1 Fitjar kommune Møteprotokoll Utval: Råd for funksjonshemma Møtestad: Møterom 2. etasje, Fitjar rådhus Dato: 18.09.2017 Tid: 14:00 15:30 Faste medlemmer som møtte: Namn Funksjon Representerer Kari Giske Leiar Geir Tore Søreide Nestleiar Bente Volden Mjønes Medlem Harald Rydland Medlem Forfall: Namn Funksjon Representerer Johnny Westvik MEDL Varamedlemmer som møtte: Namn Møtte for Representerer Frå administrasjonen møtte: Namn Stilling Anne Økland Helse- og sosialsjef Kari Fjugstad Giske Leiar Ingunn J Raunholm Sekretær
2 Saksnr Innhald Lukket PS 15/17 PS 16/17 PS 17/17 PS 18/17 PS 19/17 PS 20/17 PS 21/17 PS 22/17 PS 23/17 Godkjenning av protokoll Ny helse- og sosialsjef Høring om forskrift for forsøk med VTA Kurs eldreråd og råd for funksjonshemma Plan for inkludering i skule/barnehage, og prosjektgruppa VTA Heisen på kulturhuset Universell utforming Møtereferat frå rådet på nettsida til kommunen Ymse Innkalling og saksliste godkjent utan marknader. PS 15/17 Godkjenning av protokoll Råd for funksjonshemma godkjenner protokoll frå sist møte. Som framlegg. PS 16/17 Ny helse- og sosialsjef Anne Økland, ny helse- og sosialsjef var til stades i møtet og fekk ei grei orientering om kva saker Råd for funksjonshemma arbeider med, og brenner for. Rådet for funksjonshemma starta med å ønskja Anne Økland velkomen som ny helse- og sosialsjef. Harald Rydland orienterte om korleis ein har jobba og kan jobba for å få tildelt VTA plassar frå NAV Hordaland og han orienterte om korleis ein evt kan samarbeida med Podlen verkstad.. Universell utforming Råd for funksjonshemma påpeika at dei kjem for seint inn i planlegging av bygg for allmennheta. Dei ønskjer og vere med i heile saksgangen i saker der det er krav om universell utforming. Kari Fjugstad Giske orienterte om arbeidet med plan for inkludering i skulen.
3 Råd for funksjonshemma ved Geir Tore Søreide etterlyser private tenesteleverandørar av BPA (brukarstyrt personleg assistanse). Helse- og sosialsjefen skal sjå nærare på dette. Fitjar Legesenter - Det er blant folk uttrykt misnøye med tilgjengeligheten til legane. Mykje venting og avbestilling av timar grunna legen ikkje er tilstades. Råd for funksjonshemma ber helse- og sosialsjefen sjå nærare på dette. Det er framleis vanskeleg og nå gjennom på telefon til legesenteret. PS 17/17 Høring om forskrift for forsøk med VTA Leiar i Råd for funksjonshemma, Kari Fjugstad Giske og medlem Harald Rydland orientert om høyring om forskrift for forsøk med VTA. Leiar for rådet vil gje ei uttale til høyringa. Uttalen vil bli sendt på e-post til medlemmene i rådet for godkjenning. PS 18/17 Kurs eldreråd og råd for funksjonshemma Råd for funksjonshemma vil gjerne sende ein eller to på kurs i Bergen 17 oktober. Leiar Kari Fjugstad Giske reiser på kurset. Råd for funksjonshemma ved leiar sender ei hendvending til ordførar vedk. økonomisk støtte til kurset. PS 19/17 Plan for inkludering i skule/barnehage, og prosjektgruppa VTA Leiar Kari Fjugstad Giske hadde ei grei orientering om kor langt ein er komen med arbeidet med plan for inkludering i barnehage og skule, og med prosjektgruppa VTA
4 PS 20/17 Heisen på kulturhuset Rådet for funksjonshemma i Fitjar meiner at heisdøra på Kulturhuset ikkje fungerer bra nok og ber Fitjar kommune syte for at heisdøra vert automatisert. Årsaka til det er at den manuelle heisdøra er for tung til at alle kan koma seg inn i heisen utan hjelp. Fitjar kommune har kommunale tenester i bygget i form av kommunal fysioterapi. Råd for funksjonshemma har tidlegare bede kommunen laga ei oversikt over om dei ulike kommunale bygga har universell utforming og kva som ev bør ordnas ( sjå sak 13/16). Råd for funksjonshemma har tidlegare sagt frå om at heisen på Kulturhuset ikkje fungerer bra nok ( sjå sak 14/17). Rådet er kjent med at det no vert sendt ein søknad om støtte frå ein stifting til å få automatisert heisdøra. Me støttar sjølvsagt denne søknaden og kjem med følgjande støtteerklæring Uttale frå Råd for funksjonshemma i Fitjar 18. september 2017 Rådet for funksjonshemma i Fitjar støttar søknaden om støtte til å få automatisk heisdør på Kulturhuset på Fitjar. Noverande heisdør er manuell, noko som gjer at mange ikkje klarer å opna døra utan hjelp. Andre etasje i Kulturhuset rommar m.a. fysioterapi, seniorsenter og treningssenter. Det er mange funksjonshemma og rørslehemma som nyttar lokale i andre etasje. Me håpar difor at de ser positivt på denne søknaden då det vil bety mykje for mange om det vert automatisk heisdør på Kulturhuset i Fitjar. PS 21/17 Universell utforming Råd for funksjonshemma drøfta kva kommunale bygg som eventuelt treng ein opp gradering av universell utforming. Viser til utval sak 13/16 i råd for funksjonshemma. Råd for funksjonshemma ber kommunen ved teknisk leiar, Tore Nesbø, om ein oversikt over kva bygg som treng utbetrast med tanke på at dei ikkje held dagens standar til universell utforming.
5 PS 22/17 Møtereferat frå rådet på nettsida til kommunen Råd for funksjonshemma meiner det ikkje er lett å finna fram på heimesida til kommunen når det gjeld referat og møteinnkalling. Råd for funksjonshemma ønskjer og ha innkalling og møtereferat på same plass på kommunen si heimeside, som dei andre politiske utvala. PS 23/17 Ymse Framlegg til vedtak/tilråding: Råd for funksjonshemma drøfta tilgjengelegheita for rullestolbrukarar vedk. tribunen i Fitjar kultur- og idrettsbygg. Per i dag er det ikkje mogleg for denne gruppa å bruke tribunen. Råd for funksjonshemma lurte på om politikarane får referat frå møta deira. Den nye turstien ved FKIB vart drøfta, og den universelle utforminga på denne. Geir Tore Søreide skal snakka med Ole Bergesen ved Fitjar kultur- og idrettsbygg om korleis muligheitene for å laga tilgang til tribunen for rullestolbrukarar er. Råd for funksjonshemma ber sekretæren for rådet om å sende møte referata til politikarane i kommunestyret. Råd for funksjonshemma ved leiar Kari Fjugstad Giske vil ha tilsendt dokument som gjeld den nye turstien. Neste møtet i rådet vert 6. november kl. 14.00 i kommunestyresalen