. Mottak av trevirke er på rundt 2500 tonn per år og det vert skipa ut frå båt 1-2 gonger i året. På lager under tilsynet var det om lag 400 tonn, der om lag 75 tonn av dette var ferdig flis, resten var ukverna trevirke. Avvika er basert på følgjande observasjonar: - Intervju med dei tilsette - Vurdering av verksemda sin eigen dokumentasjon 8. Merknadar Vi har gitt følgjande merknader under tilsynet: Merknad 1: Mottakskontrollen for matavfall kan bli betre ved Lindenes Kommentarar: Verksemda opplyste at det var mykje framandelement i mottatt matavfall frå innsamlinga i kommunen og frå næringa. Verksemda bør samarbeide betre med kommunen og med næringa om opplæring og informasjon for å redusere framandelement i innsamla matavfall. 9
9. Andre tilhøve Vidare drift av Simadalen komposteringsanlegg Anlegget i Simadalen er eit reaktor- og rankekomposteringsanlegg av slam og våtorganisk avfall. Verksemda har eit eldre utsleppsløyve frå Fylkesmannen for komposteringsanlegget datert 26. november 1997. Løyvet er ikkje i samsvar med dagens praksis, og Fylkesmannen vil revidere løyvet. Prosessen med revisjon av løyvet vart sett i gang etter sist tilsyn 10. juli 2014. Men på grunn av endringar i marknaden, teknologi og organisatoriske vurderingar i Lindum AS bad verksemda Fylkesmannen vente med handsaming av søknaden. Vi fekk ved tilsynet opplyst at ein forretningsplan for anlegget skal vere utarbeidd innan årsskifte 2018/2019. Vi ber om at det vert sendt inn ny søknad for både drifta av komposteringsanlegget og mottak, lagring, kverning og utskiping av returvirke seinast innan 31. desember 2018. Brann og eksplosjon i reaktorkomposteringsanlegg Fylkesmannen fekk melding den 24. april 2018 om at det var brann i reaktorkomposteringsanlegget på Lindenes. Dagen etter fekk vi ein mellombels rapport. Brannen var under kontroll og utrykking avslutta den 24. april omlag kl. 21. I tillegg til brannen skjedde det ein eksplosjon i reaktoren, som slo ut ein rekke veggplater. Tilsette var til stades ved anlegget då ulykka skjedde, så reaksjonstid var kort. Verksemda meiner at det ikkje er skjedd vesentleg utslepp til ytre miljø. Det var mykje røykutvikling, men i all hovudsak frå ulmande matavfall. Av byggmateriell som brann var omlag 2 m 2 styropor og litt ubehandla treverk. Det var ikkje vesentleg avrenning frå sløkkearbeidet, då det meste vart absorbert i massane. Omlag 60-80 m 3 'kompost' vart direkte påverka av ulminga. Verksemda har etter dette gjennomført ei vurdering av orsaka til brannen og eksplosjonen. Det vart ved tilsynet opplyst at ein sensorsvikt kan vere del av orsaka, men at det var fleire uheldige hendingar som skjedde på same tid. Reaktoren er enno ikkje sett i gong igjen. Fylkesmannen ber om å få oversendt endeleg rapport innan 1. oktober 2018 saman med tilbakemelding på tilsynsrapporten. I rapporten må det gå fram orsaka til hendinga, miljøeffektar, kva verksemda har gjort for at dette ikkje skjer igjen og når anlegget er tenkt å starte opp igjen. 10. Gjennomføring Fleirdagstilsynet omfatta følgjande: Formøte 3. mai 2018: Førebuande møte for å planleggje fleirdagstilsynet og informasjon frå Fylkesmannen om gjennomføringa av tilsynet. o Intervju med avdelingsleiar Transport og container Martin Eike o Synfaring på avfallsanlegget og komposteringsanlegget på Lindenes Intervju og verifikasjonar 30. 31. mai 2018. 10
o 10 personar vart intervjua Synfaring 30. mai 2018: Komposteringsanlegget i Simadalen Sluttmøte: 12. juni 2018 I vedlegg 1 har vi sett opp ei oversikt over deltakarane på tilsynet. 11. Dokumentunderlag Dokumentunderlaget for fleirdagstilsynet var: o forureiningslova o avfallsforskrifta o korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen o verksemda sin eigen dokumentasjon knytt til den daglege drifta og tilhøve som har noko å seie for ytre miljø o utsleppsløyve frå Fylkesmannen datert 18. oktober 2017 for anlegga på Lindenes og 26. november 1997 for anlegget i Simadalen Verksemda sitt internkontrollsystem TQM var viktig som dokumentunderlag for fleirdagstilsynet. 11
Vedlegg 1 Deltakarar ved Fylkesmannen sitt fleirdagstilsyn ved Lindum AS, avfallsanlegga på Lindenes og i Simadalen, 30. - 31. mai 2018 I tabellen under har vi sett opp ein oversikt over funksjonane til dei personane som deltok ved tilsynet. Intervjua er også med i tabellen. Namn Funksjon Formøte Intervju Sluttmøte Martin Eike Avdelingsleder X X X Transport og conteiner Marianne Seland Rådgjevar X X X Bertil Johansen Områdedirektør, X X X biologisk behandling Sigrid Hilsen Områdedirektør, X X X Gjennvinning og miljø Zeben Putnam Avdelingsleder X X X Biologisk Vestlandet Arnfinn Førsund Prosjektleder salg/fou X X X Dagfinn Reisæter Operatør X Egil Røste Operatør X Einar Nomdal Operatør X Olav Dale Koordinator/sjåfør X Geir Riise Operatør sortering X Fylkesmannen si tilsynsgruppe: Sissel Storebø, tilsynsleiar Nina Vadøy, medarbeidar 12