RENNESØY SOKNERÅD ÅRSMELDING 2016

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "RENNESØY SOKNERÅD ÅRSMELDING 2016"

Transkript

1 RENNESØY SOKNERÅD ÅRSMELDING Soknerådet Merknad: I årsmeldinga ynskjer soknerådet å syna utviklinga frå år til år. Difor står tala for 2015 & 2014 oppførte i parentes viss slikt talmateriale har vore tilgjengeleg. Fylgjande personar har vore faste medlemmer i soknerådet sidan 1. november 2015: Thor Strandenæs, leiar, Therese Sørbø, nestleiar, Håvard Helgøy, Anne Marie Sydnes Helland, Vigdis Rognøy Fossåskaret, Marta Elisabet Åtland Førsvoll og sokneprest Harry Waldeland. I november 2016 vart det halde skriftleg val på leiar og nestleiar i soknerådet. Thor Strandenæs vart då valt som leiar og Therese Sørbø som nestleiar for eit år. Varamedlemer: Bård Ove Pedersen, Anette Helgevold, Åsmund Fløysvik, Erling Haugvaldstad og Inger Johanne Bjerga. 1. varamedlem møter fast i soknerådet. Rennesøy sokneråd har hatt 8 møte og handsama 36 orienteringssaker og 33 vedtakssaker i Felles utval og komitear: Mandata for dei felles utvala vart revidert i sokneråda og eit nytt mandat vart vedteke for kulturutval for Sørbø kyrkje. Mandata og bemanninga i utvala er lagt ut på Rennesøy kyrkjelege fellesråd sine heimesider ( Det er fylgjande felles utval for kyrkjelydane i Mosterøy og Rennesøy: gudstenesteutval, trusopplæringsutval, diakoniutval med ein under-komité for kaféen i Vikevåg bedehus, redaksjonsutval for kyrkjelydsbladet, misjons- og bibelutval og kulturutval for Sørbø kyrkje. 2. Staben Desse har vore tilsette i begge sokna i 2016: Harry Waldeland sokneprest (100 %), Kjetil Molvik, ungdomsprest (trusopplæring 70 % + 30% prostiprest), Yngve Søyland, kyrkjeverje (100 %), Ole Hodnefjell, kantor (80 %.), Siv Aanestad Haraldsen, kontormedarbeidar 80 %. Ho har òg ansvar for babysang, og samarbeider med ungdomspresten om arbeidet med 4- årsboka og kontakten med barnehagane. 3. Saker soknerådet særleg har arbeidd med: 3.1 Strategidokumentet «Firkløveren». Soknerådet gjennomførte i løpet av våren ein prosess der me arbeidde med strategi og satsingsområda i kyrkjelyden for denne valperioden. Både råd og medarbeidarar var med i dette arbeidet. Resultatet av denne prosessen var dokumentet «Firkløveren», som vart vedteke i soknerådet i mai «Firkløveren» er lagt ut på Rennesøy kyrkjelege fellesråd 1

2 sine heimesider ( Det er fire hovudsatsingsområde i dokumentet. Under kvart satsingsområde er det sett opp nokre tiltak som kan bidra til å oppnå dei resultata soknerådet ynskjer. Dei fire hovudsatsingsområda er, som fylgjer: Bidra til å finansiera oppføring av Hausken kyrkjesenter Auka oppslutninga om gudstenestene i kyrkjelyden, spesialt blant barn, unge og barnefamiliar. Auka oppslutninga om dei ulike tiltaka i trusopplæringa. Auka dei diakonale tenestene i kyrkjelyden. 3.2 Hausken kyrkjesenter. Soknerådet har særleg arbeidd for å få realisert oppføringa av Hausken kyrkjesenter. Gjennom ein underskriftskampanje som vart sett i gang under «Rennesøydagen» i september 2016 fekk me 500 underskrifter av vaksne innbyggjarar i kommunen til støtte for senteret. Oppslag og lesarbrev i Bygdebladet var andre tiltak for å få fram støtte og interesse for senteret. Endeleg vart det sendt ein søknad til Rennesøy kommune om midlar til ein arkitektkonkurranse. Gleda var stor då alle partia i kommunestyret før jul vedtok å løyva kroner som prosjektmidlar til kyrkjesenter/ livssynssenter. Frå politikarane si side har det vore viktig at kyrkjesenteret skal romma seremonirom, båre-/syningsrom og kjølerom i tillegg til å dekka dei andre behova som kyrkjelydane har for kyrkjestove og lokala til dei mange tiltaka i trusopplæringa. 3.3 Auka oppslutning om gudstenestene. Soknerådet har utfordra gudstenesteutvalet og trusopplæringsutvalet om å samarbeida om tiltak som kan føra til fortsett auke i oppslutninga om gudstenestene 3.4 Årleg konfirmantfest. Soknerådet har kvart år ansvaret for konfirmantfesten der me byr inn konfirmantane og foreldre deira til ei samling etter samtalegudstenesta. Denne samlinga vart halden i Vikevåg bedehus 25. februar og samla 115 deltakarar. 3.5 Årsmøtet vart halde søndag 3. april 2016 i Hausken kyrkje og var felles for Rennesøy og Mosterøy sokn. 3.6 Medarbeidarfesten. Soknerådet og staben arrangerer kvart år ein medarbeidarfest for tilsette og frivillige medarbeidarar i kyrkjelydane. Denne gongen var i alt om lag 30 personar samla i Hausken kyrkje 11. mars Salmekveldar. Organisten vår, Ole Hodnefjell har teke initiativ til og stått i bresjen for å arrangera salmekveldar slik at kyrkjelyden kan bli kjende med innhaldet i Norsk Salmebok I 2015 hadde han 7 salmekveldar i samarbeid med kyrkjekoret og andre musikarar. Dette haldt han fram med i 2016, og det vart arrangert 5 slike kveldar. Prosjektet «syng salmeboka frå perm til perm» blei avslutta i

3 3.8 Ungdomstinget. Det var ingen utsending til ungdomstinget for bispedømmet som vart halde i 2016, men dette er eit kontinuerlig tilbod til våre ungdommar i kommunen (ein frå vår kyrkjelyd). 4. Kyrkjelydsarbeid 4.1 Likesom i tidlegare år har me hatt eit stabilt og godt kyrkjelydsarbeid. Dei gudsteneste-ansvarlege i staben har lagt godt til rette for samarbeid om gudstenesta og involvering av frivillige medarbeidarar. Likeeins har Norsk Salmebok 2013 gitt oss mange nye salmar som skapar glede i gudstenestene. Endeleg er dei retningslinene som er utarbeidd for kyrkjevertane lette å fylgja. Folk får god velkomst og ei hyggjeleg sosial samlingsstund i samband med kyrkjekaffien / kyrkjesafta, noko som skapar ei kjensle av fellesskap også i forlenging av sjølve gudstenesta. Til saman har me hatt 34 (36 & 37) gudstenester i året som gjekk. Gjennomsnittleg frammøte var 97(100 & 82). Me har hatt 22 (21 & 21) gudstenester med nattverd, med 49 (60 & 47) nattverd-gjester i snitt. Hausken kyrkje hadde 25 (26 &24) gudstenester og Sørbø kyrkje 9 (10 & 9). Gjennomsnittleg frammøte ved gudstenestene har halde seg stabilt dei to siste åra. Men gjennomsnittleg har det vore færre nattverd-gjester i Snittet for 2016 ligg såleis nærare snittet for 2014 enn snittet for Gudstenestene er fordelt på Hausken kyrkje og Sørbø kyrkje, og 17. mai-gudsteneste i Vikevåg bedehus samt ei friluftsgudsteneste i Prestvågen på våren. Gudstenesta i Prestvågen og på julaftan i Hausken kyrkje er eit samarbeid med KFUK/M-speidarane i Rennesøy. Dei har òg hatt ansvaret for julespelet på julaftans gudstenesta i Hausken kyrkje kvart år sidan Til liks med dei andre faste utvala, er Gudstenesteutvalet felles for begge kyrkjelydane. Det har vore tre møte i Tema for møta har i hovudsak vore familiegudstenesta og korleis me kan gjera høgmessa meir innbydande og meir integrerande for barn. Eitt av møta var saman med Trusopplæringsutvalet. Første gudstenesta etter sommarferien var i Utstein Kloster. Då arrangerte gudstenesteutvalet tur til Fjøløy med grilling etterpå. Oppslutninga var ikkje så stor, så den erfaringa tilseier at det heller skal satsast på tur etter familiegudsteneste ein av dei første søndagane etter sommarferien. Julaftans- og julegudsteneste held fram med å samla store deler av befolkninga på Rennesøy, noko som mellom anna syner at dei årlege kyrkjelege rituala står sterkt. Det har elles vore eit godt samarbeid med skulane om skulegudstenester for barneskulane og ungdomsskulen. Vidare har det vore regelmessig kontakt med barnehagane i samband med kyrkjelege høgtider. Me har òg sett ei gledeleg auke av dåp samanlikna med åra før. I 2016 fekk me døype 35 (21 & 17) barn. Konfirmantkulla samlar òg mange. Det var 39 (39 & 25) konfirmantar og 6 (11 & 3

4 12) vigsler i soknet vårt i året som gjekk. Det har vore 17 (17 & 18) gravferder. Kyrkjelyden har hatt 41 (9 & 1) utmeldingar og 2 (0 & 1) innmeldingar i Auken av utmeldingar skuldast delvis Kyrkjemøtet sitt vedtak om å opna for vigsel av samkjønna par, og delvis at utmeldingsprosessen er blitt enklare. 4.2 Ofring og givarteneste I ofring på gudstenestene har me fått inn kr. ( kr. & kr.) Av dette var kr. ( kr. & kr) til eige kyrkjelydsarbeid. Det er godt at offergåvene har halde seg stabile. Men i åra som kjem må det arbeidast med å auka både offergåvene ved gudstenestene og oppslutninga om den frivillige givartenesta viss kyrkjelyden sine behov skal dekkast. Sokneråda har tidlegare fastsett at 6 (+ 3 konfirmasjonsgudstenestane) av dei årlege ofringane i kvar kyrkjelyd skal gå til eige arbeid i kyrkjelydane, i alt 9 (9). Soknerådet er innforstått med at kyrkjelydane må bidra med ein eigenandel til kyrkjesenteret og har vedteke mandat for innsamlingskomitéen. Det er òg fatta vedtak i soknerådet om at fire av dei årlege takkeoffera skal gå til Hausken kyrkjesenter i perioden Me er glad for at Mosterøy menighetsråd har fatta eit liknande vedtak. Dette vil seia, at medan innsamlinga til Hausken kyrkjesenter skjer, vert ofringar til andre føremål redusert tilsvarande (med 4 offersøndagar for kvar kyrkjelyd årleg, i tida ). Ved utgangen av 2016 var det kome inn kr. i gåver til Hausken kyrkjesenter. Fasteaksjonen for Kirkens nødhjelp blei gjennomført av konfirmantane, og resultatet blei kr. ( kr. & kr.). Begge kyrkjelydane har i samarbeid ei givarteneste/gåver der inntektene frå begge kyrkjelydene er øyremerka trusopplæringa. Resultatet for 2016 var kr. ( kr. & kr.). Inntekta frå denne tenesta treng me i trusopplæringa. Gåveinntektene steig frå 2014 til 2015, men gjekk ned i Det må altså arbeidast med å rekruttera fleire givarar. 4.3 Trusopplæring Sidan 2013 har me ein felles mentoravtale for trusopplæring med Finnøy. Denne avtalen blei avslutta etter første halvår I staden har me fått Trusopplæringsutvalet, som er eit fagråd for Ungdomspresten, som leier utvalet og har hovudansvaret for trusopplæringa i soknet. Det er skipa ulike grupper av frivillige som samarbeider med han om konfirmantarbeidet og årlege breiddetiltak. Ungdomspresten har vore på fleire skulebesøk i samband med fase-tiltaka i trusopplæringa. Det har ført til auka oppslutning om einskilde tiltak. 4

5 Babysongen i Hausken kyrkje er eit tilbod for begge kyrkjelydane og samlar 2-10 born, med eit snitt på 5. Tre av samlingane i 2016 var på sjukeheimen. Foreldra er særs inkluderande og interesserte i å ta vare på kvarandre og på borna. Borna i 5. klasse får nytestamentet på norsk-engelsk i samarbeid med Norsk Gideon og 4- åringane får barnebibel. Den årlige 24 H-festivalen (for 11-åringane) blei gjennomført i Mastrahallen og Mastrahuset ( mars). I alt var det 90 (142 & 116) born frå begge kyrkjelydane. Det er ein tydeleg tilbakegong frå «Tårnagentane», (som er eit årleg tiltak for 8-åringane, felles for begge kyrkjelydar) vart arrangert over to dagar januar. Laurdagen var alle 22 (19) tårnagentane i Utstein kloster kyrkje. Tårnagentane hadde òg oppgåver i samband med gudstenesta i Hausken kyrkje dagen etter. Her har fleire vaksne tidlegare vore «englevaktar». Opplegget var populært blant borna og me har òg fått gode tilbakemeldingar frå heimane deira. Likesom i 2015 vart «Lys Vaken», (som er eit tilbod til åringane i begge kyrkjelydar), arrangert i samarbeid med Rennesøy KFUM-KFUK Speidargruppe på fyrste helg i advent (26-27/11), der ein starta med den årlege lysmessa. I alt var det 11 (33 &15) som deltok. Laurdagen hadde dei program og overnatta i Hausken kyrkje. Søndagen utførte dei oppgåver i samband med gudstenesta same staden. Sidan det var mangel på vaksne nattevaktar, vart det inga overnatting i kyrkja på «Lys Vaken» denne gongen. Det er tydeleg at me må arbeida med å auka oppslutninga om dei store bredde-tiltaka i trusopplæringa. Det gjeld ikkje berre å få med fleire «tårnagentar» men òg fleire deltakarar til «Lys Vaken» og 24 H-festivalen. Dessutan må me mobilisera fleire foreldre og vaksne leiarar til bredde-tiltaka. 4.4 Misjon, bibel og diakoni På oppmoding frå Misjons- og bibelutvalet valde begge sokneråda å halda fram med å støtta NMS sitt arbeid på Madagaskar. Etter mange år med støtte til Shalomi, vedtok ein i denne valperioden prosjektet «kyrkjeleg undervisning, Madagaskar». I høve Det Norske Bibelselskap sitt 200 års jubileum arrangerte Misjons- og bibelutvalet ei bibelutstilling i Hausken kyrkje (16/10 ) og Askje kyrkje (23/10). 22/10 var det halde Bibelmaraton, først i Askje kirke og så i Hausken kyrkje, med om lag 25 personar i kvar kyrkje. Ordførar Dagny Sunnanå Hausken opna samlinga i Askje kyrkje, medan varaordførar Jostein Eiane opna samlinga i Hausken kyrkje. Onsdagskafeen på Vikevåg bedehus er eit viktig diakonalt tiltak som anna kvar veke samlar godt vaksne menneske mellom 20 og 30 kvar gong. Det populære tiltaket hadde 10- årsjubileum i 2016 og fekk helsing og blomster frå Rennesøy kommune ved varaordførar 5

6 Jostein Eiane på jubileumstilstellinga. Medlemmene i diakoniutvalet går med blomsterhelsing til 80-åringane og soknepresten besøker 90-åringane. 4.5 Anna arbeid Til liks med tidlegare år deltok Rennesøy kyrkjelyd og Mosterøy kyrkjelyd på «Rennesøydagen» laurdag 27. august i Vikevåg sentrum, saman med andre organisasjonar i kommunen. Slik får kyrkja kvart år høve til å vera synleg for innbyggjarane i kommunen. Soknerådet og KFUK-KFUM speidarane hadde stand der ein informerte om og samla underskrifter til støtte for Hausken kyrkjesenter, og delte ut vaflar og lappar til folk som kom innom. Godt arbeid på bedehuset i Vikevåg og på Utstein Pilegrimsgard er positive supplement for folk i kommunen. Sørbø kyrkje har hatt sommarope i to månader. Vi er takksame for at Leif Sørbø har tatt ansvar for dette. Elles har kulturutvalet for Sørbø kyrkje arrangert 5 kveldssamlingar. 3 av dei var Vesper-gudstenester i samarbeid med Utstein Pilegrimsgard. 2 av dei var kulturkveldar, den eine om soga til Sørbø kyrkje, den andre ein middelalderkveld. Rennesøy kommune har hatt betydeleg tilflytting i dei seinare åra. Sjølv om dette har flata noko ut nå, er det ei utfordring for kyrkja å vera slik at både dei som flyttar inn her og dei som har budd her lenge opplever ei open og inkluderande kyrkje. Difor ynskjer me å styrka opplevinga av å høyra til kyrkjefellesskapet, styrka gudstenestelivet, gi gode tilbod til alle barn og unge i kommunen og driva aktiv misjon både ute og heime. Til dette omfattande arbeidet treng me både gode tilsette og frivillige som er positive og villige til å arbeida for Guds rike. Me vil takka alle som gjer ein innsats for kyrkjelyden, som kjem trufast på gudstenestene, ber for kyrkja og gir gåver til arbeidet. Vedtatt i Rennesøy sokneråd 7. mars For Rennesøy sokneråd Thor Strandenæs, leiar 6

Årsmelding for Vats sokn 2016

Årsmelding for Vats sokn 2016 Årsmelding for Vats sokn 2016 Vats sokneråd har i 2016 vore samansett slik: Sokneprest Jon Ådnøy. Leiar Grete Skeie Sørhus, nestleiar og representant i fellesrådet Arild Urdal, sekretær Lill- Inger Velde.

Detaljer

Møteprotokoll for Radøy sokneråd

Møteprotokoll for Radøy sokneråd Møteprotokoll for Radøy sokneråd Tid: 02.02.2016 kl. 18:00-20:00 Stad: KYRKJEKONTORET, MØTEROMMET Frammøte: Gunnar Olav Kartveit Grethe Lunde Sølvi Helen Kvalheim Mjøs Silje Kristin Ellingsen Tore Morland

Detaljer

Visitasforedrag ved bispevisitas i Høyanger og 10. mars 2019

Visitasforedrag ved bispevisitas i Høyanger og 10. mars 2019 Visitasforedrag ved bispevisitas i Høyanger 5. -7. og 10. mars 2019 Kjære kyrkjelyd! Takk ein flott visitas og innhaldsrike dagar. Det har vore spennande å koma til ein stad som er resultatet av satsing

Detaljer

Boks 121, 6263 Skodje Tlf E-post: Org. nr

Boks 121, 6263 Skodje Tlf E-post: Org. nr Skodje sokneråd Boks 121, 6263 Skodje Tlf. 70275465 E-post: skodje@skodjekyrkja.no Org. nr. 976 997 301 INNKALLING TIL SOKNERÅDSMØTE Stad: Frammøte i kyrkja, brannøving kl. 19.00 Tid: Torsdag 10. desember

Detaljer

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd VISJON I arbeidet for og med dei medarbeidarane i Fjell sokn har vi utarbeida ein visjon: I Fjell sokn vil vi

Detaljer

Samanslåing av sokn på Osterøy - høyringsutkast

Samanslåing av sokn på Osterøy - høyringsutkast Dato 11.09.2018 Saksnummer 39-2018 Arkivnummer 414 Samanslåing av sokn på Osterøy - høyringsutkast Bakgrunn I 2017 fekk vi ei utfordring frå prosten i Åsane prosti. Han ba oss finne ut om det var mogeleg

Detaljer

INNKALLING TIL SOKNERÅDSMØTE. Du vert med dette kalla inn til soknerådsmøte tysdag 22.november 2016 kl på kyrkjelydshuset (møterom 2.etasje).

INNKALLING TIL SOKNERÅDSMØTE. Du vert med dette kalla inn til soknerådsmøte tysdag 22.november 2016 kl på kyrkjelydshuset (møterom 2.etasje). Austrheim sokn Kyrkjeverja Tlf: 56 16 72 90 kyrkjeverje@austrheim.sokn.no INNKALLING TIL SOKNERÅDSMØTE Du vert med dette kalla inn til soknerådsmøte tysdag 22.november 2016 kl 19.00 på kyrkjelydshuset

Detaljer

VELKOMEN SOM KONFIRMANT

VELKOMEN SOM KONFIRMANT 2 19 VELKOMEN SOM KONFIRMANT i KYRKJELYDANE I VANYLVEN! KONFIRMASJON 14-15 Den norske kyrkja i Vanylven Kyrkjekontoret tlf. 70022160 E-post: bk324@kyrkja.no Har du nokon gong lurt på eit eller fleire av

Detaljer

Visitasforedrag ved bispevisitas i Stord og Nysæter og 20. nov 2016

Visitasforedrag ved bispevisitas i Stord og Nysæter og 20. nov 2016 Visitasforedrag ved bispevisitas i Stord og Nysæter 15. 17. og 20. nov 2016 Kjære kyrkjelyd! Takk for flotte dagar under visitasen her i Stord! Eg vert stolt når eg ser så mykje godt arbeid i mitt bispedøme.

Detaljer

MØTEBOK TITTELARK FELLESRÅDSAKER

MØTEBOK TITTELARK FELLESRÅDSAKER MØTEBOK TITTELARK FELLESRÅDSAKER Førehaving av: Møtestad: Møtedato: Austrheim sokneråd Kyrkjelydshuset 22.11.2016 Tilstades på møtet: Medlemer: Kine Lerøy, Anita Bakke, Anny Bertelsen, Helge Dyrkolbotn,

Detaljer

VELKOMEN SOM KONFIRMANT i KYRKJELYDANE I VANYLVEN!

VELKOMEN SOM KONFIRMANT i KYRKJELYDANE I VANYLVEN! VELKOMEN SOM KONFIRMANT i KYRKJELYDANE I VANYLVEN! 2018 14-15 Den norske kyrkja i Vanylven Kyrkjekontoret tlf. 70022160 E-post: vanylven.kyrkjekontor@vanylven.kyrkja.no Har du nokon gong lurt på eit eller

Detaljer

ÅRSMELDING FOR VANGSNES SOKNERÅD

ÅRSMELDING FOR VANGSNES SOKNERÅD ÅRSMELDING FOR VANGSNES SOKNERÅD 2014 Årsmelding for Vangsnes Sokneråd 2014. Medlemar: Oddveig Kristine Fimreite ( leiar) Gro Heimdal ( nestleiar og trusopplæring) Leif Audun Sætre ( medlem i fellesrådet)

Detaljer

Protokoll frå møte Frå kl til Møtedato: 4. mars 2015

Protokoll frå møte Frå kl til Møtedato: 4. mars 2015 Side 1 av 5 Protokoll frå møte Frå kl 19.00 til 22.15 Møtedato: 4. mars 2015 Frå saksnummer: 8/15 Møtestad: Kyrkjestova på Bore Til saksnummer: 19/15 Av soknerådet sine medlemmar/ varamedlemmar møtte Medlemmer

Detaljer

Referat. DEN NORSKE KYRKJA Fitjar sokn. Utval: Fitjar sokneråd Møtestad: Kyrkjestova Dato: Torsdag 21. mars 2019 Tid: Møtenr.: Kl. 18.

Referat. DEN NORSKE KYRKJA Fitjar sokn. Utval: Fitjar sokneråd Møtestad: Kyrkjestova Dato: Torsdag 21. mars 2019 Tid: Møtenr.: Kl. 18. Referat Utval: eråd Møtestad: Kyrkjestova Dato: Torsdag 21. mars 2019 Tid: Møtenr.: Kl. 18.30 2/2019 Peder Rygg Drønen møter som fast vara. Andre varamedlemer møter kun etter særskild innkalling. Faste

Detaljer

Plan for undervisning

Plan for undervisning Side 2 av 12 Vi er ansvarlege for konfirmasjonstida på Osterøy vil gjerne gje deg ynskjer å vera konfirmant, og dykk konfirmantforeldre/ -føresette informasjon om konfirmantopplegget vårt. Konfirmasjon

Detaljer

Visitasforedrag ved bispevisitas i Sogndal og Leikanger og 29. april 2018

Visitasforedrag ved bispevisitas i Sogndal og Leikanger og 29. april 2018 Visitasforedrag ved bispevisitas i Sogndal og Leikanger 24. 26. og 29. april 2018 Kjære kyrkjelydar! Takk for flotte møte med kyrkjefolket og folkekyrkja her i Sogndal og Leikanger! Her har eg møtt ein

Detaljer

Årsmelding for Fedje sokn 2016

Årsmelding for Fedje sokn 2016 Årsmelding for Fedje sokn 2016 Sokneråd: Leiar: Jostein Husa Nestleiar: Lars Svendsen Faste medlemmar: Ragnhild Husa, Anders Bergsland, Erling Walderhaug,Olav Husa og Per Børge Hillestad. Sekretær: Mia

Detaljer

Strategidokument Varhaug Misjonshus

Strategidokument Varhaug Misjonshus Strategidokument Varhaug Misjonshus 2016-2018 Strategidokument Varhaug Misjonshus 2016-2018 v0.2.docx2 under arbeid Side 1 Strategidokument Varhaug Misjonshus 2015-2018 Innhald 1. Om Varhaug Misjonshus...

Detaljer

DEN NORSKE KYRKJA Klepp sokneråd

DEN NORSKE KYRKJA Klepp sokneråd DEN NORSKE KYRKJA Klepp sokneråd Kleppevarden 2 Postboks 101 leppe 4358 den KLEPPE 29.05.2015 klepp.sokneraad@kleppkirken.no www.kleppkyrkje.no Kontonr. 3290.07.71265 Org.nr. 976 993 551 Møtebok. Frå kl

Detaljer

Peder Rygg Drønen møter som fast vara. Andre varamedlemer møter kun etter særskild innkalling. Vara for soknepresten Kyrkjeverje

Peder Rygg Drønen møter som fast vara. Andre varamedlemer møter kun etter særskild innkalling. Vara for soknepresten Kyrkjeverje Referat Utval: eråd Møtestad: Fitjar rådhus, kyrkjekontoret Dato: Torsdag 22. mars 2018 Tid: Møtenr.: Kl. 18.30 2/18 Peder Rygg Drønen møter som fast vara. Andre varamedlemer møter kun etter særskild innkalling.

Detaljer

Protokoll frå møte i Bore sokneråd Tysdag 1. desember 2015

Protokoll frå møte i Bore sokneråd Tysdag 1. desember 2015 Side 1 av 6 Protokoll frå møte i Bore sokneråd Tysdag 1. desember 2015 Møtestad: Bore kyrkjekontor Frå saksnummer: 72/15 Til saksnummer: 83/15 Av soknerådet sine medlemmar/ varamedlemmar møtte: Nicolai

Detaljer

Årsmelding 2012 Fusa sokneråd

Årsmelding 2012 Fusa sokneråd Årsmelding 2012 Fusa sokneråd A. Innleiing 2012 har vore eit år med stort engasjement arbeid med ny gudstenesteordning bispevisitas stor opprusting av Fusa kyrkje, Strandvik kyrkje og Visitasgudsteneste

Detaljer

Årsmelding for Kaupanger sokneråd 2013

Årsmelding for Kaupanger sokneråd 2013 Årsmelding for Kaupanger sokneråd 2013 Årsmelding for Kaupanger sokneråd 2013 Innleiing Soknerådet ønskjer med denne årsmeldinga å gje innsyn i det arbeidet som er gjort i soknet gjennom året. Soknerådet,som

Detaljer

VISITASFOREDRAG VED BISPEVISITAS I AUSTEVOLL OG 7. DESEMBER 2014

VISITASFOREDRAG VED BISPEVISITAS I AUSTEVOLL OG 7. DESEMBER 2014 VISITASFOREDRAG VED BISPEVISITAS I AUSTEVOLL 2.-5. OG 7. DESEMBER 2014 Kjære kyrkjelyd! No er vi komne til avslutninga av min andre visitas som fungerande biskop. Det har vore flotte dagar, og eg kjenner

Detaljer

Årsmelding for Fedje sokn 2016

Årsmelding for Fedje sokn 2016 Årsmelding for Fedje sokn 2016 Sokneråd: Leiar: Jostein Husa Nestleiar: Lars Svendsen Faste medlemmar: Ragnhild Husa, Anders Bergsland, Erling Walderhaug,Olav Husa og Per Børge Hillestad. Sekretær: Mia

Detaljer

HOVUDUTSKRIFT. År 2014, den 30. september, hadde Fusa sokneråd møte i Strandebarm kyrkjelydshus i Strandebarm.

HOVUDUTSKRIFT. År 2014, den 30. september, hadde Fusa sokneråd møte i Strandebarm kyrkjelydshus i Strandebarm. FUSA SOKNERÅD HOVUDUTSKRIFT År 2014, den 30. september, hadde Fusa sokneråd møte i Strandebarm kyrkjelydshus i Strandebarm. Møtet tok til kl.19.00 og var slutt kl.21.15. Innkallinga var sendt representantane

Detaljer

Peder Rygg Drønen møter som fast vara. Andre varamedlemer møter kun etter særskild innkalling.

Peder Rygg Drønen møter som fast vara. Andre varamedlemer møter kun etter særskild innkalling. Referat Utval: eråd Møtestad: Kyrkjestova Dato: Tid: Torsdag 7. februar 2019 Kl. 18.30 Møtenr.: 1/2019 Peder Rygg Drønen møter som fast vara. Andre varamedlemer møter kun etter særskild innkalling. Faste

Detaljer

Visitasforedrag ved bispevisitas i Jølster og 24. september 2017

Visitasforedrag ved bispevisitas i Jølster og 24. september 2017 Visitasforedrag ved bispevisitas i Jølster 19. 21. og 24. september 2017 Kjære kyrkjelyd! Takk for flotte visitasdagar her i Jølster! Frå før har eg opplevd Jølster i sol og med snø på toppane som det

Detaljer

Visitasforedrag ved bispevisitas i Samnanger november og 3. desember 2017

Visitasforedrag ved bispevisitas i Samnanger november og 3. desember 2017 1 Visitasforedrag ved bispevisitas i Samnanger 28. 30. november og 3. desember 2017 Kjære kyrkjelyd! Dette har vore fine dagar med mange spennande møtepunkt. Eg fekk blant anna vera sjefshyrde saman med

Detaljer

Protokoll frå møte Frå kl til Møtedato:

Protokoll frå møte Frå kl til Møtedato: Side 1 av 5 Protokoll frå møte Frå kl 19.00 til 22.15 Møtedato: 29.10.14 Frå saksnummer: 68/14 Møtestad: Kyrkjestova på Bore Til saksnummer: 76/14 Av soknerådet sine medlemmar/ varamedlemmar møtte Medlemmer

Detaljer

Årsmelding 2013 Fusa sokneråd (vedteken av Fusa sokneråd, 5. mai 2014)

Årsmelding 2013 Fusa sokneråd (vedteken av Fusa sokneråd, 5. mai 2014) Årsmelding 2013 Fusa sokneråd (vedteken av Fusa sokneråd, 5. mai 2014) A. Innleiing 2013 har vore eit år med stort engasjement gjennomføring av ny gudstenesteordning oppfølging etter bispevisitas stor

Detaljer

VISITASFOREDRAG VED BISPEVISITAS I BALESTRAND OKTOBER OG 3. NOVEMBER 2013

VISITASFOREDRAG VED BISPEVISITAS I BALESTRAND OKTOBER OG 3. NOVEMBER 2013 1 VISITASFOREDRAG VED BISPEVISITAS I BALESTRAND 29. 31. OKTOBER OG 3. NOVEMBER 2013 Kjære kyrkjelyd! Gratulerer med kyrkja, gratulerer med jubileet. Det er flott å merka at dette ikkje berre er jubileum

Detaljer

Velkomen som konfirmant!

Velkomen som konfirmant! 1 Velkomen som konfirmant! Velkomen som konfirmant i Herøy kyrkje, Indre Herøy kyrkje og Leikanger kyrkje. Velkomen til eit år litt utanom det vanlege. Anten du trur, tvilar eller er nysgjerrig på den

Detaljer

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK) SAK 55/13 REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK) Saksopplysning I sak 49/13, under eventuelt var eit punkt spørsmålet om ikkje Regionrådet for Hallingdal burde

Detaljer

Protokoll frå møte Frå kl 19.00 til 22.15 Møtedato: 15. april 2015

Protokoll frå møte Frå kl 19.00 til 22.15 Møtedato: 15. april 2015 Side 1 av 5 Protokoll frå møte Frå kl 19.00 til 22.15 Møtedato: 15. april 2015 Frå saksnummer: 20/ 15 Møtestad: Kyrkjestova på Bore Til saksnummer: 30/ 15 Av soknerådet sine medlemmar/ varamedlemmar møtte

Detaljer

Strategidokument 2016-2018

Strategidokument 2016-2018 Strategidokument 2016-2018 Årsmøtet Varhaug Misjonshus 2015 12. Mars 2015 www.varhaug-misjonshus.no 1. Om Varhaug Misjonshus Varhaug Misjonshus er eit flott anlegg midt i Varhaug sentrum. Misjonshuset

Detaljer

kjærleiken ein har til kyrkja. Denne arven er det som må førast vidare til neste generasjon.

kjærleiken ein har til kyrkja. Denne arven er det som må førast vidare til neste generasjon. Visitasforedrag i Vik 6. mars 2016 Kjære kyrkjelyd! Takk for flotte dagar her i Vik! Det er ei fantastisk vakker bygd. Og det handlar ikkje berre om naturen. Her har forfedrene dykkar bygd dei vakraste

Detaljer

Velkomen som konfirmant

Velkomen som konfirmant 1 Velkomen som konfirmant Velkomen som konfirmant i Herøy, Indre Herøy og Leikanger kyrkjelydar. Velkomen til eit år litt utanom det vanlege. Anten du trur, tvilar eller berre er nyfiken, er du velkomen

Detaljer

Kontaktinfo. Besøksadresse: Rådhuset i Langevåg 3.etasje. Postadresse: Sula Sokn Postboks LANGEVÅG. Telefon sentralbord:

Kontaktinfo. Besøksadresse: Rådhuset i Langevåg 3.etasje. Postadresse: Sula Sokn Postboks LANGEVÅG. Telefon sentralbord: Enten du trur, tvilar eller berre er nysgjerrig, er du velkomen til konfirmasjon i kyrkja. I konfirmasjonstida får du lære meir om deg sjølv og Gud. Du får høve til å utforske nokre av dei mange spørsmåla

Detaljer

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD DEN NORSKE KYRKJA Bremnes sokneråd MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD Møtestad: Rådhuset Tid: Tysdag 26.11.2013 kl. 19.30-22.00 Desse møtte: Berit Hallaråker, Asbjørn Gundersen, Bjarte Aartun, Karl Mæland, Elin

Detaljer

Protokoll frå møte Frå kl 19.00 til 22.15 Møtedato: 21. januar 2015

Protokoll frå møte Frå kl 19.00 til 22.15 Møtedato: 21. januar 2015 Side 1 av 6 Protokoll frå møte Frå kl 19.00 til 22.15 Møtedato: 21. januar 2015 Frå saksnummer: 01/15 Møtestad: Kyrkjestova på Bore Til saksnummer: 06/15 Av soknerådet sine medlemmar/ varamedlemmar møtte

Detaljer

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS) Fjell kommune Arkiv: Saksmappe: 2012/1597-12483/2013 Sakshandsamar: Unni Rygg Dato: 04.06.2013 SAKSDOKUMENT Utvalsaksnr Utval Møtedato 30/13 Ungdommens kommunestyre 11.06.2013 72/13 Kommunestyret 20.06.2013

Detaljer

SAKSUTGREIING. Sak: Felles sokneråd for Leveld, Torpo og Ål sokn. Sokneråda i Ål kallar inn til kyrkjelydsmøte etter gudstenesta:

SAKSUTGREIING. Sak: Felles sokneråd for Leveld, Torpo og Ål sokn. Sokneråda i Ål kallar inn til kyrkjelydsmøte etter gudstenesta: SAKSUTGREIING Sak: Felles sokneråd for Leveld, Torpo og Ål sokn Sokneråda i Ål kallar inn til kyrkjelydsmøte etter gudstenesta: Torpo kyrkje sundag 28. sept. kl. 11.00 Ål kyrkje sundag 5. okt. kl. 11.00

Detaljer

Reglement for Ungdommens fylkesting og Ungdommens fylkesutval. Dokumenttype: Godkjend av: Gjeld frå: Tal sider:

Reglement for Ungdommens fylkesting og Ungdommens fylkesutval. Dokumenttype: Godkjend av: Gjeld frå: Tal sider: Reglement for Ungdommens fylkesting og Ungdommens fylkesutval Dokumenttype: Godkjend av: Gjeld frå: Tal sider: Reglement 7 Utarbeidd av: Godkjend dato: Revidert dato: Arkivsak: Ungdommens fylkesutval 1

Detaljer

Konf irmant Informasjon om konf irmasjonstida i Foldnes, Landro og Fjell kyrkje.

Konf irmant Informasjon om konf irmasjonstida i Foldnes, Landro og Fjell kyrkje. Konf irmant 2019 Informasjon om konf irmasjonstida i Foldnes, Landro og Fjell kyrkje. Velkommen til konfirmasjonstida i Fjell 2018-2019! Det nærmar seg konfirmasjonstid!. Vi i kyrkja held på å planlegge

Detaljer

Protokoll frå møte i Bore sokneråd Tysdag 7. november 2017

Protokoll frå møte i Bore sokneråd Tysdag 7. november 2017 Side 1 av 6 Protokoll frå møte i Bore sokneråd Tysdag 7. november 2017 Møtestad: Bore kyrkjekontor Frå saksnummer: 42/17 Til saksnummer: 51/17 Av soknerådet sine medlemmar/ varamedlemmar møtte: Nicolai

Detaljer

Møteprotokoll for Askvoll sokneråd

Møteprotokoll for Askvoll sokneråd DEN NORSKE KYRKJA Møteprotokoll for Tid: 26.02.2019 kl. 15:15-16:52 Stad: ASKVOLL Frammøtte: Jostein Gryte Leiar Wenche Ness Gabrielsen Nestleiar Terje Mork Leif Jørgen Leknes Halldis Rørvik Reidar Andreas

Detaljer

Protokoll frå møte Frå kl 19.00 til 22.15 Møtedato: 01.10.14

Protokoll frå møte Frå kl 19.00 til 22.15 Møtedato: 01.10.14 Side 1 av 5 Protokoll frå møte Frå kl 19.00 til 22.15 Møtedato: 01.10.14 Frå saksnummer: 60/ 14 Møtestad: Kyrkjestova på Bore Til saksnummer: 67/ 14 Av soknerådet sine medlemmar/ varamedlemmar møtte Medlemmer

Detaljer

Finnøy og Rennesøy kommunar

Finnøy og Rennesøy kommunar Kommunikasjonsplan Finnøy og Rennesøy kommunar 1 1. SKILDRING AV DEN AKTUELLE SITUASJONEN... 3 2. PROBLEMANALYSE... 3 3. MÅL... 4 3.1. KOMMUNIKASJONSMÅL... 4 4. MÅLGRUPPER... 4 5. BODSKAP... 5 6. KANALAR

Detaljer

Årsmelding Eidfjord sokneråd

Årsmelding Eidfjord sokneråd Eidfjord sokneråd Medlemar i soknerådet 2016 Sigrid Bu (leiar) Hans Hellevang (nestleiar) Solveig Liseth Vik Liv Bente S Rokne Marte Seip Kjellaug Enge Tor Bu (vara m fast oppmøte) Bjørn Tore Sæle (geistleg

Detaljer

Årsmelding Eidfjord sokneråd

Årsmelding Eidfjord sokneråd Eidfjord sokneråd Eidfjord sokneråd 2017 Sigrid Bu (leiar) Hans Hellevang (nestleiar) Solveig Liseth Vik Liv Bente S Rokne Marte Seip Kjellaug Enge Tor Bu (vara m fast oppmøte) Bjørn Tore Sæle (geistleg

Detaljer

KYRKJEBLAD FOR RENNESØY OG MOSTERØY SOKN. Årgang 50, nr BOPDESIGN

KYRKJEBLAD FOR RENNESØY OG MOSTERØY SOKN. Årgang 50, nr BOPDESIGN KYRKJEBLAD FOR RENNESØY OG MOSTERØY SOKN Årgang 50, nr. 1-2017 BOPDESIGN SOLA SCRIPTURA BARE SKRIFTA 500 år sidan Martin Luther sa i frå. «Ikkje paven, ikkje eit kyrkjemøte eller nokon teolog kan bestemma

Detaljer

Utviklingsplan 2015-2017 for Ørsta frikyrkje

Utviklingsplan 2015-2017 for Ørsta frikyrkje Utviklingsplan 2015-2017 for Ørsta frikyrkje Visjon: Å gjere Jesus synleg I perioden 2015-2017 skal visjonen synleggjerast gjennom fire utvalde satsingar. Gudstenester, offerdagar, misjonsmesse og andre

Detaljer

Førde, 2013. Else Osmundnes Kvamsås Leiar for Trusopplæringa

Førde, 2013. Else Osmundnes Kvamsås Leiar for Trusopplæringa 1 2 "Plan for trusopplæring i Den norske kyrkja har som føremål å medverke til ei systematisk og samanhengande trusopplæring som vekkjer og styrkjer kristen tru gjev kjennskap til den treeinige Gud medverkar

Detaljer

Referat frå 1. soknerådsmøte 2014, 14. Januar

Referat frå 1. soknerådsmøte 2014, 14. Januar Referat frå 1. soknerådsmøte 2014, 14. Januar Sokneråd FOK Tilstede : Merknader / Vararepresentant: Jon Lende Leiar av soknerådet Tor Arne Laland Sigve Klakegg Karl Inge Lygre Helen Hetland Mori 1.vara

Detaljer

Møteprotokoll for møte i

Møteprotokoll for møte i Møteprotokoll for møte i Masfjorden Kyrkjelege Fellesråd 27.01. 2015 kl. 1815 i kantina på kommunehuset. Desse møtte: Ragnhild Skuggedal Britt E. Nordland Åse Dyrkolbotn Øyvind Kristoffersen Egil Kvingedal

Detaljer

5419 Fitjar Fitjar, 25. oktober 2017

5419 Fitjar Fitjar, 25. oktober 2017 Fitjar kommune v/ rådmannen 5419 Fitjar Fitjar, 25. oktober 2017 Kommunal støtte til Fitjar kyrkje i 2018 Soknerådet behandla sak om budsjett for 2018 på møte den 19. oktober. Framlegget til budsjett inneber

Detaljer

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje 2015-2017

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje 2015-2017 Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje 2015-2017 Visjon: Vi vil gjere Jesus synleg I perioden 2015-2017 skal visjonen synleggjerast gjennom fire utvalde satsingar. I tillegg vil vi vidareføre gudstenester,

Detaljer

Veivalg for fremtidig kirkeordning

Veivalg for fremtidig kirkeordning HØRINGSSVAR Veivalg for fremtidig kirkeordning Høring februar mai 2015 Opplysninger om høringsinstansen: Navn på menighet/kirkelig fellesråd/organisasjon: _Vestre_Slidre kyrkjeleg fellesråd, Slidre sokneråd,

Detaljer

Reglement for Ungdommens Fylkesting og Ungdommens Fylkesutval

Reglement for Ungdommens Fylkesting og Ungdommens Fylkesutval 1 Heimelsgrunnlag og formål 1.1 Gjennom Ungdommens fylkesting og Ungdommens fylkesutval skal ungdom i Hordaland ha reel medverknad, kunne påverke politiske saker i fylket og auke ungdomens samfunnsengasjement.

Detaljer

10. Soknerådsmøte november Referat

10. Soknerådsmøte november Referat 10. Soknerådsmøte 2016 15. november Referat Mat: Bjørg N. AU Arbeidsutvalet for soknerådet. Møter kvar månad ca 1 veke før soknerådsmøtet. Tar unna saker av meir forretningsmessig karakter. SR Soknerådet

Detaljer

Diakoniplan Ulstein sokn

Diakoniplan Ulstein sokn iplan Ulstein sokn 2018-2021 Ulstein sokn sin visjon: Saman på ferda. Definisjonen av diakoni er som følgjer: «i er kyrkja si omsorgsteneste. Den er evangeliet i handling og blir uttrykt gjennom nestekjærleik,

Detaljer

Kyrkjerådet, Mellomkyrkjeleg råd, Samisk kyrkjeråd

Kyrkjerådet, Mellomkyrkjeleg råd, Samisk kyrkjeråd DEN NORSKE KYRKJA KR 29/12 Kyrkjerådet, Mellomkyrkjeleg råd, Samisk kyrkjeråd Oslo, 27.-28. sept 2012 Referansar: KR 42/11 Nynorsken sin plass i trusopplæringa Samandrag I Kyrkjerådet sitt møte i september

Detaljer

Semesterplan hausten 2016

Semesterplan hausten 2016 Semesterplan hausten 2016 Tysdag 23,08 Oppstart Søndag 28.08 10.45 Foreldremøte etter gudstenesta Presentasjonsgudsteneste kl 11.00 Tysdag 13.09 Nattverd Tysdag 04.10 Bøn Tysdag 25.10 Dåp Tysdag 08.11

Detaljer

9. Soknerådsmøte oktober Referat

9. Soknerådsmøte oktober Referat 9. Soknerådsmøte 2016 18. oktober Referat Mat: Karl Inge AU Arbeidsutvalet for soknerådet. Møter kvar månad ca 1 veke før soknerådsmøtet. Tar unna saker av meir forretningsmessig karakter. SR Soknerådet

Detaljer

KYRKJEBLAD FOR RENNESØY OG MOSTERØY SOKN. Årgang 49, nr BOPDESIGN

KYRKJEBLAD FOR RENNESØY OG MOSTERØY SOKN. Årgang 49, nr BOPDESIGN KYRKJEBLAD FOR RENNESØY OG MOSTERØY SOKN Årgang 49, nr. 2-2016 BOPDESIGN VÅR OG SOMMER ER UNGDOMMENS TID Vi har sett det igjen! De sprudler av liv og glede og tar imot sola og varmen med åpne armer. Konfirmasjonstid

Detaljer

Protokoll frå møte Frå kl til Møtedato:

Protokoll frå møte Frå kl til Møtedato: Side 1 av 5 Protokoll frå møte Frå kl 19.00 til 22.15 Møtedato: 10.06.15. Frå saksnummer: 39/ 15 Møtestad: Kyrkjestova på Bore Til saksnummer: 45/ 15 Av soknerådet sine medlemmar/ varamedlemmar møtte Medlemmer

Detaljer

Strategidokument Varhaug Misjonshus

Strategidokument Varhaug Misjonshus Strategidokument Varhaug Misjonshus 2011-2013 Strategidokument_Varhaug_Misjonshus_2011-2013_v1-0.doc Side 1 Strategidokument Varhaug Misjonshus 2010-2015 Innhold 1.Om Varhaug Misjonshus...3 1.1.Visjon...3

Detaljer

Peder Rygg Drønen møter som fast vara. Andre varamedlemer møter kun etter særskild innkalling. Kyrkjeverje. Funksjon. Medlem. Medlem Medlem.

Peder Rygg Drønen møter som fast vara. Andre varamedlemer møter kun etter særskild innkalling. Kyrkjeverje. Funksjon. Medlem. Medlem Medlem. Referat Utval: eråd Møtestad: Kyrkjekontoret Dato: Torsdag 20. september 2018 Tid: Møtenr.: Kl. 18.30 7/2018 Peder Rygg Drønen møter som fast vara. Andre varamedlemer møter kun etter særskild innkalling.

Detaljer

Kontaktinfo. Besøksadresse: Rådhuset i Langevåg 3.etasje. Postadresse: Sula Sokn Postboks LANGEVÅG. Telefon:

Kontaktinfo. Besøksadresse: Rådhuset i Langevåg 3.etasje. Postadresse: Sula Sokn Postboks LANGEVÅG. Telefon: Enten du trur, tvilar eller berre er nysgjerrig, er du velkomen til konfirmasjon i kyrkja. I konfirmasjonstida kan du lære meir om deg sjølv og Gud. Du får høve til å utforske nokre av dei mange spørsmåla

Detaljer

Informasjon frå Sula kyrkjelyd

Informasjon frå Sula kyrkjelyd Enten du trur, tvilar eller berre er nysgjerrig, er du velkomen til konfirmasjon i kyrkja. I konfirmasjonstida kan du lære meir om deg sjølv og Gud. Du får høve til å utforske nokre av dei mange spørsmåla

Detaljer

Vi inviterer. Oppheim og Vinje kyrkjelydar

Vi inviterer. Oppheim og Vinje kyrkjelydar Vi inviterer Oppheim og Vinje kyrkjelydar Kvifor konfirmant? Konfirmanttida er ei tid for å tenkje nye tankar, få nye opplevingar og kanskje nye venner! Tema vi skal utforske saman, er: Kvar kjem eg frå?

Detaljer

FLEIRE MED SAMAN FOR LOKALSAMFUNNET FRIVILLIGSTRATEGI HJELMELAND KOMMUNE. Vedteken i kommunestyret , sak 78/

FLEIRE MED SAMAN FOR LOKALSAMFUNNET FRIVILLIGSTRATEGI HJELMELAND KOMMUNE. Vedteken i kommunestyret , sak 78/ FLEIRE MED SAMAN FOR LOKALSAMFUNNET FRIVILLIGSTRATEGI HJELMELAND KOMMUNE 2018-2030 Vedteken i kommunestyret 14.12.17, sak 78/17 Innhald: 1 Bakgrunn 2 sin strategi 3 Dei 10 frivilligpolitiske boda 4 Årshjul

Detaljer

2. Soknerådsmøte februar Referat

2. Soknerådsmøte februar Referat 2. Soknerådsmøte 2017 14. februar Referat Mat: Karl Inge AU Arbeidsutvalet for soknerådet. Møter kvar månad ca 1 veke før soknerådsmøtet. Tar unna saker av meir forretningsmessig karakter. SR Soknerådet

Detaljer

Protokoll frå møte Frå kl til Møtedato: 23. sept. 2015

Protokoll frå møte Frå kl til Møtedato: 23. sept. 2015 Side 1 av 5 Protokoll frå møte Frå kl 19.00 til 22.15 Møtedato: 23. sept. 2015 Frå saksnummer: 54/15 Møtestad: Kyrkjekontoret på Bore Til saksnummer: 63/15 Av soknerådet sine medlemmar/ varamedlemmar møtte

Detaljer

Informasjon frå Sula kyrkjelyd

Informasjon frå Sula kyrkjelyd Enten du trur, tvilar eller berre er nysgjerrig, er du velkomen til konfirmasjon i kyrkja. I konfirmasjonstida får du lære meir om deg sjølv og Gud. Du får høve til å utforske nokre av dei mange spørsmåla

Detaljer

VEDTEKT av februar 2007

VEDTEKT av februar 2007 IKS VEDTEKT av februar 2007 Vedteken i følgjande kommunar: Bokn Etne Haugesund Tysvær Vindafjord Vedtekt av februar 2007 Side 1 av 5 INNHALD Side 1. Heimel... 2 2. Deltakarar... 2 3. Føremål... 2 4. Hovudkontor...

Detaljer

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE Vedteke av kommunestyret 2. oktober 2014, sak 67/14 1 Innhold 1. Kvifor plan for bruk av nynorsk i Nissedal kommune?... 3 1.1 Bruk av nynorsk internt i organisasjonen

Detaljer

Kod e.g1g.,. a.(ll... '3_:...

Kod e.g1g.,. a.(ll... '3_:... u t DEN NORSKE KYRKJA Leikanger sokneråd Leikanger, 19. oktober 2006 Kultur- og kyrkjedepartementet Kyrkjeavdelinga Postboks 8030 Dep. 0030 OSLO E'..._...... Kod e.g1g.,. a.(ll... '3_:... HØYRINGSFRÅSEGN

Detaljer

Kontaktinfo. Besøksadresse: Rådhuset i Langevåg 3.etasje. Postadresse: Sula Sokn Postboks LANGEVÅG. Telefon:

Kontaktinfo. Besøksadresse: Rådhuset i Langevåg 3.etasje. Postadresse: Sula Sokn Postboks LANGEVÅG. Telefon: Enten du trur, tvilar eller berre er nysgjerrig, er du velkomen til konfirmasjon i kyrkja. I konfirmasjonstida får du lære meir om deg sjølv og Gud. Du får høve til å utforske nokre av dei mange spørsmåla

Detaljer

Årsmelding for Fedje sokn 2018

Årsmelding for Fedje sokn 2018 Årsmelding for Fedje sokn 2018 Sokneråd: Leiar: Lars Svendsen Nestleiar: Olav Husa (Jostein Husa som vara) Faste medlemmar: Ragnhild Husa, Anders Bergsland (til mai), Tone Sævi (frå mai),erling Walderhaug,

Detaljer

Informasjon frå Sula kyrkjelyd. Kven er eg? www.sula.kyrkja.no

Informasjon frå Sula kyrkjelyd. Kven er eg? www.sula.kyrkja.no Informasjon frå Sula kyrkjelyd Kven er eg? www.sula.kyrkja.no Enten du trur, tvilar eller berre er nysgjerrig, er du velkomen til konfirmasjon i kyrkja. I konfirmasjonstida får du lære meir om deg sjølv

Detaljer

Plan for rettleiing av nyutdanna pedagogar i barnehage

Plan for rettleiing av nyutdanna pedagogar i barnehage Plan for rettleiing av nyutdanna pedagogar i barnehage Planen er administrativt godkjent og gjeld frå september 2013. Oppdatert august 2018 Foto: Kari Aas INNLEIING Nyutdanna pedagogar har etter ferdig

Detaljer

Konf irmant Informasjonshefte om konf irmasjon i Foldnes, Landro og Fjell kyrkjer.

Konf irmant Informasjonshefte om konf irmasjon i Foldnes, Landro og Fjell kyrkjer. Konf irmant 2018 Informasjonshefte om konf irmasjon i Foldnes, Landro og Fjell kyrkjer. Velkommen til konfirmasjonstida i Fjell 2017-2018! Det nærmar seg konfirmasjonstid for dykk som er fødde i 2003.

Detaljer

Vedtekter for skulefritidsordninga i Hemsedal kommune

Vedtekter for skulefritidsordninga i Hemsedal kommune Vedtekter for skulefritidsordninga i Hemsedal kommune Vedteke i Kommunestyret 12.05.2016 K-sak 36/16 1. Eigar Hemsedal kommune er eigar og ansvarleg for drifta av skulefritidsordningane (SFO) ved Tuv og

Detaljer

Høyringssvar frå Bjørgvin bispedømeråd om Kyrkjerådet si sammensetting

Høyringssvar frå Bjørgvin bispedømeråd om Kyrkjerådet si sammensetting DEN NORSKE KYRKJA Bjørgvin bispedømeråd Adresseinformasjon fylles inn ved ekspedering. Se mottakerliste nedenfor. Adresseinformasjon fylles inn ved ekspedering. Se mottakerliste nedenfor. Dato: 06.11.2017

Detaljer

4. Soknerådsmøte april Referat

4. Soknerådsmøte april Referat 4. Soknerådsmøte 2016 5.april Referat Mat: Bjørg M. AU Arbeidsutvalet for soknerådet. Møter kvar månad ca 1 veke før soknerådsmøtet. Tar unna saker av meir forretningsmessig karakter. SR Soknerådet FR

Detaljer

Kontaktinfo. Besøksadresse: Rådhuset i Langevåg 3.etasje. Postadresse: Sula Sokn Postboks LANGEVÅG. Telefon sentralbord:

Kontaktinfo. Besøksadresse: Rådhuset i Langevåg 3.etasje. Postadresse: Sula Sokn Postboks LANGEVÅG. Telefon sentralbord: Enten du trur, tvilar eller berre er nysgjerrig, er du velkomen til konfirmasjon i kyrkja. I konfirmasjonstida kan du lære meir om deg sjølv og Gud. Du får høve til å utforske nokre av dei mange spørsmåla

Detaljer

Tokke kommune. Møteinnkalling. Til medlemene i Oppvekstutvalet. Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Oppvekstutvalet

Tokke kommune. Møteinnkalling. Til medlemene i Oppvekstutvalet. Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Oppvekstutvalet Tokke kommune Møteinnkalling Til medlemene i Oppvekstutvalet Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Oppvekstutvalet Møtestad: Kommunehuset, kommunestyresalen Dato: 10.01.2012 Tid: 08:00

Detaljer

Granvin barne- og ungdomsskule 5733 GRANVIN Rektor mobil: Assisterande rektor mobil:

Granvin barne- og ungdomsskule 5733 GRANVIN Rektor mobil: Assisterande rektor mobil: Granvin barne- og ungdomsskule 5733 GRANVIN rigmor.hanssen@granvin.kommune.no Rektor mobil: 40403885 Assisterande rektor mobil: 40403884 Informasjon til heimane, november 2017 Hausten er på hell, og det

Detaljer

Gol kommune er eigar og ansvarleg for drifta ved skulefritidsordninga (SFO) for elevar i grunnskulen i Gol.

Gol kommune er eigar og ansvarleg for drifta ved skulefritidsordninga (SFO) for elevar i grunnskulen i Gol. VEDTEKTER FOR SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m. 01.08.16 1. FØREMÅL Det skal vere ein SFO i kommunen. Skulefritidsordninga skal leggja til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar

Detaljer

5. Soknerådsmøte 2016 3. mai Referat

5. Soknerådsmøte 2016 3. mai Referat 5. Soknerådsmøte 2016 3. mai Referat Mat: Ingunn AU Arbeidsutvalet for soknerådet. Møter kvar månad ca 1 veke før soknerådsmøtet. Tar unna saker av meir forretningsmessig karakter. SR Soknerådet FR Klepp

Detaljer

Forslag til høyringssvar til «Veival for framtidig kyrkjeordning» frå Giske kyrkjelege fellesråd.

Forslag til høyringssvar til «Veival for framtidig kyrkjeordning» frå Giske kyrkjelege fellesråd. Forslag til høyringssvar til «Veival for framtidig kyrkjeordning» frå Giske kyrkjelege fellesråd. Spørsmål 1. Bør det gjøres endringer i fordelingen av oppgaver og myndighet mellom lokalt, regionalt og

Detaljer

Vedtekter KINSARVIK BÅTLAG VEDTEKTER. Vedtekne på årsmøtet 21. april 2016, gjeldande straks. 1 Namn og føremål

Vedtekter KINSARVIK BÅTLAG VEDTEKTER. Vedtekne på årsmøtet 21. april 2016, gjeldande straks. 1 Namn og føremål Vedtekter KINSARVIK BÅTLAG VEDTEKTER Vedtekne på årsmøtet 21. april 2016, gjeldande straks. 1 Namn og føremål Namnet til Båtlaget er: Kinsarvik Båtlag Kinsarvik Båtlag sitt føremål er å samla båtinteresserte

Detaljer

6. soknerådsmøte 2015, 19. mai : Referat

6. soknerådsmøte 2015, 19. mai : Referat 6. soknerådsmøte 2015, 19. mai : Referat Mat: Ragnhild Sokneråd FOK Tilstede : Merknader / Vararepresentant: Jon Lende Leiar av soknerådet Tor Arne Laland Sigve Klakegg Karl Inge Lygre Nestleiar Helen

Detaljer

Årsmelding for Bjordal og Ortnevik sokneråd 2016

Årsmelding for Bjordal og Ortnevik sokneråd 2016 Årsmelding for Bjordal og Ortnevik sokneråd 2016 Desse var i soknerådet i 2016 : Øyvind Rømo, leiar Åshild B. Søreide, nestleiar Liv - Gunnbjørg Søreide, kasserar Sissel Sørebø, Bodil Førde, Sølvi Gunn

Detaljer

Protokoll frå møte i Bore sokneråd Tysdag 1. mars 2016

Protokoll frå møte i Bore sokneråd Tysdag 1. mars 2016 Side 1 av 5 Protokoll frå møte i Bore sokneråd Tysdag 1. mars 2016 Møtestad: Bore kyrkjekontor Frå saksnummer: 08/16 Til saksnummer: 17/16 Av soknerådet sine medlemmar/ varamedlemmar møtte: Nicolai Homme

Detaljer

4384 Vikeså Dato Omtale av tiltaka på vedlagte skjema. Tiltaka er utgifter kommunen har ansvar å løyva midlar til etter 15 i Kyrkjelova.

4384 Vikeså Dato Omtale av tiltaka på vedlagte skjema. Tiltaka er utgifter kommunen har ansvar å løyva midlar til etter 15 i Kyrkjelova. Den Norske Kyrkj a W Bjerkreim Postboks 38 4384 Vikeså Dato 27.09.2018 Arkiv 1 8/76 Saksbeh Til Bj erkreim formannskap og kommunestyre her BUDSJETT- OG ØKONOMIPLAN 2019 2022 utvida og nye tiltak. Vedlagt

Detaljer

HOVUDUTSKRIFT. År 2014, den 5. juni, hadde Fusa sokneråd møte på kyrkjekontoret, Fjord n senter, Eikelandsosen.

HOVUDUTSKRIFT. År 2014, den 5. juni, hadde Fusa sokneråd møte på kyrkjekontoret, Fjord n senter, Eikelandsosen. FUSA SOKNERÅD HOVUDUTSKRIFT År 2014, den 5. juni, hadde møte på kyrkjekontoret, Fjord n senter, Eikelandsosen. Møtet tok til kl.18.30 og var slutt kl.21.10. Innkallinga var sendt representantane og vararepresentantane

Detaljer