Høyringsfråsegn om revidert læreplan i norsk

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Høyringsfråsegn om revidert læreplan i norsk"

Transkript

1 Utdanningsdirektoratet Postboks 9359 Grønland 0135 OSLO Vår ref: Dykkar ref: Dato: HF-LP/ /6261 Oslo, Høyringsfråsegn om revidert læreplan i norsk Norsk Målungdom sender med dette svar på høyringa om revidert læreplan for norskfaget. Høyringsfråsegna fylgjer under, og vart samrøystes vedteken under landsstyremøtet i Norsk Målungdom februar Med beste helsing NORSK MÅLUNGDOM Vebjørn Sture leiar 1

2 Høyringsfråsegn om revidert læreplan i norsk Vedteken på landsstyremøtet i Norsk Målungdom, 10. februar 2013 INNLEIING Bakgrunn Bakgrunnen for saka er framlegget til revidert læreplan for norskfaget, som Utdanningsdirektoratet har utarbeidd på vegner av Kunnskapsdepartementet, og sende på høyring 5. desember Norsk Målungdom organiserer ungdom frå heile Noreg i arbeidet for at alle skal ha høve og rett til å skriva nynorsk, og å fremja nynorsk, dialektbruk og språkleg mangfald på alle samfunnsområde. Me rekrutterer eit breitt spekter av språkinteressert ungdom; frå nynorskelevar som vil kjempa for sine språklege rettar, til bokmålselevar som ynskjer seg betre sidemålsopplæring og alt i mellom. Attåt ein unik kontakt med elevar gjennom frå reise- og føredragsverksemd på skular over heile landet, er dette utgangspunktet for våre perspektiv i saka. Kort samandrag Norsk Målungdom er positive til ei opprydding og innstramming i norskfaget. Over fleire år har me etterlyst eit meir spissa norskfag, med ei fornya og forbetra sidemålsopplæring, slik at faget i større grad legg vekt på at elevane skal læra å lesa og skriva godt på både bokmål og nynorsk. Bakgrunnen for dette handlar dels om at den noverande sidemålsopplæringa ikkje fungerer etter intensjonen, og dels om at både elevar og lærarar over tid har meldt om at norskfaget har vorte for omfattande. Difor har me teke til orde for å prioritera kjernestoffet i faget lesing og skriving på nynorsk og bokmål, i tillegg til kunnskap om språk- og litteraturhistorie og heller skjera ned så mykje som trengst på mindre sentrale område i faget. Det tyder ikkje at me vil ha bort alt anna, men prioriteringa må vera tydeleg: Norskfaget skal aller fyrst læra elevane å uttrykkja seg på nynorsk og bokmål. Dette må med naudsyn innebera ei solid styrking av sidemålsopplæringa. Diverre registrerer me at våre innspel har møtt dauve øyre under utarbeidinga av den nye læreplanen. Læreplanutkastet legg opp til ei soleklår svekking av sidemålsopplæringa, medan mindre relevante emne og kompetansemål som like gjerne kunne høyrt heime i andre fag får stå i fred. Dette vil innebera at mange bokmålselevar også i framtida vil vera ute av stand til å samhandla på nynorsk i samfunns- og yrkesliv, og dimed at nynorskelevar i endå større grad enn før vil byta til bokmål som hovudmål. Norsk Målungdom meiner difor at utkastet til ny læreplan for norskfaget må betrast på ei rekkje område. Dei viktigaste merknadene våre er at elevane må få tidlegare skriftleg sidemålsopplæring enn kva Utdanningsdirektoratet legg opp til, at kompetansen i både nynorsk og bokmål må dokumenterast på vitnemålet med både standpunktkarakter og eksamen, at kompetansemåla for nynorsk og bokmål bør vera like, og at grunngjevingane for hovud- og sidemålsopplæring i føremålskapittelet har vesentlege manglar. 2

3 TIDLEG SIDEMÅLSSTART Norsk Målungdom meiner at tidleg start med skrivetrening i sidemål er avgjerande for å dyrka gode haldningar og skrivekompetanse i både nynorsk og bokmål. Slik kjem me både fordomar og karakterpress i forkjøpet, og dreg nytte av dei åra elevane har størst evne til å læra språk. Per i dag kan skulane med opplæringslova ( 2.5) og læreplanen i hand venta til 9. trinn med å læra elevane sidemål. Her ligg mykje av årsaka til dei utfordringane sidemålsopplæringa står overfor. Med sein sidemålsstart får elevane kort tid til å læra seg sidemålet, og dei får såleis dårlegare føresetnader for å kunna prestera bra nok til å oppnå så gode resultat som dei har potensiale til. Dette er også kjernen av dei dårlege haldningane mange bokmålselevar har til nynorsk. Elevane er med rette frustrerte over å skulla målast og vurderast i eit språk dei ikkje har fått ein real sjanse til å læra godt. Frustrasjonen aukar ved at mange bokmålselevar ikkje har sitt fyrste møte med nynorsk før dei byrjar på ungdomsskulen, der dei frå fyrste stund skal vurderast med karakter. Medan dei har fått mange år på barneskulen til å verta fortrulege med hovudmålet sitt, så vel som engelsk, matematikk og ymse andre fag, vert sidemål heilt frå starten av eit reint karakterspørsmål. Dette kan me unngå ved å la elevane verta kjende med og læra å skriva sidemålet på barneskulen. Me minner om at forsøk med tidleg sidemålsstart pågår ved fleire skular rundt om i landet, mellom anna Våland skole i Stavanger og Brattholmen skole utanfor Bergen. Prosjekta er ikkje sluttførte, men førebelse tilbakemeldingar støttar opp under dei momenta me har peikt på. Eit anna vesentleg moment er at tidleg utvikling av tospråklegheit kan gje fleire kognitive fordelar. Internasjonal fleirspråksforsking frå ulike språkområde viser at betre framandspråkslæring, større metaspråkleg forståing og generelt betre språkforståing er nokre av dei fordelane tospråklege elevar får. Dette vert også underbygt av ei nyleg undersøking ved NTNU, som viser at dei som ofte skriv nynorsk forstår både nynorsk og bokmål betre enn andre. Desse moglegheitene bør ikkje kastast bort ved å venta med sidemål til elevane er for gamle til å dra veksel på fordelane ved å veksa opp som funksjonelt tospråkleg. I høyringsnotatet skriv Utdanningsdirektoratet at «Skriving på begge målformene begynner på mellomtrinnet, utan krav til formell meistring». Dette må tolkast som ein referanse til kompetansemålet om å «prøve ut ulike språkvarianter i egen skriving på bokmål og nynorsk» etter 7. årstrinn. Me gler oss i utgangspunktet over at Utdanningsdirektoratet tilsynelatande tenkjer seg tidlegare skrivetrening på begge skriftspråka, men me kan ikkje sjå at at dette viser igjen i kompetansemåla. Det nemnde kompetansemålet er ikkje nytt, det er ei justering av eit kompetansemål som tidlegare la opp til å «eksperimentere med ulike språkvarianter i egen skriving på bokmål og nynorsk, dialekt og gruppespråk». Det er vanskeleg å sjå korleis denne justeringa skal gjera monalege utslag i kor tidleg og grundig barneskuleelevar får byrja med sidemålet sitt. I praksis vil det å eksperimentere og prøve ut kunna lesast heilt likt, og ved å leggja kompetansemålet til 7. årstrinn, vil skilnaden for mange elevar verta minimal. Om ein byrjar med sidemålet i vårsemesteret på 7. trinn eller haustsemesteret på 8. trinn vil ikkje gjera nokon monaleg praktisk skilnad. Me etterlyser difor tidlegare og klårare kompetansemål om skriving på både bokmål og nynorsk. Av positive endringar i utkastet til ny læreplan, vil me trekkja fram og applaudera den tidlegare starten med lesing og lytting på bokmål og nynorsk, og refleksjonen rundt den norske tospråksstoda. Dette dannar eit betre grunnlag enn før for meir kunnskap og færre fordomar om nynorsk. Me vil likevel leggja til at det også her kan gjerast ytterlegare betringar. Våre endringsframlegg: På bakgrunn av dette vil me føreslå dei fylgjande endringane i kompetansemåla for 4. og 7. trinn: 3

4 Etter 4. årstrinn: beskrive noen sentrale forskjeller mellom nynorsk og bokmål (nytt kompetansemål) prøve ut ulike språkvarianter i egen skriving på bokmål og nynorsk (skuve fram frå 7. tr. i utkastet) Etter 7. årstrinn: forklare bakgrunnen for skriftspråkene nynorsk og bokmål (nytt kompetansemål, markerer gradvis progresjon til liknande, meir omfattande kompetansemål etter 10. trinn) skrive tekster på både bokmål og nynorsk (nytt kompetansemål for 7. trinn) VURDERINGSORDNINGANE Norsk Målungdom meiner det er svært viktig at elevane får kompetansen i både nynorsk og bokmål eksplisitt dokumentert på vitnemålet, med separate standpunkt- og eksamenskarakterar. Likestilt prøving og sluttvurdering i begge skriftspråka sikrar statusen deira, så vel som det er ein føresetnad for at sidemålsopplæringa vert prioritert av lærarar og elevar. Det vil også fjerna eit karaktertaktisk insentiv til å byta frå nynorsk til bokmål som hovudmål. Ein overordna merknad til alle dei tre føreslegne vurderingsmodellane, er at ingen av dei styrkjer sidemålsopplæringa eller skriftspråket nynorsk. Såleis kan sjølve høyringsutkastet vera i strid med gjeldande, stortingsvedteken språkpolitikk, slik han er formulert i St. meld. 23 ( ) Språk bygger broer og St. meld. 35 ( ) Mål og meining, jf. Språkrådets brev til kulturministeren og kunnskapsministeren Dette gjeld særleg skiljet mellom kor godt kompetansen i sidemål og hovudmål skal dokumenterast på vitnemålet. Mindre dokumentasjon av sidemålskompetansen er å stimulera elevane til å velja det språket dei meistrar aller best som hovudmål. For ein del nynorskelevar vil dette vera bokmål. Me saknar eit alternativ som styrkjer sidemålet og legg opp til betre vilkår for nynorsken elles i samfunnet, og føreslår difor eit eige framlegg. Av dei vurderingsalternativa Utdanningsdirektoratet har lagt fram, er vidareføringa av den vurderingsmodellen som sist vart justert i 2009, då eksamen i sidemål på VG3 vart gjort til trekkfag, det minst skadelege. Med utgangspunkt i at karakterar og eksamen er styrande for undervisninga anten me likar det eller ikkje har dette vore ei svekking for sidemålsopplæringa, og dimed også for den allmenne nynorskkompetansen. Ei undersøking gjort av Rambøll Management for Utdanningsdirektoratet i 2010, synte at kvaliteten på sidemålskompetansen til eksamen hadde gått ned etter at sidemål vart trekkfag. Dette understrekar kor viktig eigen karakter og eksamen er for prioriteringane ikkje berre lærarane, men også elevane gjer. Det er uheldig at dei ulike vurderingsalternativa for standpunkt og eksamen, ungdomstrinn og vidaregåande, er bunta saman i pakkar. Det er vanskeleg å sjå nokon gudegjeven motsetnad mellom til dømes det å ha både obligatorisk sidemålseksamen og eigen standpunktkarakter i sidemål, jf. at det berre er alternativ 2.2 og 3 som opnar for eigen sidemålseksamen. Å låsa alternativa saman slik er å leggja føringar for debatten og høyringssvara på ein måte som me meiner er lite musikalsk. Å ha felles eksamensdag for nynorsk og bokmål vart prøvd ut i Den nye ordninga utløyste massive protestar frå både lærarar, elevar og skuleleiarar, og vart straks reversert. I høyringsnotatet argumenterer Utdanningsdirektoratet med at elevane sjølve meinte dei hadde god tid til å svara på båe eksamensoppgåvene. Kor vidt elevane hadde god nok tid eller ikkje, er likevel berre éi side av saka. At nærare fire av ti elevar opplevde det som ugreitt å skifta mellom skriftspråka under eksamen om lag like mange som meinte det var greitt burde vera eit varsko («Evaluering av eksamen vår 2008», Udir 2008). Jamvel om elevane i vaksen alder skal kunna veksla mellom 4

5 skriftspråka i yrkeslivet eller andre samanhengar, er eksamenssituasjonen ganske ulik kvardagslege brukssituasjonar. Norsk Målungdom vil åtvara mot å innføra felles eksamensdag, både for ungdomstrinnet og vidaregåande. Å ha separate karakterar for hovud- og sidemål, er ein føresetnad for at sidemålsopplæringa skal verta prioritert, av lærarar så vel som elevar. Å slå saman hovud- og sidemålskarakterane til standpunkt og/eller eksamen, svekkjer den heilskaplege tyngda på vitnemålet for norskfaget generelt og sidemålet spesielt. Heile faget kan i seg sjølv enda opp med lægre interesse dersom elevane vil få meir igjen for å prioritera andre fag, på same måten som elevane vil få meir igjen for å prioritera ned sidemålet dersom det ikkje lenger skal vera eigen sidemålskarakter. Konkret framlegg til ny vurderingsordning Norsk Målungdoms primære framlegg er å styrkja norskfaget og sidemålsopplæringa ved å ha: separate standpunktkarakterar i hovudmål og sidemål gjennom heile ungdomsskulen og vidaregåande separate, obligatoriske eksamenar i både hovudmål og sidemål etter VG3 todagars trekkeksamen i norsk, med kvar sin eksamensdag for hovudmål og sidemål, kan halda fram som før på 10. trinn Me ser helst også at omgrepa hovudmål/sidemål går ut til fordel for nynorsk/bokmål i vurderingssamanheng. Framhaldet av skiljet mellom hovud- og sidemål på vitnemålet har vore til hinder for reell implementering av den jamstillinga mellom nynorsk og bokmål i kompetansemåla som vart innført med Kunnskapsløftet. Eit mogleg kompromiss I utgangspunktet ligg det ikkje til Norsk Målungdom si rolle å finna kompromiss. Vår funksjon er å koma med prinsipielle innspel til kva som vil vera det beste for norskfaget i seg sjølv, elevane med nynorsk som hovudmål, elevane med nynorsk som sidemål, og den samla norske skriftspråkskompetansen. Likevel ser me oss nøydde til å lansera eit mogleg kompromiss, sidan korkje Utdanningsdirektoratet eller Kunnskapsdepartementet har gjort seg umake med å laga eit alternativ som kan koma dei ulike interessene i møte. Eit såvore kompromissframlegg kan ta utgangspunkt i paraplymodellen slik han vart skissert av Språkrådet i brev til kulturministeren og kunnskapsministeren , med ei lita justering: 8. og 9. trinn, VG1 og VG2: Éin samla karakter i norsk (Sekundært: Éin samla skriftleg karakter i norsk) 10. trinn og VG3: Tre standpunktkarakterar i norsk, som i dag. Eksamen på 10. trinn som i dag, separate obligatoriske eksamenar i hovud- og sidemål på VG3. Me seier ikkje at dette vil vera optimalt. Mangelen på eigen sidemålskarakter undervegs i skulelaupet kan i ein del tilfelle føra til at sidemålsopplæringa går i skippertak på 10. trinn og VG3. Men kompromisset kjem på den andre sida i møte det argumentet som går på at færre undervegskarakterar gjev større fridom til å leggja opp til andre og vonleg betre læringslaup. Med eigen standpunkt- og eksamenskarakter på både 10. trinn og VG3, vil me vonleg kunna unngå konsekvensane av alternativ 1, jamvel om dette kompromissframlegget vanskeleg kan sjåast som noka rein styrking av nynorsk som hovud- og sidemål. Med tre standpunktkarakterar og to 5

6 eksamenskarakterar på vitnemålet, vil norskfaget som heilskap også vera sikra at faget får den tyngda på vitnemålet som det fortener. Språkpolitiske konsekvensar av dei føreslegne vurderingsalternativa i høyringsutkastet: Alternativ 1: Dei noverande problema med status- og prioriteringstap for sidemål som fylgje av at sidemål vart trekkfag, vert vidareførte. Den labre kompetansen som dei uttrekte elevane legg for dagen på sidemålseksamen, vil halda fram som i dag. Med obligatorisk eksamen i hovudmål og trekkeksamen i sidemål etter VG3, vil nynorskelevar som er flinkare i bokmål framleis ha karaktertaktiske insentiv for å byta til bokmål. Det omfattande språkskiftet (om lag halvparten av nynorskelevane i grunnskulen byter til bokmål på studiespesialiserande) vil halda fram som i dag. Norsk Målungdom meiner alternativ 1 har færrast nye konsekvensar av dei alternativa Utdanningsdirektoratet skisserer, men inneber likevel ei vidareføring av dei konsekvensane me opplever som fylgje av den førre svekkinga i sluttvurderinga for sidemål. Dersom valet står mellom dei førehandsdefinerte alternativa i høyringsnotatet, vil alternativ 1 vera det klårt minst uheldige av fleire ringe val. Me vil likevel tilrå å gå inn for vårt framlegg, sekundært kompromissframlegget. Alternativ 2.1: Elevane vil aldri få eiga sluttvurdering i sidemål. Samfunnet vil aldri få nokon dokumentasjon på kva kompetanse elevane har i nynorsk og bokmål. Elevar og lærarar vil lettare kunna nedprioritera sidemålsopplæringa. Såleis vil det for mange elevar løna seg reint karaktertaktisk å velja bokmål som hovudmål. Framlegget vil intensivera språkskriftet frå nynorsk til bokmål. Norsk Målungdom meiner alternativ 2.1, i lag med alternativ 3, har dei største språkpolitiske konsekvensane, og me frårår på det sterkaste at nokon av desse alternativa vert innførte. Alternativ 2.2: Sjølv om det vert eiga sluttvurdering i sidemål etter VG3, vil mangelen på eigen standpunktkarakter svekkja statusen til norskfaget generelt og sidemålet si rolle spesielt. Felles eksamensdag og -karakter på 10. trinn vil svekkja sidemålsopplæringa sine rammevilkår i grunnskulen. Elevane vil ha mindre grunn til å prioritera å læra seg sidemålet sitt enn før, fordi det vil gje mindre utslag på vitnemålet. Norsk Målungdom meiner alternativ 2.2 har færre språkpolitiske konsekvensar enn 2.1 og 3, men fleire enn alternativ 1. Me vil difor frårå alternativ 2.2 til fordel for vårt eige framlegg, sekundært det påfylgjande kompromissframlegget, tertiært alternativ 1. Alternativ 3: Inga sluttvurdering i sidemål i det heile etter 10. trinn vil forsterka problemet med at elevar 6

7 byrjar på vidaregåande utan dei forventa forkunnskapane i sidemålet. Avsluttande sidemålseksamen etter VG2 vil gje elevane eitt års kortare tid til å læra sidemålet sitt på. Dette er særleg uheldig i eit mogningsfag som norskfaget er. Avsluttande sidemålseksamen etter VG2 vil gjera det svært vanskeleg, for ikkje å seia umogleg, å leggja opp undervisninga i språkblanda klassar på ein fornuftig måte. Korleis skal ein klasse med både nynorsk- og bokmålselevar konsentrera seg om sidemålet på VG2 og hovudmålet på VG3 når dei har ulike hovudmål? Dette vil medføra stor risiko for at nynorskelevar som er i mindretal, noko som er ganske vanleg i randsonene og i byane, vil møta stort press for å byta til bokmål av omsyn til resten av klassen. Avsluttande sidemålseksamen etter VG2 vil også by på utfordringar knytt til utvekslingselevar, som i regelen reiser utanlands i VG2-året. Norsk Målungdom meiner at alternativ 3, trass eigen sidemålseksamen, vil ha dei nest største språkpolitiske konsekvensane, i lag med alternativ 2.1. Me frårår på det sterkaste at nokon av desse to alternativa vert innførte. KOMPETANSEMÅLA I NYNORSK OG BOKMÅL Norsk Målungdom meiner det er særs uheldig å gjeninnføra skiljet mellom hovud- og sidemål i kompetansemåla for norskfaget. Å lægja måla for kva elevane skal læra i sidemålet sitt, vil føra til ei rekkje språkpolitiske konsekvensar. For det fyrste vil det vera å innføra nok eit insentiv for å velja bokmål som hovudmål. Mange nynorskelevar er vel så flinke i bokmål som i nynorsk, grunna den massive bokmålsdominansen i samfunnet utanfor skuleveggene. Å leggja lista for måloppnåing lægre i sidemål enn hovudmål vil gjera at det løner seg å velja det skriftspråket ein meistrar best, som hovudmål. Dimed vil valet av hovudmål i større grad enn i dag handla om kva som er karaktertaktisk lurt, ikkje kva eleven sjølv føretrekkjer, eller at det fagleg luraste for eleven kan vera å halda fram med nynorsk som hovudmål for å få mest mogleg trening i det. Dette vil intensivera målbytet, stikk i strid med den otten som kunnskapsministeren har uttrykt for at mange nynorskelevar byter til bokmål. For det andre vil lægre kompetansemål for sidemålet føre til lægre samla nynorskkompetanse i framtida. Ved å svekkja kompetansemåla for sidemålet vil styresmaktene i praksis innføra ei ordning der fagleg sterke bokmålselevar ikkje lenger skal verta like stødige i nynorsk som før. For det tredje vil det sementera den ordninga som all erfaring tilseier at ikkje fungerer godt nok. Me kan ikkje sjå at nokon som helst har teke til orde for status quo. Å svekkja kompetansemåla i sidemål, slik at dei skal vera tilpassa den heller labre kompetansen som mange oppnår i dag, er å støypa fast ein situasjon som ingen er nøgde med, i staden for å prøva å løysa problemet. Me saknar også eit mogleg kompromissframlegg i høyringsutkastet. Om ikkje styresmaktene under noko omstende vil gå med på å ynskja like god kompetanse i nynorsk og bokmål, bør dette heller synast med formuleringar om at det er venta generelt større meistring i hovudmålet enn sidemål, til dømes slik det er uttrykt i kapitlet om grunnleggjande dugleikar («[ ] det er forventet at elevene har et større og mer presist ordtilfang og behersker formverket noe bedre på hovedmålet enn på sidemålet.»). Me presiserer at me helst skulle sett at også den formuleringa vert irrelevant til fordel for ei rein jamstilling av kompetansemåla i hovud- og sidemål, men ho ville altså vore eit betre kompromiss enn å differensiera kompetansemålsformuleringane i seg sjølv. 7

8 Konkrete endringsframlegg Me føreslår å omformulera kompetansemåla om hovudmål og sidemål slik: 10. trinn: VG1 VG2 uttrykke seg med et variert ordforråd og mestre formverk, ortografi og tekstbinding på nynorsk og bokmål mestre språklige formkrav og uttrykksmåter på nynorsk og bokmål uttrykke seg med et presist og variert ordforråd og mestre de språklige formkravene på nynorsk og bokmål VG3 + påbygg uttrykke seg med et presist og variert ordforråd og mestre de språklige formkravene på nynorsk og bokmål skrive essay og retoriske analyser på nynorsk og bokmål FØREMÅLET Utkastet til ny læreplan freistar spesifisera kva som er føremålet med opplæringa i hovudmål og sidemål kvar for seg. Norsk Målungdom meiner desse grunngjevingane særleg for sidemålet er altfor veike. I læreplanutkastet vert sidemålsopplæringa grunngjeven med at ho skal «utvikle elevenes språkforståelse og gi et grunnlag for mestring av begge målformene i samfunns- og yrkesliv». Instrumentelle argument som dette høyrer heilt klårt med i ei solid grunngjeving for sidemålsopplæring, men dei bør ikkje stå åleine, slik dei gjer i utkastet. Me saknar språkpolitiske argument, danningsargument, kulturargument og ikkje minst argument om kor viktig god, allmenn kompetanse i både nynorsk og bokmål er for å innfri lovfesta språklege rettar. Me stiller oss også svært skeptiske til at elevane ikkje lenger skal meistra sidemålet sitt, men berre få «eit grunnlag for meistring». Ei slik formulering er ei klår svekking jamført med gjeldande læreplan, og vil opna for særs uheldig tolkingar. Norsk Målungdom vil difor sterkt frårå denne formuleringa. Konkrete endringsframlegg: Nytt avsnitt 5: «I Norge er både norsk og samisk offisielle språk, og det ligger til grunn for norskfaget at bokmål og nynorsk er offisielt likestilte skriftspråk. De to norske skriftspråkene er uttrykk for egne språktradisjoner, og likestillingen baserer seg både på at begge språk er en kollektiv kulturell verdi, og at de samlet er det viktigste uttrykket for norsk identitet og historie. Opplæring i både nynorsk og bokmål er også avgjørende for at nynorskbrukere skal få sine språklige rettigheter innfridd, og for at nynorsk skal være godt synlig som bruksspråk i alle deler av samfunnet. De to norske skriftspråkene, ulike dialekter, samisk og kvensk og andre gamle og nye minoritetsspråk, 8

9 gjør Norge til en flerspråklig stat. Dette er en ressurs både for samfunnet og for utviklingen av språkkompetansen til den enkelte elev. Med utgangspunkt i denne språksituasjonen skal norskfaget gi barn og unge et bevisst forhold til språklige utrykk og lære dem å lese og skrive både nynorsk og bokmål. Formålet med norskopplæringen er å gi elevene språklig selvtillit og trygghet i egen kultur. Dette innebærer kjennskap til og kompetanse i både nynorsk og bokmål, som er en nødvendig og selvsagt del av den norske allmenndanningen som alle nordmenn bør ha rett og plikt til å ta del i.» Heilt nytt avsnitt 6: «Nynorsk har færre brukere enn bokmål, og er mindre synlig i samfunnet. Elever med nynorsk som hovudmål er derfor mindre eksponert for språket sitt enn elever med bokmål som hovudmål. Dette gjør opplæringen i hovedmålet nynorsk annerledes enn opplæringen i hovedmålet bokmål. Skolen har et spesielt ansvar for å gi elevene som har nynorsk som hovedmål, en språklig trygghet og legge til rette for at disse elevene kan beholde hovedmålet sitt gjennom det 13-årige skoleløpet». GENERELLE MERKNADER Norsk Målungdom er i utgangspunktet positive til å stramma inn læreplanen for norskfaget. Me har gjennom fleire år etterlyst eit meir spissa norskfag, der dei mest sentrale emna vert røkta i større grad enn i dag. Diverre ser det ut til at mykje av innstramminga er innført på feil plass. Utan å gå i detalj, er me glade for at kompetansemåla generelt er noko stramma inn og klårgjorde. Likeins meiner me det er rett at samansette tekstar går ut som hovudområde, jamvel om dei tilhøyrande kompetansemåla i vel stor grad har fått vera med vidare under andre hovudområde. Signaleffekten på dette området er uansett god. Derimot ser me ein lite heldig signaleffekt og kunnskapseffekt av at dei ytst få kompetansemåla som handlar om samisk vert reduserte. Dette utgjer ein svært liten del av planen, men handlar likevel om ein viktig del av vårt heimlege språkmangfald, og ikkje minst om korleis elevane forstår dette mangfaldet. Me er uroa for konsekvensane av å gå frå ein målsetnad om at alle elevane skal vera fullt ut kompetente i sidemålet sitt, til at ingen skal vera meir enn funksjonelle. Jamvel om ulike elevar vil ha ulik grad av måloppnåing i norskfaget, vil i dag ein monaleg del av elevane både prioritera og vera kapable til å læra både nynorsk og bokmål godt. Denne kompetansen treng Noreg, og den må det vera mogleg å oppnå i offentleg skule men det tek ikkje utkastet til ny læreplan høgd for. Me må også stilla spørjeteikn ved dei heilskaplege premissane for innstramminga. Faget er framleis nokså omfattande med tanke på at timetalet står uendra. Det uroar oss også at arbeidsvilkåra for lærarane har vore eit vanleg argument i det offentlege ordskiftet om læreplanrevisjonen. Det vil vera prinsipielt særs uheldig dersom læreplanen vert nytta som reiskap for å bøta på at lærarane har for dårlege arbeidsvilkår. Er ikkje arbeidsvilkåra gode nok, må problemet løysast mellom arbeidstakar og arbeidsgjevar, ikkje i læreplanen. Me har vondt for å tru at det å endra læreplanen for å bøta på dårlege arbeidsvilkår ville vore ei aktuell problemstilling for noko som helst anna fag. Generelt er me kritiske til at det verkar som at innstramminga av faget primært handlar om å klippa vengjene av sidemålsopplæringa, og såleis undergrava nynorskens status og posisjon i det norske samfunnet. Når eit fag er overfylt, bør problemet løysast ved å prioritera ned det overskotsinnhaldet som ikkje er avgjerande for kva hovudfunksjon faget skal ha. Både nynorsk og bokmål, same kva den enkelte eleven har som hovud- og sidemål, er berande element i norskfaget. Dei kan ikkje svekkjast eller takast bort utan at sjølve faget mister ein viktig del av seg sjølv. 9

Fråsegn om norskfaget og nynorsken

Fråsegn om norskfaget og nynorsken Fråsegn om norskfaget og nynorsken På landsstyremøtet i helga vedtok SV ei rekkje innspel til korleis ein kan styrkje nynorsken både som hovud- og sidemål i arbeidet med ny læreplan i norsk. Denne gjennomgangen

Detaljer

Norsk i hundre! Norsk som nasjonalspråk i globaliseringens tidsalder. Et forslag til strategi

Norsk i hundre! Norsk som nasjonalspråk i globaliseringens tidsalder. Et forslag til strategi Norsk i hundre! Norsk som nasjonalspråk i globaliseringens tidsalder Et forslag til strategi Språkrådet 2005 Innhald 1 Samandrag... 3 2 Innledning... 10 3 Språk på spel i 2005... 18 4 Språk en demokratisk

Detaljer

Kompetanse for tilpasset opplæring. Artikkelsamling

Kompetanse for tilpasset opplæring. Artikkelsamling Kompetanse for tilpasset opplæring Artikkelsamling Redaktører: Grete Dalhaug Berg, Høgskolen i Volda og Kari Nes, Høgskolen i Hedmark Copyright Layout: Wallace Design C 2007 Utdanningsdirektoratet 2 Utdanningsdirektoratet

Detaljer

Resultat frå evalueringa av Reform 97. Utarbeidd av Peder Haug

Resultat frå evalueringa av Reform 97. Utarbeidd av Peder Haug Resultat frå evalueringa av Reform 97 Utarbeidd av Peder Haug Resultat frå evalueringa av Reform 97 Utarbeidd av Peder Haug, forskingsleiar for evalueringa 1 2 Forord Noregs forskningsråd har på oppdrag

Detaljer

Gratisprinsippet i grunnskulen kollektive løysingar mot individuelle rettar.

Gratisprinsippet i grunnskulen kollektive løysingar mot individuelle rettar. Gratisprinsippet i grunnskulen kollektive løysingar mot individuelle rettar. Kva for utfordringar opplever rektor når foreldre ønskjer å gjennomføre prosjekt utanfor skulen si økonomiske ramme? Asbjørn

Detaljer

Skrive seg vegar inn i tekst rapport frå eit norskprosjekt

Skrive seg vegar inn i tekst rapport frå eit norskprosjekt Skrive seg vegar inn i tekst rapport frå eit norskprosjekt Innhald: 1) Prosjektet side 1 2) Vurdering av prosjektet side 1 3) Refleksjonar etter prosjektslutt side 3 1: Prosjektet Skrive seg vegar inn

Detaljer

Evaluering av Reform 97

Evaluering av Reform 97 Evaluering av Reform 97 Sluttrapport frå styret for Program for evaluering av Reform 97 Utarbeidd av Peder Haug Forskingsleiar 2003 1 Norges forskningsråd 2003 Norges forskningsråd Postboks 2700 St. Hanshaugen

Detaljer

Me vil ha nynorske lærebøker

Me vil ha nynorske lærebøker Framhald av Fedraheimen og Den 17de Mai Medlemsblad for Noregs Mållag Nr. 4 september 2008 Kinofilm på nynorsk Endeleg! Det er heile 23 år sidan sist. I slutten av september kjem den brasilianske filmen

Detaljer

Strategi for Språkrådet 2013 2015. Vedteken av styret i Språkrådet 21. februar 2013

Strategi for Språkrådet 2013 2015. Vedteken av styret i Språkrådet 21. februar 2013 Strategi for Språkrådet 2013 2015 Vedteken av styret i Språkrådet 21. februar 2013 Språksituasjonen og språkpolitikken Språksituasjonen i Noreg er i endring. Norsk med dei mange dialektane og dei to skriftlege

Detaljer

IMPLEMENTERING AV SKULEOMFATTANDE ARBEID

IMPLEMENTERING AV SKULEOMFATTANDE ARBEID IMPLEMENTERING AV SKULEOMFATTANDE ARBEID Av Sigrun K. Ertesvåg & Svein Størksen Om Respekt Dette heftet er produsert som en del av arbeidet under Respekt programmet, som består av kurs, veiledning og

Detaljer

God betre best! Mål og strategiar for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane 2012 til 2015

God betre best! Mål og strategiar for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane 2012 til 2015 God betre best! Mål og strategiar for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane 2012 til 2015 God betre best! Mål og strategiar for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane 2012 til 2015 Side 1 1. INNLEIING

Detaljer

Når starten er god. En artikkelsamling om veiledning av nyutdannede lærere i barnehagen, grunnskolen og videregående opplæring

Når starten er god. En artikkelsamling om veiledning av nyutdannede lærere i barnehagen, grunnskolen og videregående opplæring Når starten er god En artikkelsamling om veiledning av nyutdannede lærere i barnehagen, grunnskolen og videregående opplæring Copyright C 2007 Utdanningsdirektoratet Layout: Wallace Design Ill.: Brian

Detaljer

Rapport om kommunereforma frå Askvoll til Åseral

Rapport om kommunereforma frå Askvoll til Åseral Kåre Lilleholt og Jens Kihl Rapport om reforma frå Askvoll til Åseral Innhald Innleiing 5 Kva er reforma? 7 Språkspørsmål i reforma 8 Framdrift 9 Reformstøtte 10 Det regionale nivået 10 Førre reform 11

Detaljer

Kjønnsperspektiv på rekruttering av innbyggjarar

Kjønnsperspektiv på rekruttering av innbyggjarar Marte Fanneløb Giskeødegård og Gro Marit Grimsrud Rapport nr. 52 Kjønnsperspektiv på rekruttering av innbyggjarar 2 Møreforsking Volda Postboks 325, NO-6101 Volda Tlf. 70 07 52 00 NO 991 436 502 Tittel

Detaljer

RAPPORT MEIR ENN FINE ORD. - seks forslag til ein utviklingspolitikk som tek barn og unge på alvor

RAPPORT MEIR ENN FINE ORD. - seks forslag til ein utviklingspolitikk som tek barn og unge på alvor RAPPORT MEIR ENN FINE ORD - seks forslag til ein utviklingspolitikk som tek barn og unge på alvor Rapporten er skrive av Kathrine Sund- Henriksen på oppdrag for LNU. Medforfattar er Idunn Myklebust. Design:

Detaljer

Den generelle delen av læreplanen

Den generelle delen av læreplanen Den generelle delen av læreplanen INNLEIING 2 DET MEININGSSØKJANDE MENNESKET 3 KRISTNE OG HUMANISTISKE VERDIAR 3 KULTURARV OG IDENTITET 4 DET SKAPANDE MENNESKET 5 KREATIVE EVNER 5 TRE TRADISJONAR 6 KRITISK

Detaljer

trategisk plan for pedagogisk bruk av IKT 2010-2012 26.mars 2010 Høyringsdokument www.sfj.no

trategisk plan for pedagogisk bruk av IKT 2010-2012 26.mars 2010 Høyringsdokument www.sfj.no trategisk plan for edagogisk Strategisk plan bruk for av IKT pedagogisk bruk av IKT 2010-2012 2010 2012 26.mars 2010 Høyringsdokument www.sfj.no Innhaldsliste Strategisk plan for pedagogisk bruk av IKT

Detaljer

Gå ut og gjer disiplar

Gå ut og gjer disiplar Gå ut og gjer disiplar - om å vekse til modne kristne Innleiing: Denne undervisninga er berre 35 minutt då resten av samlinga siste leiarskule skal vere saman med leiarskulen for forsamlingsarbeid. Vi

Detaljer

Eg har det på tunga : Å snakke seg til innsikt

Eg har det på tunga : Å snakke seg til innsikt Eg har det på tunga : Å snakke seg til innsikt Førsteamanuensis Liv Engen (Samtale mellom tre gutar på femte trinn) Platon synest at sånn derre demokrati var bra. Han ville at alle skulle snakke på likt.

Detaljer

Møtebok for Kommunestyret i Radøy

Møtebok for Kommunestyret i Radøy Radøy kommune Møtedato: 12.06.2014 Møtested: Kommunestyresalen Møtetid: 18:00 Møtebok for Kommunestyret i Radøy Møtedeltakarar Parti Rolle Jon Askeland SP Ordførar Morgan Taule AP Medlem Kirsti Gjetle

Detaljer

Rapport nr. 53 Kristiansund, Molde og Ålesund som regionale motorar Kor attraktive er «motorane» for folk med høg utdanning?

Rapport nr. 53 Kristiansund, Molde og Ålesund som regionale motorar Kor attraktive er «motorane» for folk med høg utdanning? Gro Marit Grimsrud Finn Ove Båtevik Marte Fanneløb Giskeødegård Rapport nr. 53 Kristiansund, Molde og Ålesund som regionale motorar Kor attraktive er «motorane» for folk med høg utdanning? 2 Møreforsking

Detaljer

Informasjonsforvaltning i offentleg sektor. Rapport 2013:10 ISSN: 1890-6583

Informasjonsforvaltning i offentleg sektor. Rapport 2013:10 ISSN: 1890-6583 Informasjonsforvaltning i offentleg sektor Rapport 2013:10 ISSN: 1890-6583 Forord Det har lenge vore klart at offentleg sektor må nytte informasjonen sin på ein betre måte for å bli meir effektiv, gi betre

Detaljer

Retningslinjer. For lokalt gitt eksamen ved vidaregåande skular i Hordaland

Retningslinjer. For lokalt gitt eksamen ved vidaregåande skular i Hordaland Retningslinjer For lokalt gitt eksamen ved vidaregåande skular i Hordaland 2014 Retningslinjer for lokalt gitt eksamen 2014 2 Revisjon av retningslinjer for lokalt gitt eksamen Retningslinjene for lokalt

Detaljer

Nye samhandlingsformer og strukturendringar i Nordhordland

Nye samhandlingsformer og strukturendringar i Nordhordland Mer kan Nye samhandlingsformer og strukturendringar i Nordhordland Kjetil Lie og Audun Thorstensen (Telemarksforsking), Sven Haugberg (Asplan Viak) og Tor Erik Baksås (Ernst & Young) TF-notat nr. 18/2013

Detaljer

Språknytt. Ett eller to ord?, s. 26

Språknytt. Ett eller to ord?, s. 26 Foto: Språkrådet Ett eller to ord?, s. 26 Språknytt Utgitt av Språkrådet 37. årgang 2/2009 Meninger om engelsk i næringslivet, s. 10 Språkdugnad på Facebook, s. 14 Når internasjonalisering betyr anglifisering,

Detaljer

Bruk av tvang i psykisk helsevern

Bruk av tvang i psykisk helsevern Internrevisjonen Bruk av tvang i psykisk helsevern Helse Vest RHF, september 2014 INNHALD Målgruppene for denne rapporten er styret og revisjonsutvalet på regionalt nivå, styra i helseføretaka, formelt

Detaljer

LOKALSAMFUNNET SOM KREATIV ALLMENNING? Ein rettleiar av Dag Jørund Lønning

LOKALSAMFUNNET SOM KREATIV ALLMENNING? Ein rettleiar av Dag Jørund Lønning LOKALSAMFUNNET SOM KREATIV ALLMENNING? Ein rettleiar av Dag Jørund Lønning 1 INNLEIING OG BAKGRUNN Denne rettleiaren byggjer på eiga erfaring gjennom snart 20 år med forsking og utviklingsarbeid for å

Detaljer

Språknytt. tema Knud Knudsen bokmålets far, s. 18 34

Språknytt. tema Knud Knudsen bokmålets far, s. 18 34 tema Knud Knudsen bokmålets far, s. 18 34 Språknytt Utgitt av Språkrådet 40. årgang 2/2012 Forsvarlig språk, s. 6 Norskfaget i endring, s. 10 Språkreformatoren Knud Knudsen, s. 18 Knudsen og Ibsen, s.

Detaljer

Evaluering av Senter for yrkesrettleiing

Evaluering av Senter for yrkesrettleiing Evaluering av Senter for yrkesrettleiing Nr. 12-12 AUD-rappor t Utgivar: Hordaland fylkeskommune, Analyse, utgreiing og dokumentasjon (AUD) http://www.hordaland.no/aud Tittel: «Evaluering av Senter for

Detaljer

KVIFOR ER DET FEIL I DET NYE NORSKVERKET VÅRT? KOR MANGE FEIL KAN VI FINNE I LØPET AV SKULEÅRET?

KVIFOR ER DET FEIL I DET NYE NORSKVERKET VÅRT? KOR MANGE FEIL KAN VI FINNE I LØPET AV SKULEÅRET? KVIFOR ER DET FEIL I DET NYE NORSKVERKET VÅRT? KOR MANGE FEIL KAN VI FINNE I LØPET AV SKULEÅRET? 2 Vi som går i 6. klasse ved Tokke skule, fekk i år eit nytt norskverk: Ord for alt 6, nynorsk utgåve. Dette

Detaljer