NYE VOLDA KOMMUNE MØTEPROTOKOLL Utval: Fellesnemnd for nye Volda kommune Møtestad: Gymsal, Austefjord skule Dato: 06.12.2018 Tid: 15:00 Faste medlemer som møtte: Namn Funksjon Representerer Stig Olav Lødemel Leiar H Jørgen Amdam Nestleiar AP Sølvi Dimmen Medlem SP Odd Harald Sundal Medlem SP Margrete Bjerkvik Medlem KRF Randi Langlo Medlem AP Eldar Engelund Medlem SP Bente Tryggestad Medlem SP Brynhild Lund Notøy Medlem V Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Odd Arne Folkestad MEDL FRP Varamedlemer som møtte: Namn Møtte for Representerer Dan Helge Bjørneset Odd Arne Folkestad H Frå administrasjonen møtte: Namn Rune Sjurgard Ann Kristin Langeland Kari Mette Sundgot Svein Berg-Rusten Astrid Dimmen Stilling Prosjektleiar nye Volda/Rådmann Volda Rådmann Hornindal Økonomisjef nye Volda Kommunalsjef helse og omsorg nye Volda Leiar, Heimetenestene i Volda
SAKLISTE Saksnr. PS 52/18 PS 53/18 Sak Godkjenning av innkalling og sakliste Godkjenning av møteprotokoll frå forrige møte PS 54/18 Møteplan for fellesnemnda i 2019 PS 55/18 PS 56/18 Budsjett 2019 - Prosjektmidlar Nye Volda Prosjekt velferdsteknologi PS 57/18 Skyggebudsjett Nye Volda 2019-2022 PS 58/18 PS 59/18 PS 60/18 PS 61/18 OS 52/18 OS 53/18 OS 54/18 OS 55/18 OS 56/18 OS 57/18 Uttale til Volda formannskap si innstilling til økonomiplan 2019-2022/budsjett 2019 for Volda kommune Uttale til Hornindal formannskap si innstilling til økonomiplan 2019-2022/ budsjett 2019 Samarbeid brannvern Søre Sunnmøre Utgreiing Orienteringssaker Prosjektskisse for utgreiingsbehov i samband med grensejustering av Bjørke og Viddal Kollektivløysingar på Søre Sunnmøre - prosjekt. Høyring om justering av politidistriktets indre organisering Orientering om status for oppseiing av avtaler Ordførarkjede for nye Volda kommune Grafisk profil - trinn 1: Profilskildring
PS 52/18 Godkjenning av innkalling og sakliste Innkalling: Ingen merknadar. Sakliste: Ingen merknadar. Innkalling og sakliste samrøystes godkjent. PS 53/18 Godkjenning av møteprotokoll frå forrige møte Brynhild Lund Notøy med merknad til sak PS 47/18 om at Venstre har falt ut av oppsettet til valstyret for nye Volda. Administrasjonen vil korrigere dette i protokollen. Protokoll frå sist møte samrøystes godkjent med den merknaden som ligg føre. PS 54/18 Møteplan for fellesnemnda i 2019 Fellesnemnda sluttar seg til framlegget til møteplan slik det går fram av saksutgreiinga. Margrete Bjerkvik og Brynhild Lund Notøy med innspel om at Fellesnemnda kan vere innom både Lid og Mork i staden for berre éi av grendene. Leiar i Fellesnemnda, Stig Olav Lødemel, kom med eit innspel om å byte om møtedato for Ulvestad og Folkestad etter eit innmeldt ønskje frå Odd A. Folkestad i forkant av møtet. Administrasjonen si tilråding med endringar frå Bjerkvik, Notøy og Lødemel vart samrøystes vedteken. Fellesnemnda sluttar seg til følgjande møteplan for 2019: Dato Stad Førebels tidspunkt Torsdag 10. januar 2019 Ulvestad 15:00 Torsdag 7. februar 2019 Folkestad 15:00 Torsdag 7. mars 2019 Lid (Fellesnemnd) Mork (Folkemøte) 15:00
Torsdag 4. april 2019 Grodås 14:00 Torsdag 9. mai 2019 Volda 14:00 Tysdag 18. juni 2019 Grodås 14:00 Torsdag 5. september 2019 Volda 14:00 PS 55/18 Budsjett 2019 - Prosjektmidlar Nye Volda Fellesnemnda godkjenner budsjett 2019 slik det ligg føre i saksframlegget. Eldar Engelund med eit innspel om det vil verte gitt midlar til partistøtte/folkevaldopplæring i den nye kommunen. Fellesnemnda var samde i at dette kunne vere nyttig. Jørgen Amdam med framlegg om leggje til eit punkt i vedtaket om å setje av 100.000,- i budsjettet til folkevaldopplæring. Dan Helge Bjørneset kom også med innspel om at ein ved årsskiftet 2019/2020 bør markere samanslåinga med ei stor hending. Odd Harald Sundal, som er leiar for Temakomiteen for Kulturbygging, kom med forslag om at kostnadar til ei slik hending kan gå inn i budsjettet til kulturbyggingskomiteen. Administrasjonen si tilråding med tilleggspunkt frå Jørgen Amdam vart samrøystes vedteken. Fellesnemnda godkjenner budsjett 2019 slik det ligg føre i saksframlegget med følgjande tilleggspunkt: «Det vert lagt inn kr 100.000,- i budsjettet til folkevaldopplæring.» PS 56/18 Prosjekt velferdsteknologi 1. Fellesnemnda godkjenner prosjektplanen for innføring av velferdsteknologi i nye Volda. 2. Fellesnemnda går inn for oppretting av prosjektleiarstilling i 80% stilling i perioden 01.01.2019 til 31.12.2020.
Komande kommunalsjef for sektor Helse og Omsorg Svein Berg-Rusten møtte for å orientere om prosjektet og svare på spørsmål frå Fellesnemnda. Administrasjonen si tilråding vart samrøystes vedteken. 1. Fellesnemnda godkjenner prosjektplanen for innføring av velferdsteknologi i nye Volda. 2. Fellesnemnda går inn for oppretting av prosjektleiarstilling i 80% stilling i perioden 01.01.2019 til 31.12.2020. PS 57/18 Skyggebudsjett Nye Volda 2019-2022 Fellesnemnda vedtek å ta Nye Volda sitt skyggesbudsjett for 2019-2022 til vitende. Prosjektleiar Rune Sjurgard og økonomisjef Kari Mette Sundgot orienterte om skyggebudsjettet og svarte på spørsmål frå Fellesnemnda. Fellesnemnda tek Nye Volda sitt skyggesbudsjett for 2019-2022 til vitende. PS 58/18 Uttale til Volda formannskap si innstilling til økonomiplan 2019-2022/budsjett 2019 for Volda kommune Fellesnemnda tek formannskapet si innstilling til økonomiplan 2019-2022/budsjett 2019 for Volda kommune til vitande. Fellesnemnda tek formannskapet si innstilling til økonomiplan 2019-2022/budsjett 2019 for Volda kommune til vitande.
PS 59/18 Uttale til Hornindal formannskap si innstilling til økonomiplan 2019-2022/ budsjett 2019 Fellesnemnda tek formannskapet si innstilling til økonomiplan 2019-2022/budsjett 2019 til vitande Fellesnemnda tek formannskapet si innstilling til økonomiplan 2019-2022/budsjett 2019 til vitande PS 60/18 Samarbeid brannvern Søre Sunnmøre - Utgreiing Fellesnemnda syner til saksutgreiinga under og er i utgangspunktet positive til meir samarbeid mellom kommunane på Søre Sunnmøre. Likevel må kommunen avvente ei evt. deltaking i det omtalte samarbeidet til ein har kome lenger i prosessen med Nye Volda. Volda kommune ber om observatørstatus i samband med utgreiingsarbeidet. Prosjektleiar Rune Sjurgard orienterte om bakgrunnen for saka, og viste til vedtak i Ulstein kommunestyre den 29.11.2018 der Ulstein kommunestyre er positive til å utgreie eit formalisering brannvernsamarbeid mellom kommunane Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Vanylven, Volda og Ørsta. Administrasjonen si tilråding vart samrøystes vedteken. Fellesnemnda syner til saksutgreiinga under og er i utgangspunktet positive til meir samarbeid mellom kommunane på Søre Sunnmøre. Likevel må kommunen avvente ei evt. deltaking i det omtalte samarbeidet til ein har kome lenger i prosessen med Nye Volda. Volda kommune ber om observatørstatus i samband med utgreiingsarbeidet PS 61/18 Orienteringssaker
OS 52/18 Prosjektskisse for utgreiingsbehov i samband med grensejustering av Bjørke og Viddal OS 53/18 Kollektivløysingar på Søre Sunnmøre - prosjekt. Fellesnemnda tykte det var positivt at temaet om kollektivløysingane vert sett på dagsordenen, og at det er stort behov for eit godt kollektivtilbod i den nye kommunen og i regionen generelt. OS 54/18 Høyring om justering av politidistriktets indre organisering OS 55/18 Orientering om status for oppseiing av avtaler Dokument vart delt ut i møtet: «Status samarbeidsavtalar». Ann Kristin Langeland orienterte om arbeidet med å seie opp interkommunale avtalar som Hornindal kommune er ein del av i dag. Desse oppseiingane vil gjelde frå 01.01.2020. Langeland orienterte om at følgjande avtalar vil verte oppsagde fortløpande: Nordfjordrådet, NoMil, Nordfjord IUA, Kommunerevisjonen Nordfjord og SEKOM, Nordfjordnett (men ein ønskjer å behalde eigarskapen i Nordfjordfiberen), Alarmsentralen i Sogn og Fjordane, Krisesenteret i Sogn og Fjordane, Overgrepsmottaket i Sogn og Fjordane, SMISO, Legevakt/legevaktformidling, KAD, Kreftkoordinator, Ambulant team, Førebyggjande brannvern. I tillegg er det tilrådd av Langeland å halde fram medlemskap i LVK (Landssamanslutninga av vasskraftkommunar) som nye Volda tek over, og at ein beheld medlemskapen i Visit Nordjord der nye Volda overtek aksjane som Hornindal eig i dag. OS 56/18 Ordførarkjede for nye Volda kommune Skisse av det endelege ordførarkjedet vart delt ut til Fellesnemnda som orientering. Utforminga skal opp til politisk handsaming på første møte i 2019. OS 57/18 Grafisk profil - trinn 1: Profilskildring Fellesnemnda slutta seg til notatet som vart utarbeidd i samarbeid mellom administrasjonen og Grafia reklamebyrå, med nokre tilleggspunkt.
Reklamebyrået vert no sett i gang med arbeidet, og ein tek sikte på det vert lagt fram 2-3 konseptforslag til ny grafisk profil på møtet den 10. januar 2019. Møtet slutt kl. 17.38 Rett utskrift, Volda kommune Samfunn og rådgjeving 07.12.2018 Joakim Rødven Sekretær