Program 2015 2019 SELJORD SENTERPARTI



Like dokumenter
Senterpartiet vil sikre den private eigedomsretten. Tryggleik rundt retten til eigedom er viktig for den einskilde og utviklinga av landet.

Ål Venstre. Ål Venstre

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2018

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

Hovudsatsingane for Odda Senterparti ved kommunevalet 2015 Senterpartiet vil arbeide for Kommuneøkonomi med rom for fondsavsetjing Satsing på auka

DETTE ER VIKTIG FOR OSS. For at Midsund skal være ein god stad for alle å bu i, arbeide i, lære i og besøke. MIDSUND ARBEIDERPARTI

- Side 1 - Luster kommune Rådhuset, 6868 Gaupne Telefon: Faks: E-post: postmottak@luster.kommune.no Org.nr.

Dei Grøne vil gi lokaldemokratiet større armslag, og gi innbyggjarane i Haram meir påverknad på dei sakane som vert avgjorde lokalt.

Til veljarane i Tysnes

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2017

Hemsedal KRF Program

TA KAMPEN FOR EIT ET VARMT SAMFUNN

Politisk program for Jølster KrF

Valprogram Sel SV

MASFJORDEN. Foto: Gettyimages. Kommunen og innbyggjarane våre

VALPROGRAM LEIKANGER SENTERPARTI

[Skriv her] Program Hjartdal SP HEILE HJARTDAL. sp.no/hjartdal. sp.no/hjartdal

ETNE VENSTRE

Programmet til Jølster Arbeidarparti byggjer på dei sosialdemokratiske prinsippa om FRIDOM LIKEVERD SOLIDARITET

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»

Velferd i fellesskap. Stig Holmstrøm. Ordførarkandidat

VÅGSØY ARBEIDaRPARTI Valprogram

Program for. Seljord Venstre

Valprogram SENTERPARTIET !

Vestnes eit lokalsamfunn for framtida

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 04/2017 Utval for levekår PS

Høyanger KrF. Menneskeverd i sentrum

Program for. Sykkylven Venstre

Ei god framtid for alle!

Program for. Masfjorden Venstre. for perioden

Me har fått realisert store prosjekt som gjev innbyggjarane gode tenester og betre

PROGRAMMET VÅRT Suldal Arbeidarparti

FÅ FART PÅ SVEIO ME TEK SVEIO VIDARE KUNNSKAP OG KVALITET I SKULEN. GOD FOLKEHELSE I ALLE LEDD. GODE KLIMALØYSINGAR. EIT GODT ARBEIDSLIV FOR ALLE

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Kommunedelplan for oppvekst

FUSA UNGDOMSRÅD. Interimsstyre frå 2006 Fast ordning frå 2007

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2015

EIDFJORD HØGRE VALPROGRAM

Oppsummering frå verkstad på Hardange Ungdomsting

Program for Masfjorden Venstre

Bli med på laget TIME SENTERPARTIET

Sogndal Arbeidarparti. Valprogram

framtida. På lag med Tysvær Venstre

KOMMUNEPLAN SELJORD KOMMUNE

STRATEGISK KULTURPLAN FOR SELJORD KOMMUNE

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL

Program for. Nesset Venstre. for perioden _Programmal 2011 A5 8s.indd 1

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur

Eit levande folkestyre og gode lokalsamfunn skal gjera folk trygge og styrka tilhøyrsle og identitet.

SOGN driftig raus ekte

Os KrF INFORMASJON // Foto: Øyvind Ganesh Eknes, Jakob Enerhaug

Bygdemøte på kommuneplanen januar -2013

Ei samla bygd. Sogndal Arbeidarparti sitt kommuneprogram

KOMMUNEVALET 2015 LINDÅS SENTERPARTI

Partiprogram for Osterøy Sosialistisk Venstreparti

Trygg og god oppvekst i Hjelmeland.

PLANLEGGING FOR KOMPETANSE- ARBEIDSPLASSAR

Bø senterparti - Program

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

Dette vil vi arbeide for i Bremanger AP

Partiprogram Fusa Høgre

Strategi Bygge politisk og administrativ kunnskap og kapasitet til å drive påverknadsarbeid og strategiutvikling.

Oppsummering frå verkstad på Hardanger Ungdomsting 2015

KVALITETSSYSTEM for Helse Sunnmøre HF Volda sjukehus Vedtekter Nivå: 1. Side : 1 Av : 5 sjukehus Revisjon : 3 Erstatter : 2

Vår politikk vil du kjenne att i tre hovudemne:

Venstre gjer Bjerkreim grønare.

Tilrettelegging av nærings- og byggjeareal er avgjerdande for å oppnå vekst.

Regionplan Agder RUP 2012 & Setesdal! NB: Bildene i denne presentasjonen kan ikke benyttes videreuten tillatelse fra Setesdal regionråd.

10/60-14/N-211//AMS

Arbeidsprogram

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL Desse sakene vil me arbeide med frå :

Vedlegg SNP Side 1. Strategisk næringsplan

Kommuneplanen sin handlingsdel. Eid kommune

Sogndal arbeidarparti - Endå betre saman. Visjon

Vaksdal Venstre. «Venstre er det grøne og liberale alternativet i Vaksdal» Tommy Svendsson Ordførarkandidat for Venstre

Frivilligpolitisk plattform

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Pedagogisk plattform

Midt-Telemark SV VALPROGRAM 2019

Gruppe 1. Kva er bra med Kvinnherad i dag? Kva er ikkje bra med Kvinnherad i dag? Kva gjer Kvinnherad attraktivt i framtida?

LINDÅS. Framtida i fokus

Barnehageplan for Vinje kommune

regionalpolitisk verktøy etter forvaltningsreformen og distrikts- og regionalmeldingen Regional nettverkssamling Sandnes, 6.

Frivilligpolitisk plattform

Program OSTERØY HØGRE

Bjerkreim Venstre PARTIPROGRAM For eit grønare. Bjerkreim.

Volda ei internasjonal distriktskommune

Valprogram for Volda SV

Program for. Årdal Venstre

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg. Ann Margrethe Kråvik Kari Bolstad Gunnvor Linde Kjetil Nesse Gudvin Haraldsson

Spørjeundersøking om sentrumsområde

BUDSJETTFRAMLEGG 2018

Strategi Bygge politisk og administrativ kunnskap og kapasitet til å drive påverknadsarbeid og strategiutvikling.

Austevoll Venstre. Program _Programmal 2011 A5 8s.indd

Bustadplan og-utvikling i Sogn. Husbanken som samarbeidspart Olav Ohnstad seniorrådgiver

Ungdomsplan. for Balestrand kommune. Barn frå Fjordtun på Galdhøpiggen

INDRE VESTLAND. Innspel frå Hardanger, Sogn, Voss og Vaksdal i dialogmøte med Vestland fylke

Ditt liv, ditt val! Innleiing

Kommunestyrevalget i Tysvær 2003

Transkript:

Program 2015 2019 SELJORD SENTERPARTI Vårt Seljord Seljord Senterparti vil vidareutvikle Seljord som ein grøn, nyskapande og attraktiv kommune, som nyttar lokalt særpreg, engasjement og lokale ressursar til å trekkje til seg nytt næringsliv og nye innbyggjarar. I Seljord går næringsutvikling, landbruk, reiseliv, kultur og handel hand i hand. Bygda har stolte landbrukstradisjonar og eit rikt kulturliv som kombinert med gründerånd, ståpåvilje, og teft har gitt bygda ein unik posisjon og mange arbeidsplassar innan ulike bransjar. Vi skal bygge på dette gode fundamentet slik at fleire kan bu, arbeide og leve det gode liv i Seljord. Vi ynskjer at tilboda innan skule og oppvekst skal vere så lokale som råd for å ivareta nærleik og god kvalitet. Gode tilbod er viktige for trivsel, læring og identitet. Skule og barnehage er ein arena både for leik og læring, og som viktig møteplass for lokalsamfunnet. Seljord må ta miljø- og klimautfordringane på alvor, og sin del av ansvaret for å redusere utslepp og forbruk. Senterpartiet er det praktiske og jordnære miljøpartiet, som trur på vern gjennom berekraftig bruk. Seljord Senterparti vil gjere Seljord til ein grøn føregangskommune! Seljord Senterparti er bekymra for den aukande sentraliseringa i samfunnet. Med noverande regjering har sentraliseringa skote fart, og det lokale folkestyret tapar. Vi vil ha utvikling i heile landet, ikkje berre i byar og sentrale strøk. Seljord Sp vil slå ring rundt lokale institusjonar i bygdene våre!

Seljord Senterparti meiner at Seljord klarer seg godt som eigen kommune, og vi ynskjer å styrke samarbeidet i Vest-Telemark. Ei eventuell kommunesamanslåing må innebere ein tydelig gevinst når det kjem til økonomi, makt og oppgåver, og skal berre skje dersom eit fleirtal av innbyggjarane ønskjer det. Seljord Senterparti vil arbeide aktivt for at kommunane får betre økonomiske rammer til å gje gode tenester til sine innbyggjarar. Seljord inn i framtida arbeide for at Seljord er ein eigen kommune òg i framtida styrke det interkommunale samarbeidet i Vest-Telemark. at Seljord skal vere ein god og raus samarbeidspart i lag med dei andre kommunane i Telemark at Seljord kommune skal vere ein aktiv og engasjert medeigar i interkommunale selskap og andre selskap kommunen har eigedelar i ha eit meir levande og ope lokaldemokrati, der fleire vert engasjert i utviklinga av kommunen innføre to politiske hovudutval: hovudutval for omsorg, kultur og oppvekst, og hovudutval for plan, næring og utvikling medverke til at Seljord ungdomsråd er eit viktig talerør for born og unge Gode tenester nær folk at Seljord kommune skal vere ein ja - kommune, med god service, kort sakshandsamingstid og dialog med innbyggjarane sikre god pedagogtettleik i barnehage, skule og SFO gje alle born barnehageplass når dei fyller 1 år (rullerande opptak), og arbeide for at staten skal finansiere dette. ha fleksible opningstider i barnehage og SFO sikre alle born barnehageplass i næraste barnehage, og at søsken får plass i same barnehage at Seljordsskulen skal legge vekt på praktiske fag, og tilby arbeidslivsfag og entreprenørskap ha eit godt SFO-tilbod i Seljord og Flatdal jobbe for å innføre skulemåltid og ein time fysisk aktivitet i skulen kvar dag ruste opp Flatdal skule slik at skulen har kapasitet og standard til å ta i mot auka elevmasse. Det er viktig at planlegging og gjennomføring av bygging vert gjort med tanke på auka behov for lokale i Flatdal barnehage. ha fokus på bygdemålet, nynorsk skriftspråk og lokale segn, soger og songar i barnehage og skule

arbeide for fleire studietilbod ved Vest-Telemark vidaregåande skule, avdeling Seljord sikre skulehelsetenesta både i grunnskulen og vidaregåande opplæring ha ei god og alderstilpassa seksualundervisning, med fokus på grensesetting og respekt. arbeide aktivt mot all form for mobbing, trakassering og forskjellsbehandling sikre at tenestene innan helse og omsorg blir tilpassa den enkelte brukar ha gode heimetenester så folk kan bu heime lengst mogeleg kjempe for at det blir oppretta ei base for luftambulanse i Vest-Telemark arbeide for eit sterkt og velfungerande Distriktspsykiatrisk Senter (DPS) i Seljord Eit grønare Seljord sikre at Seljord kommune har ein ambisiøs klima- og energiplan, med konkrete mål for redusert energiforbruk og CO2-utslepp innføre ei innsamlingsboks for spesialavfall jobbe for fleire hurtigladestasjonar for elbil lære unge gode vanar for kildesortering gjennom årlege opplegg i skule og barnehage innføre ei støtteordning for solenergi arbeide for å gjere festivalane i Seljord til dei mest miljøvenlege jobbe for ordningar som sikrar Telemarkskua som rase styrke vernet av dyrka mark redusere attgroinga av kulturlandskapet i Seljord, gjennom å utarbeide beiteplanar for å få fleire dyr på beite legge til rette for betre utnytting av skogressursane ha ein kampanje for rydding av krattskog langs veg og attgrodde teigar i viktig kulturlandskap arbeide for løyper for regulert scooterkøyring, og spele på lag med grunneigarar som ynskjer å nytte fleire scooterar på same løyve. føre ein rovdyrpolitikk som gjev framtidstru for bønder og beitande dyr jobbe for mindre kasting av mat ha ein aksjon for å rydde ting som forsøplar og forureinar lokalmiljøet sikre betra regulering av Seljordsvatnet for å unngå flaumskader

Arbeidsplassar nær folk ha godt samarbeid med næringslivet i Seljord, og legge til rette for vekst i eksisterande verksemder støtte etablering av næringshage i Seljord og næringspark på Århus arbeide for etablering av fleire kompetansearbeidsplassar i kommunen ha byggeklare næringstomter og ledig næringsareal i heile kommunen, for å kunne ta imot bedrifter som ynskjer å etablere seg styrke Seljord som merkevare, festivalbygd og reiselivsdestinasjon ha ein god og tilgjengeleg turistinformasjon samarbeide tett med Dyrskun som ein viktig motor for næringsutvikling satse på Brøløs! Vi vil legge til rette for ei god blanding av bustadar for ulike aldersgrupper, næringsaktivitet, handel og kaféar. Det må vere liv og aktivitet i sentrum heile året ha kortast sakshandsamingstid i Vest-Telemark på næringssaker kjempe for å behalde Mattilsynet på Dyrskuplassen jobbe for meir midlar til kommunale næringsfond arbeide for fleire arbeidsplassar innan kulturbasert og naturbasert næring, basert på allereie eksisterande næringsmiljø innan reiseliv, kultur og landbruk at meir jordbruksareal skal haldast i hevd og takast i bruk til matproduksjon gje tilskot til grøfting og nydyrking satse meir på lokalprodusert og kortreist mat styrke samarbeidet med faglaga i landbruket og sikre det faglege miljøet på landbrukskontoret vere ein aktiv samarbeidspart for Seljord Folkehøgskule Gode bumiljø ha byggeklare tomter i heile kommunen samarbeide med utbyggjarar for å få bygd fleire rimelege boligar til både utleige og eige, spesielt med tanke på ungdom og førstegongsetablerarar samarbeide med Husbanken, utbyggjarar og andre aktørar for få etablert prøveboligar i heile kommunen arbeide for at fleire nedlagte småbruk i kommunen får ljos i glasa

Kommunikasjon og samferdsel ruste opp rv. 36 og sikre oppgradering av E134 som hovudfartsåre mellom aust og vest sikre og utvikle det gode busstilbodet til og frå Seljord bygge ut fleire gang- og sykkelvegar, bl.a. gjennom Nordbygdi, mellom Århus og Lakshøl og mellom Flatdal sentrum og Sundbøgrenda styrke vedlikehaldet av kommunale vegar arbeide for auka løyvingar til fylkesvegane etablere ein spektakulær turistveg på gamle E134 Flatdal - Hjartdal, i tett samarbeid med næringsaktørane langs vegen bevare den gamle steinbrua i Dyrlandsdalen og syte for at ny bru ikkje blir skjemmande for den gamle støtte arbeidet med høgfartsbane over Haukeli støtte arbeidet med å utvikle flyplassen på Notodden til regional lufthamn jobbe for fleire tog på Sørlandsbanen. arbeide for god breibands- og mobildekning i heile kommunen Eit levande, trygt og inkluderande lokalsamfunn at Seljord kommune skal vere ein god samarbeidspartnar og pådrivar for at kulturlivet skal blomstre og ha ei framtid auke tilskota til lokale lag og foreiningar at idrett, friluftsliv og folkehelse skal ha høg prioritet, både i planverk og tiltak gje born og føresette god kunnskap om folkehelse og risikofaktorar, som kosthald og fysisk aktivitet jobbe målretta og førebyggjande med rus og psykiatri, spesielt i skulen flytte biblioteket til Granvin utgreie bygging av symjehall i tilknyting til Granvin/Sterke-Nils styrke Granvin som regionalt kulturhus satse vidare på den gode kulturskulen vår legge tilhøva til rette for ei levande folkekyrkje og lokalt menighetsliv ha eit godt samarbeid med Frivilligsentralen ha gode fritidstilbod òg for uorganisert ungdom (fritidsklubb m.v.) bevare søndagen som ein dag for familie og fritid, og seie nei til søndagsope butikkar jobbe for å halde oppe lensmannskontoret i Seljord skape gode og trygge ungdomsmiljø gjennom at kommunen, lensmann, skule og foreldre jobbar tett saman sikre at alle tilflyttarar blir tekne imot på ein god og inkluderande måte

at Seljord skal ta i mot flyktningar i åra som kjem, og arbeide for rask og god integrering Eit godt arbeidsliv for alle at Seljord kommune skal vere ein god arbeidsgjevar, og vi vil spele på lag med dei tilsette og innbyggjarane for å utvikle tenestene i kommunen gå i mot privatisering og konkurranseutsetting av grunnleggjande kommunale tenester arbeide for at alle som ynskjer å arbeide fulltid i kommunen får det at tilsette i kommunen skal få tilbod om relevant etter- og vidareutdanning ha minst mogeleg bruk av midlertidige tilsetjingar ha fokus på omdømmebygging, framsnakking og trivsel på arbeidsplassen hindre svart arbeid og sosial dumping ved å syte for at bedrifter som inngår kontraktar med Seljord kommune held seg til arbeidsmiljøloven og gjeldande regelverk, og avgrense talet på underleverandørar at kommunen, der det er naturleg, skal stille krav om lærlingar i bedrifter ein inngår avtalar med at Seljord kommune skal ta inn minimum 2 lærlingar per 1000 innbyggjarar arbeide for at næringslivet i Seljord tek inn fleire lærlingar