ENDELEG TILSYNSRAPPORT Opplæringslova 2-15 om rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring Kvam herad Kvam ungdomsskule
|
|
- Kristoffer Gjerde
- 8 år siden
- Visninger:
Transkript
1 ENDELEG TILSYNSRAPPORT Opplæringslova 2-15 om rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring Kvam herad Kvam ungdomsskule 1
2 1. Innleiing Rapporten er utarbeidd etter tilsyn med Kvam herad, Kvam ungdomsskule. Rapporten gir inga fullstendig tilstandsvurdering av skulen. Tilsynet er gjennomført ved å vurdere praksis og rutinar som er omtalt i tilbakemeldingane frå kommunen og skulen opp mot lovkrav. 2. Rettsleg grunnlag for tilsynet Etter opplæringslova 14-1 har Fylkesmannen heimel til å føre tilsyn med offentlege skular. Kommunelova har utfyllande reglar om dette i kapittel 10A, jf. 60c. Tilsynsmyndigheita skal i denne samanheng ha tilgang til skuleanlegg og dokumentasjon. Tilsynet har ikkje avdekt lovbrot. 3. Tema for tilsynet Tema for tilsynet var om Kvam ungdomsskule følgjer krava i opplæringslova 2-15 om rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring seier: Elevane har rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring. Kommunen kan ikkje krevje at elevane eller foreldra dekkjer utgifter i samband med grunnskuleopplæringa, til dømes utgifter til undervisningsmateriell, transport i skuletida, leirskuleopphald, ekskursjonar eller andre turar som er ein del av grunnskuleopplæringa. Vidare er det vurdert om krava i opplæringslova 2-11 om permisjon frå den pliktige opplæringa er følgt når denne regelen blir aktualisert i samanheng med gratisprinsippet første ledd seier: Når det er forsvarleg, kan kommunen etter søknad gi den enkelte eleven permisjon i inntil to veker. Retten og plikten til opplæring varer til eleven har fullført tiande skuleåret. Grunnskuleopplæringa skal vere i samsvar med Læreplanverket for Kunnskapsløftet, under dette fag- og timefordelinga. Kommunen gir forskrifter om skule- og feriedagar for elevane. Det går fram av opplæringslova 2-2 at opplæringa skal strekkje seg over minst 38 skuleveker innafor ei ramme på 45 samanhengande veker i skuleåret. Kommunane står fritt til å fastsetje eit anna tal undervisningsdagar enn 190, dersom dagane blir fordelte innanfor ei ramme på minst 38 og maksimalt 45 samanhengande veker. Forskrift til opplæringslova 1-6 seier at undervisninga som regel skal gå føre seg mellom kl og kl Unnatak frå denne regelen kan gjerast i enkelte tilfelle. Eit døme kan vere å forlenge skuledagen dersom elevane skal på teaterbesøk som ein del av undervisninga på ettermiddag/kveld. 4. Rettslege krav Opplæringslova 2-15 Rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring: Utdanningsdirektoratet har tolka denne retten og seier: Lova slår fast at den offentlege grunnskuleopplæringa skal vere gratis for elevane. Det betyr at kommunen/skulen ikkje kan krevje betaling frå elevane eller foreldra for verken undervisningsmateriell eller aktivitetar (faglege og sosiale) som går føre seg i skuletida og i skulen sin regi, og som er ein del av grunnskuleopplæringa i samsvar med opplæringslova og forskriftene til lova. Dei døma som er nemnde i lovparagrafen er ikkje uttømmande. Forbodet mot å krevje eigenbetaling gjeld all verksemd i samband med 2
3 opplæringa, også aktivitetar som går føre seg utanom ordinær skuletid når desse aktivitetane er ledd i at skulen gjennomfører opplæringa i samsvar med lov og forskrift. Opplæringslova 2-11 Permisjon frå den pliktige opplæringa Ordlyden i opplæringslova 2-11 regulerer permisjonar knytt til den enkelte elev, og regulerer derfor ikkje permisjonar for grupper av elevar. Opplæringslova 2-11 kan heller ikkje brukast når turen er ein del av grunnskuleopplæringa. Omsynet bak regelen er at det skal vere mogeleg for foreldre å ta ut elevane frå den obligatoriske grunnskuleopplæringa utanom skulen sine feriar. Både ordlyden og omsynet bak regelen tilseier derfor at regelen ikkje kan brukast slik at det blir ei omgåing av gratisprinsippet. Kommunen/skulen kan derfor ikkje gje permisjon for ei gruppe elevar med heimel i opplæringslova Skriftleg dokumentasjon Fylkesmannen har utarbeidd spørsmål som skuleeigar, rektor og leiar for FAU skulle svare på. Det var og høve til å leggje ved annan relevant dokumentasjon. Fylkesmannen har mottatt svar på spørsmåla frå rektor ved Kvam ungdomsskule. Både Kvam herad og leiar av FAU skriv at dei har lest svara frå rektor, og ingen av dei har kommentarar eller tillegg til det rektor skriv. Følgjande spørsmål blei stilt: 1. Korleis informerer skulen foreldre og lærarar om retten til gratis grunnskuleopplæring? 2. Er gratisprinsippet drøfta i skulen sine rådsorgan? 3. Gjennomfører skulen turar/arrangement som til dømes; a. leirskule b. utanlandsturar c. andre turar med overnatting d. dagsturar/ekskursjonar (t.d. skidagar, kinobesøk, museumsbesøk) e. jul/sommararrangement Gjer nærmare greie for praksisen. 4. Blir turane/arrangementa fullfinansiert av skulen sine midlar? a. Dersom svaret på spørsmål 4 er nei blir det kravd eigenandel frå elevar/foreldre? 5. Arrangerer foreldra turar/arrangement for elevane i skuletida, jf. kulepunkta til spørsmål 3? a. Dersom svaret er ja på spørsmål 5 korleis vert desse finansiert? b. Dersom svaret på spørsmål 5 er ja, kva rolle og deltaking har skulen? 6. Har skulen ei eiga «gåvekasse/gåvekonto»? a. Er denne i tilfelle for heile skulen eller for enkeltklassar? b. Kven administrerer gåvekassa? c. Er foreldra informert om at alle gåver må vere reelt frivillig? 7. Gir skulen elevane permisjon etter opplæringslova 2-11 for å reise på aktivitetar arrangert av foreldre? a. Kva for tilbod får eventuelt dei elevane som ikkje søkjer permisjon? 3
4 6. Oppsummering av dei skriftlege tilbakemeldingane Informasjon Rektor skriv at skulen informerer foreldre og lærarar om retten til gratis grunnskuleopplæring i foreldremøta på dei ulike trinna ved skulen. Gratisprinsippet har ikkje vore drøfta i rådsorgana ved skulen dei siste åra, men var tema i møter då skulen var ny i Dette vart gjort i samband med at skulen då la strukturen for framtidige turarrangement. Turar i skulen sin regi og finansiering av desse Rektor skriv at skulen ikkje gjennomfører leirskular eller utanlandsturar. Skulen arrangerer imidlertid ein avslutningstur for elevane på 10. trinn. Mykje av dokumentasjonen som er sendt inn er knytt til gjennomføringa og finansieringa av denne turen, som i 2016 går til Dagali. Turen til Dagali er planlagt ein måndag til onsdag i løpet av skuleåret. Rektor viser også til denne turen under spørsmålet om kor vidt foreldra arrangerer turar i skuletida. Likevel skriv rektor at turen er ein del av skulen sitt opplegg. Til vanleg deltek to frå personalet ved skulen på turen. Det går fram av svara til rektor at skulen ikkje finansierer denne turen fullt ut. I vedlegg tre er det lagt ved eit budsjett for korleis turen skal finansierast. Arrangementa «Kortsal», «Vårball 2015», «Avslutningsfest 10 kl.», og Bornas verdsdag», «Juleball 2015» og «Vinterfest 2016» skal etter budsjettet finansiere kr av utgiftene, medan tiltaket «Arbeid for tur» skal finansiere kr. Totalt har skulen kr i utgifter for å gjennomføre avslutningsturen. Arbeid for tur Det går fram av vedlegg tre at tiltaket «Arbeid for tur» skal utgjere eit av hovudelementa i finansieringa av turen. Målet med tiltaket er at kvar elev skal arbeide og betale inn 1500 kr totalt. Det går fram av skrivet at det er faste datoar gjennom året for innbetaling av 500 kr for elevar som skal vere med på turen. Pengane skal betalast inn til ein gitt konto, og innbetalinga skal merkast med eleven sitt namn. Vidare går det fram av skrivet at alle elevar får tilbod om å vere med på turen, og at det vil bli søkt om økonomisk støtte dei elevane som ikkje har anledning til å delta på «Arbeid for tur». Kommunen har ikkje sendt inn dokumentasjon for korleis «Arbeid for tur» vert organisert for turen i I vedlegg ein er det imidlertid forklart kva som var innhaldet i «Arbeid for tur» for 10. klasse i Her går det fram at elevane skal arbeide fire dagar over ein periode på to år, mot ei betaling på 300 kr per dag. I vedlegget står husarbeid, hagearbeid, rydding, barnepass eller anna arbeid foreldre eller andre vaksne finn høveleg som døme på arbeidsoppgåver. Det går ikkje fram av noko anna dokumentasjon at innhaldet i tiltaket er endra seinare. Gåvekasse/klassekasse Rektor skriv at det finns ein konto per trinn for oppsparte midlar. Her går inntekter frå ulike arrangement, samt «Arbeid for tur» inn. Det er foreldra som administrerer pengane, men kontoen er knytt til skulen, og rektor har også tilgang. Rektor skriv også at skulen dei siste åra ikkje har understreka at gåver til desse kontoane reelt sett skal vere frivillige. Her viser også rektor til den informasjonen som går ut til foreldra (vedlegg 1-3). 4
5 Dagsturar/ekskursjonar Rektor omtaler ein del dagsturar som skulen gjennomfører. Dette er mellom anna museumsbesøk, fjellturar, bedriftsbesøk, skulebesøk til vidaregåande skule og liknande. Her skriv rektor at skulen dekkar alle utgifter, og det er ingen eigenandel. Slik det går fram av rektor sitt svar, har alle elevane på 9. trinn ei arbeidsveke i løpet av skuleåret. Her dekkar skulen ekstra kostnad til skyss dersom elevane har funne seg eller fått tildelt arbeidsplass i Ålvik Øystese Norheimsundområdet. Dersom elevane vel arbeidsplass lenger unna, tar eleven kostnadane knytt til dette. Skidag Det går fram av svaret til rektor at skulen arrangerer skidag for elevane. Her kan elevane velje mellom å gå på tur eller å vere i alpinanlegg. Dersom elevane vel å vere i alpinanlegg kan elevane bruke eigne heiskort dersom dei har det, eller kjøpe dagskort. Dei har også høve til å leige skiutstyr til bruk i bakkane, til mellom 160 og 200 kr. Skulen dekkar skyss til og frå, uavhengig av kva opplegg elevane er med på. Andre arrangement I svaret frå rektor går det fram at elevar og foreldre på 10. trinn arrangerer juleball, og 9. trinn arrangerer vårball. Dette er arrangement som går etter skuletid og er frivillige å delta på. Inntektene frå desse går til avslutningsturen på 10. trinn. Vidare så har skulen ein del arrangement som dei skriv ikkje følgjer ei fast rytme. Dette er til dømes skulefrukost/-lunsj rundt jul og påske og grilling i samband med aktivitetsdagar. Maten til desse arrangementa blir kjøpt inn av tilsette ved skulen, og elevane betaler ein del av kostnadane, ti eller 20 kroner. Permisjonar På spørsmål om skulen gir elevane permisjon for å reise på aktivitetar arrangert av foreldre, skriv rektor at ettersom skuleturen på 10. trinn er ein del av opplæringa søkjer ikkje elevane om permisjon. Vidare skriv han at dei elevane som ikkje er med på turen får eit pedagogisk tilbod på skulen. Her trekk han fram intensiv norskopplæring som eit døme. Han viser også til at det har vore gjort andre tilpassingar, som praksisdagar i barnehage. 7. Fylkesmannens vurdering Slik Fylkesmannen vurderer den dokumentasjonen kommunen har sendt inn i tilsynet, oppfyller ikkje Kvam herad elevane sin rett til gratis grunnskuleopplæring etter opplæringslova Etter Fylkesmannen sitt syn bryt kommunen med gratisprinsippet ved fleire høve, men det tydelegaste dømet er måten skulen finansierar avslutningsturen for elevane på 10. trinn. Skuletur for elevane på 10. trinn Ut frå den dokumentasjonen som føreligg er avslutningsturen er å rekne som ein del av det ordinære opplæringstilbodet for elevane ved Kvam ungdomsskule. Dette vert også stadfesta av rektor i hans svar. Når turen er ein del av den ordinære opplæringa, må den vere reelt gratis for alle. 5
6 Opplæringslova 2-15 er ikkje til hinder for at skuleturar kan finansierast av andre enn skuleeigar, men når dette blir gjort er det ein del vilkår som må vere til stades. Utdanningsdirektoratet skriv følgjande om dette: «Opplæringsloven hindrer ikke at andre enn skoleeier finansierer skoleturer, så lenge retten til gratis opplæring ikke brytes. Elever og foreldre kan gå sammen om å finansiere turer ved f.eks. frivillige gaver, dugnader og loddsalg. Dersom elevene eller foreldrene gir penger bør dette skje anonymt. Skolene kan også ta imot pengegaver, tilskudd til klassekasser, utstyr e.l. fra andre enn foreldre. De som gir gaver eller tilskudd kan ikke stille krav om motytelser, for eksempel i form av reklame for næringslivet. Det er også en klar forutsetning at pengene ikke er øremerket en elev, men skal komme hele elevgruppen til gode, og at ingen presses til å gi eller bidra.» 1 I tiltaket «Arbeid for tur» går det tydeleg fram av den skriftlege informasjonen at skulen legg opp til at elevane skal arbeide i heimen, og foreldra skal betale inn ein gitt sum til skulen sin konto. Det går også fram at innbetalinga ikkje skal vere anonym, men foreldra skal merke innbetalinga med eleven sitt namn. Når det i tillegg står tydeleg at foreldre som ikkje har betalt inn pengar ved førre frist skal betale den doble summen ved den neste, reknar Fylkesmannen med at pengane som blir betalt inn i «Arbeid for tur» er øyremerka ein bestemt elev. Slik Fylkesmannen vurderer dette, så er innbetalingane knytt til «Arbeid for tur» å rekne som ei deltakaravgift for turen, og ikkje eit frivillig bidrag til tur etter dugnadsarbeid. At tiltaket er meint å dekkje ei deltakaravgift for elevane blir også etter Fylkesmannen sitt syn synleggjort ved at elevar som ikkje kan eller vil delta på «Arbeid for tur», må gi melding om dette til turkomiteen slik at komiteen kan søkje om økonomisk støtte for desse elevane. Når ein tur er ein del av opplæringa skal den vere gratis for alle elevane. Fylkesmannen kan ikkje sjå at skulen har nokon heimel for at foreldre - eller ein komite på vegner av foreldre - må søkje økonomisk støtte for at enkelte elevar skal delta i det ordinære opplæringstilbodet. Det er ikkje noko i vegen for at ein komite samlar inn pengar til ein skuletur, men dei pengane som blir samla ikkje kan ikkje øyremerkast enkeltelevar. Midlar som foreldre betalar inn skal heller ikkje kunne sporast tilbake til gjevar. Det går ikkje fram av dokumenta i tilsynet korleis skulen handterar elevar der foreldra ikkje melder frå til turkomiteen om at dei skal søkje økonomisk støtte for borna deira, men som likevel har tenkt å delta på turen. Det går fram av informasjonen om skuleturen at det er ein del andre arrangement som også skal vere med på å finansiere denne. Blant desse er vårball, juleball, vinterfest og avslutningsfest for 10. klasse. Avslutningsfesten skal etter budsjettet gi kroner til finansieringa av turen. Av nettsidene til Kvam ungdomsskule går det fram at denne avslutningsfesten er der elevane får utdelt vitnemål. Utdelinga av vitnemål etter fullført grunnskuleopplæring er ei svært viktig hendig som dei aller fleste foreldre vil ønskje å få delta på. Fylkesmannen meiner difor at dette ikkje er eit reelt frivillig arrangement som foreldra kan velje om ein deltar på eller ikkje. Slik Fylkesmannen vurderer det, så 1 6
7 er utdeling av vitnemål så tett knytt opp mot kjerneaktiviteten til skulen at den dermed er ein del av opplæringa. Skulen kan difor ikkje krevje betaling frå foreldre for å delta på eit slikt arrangement. Andre arrangement Skulen har ein del andre dagsturar og ekskursjonar i løpet av skuleåret. Slik det går fram av svaret til rektor, så dekker skulen kostnadane knytt til dette. Skidagar Skulen arrangerer skidag for elevane kvart år. Det er skulen som arrangerer turen, og den går føre seg i den ordinære skuletida. Fylkesmannen legg difor til grunn at skidagen er å rekne som ein del av elevane sitt ordinære opplæringstilbod. På skidagen kan elevane velje mellom eit gratis alternativ på Sjusete, og alternativ i Furedalen eller Eikedalen der elevane må betale sjølve. Det er ikkje noko i vegen for at skulen legg opp til ulike aktivitetar som elevane kan velje mellom på ein slik dag, men elevane har likevel etter Fylkesmannen sitt syn rett til å delta på alle aktivitetar i den ordinære opplæringa utan å måtte betale for dette. Permisjon Når det gjeld spørsmålet om skulen gir permisjon etter opplæringslova, så legg Fylkesmannen til grunn rektor sitt svar: Skulen ikkje gir permisjonar, då avslutningsturen på 10. trinn er ein del av det ordinære opplæringstilbodet. Informasjon Sjølv om rektor skriv at skulen informerar foreldra om retten til gratis opplæring, meiner Fylkesmannen at dokumentasjonen viser at den forståinga kommunen og skulen har av opplæringslova 2-15 ikkje er riktig. Fylkesmannen ser det difor som truleg at foreldre og lærarar ikkje får korrekt informasjon om retten til gratis grunnskuleopplæring. 8. Skulen sin uttale til førebels rapport og Fylkesmannen si vurdering Rektor ved Kvam ungdomsskule gav, innan fristen, uttale til førebels tilsynsrapport. I uttalen gjer rektor greie for kva inngangspengane til avslutningsfesten etter tiande trinn blir bruk til. Her skriv han at inngangspengane vert brukt til å dekke mat på festen, og at det er berre foreldra som betaler, ikkje elevane. Han viser også til at det i andre samanhengar, som til dømes skuleturar, er i orden at elevane betaler for maten, eller at dei føresette må halde borna med mat. Fylkesmannen er einige med rektor i at det er dei føresette som er ansvarlege for å dekkje utgifter til mat og drikke for sine barn. Utdanningsdirektoratet skriv følgjande om dette: 7
8 «Når det gjelder utgifter til kost, er dette ikke noe som normalt dekkes ved opplæring gitt på skolen. Derfor kan elever pålegges å dekke utgifter til egen mat på skoleturer også. Utgiftene må imidlertid være på nivå med hva mat og drikke normalt ville koste for en elev.» 2 Slik Fylkesmannen vurderer dette, så er det likevel eit visst skilje mellom ein skuletur og ein avslutningsfest med utdeling av vitnemål. På ein skuletur som varer både ein og kanskje fleire dagar, er det sjølvsagt at ein treng mat og drikke. På ein avslutningsfest som varer nokre timar, er dette ikkje like avgjerande. Fylkesmannen forstår at både skulen og foreldra ønskjer å gjere dette til eit hyggeleg arrangement, og at servering dermed er ein naturleg del av dette. Hensynet til at alle foreldre reelt sett, uavhengig av økonomi, får anledning til å sjå på at sitt barn får utdelt vitnemål, veier likevel etter Fylkesmannen sitt syn tyngre enn at andre foreldre ønskjer servering på dette arrangementet. Fylkesmannen vil i samband med dette også seie at det ikkje er noko i vegen for at det blir selt mat eller lagt til rette for at foreldre frivillig kan bidra med mat som skal gå til alle. Derimot å krevje inngangspengar til arrangement som etter Fylkesmannen si vurdering ikkje er reelt frivillig for foreldra, er i strid med gratisprinsippet. 9. Konklusjon Fylkesmannen finn det ikkje godtgjort at informasjonsplikta om retten til gratis grunnskuleopplæring er ivareteken av skulen og kommunen. Fylkesmannen vurderer det slik at Kvam ungdomsskule sin praksis for finansiering av arrangement og turar i regi av skulen og foreldra, i opplæringstida, ikkje er i tråd med krava i opplæringslova 2-15 om rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring. Ut frå den dokumentasjonen som føreligg, praktiserer Kvam ungdomsskule permisjonsreglane i samsvar med 2-11 i opplæringslova om permisjon frå den pliktige opplæringa. 10. Lovbrot som må rettast Kvam kommune må sjå til at Kvam ungdomsskule oppfyller krava i opplæringslova 2-15 om Rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring. Kommunen må i den samanheng sjå til at skulen informerer foreldre og lærarar om retten til gratis grunnskuleopplæring sikrar at det ikkje blir kravd eigendel frå føresette i samband med arrangement som er ein del av opplæringa sikrar at bidrag til skuletur reelt sett er frivillige, og at bidraga ikkje er øyremerka enkeltelevar 2 8
9 11. Frist for tilbakemelding For fylkesmannens tilsyn etter opplæringslova 14-1, gjeld reglane i kommunelova kapittel 10 A. Kommunelova 60 d seier: «Fylkesmannen kan gi pålegg til kommunen eller fylkeskommunen om å rette forhold som er i strid med de bestemmelser fylkesmannen fører tilsyn med etter 60 b. Før pålegg benyttes, skal kommunen eller fylkeskommunen gis en rimelig frist til å rette forholdet». Kvam kommune er gitt frist til 1. juli 2016 til å rette lovbrot som er avdekka i tilsynet, jf. Kommunelova 60 d. Innan denne fristen må Kvam kommune og gje ei erklæring til Fylkesmannen om at lovbrota er retta og gjere greie for korleis dette er gjort. Dersom forholda ikkje er retta innan 1. juli 2016, vil Fylkesmannen vedta pålegg om retting med heimel i Kommunelova 60 d. Kommunen har rett til innsyn i saksdokumenta, jf. Forvaltningslova 18. Kjetil Stavø Høvig tilsynsleiar Toril Tysseland seniorrådgjevar 9
TILSYNSRAPPORT Opplæringslova 2-15 om rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring. Kvinnherad kommune Husnes ungdomsskule
TILSYNSRAPPORT Opplæringslova 2-15 om rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring Kvinnherad kommune Husnes ungdomsskule 1 Innhold 1. Innleiing... 3 2. Rettsleg grunnlag for tilsynet... 3 3. Tema for
DetaljerTILSYNSRAPPORT Opplæringslova 2-15 om rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring. Kvinnherad kommune Rosendal ungdomsskule
TILSYNSRAPPORT Opplæringslova 2-15 om rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring Kvinnherad kommune Rosendal ungdomsskule 1 Innhold 1. Innleiing... 3 2. Rettsleg grunnlag for tilsynet... 3 3. Tema for
DetaljerENDELEG TILSYNSRAPPORT Opplæringslova 2-15 om rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring Bømlo kommune Moster skule
ENDELEG TILSYNSRAPPORT Opplæringslova 2-15 om rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring Bømlo kommune Moster skule 1 1. Innleiing Rapporten er utarbeidd etter tilsyn med Bømlo kommune, Moster skule.
DetaljerTILSYNSRAPPORT Opplæringslova 2-15 om rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring. Granvin herad Granvin barne- og ungdomsskule
TILSYNSRAPPORT Opplæringslova 2-15 om rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring Granvin herad Granvin barne- og ungdomsskule November 2017 1 Innhold 1. Innleiing... 3 2. Rettsleg grunnlag for tilsynet...
DetaljerTILSYNSRAPPORT Ullensvang herad, Kinsarvik skule
TILSYNSRAPPORT Ullensvang herad, Kinsarvik skule 1 1. Innleiing Rapporten er utarbeidd etter tilsyn med Ullensvang herad, Kinsarvik skule. Rapporten gir inga fullstendig tilstandsvurdering av skulen. Tilsynet
DetaljerTILSYNSRAPPORT. Austevoll kommune Austevoll ungdomsskule
TILSYNSRAPPORT Austevoll kommune Austevoll ungdomsskule 1 1. Innleiing Rapporten er utarbeidd etter tilsyn med Austevoll kommune, Austevoll ungdomsskule. Rapporten gir inga fullstendig tilstandsvurdering
DetaljerTILSYNSRAPPORT Voss kommune, Sundve skule
TILSYNSRAPPORT Voss kommune, Sundve skule 1 1. Innleiing Rapporten er utarbeidd etter tilsyn med Voss kommune, Sundve skule. Rapporten gir inga fullstendig tilstandsvurdering av skulen. Tilsynet er gjennomført
DetaljerENDELEG TILSYNSRAPPORT. Retten til gratis offentleg grunnskuleopplæring. Stord kommune, Nysæter ungdomsskule
ENDELEG TILSYNSRAPPORT Retten til gratis offentleg grunnskuleopplæring Stord kommune, Nysæter ungdomsskule 1 1. Innleiing Rapporten er utarbeidd etter tilsyn med Stord kommune, Nysæter ungdomsskule. Rapporten
DetaljerENDELEG TILSYNSRAPPORT Opplæringslova 2-15 om rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring Bergen kommune Kirkevoll skole
ENDELEG TILSYNSRAPPORT Opplæringslova 2-15 om rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring Bergen kommune Kirkevoll skole 1 1. Innleiing Rapporten er utarbeidd etter tilsyn med Bergen kommune, Kirkevoll
DetaljerTILSYNSRAPPORT. Fjell kommune Fjell ungdomsskule
TILSYNSRAPPORT Fjell kommune Fjell ungdomsskule 9. juni 2017 1 Innhold 1. Innleiing... 3 2. Rettsleg grunnlag for tilsynet... 3 3. Tema for tilsynet... 3 4. Rettslege krav... 3 Opplæringslova 2-15 Rett
DetaljerENDELEG TILSYNSRAPPORT. Retten til gratis offentleg grunnskuleopplæring. Stord kommune, Nordbygdo ungdomsskule
ENDELEG TILSYNSRAPPORT Retten til gratis offentleg grunnskuleopplæring Stord kommune, Nordbygdo ungdomsskule 1 1. Innleiing Rapporten er utarbeidd etter tilsyn med Stord kommune, Nordbygdo ungdomsskule.
DetaljerENDELEG TILSYNSRAPPORT. Retten til gratis offentleg grunnskuleopplæring. Stord kommune, Stord ungdomsskule
ENDELEG TILSYNSRAPPORT Retten til gratis offentleg grunnskuleopplæring Stord kommune, Stord ungdomsskule 1 1. Innleiing Rapporten er utarbeidd etter tilsyn med Stord kommune, Stord ungdomsskule. Rapporten
DetaljerTILSYNSRAPPORT. Fjell kommune Tranevågen ungdomsskule
TILSYNSRAPPORT Fjell kommune Tranevågen ungdomsskule 9. juni 2017 1 Innhold 1. Innleiing... 3 2. Rettsleg grunnlag for tilsynet... 3 3. Tema for tilsynet... 3 4. Rettslege krav... 3 Opplæringslova 2-15
DetaljerTILSYNSRAPPORT Voss kommune, Voss ungdomsskule
TILSYNSRAPPORT Voss kommune, Voss ungdomsskule 1. Innleiing Rapporten er utarbeidd etter tilsyn med Voss kommune, Voss ungdomsskule. Rapporten gir inga fullstendig tilstandsvurdering av skulen. Tilsynet
DetaljerENDELEG TILSYNSRAPPORT Opplæringslova 2-15 om rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring Bergen kommune Rothaugen skole
ENDELEG TILSYNSRAPPORT Opplæringslova 2-15 om rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring Bergen kommune Rothaugen skole 1 1. Innleiing Rapporten er utarbeidd etter tilsyn med Bergen kommune, Rothaugen
DetaljerTILSYNSRAPPORT. Retten til gratis offentlig grunnskoleopplæring. Bergen kommune, Skranevatnet skole
TILSYNSRAPPORT Retten til gratis offentlig grunnskoleopplæring Bergen kommune, Skranevatnet skole 1 1. Innledning Rapporten er utarbeidet etter tilsyn med Bergen kommune, Skranevatnet skole. Rapporten
DetaljerTILSYNSRAPPORT. Rett til gratis offentlig grunnskoleopplæring. Bergen kommune, Blokkhaugen skole
TILSYNSRAPPORT Rett til gratis offentlig grunnskoleopplæring Bergen kommune, Blokkhaugen skole 1 1. Innledning Rapporten er utarbeidet etter tilsyn med Bergen kommune, Blokkhaugen skole. Rapporten gir
DetaljerTILSYNSRAPPORT. Retten til gratis offentlig grunnskoleopplæring. Bergen kommune, Lynghaug skole
TILSYNSRAPPORT Retten til gratis offentlig grunnskoleopplæring Bergen kommune, Lynghaug skole 1 1. Innledning Rapporten er utarbeidet etter tilsyn med Bergen kommune, Lynghaug skole. Rapporten gir ingen
DetaljerAlversund skule 5911 Alversund Tlf
Alversund skule 5911 Alversund Tlf. 56 37 50 50 FØREORD Kvart år reiser elevar frå Alversund skule ei veke på leirskule. Her får dei ta del i praktisk tilrettelagt undervisning inne og ute. Under leirskuleopphaldet
DetaljerSAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 47/2019 Formannskap/plan- og økonomiutvalet PS /2019 Kommunestyret PS
Vaksdal kommune SAKSPAPIR Saksnr Utval Type Dato 47/2019 Formannskap/plan- og økonomiutvalet PS 11.06.2019 43/2019 Kommunestyret PS 17.06.2019 Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Ann Kristin Bolstad FA-B57
DetaljerKvinnherad kommune Møteinnkalling
Kvinnherad kommune Møteinnkalling Utvalg: Kontrollutvalet Møtestad: Formannskapssalen, Kvinnherad rådhus Dato: 29.05.2017 Tidspunkt: 10:00 Dersom nokon av medlemmene ikkje kan møte og må melde forfall,
DetaljerENDELEG TILSYNSRAPPORT
ENDELEG TILSYNSRAPPORT Forvaltningskompetanse avgjerder om særskild tilrettelegging Stord kommune - Langeland skule 20.02.15 1 Innhald 1. Innleiing... 3 2. Om tilsynet med Stord kommune Langeland skule...
DetaljerRettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne
Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne Rettleie og behandle søknader Rettleie og vurdere rettar Rettleie om retten til grunnskoleopplæring Kommunen skal oppfylle retten til grunnskoleopplæring
DetaljerOslo kommune Utdanningsetaten. Høyenhall skole FAU møte
Høyenhall skole FAU møte 14.9.16 Nytt for skoleåret Økt naturfag 5. 7. trinn Spisepause for elevene Alle NP'er elektronisk Økt timetall (ikke for oss ) i svømming ferdighetsprøve i svømming Bygg og uteområdet
DetaljerENDELIG TILSYNSRAPPORT
ENDELIG TILSYNSRAPPORT Elevenes rett til gratis videregående opplæring Buskerud fylkeskommune Drammen videregående skole 1 Innholdsfortegnelse 1. Innledning... 3 2. Om tilsynet med Buskerud fylkeskommune...
DetaljerENDELIG TILSYNSRAPPORT
ENDELIG TILSYNSRAPPORT Elevenes rett til gratis videregående opplæring Buskerud fylkeskommune Rosthaug videregående skole 1 Innholdsfortegnelse 1. Innledning... 3 2. Om tilsynet med Buskerud fylkeskommune...
DetaljerENDELIG TILSYNSRAPPORT
ENDELIG TILSYNSRAPPORT Elevenes rett til gratis videregående opplæring Buskerud fylkeskommune St. Hallvard videregående skole 1 Innholdsfortegnelse 1. Innledning... 3 2. Om tilsynet med Buskerud fylkeskommune...
DetaljerTILSYNSRAPPORT. Retten til å høyre til eiga elevgruppe etter målform. Klepp kommune
TILSYNSRAPPORT Retten til å høyre til eiga elevgruppe etter målform Klepp kommune 2014 1. Tema for tilsynet Når minst 10 elevar på årstrinna 1-7 ønskjer skriftleg opplæring på eit anna hovudmål enn det
DetaljerENDELIG TILSYNSRAPPORT
ENDELIG TILSYNSRAPPORT Elevenes rett til gratis videregående opplæring Buskerud fylkeskommune Eiker videregående skole 1 Innholdsfortegnelse 1. Innledning... 3 2. Om tilsynet med Buskerud fylkeskommune...
DetaljerENDELEG TILSYNSRAPPORT
ENDELEG TILSYNSRAPPORT Forvaltningskompetanse avgjerder om særskild tilrettelegging Stord kommune - Nysæter ungdomsskule 20.02.15 1 Innhald 1. Innleiing... 3 2. Om tilsynet med Stord kommune Nysæter ungdomsskule...
DetaljerTILSYNSRAPPORT. Fylkeskommunen sitt system for å vurdere og følgje opp lovkrav. Hordaland fylkeskommune
TILSYNSRAPPORT Fylkeskommunen sitt system for å vurdere og følgje opp lovkrav Hordaland fylkeskommune 1 Innholdsfortegnelse 1. Innleiing... 3 2. Om tilsynet med Hordaland fylkeskommune... 3 2.1 Fylkesmannen
DetaljerTILSYNSRAPPORT. Skulen sin gjennomføring av nasjonale prøver. Hjartdal kommune - Sauland skule. Fylkesmannen i Telemark
Fylkesmannen i Telemark Hjartdal kommune v/rådmann Rune Engehult 3692 SAULAND TILSYNSRAPPORT Skulen sin gjennomføring av nasjonale prøver Hjartdal kommune - Sauland skule Innhald 1. Innleiing... 3 2. Om
DetaljerEndelig TILSYNSRAPPORT
Endelig TILSYNSRAPPORT Elevenes rett til gratis videregående opplæring Buskerud fylkeskommune Gol videregående skole 1 Innholdsfortegnelse 1. Innledning... 3 2. Om tilsynet med Buskerud fylkeskommune...
DetaljerKommunale forskrifter til Opplæringslova for Seljord kommune.
Kommunale forskrifter til Opplæringslova for Seljord kommune. Forskriftene regulerer: 1. Omfanget av grunnskuleopplæringa. 2. Målformer i grunnskulen. 3. Ordensreglement. 4. Skulen (krinsgrenser). 1 Punkt
Detaljerephorte 2011/777-7 Vedteke i kommunestyresak 17/12. Gjeldande frå Vedtekter for kommunale skolefritidsordninger i Aukra
Vedteke i kommunestyresak 17/12. Gjeldande frå 15.08.12 Vedtekter for kommunale skolefritidsordninger i Aukra Side 2 VEDTEKTER FOR KOMMUNALE SKOLEFRITIDSORDNINGER I AUKRA KOMMUNE. 1 Eigarforhold. Aukra
DetaljerENDELIG TILSYNSRAPPORT
ENDELIG TILSYNSRAPPORT Elevenes rett til gratis videregående opplæring Buskerud fylkeskommune Røyken videregående skole 1 Innholdsfortegnelse 1. Innledning... 3 2. Om tilsynet med Buskerud fylkeskommune...
DetaljerGRATIS- PRINSIPPET I GRUNNSKOLEN KAPP SKOLE
GRATIS- PRINSIPPET I GRUNNSKOLEN KAPP SKOLE Den offentlege grunn- og vidaregåande opplæringa skal vere gratis for elevane. Dette er lovfesta i opplæringslova 2-15 og 3-1. Begge lovreglane har vore endra
DetaljerEndelig TILSYNSRAPPORT
Endelig TILSYNSRAPPORT Elevenes rett til gratis videregående opplæring Buskerud fylkeskommune Numedal videregående skole 1 Innholdsfortegnelse 1. Innledning... 3 2. Om tilsynet med Buskerud fylkeskommune...
DetaljerENDELEG TILSYNSRAPPORT
Norddal kommune v. rådmann Postboks 144 6211 Valldal ENDELEG TILSYNSRAPPORT Forvaltningskompetanse avgjerder om særskild tilrettelegging Norddal kommune Eidsdal skule Innhald Samandrag... 3 1. Innleiing
DetaljerENDELEG TILSYNSRAPPORT
ENDELEG TILSYNSRAPPORT Forvaltningskompetanse avgjerder om særskild tilrettelegging Fjell kommune Knappskog skule 20. februar 2015 1 Innhald 1 Innleiing... 3 2 Om tilsynet med Fjell kommune Knappskog skule...
DetaljerKommunestyret støttar framlegget til endringar i Opplæringslova når det gjeld:
MASFJORDEN KOMMUNE Rådmannen Rådgjevarar Kunnskapsdepartementet Dato: 22.12.2009 Vår ref. 09/776-3/N-210/AMS Dykkar ref. Høyringsfråsegn frå Masfjorden kommune Viser til vedlagt utskrift av vedtak KS-084/09
DetaljerTILSYNSRAPPORT. Kommunen som barnehagemyndigheit. Selje kommune
TILSYNSRAPPORT Kommunen som barnehagemyndigheit Selje kommune 1 Innhald Samadrag... 3 1. Innleiing... 4 2. Om tilsynet med Selje kommune... 4 2.1 Fylkesmannen fører tilsyn med kommunen som barnehagemyndigheit...
DetaljerTur- og ekskursjonsplan for Volda ungdomsskule
Volda ungdomsskule, 6100 Volda Tur- og ekskursjonsplan for Volda ungdomsskule Nemnda: Elevrepresentantar: Hans Fredrik Iversen, Ole Kiperberg, Guro Aarflot Aglen. Lærarrepresentantar: Ove Krumsvik, Toril
DetaljerENDELIG TILSYNSRAPPORT
ENDELIG TILSYNSRAPPORT Elevenes rett til gratis grunnskoleopplæring «Gratisprinsippet» STEINKJER UNGDOMSSKOLE STEINKJER KOMMUNE Januar 2014 Innhold: 1 Innledning... 2 2 Tema for tilsynet... 2 2.1 Kommunen
DetaljerSaksnr. Utval Møtedato 003/18 Skule- og kulturutval
Stryn kommune Arkiv: FA - A22 JournalpostID: 18/923 Saksbehandlar: Edvard Nordang Saksframlegg Saksnr. Utval Møtedato 003/18 Skule- og kulturutval 30.01.2018 Vedtekter for SFO i Stryn kommune 2018 Bakgrunn
DetaljerFyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for mottak, språkopplæring og integrering av framandspråklege elevar. for.
Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst Plan for mottak, språkopplæring og integrering av framandspråklege elevar for Gimle skule 1 Lovverk Opplæringslova Føremålet med denne planen Rutinane skal
DetaljerENDELEG TILSYNSRAPPORT. Kommunalt tilskot til godkjente ikkje-kommunale barnehagar. Bømlo kommune
ENDELEG TILSYNSRAPPORT Kommunalt tilskot til godkjente ikkje-kommunale barnehagar Bømlo kommune 1. Innleiing Rapporten er utarbeida etter tilsyn med Bømlo kommune. Rapporten gir ingen fullstendig tilstandsvurdering
DetaljerTILSYNSRAPPORT. Forvaltningskompetanse avgjerder om særskild tilrettelegging. Lindås kommune Knarvik barneskule
TILSYNSRAPPORT Forvaltningskompetanse avgjerder om særskild tilrettelegging Lindås kommune Knarvik barneskule 1 Innhald 1. Innleiing... 3 2. Om tilsynet med Lindås kommune Knarvik barneskule... 3 2.1 Fylkesmannen
DetaljerEndeleg TILSYNSRAPPORT
Fylkesmannen i Telemark Hjartdal kommune Endeleg TILSYNSRAPPORT Forvaltningskompetanse avgjerder om særskild tilrettelegging Hjartdal kommune September 2017 1 Innhald 1. Innleiing... 3 2. Om tilsynet med
DetaljerENDELIG TILSYNSRAPPORT
ENDELIG TILSYNSRAPPORT Elevenes rett til gratis grunnskoleopplæring «Gratisprinsippet» LAUVSNES SKOLE FLATANGER KOMMUNE Desember 2013 Dok 2013/6474-7 Innhold: 1 Innledning... 2 2 Tema for tilsynet...2
DetaljerENDELEG TILSYNSRAPPORT
Vinje kommune ved rådmann Vinjevegen 192 3890 Vinje ENDELEG TILSYNSRAPPORT Kommunen som barnehagemynde barnehagelova 8, barnehagelova 18 og forskrift om mellombels og varig dispensasjon og unntak frå utdanningskravet
DetaljerForeldre ved Ål ungdomsskule
Foreldre ved Ål ungdomsskule I. Kven er kva Om du lurer på dei ulike rollene til foreldrekontaktane på ungdomsskulen, sjå Foreldreutvalget for grunnopplæring (FUG) sine heimesider, www.fug.no SU- samarbeidsutvalget
DetaljerOvergang barnehage barneskule -ungdomsskule
Overgang barnehage barneskule -ungdomsskule For tryggleik, trivsel og læring for barnet for foreldra Regelverksamling 26.10.2016 Elin Røyseth, styrar Anne Finsveen Midtbø, rektor barneskule Åge Stafsnes,
DetaljerSKULEFRITIDSORDNINGA I SVEIO
SKULEFRITIDSORDNINGA I SVEIO Vedtekter for kommunale SFO-tilbod Sveio,juni-08 1 VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE FRTIDSORDNINGANE I SVEIO 1. LOVGRUNNLAGET 13-7 i opplæringslova: Skolefritidsordninga Kommunen
DetaljerTILSYNSRAPPORT. Forvaltningskompetanse avgjerder om særskild tilrettelegging. Lindås kommune - Ostereidet ungdomsskule
TILSYNSRAPPORT Forvaltningskompetanse avgjerder om særskild tilrettelegging Lindås kommune - Ostereidet ungdomsskule 1 Innhald 1. Innleiing... 3 2.1 Fylkesmannen fører tilsyn med offentlege skular... 3
DetaljerENDELEG TILSYNSRAPPORT. Kommunalt tilskot til godkjente ikkje-kommunale barnehagar. Fitjar kommune
ENDELEG TILSYNSRAPPORT Kommunalt tilskot til godkjente ikkje-kommunale barnehagar Fitjar kommune 1 1. Innleiing Rapporten er utarbeidd etter tilsyn med Fitjar kommune. Rapporten gir inga fullstendig tilstandsvurdering
DetaljerSKAL BEHANDLES I Utvalg Møtedato Saksnr Saksbehandler Komité for oppvekst 09.06.2011 010/11 BTHE Kommunestyret 23.06.
KONGSVINGER KOMMUNE SKAL BEHANDLES I Utvalg Møtedato Saksnr Saksbehandler Komité for oppvekst 09.06.2011 010/11 BTHE Kommunestyret 23.06.2011 072/11 BTHE Saksansv.: Unni Strøm Arkiv:K2-A20 : Arkivsaknr.:
DetaljerSaksframlegg. Utv.saksnr Utvalg Møtedato 23/13 Tjenesteutvalget 22.05.2013
Søgne kommune Arkiv: B57 Saksmappe: 2013/1567-14702/2013 Saksbehandler: Liv Landaas Dato: 24.04.2013 Saksframlegg Retningslinjer for skoleturer i Søgne kommune Utv.saksnr Utvalg Møtedato 23/13 Tjenesteutvalget
DetaljerSLUTTRAPPORT FRA TILSYN MED Oppland fylkeskommune. 24. august 2011 til 28. februar 2012. Kontaktpersoner i Oppland fylkeskommune:
SLUTTRAPPORT FRA TILSYN MED Oppland fylkeskommune Tidsrom: Adresse: Fylkesmannens tilsynsgruppe: Kontaktpersoner i Oppland fylkeskommune: 24. august 2011 til 28. februar 2012 Oppland fylkeskommune Postboks
DetaljerVerksemd utover det som er godkjent gjennom forskrift eller søknad, blir sett på som ulovleg verksemd frå skolen si side.
Tilleggsverksemd etter friskolelova Første setning i friskolelova 2-2 viser at friskolar med rett til statstilskot først og fremst skal drive skole. Det finst likevel nokre unntak som gjer det mogleg for
DetaljerVEDTEKTER FOR SKULEFRITIDSORDNINGANE I FØRDE KOMMUNE
VEDTEKTER FOR SKULEFRITIDSORDNINGANE I FØRDE KOMMUNE Heimel: Skulefritidsordninga er heimla i Opplæringslova i 13-7, 9a-8, og 10-9, og i Forskrift til opplæringslova i 12-1e og 15 Vedteke i Førde bystyre
DetaljerENDELIG TILSYNSRAPPORT
ENDELIG TILSYNSRAPPORT Elevenes rett til gratis videregående opplæring Buskerud fylkeskommune Ringerike videregående skole 1 Innholdsfortegnelse 1. Innledning... 3 2. Om tilsynet med Buskerud fylkeskommune...
DetaljerVEDTEKTER FOR SKULEFRITIDSORDNING I NAUSTDAL KOMMUNE
VEDTEKTER FOR SKULEFRITIDSORDNING I NAUSTDAL KOMMUNE 6 Vedteke i K-sak 020/13 den 02.05.2013 Heimel for skulefritidsordninga Skulefritidsordninga er heimla i Opplæringslova i kap 13, 13-7 og i forskrift
DetaljerENDELEG TILSYNSRAPPORT. Kommunalt tilskot til godkjente ikkje-kommunale barnehagar Krav til sakshandsaming. Samnanger kommune
ENDELEG TILSYNSRAPPORT Kommunalt tilskot til godkjente ikkje-kommunale barnehagar Krav til sakshandsaming Samnanger kommune 1. Innleiing Rapporten er utarbeida etter tilsyn med Samnanger kommune. Rapporten
DetaljerENDELEG TILSYNSRAPPORT
ENDELEG TILSYNSRAPPORT Kommunalt tilskot til godkjente ikkje-kommunale barnehager Krav til sakshandsaming Vaksdal kommune 1. Innleiing Rapporten er utarbeida etter tilsyn med Vaksdal kommune. Rapporten
DetaljerTILSYNSRAPPORT. Barnehagelova 19 g tilrettelagt tilbod til barn med nedsett funksjonsevne. Samnanger kommune
TILSYNSRAPPORT Barnehagelova 19 g tilrettelagt tilbod til barn med nedsett funksjonsevne Samnanger kommune Bergen, 6. november 2017 Innhald 1 Innleiing... 3 2 Om tilsynet med Samnanger kommune... 3 2.1
DetaljerENDELIG TILSYNSRAPPORT
ENDELIG TILSYNSRAPPORT Elevenes rett til gratis grunnskoleopplæring «Gratisprinsippet» UTVORDA SKOLE FLATANGER KOMMUNE Desember 2013 Dok 2013/6474-7 Innhold: 1 Innledning... 2 2 Tema for tilsynet...2 2.1
DetaljerGratisprinsippet. Komité for oppvekst 28. August 2014
Gratisprinsippet Komité for oppvekst 28. August 2014 Opplæringsloven 2-15: Rett til gratis offentlig grunnskoleopplæring Elevane har rett til gratis offentleg grunnskoleopplæring. Kommunen kan ikkje krevje
DetaljerENDELEG TILSYNSRAPPORT
Sakshandsamar, innvalstelefon Jarle Berggraf, 55572264 Vår dato 18.05.2016 Dykkar dato 13.04.2016 Vår referanse 2015/6484 611 Dykkar referanse Bergen kommune Postboks 7700 5020 Bergen ENDELEG TILSYNSRAPPORT
DetaljerVedtak i sak som gjeld klage på manglande innsyn etter offentleglova
Sakshandsamar: Ove Midtbø Vår dato Vår referanse Telefon: 57643176 03.07.2012 2012/1917-326.1 E-post: fmsfomi@fylkesmannen.no Dykkar dato Dykkar referanse Foreldrearbeidsutvalet Lærdalsøyri skule v/hadle
DetaljerFORELDREMØTE 8. TRINN ONSDAG VURDERING, FRÅVER, VALFAG MM.
FORELDREMØTE 8. TRINN ONSDAG 12.03.13 VURDERING, FRÅVER, VALFAG MM. Elevvurdering Opplæringslova Forskrift til Opplæringslova Kunnskapsløftet 06 læreplanen Desse dokumenta bestemmer korleis me skal drive
DetaljerTILSYNSRAPPORT. Forsvarleg fagleg, pedagogisk og administrativ leiing. Forsand kommune Forsand skule
TILSYNSRAPPORT Forsvarleg fagleg, pedagogisk og administrativ leiing Forsand kommune Forsand skule 22.03.16 1 Innhald 1. Innleiing... 3 2. Om tilsynet med Forsand kommune Forsand skule... 3 2.1 Fylkesmannen
DetaljerGol kommune er eigar og ansvarleg for drifta ved skulefritidsordninga (SFO) for elevar i grunnskulen i Gol.
VEDTEKTER FOR SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m. 01.08.16 1. FØREMÅL Det skal vere ein SFO i kommunen. Skulefritidsordninga skal leggja til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar
DetaljerMerknader til Rapport av frå nedsett komitè om Grendaskular i Balestrand
Merknader til Rapport av 04.11.2015 frå nedsett komitè om Grendaskular i Balestrand Merknader til Rapport av 04.11.2015 frå nedsett komitè om Grendaskular i Balestrand Den 05.11.2015 fekk administrasjonen
DetaljerKommunale vedtekter forskulefritidsordningane i Sunnfjord kommunane
Kommunale vedtekter forskulefritidsordningane i Sunnfjord kommunane Illustrasjon: Gregory Idehen 1. Føremål Skulefritidsordninga (SFO) er eit tilbod for barn i 1. 4. klasse, og for barn med funksjonshemmingar
DetaljerAlle grunnskular. Fagavdeling barnehage og skole
BERGEN KOMMUNE Byrådsavdeling for barnehage og skole Notat Saksnr.: 200807521-51 Saksbehandlar: OLHG Emnekode: SARK-2000 Til: Frå: Alle grunnskular Fagavdeling barnehage og skole Dato: 17. august 2010
DetaljerVarsel om tilsyn med Lærdal kommune. Lærdalsøyri skule sitt arbeid med elevane sitt psykososiale miljø og pålegg om innsending av dokumentasjon
Sakshandsamar: Lill Mona Solberg Vår dato Vår referanse Telefon: 57643105 24.06.2013 2013/2729 - E-post: fmsflms@fylkesmannen.no Dykkar dato Dykkar referanse Lærdal kommune Postboks 83 6886 Lærdal Varsel
DetaljerTILSYNSRAPPORT RETTEN TIL SÆRSKILD SPRÅKOPPLÆRING FOR GRUNNSKULEELEVAR FRÅ SPRÅKLEGE MINORITETAR
TILSYNSRAPPORT RETTEN TIL SÆRSKILD SPRÅKOPPLÆRING FOR GRUNNSKULEELEVAR FRÅ SPRÅKLEGE MINORITETAR Austevoll kommune Storebø skule og Austevoll ungdomsskule Bergen, 26.02.2014 1 Innhold 1. Tema, grunngjeving
DetaljerVEDTEKTER FOR. Elvetun Barnehage AS
VEDTEKTER FOR Elvetun Barnehage AS INNHALD Eigarforhold 3 Formål. 3 Styringsorgan.. 3 Samarbeidsutval.. 4 Foreldreråd... 4 Opptak av barn. 4 Opptakskrets. 5 Søknaden sendes:. 5 Foreldrebetaling/oppseiing
DetaljerFYLKESMANNEN I ROGALAND TILSYNSRAPPORT. Tilsyn med kommunen som barnehagemyndigheit
FYLKESMANNEN I ROGALAND TILSYNSRAPPORT Tilsyn med kommunen som barnehagemyndigheit Bokn kommune 2013 1 Innhald 1. Tema for tilsynet: Kommunen som barnehagemyndigheit... 3 1.1 Kommunen sitt ansvar... 3
DetaljerTILSYNSRAPPORT. Forvaltningskompetanse avgjerder om særskild tilrettelegging. Nord-Fron kommune Vinstra ungdomsskole
TILSYNSRAPPORT Forvaltningskompetanse avgjerder om særskild tilrettelegging Nord-Fron kommune Vinstra ungdomsskole 1 Innhald Samandrag... 3 1. Innleiing... 4 2. Om tilsynet med Nord-Fron kommune Vinstra
DetaljerElevpermisjonar. Retningsliner for søknad om permisjon frå grunnskuleopplæringa
Elevpermisjonar Retningsliner for søknad om permisjon frå grunnskuleopplæringa 14.11.2013 Reglar for skulefri for elevar utanom skuleferiar og fridagar i skuleruta For å læra er det viktig at elevane er
DetaljerTILSYNSRAPPORT. Kommunen som barnehagemynde
Vinje kommune v/ rådmann Vinjevegen 192 3890 Vinje TILSYNSRAPPORT Kommunen som barnehagemynde - Kommunen sine verkemiddel for å sørgje for regelverketterleving, jf. barnehagelova 8 - Kommunen sitt tilsyn
DetaljerHøyring forslag om overgang frå Vg1 studiespesialiserande til yrkesfaglege programområde på Vg 2
OPPLÆRINGSAVDELINGA Arkivnr: 2017/3318-1 Saksbehandlar: Gerd Kjersti Ytre-Arne Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Yrkesopplæringsnemnda 02.05.2017 Utval for opplæring og helse 09.05.2017 Fylkesutvalet
DetaljerStyre, råd og utval Møtedato Saksnr Levekårskomite /10 Bystyret Arkiv: FA-A22, FA-
Førde kommune Styre, råd og utval Møtedato Saksnr Levekårskomite 11.03.2010 008/10 Bystyret 25.03.2010 Sakshandsamar: Per Arne Furseth Arkiv: FA-A22, FA- Arkivsaknr.: 10/331 Innføring av leksehjelp i grunnskulen
DetaljerHANDLINGSPLAN MOT MOBBING VED SKJÅK BARNE- OG UNGDOMSSKULE
HANDLINGSPLAN MOT MOBBING VED SKJÅK BARNE- OG UNGDOMSSKULE HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Definisjon: Ein person er mobba eller plaga når han eller ho, gjentekne gonger over tid, vert utsett for negative handlingar
DetaljerVEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I TIME KOMMUNE
VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I TIME KOMMUNE Godkjent av Time kommunestyre, sist endra i Levekår, 10.april 2019. 1 Eigartilhøve og ansvar for drift av barnehagane 1.1 Vedtektene gjeld barnehagar som blir drivne
DetaljerFORELDREMØTE 10. TRINN ONSDAG 22.02.10. Elevvurdering, eksamen og klagebehandling
FORELDREMØTE 10. TRINN ONSDAG 22.02.10 Elevvurdering, eksamen og klagebehandling Elevvurdering Opplæringslova Forskrift til Opplæringslova Kunnskapsløftet 06 læreplanen Desse dokumenta bestemmer korleis
DetaljerENDELEG TILSYNSRAPPORT
ENDELEG TILSYNSRAPPORT Forvaltningskompetanse avgjerder om særskild tilrettelegging Sveio kommune Førde skule 1 Innhald 1 Innleiing... 3 2 Om tilsynet med Sveio kommune Førde skule... 3 2.1 Fylkesmannen
DetaljerENDELEG TILSYNSRAPPORT
ENDELEG TILSYNSRAPPORT Forvaltningskompetanse avgjerder om særskild tilrettelegging Ørsta kommune - Vikemarka skule 1 Innhald Samandrag... 3 1. Innleiing... 4 2. Om tilsynet med Ørsta kommune Vikemarka
DetaljerInternasjonal vidaregåande skule
Internasjonal vidaregåande skule Tilbod om eit skuleår i utlandet Elevar som tek Vg1 på Studiespesialiserande utdanningsprogram i år, kan ta Vg2 i Skottland neste år. Møre og Romsdal fylkeskommune 1. Innleiing
DetaljerTILSYNSRAPPORT. Forvaltningskompetanse avgjerder om særskilt tilrettelegging
FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE TILSYNSRAPPORT Forvaltningskompetanse avgjerder om særskilt tilrettelegging Vågsøy kommune Bryggja skule Sak 2015/616 Innhald Samandrag... 3 1. Innleiing... 4 2. Om tilsynet
DetaljerFORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG 22.03.12 VURDERING, FRÅVER M.M
FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG 22.03.12 VURDERING, FRÅVER M.M Elevvurdering Opplæringslova Forskrift til Opplæringslova Kunnskapsløftet 06 læreplanen Desse dokumenta bestemmer korleis me skal drive skulen
DetaljerENDELEG TILSYNSRAPPORT
ENDELEG TILSYNSRAPPORT RETTEN TIL SÆRSKILD SPRÅKOPPLÆRING FOR GRUNNSKULEELEVAR FRÅ SPRÅKLEGE MINORITETAR Lindås kommune 15.05.14 1 Innhald 1. Tema, grunngjeving for val av tema samt formålet med tilsynet...
DetaljerPLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE
Kultur og oppvekst PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE KAP. 1. SØKNADSRUTINER FOR SPESIALUNDERVISNING FOR SKULEN OG SPESIALPEDAGOGISK HJELP BARNEHAGEN. 1.0 INNLEIING Det er viktig å utvikle
DetaljerTILSYNSRAPPORT. Kommunen som barnehagemyndigheit. Førde kommune
TILSYNSRAPPORT Kommunen som barnehagemyndigheit Førde kommune 1 Innhald Samandrag... 3 1. Innleiing... 4 2. Om tilsynet med Førde kommune... 4 2.1 Fylkesmannen fører tilsyn med kommunen som barnehagemyndigheit...
DetaljerTILSYNSRAPPORT. Forvaltningskompetanse avgjerder om særskild tilrettelegging. Modalen kommune Mo skole
TILSYNSRAPPORT Forvaltningskompetanse avgjerder om særskild tilrettelegging Modalen kommune Mo skole 1 Innhald 1. Innleiing... 3 2. Om tilsynet med Modalen kommune Mo skule... 3 2.1 Fylkesmannen fører
DetaljerENDELEG TILSYNSRAPPORT
Sakshandsamar, innvalstelefon Jarle Berggraf, 55572264 Vår dato 20.05.2016 Dykkar dato 13.04.2016 Vår referanse 2015/6484 611 Dykkar referanse 13/756 Bømlo kommune Leirdalen 1 5430 BREMNES ENDELEG TILSYNSRAPPORT
DetaljerNYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m. 15.02.10
NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m. 15.02.10 1. FØREMÅL Det skal vere ein SFO i kommunen. Skulefritidsordninga skal leggja til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar
Detaljer