Pressemelding HORDALAND FYLKESKOMMUNE Organisasjonsavdelinga Informasjonsseksjonen 5020 Bergen Telefon 55 23 99 43 Telefaks 55 23 99 49 Vedtak frå Kultur- og ressursutvalet 8. mars 2011 Bergen 9. mars 2011 Motsegn mot husbygging på Skitnakastet Eit samrøystes kultur- og ressursutval i Hordaland fremjar motsegn mot forslaget om bustadbygging på Skitnakastet i Fyllingsdalen. Motsegn er fremja av omsyn til strandsonevern, landskap, biologisk mangfald, friluftsliv og folkehelse. Bergen kommune har sendt på høyring forslaget om husbygging på Skitnakastet som er ei halvøy i Sælenvatnet. Området er regulert til landbruks-, natur- og friluftsområde. Omdisponering av Skitnakastet til byggjeområde er i strid med omsynet til folkehelse, friluftsliv, strandsonevern, berekraftig utbyggingsmønster og landskap. Arealet ligg utanfor det prioriterte fortettingsområdet og ikkje nær kollektivtilbod. Halvøya bør ivaretakast som ei grøn lunge for framtida av omsyn til biologisk mangfald og utgjer eit viktig landskapselement i Sælenvatnet. Ros og ris til ny kommuneplan for Lindås Kultur- og ressursutvalet i Hordaland gjev både ros og ris til Lindås kommune for den nye kommuneplanen for perioden 2011 2023. Kommunen får ros fordi planen er banebrytande innan utbyggingsstrategi, næringsutvikling, landskap og strandsoneforvaltning, men får og ris fordi planen ikkje er tilpassa havbruksnæringa sine behov. Kultur- og ressursutvalet vil be om at saker i landbruks-, natur- og friluftsområde (LNF) med løyve til spreidd næring og busetnad vert oversendt til vurdering i samband med både eksisterande kulturminne og potensial for funn av nye kulturmine. Kultur- og ressursutvalet fremjar motsegn til dette punktet. Delar av Myking kyrkjegard er ei mellomalderkyrkjegard som er automatisk freda. Denne må markerast som omsynssone i arealplankartet. Kultur- og ressursutvalet ber om at følgjande tekst vert tatt med i føresegna til arealplanen: - Område med natur- og kulturverdiar som vert vurdert som verdifulle kulturlandskap, skal ivaretakast og forvaltast slik at kvalitetane i landskapet vert styrka. - Kulturminne og kulturmiljø skal være ein integrert del av all planlegging og søknad om tiltak. I all arealplanlegging skal kulturmiljøet dokumenterast og det skal visast til korleis ein har søkt å ta omsyn til dette gjennom planforslag og
plantiltak. - Verneverdige enkelt bygningar og kulturmiljø, og andre kulturminne (som til dømes sjøbruksmiljø) skal i størst mogleg grad takast vare på som bruksressursar og settast i stand. - Ved utbygging/fortetting og ved utbygging i LNF med spreidd busetnad skal det takast omsyn til bevaring av eksisterande bygningar, anna kulturmiljø og landskap. Innan havbruk peikar utvalet på at Lindås kommune ikkje har rullert sjødelen av planen slik at denne vert tilpassa havbruksnæringa sine noverande eller framtidige behov. Kommunen må snarast råd revidere sjødelen av planen, i dialog med næringa, offentlege etatar og i lag med nabokommunar som grensar til dei same fjordsystema. Kultur- og ressursutvalet fremjar motsegn til akvakulturdelen av sjødelen av planen. Innan samferdsle vil utvalet rå til at det i kommuneplanen ikkje vert lagt opp til føresegner og retningslinjer for byggegrenser til fylkesvegar som er i strid med veglova. Utvalet saknar ei oversikt og ein strategi for utvikling av eit gang- og sykkelsystem for Lindås kommune som sikrar at til dømes sykkel kan nyttast som eit godt alternativ til bil på kortare avstandar innanfor kommunen. Utvalet vil tilrå at det i føresegnene vert sett krav om utbygging av naudsynt infrastruktur som opprusting og trafikksikring av vegar med tilbod til mjuke trafikantar fram til skule og andre møteplassar. I område der det er tillate med spreidd utbygging må trafikksikker tilkomst sikrast før det vert gjeve løyve til ny utbygging. Positivt med bustadbygging i Ovågen Kultur- og ressursutvalet i Hordaland meiner det er positivt at Øygarden kommune legg til rettes for variert bustadstruktur i den nye reguleringsplanen for Ovågen, men planforslaget er ikkje godt nok for mjuke trafikantar og for landskapet. Det skal byggast hus og småbåthamn i Ovågen, men planforslaget tek ikkje godt nok omsyn til trafikksikring for mjuke trafikantar. Kultur- og ressursutvalet meiner at overgangsfelt ikkje er ei god nok løysing for å sikre kryssing av fylkesveg 561. Det er knytt motsegn til dette punktet. Utvalet krev at det skal vere etablert gangareal og planfri kryssing før bustadene i planområdet blir tekne i bruk for å sikre trygg tilkomst frå bustadene. Planforslaget vil føre til inngrep som ikkje er tilpassa landskapet i kring, både for byggjeskikk og fjernverknad. Utvalet rår til at den vidare planprosessen tek sikte på å tilpasse bygg og anlegg til landskapet, mellom anna med: - Varierte byggjehøgder - Oppdelt bygningsmasse - Siktlinjer som sikrar kontakten mellom sjø og landskap. 2
Motsegn mot store hyttetomter i Radøy Av omsyn til landskap, friluftsliv og strandsone fremjar kultur og ressursutvalet i Hordaland motsegn mot store hyttetomter på Rossnes i Radøy kommune. Kommunen har sendt reguleringsplan for Rossnes på høyring der hovudmålet er å opne for hyttetomter som er større enn to mål. Nesten alt areal på Rossnes ligg nærmare sjøen enn 100 meter. På Rossnes er det bygd fleire fritidseigedomar, slik at det alt er gjort inngrep i landskapet. Samstundes er den ytste delen av Rossnes, Jonsokhaugen, regulert til friområde i kommuneplanen. Reguleringsendringa som er på høyring vil gjere det mogleg å fortette området kring Jonsokhaugen. Ei utbygging her vil påverke landskapet i større grad enn lenger inne i bukta, og har større fjernverknad frå farleia sørvest for Rossnes. Tettare utbygging vil òg påverke korleis folk brukar området, der auka privatisering kan føre til vanskelegare tilgang til både grøntområde og strandsona. Sidan området alt er lite utbygd og fleire inngrep vil vere meir synleg i landskapet, meiner utvalet at det ikkje bør leggjast til rette for fleire hytter ytst på Rossnes. 400.000 kroner til vilttiltak Kultur- og ressursutvalet i Hordaland har fordelt 400.000 kroner til ymse tiltak innan viltforvalting. Dette er statlege pengar som fylkeskommunen har fått ansvar for å dele ut. 350.000 kroner går til ulike tiltak for hjort, mens 50.000 går til andre lokale tiltak, mellom anna rype og storfugl. Slik er fordelinga: Hjortevilttiltak for 2011 slik: Bioforsk Hordahjort 200.000 Norsk Hjortesenter Kunnskapsspreiing hjort Hordaland 2011 70.000 Norsk Hjortesenter Status kommunal hjorteforvaltning 80.000 Kultur- og ressursutvalet fordelar tilskot til Lokale vilttiltak for 2011 slik: Lokale vilttiltak: Hardangervidda Fjelloppsyn as Rypeforvaltning på Hardangervidda 15 000 Vaksdal kommune Storfugl-kartlegging 15 000 NNI AS Bestandsstatus og bestandsutvikling hos jaktelege andeartar på Vestlandet 0 NJFF-Hordaland Infoblad Jakt og fiske infoside internett 20 000 Jondal vil ha fleire arbeidsplassar Jondal kommune har nedgang i folketalet og ønskjer fleire arbeidsplassar. I den nye kommuneplanen er satsingsområda reiseliv, havbruk og utnytting av stein og skifer. Kultur- og ressursutvalet i Hordaland er positiv til at kommunen satsar på lokalsamfunnsutvikling og at tilrettelegging for fritid og reiseliv er i god gjenge. 3
Utvalet peikar på at for at kommuneplanens arealdel for Jondal skal vere fullstendig og fylle lovkravet må det utarbeidast planomtale. Konsekvensutgreiinga er fyldig og informativ, men noko mangelfull og lite konsekvent når det gjeld vurdering av konsekvensane ny arealbruk har for kulturminne. Kulturminne Kultur- og ressursutvalet fremjar motsegn til følgjande byggjeområde grunna konflikt med kjende freda kulturminne, eller kulturminne av høg regional verdi: Framtidig parkeringsplass på Herand vil verka negativt innpå det freda kulturminnet Herand sag. Framtidig småbåthamn på Herand er i direkte konflikt med eit freda vrak. Framtidig offentleg areal i Jondal sentrum som er regulert til spesialområde vern for å sikre sveitserhusbebygging med frukthage. Framtidig utviding av næringsareal i Jondal sentrum som er regulert til spesialområde vern for å sikre bustadhus i sentrumsområde Framtidig fritids- og turistføremål ved Breivik vil verka negativt inn på eit lite kulturmiljø med lykt og freda gravrøys. Byggegrensa ligg 4 meter frå gravrøysa Framtidig fritidsbustad i Krossdalen er i konflikt med klebersteinsbrot. Føresegnene for Landbruks-, natur- og friluftsområde (LNF) med høve til spreidd utbygging tek ikkje nok omsyn til potensial for funn av hittil ikkje kjende automatisk freda kulturminne. Kultur- og ressursutvalet fremjar motsegn til føresegnene. Motsegna fell bort dersom kommunen innarbeider i føresegnene følgjande punkt: Kvar einskild byggjesak innafor LNF-område med høve til spreidd utbygging skal sendast kulturvernmyndet for avklaring i høve til Kulturminneloven. I byggjeområde SB6, SB9, B12, B13, B14, B31er det kjende funn i nærleiken eller dei har potensial for funn av hittil ikkje kjende automatisk freda kulturminne. Kultur- og ressursutvalet fremjar motsegn til desse områda dersom det ikkje vert innført plankrav slik at kulturvernmynde har høve til å vurdera undersøkingsplikta. Hordaland fylkeskommune tek atterhald om byggjeområda i planen inntil undersøkingsplikta i kulturminnelova er oppfylt. Dette gjeld både land og sjøområde. Kulturlandskap og friluftsliv Kultur- og ressursutvalet frårår: Framtidig fritids- og turistområde FT3 på Herand på grunn av innverknad utbygginga vil ha på eit regionalt viktig kulturlandskapsområde Framtidig fritids- og turistområde FT5 på Herand på grunn av negativ innverknad på kulturmiljø i Herand sentrum og på badeplassen Framtidig næringsareal N11 dersom det er ikkje teke omsyn til den første kraftstasjonen i kommunen, bygd i 1911 Framtidig bustadområde B17 Brekke i samsvar med fråråding i konsekvensutgreiing, som viser til negativ verknad for landskap, naturrisiko og infrastruktur Framtidig bustadområde B19 Sætveithagen 1. Området bør ikkje endrast frå friområde til bustadområde. 4
Akvakultur Kultur- og ressursutvalet peiker på at områda avsett til akvakultur er små og at planforslaget ikkje tar høgd for framtidig næringsutvikling og struktur innan havbruksnæringa. Følgjande område for akvakultur (AK) i planforslaget er ikkje i samsvar med anleggsplasseringa eller har fortøyingar som strekkjer seg utanfor: - Lokalitet Gangdal er etablert midt i ein låssetjingsplass. Det er ikkje samsvar mellom AK-området og anleggsplasseringa. - Lokalitet Saltkjelen II ligg ikkje i samsvar med løyve av 14.10.2009. Anlegget ligg utanfor AK-område og har i tillegg fortøyingar som strekkjer seg langt utanfor. Areal avsett til akvakultur må vere i samsvar med anleggsplassering og løyve. Det er knytt motsegn til planen på dette punktet. Følgjande område har fortøyingar som strekkjer seg utanfor AK-område: - Lokalitet Saltkjelen II - Lokalitet Kysnes i samsvar med AK-område, men fortøyingar utanfor. - Lokalitet Straumsundet i samsvar med AK-område, men fortøyingar truleg utanfor. - Lokalitet Vikane i samsvar med AK-område, men fortøyingar utanfor. - Lokalitet Svåsand i samsvar med AK-område, men fortøyingar langt utanfor. Arealformål og føresegner må sikre at areal rundt anlegg kan nyttast til fortøyingar. Området rundt anlegg må avsetjast til føremål som opnar for fleirbruk, eller det må utarbeidast bindande føresegner til området slik at fortøyingar vert tillete. Det bør også vurderast å regulere for ulike føremål i vassoverflate, vass-søyle og botn, slik plan- og bygningslova opnar for. Det er knytt motsegn til planen på dette punktet. 5