Strategi for Språkrådet Vedteken av styret i Språkrådet 21. februar 2013

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Strategi for Språkrådet 2013 2015. Vedteken av styret i Språkrådet 21. februar 2013"

Transkript

1 Strategi for Språkrådet Vedteken av styret i Språkrådet 21. februar 2013

2 Språksituasjonen og språkpolitikken Språksituasjonen i Noreg er i endring. Norsk med dei mange dialektane og dei to skriftlege målformene er morsmålet til det store fleirtalet i landet og det sjølvsagde språkvalet for dei fleste i dei fleste situasjonar. Det er likevel meir aktuelt no enn tidlegare å løfte blikket: På den eine sida merkar vi eit press for å ta i bruk engelsk på samfunnsområde der norsk tidlegare var nærmast einerådande. På den andre sida er det både i Noreg og internasjonalt blitt større merksemd om verdien av å ta vare på det språklege mangfaldet som enno pregar verda. Verda er tettare knytt saman enn før. Meir enn før er engelsk blitt ein konkurrent til norsk i dei delane av samfunnslivet som er særskilt retta inn mot samvirke med andre land, til dømes i forskingsinstitusjonane og i dei multinasjonale konserna. Samstundes har auka innvandring ført til eit mangfald av nyare minoritetsspråk i landet. Dei samiske språka, dei nasjonale minoritetsspråka og norsk teiknspråk har alle vore brukte av generasjonar av språkbrukarar i landet vårt. I dei seinare åra har det norske storsamfunnet og dei nasjonale styresmaktene tatt eit tydelegare ansvar for å ta vare på desse språka på ein måte som sømer seg for eit demokratisk og inkluderande samfunn, og i tråd med dei internasjonale pliktene vi har tatt på oss. Med støtte i forsking er vi som samfunn blitt meir merksame på verdien av at fleire språk er i bruk side om side, i samfunnet og hjå einskildindividet. På byrjinga av 2000-talet vart det utvikla ein plan for ein strategisk, heilskapleg språkpolitikk i Noreg. I 2005 la eit utval oppnemnt av Språkrådet fram utgreiinga Norsk i hundre!, som tok til orde for ein ny, samla språkpolitikk. Regjeringa har lagt fram St.meld. nr. 35 ( ) Mål og meining. Ein heilskapleg norsk språkpolitikk og St.meld. nr. 23 ( ) Språk bygger broer. Språkstimulering og språkopplæring for barn, unge og vaksne. Som eit resultat har vi i dag ein ambisiøs og politisk godt forankra språkpolitisk plan for vern og utvikling både av norsk, av dei minoritetsspråka Noreg har ansvar for, og av den nordiske språkfellesskapen. Visjon Språkrådets visjon er at det norske språket og språkmangfaldet i landet blir styrkt. 2

3 Rollene til Språkrådet i samfunnet Oppdraget til Språkrådet som statens fagorgan for språkspørsmål er å ta initiativ og koordinere tiltak for å følgje opp den strategiske språkpolitikken som er skissert i St.meld. nr. 35 ( ). Samstundes skal Språkrådet ta hand om tradisjonelle forvaltnings- og rådgivingsfunksjonar. Hovudmålet for den strategiske språkpolitikken er å sikre posisjonen til det norske språket som eit fullverdig, samfunnsberande språk i Noreg. Dette hovudmålet må realiserast innanfor ramma av ein heilskapleg språkpolitikk som tar omsyn til den totale språksituasjonen i landet, både likestillinga mellom bokmål og nynorsk, det gamle og det nye fleirspråklege mangfaldet, den nordiske språkfellesskapen og det framandspråklege kompetansebehovet. Skritt for skritt har Kulturdepartementet gjennom dei årlege tildelingsbreva og gjennom eigne oppdragsbrev utvida Språkrådet sitt ansvars- og arbeidsområde frå å vere eit organ for det norske språket til å bli eit organ for språk i Noreg, noko strategien til Språkrådet skal spegle att. Dei språkpolitiske måla som Språkrådet arbeider for å nå, kan ikkje nåast utan innsats frå mange fleire aktørar enn Språkrådet sjølv, nemleg heile det norske samfunnet. Språkrådet skal vere så synleg, nyttig og relevant for resten av statsapparatet og samfunnet elles at språkpolitikk blir oppfatta som viktig og råda frå Språkrådet blir følgde. Det er oppgåva til Språkrådet å hjelpe til å gjere språkpolitikken sektorovergripande, i tråd med presiseringa i St.meld. nr. 35 ( ) om at alle fagdepartement må ta eit språkpolitisk ansvar, på liknande vis som dei har eit miljøansvar og eit ansvar for likestilling mellom kjønna (kap ). I denne samanhengen er det viktig å understreke kor viktig det er at Språkrådet er eit organ med stor fagkunnskap. Dei råda Språkrådet gir, skal vere gode og kloke, og viktige for å byggje opp tillit til Språkrådet hjå dei som får råda. Då er det avgjerande både at Språkrådet sjølv innehar stor kunnskap om språk og språkbruk i vid meining, og at det kan hente inn ny kunnskap der det trengst. På dei einskilde fagområda vil Språkrådet ha god kontakt med relevante forskingsmiljø. Der det er føremålstenleg, skal Språkrådet òg samarbeide med aktørar i andre land, særleg i Norden, men òg på europeisk og internasjonalt nivå. Men fagkunnskap åleine er ikkje nok. Samfunnskontakt, omdømebygging og kommunikasjon gjer det mogleg for Språkrådet å nå dei språkpolitiske måla sine. Språkrådet må ha god kontakt med aktørar i heile samfunnet og stå fram som ein profesjonell og tilgjengeleg kunnskapsforvaltar. Dette er særs viktig. Heile verksemda må innrettast slik at ho styrkjer publikum si oppfatning av Språkrådet som nyttig, etterretteleg og synleg. Ein annan føresetnad for at Språkrådet skal nå måla sine, er at det utviklar organisasjonen sin. Organisasjonen i Språkrådet skal vere tilpassa samfunnsoppdraget, vere basert på røynsle og løpande evaluering og på god forvaltningsskikk, og han skal vere smidig nok til at Språkrådet kan ta i bruk nye arbeidsmetodar som følgjer av teknologisk og anna samfunnsmessig utvikling. Dette gjeld det arbeidet som blir gjort både i styret, i fagråda og i sekretariatet, og samarbeidet mellom dei ulike ledda i organisasjonen. Kravet om ein god og hensiktsmessig organisasjon er ein viktig føresetnad for arbeidet på alle områda Språkrådet arbeider på. 3

4 Mål, resultatindikatorar og risikoar Beskrivingane av dei fire hovudmåla og dei fire delmåla under kvart hovudmål er kursiverte nedanfor og gitt att etter tildelingsbrevet frå Kulturdepartementet til Språkrådet for 2013, som igjen byggjer på målstrukturen i St.meld. nr. 35 ( ). Måla som blir sette opp i dette dokumentet, omfattar både Språkrådet, andre etatar og institusjonar og heile samfunnet. Måla som blir sette opp for Språkrådet, er nøkterne og kan bli gjennomførte. Måla for andre etatar er dels avhengige av at Språkrådet får den innverknaden på gjennomføringa av statleg språkpolitikk det etter språkpolitikken formulert i St.meld. nr. 35 ( ) skal ha, og dels avhengig av at dei ulike etatane får eller set av ressursar til å oppnå måla sine. For kvart delmål under dei ulike hovudmåla er det sett opp resultatindikatorar. Dette er konkrete og til dels målbare beskrivingar av ønskt situasjon ved utgangen av For kvart hovudmål seier strategien noko om risikofaktorane. All risikovurdering må ta omsyn til faktorar av to typar: Risikoen som er knytt til om dei ulike tiltaka kan bli gjennomførte og målsetnadene kan bli oppnådde, og risikoen knytt til om dei vil ha den verknaden dokumentet legg opp til. Dokumentet vurderer primært risikoen for om tiltaka kan bli gjennomførte. Organisasjonen, administrasjonen og kommunikasjonsarbeidet i Språkrådet sjølv er ikkje tatt med i den målstrukturen som er gitt av Kulturdepartementet. I eit strategidokument er det likevel naturleg å ta med mål, indikatorar og risikofaktorar for denne delen av verksemda. Det blir gjort til slutt i dokumentet, etter dei fire hovudmåla. 4

5 HOVUDMÅL 1 Terminologi som avspeglar den internasjonale kunnskapsutviklinga, skal så langt råd er, vera tilgjengeleg på bokmål og nynorsk, og ein parallellspråkleg praksis med preferanse for norsk skal følgjast på alle område som er prega av internasjonalisering. Delmål 1 a) Terminologi og fagspråk Fagterminologi med parallelle termar på bokmål og nynorsk skal utviklast og gjerast digialt tilgjengeleg på nettet, og internasjonale standardar som blir gjorde gjeldande i Noreg, skal liggja føre i norsk språkdrakt. Ein- og fleirspråklege termsamlingar der norsk terminologi inngår, er utvikla og gjorde fritt tilgjengelege.talet på tilgjengelege termsamlingar, både frå Språkrådet og andre institusjonar, har auka. Termsamlingane er i bruk. Det er utvikla termsamlingar frå fleire område. Medvitet og kunnskapen i samfunnet på området terminologi og fagspråk er auka. Norske institusjonar som driv terminologiarbeid (mellom dei Språkrådet), har nådd ut med opplysningsarbeid gjennom ulike kanalar. Fagfolk bruker norsk terminologi på ein konsistent måte. Fleire institusjonar arbeider med termsamlingar. Fleire internasjonale standardar ligg føre i norsk omsetjing, med standardisert norsk terminologi. Språkrådet prioriterer standardar som inneheld termar som er mykje i bruk. 1 b) Norsk språk i IKT-verktøy Språkbaserte digitale produkt og tenester skal vera tilgjengelege med norskspråkleg grensesnitt på den norske marknaden, og programvare som blir kjøpt inn til offentleg bruk, skal vera tilgjengeleg i begge målformer. Norsk er eit opplagt og føretrekt val av språk i all ny teknologi for den norske sluttbrukarmarknaden. Offentlege og private verksemder i Noreg bruker norskspråklege teknologiprodukt. Verktøy for effektiv omsetjing av brukargrensesnitt er på plass, med parallellkorpus, terminologilister, omsetjingsminne og maskinomsetjing. Det ligg føre ein ny handlingsplan for språk og IKT. Produkt som analyserer tekst til tale og tale til tekst og andre relevante språkteknologiske verktøy, er på plass. 5

6 1 c) Språkbruk i høgare utdanning og forsking Institusjonar for høgare utdanning og forsking bør i sine praktiske språkval på alle nivå basera seg på ein vedteken språkstrategi som byggjer på dei nærmare retningslinjene for parallellspråksbruk som styret i Universitets- og høgskolerådet har vedteke. Det er innarbeidd rutinemessig registrering av bruken av ulike språk i forsking, undervisning og formidling. Kunnskapsgrunnlaget er betra når det gjeld bruk av norsk og engelsk i høgare utdanning og forsking. Det ligg føre kunnskap som vil gjere det enklare å rettleia i val av språk i høgare utdanning. Universiteta har lagt til rette for meir bruk av norsk i publiseringane sine. 1 d) Språkbruk i arbeids- og næringslivet I arbeids- og næringslivet og særleg innanfor sektorar og på arbeidsplassar som er sterkt avhengige av internasjonalt samkvem eller engelskbasert teknologi, bør det utøvast eit språkpolitisk samfunnsansvar i tråd med den språkplakaten som er utvikla av Språkrådet og Næringslivets Hovedorganisasjon. Det er etablert ein språkpolitikk for arbeids- og næringslivet. Det ligg føre eit dokument for språkpolitisk samfunnsansvar for arbeids- og næringslivet, på line med det ansvaret som er formulert for sektoren på miljøområdet og på det etiske området. Private og offentlege verksemder nyttar norsk som arbeidsspråk og kommunikasjonsspråk på alle område der ikkje spesielle omsyn gjer dette urimeleg eller lite formålstenleg. Risikovurdering, hovudmål 1 Delmåla innanfor dette hovudmålet har ein del tradisjonar som gjer oppfyllinga av måla vanskelege. Terminologifeltet har vore prega av ei brukarfinansiering som ikkje lenger fungerer, og av manglande styring over lang tid. Oppnåing av måla for terminologi og fagspråk krev dermed gjennomslag for ein ny og samla politikk hos mange ulike aktørar. Dei andre delmåla er under sterkt press frå engelsk, kombinert med ein offentleg politikk som på ein del område, mellom anna for publisering av forskingsresultat, står i strid med måla Språkrådet held seg til. Risikoen ved oppnåinga av desse måla er at gjeldande politikk og etablert praksis er vanskeleg å endre, og arbeidet må ta omsyn til det. 6

7 HOVUDMÅL 2 Bokmål og nynorsk skal dyrkast og normerast som levande kulturspråk og skal ha høg status i språkopplæringa og i kultur- og medietilbodet, samstundes som språkbrukarane sine interesser blir tekne omsyn til. Delmål 2 a) Språk i kultur- og medietilbodet Innanfor kultur- og mediesektoren må det norskspråklege tilbodet vera så stort og ha så høg kvalitet at det kan hevda seg i tevlinga med angloamerikansk kultur- og medieindustri, og det nynorske tilbodet må ha eit omfang og ein kvalitet som gjer at denne målforma ikkje blir marginalisert. Resultatindikator: Språkrådet har etablert ei intern ordning for å gi råd til kultur- og mediesektoren. 2 b) Språkleg dokumentasjon Norsk ordtilfang, dialektar og stadnamn og andre namn og tilsvarande norsk språkmateriale frå fortid og samtid, til dels også samisk og minoritetsspråkleg språkmateriale, skal vera lett tilgjengeleg for alle i systematisk dokumentert stand i form av papirbaserte eller digitale ordbøker eller samlingar. Det skjer ein løpande dokumentasjon av norsk språk, og det blir laga kvalitetssikra ordbokprodukt for norsk og andre språk Språkrådet har oppfølgingsansvar for. Det er godt tilgjenge til oppdaterte og strukturerte samlingar til dokumentasjon av desse språka. På nettsidene til Språkrådet ligg det systematisert informasjon om ulike språksamlingar og andre språkressursar og om språkutvikling. Informasjonen er fullt dekkjande for språksamlingar i Noreg. Språkrådet har eit formelt samarbeid med andre institusjonar som kan gi denne informasjonen. Det føregår god offentleg dokumentasjon og normering av norske og minoritetsspråklege stadnamn ut frå omsynet til desse namna som del av den immaterielle kulturarven. Institusjonar og personar med ansvar for stadnamn kan finne god informasjon hos Språkrådet. 2 c) Språknormering Dei offisielle rettskrivingsreglane for nynorsk og bokmål, og dei meir tekniske skrivereglane, skal forvaltast, justerast, oppdaterast og formidlast til alle grupper av språkbrukarar på ein slik måte at det fremjar korrekt og ryddig språkbruk i samfunnet, særleg i språkopplæring og offentleg språkbruk. 7

8 Det er etablert ei velfungerande, kunnskapsbasert ordning for normering av bokmål og nynorsk. Det føreligg rutinar for språknormering. Språkrådet følgjer med på korleis rettskrivingsnormalane blir innførte og fungerer. Kunnskapen i og om norsk rettskriving aukar. Bokmål og nynorsk i offentleg og privat bruk blir betre. Fleire kjenner og bruker Språkrådets ressursar på rettskrivingsfeltet. Elevar skriv betre. 2 d) Språkopplæring Ei heilskapleg norskopplæring i skulen skal leggja grunnlaget for at elevane får god dugleik i bokmål og nynorsk og skapa positive haldningar til norsk språk, samstundes som det blir teke omsyn til språklege rettar og behov hos alle elevar, også dei som har ein annan språkleg bakgrunn enn norsk. Språkpolitiske omsyn blir rutinemessig vurderte ved endringar i læreplanar m.v. som vedrører språkopplæring. Språkrådet sine synspunkt blir henta inn av utdanningsstyresmaktene. Språkrådet tar sjølv initiativ til vurdering av læreplanar når det trengst. Opplæringa i språk i skolen er blitt betre. Elevane skriv betre til eksamen. Nasjonale prøvar syner at elevane er blitt betre. Lærarutdanninga har obligatorisk norskopplæring for alle. Læreplanar for lærarutdanninga legg tydelegare vekt på språkopplæring, fordi grunnleggjande ferdigheiter i lesing og skriving er viktig i alle fag. Risikovurdering, hovudmål 2 Det er ein risiko at ulike private og statlege fagmiljø Språkrådet samarbeider med, til dømes språklege samlingsmiljø, ikkje kan prioritera den satsinga Språkrådet vurderer som nødvendig for å nå dei ulike delmåla. 8

9 HOVUDMÅL 3 Den praktiske bruken av bokmål og nynorsk i samfunnet skal vera basert på god språkrøkt, og det offentlege og særleg staten skal leggja vekt på å nytta eit klart og brukartilpassa språk som følgjer gjeldande rettskriving og har ei rimeleg fordeling mellom målformene. Delmål 3 a) Generell språkrøkt Skriftleg bruk av språket i det offentlege rom bør følgja offisiell rettskriving med tilhøyrande skrivereglar og tilfredsstilla rimelege krav til idiomatisk ordlegging, korrekt setningsbygging og logisk tekstforming. Ein større del enn i 2012 av språkrådgjevinga i Språkrådet er ein-til-mangerådgjeving. Statistikk for bruk av svardatabase, publikasjonar, nettsidene, Facebook og Twitter, og språkspalter/artiklar viser det. Språkrådet har eit betre systematisert språkrådgjevingsmateriale, mellom anna publisert ein svardatabase lett tilgjengeleg for brukarane. Det er minst 5000 svar i databasen innan utgangen av Språkrådet gir betre informasjon til kommunane og innbyggjarane i stadnamnspørsmål (saksgang, høyring, plikter, fristar, innmelding til Sentralt stadnamnregister osb.), målt ved talet på kontaktar med kommunane gjennom brev/e-post, telefonar, kurs/møte og anna, og talet på nye saker, dessutan utvikling av nettsider og nettsidestatistikk. Kommunar har innarbeidd rutinar for å kontakte Språkrådet. Stadnamntenestene er betre koordinerte, målt ved talet på kontaktar mellom Språkrådet si stadnamnteneste for norsk og kvensk og Sametinget si stadnamnteneste for samisk, og det er fleire minoritetsnamn på skilt og kart, målt ved talet på samiske og kvenske namn på skilt og kart. 3 b) Strategisk språkrøkt Det er strategisk særleg viktig for å sikra eit mest mogleg korrekt og velfungerande språk i samfunnet elles at det er god språkrøkt i lærebøker, aviser og film- og fjernsynsteksting. Resultatindikator: Det er etablert ordningar for å følgje med på språket i lærebøker, aviser og film- og fjernsynsteksting. 9

10 3 c) Offentleg klarspråk Det offentlege språket skal vera eit føredøme for samfunnet elles, og den språklege utforminga av offentlege dokument skal følgja normene for klarspråk. Statlege nettstader, lover og andre statlege dokument får betre språkleg kvalitet. Eit mål er talet på organ som får hjelp med å kvalitetssikre dokument, anten av Språkrådet sjølv (språktenesta for statsorgan) eller av konsulentar som Språkrådet har tilrådd. Det er etablert rutinar og prosessbeskrivingar for Språkrådet sitt arbeid med det offentlege språket, og Språkrådet følgjer rutinane. 3 d) Nynorsk forvaltningsspråk Spesielt må det nynorske forvaltningsspråket bli av høgare kvalitet, og klarspråksarbeidet må bidra til auka bruk av nynorsk i staten i tråd med lovpålagde krav til kvantitativ fordeling mellom målformene. Den språklege kvaliteten på lover og forskrifter på nynorsk blir betre ved at nye lover og forskrifter på nynorsk gjennomgår ein kvalitetskontroll så tidleg som råd i prosessen, med hjelp frå språktenesta eller frå private språkkonsulentar. Ein gjennomgang av eit utval av gjeldande lover og forskrifter er òg påbyrja. Det er etablert ein rutine for informasjon, tekstrådgjeving og kurstilbod til statsorgan om nynorsk forvaltningsspråk, og Språkrådet følgjer rutinen. Nettsidene til Språkrådet er utvida med ei veksande, brukarvennleg samling stuttartiklar om (særleg nynorsk) forvaltningsspråk. Ein del av dette er henta frå svardatabasen, og anna er nyskrive. Nettkurset i nynorsk blir halde ved like. Reglane om målbruk i offentleg teneste blir følgde betre, målt ved talet på rapporteringar, forbetringar i rapporteringsverktøy, talet på klagesaker og oppfølginga av dei. Fordelinga på nynorsk og bokmål i dokument frå statsorgana er meir i tråd med norsk språkpolitikk. Talet på regelbrot går ned. Risikovurdering, hovudmål 3 Dei fleste delområda og delmåla innanfor dette området inneber ei styrking av ting Språkrådet allereie gjer og har allmenn aksept for at det skal gjere. Forbetringane som blir skisserte her, er dels allereie i ferd med å bli gjennomførte. På eit par felt er det faktorar som dreg i motsett lei: Språket i læremiddel og læringsressursar er ikkje like gjennomarbeidd som før. Ein større del av tekstmengda elevane møter i skulesamanheng, er ikkje normert. Som resultat kan elevane bli mindre trygge på korrekt og godt språk enn tidlegare. Svekt nynorskopplæring kan føre til at det blir vanskeleg å oppretthalde kvaliteten på nynorsk tekst i det offentlege. 10

11 HOVUDMÅL 4 Det skal vera stor toleranse og gode rammevilkår for eit levande norskspråkleg og fleirspråkleg mangfald i landet og for språkforståinga mellom Noreg og utlandet, særleg mellom Noreg og dei andre nordiske landa. Delmål 4 a) Språklege rettar i samfunnet Både i offentleg forvaltning og tenesteyting og i samfunnet elles skal det visast respekt for legale og legitime rettar som kvar enkelt borgar har som språkbrukar, uavhengig av kva språkleg bakgrunn vedkomande har. Resultatindikator: Språkbrukarane har meir kunnskap om dei språklege rettane sine. Språkrådet utviklar nettsider om språklege rettar og tar initiativ til synleggjering av desse rettane. Språkrådet har informasjon om språklege rettar på fleire nettsider. 4 b) Nynorsk målbruk Som formelt likestilt variant av det norske nasjonalspråket, men reelt mindretalsspråk i høve til bokmål er det eit mål at nynorsk skal brukast i størst mogleg omfang på alle samfunnsområde, og at det skal vera lettast mogleg å vera nynorskbrukar, m.a. slik at nynorskelevar held fast ved språket sitt også i vaksen alder. Det blir meir og betre nynorsk i bruk i Noreg. Statistikkane viser at elevane i vidaregåande skule skriv meir og betre nynorsk. Det blir færre brot på mållova. Statistikken viser at mållova blir overhalden. Fleire har gått gjennom Språkrådets og Difis kurstilbod i nynorsk og klarspråk i staten. 4 c) Fleirspråkleg mangfald Bruk av samisk språk, nasjonale minoritetsspråk og norsk teiknspråk skal styrkjast, og alle som soknar til eit av desse språka, eller som har ein annan morsmålsbakgrunn enn norsk, skal ha god tilgang til sitt eige språk. Norsk teiknspråk kan studerast på alle nivå i høgare utdanning. Eit mål er talet på studietilbod og studentar. Norsk teiknspråk er synlegare i samfunnet, og særleg i statsorgana. Det skjer kartlegging av teiknspråkbruk i statsorgana. Der er det fleire tilsette som brukar teiknspråk. 11

12 Det er sett i gang arbeid med styrking av språkmangfaldet i Noreg. Det ligg føre beskriving av ansvar og arbeidsområde Språkrådet bør ha når det gjeld andre språk og andre språkgrupper enn norsk. Det ligg føre ein plan for korleis styrkinga kan gjerast. 4 d) Nordisk språkfellesskap og framandspråkskompetanse Den nordiske språkfellesskapen basert på dei tre gjensidig forståelege skandinaviske språka skal haldast ved like og utviklast vidare, og folk i Noreg skal ha god og allsidig kompetanse i framande språk. Språkrådet deltar aktivt og synleg i det nordiske språksamarbeidet gjennom nettverket for språknemndene i Norden, Nordisk foreining for leksikografi, Nordterm og ulike prosjekt. Eit nordisk språkbarometer er etablert og blir ajourført årleg. Språkrådet deltar aktivt og synleg i arbeidet med mellom anna språkteknologi og teiknspråk. Språkrådet engasjerer seg i arbeidet for at folk i Noreg skal ha god og allsidig kompetanse i framande språk. Språkrådet har byrja byggje opp kunnskap om framandspråkskompetansen i Noreg. Språkrådet har tatt initiativ til tiltak som kan auke framandspråkkompetansen. Risikovurdering, hovudmål 4 Utbygde studieprogram for norsk teiknspråk og eventuelt andre minoritetsspråk er avhengig av politisk vilje til å løyve pengar til slike studieprogram. Ofte går dette på tvers av institusjonsinterne vurderingar, som er styrte av studenttilgang. Kunnskap om nabospråk og framandspråk er avhengig av språkressursar, studietilbod og arenaer for å møte desse språka. Utviklinga av tilgang på relevante språkressursar og studietilbod varierer frå språk til språk, frå utdanningstrinn til utdanningstrinn, og frå arena til arena. Skal måla bli nådde, må negative tendensar bli snudde her. Nynorsk målbruk er under sterkt press, sjølv om det òg finst område i landet der nynorsk er fleirtalsspråk. Arbeidet med dette delmålet må ta omsyn til og motverke dette. 12

13 Organisasjon, administrasjon og kommunikasjon Språkrådet skal ha ein velfungerande og fleksibel organisasjon med eit effektivt administrativt støtteapparat og ei god og omfattande kommunikasjonsverksemd overfor omverda, slik at det lèt seg gjera å nå dei fire hovudmåla og delmåla under dei. Delmål a) Organisasjon og administrasjon Språkrådet er ein velfungerande og fleksibel organisasjon med ei intern organisering tilpassa samfunnsoppdraget til Språkrådet, basert på røynsle og løpande evaluering av si eiga verksemd, og smidig nok til å fanga opp og ta i bruk nye arbeidsmetodar som følgjer av teknologisk og anna samfunnsmessig utvikling. Organiseringa av verksemda (leiing, grupper av tilsette, fagråd) blir vurdert opp mot oppgåvene, og ved behov blir det tatt initiativ til justeringar. Gode rutinar sikrar intern informasjonsflyt og effektivitet. Språkrådet tar i bruk nye teknologiske løysingar til dette etter kvart som dei blir tilgjengelege. Det blir gjort eit kontinuerleg internt arbeid i organisasjonen med planlegging og gjennomføring av administrativ opplæring og rutinar. Språkrådet har til kvar tid dei interne styringsdokumenta som følgjer av overordna lover og regelverk (avtale om medråderett, personalpolitikk, lønnspolitikk, kompetanseplan, livsfasepolitikk osb.). b) Kommunikasjon Språkrådet har ein overordna strategi for måloppnåing gjennom kommunikasjonarbeid, t.d. klar tanke for kva ein vil med nettsidene og korleis, med å vurdere offentlege haldningskampanjar, tenkje ut måtar Språkrådet kan bli meir synleg blant statsorgana på, oppnå og oppretthalde eit godt omdøme i heile samfunnet som ein kompetent og serviceorientert etat som det er naturleg å involvere ved behov, m.m. Det er utvikla ein kommunikasjonsstrategi, og han er tatt i bruk på fleire felt. Språkrådet er blitt meir synleg på fleire samfunnsområde. Risikovurdering, organisasjon, administrasjon og kommunikasjon Med den auka profesjonaliseringa omlegginga til det nye Språkrådet har vore og er gjennom, vil utviklinga for delmåla under dette punktet gå i rett lei. Som alle organisasjonar som veks til tilsvarande storleik, risikerer Språkrådet å få meir enn nok å gjere med å vurdere og utvikle sin eigen organisasjon, og dermed få mindre fokus på eksterne mål. 13

Norsk i hundre! Norsk som nasjonalspråk i globaliseringens tidsalder. Et forslag til strategi

Norsk i hundre! Norsk som nasjonalspråk i globaliseringens tidsalder. Et forslag til strategi Norsk i hundre! Norsk som nasjonalspråk i globaliseringens tidsalder Et forslag til strategi Språkrådet 2005 Innhald 1 Samandrag... 3 2 Innledning... 10 3 Språk på spel i 2005... 18 4 Språk en demokratisk

Detaljer

God betre best! Mål og strategiar for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane 2012 til 2015

God betre best! Mål og strategiar for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane 2012 til 2015 God betre best! Mål og strategiar for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane 2012 til 2015 God betre best! Mål og strategiar for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane 2012 til 2015 Side 1 1. INNLEIING

Detaljer

Informasjonsforvaltning i offentleg sektor. Rapport 2013:10 ISSN: 1890-6583

Informasjonsforvaltning i offentleg sektor. Rapport 2013:10 ISSN: 1890-6583 Informasjonsforvaltning i offentleg sektor Rapport 2013:10 ISSN: 1890-6583 Forord Det har lenge vore klart at offentleg sektor må nytte informasjonen sin på ein betre måte for å bli meir effektiv, gi betre

Detaljer

Evaluering av Reform 97

Evaluering av Reform 97 Evaluering av Reform 97 Sluttrapport frå styret for Program for evaluering av Reform 97 Utarbeidd av Peder Haug Forskingsleiar 2003 1 Norges forskningsråd 2003 Norges forskningsråd Postboks 2700 St. Hanshaugen

Detaljer

Resultat frå evalueringa av Reform 97. Utarbeidd av Peder Haug

Resultat frå evalueringa av Reform 97. Utarbeidd av Peder Haug Resultat frå evalueringa av Reform 97 Utarbeidd av Peder Haug Resultat frå evalueringa av Reform 97 Utarbeidd av Peder Haug, forskingsleiar for evalueringa 1 2 Forord Noregs forskningsråd har på oppdrag

Detaljer

Regional plan for folkehelse - Fleire gode leveår for alle -

Regional plan for folkehelse - Fleire gode leveår for alle - Regional plan for folkehelse - Fleire gode leveår for alle - 2014 2025 Utgivar: Tittel: Hordaland fylkeskommune, Regionalavdelinga Regional plan for folkehelse - Fleire gode leveår for alle - Dato: 7.

Detaljer

Eksempelsamling med kommentarar. Styringsdokumenta instruks for økonomiog verksemdsstyring og tildelingsbrev frå departement til verksemd

Eksempelsamling med kommentarar. Styringsdokumenta instruks for økonomiog verksemdsstyring og tildelingsbrev frå departement til verksemd Eksempelsamling med kommentarar Styringsdokumenta instruks for økonomiog verksemdsstyring og tildelingsbrev frå departement til verksemd SSØ 01/2011, 1. opplag 1000 eks. Forord God statleg styring føreset

Detaljer

Statlege verksemder som vurderer å etablere ein internrevisjonsfunksjon

Statlege verksemder som vurderer å etablere ein internrevisjonsfunksjon Rettleiar Veileder Statlege verksemder som vurderer å etablere ein internrevisjonsfunksjon DFØ 12/2011, 1. opplag Forord Å ta stilling til om verksemda skal etablere ein internrevisjonsfunksjon, er ei

Detaljer

Kompetanse for tilpasset opplæring. Artikkelsamling

Kompetanse for tilpasset opplæring. Artikkelsamling Kompetanse for tilpasset opplæring Artikkelsamling Redaktører: Grete Dalhaug Berg, Høgskolen i Volda og Kari Nes, Høgskolen i Hedmark Copyright Layout: Wallace Design C 2007 Utdanningsdirektoratet 2 Utdanningsdirektoratet

Detaljer

Gratisprinsippet i grunnskulen kollektive løysingar mot individuelle rettar.

Gratisprinsippet i grunnskulen kollektive løysingar mot individuelle rettar. Gratisprinsippet i grunnskulen kollektive løysingar mot individuelle rettar. Kva for utfordringar opplever rektor når foreldre ønskjer å gjennomføre prosjekt utanfor skulen si økonomiske ramme? Asbjørn

Detaljer

Høyringsfråsegn om revidert læreplan i norsk

Høyringsfråsegn om revidert læreplan i norsk Utdanningsdirektoratet Postboks 9359 Grønland 0135 OSLO Vår ref: Dykkar ref: Dato: HF-LP/13-02 2012/6261 Oslo, 14.02.2013 Høyringsfråsegn om revidert læreplan i norsk Norsk Målungdom sender med dette svar

Detaljer

trategisk plan for pedagogisk bruk av IKT 2010-2012 26.mars 2010 Høyringsdokument www.sfj.no

trategisk plan for pedagogisk bruk av IKT 2010-2012 26.mars 2010 Høyringsdokument www.sfj.no trategisk plan for edagogisk Strategisk plan bruk for av IKT pedagogisk bruk av IKT 2010-2012 2010 2012 26.mars 2010 Høyringsdokument www.sfj.no Innhaldsliste Strategisk plan for pedagogisk bruk av IKT

Detaljer

Plansatsinga i Møre og Romsdal fylke Frå forvaltning til utvikling?

Plansatsinga i Møre og Romsdal fylke Frå forvaltning til utvikling? Notat nr. 9/2007 Jørgen Amdam, Johan Barstad, Finn Ove Båtevik og Geir Tangen Plansatsinga i Møre og Romsdal fylke Frå forvaltning til utvikling? 2007 VOLDA Prosjekttittel Prosjektansvarleg Prosjektleiar

Detaljer

Den generelle delen av læreplanen

Den generelle delen av læreplanen Den generelle delen av læreplanen INNLEIING 2 DET MEININGSSØKJANDE MENNESKET 3 KRISTNE OG HUMANISTISKE VERDIAR 3 KULTURARV OG IDENTITET 4 DET SKAPANDE MENNESKET 5 KREATIVE EVNER 5 TRE TRADISJONAR 6 KRITISK

Detaljer

Handlingsplan. Handlingsplan for meir entreprenørskap blant kvinner

Handlingsplan. Handlingsplan for meir entreprenørskap blant kvinner Handlingsplan Handlingsplan for meir entreprenørskap blant kvinner Innhaldsliste 1 INNLEIING OG SAMANDRAG 5 1.1 SORIA MORIA-ERKLÆRINGA, MÅLSETJING, FØRESETNADER OG TILTAK 5 1.2 DEFINISJON AV ENTREPRENØRSKAP

Detaljer

Jo fleire kokkar, jo betre søl. medverknad i arkiv, bibliotek og museum #62. Åshild Andrea Brekke. Pantone. Pantone. c72 m64 y62 k59.

Jo fleire kokkar, jo betre søl. medverknad i arkiv, bibliotek og museum #62. Åshild Andrea Brekke. Pantone. Pantone. c72 m64 y62 k59. Jo fleire kokkar, jo betre søl Pantone Pantone Pantone medverknad i arkiv, bibliotek og museum 459 151 484 c6 m7 y55 k0 c0 m43 y87 k0 c0 m87 y83 k30 r242 g255 b140 r249 g161 b58 r179 g52 b40 Åshild Andrea

Detaljer

Fjell kommune. Helse- og omsorgstenester i framtida SJEF I EIGE LIV. Frå helseområdet på Straume

Fjell kommune. Helse- og omsorgstenester i framtida SJEF I EIGE LIV. Frå helseområdet på Straume Fjell kommune Helse- og omsorgstenester i framtida SJEF I EIGE LIV Frå helseområdet på Straume Rapport desember 2012 I eit samarbeid med Husbanken Region Vest har rådmannen i Fjell laga denne rapporten.

Detaljer

Bruk av tvang i psykisk helsevern

Bruk av tvang i psykisk helsevern Internrevisjonen Bruk av tvang i psykisk helsevern Helse Vest RHF, september 2014 INNHALD Målgruppene for denne rapporten er styret og revisjonsutvalet på regionalt nivå, styra i helseføretaka, formelt

Detaljer

Klar, men aldri ferdig EN PRAKTISK VEILEDER I KLARSPRÅKSARBEID

Klar, men aldri ferdig EN PRAKTISK VEILEDER I KLARSPRÅKSARBEID Klar, men aldri ferdig EN PRAKTISK VEILEDER I KLARSPRÅKSARBEID Klar, men aldri ferdig En praktisk veileder i klarspråksarbeid 1. utgave 1. opplag 2010 1. utgave 2. opplag 2011 Redaktører: Margrethe Kvarenes

Detaljer

IMPLEMENTERING AV SKULEOMFATTANDE ARBEID

IMPLEMENTERING AV SKULEOMFATTANDE ARBEID IMPLEMENTERING AV SKULEOMFATTANDE ARBEID Av Sigrun K. Ertesvåg & Svein Størksen Om Respekt Dette heftet er produsert som en del av arbeidet under Respekt programmet, som består av kurs, veiledning og

Detaljer

Språknytt. Ett eller to ord?, s. 26

Språknytt. Ett eller to ord?, s. 26 Foto: Språkrådet Ett eller to ord?, s. 26 Språknytt Utgitt av Språkrådet 37. årgang 2/2009 Meninger om engelsk i næringslivet, s. 10 Språkdugnad på Facebook, s. 14 Når internasjonalisering betyr anglifisering,

Detaljer

Kjønnsperspektiv på rekruttering av innbyggjarar

Kjønnsperspektiv på rekruttering av innbyggjarar Marte Fanneløb Giskeødegård og Gro Marit Grimsrud Rapport nr. 52 Kjønnsperspektiv på rekruttering av innbyggjarar 2 Møreforsking Volda Postboks 325, NO-6101 Volda Tlf. 70 07 52 00 NO 991 436 502 Tittel

Detaljer

FRÅ FØRSKULELÆRAR TIL BARNEHAGELÆRAR

FRÅ FØRSKULELÆRAR TIL BARNEHAGELÆRAR FRÅ FØRSKULELÆRAR TIL BARNEHAGELÆRAR Den nye barnehagelærarutdanninga Mulegheiter og utfordringar Rapport frå Følgjegruppa til Kunnskapsdepartementet RAPPORT NR.1 2014 0 Forord Denne rapporten er den første

Detaljer

NOTAT. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: Administrerande direktør DATO: 16.02.2015 FRÅ:

NOTAT. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: Administrerande direktør DATO: 16.02.2015 FRÅ: NOTAT GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 16.02.2015 FRÅ: Administrerande direktør SAKSHANDSAMAR: Tove Hagland SAKA GJELD: Resultatnotat ARKIVSAK: 2015/1420/ STYRESAK: 020/15 STYREMØTE:

Detaljer

Når starten er god. En artikkelsamling om veiledning av nyutdannede lærere i barnehagen, grunnskolen og videregående opplæring

Når starten er god. En artikkelsamling om veiledning av nyutdannede lærere i barnehagen, grunnskolen og videregående opplæring Når starten er god En artikkelsamling om veiledning av nyutdannede lærere i barnehagen, grunnskolen og videregående opplæring Copyright C 2007 Utdanningsdirektoratet Layout: Wallace Design Ill.: Brian

Detaljer

Møre og Romsdal fylke 2009-2012 www.mrfylke.no

Møre og Romsdal fylke 2009-2012 www.mrfylke.no Strategi for internasjonalt arbeid Møre og Romsdal fylke 2009-2012 www.mrfylke.no 1 Innhald side Det internasjonale fylket 3 Mandat og iverksetting - internasjonal strategi 3 Geopolitisk avgrensing 4 Møre

Detaljer

Styresak. Odd Søreide Strategi for arbeid med kvalitet i Helse Vest. Styresak 117/05 B Styremøte 14.12. 2005

Styresak. Odd Søreide Strategi for arbeid med kvalitet i Helse Vest. Styresak 117/05 B Styremøte 14.12. 2005 Styresak Går til: Styremedlemmer Selskap: Helse Vest RHF Dato: 06.12.2005 Sakbehandlar: Saka gjeld: Odd Søreide Strategi for arbeid med kvalitet i Helse Vest Styresak 117/05 B Styremøte 14.12. 2005 PRINSIPPSKISSE

Detaljer

Institutt: ILN EmnekodeRETKOM4104 Emnenavn: Moderne retorikk og språklig kommunikasjon 4 Semester:Høst 2008 Gruppe 2

Institutt: ILN EmnekodeRETKOM4104 Emnenavn: Moderne retorikk og språklig kommunikasjon 4 Semester:Høst 2008 Gruppe 2 Institutt: ILN EmnekodeRETKOM4104 Emnenavn: Moderne retorikk og språklig kommunikasjon 4 Semester:Høst 2008 Gruppe 2 2 Innholdsfortegnelse 1 Del I Klarhet s. 2 1.1 Om klarspråk og forvaltningen s. 2 1.2

Detaljer

Nynorsk i staten. Reglar og råd

Nynorsk i staten. Reglar og råd Nynorsk i staten Reglar og råd Kjære statstilsett! Ei av dei faste oppgåvene til Språkrådet er å gje statstilsette informasjon om lov om målbruk i offentleg teneste (mållova). Lova skal sikre ei rimeleg

Detaljer

Møring. Stor entusiasme for nytt samhandlingsutval. Nr. 6-2010. Ny avdelingssjef på vaksenpsykiatrisk. Lokal forankring sentralt

Møring. Stor entusiasme for nytt samhandlingsutval. Nr. 6-2010. Ny avdelingssjef på vaksenpsykiatrisk. Lokal forankring sentralt Sunn Møring Nr. 6-2010 Stor entusiasme for nytt samhandlingsutval sjå side 10 Ny avdelingssjef på vaksenpsykiatrisk avdeling s. 3 Lokal forankring sentralt s. 4 Felles satsing i nødetatane s. 6 LEIAR Helse

Detaljer