SamBa - saman om barna - Tverrfagleg samarbeid om barn frå 0 13 år, med foreldre som viktig samarbeidspart. METODEBOK for skule, barnehage, helsestasjon, PPT og barnevern Prosjekt God oppvekst 1
Innhald Formål s. 3 Målgruppe..s. 3 Organisering..s. 3 Kven kan bestille tid i SamBa.s. 4 Rutine for bestilling..s. 4 Utfylling av Bestillingsskjema (vedlegg 2).s. 5 Samtykke og dokumentasjon s. 5 Deltakarar i SamBa..s. 5 Gjennomføring av SamBa s. 6 Tolk.s. 7 Kontaktpersonar s. 7 Vedlegg: 1. Samtykkeskjema.s. 8 2. Bestilling..s. 9 3. Plan for tidleg innsats...s.10 4. Logg for SamBa s.13 5. Tilrådde kartleggingsreiskap, hjelpemiddel, metodar.s.14 Prosjekt God oppvekst 2
TVERRFAGLEG SAMARBEID OM BARN frå 0 13 år SamBa er inspirert av Kristiansund kommune sitt utviklingsarbeid i perioden 2008 2013. Formål SamBa er ein del av kommunen sitt førebyggjande arbeid retta mot barn 0 13 år, som kan vere i risiko for å utvikle psykososiale vanskar, eller som allereie har utvikla slik problematikk. SamBa er ein tverrfagleg møtearena der brukarmedverknad står i fokus. SamBa-teama skal ha eit løysingsorientert fokus og ei målsetting om å rettleie foreldre/føresette og fagpersonar så tidleg som mogleg, medan utfordringane framleis er små. Foreldre/føresette er med på møta. Tiltak kan vere konkret hjelp som deltakarane i SamBa rår over, eller å tilvise til andre instansar. Målet er å løyse vanskane på lavast mogleg nivå, før ein eventuelt tilviser til andre instansar. Målgruppe Barn som til dømes viser teikn til mistrivnad, som strevar sosialt, med åtferd eller følelser, og/eller at familiesituasjonen er vanskeleg. Det kan til dømes vere sjukdom i familien, samarbeidsvanskar mellom foreldre og anna. Barn og familiar som ikkje allereie har fått hjelp har førsteprioritet. Barnehagen og skulen er særleg viktig for å identifisere og fange opp desse barna og familiane så tidleg som mogleg. Barn som allereie har hjelp/tiltak, kan også få rettleiing i SamBa dersom det er behov for tverrfagleg drøfting og meir samordning. I ventetida til PPT eller BUP kan også SamBa vere nyttig. Barn som allereie har ansvarsgruppe og/eller Individuell plan fell i hovudsak utanom målgruppa. Organisering Kvart team skal ha fast koordinator og faste deltakarar frå barnevern, ppt og helsestasjon. Det blir sett opp møteplan for eit halvt år om gongen. Kven kan bestille tid i SamBa Både foreldre/føresette og fagpersonar i og utanfor kommunen kan ta initiativ til å bestille tid. Prosjekt God oppvekst 3
Rutine for bestilling Bestilling må gå via barnehage, skule, PPT, barnevern eller helsestasjon/skulehelsetenesta. Den fagpersonen som blir kontakta av foreldre, eller som tar initiativ, skal 1. innhente samtykke frå foreldre/føresette (vedlegg nr 1), 2. bestille tid i Outlook via leiar i barnevern, PPT, helsestasjon, rektor/inspektør, barnehagestyrar, 3. fylle ut Bestillings-skjema (vedlegg nr. 2), 4. sende Bestilling via Acos fortløpande og seinast 1 veke før møtedato. Arkivet har oppretta ei arkivsak i Acos med tittelen barnehagenamn eller skulenamn SamBa, gradert U.off grad 3-13 i Offentlegheitslova. Om barnet ikkje går i barnehage skal bestilling gå via helsestasjonen da alle barn er registrert der. Helsestasjonen registrerer Bestilling i sitt system og sender Bestilling til koordinator for SamBa-teamet. Om det gjeld et ufødt barn skal bestilling gå via helsestasjonen i samarbeid med jordmor. Helsestasjonen sender Bestilling til koordinator for SamBa småbarn. Styrar i barnehagane og rektorar er sakshandsamar for arkivsak i Acos. Dersom barnehage eller skule er bestiller skal styrar/rektor sikre at dei faste deltakarane i teamet får kopi av bestillinga ved - direkte bestilling i Acos, eller - levere bestilling til rådhuset/arkiv for scanning. Sistnevnte gjeld særlig dei private barnehagane. Når representantane i SamBa-teama mottar bestilling, skal alle sjekke om dei har ei aktiv sak på barnet. Det er viktig å sikre at den som har ansvaret for barnet får informasjon og kan uttale seg om det er aktuelt å delta i møtet. Konferer med koordinator dersom det blir stilt spørsmål ved om SamBa er riktig fora i forhold til dette barnet. I særskilte høve kan fagpersonar bestille tid i SamBa utan at foreldre skal delta. Det må då føreligge samtykke frå foreldre, og det må vere eit mål at foreldra deltek i neste SamBamøte. Det er ikkje høve til NN drøftingar. Prosjekt God oppvekst 4
Utfylling av Bestillingsskjema (vedlegg nr 2) Innhald i skjema (situasjonsbeskriving og bestilling) skal bli gjennomgått med foreldre/føresette før den blir sendt til Koordinator. Dette kan skje enten i møte eller pr. telefon. Foreldre/føresette treng ikkje vere einige i innhaldet, men dette skal då kome fram i bestillinga. Foreldre kan også skrive bestillinga aleine, eller i samarbeid med fagpersonar. Det er viktig at det ikkje kjem fram informasjon i SamBa-møtet som foreldre/føresette ikkje veit om på førehand. Både foreldre og fagpersonar kan vere vegsøkarar ; den som søker råd. Samtykke og dokumentasjon Den som bestiller tid i SamBa har ansvar for å innhente samtykke frå foreldre/føresette (vedlegg nr 1). Foreldre/føresette skal vere kjend med kven som er deltakarar i SamBa. Det vil ikkje bli sett i verk tiltak utan foreldre/føresette sitt samtykke. Dei kan når som helst trekke tilbake samtykket. Samtykket tek slutt når saka er avslutta. SamBa er eit lågterskeltilbod og det er eit mål at det ikkje blir dokumentert opplysningar ut over det som er heilt naudsynt/lovpålagt. Det same prinsippet gjeld når det deles opplysningar i sjølve møtet. Helsestasjonen registrerer alle barn/familiar som har fått rettleiing i SamBa. Andre registrerer i journal dersom dei har aktiv sak på barnet. Det blir utarbeidd Plan for tidleg innsats i samband med kvart møte. Dette er foreldre/føresette sitt dokument. Helsestasjon og barnehage/skule får kopi, og ein gjer avtale om kven av dei andre som skal ha kopi. Deltakarar i SamBa Foreldre/føresette Fast representant frå leiing i barnehage eller skule Kontaktlærar / pedagogisk leiar Fast representant frå helsestasjonen Fast representant frå PPT Fast representant frå barnevernstenesta Eventuelt andre ressurspersonar knytt til eleven som assistent, SFO-personale. Prosjekt God oppvekst 5
Gjennomføring av SamBa Deltakarane skal før møtet ha sett seg inn i innhald i bestilling. Koordinator leder møtet. Gjennomføring av møtet. Delar av metodikk kollegarettleiing blir nytta for å strukturere møtet, pkt 1 3: 1. Presentasjon av deltakarane, informasjon om arbeidsform og tidsramme. Gjennomgang av bestilling, avklare om bestillinga er i tråd med foreldra sine forventningar. Spørje om foreldre/andre vil utdjupe bestillinga. 2. Informasjon/spørsmål / utdjuping (UNNGÅ løysingsforslag, forslag til tiltak). Foreldre skal alltid få tilbod om å starte. Sikre at barnehage/skule får kome til etter foreldre. Sikre ei styrt spørsmålsrunde, deretter opne for spørsmål/innspel ved handsopprekking. I denne fasen vert den samla kunnskapen til felles kunnskap. Sjekka at alle har fått høve til å informere og/eller stille dei spørsmåla dei ønskjer. Oppsummering av viktig informasjon sett i høve til bestilling. Koordinator markerer overgang til pkt. 3. 3. Forslag til handlingsalternativ/tiltak/rettleiing. Sikre ei styrt runde, deretter opne for forslag ved handsopprekking. Koordinator oppsummerer og ber foreldre trekke fram det dei ser som viktige tiltak vidare. Bli einig om kva som skal inn i Plan for tidleg innsats. Foreldre/føresette gir samtykke til kven som skal ha kopi av plana. Avslutning / evaluering med foreldre til stades. Vurdere om det er aktuelt med et nytt SamBa-møte. I hovudsak blir SamBa avslutta etter 1 møte, men det er opning for å følgje opp 1 2 gonger. Spørje om foreldre kan si noko om korleis dei har opplevd gjennomføring av møtet, og om møtet har bidrege til at dei at dei opplever å ha fått hjelp/være på rett veg. Prosjekt God oppvekst 6
Om barnehage/skule er bestiller, still dei same spørsmåla. Evaluering i SamBa-teamet, utan foreldre til stades. Det er ikkje høve til å diskutere saka, men evaluere korleis møtet fungerte. Kva fungerte og kvifor? Kva kan bli betre og korleis? Koordinator sitt ansvar etter møtet. Fylle ut Logg, vedlegg nr. 4. Fylle ut Plan for tidleg innsats (vedlegg 3). Ved behov invitere foreldre til å lese Plana før den blir lagt i Acos. Sende plan pr. post til foreldre og via Acos til barnehage, skule, helsestasjon og eventuelt andre. Sende e-post til styrar/rektor og ped.leiar/lærar om at Plan er lagt i Acos. Ped.leiar og lærar har ikkje tilgang til Acos. Rektor og styrar har ansvar for å formidle plan vidare. Dersom det er avtalt nytt møte, registrer dette i neste avtalte SamBa møtedag i Outlook. Tolk Det blir tilrådd å bruke tolk når ein ikkje har eit godt nok felles språk å kommunisere på. Bestillingsrutinar og betaling er ikkje avklart. Kontaktpersonar Det er utarbeida brosjyre for - SamBa småbarn - SamBa skuleteam Langevåg - SamBa skuleteam Solevåg, Måseide og Fiskarstrand I kvar brosjyre står det informasjon om kontaktpersonar. Brosjyre er å finne på kommunen si heimeside og i RISKmanager, samt hos einingsleiar og fagleiarar i Tiltakseining for barn og unge. Prosjekt God oppvekst 7
Unntatt offentlighet etter utfylling. Jamfør Off.l. 13, Fvl 13, nr 1 SAMTYKKESKJEMA (vedlegg 1) SamBa Skuleteam Sula kommune har tilbod om tverrfaglege møte kalla SamBa (saman om barna). Faste deltakarar på alle SamBa møte er: Foreldre/føresette Ein representant frå banehage/skulen si leiing Pedagogisk leiar / kontaktlærar Ein representant frå helsestasjon/skulehelsetenesta Ein representant frå PPT (pedagogisk psykologisk teneste) Ein representant frå barnevernstenesta Etter møtet blir det utarbeidd ei Plan for tidleg innsats som skildrar aktuelle tiltak og kven som har ansvar for tiltaka. Føresette skal ha originalen og det blir avtalt kven av dei andre deltakarane som får kopi. Eg er orientert om SamBa og kva det er mogleg å be teamet om hjelp til. Eg gir løyve til at teamet samarbeider om dei behova som er meldt inn i Bestillinga. Eg ynskjer at det blir foreslått og sett i gang tiltak for å løyse utfordringane. Eg har fått og lest brosjyre om SamBa. Dato: Føresett: Dato: Føresett: Prosjekt God oppvekst 8
Unntatt offentlighet etter utfylling. Jamfør Off.l. 13, Fvl 13, nr 1 SamBa - BESTILLING av tverrfagleg rettleiing (vedlegg 2) Barn (namn og f.dato): Namn på barnehage/skule: Namn på føresett(e): Kva er utfordringa? Kven opplever dette? Er barn/ungdom i kontakt med PPT, barnevern, BUP? Evt. har vært i kontakt? Tidlegare prøvde/gjennomførte tiltak resultat Beskriv barnet og omgjevnadane sine ressursar Bestilling (kva ynskjer eg/vi at SamBa skal bidra med) Dato for møte : Tid bestilt av : Namn på ped.leiar/kontaktlærar: Legg bestilling i Acos innan 1 veke før møtedato. Prosjekt God oppvekst 9
Unntatt offentlighet etter utfylling. Jamfør Off.l. 13, Fvl 13, nr 1 SamBa - Plan for tidleg innsats (vedlegg 3) Møtedato: Barnet sitt namn: Referent: Barnet sin fødselsdato: Barnehage/skule: Føresett: Tlf føresett: Adresse føresett: Føresett: Tlf føresett: Adresse føresett: Til stades Arbeidsstad / rolle Bestilling (kva ynskjer eg/vi at teamet skal bidra med) Prosjekt God oppvekst 10
Situasjon Ønska løysing Midlar Aktør(ar) Eksterne midlar Beskriv kort Beskriv kort, kva Kva skal til for å Kven skal utføre Kva er det bruk situasjonen vi vil oppnå endre situasjonen handlinga for utanfrå Døme: Adam har ikkje gjort lekser dei siste to vekene. NB! Ta bort! Adam gjer lekser. Adam må få hjelp til å gjere lekser. 1: Mor og Adam. Mor og Adam trenger hjelp til å få struktur på lekser. Lærar avtalar samtale med mor og Adam komande fredag. Adam får belønningsskjema. 2: 3: Vurdere behov for eit nytt møte, evt. dato: Original plan sendt til foreldre/føresette pr. post DATO. Kopi til: Prosjekt God oppvekst 11
SamBa OPPFØLGINGSMØTE, (DATO). Barn (namn/f.dato): Til stades: Pkt. 1: Pkt. 2: Ny møtedato, evt. info om avslutta i SamBa. Original plan sendt til foreldre/føresette pr. post DATO. Kopi til: Prosjekt God oppvekst 12
Unntatt offentlighet etter utfylling. Jamfør Off.l. 13, Fvl 13, nr 1 Logg for SamBa Namn (barnehage/skule) (Vedlegg 4) Initialer Bestilling Dato Plan fylt Møtedato Møtedato Møtedato Dato avslutta barn frå bestilling ut dato Prosjekt God oppvekst 13
Tilrådde kartleggingsreiskap, hjelpemiddel, metodar (Vedlegg 5) Under arbeid!! Kartleggingsreiskap Hjelpemiddel / bøker / hefter / DVD etc Foreldresamarbeid etter samlivsbrudd Fortsatt foreldre. Temakveldar (gratis) om bruddprosessen, kommunikasjon/konflikt/samspel, å sjå barnet sin livssituasjon, familiesamarbeidet, vegen vidare. Tilbod frå Bufetat: http://www.bufetat.no/familievernkontor/alesund/ Ros Å styrke barn si læring, utvikling og utholdenhet. Effektive beskjeder Brosjyre utarbeidd av SamBa med informasjon om mellom anna betydninga av å gje ros og korleis gjere rosen meir effektiv. Brosjyre utarbeidd av SamBa med informasjon om blant anna betydninga av å variere mellom å skildre og stille spørsmål. Brosjyre utarbeidd av SamBa med informasjon om det og vere konsekvent og korleis gi effektive beskjeder. Prosjekt God oppvekst 14
Opplæring av pasientar og pårørande Diverse grupper og kurs i regi av Lærings- og mestringssenteret. Døme: Sorgstøttegruppe, Gnist mestringskurs unge pårørande/etterlatne (kreft), Psykisk liding søskengruppe, KIB (kurs i belastningsmestring). Sjå hefte: http://www.helse-mr.no/no/omoss/organisering/avdelinger/laring-og-meistring/108668/ Tiltak/metoder tilgjengeleg i kommunen for risikoutsette barn og deira familiar (ut over lovpålagte tenestetilbod) ICDP Foreldrerettleiing i gruppe. Oppstart mars og oktober, årleg. Målgruppe: foreldre med barn frå 2 4 år. Koordinator: helsestasjonen. BAPP Gjøre og snakkegruppe / mestringsgruppe, 8 samlingar for barn, 2 for foreldre. Oppstart mars og oktober, årleg. Målgruppe: Barn frå 8 12 år som har eller har hatt foreldre med psykiske problemer og rusproblemer. I tillegg fins det lovpålagte, ordinære tenester som barnevernsteneste, helsestasjon, PPT o.a. Prosjekt God oppvekst 15