Notat 21/2018 Behovet for faglærte medarbeidarar aukar i det norske arbeidslivet
BEHOVET FOR FAGLÆRTE MEDARBEIDARAR AUKAR I DET NORSKE ARBEIDSLIVET FORFATTAR: LINDA BERG ISBN: 978-82-7724-328-3 KOMPETANSE NOREG 2018 GRAFISK PRODUKSJON: KOMPETANSE NOREG
BEHOVET FOR FAGLÆRTE MEDARBEIDARAR AUKAR I DET NORSKE ARBEIDSLIVET 3 Innhald Innleiing...4 Størst udekt kompetansebehov i dei verksemdene der dei tilsette har høgast utdanningsnivå... 5 Lite behov for kompetanse til å utføre manuelle og rutineprega oppgåver... 7 «Men den som ikkje har, skal bli fråteken jamvel det han har»...9 Vi treng meir kunnskap om dei tilsette som har lågast formell kompetanse... 10 Referansar... 11
4 BEHOVET FOR FAGLÆRTE MEDARBEIDARAR AUKAR I DET NORSKE ARBEIDSLIVET Færre verksemder har eit udekt kompetansebehov i 2018 enn i 2017, og talet har gått ned i alle sektorane Behovet for tilsette med yrkesfagleg vidaregåande, fagskole og høgare utdanning aukar Det er større behov for høgare utdanning i offentleg enn privat sektor Behovet for tilsette med bachelorgrad har auka frå i fjor, medan behovet for utdanning på masternivå held seg konstant VERKSEMDSBAROMETERET 2018 Kompetanse Noreg gjennomfører kvart år ei telefonundersøking retta mot norske verksemder. Intervjuarane ringer til verksemdsleiarar etter eit stratifisert utval til dei får 00 respondentar. Respondentane blir kvart år spurde om kompetansebehov, og i år fekk dei i tillegg spørsmål om innføring av ny teknologi i løpet av dei siste to åra, på same måten som i 2016. Det udekte kompetansebehovet held seg stabilt samanlikna med 2016 I kva grad verksemdene har eit udekt kompetansebehov, har gått ned i alle sektorane sidan i fjor. Men det udekte behovet er litt høgare enn i 2016, som var den første gongen vi spurde om dette (figur 1). FIGUR 1 «I kva grad har verksemda i dag eit udekt kompetansebehov?», etter år. Prosent 2018 (n=00) 7 42 21 2017 (n=00) 6 34 41 19 2016 (n=05) 4 44 22 0 % 10 % 20 % % 40 % 50 % 60 % 70 % 80 % 90 % 100 % I stor grad I nokon grad I liten grad Ikkje i det heile teke
BEHOVET FOR FAGLÆRTE MEDARBEIDARAR AUKAR I DET NORSKE ARBEIDSLIVET 5 Næringa informasjon og kommunikasjon har størst prosentdel verksemder med eit udekt kompetansebehov, og transport og lagring har minst (figur 2). Det er størst udekt kompetansebehov i Nordland, Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane (figur 3). FIGUR 2 Prosentdel av verksemdene som i stor eller nokon grad har eit udekt kompetansebehov, etter næring*. 2018 Informasjon og kommunikasjon (n=93) 56 Kulturell verksemd, underhaldning og fritidsaktivitetar (n=75) 52 Fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting (n=241) 49 Offentleg administrasjon, forsvar og trygdeordningar (n=40) 48 Industri (n=175) 41 Forretningsmessig tenesteyting (n=118) 38 Overnattings- og serveringsverksemd (n=161) 38 Totalt (n=00) Byggje- og anleggsverksemd (n=6) Undervisning (n=133) Helse- og sosialtenester (n=313) 36 Anna tenesteyting (n=141) 34 Jordbruk, skogbruk og fiske (n=110) 34 Varehandel, reparasjon av motorvogner (n=702) 31 Omsetning, drift av fast eigedom (n=96) Finansierings- og forsikringsverksemd (n=8) 27 Transport og lagring (n=171) 26 0 % 10 % 20 % % 40 % 50 % 60 % * Næringane bergverksdrift og utvinning, elektrisitets-, gass-, damp- og varmtvassforsyning og vassforsyning, avløps- og renovasjonsverksemd er tekne ut av figuren på grunn av små utval. FIGUR 3 Prosentdel av verksemdene som i stor eller nokon grad har eit udekt kompetansebehov, etter fylke. 2018 Nordland (n=181) Møre og Romsdal (n=124) Sogn og Fjordane (n=93) Oslo (n=1) Østfold (n=147) Totalt (n=00) Finnmark (n=63) Troms (n=128) Hordaland (n=272) Rogaland (n=227) Buskerud (n=166) Aust-Agder (n=70) Telemark (n=98) Oppland (n=150) Trøndelag (n=256) Akershus (n=295) Hedmark (n= 1) Vest-Agder (n=104 ) Vestfold (n=125) 28 28 29 36 36 36 35 35 33 42 42 40 40 48 0 % 10 % 20 % % 40 % 50 % 60 %
6 BEHOVET FOR FAGLÆRTE MEDARBEIDARAR AUKAR I DET NORSKE ARBEIDSLIVET Aukande behov for yrkesfagleg vidaregåande, fagskole og høgare utdanning Dei verksemdene som svara at dei har eit udekt kompetansebehov i liten, nokon eller stor grad, fekk spørsmål om kva slags utdanningsnivå dei har behov for1. Behovet for dei ulike utdanningsnivåa i 2018 er veldig likt behovet i 2017. Det er større behov for alle utdanningsnivåa i 2018 enn i 2017. Auken er størst i behovet for fagskole og universitet eller høgskole (figur 3). Behovet for fagskole og høgare utdanning har auka med ni prosentpoeng i offentleg sektor frå i fjor. I privat sektor har behovet for høgare utdanning auka med fem prosentpoeng. FIGUR 4 Behov for ulike utdanningsnivå* i dag blant dei verksemdene som har eit udekt kompetansebehov, 2017 og 2018. Prosent Ufaglærte 28 Allmennfagleg vidaregåande 27 31 Yrkesfagleg vidaregåande 52 55 Fagskole 48 53 Høgskole eller universitet 49 55 0 % 10 % 20 % % 40 % 50 % 60 % 2017 (n=2423) 2018 (n=2349) * Tala for dei ulike utdanningsnivåa summerer seg ikkje til hundre fordi respondentane svara «ja» eller «nei» på spørsmål om kvart av utdanningsnivåa. Alle respondentane i utvalet vart spurde om forventa behov for personar med ulike utdanningsnivå innan to år, på same måten som dei to førre åra. Verksemdene forventar minst auke i behovet for personar med grunnskole og allmennfagleg vidaregåande (figur 5). FIGUR 5 Forventningar om behov for personar med ulike utdanningsnivå innan to år. Prosent. 2019 n=00 Grunnskole 16 63 19 2 Vidaregåande allmennfag 12 70 16 2 Vidaregåande yrkesfag 35 53 11 1 Fagskole 31 57 9 2 Høgskole eller universitet 38 52 8 2 0 % 10 % 20 % % 40 % 50 % 60 % 70 % 80 % 90 % 100 % Fleire Som no Færre Veit ikkje
BEHOVET FOR FAGLÆRTE MEDARBEIDARAR AUKAR I DET NORSKE ARBEIDSLIVET 7 Forventningane om behov for grunnskole og vidaregåande allmennfag har endra seg lite sidan 2016, medan prosentdelen som forventar auka behov for fleire tilsette med vidaregåande yrkesfag, fagskole og høgskole eller universitet, har auka frå 2016 til 2018 (figur 6). FIGUR 6 Forventningar om behov for fleire personar med ulike utdanningsnivå innan to år, etter år. Prosent 40 35 25 20 15 10 5 0 2016 (n=05) 2017 (n=00) 2018 (n=00) Grunnskole Vidaregåande allmennfag Vidaregåande yrkesfag Fagskole Høgskole eller universitet Viss vi reknar ut differansen mellom «fleire» og «færre» på same måten som i NAV si bedriftsundersøking (Kalstø og Sørbø, 2018, s. 7), får vi ein såkalla nettoauke mellom dei som svarar at dei treng respektive fleire og færre av dei ulike utdanningsnivåa. Figur 7 viser at tendensen frå 2016 og 2017 held fram i 2018 (Berg, 2017). Nettoauken i behovet for vidaregåande yrkesfag, fagskole og høgare utdanning er positiv, medan han er negativ for grunnskole. FIGUR 7 Nettoauke i behov for ulike utdanningsnivå, etter år. Prosent 35 25 20 15 10 5 0-5 -10 2016 (n=05) 2017 (n=00) 2018 (=00) -15 Grunnskole Vidaregåande allmennfag Vidaregåande yrkesfag Fagskole Høgskole eller universitet
8 BEHOVET FOR FAGLÆRTE MEDARBEIDARAR AUKAR I DET NORSKE ARBEIDSLIVET Etterspurnaden etter personar med utdanning på bachelornivå aukar I 2017 og 2018 vart dei som forventa at dei ville trenge fleire med høgskole eller universitet innan to år, spurde om kva for høgare utdanningsnivå dei har behov for. Det forventa behovet for personar med doktorgrad har gått ned frå 10 til 7 prosent. Behovet for mastergrad har gått ned med eitt prosentpoeng, medan behovet for bachelorgrad har auka frå 72 til 77 prosent (figur 8). Det er med andre ord på bachelornivå behovet for høgare utdanning aukar. Dette gir den same tendensen som SSB sine framskrivingar. Dei viser at etterspurnaden etter kortare akademiske utdanningar vil auke fram til 2035, medan etterspurnaden etter lengre akademiske utdanningar vil halde seg konstant (Dapi, Gjefsen, Sparrman, og Stølen, 2016, s. 54). FIGUR 8 Behov for fleire med utdanning på bachelor- og masternivå innan to år, etter offentleg og privat sektor. 2017 og 2018. Prosent Offentlig 2017 (n=233) 54 76 Offentlig 2018 (n=255) 50 78 Privat 2017 (n=797) 47 71 Privat 2018 (n=833) 48 77 Totalt 2017 (n=1078) 50 72 Totalt 2018 (n=1141) 49 77 0 % 10 % 20 % % 40 % 50 % 60 % 70 % 80 % 90 % Behov for fleire med bachelornivå innan to år Behov for fleire med masternivå innan to år Behovet for bachelorgrad har auka med seks prosentpoeng i privat sektor. Det er lite skilnad i behovet for personar med bachelor- og mastergrad blant dei verksemdene som har flest tilsette med grunnskole og vidaregåande allmennfag og høgare utdanning (figur 9). Blant dei verksemdene som har flest tilsette med yrkesfagleg bakgrunn, er det derimot ein auke på 11 prosentpoeng i det forventa behovet for tilsette med bachelorgrad. I både 2017 og 2018 er næringane helse- og sosialtenester, varehandel, byggje- og anleggsverksemd og industri sterkt representerte blant dei verksemdene som har flest tilsette med yrkesfagleg bakgrunn, og som forventar auka behov for personar med bachelorgrad.
BEHOVET FOR FAGLÆRTE MEDARBEIDARAR AUKAR I DET NORSKE ARBEIDSLIVET 9 FIGUR 9 Behov for fleire med utdanning på bachelor- og masternivå innan to år, etter kva for utdanningsnivå det er flest av blant dei tilsette i verksemda. 2017 og 2018. Prosent Flest med høgare utdanning 2017 (n=645) Flest med høgare utdanning 2018 (n=647) 71 62 73 62 Flest med yrkesfagleg bakgrunn 2017 (n=245) 69 36 Flest med yrkesfagleg bakgrunn 2018 (n=287) 80 Flest med grunnskole eller vg. allmennfag 2017 (n=141) 82 27 Flest med grunnskole eller vg. allmennfag 2018 (n=149) 83 Totalt 2017 (n=1078) 72 50 Totalt 2018 (n=1141) 77 49 0 % 10 % 20 % % 40 % 50 % 60 % 70 % 80 % 90 % Behov for fleire med bachelornivå innan to år Behov for fleire med masternivå innan to år Behov for etter- og vidareutdanningstiltak Denne undersøkinga viser at verksemdene har aukande etterspurnad etter faglærte medarbeidarar. Fjorårets verksemdsundersøking viste at dei verksemdene som har lågast kvalifiserte medarbeidarar, jobbar minst med kompetanseheving (Berg, 2018). Det er derfor viktig med tiltak for å heve kompetansen til tilsette med låg formell kompetanse. Referansar Berg, L. (2017). Kompetansebehovet i norske verksemder aukar. Oslo: Kompetanse Noreg. Hentet fra https://www.kompetansenorge.no/contentassets/c16942de86264c6a9817e28278227bc9/ kompetansebehovet_i_norske_verksemder_aukar.pdf Berg, L. (2018). For den som har, han skal få, og det i overflod. Oslo: Kompetanse Noreg. Dapi, B., Gjefsen, H. M., Sparrman, V., og Stølen, N. M. (2016). Education-specific labour force and demand in Norway in times of transition. Oslo-Kongsvinger: Statistisk sentralbyrå. Hentet fra http://ssb.no/en/ arbeid-og-lonn/artikler-og-publikasjoner/_attachment/2881?_ts=1586ce60238 Kalstø, Å. M., og Sørbø, J. (2018). NAVs bedriftsundersøkelse 2018. Oslo Hentet fra https://www.nav.no/no/nav+og+ samfunn/kunnskap/analyser+fra+nav/arbeid+og+velferd/arbeid+og+velferd/bedriftsunders%c3%b8kelsen
Karl Johans gate 7. Postboks 236 Sentrum, 0103 Oslo Telefon: 23 38 13 00 kompetansenorge.no postmottak@kompetansenorge.no