God start for plastinnsamlinga. Grøne pakketips Les meir på side 7. Brannfokus Les meir på side 5. 2/2018. SIMrenovasjon

Like dokumenter
Papir/papp. ORDNING: Henteordning SIM hentar papir heime hjå alle abonnentar kvar 4. veke.

Miljøsentralen ventar på deg! Bidra til reinare strandsonar Les meir på side 4 og 5. Kjeldesorteringa kan bli betre Les meir på side 2 og 3.

Alt må sorterast 2/2015. Informasjon frå Sunnhordland Interkommunale Miljøverk IKS

Gje tekstilar nytt liv Les meir på side 6. Klar for ny renovasjonsordning? Les meir på side 2. Rydd fram naturen Les meir på side 5.

Me ryddar Sunnhordland 1/2016. Gjer som gutane i Bremnes idrettslag:

Klart for innsamling av glas- og metallemballasje. Kva skjer med avfallet? Les meir på side 4 og 5. Tips til ei miljøvennleg jul Les meir på side 8.

Marin forsøpling 1/2017. SIMrenovasjon

Sortering av mat, glas og metall heime hos deg

Ny avfallsordning hausten 2018/ våren 2019

RÅD OG TIPS TIL BU OG VEDLIKEHALD AV KOMMUNALE BUSTADAR

Ha ei god og grøn jul. Stor dugnadsinnsats i strandsona Les meir på side 2. Sjefsbyte i SIM Les meir på side 4 og 5. 2/2017.

ÅRIM potensial for auke av mengdene avfall til materialgjenvinning og gjenbruk fram mot 2020

La meg få ein sjanse til...

Sortering av avfall i burettslag, sameige og tettbygde område

Informasjon frå Sunnhordland Interkommunale Miljøverk IKS 1/2015 MARS ÅRGANG 22. Me går for rein natur. Skann QR-koden for meir informasjon

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

6-åringar på skuleveg

La meg få ein sjanse til...

Vi vil gjerne slå Molde...

STRATEGISK PLAN SØRE SUNNMØRE REINHALDSVERK IKS (SSR) ( )

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg

SØRE SUNNMØRE REINHALDSVERK IKS / Tlf: Kontortid: (stengt grunna lunsjpause)

Askjellrud Huseierforening har nå fått montert nedgravde avfallsløsninger fordelt på tre miljøtorg.

Informasjon om innsamling av avfall 2012/2013. Tømmekalender høst 2012 og vår 2013 Aure kommune

Endeleg eigen dunk for glas og metall

Velkommen som abonnent hos Innherred Renovasjon. Hovedkontoret vårt på Verdal

Refleksjon og skriving

Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017

MØTEBOK. Styret innstiller overfor kommunane å vedta framlegg til gebyrforskrift for 2017 med ein auke på 4 %, slik forskrifta går fram av denne saka.

MØTEBOK. Gebyrforskrifta for 2018 er ei vidareføring av gebyrforskrifta for 2017, men med tillegg i gebyrsatsane på 6,5 %.

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

MØTEBOK. Styret innstiller overfor kommunane å vedta framlegg til gebyrforskrift for 2015 med ein auke på 3%, slik forskrifta går fram av denne saka.

Til deg som bur i fosterheim år

NGIR-nytt. NGIR-nytt NGIR-nytt. Informasjon til hushald. Informasjon til hushald. Grønare julefeiring. NGIR ynskjer alle ei gledeleg jul!

BRUN DUNK. Slik reduserer du vond lukt om sommeren STAVANGER KOMMUNE. Dette skal ikke oppi den brune dunken. Dette skal oppi den brune dunken

Avfall er. Kundeblad Nr Julefri flytter. tømmetid. Vi gir deg tipsene for å unngå overfylte dunker. Informasjon til husstandene i Trondheim

Oversiktskalender for hushaldningsrenovasjon i Lom og Skjåk 2009

Brukarrettleiing E-post lesar

Me har halde fram med gruppedelinga (relasjonsgruppene) og ser at dette har hatt positiv innverknad på dagane til barna.

Hva kaster du. hvor? SORTERINGSGUIDE STAVANGER KOMMUNE

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

LEIRVIK SKULE. Velkomen til skuleåret

MÅNADSPLAN GRANAT- oktober 2019

VI SORTERER METALL NATURFAG MATEMATIKK trinn min.

Elevundersøkinga 2016

Teknikk og konsentrasjon viktigast

2016 JANUAR- SEPTEMBER

MØTEBOK 21/15 SOS RENOVASJONSGEBYR FOR 2016

Info til barn og unge

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Månedsbrev Bikuben oktober 2016

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Renovasjonsetaten Utvidet kildesortering

Miljøregnskap ÅRSRAPPORT 2015 RENOVASJONSSELSKAPET FOR DRAMMENSREGIONEN IKS

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret

Reservasjon av fellesareal. Wi-Fi. Husleige. Brannalarm

Forskrift for hushaldsavfall i Skodje kommune, Møre og Romsdal

VELKOMSTHEFTE FOR HELLAND SFO

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Kostholdsplan for Gardstunet barnehage

Til deg som brukar: Her kjem Fritidskalendaren for juni 2007 i Lindås. Me vonar du har lyst å delta på dei aktivitetane me har sett opp.

Kildesorteringskalender

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Kildesorteringsguide Tømmedager papir Nye avvikslapper. Offentlig informasjon

RfDs avfallshåndtering i 2012 bidro totalt sett til en utslippsbesparelse tilsvarende tonn CO 2

Fra 31. oktober sorterer vi plastemballasje i Sandefjord. Her finner du alt du trenger å vite om den nye ordningen.

og helg Dei er å fødselsdagssongen fødde er fire lærer og søndag Denne veka lærer elevane om tid og tal på norsk. Dei lærer om dei

UNG I RADØY SOMMARCAMP FOR UNGDOM 2017

Fra 31. oktober sorterer vi plastemballasje i Sandefjord. Her finner du alt du trenger å vite om den nye ordningen.

Arbeidsplan for 8B Veke: Opplysningar: Minner om foreldremøte måndag 28. august klokka

Kontaktinfo. Besøksadresse: Rådhuset i Langevåg 3.etasje. Postadresse: Sula Sokn Postboks LANGEVÅG. Telefon sentralbord:

Informasjon frå Sula kyrkjelyd

Velkommen til SFO i Forsand 2017/2018

NYTT KUNDETORG I HARSTAD. - Viktig info om nytt kundetorg på Stangnes.


Brukarrettleiing. epolitiker

FULL RULLE MED ALEX side 4. Har du kome i gang med plastinnsamlinga? side 2-3. Vinn ein sykkel side 5. La oss gjenvinne meir

Forslag. Her er to bilde av gutar og jenter som har det fint saman.

Foreldreråd utan tilsette - Helland Barnehage 25. september 2012 kl

Det er mange andre faktorar som har også kan ha innverknad på utviklinga i avfallsmengde.


KJELDESORTERINGS- KALENDER 2016 HERØY

Terminprøve i matematikk for 8. trinnet

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN

Kontaktinfo. Besøksadresse: Rådhuset i Langevåg 3.etasje. Postadresse: Sula Sokn Postboks LANGEVÅG. Telefon sentralbord:

BARNEVERNET. Til beste for barnet

klipp ut

AVFALL ER. Hvis ingen går i søpla, men passer seg for den kan alle gamle sokker bli no' fint igjen! Informasjon til husstandene i Trondheim

SFO på Ågotnes gjev eit tilbod på 24 timar og 15 minutt i veka fordelt på 5 dagar.

Rapport frå inspeksjon ved SIM Anlegg for kompostering 9. april 2014

Terminprøve i matematikk for 8. trinnet

Bruk av driftsmidlar Frifond

HAUSTE. ÅRIM vil ha meir avfall til sortering. La oss gjenvinne meir MILJØBLADET. Side 4. Det norske matkastebordet Side 2

vi gir deg mer tid FolloRen mer tid til å gjøre det du har lyst til! les mer og finn ut hvordan!

mmm...med SMAK på timeplanen

Transkript:

Informasjon frå Sunnhordland Interkommunale Miljøverk IKS 2/2018 NOVEMBER ÅRGANG 25 God start for plastinnsamlinga Grøne pakketips Les meir på side 7. Brannfokus Les meir på side 5. På eit halvt år har bosbilane samla inn over 200 tonn plast frå hushaldskundane i Sunnhordland. Ordninga fungerer godt, synest Anita Torkelsen på Moster. Les meir på side 2. og 3. sim.as SIMrenovasjon

PLASTINNSAMLING Kvinnherad best! Sidan innføringa av henteordninga for plast i april, har bosbilane samla inn meir enn 200 tonn plast heime hos SIMkundane i Sunnhordland. Sunnhordlendingane er kjempeflinke å sortera plast! Me har henta inn over 200 tonn plastmeballasje sidan oppstart i april. I tillegg er det levert inn ca 40 tonn på våre miljøsentralar. Med tanke på kor lite plasten veg, er det veldig bra. Me snakkar om eit rimeleg stort volum, smiler Arild Vik, driftsleiar for innsamling i SIM. Kvinnheringane best Så langt har Kvinnherad vore best i klassen. Kvinnheringane har åleine levert inn 55 tonn plastemballasje - altså mest av sunnhordlandskommunane om ein reknar per innbyggjar. Knallbra, seier Vik. Han minner om at ved å sortera ut og samla inn plast, så blir materialet sendt via Grønt Punkt si returordning for plastemballasje. Mange godord Han seier at SIM stort sett berre har fått positive tilbakemeldingar på den nye henteordninga for plast. Eit par småhumpar i vegen har det likevel vore. Nokre kundar har vore plaga med at fuglar dreg ut plast frå sekker som er sette ut, medan andre opplever at sekkene blès avgårde, seier Vik Tips til sortering av plastemballasje Slik går du fram: Samla rein og tørr plastemballasje i ein sekk for plastemballasje (som du får av SIM). Plasser sekken ved papirdunken på tømmedagen for papir- og plastavfall. Sørg for at sekken ikkje vert teken av vinden. Behov for ny rull? Knyt ein plastemballasjesekk på papirdunken. Då vil bosbilsjåføren leggja ein ny rull oppi dunken etter tømming. Du kan også henta deg ein ny rull på næraste miljøsentral. Bruk sunn fornuft Krevst det for mykje tid og vatn for å reingjera plasten, er det faktisk betre å kasta han i restavfallet. Bruk sunn fornuft! Plastemballasje med sølvfolie innvendig, t.d. kaffiposar og chipsposar, skal i restdunken. Er du i tvil om emballasjen kan gå i sekken, kast den i restavfallet. Nokre tips til deg dersom du opplever utfordringar med plastsorteringa: Få ein krok hos SIM til å festa sekken på dunken. Sørg for at det IKKJE er matrestar/lukt i emballasjen som vert lagt i sekken. Legg ei not/anna over sekken for å halde fuglar/dyr vekke. Levèr plasten på miljøsentralen som før. I verste fall, avslutt sorteringa og kast plasten i restavfallet. 2 SIM NYTT \\ 2/2018

PLASTINNSAMLING Kjempeordning! Anita Torkelsen på Moster er strålande nøgd med å kunna kjeldesortera plast og få avfallet henta av bosbilen. Etter å ha sortert ut plast og køyrt han til miljøsentralen på Heiane i fleire år, vart eg glad då SIM innførte henteordning for plastemballasje. Eg synest ordninga fungerer godt. Resultatet av sorteringsjobben ser me både i den fulle plastsekken som vert sett ut saman med papirdunken, men også i form av mykje betre plass i restavfallsdunken, fortel Anita Torkelsen. Ho og familien har gjort det til ein del av kvardagsrutinane å sortera og vaska plastemballasje. Det er forbausande lite som må gå i restdunken. Det aller meste av plasten går an å vaska på ein grei måte. Dei få unntaka som endar opp i restavfallet er gjerne plast som har vore innpakking rundt marinert kjøt, for den har vist seg ekstra vanskeleg å få rein, fortel bømlingen. Trebarnsmora er oppteken av miljøet, og ser kjeldesorteringa som eit viktig tiltak for å sikra at både plast og anna avfall blir ivareteke på ein god måte. Det er skremmande å sjå kor mykje plast som ligg langs vegar og strender. Som mor og skulesekretær kjenner eg på eit ansvar for komande generasjonar, og ønskjer å vera ein god rollemodell gjennom gode avfallsrutinar, seier Anita. Kor hamnar plasten? - Grønt punkt Norge sender om lag 80 % av plasten til anlegg i nord- Tyskland. Der vert plasten sortert i ulike kvalitetar for så å gå inn i ny plastproduksjon. Dei resterande 20 % går til energigjenvinning. Sidaan ayaad u kala soocaysaa qashinkaaga «Slik sorterer du avfallet ditt» lyder overskrifta på vår nye sorteringsguide. Somalisk, brukt i tittelen over, er eitt av dei ti språka guiden er tilgjengeleg på. Uansett morsmål, det skal vera lett å sortera avfallet på rett måte. Derfor har SIM i ei årrekke publisert sorteringsguiden vår på fleire språk. Når denne no er oppdatert i tråd med den nye henteordninga, som også inkluderer plastemballasje, har me også gjort guiden tilgjengeleg på endå fleire språk: Norsk, engelsk, tysk, spansk, fransk, russisk, polsk, litauisk, arabisk og somalisk. Du finn sorteringsguiden på nettsida vår www.sim.as, eller du kan plukka med deg eit eksemplar på ein av miljøsentralane våre. Har du behov for å få sorteringsguiden tilsendt i posten, kan du ringa oss på 53 45 78 50. 3

FEILSORTERING I BIODUNKEN Delte ut gule og raude kort. SIM har i haust gjennomført storkontroll av biodunk-innhaldet i alle SIM-kommunane. Me ser at sorteringa har blitt litt betre i kjølvatnet av aksjonen, men me har framleis eit stykke igjen før me er i mål, fortel driftsoperatør Einar Breivik. Dei aller, aller fleste er veldig flinke og sorterer rett, men me registrerer at det dessverre er ein del som ikkje gjer det, uttalte plan- og kommunikasjonsansvarleg Janne Hillersøy då SIM i midten av september starta ein storstilt kontroll av innhaldet i biodunkar i alle SIMkommunane. Gule og raude kort I aksjonen nytta SIM eit velprøvd system der kontrolløren merkar dunkar med feilsortert avfall. Første gong det skjer, får kunden berre ei «åtvaring» i form av ein gul lapp på dunken. Dersom SIM oppdagar at feilsorteringa gjentek seg, får kunden ein raud lapp og då vert dunken heller ikkje tømt. På denne måten har ein del av kundane våre fått seg ein vekkjar, seier Einar Breivik, driftsoperatør på kompostanlegget i Svartasmåget. Han meiner aksjonen har hatt ein viss effekt, men gjentar oppfordringa SIM har kome med i mange år: - Ver medviten på kva du kastar i biodunken, og bruk komposterbare papir- eller maisposar til å ha avfallet i! Dette gjeld heile året, ikkje berre når me har kontroll. Bruk komposterbare bioposar! For at me skal kunna nytta bioavfallet ditt i kompostanlegget vårt, må du samla avfallet i komposterbare bioposar laga av papir eller maisstivelse. Handleposar av plast er ikkje av ein slik kvalitet at me kan bruke dei i vårt anlegg, uansett kor biologisk nedbrytbare somme av handleposane skal vera. Dei øydelegg komposteringsprosessen, og etterlet seg plast i den ferdige komposten. Tips til biodunken: IKKJE bruk posar av plast i dunken. T.d. handleposar frå REMA, KIWI, MENY osv. Glas og metall skal IKKJE i biodunken. Glaset er vanskeleg å solde ut av komposten. Unngå varm mat/smør i bioposen, dette svekkjer kvaliteten på posen. Ta heile biospannet med deg når du skal tøme det i dunken, så unngår du at posen rivnar. Til dømes: Kva skal i biodunken? Matrestar av alle slag Kaffigrut, kaffifilter, teposar Eggeskal, restar av reker og andre skaldyr Visne blomar, gamle potteplantar (utan potte!) Lauv, hageavfall, sagflis Kjøkenpapir, papirserviettar Eggekartongar i mindre mengder Bein, fjør Til dømes: Kva skal ikkje i dunken? Glas Plast Metall Drikkekartongar Farleg avfall Elektrisk- og elektronisk avfall (EE) Impregnert eller måla trevirke Slakteavfall Bleier Hundeposar 4 SIM NYTT \\ 2/2018

Pass på brannfaren Avfall kan ta fyr, både i dunken din heime og på avfallsanlegget. Her er to grep du kan gjera for å redusera brannfaren. EE-avfall høyrer ikkje heime i restavfallet Alle batteri, uavhengig av kjemisk samansetning, form eller storleik, vil innehalda litt restenergi når dei blir kasta. Dersom polane kjem i kontakt med kvarandre eller med metall, er det fare for kortslutning og brann. For å redusera denne faren, er det to enkle hugsereglar: 1. Ikkje kast batteri eller anna EE-avfall i restdunken lever dei på miljøsentralen eller i butikken der dei er kjøpt 2. Set ein tapebit over batteripolane etter avslutta bruk. Då unngår du at polar kjem i kontakt dersom du samlar opp fleire batteri i påvente av levering til miljøsentralen, og du reduserer også brannfaren på batteriet si reise frå innsamlingspunkt til gjenvinningsanlegg. Flytt bosdunken vekk frå husveggen Kvart år skjer det ulukker som følgje av at det oppstår brann i bosdunkar som er plasserte inntil husveggar. Norsk brannvernforeining, Direktoratet for sikkerheit og beredskap og Finansnæringas hovudorganisasjon tilrår derfor at avfallsdunkar blir plasserte minst fem meter frå ytterveggen, uansett bygningstype. Forsikringsselskapa kan også setja krav til plasseringa av avfallsbehaldarar, så sjekk kva din forsikringsavtale seier om dette. Om du opptrer uaktsamt, kan i verste fall forsikringsselskapet setta ned erstatninga di om det skulle oppstå ein brann. + + + MIN 5M Hjelp oss med å koma fram! Vanskelege vinterforhold med snøfall og glatte vegar kan gjera det ekstra krevjande for bosbilsjåførane våre å halda ruta og få tømt dunken din til rett tid. For å bidra til at avfallsinnhentinga går så smidig som råd også på kalde vinterdagar, gi gjerne sjåførane ei hjelpande hand ved å måka ubrøytte vegar og snuplassar. Kanskje kan du også hiva ut litt strø på glatte parti? Om våren/sommaren er det attgrodde vegar. greiner og buskas som er problemet. Dette gjeld,særleg for slambilen som køyrer innom mange hus. Sag difor ned/vekk dette, slik at bilen kjem fram, slike bilar kan vera opp mot 4 meter høge. Faktisk pålegg renovasjonsforskriftene eigarar og bruksrettsinnehavarar av private vegar både å måka og strø slik at bosbilen kjem fram. Men me synest no det er aller best å sjå på ein slik ekstrainnsats som ei hjelpande hand til både sjåførane våre, naboane dine, og ikkje minst deg sjølv. 5

Visste du at? Myteknusaren: SIM har ein eigen app som varslar deg kva dunk som skal ut kva tid. Last ned appen i Google Play eller App Store. 1. Det er ikkje vits i sortera, alt vert tømt i samme bilen uansett. SIM har bosbilar med to kammer og det ser dermed ut som om alt vert blanda, men avfallet hamnar i to ulike rom og vert ikkje blanda. 1 2 Bruk blanke sekker på miljøsentralen. Du får dei gratis på miljøsentralen eller du kan kjøpe dei på butikken. HEIM Dunken må ikkje fyllast så mykje at du ikkje får igjen loket. Då vert det forsøpla kring dunken, noko som trekkjer til seg skadedyr som fugl og rotter. Ta dunken med deg heim etter tøming. 2. SIM tener pengar på at folk gjer jobben for dei. SIM tener ikkje pengar på at innbyggjarane sorterar avfallet sitt. Alle inntekter SIM har går tilbake til abonnentane ved at me kan halde gebyret nede. 3. Vinninga går opp i spinninga for boset vert kjørt til utlandet. Når avfall vert sendt over landegrenser på den måten vert det som regel sendt med returtransport. Det vil seia at bilane som har avfallet med seg er i Noreg likevel for å levere varer. I staden for at dei kjører tomme tilbake vert dei nytta til returtransport. Hytteavfall Det er til tider kameraovervåking Hyttekonteinarane skal berre nyttast av dei som har hytteabonnement. All anna bruk av konteinarane er misbruk av ei ordning som andre betaler for. 4. Alt avfallet går i samme ovnen til slutt SIM sender alt avfall som er sortert til gjenvinning. Du kan bruka kort som betalingsmiddel ved alle våre miljøsentralar. 5. Det er aldri nokon som vinn i kartong-lotteriet. Jo da, det vert trekt vinnarar ein gong i kvartalet som vert sendt inn til det nasjonale lotteriet. Totalt blir det utdelt 120 premier à kr 10.000,- og 4 premier à kr 100.000. 8 2 6 18 12 5 15 4 3 6 SIM NYTT \\ 2/2018

TIPS TIL JUL Du grøne glitrande gåve, god dag! I beit for gode idear til julegåvehandelen? Her får du nokre tips til miljø- og klimasmarte gåver du kan gi vekk med godt samvit. Gi noko brukt Sjekk kva du har heime, eller søk på finn.no eller Facebook Brukte leiker og klede (Lego og Brio-togbane er to tidlause favorittar) Brukte data- eller brettspel Bøker Vinylplater Gi utleige, reparasjon eller redesign Sjekk til dømes www.leieting.no Ei valfri veke med leige av elbil Ei valfri veke med leige av hytte 3 timar reparasjon, etter mottakars ønske og behov Redesigna møblar eller klede Gi mat og drikke Gode smaksopplevingar er kjekke å gi og få, ikkje minst om dei er heimelaga! Gi delegåver Ei vekes utlån av bilen/båten/bubilen/elsykkelen din To vekers utlån av kajakkar med tilbehøyr, telt og soveposar Ei veke med barnepass To års utlån av 10 m2 lagringsplass i bua di Nokre års utlån av 30 m2 hageareal til grønsaksdyrking Sjølvplukk av 5 kg eple/rips/plommer Utlån av vedkløyvar, inkludert eventuell hjelp Gi eit abonnement Abonnement på matkasse i ei veke Abonnement på magasin eller avis (elektronisk) Abonnement på Netflix, HBO eller andre straumetenester for film og seriar, med forslag til fem seriar du sjølv anbefaler Abonnement på Spotify, YouTube, Tidal eller andre musikkstraumetenester Abonnement på lydbøker Gi ei oppleving Kino Konsert Leige av seglbåt/kajakk/kano ei valfri veke Eitt års medlemskap i næraste kano- eller kajakk-klubb Hobbykurs Dansekurs Ridekurs Timar med personleg trenar Gi ei etisk julegåve Redd Barnas støtte til barn på flukt Kirkens Nødhjelps gåver til lys, reint vatn, geiter mm. Plans gåver med meining Kjelde: Framtiden i våre hender 7

SENDAR: Sunnhordland Interkommunale Miljøverk IKS Svartasmogvegen 219 N-5419 Fitjar OFFENTLEG INFORMASJON Klar for ny julekalender? 01 02 03 OPNINGSTIDER MILJØSENTRALANE * *Påskeaftan, julaftan og nyttårsaftan stengt. Responsen på fjorårskalenderen var så god, at dette har me lyst til å gjera igjen. 1. desember er me difor klare med opning av den aller første luka i julekalenderen for 2018. Vil du vera best mogleg rusta til å svara på spørsmåla, kan du allereie no byrja å pugga SIM-fakta og lesa deg opp på tema rundt avfall. Kva du kan vinna ved å svara rett, blir opplyst når kalenderen startar opp på www.facebook.com/simrenovasjon 07 13 19 04 08 14 20 05 09 15 21 06 AUSTEVOLL, PORSDALEN Måndag og torsdag kl. 10.00-18.00 Perioden 1. april 30. sept.: Annankvar laurdag (oddetalsveker) kl. 09.00-14.00. Perioden 1. okt. 31. mars.: Siste laurdag i månaden kl. 09.00-14.00 BØMLO, HOLLUNDSDALEN Måndag og onsdag kl. 12.00-18.00 Tysdag og torsdag kl. 07.00-15.00 Perioden 1. april 30. sept.: Annankvar laurdag (oddetalsveker) kl. 10.00-14.00. Perioden 1. okt. 31. mars: Siste laurdag i månaden kl. 10.00-14.00 FITJAR, SVARTASMÅGET Måndag kl. 10.00-18.00 Plukkanalyser av avfallet I veke 45 vil SIM gjennomføre plukkanalyser av restavfallet og bioavfallet frå hushaldskundane. Dette for å kunne gje oss ein peikepinn på kva potensiale me har for å sortere ut fleire fraksjonar. Mellom anna vil me ha fokus på kor mykje glas og metall som hamnar i dette avfallet, og kor mykje tekstilar me finn. Analysane vil gå føre seg på vårt omlasteanlegg på Heiane, Stord. Sunnhordland Interkommunale Miljøverk IKS 10 16 22 Svartasmogvegen 219 N-5419 Fitjar Telefon: 53 45 78 50 11 17 23 12 18 24 E-post: sim@sim.as Nettstad: www.sim.as KVINNHERAD, HUSNES INDUSTRIOMRÅDE Måndag og torsdag kl. 12.00-18.00 Tysdag og fredag kl. 08.00-13.00 Perioden 1. april 30. sept.: Annankvar laurdag (partalsveker) kl. 09.00-14.00. Perioden 1. okt. 31. mars: Første laurdag i månaden kl. 09.00-14.00 STORD, HEIANE MILJØSENTRAL Måndag, onsdag og torsdag kl. 10.00-18.00 Tysdag og fredag kl. 07.00-15.00 Laurdag kl. 09.00-14.00 SVEIO, SVEIÅSEN Måndag og torsdag kl. 10.00-18.00 TYSNES, EREDALEN Måndag og torsdag kl. 10.00-18.00 Perioden 1. april 30. sept.: Annankvar laurdag (partalsveker) kl. 09.00-14.00. Perioden 1. okt. 31. mars: Siste laurdag i månaden kl. 09.00-14.00