Eidfjord sokneråd Eidfjord sokneråd 2017 Sigrid Bu (leiar) Hans Hellevang (nestleiar) Solveig Liseth Vik Liv Bente S Rokne Marte Seip Kjellaug Enge Tor Bu (vara m fast oppmøte) Bjørn Tore Sæle (geistleg repr) Kari T Hovland (kommunen sin repr ) 1
Det er halde 6 møte, handsama 9 soknerådssaker og 17 fellesrådsaker. I tillegg til å legge føringar for arbeidet i kyrkja stiller soknerådet opp som kyrkjevertar og gjer også ein del andre praktiske oppgåver. Td ansvar for kyrkjekaffi på minnegudstenesta og årsmøte. Soknerådet var også med når me arrangerte påskefrukost før gudstensta 1. påskedag. Tilsette i kyrkja Bjørn Tore Sæle, sokneprest (statleg tilsett) Irene Viveli, kyrkjeverje Christian Bouvain, kyrkjetenar/kyrkjegardsarbeidar Elise Sæle, Barne og ungdomsarbeidar, diakoniarbeidar og klokkar Kris Ulita, organist Tone Felle Nesheim, kontorsekretær ARBEID GJENNOM ÅRET Arbeidsdagane i kyrkja er prega av eit triveleg arbeidsmiljø. Tilsette jobbar godt saman som eit lag og alle tar i eit tak der det trengs. Denne fleksibiliteten gjer at sjølv om staben er liten er den likevel rimeleg robust. Me drar også stor nytte av eit godt samarbeid med Eidfjord kommune. Me ønskjer å vere ein bidragsytar i lokalsamfunnet. Gjennom ei vanleg veke er det mange aktivitetar i kyrkja. Barne og ungdomsarbeid kort oppsummering Barne- og ungdomsarbeidet er eit prioritert område for soknerådet og me gler oss over stabil og god 2
aktivitet. Me har i dag tilbod til alle døypte mellom 0-16 år. Det starter med dåpssamtale mellom prest og foreldre. I dine første leveår kan du ta med mor eller far på småbarnskafe ein gong i veka. Så er det 4 års samling og utdeling av barnebibel. No er du snart stor nok til å gå på Bibelknøttar annakvar veke. Etter dette kan du begynne i Vetlaskredo som øver kvar torsdag. Så kan du følge på med Tårnagent eller Lys våken der du får overnatte i kyrkja. Endeleg er du 11 år og er minikonfimant. Då er det faste samlinger gjennom hausten og våren, og sjølvsagt leir. Så inviterer me til Naturkul, også der med leir. Tre årskull er saman om dette. Året etter er du konfirmant, då er det samlingar og konfirmantleir. Når du går i 10 klasse kan du begynne på leiarkurs. Da får du praksis i barneog ungdomsarbeidet i kyrkja og blir ein flott rollemodell for dei yngre. Fleire kjem tilbake og er med som leiarar også etter at dei har begynt på vidaregåande. Dette set me stor pris på. Å vere med som leiar kan vere eit fint møtepunkt for eldre ungdom i Eidfjord. TRUSOPPLÆRINGS PROSJEKT Naturkul 6. 7 og 8. klasse Består av Naturkul (rullerer mellom Pilegrim, Natur og Talent) og av leiarkurs for fjorårskonfirmantar. Finansierast av eit fast tilskot fra staten, offer og andre gåver. Det er også nødvendig å bruke av fond for å dekke opp alle kostnadene. Konfirmantar 2017 Leiarkurks for 10 klasse Gjennom leiarkurset er det til no utdanna 67 unge leiarar, inkl dei som går på årets kurs. Dei unge leiarane ein stor ressurs inn i det andre barneog ungdomsarbeidet i kyrkja. Skiglede på konfirmantleiren 3
Samarbeid skule/barnehage Gudstenester Det er halde 33 gudstenester gjennom året, av desse var 26 forordna. Til påske og jul har det vore barnehagegudstenester/teatergudstenester med Trude Brekke og Bjørn Tore som skodespelarar og dokkeførarar. Dei vidareutviklar skodespela litt for kvar gong. Andre i staben er og med og bidreg til at det vert ei fin førestelling. Teatergudstenestene har blitt ein fin tradisjon som små og store gler seg til kvar gong. Stadig fleire vaksne kjem også på teatergudstenesta, det synes me er kjekt. Dei siste åra har me også fått besøk frå barnehagen i Kinsarvik. Toneskredo har stilt med forsongarar på enkelte gudstenester. Born og unge høyrer til i kyrkja og er ein sjølvsagt del av den. Dei får Bjørn Tore har faste andakter og viktige oppgåver i gudstenester og i nattverdgudstenester på arbeidet elles. Fleire av tiltaka retta Bygdaheimen. Kris har faste mot born og unge blir også styrt mot songstunder. Tilsaman er det 22 ei avsluttande gudsteneste der samlingar gjennom året. Marte Seip deltakarane er involvert i førebuing og Reidar Gjøtterud har også og gjennomføring. bidrege her. Frå årsstatistikken: 2017 2016 Døypte 12 11 Konfirmerte 4 6 Vigslar 4 par 4 par Avlidne 13 13 Stemningsfull stall under klokketårnet 4
Diakoni Diakoni ligg i bunnen av alt arbeidet kyrkja driv. Elise sitt diakoniarbeid har ein del til felles med barne- og ungdomsarbeidet. Småbarnstreff er eit døme på dette. Det vert og nokre besøk til eldre. Etter gudstenestene er det enkel kyrkjekaffi. Elise har ansvar for dette saman med kyrkjevert. Både konfirmantar og vaksne hjelparar er med på fasteaksjonen. I 2017 vart det samla inn kr 26 714,- til Kirkens Nødhjelp. Misjon Eidfjord sokneråd har samarbeid med Himalpartner og har støtta prosjektet «Kraftverk og samfunn». Soknerådet bidrog i 2017 med kr 3 711,- gjennom innsamla offer og gåver. Marte Seip er soknerådet sin misjonskontakt. Nye tiltak i 2017 Arbeidet med ny hellegang framfor inngangen til kyrkja er i full gang. Det er Anders Auganes som gjer jobben. Det er lagt varmekablar, og heile prosjektet skal vere ferdig innan konfirmasjonen i mai. Salmekvelden 5 mars 2017 vart ein suksess. Fleire hadde sendt inn salmeønske, og kyrkja var bortimot fullsett på dette som vart ei blanding av allsong og konsert. Mange fine tilbakemeldingar har me fått. 5
ØKONOMI Rekneskap for teneste 0440 og 0441 ligg som vedlegg til årsmeldinga. Soknerådet har pr 31-12-2017 desse fonda: Fond: Gåve frå Guro Lægreid -213 563 Fond: Gåve frå Måbø -123 622 Fond: Barne- og ungdomsarbeid -208 184 Fond: Offer til kyrkjelydsarbeidet -17 942 Fond: Småbarnskafe -1 780 Fond: Rekneskapsmessig overskot -834511 Fond: Trusopplæringsprosjekt -10 054 Fond: Bibelknøttane -6 905 Fond: Hellegang rundt kyrkja -60 000 Fond: Diakoniarbeid -25 000 Rekneskapsmessig overskot 2017-139 763 (Merka med blått er øyremerka til kyrkjelydsarbeidet) Innsamla midlar Det er totalt kome inn kr 120 599,- frå offer, fasteaksjon, loddsal og gåver. Av dette er kr 58 760,- innsamla til andre og kr 61 799,- innsamla til bruk i vårt eige arbeid. Inntekter frå gåver og gjevarteneste har vore stabil siste tre åra. Ca 50 % av desse inntektene kjem frå ordninga med fast gjevarteneste. Giro i Kyrkjeglytten har gjeve gledeleg respons, mange har engasjert seg og sett inn eit beløp. Gåver gjev oss stabilitet og handlingsrom i barne- og ungdomsarbeidet. I tillegg gjev det ei motiverande tilbakemelding på at det blir sett pris på arbeidet som blir gjort. 80000 60000 40000 20000 0 2014 2015 2016 2017 Innsamla til andre Offer til eiga verksemd Gjevarteneste gåver Innsamla midlar siste 4 år. 6
Trusopplæringsprosjektet - finansiering Naturkulprosjektet og leiarkurset var i utgangspunktet finansiert av statlege midlar. Tilskotet blei kraftig redusert i 2013. Gåver og offer har erstatta deler av reduksjonen. Det er i 2016 brukt kr 6 179 frå fond for å dekke opp resten. I budsjettet var bruk av fond sett opp med kr 25 000. Som det kjem fram av rekneskapstala under utgjer gåver no ein relativt stor andel av finansieringa. Rekneskap trusopplæringsprosjekt 2017 Tilskot fra Bjørgvin 94 176 Gåver og offer 61 799 Renteinntekter 0 Bruk av fond 0 Eigenbetaling 3 000 Storslått gåve frå lokal kunstnar Seinhaustes 2017 var me heldige og fekk eit måleri i gåve frå ein lokal kunstnar. Meininga var at me skulle lodde ut måleriet for så å få pengar til barne og ungdomsarbeidet. Me så gjorde, og resultatet av utloddinga vart kr. 15.300,- som sjølvsagt går uavkorta til arbeidet med born og unge. Heldig vinnar av det flotte Kjeåsenmaleriet vart Svanhild Misje. Me gratulerer! 7
Arbeid vidare Me har mange aktivitetar for born og unge, med stabil og høg oppslutnad. Dette er ein draumesituasjon, men det er samstundes tidkrevjande. Me ønskjer å utvikle oss vidare, men det er viktig å vere obs på at nye tiltak fort kan bli på bekostning av eksisterande og velfungerande tiltak dersom ikkje nye ressursar kjem til. Å satse på barne- og ungdomsarbeid er eit bevisst valg. Me ser at tilbod til vaksne og eldre får mindre fokus når ressursane i så stor grad blir retta mot barne- og ungdomsarbeid. Informasjon frå kyrkja Det er viktig for oss å vere synlege. Kyrkjeglytten kjem ut ein gong i året, der kan ein lesa om aktuelt som skjer i kyrkja i Eidfjord. I tillegg har me Helg i Hardanger som kjem ut fleire gongar i året, også her er det aktuelt kyrkjestoff. Elles finn ein info frå kyrkja på våre nettsider og facebookside. Frivillig innsats Mange frivillige bidrar på ulike måtar i arbeidet i kyrkja, dette set me stor pris på. Sokneråd og stab ønskjer å rette ei hjarteleg takk til dei frivillige for deira innsats. Me vil også takke for engasjementet folk har vist med å gi gåver til kyrkjelydsarbeidet. Begge deler betyr mykje for at me kan drive arbeidet vårt på ein god måte. Eidfjord 26-02-2018 Sigrid Bu Leiar Irene Viveli Kyrkjeverja/dagleg leiar Glimt fra konfirmantleir 8