Program 2015 2019 HØYANGER HØGRE eh ile r e g n a y ø h
VISJONAR FOR HØYANGER KOMMUNE Me har ein visjon om at kommunen skal vere ein heilskapleg kommune, der omsyna til alle delar av kommunen vert ivaretekne. Me må også fokusera meir på miljøet, og vil difor stimulere til fleire miljøtiltak i kommunen. Høyanger Høgre ynskjer at Høyanger skal vere ein god kommune å bu i, og tryggleik i nærområdet er viktig for oss. Me vil at Høyanger kommune skal vere ein attraktiv tilflyttarkommune, som ynskjer alle nye innbyggjarar hjarteleg velkomne til å slå seg ned hjå oss. Me vil arbeida for å behalda dei gode kommunale tilboda og utvikla desse til det betre for innbyggjarane. Vi meinar at det er viktig å hjelpe flyktningar der dei er. Me kan vurdere å ta inn fleire dersom det ikkje går ut over dei som allereie bur i kommunen vår. Det må evaluerast korleis kommunen løyser flyktningproblematikken og om me har kapasitet til å ta imot fleire. HELSE OG OMSORG Høyanger Høgre vil ha god kvalitet på helse og omsorg. Eit godt omsorgs- og helsetilbod er grunnsteinane i eit varmt og velfungerande samfunn. Arbeide for å oppretthalde dagens desentraliserte tilbod også legetilbodet. Stimulere til helseførebyggande tiltak. Sikre ressursar innanfor førebyggande helsevern for unge.
SKULE OG BARNEHAGE Høyanger Høgre vil ha gode skular og godt læremiljø. Elevane skal oppleve god læring og trivsel. Høyanger Høgre vil arbeide for å organisere Høyanger vidaregåande skule etter ein 1 13 modell, der ein ivaretek heile skuleløpet frå 1. klasse på barneskulen til 3. klasse på vidaregåande skule. Arbeide for å behalde alle barneskular så lenge elevtalet tilseier det. Vidareføre og utvikle tilbodet ved Høyanger vidaregåande skule, eventuelt etter ein 1 13 modell. Sikre ein aktiv innsats mot mobbing i skulen. KULTUR OG FRITID Høyanger er ein kommune med stolt industrihistorie med meir, og desse ynskjer me å ivareta på ein god måte. Kulturbudsjettet i kommunen bør også evaluerast. Me ynskjer meir midlar til aktivitet i lag og organisasjonar og mindre til administrasjonen. Eit godt kultur- og fritidstilbod vil vere med på å gjere kommunen meir attraktiv både for heimflyttarar/tilflyttarar og reiseliv/turisme. Arbeide for eit godt tilrettelagt idretts- og fritidstilbod framleis med støtte til lag og organisasjonar. Arbeide for at trappene i Høyanger skal vidareførast og sikrast med omsyn til tilkomst/bruk. Dette gjeld både for fysisk aktivitet og kulturhistorie. Arbeide for at symjehallen i Lavik vert rehabilitert. Kommunen bør tilby Hyllestad avtale om bruk/samarbeid. Støtte opp om positive kulturtilbod som Gøyanger.
SAMFERDSLE I ein langstrakt kommune er det viktig med trygge og gode vegar. Høyanger Høgre vil i kommande periode arbeide for at dei kommunale vegane vert haldne betre ved like. Arbeide for gode kommunikasjonar. Vere ein pådrivar for nye samferdsleprosjekt. At vegen mellom Tronvik og Vadheim vert utbetra. At lokale ferjeruter vert oppretthaldne. At kommunen hyrar inn ein båt frå distrikta inn til Høyanger tettstad i samband med sentrale fritidsaktivitetar for born. At det vert etablert naudnett i alle tunellane i kommunen ikkje minst viktig på fylkesveg 55 (Høyangertunellen). INDUSTRI, NÆRINGSLIV OG ØKONOMISK DRIFT AV KOMMUNEN Høyanger Høgre ynskjer at kommunen sine inntekter kjem alle til del. Me vil ha ein god økonomisk drift i kommunen og syte for at gjelda kan byggjast ned. Me vil også setje i gang ei vurdering av den kommunale organiseringa og den politiske utvalsstrukturen kommunen har i dag. Støtte arbeidet med nyetableringar innan reiseliv/tenesteyting. Arbeide for ei liberal praksis med omsyn til buplikt og bygging i strandson. Gradvis redusere eigedomsskatten på bustadar og fritidseigedomar. At kraftinntektene i størst mogeleg grad skal gå til næringsutvikling. Alle bygdelaga bør nyte godt av dette, mellom anna for å oppretthalde busetnaden. Støtte opp om havbruksnæringa. Legge til rette for vidare utvikling av landbruket. Sikre driftsgrunnlaget ved å støtte opp om tileggsnæringar som gardsturisme, utleigehytter og småkraftverk.
KOMMUNESAMANSLÅING Høyanger Høgre ser positivt på kommunesamanslåing for å betre tilbodet til innbyggarane, og for å høyre til i eit større bu- og arbeidsområde. Når ein skal ta ei avgjerd må ein mellom anna ta omsyn til at dei forskjellige delane av kommunen har ulike samarbeid med andre kommunar. Store delar av kommunen har gode samarbeid og liknande nordover, medan andre samarbeidar sørover. Høyanger Høgre ynskjer framleis diskusjon og forhandling med nabokommunar for å finne den beste løysinga for Høyanger sine innbyggarar i framtida. NÆRPOLITIREFORMA Høyanger Høgre vil arbeide for at politireforma vert iverksett med fokus nærpoliti, og for at me får behalde det lokale politiet me har i dag. ORDFØRARKANDIDATEN VÅR MONICA SUNDE TJØNNÅS er 46 år, fødd og oppvaksen på gard i Jølster. Ho bur no i Lavik med mann og to born. Til dagleg er ho bestyrar for kioskdrift i Norled, og har tidlegare vore sjølvstendig næringsdrivande i 10 år. Monica har vore kommunestyrerepresentant i to periodar, og er no også leiar for hovudutval for oppvekst. Monica trivast i leiarroller og er klårt motivert for å bli ordførar. Ho har eit mål for det politiske arbeidet hennar: Å vere folkevald til teneste for alle i kommunen. Med seg har ho ei dyktig høgregruppe med brei kompetanse.
Kandidatane våre Høyanger 1. Monica Sunde Tjønnås Ordførarkandidat 2. Aina Åsnes Hovlandsdal 3. Martin Bjørkhaug 1. Monika Sunde Tjønnås 1969 Lavik 2. Aina Åsnes Hovlandsdal 1995 Kyrkjebø 3. Martin Bjørkhaug 1971 Lavik 4. Oddvar Erling Østerbø 1945 Ikjefjord 5. Oddlaug Norunn Buue 1952 Høyanger 6. Jens Ole Årdal 1960 Kyrkjebø 7. Kristin Viksøy Sande 1974 Høyanger 8. Åge Østerbø 1975 Bjordal 9. Renate Christina Astor 1967 Høyanger 10. Tor Sigurd Halvorsen 1956 Høyanger 11. Jens Henrik Wølke Friis 1969 Lavik 12. Jeanette Wølke Friis Walsvik 1980 Høyanger 13. Ledvind Steinar Nessestrand 1945 Kyrkjebø 14. Kai Roger Bakken 1965 Høyanger 15. Irmelin Af Geijerstam 1986 Lavik 16. Heidi Beate Wisnes Gjeraker 1961 Høyanger 4. Oddvar Erling Østerbø 5. Oddlaug Norunn Buue GLØYM IKKJE Å BRUKE FYLKESTINGSLISTA! 5. kandidat OLE GUNNAR KRAKHELLEN Solund NATVIK, FLORØ 6. Jens Ole Årdal Monica Sunde Tjønnås Mobil: 906 36 049 E-post: monica.sunde.tjonnas@ politikar.hoyanger.no