Miljørapport 2013. Prosjekt Innføring av miljøleiing i Helse Møre og Romsdal HF



Like dokumenter
STYRESAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Odd Andrew Storetvedt / Kristin Blehr Patterson SAKA GJELD: STYREMØTE: FORSLAG TIL VEDTAK

STYRESAK: GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Bergen HF

Miljørapport - Herøy vidaregåande skule, avd. Vanylven

Miljørapport - Volda vidaregåande skule

Miljørapport - Borgund vidaregåande skole

Styresak. Kristin Blehr Patterson/Trond Søreide Miljøstyringssystemet i føretaket. Arkivsak Styresak 70/14 A Styremøte

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Volda vidaregåande skule

Miljørapport - Volda vidaregåande skule

Styremøte i Helse Finnmark HF Dato. 1. desember Møtedato: 8. desember Saksbehandlar: HMS-rådgjevar Andreas Ertesvåg.

Miljørapport - Møre og Romsdal Fylkeskommune - sentraladministr.

1. Krav til ventetider for avvikla (behandla) pasientar skal i styringsdokumenta for 2015 vere:

Miljøfyrtårnrapportering 2015

Rapport med mål om læring og forbedring

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

ÅRIM potensial for auke av mengdene avfall til materialgjenvinning og gjenbruk fram mot 2020

Årsrapport Miljøleiingssystemet i Klif

Miljørapport - Haram vidaregåande skule

Miljøfyrtårnrapportering 2016

Miljøfyrtårnrapportering 2016

Føretaket vil stille personell til å delta i arbeidet, og vil ta felles mål inn i lokale planar og rapporteringssystem for oppfølging.

Prosedyre skal følgast og kan ikkje fråvikast utan avviksmelding Nivå: 1. Side : 1 Av : 5. Beskrivelse av miljøstyringsystemet

Miljøarbeidet i Sykehuset Innlandet 2017

Arbeidsprogram for energi-, miljø- og klimaplan. Framlegg til arbeidsprogram

Årlig klima- og miljørapport for 2018

Borgund vidaregåande skole

Miljøfyrtårnrapportering 2015

Borgund vidaregåande skole

Miljørapport - KLP Banken AS

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Gina Beate Holsen SAKA GJELD: HMS strategi i Helse Vest

Miljørapport - Surnadal vidaregåande skole

Norsk Bremuseum sine klimanøtter

Miljørapport for 2010 skal være levert til stiftinga Miljøfyrtårn innan 1. april 2011.

Miljøoppdrag gitt til spesialististhelsetenesta. Viseadm. dir. Helge Bryne, Helse Vest RHF

DATO: SAKSHANDSAMAR: Arve Varden/Tom Guldhav SAKA GJELD: Plan for prehospitale tenester - arbeid med mandat for fase 2

Miljørapport - Haram vidaregåande skule

Miljørapport - KLP Banken AS

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik

DATO: SAKSHANDSAMAR: Vidar Vie SAKA GJELD: Risikostyring - styringsmål 2018 for Helse Førde HF

Miljørapport - Ørsta vidaregåande skule

System for miljøansvar ved anskaffingar i Hordaland fylkeskommune

Miljørapport - Møre og Romsdal Fylkeskommune - sentraladministr.

Korleis kan du i din jobb utvikle deg til å bli ein tydleg medspelar?

om meldte uønskte samhandlingshendingar mellom kommunane i Møre og Romsdal og Helse Møre og Romsdal HF med mål om læring og forbetring

MILJØRAPPORTERING 2015

Arbeidsbok (mal for eigenprodusert HMS-dokumentasjon)

Styresak. Administrerande direktør Hege Fjell Urdahl Berit Berntsen/Anne. M. Reksten Status avvik Helse Miljø og tryggleik (HMT) og sjukefråvær

Miljørapport - Surnadal vidaregåande skole

Miljørapport. miljøsertifisert etter ISO standarden innen 2013.

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2016

Søre Sunnmøre kompetanseregion

Program for pasienttryggleik halvårsrapport

Miljørapport - Surnadal vidaregåande skole

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Kommentar frå Naturvernforbundet vedrørande blåsesand i Ulsteinvik

Stephen Oommen Tlf Saksnr Utval Møtedato Miljøutvalet Fylkesutvalet

STYRESAK: GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Bergen HF

Årlig klima- og miljørapport for 2016

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

Det er mange andre faktorar som har også kan ha innverknad på utviklinga i avfallsmengde.

FORSLAG TIL INSTRUKS FOR ADMINISTRERANDE DIREKTØR I HELSEFØRETAK

Miljørapport Hordaland fylkeskommune. AUD- rapport nr Mai 2009

Miljørapport - Søre Sunnmøre tannhelsedistrikt

Styresak. Forslag til vedtak: Føretak: Dato: Sakshandsamar: Saka gjeld:

Statusrapport Oktober 2015

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Lønnsundersøkinga for 2014

Rapportering av miljøindikatorer i SFT 2007

Miljørapport - Rauma videregående skole

Miljørapport - Surnadal vidaregåande skole

Herøy vidaregåande skule, avd. Herøy

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2015

Årlig klima- og miljørapport for 2016

STRATEGISK PLAN SØRE SUNNMØRE REINHALDSVERK IKS (SSR) ( )

Avfallshandtering - korleis bidra til eit betre miljø?

Den nye seksjon for applikasjonar

Miljøledelse og miljømål i Helse Nord RHF

Det andre jeg skal si noe om

FRAMLEGG Oppstart av planarbeid og forslag til planprogram. Angelica Talley Avdelingsingeniør PLAN FOR KLIMA OG ENERGI I GISKE KOMMUNE

Tilgangskontroll i arbeidslivet

La meg få ein sjanse til...

FOR TENESTEREISER FOR MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE

MØTEBOK. Saksbehandlar: Ingrid Karin Kaalaas Arkiv: 255 Arkivsaksnr.: 10/311

Miljørapport - Fannefjord videregående skole

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2017

Ledelse over fjord og fjell

Styresak. Forslag til vedtak: Styret tar rapporteringa til orientering. Dato: Frå: Sakshandsamar: Saka gjeld:

Skjema for HMS-GJENNOMGANG I BALESTRAND KOMMUNE Godkjent av: Arbeidsmiljøutvalet i møte XXXXX, sak XXXX. UTKAST AV

INSTRUKS FOR ADMINISTRERANDE DIREKTØR I HELSE VEST RHF

Notat/ status til prosjekteigar frå administrativ arbeidsgruppe Strategi og styring

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 45/10 08/189 ENERGI- OG KLIMAPLAN FOR BALESTRAND KOMMUNE, HØYRINGSUTKAST

Miljørapport - KLP - Hovedkontor i Oslo

SAKSFRAMLEGG. Tiltak 1 side 12 Fjerne til privat bruk. Tiltaket får då fylgjande ordlyd: Ikkje subsidiera straum.

Styresak. Helga Stautland Onarheim Tilsetteskader og HMS-hendingar. Årsrapport Styresak 14/14 O Styremøte

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Stranda vidaregåande skole

Svangerskaps-, fødsels- og barselomsorgstenester

Klimagassutslepp i Time kommune. Status og grunnlag for evaluering av tiltak i. KDP Energi og klima

Transkript:

Miljørapport 2013 Prosjekt Innføring av miljøleiing i Helse Møre og Romsdal HF 1

2

Innhaldsliste 1 Innleiing... 4 2 Visjon, strategi for verksemda og verdigrunnlag... 4 3 Miljøpolitikk og overordna miljømålsetting... 4 3.1 Vår overordna miljøpolitikk fokuserer på... 5 4 Organisering av miljøarbeidet... 5 5 Mål og delmål basert på vesentlege miljøaspekt for perioden 2013-2015... 5 5.1 Oversikt over målsetting og delmålsetting basert på vesentlege miljøaspekt i Helse Møre og Romsdal HF... 6 6 Miljøindikatorer for perioden 2013-2015... 7 7 Resultatmåling... 8 7.1 Forklaring til statusrapport... 8 7.2 Statusrapport... 8 8 Områder for kartlegging... 10 8.1 Transportkartlegging av tilsette... 10 8.2 Kartlegging av ansattetransport og møteformer... 13 8.3 Kartlegging av pasienttransport... 14 8.4 Kartlegging av energiforbruk... 16 8.5 Kartlegging av CO 2 utslepp... 20 8.6 Kartlegging av avfallsmengder... 20 9 Samandrag for 2013... 22 10 Tiltaksplan 2014/2015... 22 10.1 Døme på tiltaksplan... 22 Foto: Kristin Støylen Grønt sjukehus 3

1 Innleiing Helse Møre og Romsdal HF ønskjer å redusere miljøbelastinga og rapportere om miljøpresentasjonen vår i samband med ISO 14001, «Grøn stat» (avfall, transport, innkjøp) i tillegg til krava i reknskapslova og lov om miljøinformasjon. Miljøindikatorane våre er eit utval data (nøkkeltal) som skal gi rett informasjon om føretaket sitt mål om kontinuerleg forbetring, og om korleis vi følgjer opp den årlege miljøpresentasjonen. Dette gjer vi for å kunne vurdere kor gode eller dårlege vi er på dei viktigaste miljøområda, og korleis vi arbeider for å få til ei kontinuerleg forbetring. Ved å ha faste miljøindikatorar kan vi kvantifisere resultata og syte for ei vedvarande rapportering på same grunnlaget år for år.i tillegg får vi eit samanlikningsgrunnlag med og for andre helseføretak. Miljøindikatorane er grunnlaget for den årlege miljørapporten. Dei synleggjer også framdrifta, og i kva grad vi når måla til Helse Møre og Romsdal HF sine vesentlege miljøaspekt. Miljørapporten skal såleis dokumentere at Helse Møre og Romsdal HF arbeider systematisk for i størst mogleg grad å redusere alle former for negativ belasting på det ytre miljøet. 2 Visjon, strategi for verksemda og verdigrunnlag Visjonen til Helse Møre og Romsdal HF er «På lag med deg for helsa di» og verdiane «tryggleik, kvalitet og respekt». Dette legg føringar for utviklinga av pasienttilbodet innan spesialisthelsetenesta i regionen. Visjonen, verdigrunnlaget og måla er felles for heile føretaket. Helse Møre og Romsdal HF legg vekt på at tenestene skal vere moderne, kunnskapsbaserte og trygge. For å nå det målet arbeider vi kontinuerleg for å bli betre, for å involvere pasientane, dei tilsette og fagpersonellet til å samarbeide og samhandle både internt og eksternt. Miljøpolitikken vår skal byggje opp under verdigrunnlaget vårt. 3 Miljøpolitikk og overordna miljømål Helse Møre og Romsdal HF skal alltid ha fokus på miljø og klima. Gjennom stadige forbetringar skal vi førebyggje og redusere miljøskadane som verksemda vår kan føre med seg. For å lukkast med det skal vi med opplæring og informasjon auke miljømedvitet på alle nivå i føretaket. Miljøsatsinga skal vere ein integrert del av kvalitetsarbeidet og av det lovpålagde arbeidet med helse, miljø og tryggleik (HMT). Arbeidet skal vere underlagt same system for dokumentasjon, revisjonar og avvikshandtering, og vi skal heile tida arbeide med forbetringar og justeringar. Vi skal når som helst kunne dokumentere at vi tek vare på miljøet, klimaet, matvaretryggleiken og andre etiske verdiar. Vi skal alltid oppfylle krava frå styresmaktene. Vi skal kontinuerleg betre vår eigen miljøkompetanse og samstundes medverke til at kundane og leverandørane våre er med på å sikre ei berekraftig utvikling. I fellesskap skal vi arbeide for å redusere miljøskadar. 4

3.1 Overordna miljøpolitikk fokusområde: Kontinuerleg arbeid med å forbetre system og rutinar for miljøansvar Oppfylle alle lover og forskriftskrav som gjeld ytre miljø Leverandørane vår skal ta miljøansvar og oppfylle miljøstandardar Forureining er ressursar på avvegar og skal førebyggjast Akutte hendingar skal straks rettast på Miljømåla og tiltaka våre skal vere prioriterte og berekraftige Leiarane vår skal fremje miljømedvit, ha ansvaret for å følgje opp eigne medarbeidarar og å rette på avvik i si eining. Føretaket vårt ligg i Møre og Romsdal. I miljøarbeidet er det summen av planar, politikk og mål som kan få alle partar til å løfte i lag. Fylket har si eigen «Regional energi- og klimaplan» frå 2010. Han er tilgjengeleg på www.helse-mr.no/miljo. 4 Organisering av miljøarbeidet Det foreslås å opprette en miljørådgjevar i klinikk for eigedom og drift. Administrerande direktør har ansvaret for det kontinuerlege forbetringsarbeidet. Ho/han skal også sjå til at måla som gjeld det ytre miljøet, vert følgde opp. Ansvaret for dette ligg i linja. Dette skal gå fram i eit eige punkt i den faste kvartalsvise rapporten til leiinga. All informasjon om miljøstyring og miljøleiing i Helse Møre og Romsdal HF er å finne i «MILJØPORTAL Helse Møre og Romsdal (EQS)». Denne «handboka» er tilgjengeleg både for dei tilsette via intranett og andre interesserte via Helse Møre og Romsdal HF internett under «Miljøleiing i Helse Møre og Romsdal HF», www.helse-mr.no/miljo. 5 Mål og delmål basert på vesentlege miljøaspekt for perioden 2013-2015 I samband med miljøsertifisering og innføring av eit miljøstyringssystem etter ISO 14001 gjennomførte avdelingane/ klinikkane i Helse Møre og Romsdal HF ei såkalla miljøaspektkartlegging. Det innebar at vi kartla og målte dei miljø- og klimabelastingane som vi har per i dag på dei fleste avdelingane, seksjonane og einingane, og på dei fleste lokasjonane som høyrer til føretaket. Dette er grunnlaget for arbeidet med mål og handlingsplan om tiltak for å betre den negative påverknaden vi kan ha på miljø- og klima, og det skal frå 2014 vere ein fast del av den årlege gjennomgangen av Helse, miljø og tryggleik. 5

5.1 Oversikt over mål og delmål basert på vesentlege miløjøaspekt i Helse Møre og Romsdal HF Utslepp til luft Mål Delmål 1) Redusere transportaktivitane - Utsleppt CO 2 vert redusert med 2% i løpet av 2015 2) Auke forbruket av fornybar energi - Talet på kilometer med tenestekøyring vert redusert med 5% i 2105 3) Relativt totalt engergiforbruk vert redusert - Redusere talet på tenestereiser med 5% innan utgangen av 2015 4) Redusere talet på tenestereiser - Redusere relativt energiforbruk med 2% innan utgangen av 2015 5) Relativ reduksjon av elektrisitet - Bruk av fornybar energi stig med 5% i løpet av 2015 6) Bruken av fornybar energi skal aukast - Talet på tenestebilar med fossilt drivstoff vert redusert med 10% i 2015 7) Redusere transportbehovet i helse føre - taket - Minske bruken av flyreiser med 5% i løpet av 2015 - Relativt forbruk av energi vert redusert med 2% innan utgangen av 2015 - Tenestereiser vert skorne ned med 5% innan utgangen av 2015 - Bruk av videokonferansar/lync vert auka med 10% i løpet av 2014 Utslepp til vatn Mål Delmål 1) Redusere legemiddel til destruksjon (førebyggje utslepp gjennom avløp) - Spesialavfall skal reduserast med 2% innen utgangen 2015 - Innføre returordning for legemiddelrestar og kjemikaliar Forbruk av ressursar Mål Delmål 1) Setje miljøkrav ved nyskaffing/innkjøp - Krav om minska emballasje på 10 nyskaffingar før 2016 Avfall Mål Delmål 1) Redusere den totale mengda avfall - Redusere restavfallsfraksjonen med 10% innan 2015 2) Prosentdelen restavfall vert redusert årleg 3) Auke mengda av kjeldesortert avfall - Redusere totale avfallsmengder med 5% i løpet av 2015 - Delen av avfall som vert gjenvunne/kjeldesortert veks med 10% i 2015 4) Redusere mengda farleg avfall 6

6 Miljøindikatorar for perioden 2013-2015 Miljøindikatorane er ein reiskap til å skildre og synleggjere kva miljøproblem som følgjer av føretaket sine varer, tenester og produkt, og dei skal såleis vere eit grunnlag for å vurdere realistiske tiltak som skal gjere desse miljøproblema mindre. Indikator nr. Miljøområde Miljøindikator (resultatmåling på) Tema Kommentarar 1 Bevisstgjering/opplæring Tal medarbeidarar som har gjennomført og bestått e-læringskurs i ytre miljø Medverknad Dokumentasjon av gjennomført opplæring i ytre miljø 2 Utslepp til luft 1. CO 2 -utslepp frå reiseverksemd (tonn per årsverk knytt til bruk av bil og fly 2. Antall km tenestekøyring med bil (km årsverk, både privatbil og tenestebil) 3. Måling av energibruk: - kjøling målt i kwt/år - elektronisk forbruk målt i kwt/år - kjeleanlegg per brensels-type og brennverdi målt i kwt/år - fjernvarme målt i kwt/år 4. Energi: Spesifikk energibruk i bygg (kwh pr. m 2 ) 3 Utslepp til jord 1. Type stoff i bruk (kjemisk datablad/ecoarchive) 2. Andel stoff/kjemikaliar som er miljømerka av alle som er i bruk 4 Utslepp til vatn 1. Type stoff i bruk (kjemisk datablad/ecoarchive) 2. Andel stoff/kjemikaliar som er miljømerka av alle som er i bruk 3. Årlege avfallsmengde knytt til legemiddelrestar i kg. Klimagassutslepp R-setningar (risiko) R-setningar (risiko) Utslepp av klimagassas vert rekna saman i CO 2 -ekvivalentar (forkorta til CO 2 e) Energibruk vert omrekna til CO 2 -utslepp per kwt/faktor 0,28 2 Rapportering ved bruk av rapporten «Fareklasse som føreset ei global risikovurdering», i EcoArchive (EcoOnline) på alle stoff der kategorien «Risk-miljø» er raudt og knytt til utslepp til jord Samme som ovenfor 5 Forbruk av ressursar (forbruksmateriale) 1. Innkjøpsoversikt over del miljømerka produkt i Helse Møre og Romsdal HF sitt varesortiment 1. Helse- og miljøskadelege stoff i eingongsartiklar Utslepp av klimagassar vert rekna saman i CO 2 -ekvivalentar (forkorta til CO 2 e) Energibruk vert omrekna til CO 2 -utslepp per kwt/faktor 0,28 2 6 Avfall Tonn til gjenvinning/resirkulering fordelt på følgjande avfallsfraksjonar pr månad/år - papp og papir - plasavfall - glas - matavfall - restavfall - EE-avfall - smittefarleg avfall - farleg avfall - bygningsavfall - cytostatika og biologisk avfall 1. Klimagassutslepp 2. Helse- og miljøskadelege stoffar Unnateke er avfall med etablert retur til produsent eller representant 7

7 Resultatmåling Resultatmålinga vert summert opp i statusrapporten. Han kan syne både positiv og negativ utvikling i høve til inneverande år sine mål, som i sin tur er definerte gjennom miljøindikatorane. Ved å samanlikne utviklinga år for år kan vi fastslå kor vidt vi klarer å innfri eigne mål og å setje i verk tiltak der dette er naudsynt. Denne resultatmålinga dannar og grunnlaget for ny tiltaks- og handlingsplan for neste periode. 7.1 Forklaring til statusrapport Trenden, som viser status for den aktuelle miljøindikatoren, vert synleggjort ved bruk av fargane grøn, gul og raudt: Ok Varsel, kan krevja handling Krev tiltak 7.2 Statusrapport MILJØINDIKATOR ÅR 2013 2014 2015 2016 8 Bevisstgjering/opplæring Tal medarbeidarar har bestått e-læringskurs i ytre miljø Utslepp til luft CO 2 -utslepp frå verksemda Antall km tenestekøyring med bil km pr. årsverk privatbil og tjenestebil Måling av energibruk Kjøling målt i kwt/år Elektrisk forbruk målt i kwt/år Andelen fornybar energi målt ift. totalforbruk Fjernvarme målt i kwt/år Utslepp til jord Type stoff i bruk, risk er satt=raud (kjemisk datablad/ecoarchive) Andel stoff/ kjemikalier som er miljømerka målt ift. alle som er i bruk Utslepp til vatn Type stoff i bruk, risk er satt=raud (kjemisk datablad/ecoarchive ) Andel stoff/kjemikalier som er miljømerka målt ift. alle som er i bruk Forbruk av ressursar (forbruksmateriale) Energi: spesifikk energibruk i bygg (kwh pr.m²) Innkjøpoversikt over tal miljømerka produkt

MILJØINDIKATOR ÅR, forts. 2013 2014 2015 2016 Avfall til gjenvinning/resirkulering eller destruksjon Avfall til gjenvinning (mengder sortert) Papp & papir Plastavfall Glas Matavfall Restavfall EE-avfall Smittefarleg avfall Bygningsavfall Cytostatika og biologisk avfall Avfall til destruksjon Restavfall Farleg avfall Totalt avfall Foto: Kristin Støylen 9

8 Område for kartlegging Som ein del av «Prosjektet for innføring av miljøleiing» i Helse Møre og Romsdal HF har vi arbeidd mykje med å samle inn primærdata for perioden 2012-13. Dette har vore nødvendig for å kunne etablere målepunkt for miljøforbetring i komande år. Ein presentasjon av nokre utvalde data for helseføretaket si verksemd er vedlagd. Han skal gi ei utvida forståing av kva verksemda gjer med spreiing innanfor ytre miljø. 8.1 Transportkartlegging av tilsette Vi har kartlagt reiseomfanget blant tilsette og pasientar med både fly/ privatbil i tenestekøyring og tenestebil. Dei tilsette sine reiser til og frå arbeid er ikkje med. Vi trur at ei slik oversikt er med på å gjere oss medvitne om reisevanane våre, og om å finne gode alternativ til reising så lenge dette er forsvarleg. Vi har delt denne oversikta inn i; Tilsette sin bruk av leigebilar Tilsette sin bruk av eigen bil i teneste Tilsette sin bruk av fly Vi har til no ikkje kartlagt dei tilsette sine arbeidsreiser, men vi ser klart at dette kan vere eit område for meir kunnskap i komande år. Det kan vere aktuelt å vurdere dette i høve til mål/tiltak og måling i 2015/16. Leigebilar og privatbilar i tenestekøyring i Helse Møre og Romsdal HF Tala er henta frå databasen til Lønnsregnskap og Leasplan Norge, som viser køyrde kilometer i 2012 og 2013 (utslepp pr. km Leaseplan 153 gr./privatbil 186 gr.) Privatbil 2012 2013 Totalt i kilometer 1 010 931 949 133 Totalt CO 2 -utslipp i tonn 188 176 Leasing bil Totalt i kilometer 1 555 513 1 595 225 Totalt CO 2 -utslipp i tonn 237 244 Kjørte km leasingbil 2012 2013 10

Kjørte km privatbil 2012 2013 CO 2 -utslipp leasingbil i kg. 2012 2013 0 CO 2 -utslipp privatbil 2012 2013 2012 2013 11

Tenestereiser med fly i Helse Møre og Romsdal HF Tala er henta frå databasen til Lønnsregnskap og Leasplan Norge, som viser køyrde kilometer i 2012 og 2013 (utslepp pr. km Leasplan 153 gr./privatbil 186 gr.) 2012 2013 Totalt i kilometer 1 039 166 890 457 Totalt CO 2 -utslipp i tonn 172 143 Totale tjenestereiser i kilometer, 2012 og 2013 2012 2013 Antall bestilte tjenestereiser i 2012 og 2013 fordelt etter utgangsflyplass 2012 2013 Oppsummert er ansattes bruk av bil og fly i tjeneste fordelt totalt og pr. årsverk i foretaket slik; 2012 2013 Trend Talet på km fly 1 039 166 890 457 Talet på km privatbil 1 010 931 949 133 Talet på km tenestebil 1 555 513 1 595 225 Talet på årsverk 6 509 6 436 Fordelt pr. årsverk i km 554 534 Kilde: Leaseplan Norge, Viaegenica og Helse Møre og Romsdal lønnsregnskap Oppsummert er CO 2 utslipp fra bil og fly i tjeneste fordelt totalt og pr. årsverk i foretaket slik; 2012 2013 Trend CO 2 utslepp i tonn 597 563 Talet på årsverk 6 509 6 436 Fordelt pr. årsverk i kg. 97,7 89,0 12 Kilde: Leaseplan Norge, Viaegenica og Helse Møre og Romsdal lønnsregnskap

8.2 Kartlegging av ansattetransport og møteformer Helse Møre og Romsdal HF har eigne område for miljøinnsats knytte til både reiseverksemd og tilhøyrande kompensasjonstiltak for å ta vare på god kontakt mellom dei ulike einingane, som er spreidde på alle lokasjonane. Bruk av videokonferanse er eit slikt tiltak og vi har førebels statistikk for bruk av videokonferansar i føretaket fordelt på bruk i 2012 og 2013; 2012 2013 Trend Totalt tal på timar 518 1 453 Talet på årsverk 6 509 6 436 Fordelt pr. årsverk i min. 4,8 13,5 Bruk av Lync som samhandlingskanal er det førebels uråd å registrere, men dette er under arbeid frå Hemit, og vi ventar at dette kan brukast som ein nytteindikator allereie for 2014-aktivitetane. (Lync er deling av lyd/bilde og presentasjonsverktøy gjennom PC). 13

8.3 Kartlegging av pasienttransport Området pasientreiser omfattar bruk av både fly, eigen bil og drosje. Førebels har vi ikkje identifisert desse som innsatsområde. Grunnen er at det går føre seg ein del prosessar både regionalt og nasjonalt for å effektivisere bruken av ressursar på dette feltet. Oppsummert er CO 2 -utslepp frå pasientransport fordelt totalt og privatkøyrde kilometer i føretaket slik: 2012 2013 Trend CO 2 -utslepp i tonn 5 015 4 483 Talet på kilometer 24 291 186 24 375 578 CO 2 /kilometer i kg 0,21 0,18 Kilde: Viaegenica og Helse Møre og Romsdal Pasientreiser Tenestereiser med fly i Helse Møre og Romsdal HF Tallene er hentet fra databasen til Viaegencia, som viser fakturerte flyreiser i 2012 og 2013 2012 2013 Totalt i kilometer 5 748 154 4 165 504 Totalt CO 2 -utslipp i tonn 997 724 Totale pasientreiser i kilometer, 2012 og 2013 2012 2013 Totale pasientreiser i kilometer 2012 og 2013 fordelt etter utgangsflyplass 2012 2013 14

Pasienreiser med bil og drosje Data fra Pasientreiser Helse Møre og Romsdal HF, PRO 17.12.2013 Egen bil 2012 2013 Totalt i km 18 539 969 17 595 962 Totalt CO 2 -utslipp i tonn 3 448 3 273 Drosje 2012 2013 Totalt i km 3 063 715 2 614 112 Totalt CO 2 -utslipp i tonn 570 486 Totale pasientreiser med egen bil i kilometer, 2012 og 2013 2012 2013 Totale pasientreiser med drosje i kilometer, 2012 Kommunekryssende Kommuneinternt Totale pasientreiser med drosje i kilometer, 2013 Kommunekryssende Kommuneinternt 15

8.4 Kartlegging av energiforbruk Forbruket av energi er fordelt på ulike energikjelder og i Helse Møre og Romsdal HF er fordelinga mellom dei ulike kjeldene slik i 2013: Elektrisk kraft 76 % Fyringsolje 1 % Fjernvarme 21 % Fjernkjøling 3 % I miljøsamanheng konsentrerer vi merksemda om potensialet for å minske belastinga på omgjevnadene våre. Mål og tiltak tek sikte på å redusere forbruket, utnytte tilført energi betre og å byte til meir miljøvennlege energikjelder. Føretaket sin bygningsmasse set tydelege grenser for kva vi kan forbetre. Både alderen og dei tekniske løysingane påverkar vilkåra. Basis forbrukstal dannar grunnlaget for å måle effekten av ulike tiltak og erfaringane med samanhengen mellom kostnad og miljøeffekt. Dette er områda som vi prioriterer: Relativt totalt forbruk Forbruksdel fornybar energi Forbruk pr. kvadratmeter (energieffektivitet ) Kjøling og fjernvarme del av totalforbruk Totalt energiforbruk i Helse Møre og Romsdal HF for 2013 er oppsummert (ikkje gr.tall justert 2013); 2012 2013 Trend Elektrisk kraft i kwh 47 054 934 48 880 714 Fyringsolje i kwh 208 696 71 777 Fjernvarme i kwh 15 456 821 13 384 341 Fjernkjøling i kwh 1 200 000 1 700 000 Totalt forbruk i kwh 63 920 451 54 036 491 Nominell økning forbruk (uavhengig areal/nye oppgaver) i prosent 0,2 Kilde: Tafjord kraft, Fjord Kraft og HMR Tekn.avd. Fornybar energi kjem her fram som ei samanstilling av energikjelder som er knytte til fornybar produksjon/kjelder og andre kjelder. Oppsummert er energi frå fornybare kjelder i føretaket slik; 2012 2013 Trend Elektrisk kraft i kwh (20% av totalforbruk) 8 532 269 8 872 224 Fjernvarme i kwh 13 233 000 13 384 341 Fjernkjøling i kwh 1 200 000 1 700 000 Totalt forbruk i kwh 63 920 451 64 036 491 Nominell økning forbruk (uavhengig areal/nye oppgaver) i prosent 35,9 37,4 Kilde:Tafjord kraft, Fjord Kraft, NVE varedeklarasjon 2012 16

Ålesund Volda 17

Molde Kristiansund 18

Relativt totalforbruk av energi kjem fram som ei samanlikning av totalt forbrukt energi vege mot brukt areal; Oppsummert er relativt forbruk av elektrisk energi pr. m 2 i føretaket slik (arealer i 2012=2013); Areal 2012 2013 Trend Føretaket 200 967 m 2, i kwh/m 2 318 319 Volda 23 756 m 2, i kwh/m 2 297 281 Ålesund 96 248 m 2, i kwh/m 2 284 285 Molde 54 408 m 2, i kwh/m 2 273 284 Kristiansund 26 408 m 2, i kwh/m 2 372 367 Relativ auke i forbruk av energi pr m 2, i kwh/m 2 0,3 Kjelde: Tafjord kraft, Fjord Kraft, Almenteknisk avdeling HMR Det er ikkje mogleg å skilje ut mengda av energi som vert brukt til kjøling, som eit eige område. Dette forbruket vert nemleg målt som ein del av hovudforbruket, og det vert registrert på felles målararar. Her er eitt unntak. Ålesund sjukehus har etablert eit «fjernkjølingsanlegg» som hentar energi frå sjøvatn. Dette kjøleverket er oppretta i samarbeid med Tafjord Kraftvarme AS, og det har vore i drift sidan 2013. Drifta har ikkje vore stabil heile perioden. Det gjer at effekten av tiltaket ikkje utan vidare kan samanliknast frå år til år. Effektivitetstal for areal/volum som tek imot kjøling, er heller ikkje berekna. Det finst heller ingen betraktningar for forholdet mellom totalforbruk og medgått energi til kjøling i eit moderne sjukehus, der det kan vere at samanliknbare tal gir driftsdata for kjøling som optimaliserer forbruket. Oppsummert er registrert medgått energi til kjøling i føretaket slik; 2012 2013 Trend Fjernkjøling Ålesund, i kwh/m 2 1 200 000 1 700 000 Totalt fobruk, kwh/m 2 63 920 451 64 036 491 Del energi til kjøling, i prosent 1,9 2,7 Kilde: Tafjord kraft, Fjord Kraft 19

8.5 Kartlegging av CO 2 -utslepp Tabellen nedanfor viser CO 2 -utslepp frå forbruket av energi til drift av bygg og utstyr, pasient reiser og tenestereiser for tilsette. Dette gir ikkje ein total oversikt. Det er nemleg ein del område som det er krevjande å få gode data frå, for eksempel CO 2 -utslepp som følgje av endeleg avfallsdisponering. Det finst ikkje gode modellar som kan berekne CO 2 -utsleppet frå avfallet vårt, som i hovudsak vert gjenvunne eller går til energiproduksjon. På forbruk av energi til bygg/anlegg har vi brukt NVE sin varedeklarasjon frå 2012, som syner snitt-utslepp for energi som har ei kjelde fordelt mellom fossil produksjon/atomkraftverk og fornybare kjelder. CO 2 -kjelde 2012 2013 Trend Energiforbruket 420 gr/kwh, i tonn 26 846 26 895 Pasientreiser eigen bil, i tonn 3 448 3 273 Pasientreiser drosje/ fly, i tonn 1 567 1 210 Tenestereiser tilsette, i tonn 597 563 Oppsummert CO 2 -utslepp, i tonn 32 458 31 941 Føretaket har mål for tiltak innanfor området energiforbruk bygg & anlegg, og innanfor utskifting av tenestebilar frå fossilt til fornybart drivstoff. 8.6 Kartlegging av avfallsmengder Etter sammenslåinga av helseføretaka har det i årsmeldinga til styret vore rapportert produserte avfallsmengder i samband med den generell årsrapporteringa. Ei av utfordringane er at vi ikkje har hatt ei samanhengande teneste, og såleis heller ikkje same nemninga på av dei ulike fraksjonane. Sjå ovanfor. Det er venta at vi i 2014 får ny felles standard for både intern nemning/ internt omgrep og for handtering av avfallet etter at leverandøren har teke hand om det på våre vegner. Trass i ulikskapane har vi samla nokre data som viser aktiviteten på området; Totalt avfall, i tonn 2012 Ålesund 1176 Volda 154 Molde 419 Kristiansund 201 Helse Møre og Romsdal HF 1920 I desse tala er også bygningsavfall med. Difor kan variasjonane mellom lokasjonane synast store. 20

I fordelinga av dei ulike fraksjonane har vi skilt berre mellom dei som blir gjennvunne; sortering og separat levering av desse avfallfraksjonane: Sortering og separat levering av desse avfallsfraksjonane: 2013 2012 Avfall til gjenvinning Restavfall til forbrenning 1 083 1 141 Papp og papir 324 164 Glas 0 2 Bygningsavfall og trevirke 45 92 Kompost/matavfall 116 0 Glas og metall 19 0 Elektronisk avfall 248 37 Metall, blekk, plast og folie 29 42 Makulatur 4 Hageavfall 3 Avfall til destruering eller anna handtering Restavfall 46 58 Farleg avfall 7 9 Sum 1 977 1 545 Viss vi skal analysere belastinga på ytre miljø, må vi ta omsyn til fleire faktorar, då forbrenninga einsidig har eit utsleppsnivå. Men samstundes kjøper vi tilbake fjernvarme frå Tafjord Kraft, som forbrenner dette avfallet på Grautneset, som igjen produserer fjernvarme til Ålesund sjukehus. Substituttet for fjernvarme er fleire og meir potente utslepps-kjelder, anten vi snakkar om elektrisk kraft (utan fornybarkjelde-garanti) eller om eigne oljefyrte kjelar ved sjukehusa. Analysen av oppsamla avfallsmengder er negativ på grunn av aukande mengder avfall. Samstundes er delen til gjennvinning stabil. Det er førebels ikkje kartlagt kor mykje restar av medisin som vert leverte som avfall til forbrenning, og heller ikkje kor mykje vi slepper ut i avløpsanlegga. Dette analysearbeidet har til no ikkje ført til tilrådingar. Det endelege karbon-fotavtrykket som helseføretaket har frå bruk av fjernvarme, må difor avklarast seinare. 21

9 Samandrag for 2013 Etter sommaren 2013 vart det gjennomført eit omfattande kartleggingsarbeid av miljøaspekt på avdelingar, seksjonar, einingar og lokasjonar i Helse Møre og Romsdal HF. Dei vesentlege miljøaspekta skal evaluerast årleg når leiinga går gjennom resultata, og eventuelle endringar vil vere eit resultat av årleg status slik det er synleggjort i kapittel 7 Resultatmåling. Resultatmålinga i 2013 vert sett på som gjeldande null-linjemåling; det vil seie ein målbar «før-situasjon». Frå 2014 skal såleis alle resultatmålingar jamførast med null-linjemålinga i 2013, og deretter samanliknast år for år; 2014 med 2013; 2015 med 2014 osv. Dette vert gjort for å kunne synleggjere kontinuerleg forbetring eller eventuell forverring av situasjonen år for år. Jamført med valde miljøindikatorar for perioden og i åra framover skal dette syne tendensen ut frå null- linjemålinga. Det vil for 2013 ikkje vere mogeleg å rapportere eksakt i kva grad miljøindikatorane syner ei utvikling eller ein tendens som er haldbar over tid. 10 Tiltaksplan 2014/2015 Tiltaksplanen for 2014/15 vil bli basert på tendensen i resultatmålinga for 2013, som vist i kapittel 7, og han skal bidra til å betre eventuelle negative tendensar, markerte med gult og raudt. Gult felt, som er eit varsel som kan krevje handling, skal vurderast individuelt med omsyn til om den skal følgjast opp ytterlegare, eller om situasjonen er under kontroll. Denne tiltaksplanen er overordna for føretaket, og han skal vere grunnlaget for lokale tiltaksplanar for kvar avdeling/ seksjon/eining. Kvartalsvise rapporteringar skal liggje føre i driftsrapportar til leiinga. Årleg oppsummering av denne driftsrapporten skal leggjast fram frå og med 2014 i samband med den årlege rulleringa av årshjulet. 10.1 Døme på tiltaksplan for 2014/15 Miljøindikator Døme Tiltak Ansvarleg Frist Kommentar Talet på km tenestekøyring med bil (km per årsverk, både privatbil og tenestebil). Større merksemd på bruk av video- og Avdelingssjefar, HRavdelinga (felles oversikt over møterom). 30.06.2014 Fristen gjeld tilbakemelding om moglege tilnærmingar til å finne gode løysingar sidan dette er eit tiltak vi må arbeide kontinuerleg med utover perioden 2014/15. telefonmøte og Lync som alternativ til å reise til møte. Få ei felles oversikt over møtestudio med sentral-booking. 22

23

www.helse-mr.no/miljo Helse Møre og Romsdal HF Postboks 1600 6026 Ålesund Design: Unniform AS, 90 14 60 61 24