ÅRSMELDING RADØY SAU OG GEIT 2017
Styret har vore samansett av ; Leiar ; Kåre Hole* Nestleiar ; Øyvind Morken Kasserar ; Edgar Grindheim Skrivar ; Erna Tunsberg Erstad * Styremedlem ; Atle Mariussen * Web ansvarlig for heimesida til Radøy sau og geit ; Gøran Espeland Vara medlemmer ; 1.vara Sissel Borgund Johannessen* 2.vara Birger Vestheim* 3.vara Thore Johnsen* Revisorar ; Kristen Risnes * og Vidar Morken* Valnemd ; 1. Arve Erstad 2. Ivar Soltveit 3. Svein Haugen Dei som er merka med * er på valg på årsmøtet. Bilete innsendt av Kåre Hole
Årsmøtet i Radøy sau og geit vart halde den 02.Februar 2017 kl 20.oo på Smiths møte og selskapslokaler. 1 medlemmer møtte. Kjartan Nyhammer, landbrukssjef i Radøy kommune,var med oss denne kvelden og orienterte oss om forskjellig.referat frå heile møtet og kva han snakka om finn vi på Radøy sau og geit si heimeside under referat i menyen på venstre side. Årsmøtesakene gjekk greit føre seg. Kåre Hole vart vald til møteleiar.han las så opp brev som vi hadde mottatt angåande sak 8 i innkallinga.vi hadde så ein diskusjon angåande organiseringa av kåringssjået på landbruksdagen på Austrheim, (sak 8 ). Der vi avslutta med at vi prøver å få til ein plan og bedre struktur og at fokus på dette hjelper. Innkalling og saksliste vart godkjent.årsmeldinga og rekneskapen vart også godkjent. Kåre Hole las opp handlingsplanen for 2017, denne vart godkjent etter at vi hadde foretatt nokon endringar etter forslag frå forsamlinga. Val av nytt styre vart som vist på forrige side. Lamming 2017. Begge bileta er innsendt av Kåre Hole. Barnehage på besøk i sauefjøs
Bilete innsendt av Edgar Grindheim Det var i år leiaren Kåre Hole og styremedlem Erna Tunsberg Erstad som var utsendingar til årsmøtet i Hordaland Sau og Geit. Det vart halde på Thon Hotel Sandven i Norheimsund fredag 24. og laurdag 25. februar. Desse to var også utsendingar på leiarsamlinga på Comfort Hotel Bergen Airport 27-28 Oktober. Laget har i år hatt 6 medlemmer. Av desse var 14 husstandsmedlemmer og 1 æresmedlem.36 medlemmer opp til 50 sau og 18 over 50 sau. Det har også i år vore ullinnsamling vår og haust. Desse gjekk greit føre seg. Det har i år vore 4 styremøte i Radøy sau og geit. Vi har også hatt 3 møter ilag med Lindås og Meland sau og geit, Austrheim sau og geit og dei andre landbruksorganisasjonane i Austrheim for å planleggje landbruksdagen. Vi har også hatt eit fellesmøte med dei andre saue og geitalslaga i Nordhordlandog Felleskjøpet Dette var den 27. Mars kl 1.30 i Nordhordlandshallen.Her kom veterinær Tore Tollersrud frå Helsetenesten for sau i Animalia. Han har 20 års erfaring med mastitt. Han delte av kunnskapen sin og lærte oss om årsak og førebygging. Jenny Johnsen frå Felleskjøpet snakka om type og mengd kraftfor, vitamin og mineral til sauene i samband med lamming. Det vart i år felt 10 revar på Radøy.Beste revejegar var også i år Bjørn Tore Vaktskjold med 5 revar. Premien frå laget på 1000 kr går derfor til han. Også i år stilte Odd Matre, tradisjonen tru,opp og parterte lam på ungdomsskulen og lærte dei unge meir om sau og sauenæringa. Lammet var sponsa av Nortura.
Laget var i år med på den store landsomfattende grillaksjonen til Nsg. Laurdag 8.juli stilte 6 personar frå Radøy sau og geit opp utanfor rema 1000 på Manger.Dette var ein aksjon som gjekk føre seg i samarbeid med kjøttbransjen på 45 plassar rundt om i heile landet. Aksjonen var eit samarbeid med Nortura og Kjøtt og fjørfebransjens Landsforbund( KLF). Det var litt lite respons frå medlemmane om å vere med på dugnaden og litt problem med organiseringa frå sentralt hold slik at dei sjølv måtte ordne med å skaffe seg reklameeffektar. Det var heldigvis til overs i Knarvik slik at dette ordna seg.tilbakemeldinga på smaksprøvene frå folk som var tilstades var god men det som var beklagelig var at dei ikkje hadde varene i butikken når kundene spurte etter dei. Kåre Hole har tatt opp med sentralt hold at planlegginga og organiseringa av aksjonen har forbedringspotensiale. Bilete innsendt av Egdar Grindheim
Laget var også i år med og arrangere open gard.denne gangen hjå Benedicte og Morten Christensen.Det var den 27. August frå klokka 11-15. Arrangementet gjekk føre seg i godt samarbeid med dei andre landbruksorganisasjonane i kommunen. Her kunne ein sjå kyr og kalvar,kaninar, høns, sauer og geiter. Det var hesteridning, og trøtraktor for ungane. Ein kunne og vere med på kunnskapskonkuranser. Ein fekk kjøpt mat og drikke og det var lotteri på lodd som ein fekk utdelt då ein kom.arrangementet gjekk føre seg i strålande Augustver og var med på å skape ei flott ramme rundt det heile.
Laget skipa til fjøsmøte i fjøset hjå torsdag 28.0 kl 1.00. 14 medlemmer møtte utanom gårdens eigne folk.kristen Risnes tok for seg tema: Utplukk av livlam saulam/værlam.det var for det meste eit praktisk møte, med eit lite innslag av enkel teori, og korleis me kan nytta tilgjengelige hjelpemidler i avlen. Risnes elektro spanderte all bevertning på møtet.det var eit lærerikt og triveleg møte.
Laget har også i år samarbeida med dei andre laga i Nordhordland om å arrangere kåringssjå på Austrheim. Kåringssjået gjekk også i år føre seg på landbruksdagen på Austrheim utanfor Austrheim hallen.det var den 7. Oktober. Med mange flotte lam fordelt på mange ulike rasar og med minst like mange besøkande i år som ifjor er kåringssjået fortsatt eit av dei største i landet. Det trengst mange folk for å ro eit slikt arrangement i land og krever mykje dugnad. I år bestemte ein seg for å gamble på godt ver og la vere å sette opp telt over kåringslamma og utstillarane. Dette resulterte i mykje mindre arbeid og også mindre utgifter. Veret heldt seg tålig bra heldigvis. Frå Radøy vart det stilt 8 lam og 72 vart kåra frå til saman 16 besetningar. 2 sjeviotlam,41 Nks,14 spæl og 2 blæsa lam og 3 gammalnorsk spæl. Bilete innsendt av ( dei tre siste) og Erna Tunsberg Erstad. Stemning på kåringsdagen. Resultatet frå premieutdelinga til Radøy sau og geit etter kåringssjået står på siste sida.
Den årlege julemiddagen var på Smith`s møte og selskapslokaler Mandag 04.12.2017. kl 1.30. Vi var totalt 24 stk samla denne kvelden. Me var så heldige at me fekk med oss Ole Andreas Våge frå Sveio Smale samdrift på møtet, han hadde ein lysbildeserie kalla «På saue tur i England» som han viste oss. Dei har besøkt fleire forskjellige stader i Storbrittannia og alltid vorte svært godt tatt imot.han fortalde særs levande om turane dei hade vore med på og det var interresant å høyre på.han fortalde også frå driftsopplegget sitt heime og om små og store utfordringar som dei hadde møtt dette året med vanskelege forhold i innhaustinga. Deretter spiste vi ein velsmakande julemiddag alle saman og så vart kvelden avslutta med utdeling av gåvepremiane etter kåringssjået
Gåvepremiar NKS høgast poengsum 201750552 Atle Mariussen 163p Fat saualslaget 201750676 Kåre Hole 160p Pokal fk 201750625 Roald Myksvoll 15p Ring 154 201750681 Jan Gunnar Vaktskjold 158p Fiskå mølle 201750563 Erna Erstad 157p Eik senteret Dommarpoeng ( stk med 26p) 201750683 27 Real Maskin 201750685 27 A K maskin 201750560 Atle Mariussen 26 Solberg mek 201750558 Atle Mariussen 26 Os id Beste ull 10 stk med 201750684 Radøykommune 201750683 Real maskin + solberg 201750686 Solberg mek 201750554 Atle Mariussen YX bilvask Brukseigenskap 5 stk med 201750686 Nortura Beste bein 16 med 201750558 Atle Mariussen Powerbank Nessemaskin Sjeviot Høgast poengsum 201750637 168p Fat saualslaget 201750638 168p Pokal fk 201750636 166p Ring 141 dommarpoeng 201750644 36 Gårdbrukersevice 1000kr 201750647 35 Ryggsekk spv 201750640 35 Stevnebø 20175066 Tim M Vågstøl 35 Os id 201750668 Tim M Vågstøl 35 nortura 201750670 Tim M Vågstøl 35 Beste ull 11 med 201750637 201750643 10 Knarvik dyreklinikk Solberg mek Brukseigenskap 5 med 201750640 Nortura Beste bein 5 med 201750668 Tim M Vågstøl Nessemaskin di
Spæl Høgast poengsum ( 2 med 144 p, den med høgast ind er best) 201750602 Sissel Borgund 144p Fat saualslaget 201750618 144 Pokal fk 201750621 143 Ring 156 201750620 143 Eiksenteret Dommarpoeng 201750618 26 Storebø bil og traktor 201750616 25 Veske spv 201750601 Sissel Borgund 25 Solberg mek 20175061 24 Os id 201750617 24 nortura 201650614 24 Brukseigenskap 12 med 8 201750621 8 Nortura Beste bein 3 med 20175061 nessemaskin Ull 3 med 201750616 Veland Transport 201750618 Solberg Mek