Fjøsangerveien Illustrasjon: Bergen kommune / Sweco KUNSTPLAN FOR BYBANEN Delplan for Kristianborg Byggetrinn 4
Delplan for Kristianborg, BT4 2 BESKRIVING AV STADEN Kristianborg er siste haldeplass før Bybanen køyrer gjennom Løvstakktunnelen til Fyllingsdalen. Kunstkomiteen for Bybanen ser situasjonen på Kristianborg som svært interessant for eit kunstprosjekt. Her er det tale om store framtidige endringar. Mindemyren, som Kristianborg er ein del av, har til no vore eit reint næringsområde mellom eldre bustadområder på begge sider. No skal mange av dei store næringsaktørane flytta ut av byen og området transformerast radikalt. Kristianborg har i kommunen sin nye arealplan status som sentrumskjerne. Kristianborg er og interessant grunna si plassering i traseen, som eit nytt bindeledd til Fyllingsdalen både for reisande med Bybanen, gåande og syklande. Haldeplassen på Kristianborg blir byttepunkt mellom bane og buss, og skal delvis ligga under ny bru i Fjøsangervegen (E39). Det skal bli gode overgangar mellom bybanestoppet og busshaldeplassar på begge sider oppe i Fjøsangervegen. Samstundes blir utbygginga ledd i eit nytt tverrsamband mellom bustadområda på vestsida og området aust for E39. Det skjer gjennom etablering av ein grøn allmenning frå Løvstakksida til ei transformert Mindemyren med nyopna kanal. Dette skal opna for friare ferdsel for gåande og syklande og gjera Mindemyren meir attraktiv for ny næring og bustadbygging. Å etablera gode kvalitetar for dei reisande på haldeplassen under Fjøsangerveien, er utfordrande og viktig. VAL AV KUNSTNAR OG METODE Hausten 2017 utlyste Hordaland Fylkeskommune ei open prekvalifisering for kunstprosjekta til byggetrinn 4. 57 kunstnarar / kunstnargrupper melde seg innan fristen 20. oktober 2017. Sidan kunstplan på det tidspunktet ikkje var klar, søkte ein på generell basis etter kunstnarar med interesse for å arbeida med kunst til Bybanen. Målet var å finne kandidatar til lukka konkurranse(r) eller direkte oppdrag, i eit spenn frå komplekse integrerte prosjekt til enklare verk, langs trasé eller på haldeplassar. Til Kristianborg har kunstkomiteen vald å engasjera kunstnar Jan Freuchen i eit forprosjekt, for å undersøka grunnlaget for eit kunstprosjekt, og elles bidra i prosjekteringsarbeidet i lag med BU og Sweco. Han melde seg gjennom prekvalifiseringa og framstår som ein særs kompetent og relevant kunstnar. Freuchen har markert seg som ein av dei tydelegaste og mest respekterte kunstnarane i sin generasjon, med utstillingar på viktige visningsstader i inn- og utland. Han har gjennomført fleire kunstprosjekt i offentlege rom, t.d. i Kristiansand Rådhus og på Vevang i Møre og Romsdal for Nasjonale turistvegar. I sin heimby Kristiansand har han engasjert seg i diskusjonar om kunst i offentlege rom. I lag med Sigurd Tenningen har han har vore kurator for utstillingsserien Game of life 1 og 2 i Kristiansand kunsthall og redaktør for boka Knust i offentlege rom. Han står og bak forlaget Lord Jim Publishing, der han gjev ut eigne og andre kunstnarars bøker. Freuchen er fødd i 1979 og bur og arbeider i Kristiansand. Oppgåva i kontrakten om forprosjekt er formulert slik: «Kunstnar skal følga og bidra i prosjekteringsarbeid for området Kristianborg, i lag med prosjekteringsteamet til Bybanen Utbygging (BU). Mål for forprosjektet er å arbeide fram idéar for eit godt påfølgande kunstprosjekt, gjerne i tett integrasjon med byggeprosjektet. Samstundes er det eit mål at kunstnars samhandling med prosjekteringsteamet bidreg til utvikling av ein best mogleg situasjon for innbyggarar og reisande. Idéane til kunstprosjekt må vere tilstrekkeleg utvikla til at BU kan implementere naudsynte tilretteleggingsbehov i sine underlagsdokument for entrepenør. Det skal vere tett dialog med kunstkonsulent og prosjekteringsleiar for BU undervegs i forprosjektet. Det er og ynskjeleg at kunstnar deltek i eit møte med kunstkomiteen for Bybanen for å orientere om og diskutera ulike moglegheiter for utviklinga av kunst til Kristianborg. Intensjonen er at forprosjektet avløysast av Kontrakt om kunstoppdrag, då med utarbeiding av fullstendig skisseforslag og produksjon av kunstverk. Budsjettsum for hovudoppdraget er førebels sett til inntil kr 1 000 000. Denne kan bli justert.» Forprosjektet blei avslutta 1. juni 2018, og behandla i møte i kunstkomiteen 5. juni 2018. Forprosjektet blei godkjent, og komiteen gjorde vedtak om å inngå kontrakt med kunstnar om produksjon av verket. Verket skal vera permanent. Budsjettramma blei sett til 1,3 mill. Prosjektet skal vera ferdig i 2021/2022. Tidspunktet kan bli justert.
3 Delplan for Kristianborg, BT4 RESULTAT AV FORPROSJEKT KUNSTNARS FRAMLEGG I løpet av forprosjektet blei det klart at den mest aktuelle plasseringa for kunsten var under brua (E39), ved gang- og sykkelvegane som går parallelt med bybanespora. Dei spesielle tilhøva under brua er utfordrande, men byr og på moglegheiter. Her er avklarte trafikkale og romlege tilhøve, og eit grunnlag for større kunstnarleg fridom enn elles i haldeplassområdet. Kunsten her vil kunne «breie seg», og vil samstundes kunne bli synleg både for gåande, syklande og reisande med Bybanen. Den nokså mørke og kompakte situasjonen under brua kan og utnyttast kunstnarleg. Denne sørlege delen av haldeplassområdet er utafor Bybanen sitt slyngfelt, og treng difor ikkje ta særlege omsyn grunna dette. Gjennom samarbeid med BU og Sweco, og møte med Statens vegvesen, som blir eigar i området, er det avklart at framlegget kunstnar har utarbeida gjennom forprosjektet kan la seg realisera. Jan Freuchen gjer framlegg om å montera 6 store og komplekse skulpturar spreitt utover i veggar, tak og grunn under den sørlege delen av brua. Dei vil danna ein fragmentert, men formmessig samanhengande gruppe. Alle skulpturane har kubar på 80 x 80 x 80 cm som grunnform, sett saman som komprimerte opphopingar. Planen er å produsera skulpturane i sveisa aluminium, og montera dei i grunne nisjar som er spara ut i betongen. Skulpturoverflatane vil bli handsama i forskjellige fargar og/eller ulike motiv og mønstre. Kunstnar vil samarbeida med BU sine lysdesignarar om lyssetting av verket. Gjennom form, overflater, lys og plassering, vil kunstverket opplevast som dynamisk og kanskje tilmed spektakulært. Det vil stå fram på ulikt vis avhengig av kor ein kjem frå, og om ein er i fart, slakkar ned eller står stille og betraktar. Skisse av Jan Freuchens framlegg til kunst til Kristianborg, sett frå haldeplassen under E39. Tunnelinnslaget til Fyllingsdalen er til høgre, utafor bildekanten. Skulpturane er plasserte ved sida av og over gang-og sykkelvegar. Bybanespora og sjølve haldeplassen er på denne sida av dei tjukke søylane.
Delplan for Kristianborg, BT4 4 BUDSJETT Forprosjekt 150 000 BKH-avgift 5% ¹ 7 500 Kunstprosjekt 1 300 000 BKH-avgift 5% 65 000 SUM 1 522 500 Tala er henta frå kunstplanens hovudbudsjett. Administrative og andre kostnader er gjort greie for der. FRAMDRIFT Forprosjekt februar juni 2018 Kontrakt hovudprosjekt 19. juni 2018 Levering av gjennomføringsplan 15. november 2018 Levering bearbeida framlegg 15. oktober 1019 Levering av det kunstnarlege arbeidet Leveringa må følga byggeprosjektets framdrift. Antatt levering 2021/2022 FORMIDLING Formidling av Bybanen sitt kunstprogram er gjort greie for i kunstplanen sin hovuddel. FORVALTNING Forvaltning av Bybanen sitt kunstprogram er gjort greie for i kunstplanen sin hovuddel. ¹ «Lov om kunstavgift» frå 1948 pålegg alle som omset originaleksemplarar av kunstverk i Norge å betala ei avgift på 5 % av salgssummen. Det er og avgift på utsmykkingsoppdrag, konkurranseutkast og bestillingsverk. Avgifta krevjast inn av Billedkunstnernes Hjelpefond (BKH), som kanaliserar pengane til ny produksjon av kunst gjennom tilskot og stipend til kunstnarar i Norge.
Agnes Mowinckels gate 5 Postboks 7900 5020 Bergen Telefon: 55 23 90 00 E-post: hfk@hfk.no www.hordaland.no Hordaland fylkeskommune har ansvar for å utvikle hordalandssamfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for verdiskaping, næringsutvikling, fritidsopplevingar og kultur. Som del av eit nasjonalt og globalt samfunn har vi ansvar for å ta vare på fortida, notida og framtida i Hordaland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.