RETTLEIING FOR UTFYLLING AV SØKNADSSKJEMA Les nøye gjennom rettleiinga, og fyll ut alle punkta i søknadsskjemaet. Vi oppmuntrar til å søkje via den elektroniske søknadsportalen vår på www.kulturminnefondet.no/soknad Her blir du rettleia gjennom heile søknadsprosessen, og kan laste opp alle vedlegg digitalt. Dersom du treng meir hjelp, kan du ta kontakt på tlf. 73 10 36 00. 1. Prosjektnamn Gi prosjektet ditt eit relevant namn. Bruk eit kort, skildrande namn på objektet/anlegget/området. Dette namnet, og prosjektnummeret som Kulturminnefondet gir kvar enkelt søknad, vil følgje prosjektet det blir gitt tilskot til. Døme: Naustet i Naustfjord. 2. Søkjar og eigar Fyll inn namn, adresse og andre personopplysningar for søkjaren. Dersom søkjaren er ei venneforeining, ein organisasjonar eller ei stifting, skal namnet på foreininga leggjast inn som søkjar. Namnet på kontaktpersonen blir lagt inn i eit eige felt. Det må leggjast inn anten fødselsnummer eller organisasjonsnummer. Fyll ut opplysningar om eigaren dersom eigar og søkjar ikkje er same person. I slike tilfelle må det leggjast ved signert fullmakt frå eigaren / alle eigarane. 3. Geografisk plassering Her oppgir du adressa til kulturminnet og kva kommune det tilhøyrer. Gardsnummer/bruksnummer MÅ fyllast ut (gjeld faste kulturminne). Du finn meir informasjon om eigedomar hos Kartverket, på Se Eiendom. Bygningsnummer: Dette er eit nummer som kommunen tildeler til bygningar, og som består av opptil ni tal. Bygningsnummeret blir registrert i GAB-registeret, og du får det ved å kontakte kommunen som kulturminnet ligg i. SEFRAK-nummer: SEFRAK-registeret (SEkretariatet For Registrering Av faste Kulturminne) inneheld opplysningar om bygningar som er bygde før år 1900. Nummeret, som består av kommunenummeret (fire tal), registreringskretsnummeret (fire tal) og husløpenummeret (tre tal), blir skrive på denne måten: 1234-5678-910. Du får dette nummeret ved å kontakte kommunen som kulturminnet ligg i. Askeladden-ID: Askeladdenregisteret inneheld alle typar automatisk freda kulturminne. Nummeret, som består av opptil fem tal for lokalitet og eitt påfølgjande tal for det enkelte objektet, blir skrive på denne måten: 12345-6. Du får dette nummeret ved å logge deg på askeladden.no eller kontakte Riksantikvaren. ID-nummer for fartøy: Alle fartøy over 15 meter har eigne kjenningssignal / internasjonale kjenningssignal, jf. NIS&NOR. Desse består som regel av fire bokstavar eller eitt tal og tre bokstavar. Fartøy under 15 blir ikkje registrerte i NIS&NOR.
Rettleiing for utfylling av søknadsskjema - side 2 4. Søknaden gjeld a. Hovudkategori Du kryssar her av for éin av ni hovudkategoriar. Kulturminnefondet har valt ei forenkla løysing der kulturminna blir delte inn i fleire over- og underkategoriar. Du oppgir her opphavleg type for det omsøkte objektet. Døme: Stabbur kjem inn under kategorien lagerhus. Våningshus eller bustader tilhøyrer kategorien bustadhus. Private bygningar: Bustadhus, dyrehus, lagerhus, småskalerte produksjonshus, fritidshus og hytter, fleirfunksjonshus. Utanomhusanlegg: Park, hage, kyrkjegard, mur, gjerde, varde, demning og molo, dam, kulturlandskap. Fartøy: Fiske- og fangstbåt, fraktebåt, passasjerbåt, lystbåt, spesialbåt. Arkeologi: Skjøtsel og tilrettelegging av arkeologiske kulturminne. Industribygg: Industrilokale, forretning og butikk, kontorbygg, lagerbygning, serveringsstad og overnatting, verkstad og produksjonslokale, kraftstasjon. Offentlege bygg: Kyrkje, kapell, andre gudshus, forsamlingslokale og samfunnshus, kulturhus, skule, rådhus. Samferdselsanlegg: Veg og sti, sporveg og jernbaneanlegg, trapp, bru, kai- og hamneanlegg, vassveg og kanal, flyplass, fyr. Andre konstruksjonar: Nothjell, fiske- og fangstanlegg, forsvarsanlegg, eldstad, pipe. Andre kulturminne Utfyllande skildringar kan leggjast ved som eige vedlegg. Formell status: Kulturminna får ulike statusar avhengig av den formelle statusen. Vi skil her mellom freda, regulert til omsynssone vern (regulert til bevaring) eller ikkje verneverdig. Kontakt kommunen, fylkeskommunen eller Kulturminnefondet viss du vil vite meir. Eigarform: Du vel her rett eigarskap for objektet, anlegget eller området. Det er viktig å avklare eigarforholdet til det omsøkte kulturminnet. 5. Skildring av kulturminnet/kulturmiljøet Gi ei kortfatta skildring av kulturminnet og kulturmiljøet. Dette kan vere opplysningar berre om det omsøkte objektet, heile anlegget eller større kulturmiljø. Dersom det omsøkte objektet er del av eit større kulturmiljø, må dette gå tydeleg fram. Historisk bruk kan skildrast i eit eige vedlegg. Ikkje gå inn på tilstanden her dette er eit eige punkt. 6. Dagens bruk Forklar i korte trekk kva objektet, anlegget eller området blir brukt til i dag. 7. Framtidig bruk Gi ei kortfatta utgreiing om kva det omsøkte objektet, anlegget eller området skal brukast til etter at det omsøkte tiltaket er fullført. Dersom tiltaket er del av eit større prosjekt, bør du ta med både dei kortsiktige og dei langsiktige planane for ny bruk. 8. Skildring av tilstanden per i dag Gi ei kortfatta utgreiing etter beste skjønn om tilstanden per i dag. Legg ved ein detaljert tilstandsrapport, teikningar/oppmålingar og fotodokumentasjon som gir ei omfattande forståing av tilstanden.
Rettleiing for utfylling av søknadsskjema - side 3 9. Planlagde tiltak kort skildring Gi ei kort utgreiing om dei planlagde tiltaka det blir søkt om. Dette kan gjerast i stikkordsform. Døme: Tiltaka omfattar reparasjon av veggar og tak. 10. Planlagde tiltak utfyllande skildring Gi ei utfyllande utgreiing om tiltaka det blir søkt om, og forklar prosjektet i detalj. Gjer greie for metoden for istandsetjing, materialbruk og handverksteknikkar. Det er viktig å gå i detalj på tiltaka, så legg gjerne ved ei tiltaksskildring frå handverkar eller annan rådgivar. 11. Framdriftsplan Planlagt start og slutt for prosjekt: Du oppgir her når prosjektet har planlagt oppstart, og når tiltaket det blir søkt om, skal vere ferdigstilt. Ver merksam på at du ikkje får gå i gang med tiltaket før vedtaket om eventuell støtte er fatta. 12. Skildring av framdriftsplan Grei ut om det planlagde arbeidet og tidsperspektivet. Det er viktig å lage ein realistisk framdriftsplan, og tenkje nøye gjennom kva faktorar som kan vere kritiske for gjennomføringa av prosjektet. 13. Tidlegare mottekne tilskot Dersom du allereie har motteke tilskot frå Kulturminnefondet til det same kulturminnet eller kulturmiljøet, oppgir du tilsegnsåret og spesifiserer kor mykje og kva det blei gitt tilskot til. 14. Budsjett 1. Kostnadsoverslag Ta med meirverdiavgifta for alle kostnader og vare-/tenestekjøp. Rund av til nærmaste 1000. Dugnad: Eigeninnsats og dugnad blir rekna ut etter ein fast sats på 200, per time. Dersom det er andre enn søkjaren som yter dugnadsinnsats, skal vedkomande førast opp under feltet «dugnad andre». Dugnadsarbeid blir ikkje betalt, men inngår som både kostnad og inntekt i budsjettet. Eigne materialar/maskiner: Rekn ut verdien av eigne materialar og bruk av eigne maskiner. Før opp eigne materialar (t.d. materialar frå eigen skog og materialar som har blitt kjøpte inn tidlegare) som ikkje kan dokumenterast med faktura. Eigne materialar er både kostnad og inntekt i budsjettet. Materialkostnader: Du spesifiserer her planlagde kjøp av alle typar materialar. Direkte lønsutgifter: Her fører du opp lønsutgifter inkludert sosiale kostnader for eigne tilsette og/eller personar som er leigde inn. Kjøp/leige av tenester: Du spesifiserer her planlagde kjøp av alle typar tenester. Kostnadsoverslag eller tilbod frå handverkarar og/eller rådgivarar for dei ulike fagområda skal følgje med som vedlegg. Søkjar/eigar kan sjølv utarbeide kostnadsoverslag for enkle tiltak. Fraktkostnader: Her fører du opp eventuelle fraktkostnader. Bruk av eigen bil kan førast opp etter dei statlege satsane for kilometergodtgjersle. Bruk av eigen traktor, gravemaskin eller båt blir ført i tråd med gjeldande takstar. Diverse kostnader: Her spesifiserer du eventuelle andre kostnader. Totale kostnader: Dette er summen av dei budsjetterte kostnadene.
Rettleiing for utfylling av søknadsskjema - side 4 2. Finansieringsplan Dugnad: Her fører du opp same beløp som under kostnader. Eigne materialar/maskiner: Her fører du opp same beløp som under kostnader. Eigenkapital: Her fører du opp eigne middel og/eller lån. Lånetilsegn må stadfestast i eit eige vedlegg. Private tilskot: Her fører du opp budsjetterte eller innvilga tilskot frå private fond, legat, stiftingar og/eller andre private tilskotsytarar, og eventuelle private gåver. Innvilga tilskot skal stadfestast i eit eige vedlegg. Kulturminnefondet set som vilkår at minimum 30 % av dei totale prosjektkostnadene blir finansierte privat. Det vil seie at summen av dugnad, eigne materialar/maskiner, eigenkapital og private tilskot må utgjere 30 % av prosjektkostnadene. Sjå forskrift 11 frå Kulturminnefondet. Offentlege tilskot: Her fører du opp budsjetterte eller innvilga tilskot frå offentlege instansar som t.d. kommune, fylke eller stat. Innvilga tilskot skal stadfestast i eit eige vedlegg. Omsøkjast frå Kulturminnefondet: Her fører du opp beløpet du søkjer om frå Kulturminnefondet. Styret i Kulturminnefondet har vedteke rettleiande tilskotsrammer: Bustader og fritidsbustader får i regelen tilskot på opptil 30 %. I særlege tilfelle kan det bli gitt større tilskot. Totalfinansiering: Dette er summen av dei budsjetterte inntektene; dugnadstimar, eigne materialar, eigne midlar og/eller lån, søknadsbeløpet og eventuelle private og/eller offentlege tilskot. Budsjettet skal vere i balanse, og finansieringa skal dekkje kostnadene i prosjektet. 15. Tilleggsinformasjon Dersom kulturminnet ditt er del av ein fylkesdelplan eller regionplan for kulturminne, ein kommunedelplan for kulturminne, eit landskapsvernområde, ein nasjonalpark, eit naturreservat, ein statleg plan eller verdsarv, vel du den aktuelle kategorien her. 16. Obligatoriske vedlegg Fotodokumentasjon: Kulturminnet og omgjevnadene rundt Kulturminnet sett frå fleire retningar Detaljbilete av tilstand og skadar Historiske bilete av anlegget/objektet Fotodokumentasjon er viktig, men ver nøye med utvalet og relevansen for prosjektet. Kart: Legg ved situasjonskart for eigedomen og kart som viser den geografiske plasseringa. Detaljert tilstandsvurdering: Gi ei skildring av tilstanden til og skadane på kulturminnet per i dag. Gjer greie for årsaka til og konsekvensane av skadane. Detaljert skildring av tiltak: Skildringa av tiltak byggjer på korleis tilstanden er skildra, og gir konkret informasjon om planlagt materialbruk, metodar og handverksteknikkar. Kostnadsoverslag eller tilbod frå utførande handverkar og/eller rådgivarar Utgreiing om korleis ein sikrar naudsynt kompetanse i prosjektet: Det er vesentleg at det kulturminnefaglege innhaldet i prosjektet er sikra gjennom bruk av handverkarar og eventuelt rådgivarar med særskild kompetanse. Søkjaren bør gjere greie for korleis det er planen å løyse dette.
Rettleiing for utfylling av søknadsskjema - side 5 7. Andre vedlegg (der det er relevant for søknaden) Stadfesting av lån, garantiar og tilsegnsbrev for privat/offentleg tilskot. Stadfesting av formell status. Dispensasjon/godkjenning av tiltak på freda anlegg, frå antikvarisk styresmakt: Høvesvis frå Riksantikvaren, byantikvaren, fylkeskommunen, Sametinget. Byggjeløyve/dispensasjon frå kommunen dersom tiltaket er søknadspliktig: Undersøk med kommunen på førehand om kva som er søknadspliktig. Utgreiing om andre planlagde tiltak på kulturminnet: Du oppgir her eventuelle tiltak det er planar om å gjennomføre i perioden som tilsegna gjeld for (dei tre neste åra). Fullmakter (dersom det er fleire eigarar og ikkje alle har signert søknaden). 18. Andre tilrådde vedlegg Utsegn om prosjektet, objektet/anlegget/området og den historiske bakgrunnen: Dette kan vere utsegner frå Riksantikvaren, fylkeskommunen, byantikvaren, museum, bygningsvernsenter og historielag. 19. Signaturar Søknaden skal vere underskriven av den prosjektansvarlege og eigaren/eigarane. Søkjaren har det formelle ansvaret for søknaden og ei eventuell tilsegn. Ved å skrive under stadfestar eigaren/eigarane at det er høve til å søkje på det omsøkte objektet og tiltaket, og at eigaren er kjend med innhaldet i søknaden. Meir informasjon Kontakt administrasjonen for Kulturminnefondet på Røros dersom du ønskjer meir informasjon. Adresse: Kulturminnefondet, Bergmannsgata 17, 7374 Røros Telefon: 73 10 36 00, e-post: post@kulturminnefondet.no, heimeside: www.kulturminnefondet.no Send ein søknad med alle vedlegg per post eller e-post til adressa over.