NJFF SOGN OG FJORDANE Referat frå styremøte i NJFF - Sogn og Fjordane Stad: Esso, Skei Tid: Mandag 18 september. kl. 18.00 Desse møtte: A. Røyrvik, G. Haukaas, T. A. Wangensteen, W. Henden, T. Eimhjellen, V. Moen, T. Kvamme og R. Seim. Forfall: Torger Eimhjellen, I. L. Sunde og B. Huseklepp Sakliste: 61/17 Godkjenning av ref. frå siste styremøte Referatet samrøystes vedteke. 62/17 Referatsaker Alf Erik: 24.aug, Førde, planleggingsmøte Viltseminar 24.aug, Førde, planleggingsmøte fagdag 11.sept, Intervju NRK Sogn og Fjordane Trude: 27. juni, Skei. Møte i jakthundutvalet 6. sept, Skei. Møte i ettersøksutvalet Tom: 24.aug, Førde, planleggingsmøte fagdag Reidun: 30. aug, Gardermoen. Fylkessekretærsamling Ann-Kristin / ettersøksutvalet: 6. sept, Skei. Møte i ettersøksutvalet. Rudi:
24.aug, Førde, planleggingsmøte fagdag 63/17 Foreiningsløftet Foreiningsløftet fylkeslaget bistå og følgje opp lokallaga. Vi har besøkt lokallaga litt lite i det siste, kva bør vi gjere, skal vi setje oss mål? Mål: alle skal besøke eit lokallag i året, ikkje nødvendigvis det laget ein har ansvaret for, tilpassar kva laget ynskjer. Årsmøte, styremøte, aktivitet etc. Tar også kontakt med laga ein har ansvaret for per telefon kvart år. I forkant av årsmøteperioden sender vi ut «bruksansvisning» på valnemndarbeid og å fullføre eit årsmøte. utdrag av «kokebok» for korleis drive eit lag. Gjerne ringe til laget i god tid før årsmøtet etter at vi har sendt ut dette. 64/17 Status medlemsfordelar - Laksefiske i Ommedalen - justert avtale er sendt grunneigar og vi har fått tilbakemelding om at det ser greitt ut og vil motta signert avtale når dei har fått sett nermare på den. - Tilbod på Erdal-sport. Avtala er i sluttfasen. - Holmevasshytta. Hytta vert lagt ut på inatur.no, avventar ein pris frå KFUM-KFUK. - Oversikt over jakt-, fiske- og overnattingstilbod i lokallaga i fylket. Alf Erik justerer spørsmåla til litt mindre detaljert. Reidun set opp i Questback og ser om denne kan brukast i dette høvet. - Forslag frå medlem om jakttilbod med hund. Dette har blitt prøvd før, og det kan bli vanskeleg å få til spesielt storviltjakt med hund. Istadenfor at fylkeslaget skal leige terreng sjølv, prøver vi å få oversikt over desse tilboda i lokallaga, samt hjå grunneigarar. Lokallaga får spørsmål om dette i spørjeskjema. Sakene vert tatt til orientering og vert jobba vidare med. 65/17 Strategi OVF og avtalar. Fleire lokallag i fylket har mista avtale med OVF. Tar utgangspunkt i reglementet til OVF og utarbeider eit skriv til OVF angåande avtalar med jaktog fiskelag. Vidar og Tom har laga ein handlingsplan som er i sluttfasen, vert lagt fram i desember.
66/17 Samling med fylkesstyret i Hordaland Styret i NJFF Sogn og Fjordane er positive til å ha ei samling med styret i Hordaland. Tema som kan vere aktuelle er fylkessamanslåing, samarbeid om landsmøtesaker og arbeid opp mot skuleverket. Forslag på møtestad: Skjerjehamn i april eller Myrkdalen i februar. Alf Erik kontaktar fylkesleiar i Hordaland og ber dei kome med innspel til stad og dato, og jobbar vidare med tema. 67/17 Ettersøksutvalet Leiar i ettersøksutvalet trekk seg ut av utvalet pga laber interesse i utvalet for å delta i aktiviteter og møter. Dette har ofte vert eit tema, ikkje berre i dette utvalet. Det kan vere slitande å sitje i utval der ein ikkje får dialog / respons. Kan vi gjere noko for å betre dette? Alf Erik tar kontakt med alle utvalsmedlemene i ettersøksutvalet i første omgang. 68/17 Fagdag ettersøk og fiske 2018 Etter eit planleggingsmøte har ein landa på å ikkje ta ei heil helg inkludert viltseminaret, men tar fagdag ettersøk og fagdag fiske for seg sjølv og på ein dag. Vi vil også sjå på moglegheitene for å tilby aktivitet for unge, t.d. bogeskyting, simulator frå Lunde Turiststasjon eller liknande. Fagdag Ettersøk og Fagdag Fiske vert 10. februar på Skei. Tom jobbar vidare med innhald på fiskedagen: pukkellaks og «fang og slipp». Ettersøksutvalet jobbar vidare med ettersøk og har booka Per Kristoffersen. Reidun sjekker ut om leige av aktivitetar for unge ved Lunde Turiststasjon. 69/17 Organisering av fiskeressursar Skal fylkeslaget danne eit fiskeutval, og kva skal i så fall utvalet jobbe med? Det er behov for fleire ressurspersonar i fylkeslaget for å handtere fisk og fiske, evntuelt ta i bruk lokallaga sin ressursar her. Tom arbeider vidare med saka og ser på blant anna instruks og moglegheiter for å organisere ressurspersonar innan fisk. 70/17 Komande arrangement Opplæringsjakt elg, Finnskogen Wenche (Randi)
Startar 25. sept. 5 påmeldte (fullt), 1 har måtte melde fråfall. Kurs i våpenstell, Stryn Wenche ( Randi) 19. setp 18-21. Instruktørar: Birger Hogrenning og Øyvind Hopland. Har fått 5-6 påmeldte. Pris 0 / 150. Kurs i våpenstell, Førde Wenche 18. okt 18-21. Instruktør: Herman Erdal. Pris usikker endå, avventar pris på pussekasser. Samarbeid med Førde Bibliotek. Hjortejakt for ungdom, Luster Torger (August) Fullteikna, 10 påmeldte. 20.-22. august, overnatting hjå August. Post og drev. Info-brev er sendt ut. Hjortejakt for jenter Wenche (Elin Karin) 3 påmeldt så langt. 28. oktober, Røyrvika. Hjortejakt for ungdom, Jølster Torger Ikkje planlagt så mykje endå. Komande arrangement vert tatt til orientering. 71/17 Ymse Planleggingssamling for alle tillitsvalde i fylkeslaget. Samlinga vert på Thon Hotel Jølster 12.-13. januar. Reidun spør alle utvala om dei treng overnatting frå fredag til laurdag, eller om det er nok med laurdag, dei ser an behovet sjølv. Det er obligatorisk for alle å møte. Utvalsleiarar passar på at alle utvalsmedlemer får informasjon. Innhald: - Lage program og innhald til kvar aktivitet utvalet skal arrangere - Lage budsjett til kvar aktivitet - Setje opp deltakarprisar: medlem / ikkje medlem, ungdom - Anna informasjon som deltakarar bør vite om - Kva bør deltakar ha med seg / førebu seg på - Andre ting ein bør ha klart til aktiviteten - Felles-økt alle tillitsvalde - Evt. eigne utvalsmøter om andre ting - Fylkesstyret set opp budsjett og årsplan Årsmøte i fylkeslaget 2018 Skei laurdag 17. mars.
Viltseminar 2018 I Førde 2.-3. mars. I samarbeid med Bondelaget, Vestskog og hjortesenteret. Tema: CWD, bestandsutvikling hjort, gås jakt, beiteskade og forvaltning, skytetrening. Valarbeid Trude Kvamme seier ikkje attval ved neste årsmøte og Reidun gir beskjed til valnemnda i god tid om neste års val. Nytt påmelding- og betalingsløysing Fylkeslaget vil neste år prøve ut nytt system for påmelding der ein kan velje om ein vil ta betaling ved påmelding. Møtet slutt ca kl. 22.00 Reidun Solberg Seim -Referent-