STYRINGSFØRESEGN FOR BONDEUNGDOMSLAGET I OSLO. (Vedteken 06.02.91, sist endra 18.03.15)



Like dokumenter
LOV FOR BONDEUNGDOMSLAGET I OSLO. (Skipa 15. oktober 1899) (Lova sist endra 18. mars 2015)

(Leikarringen vart skipa 14. november Lov og styringsføresegner sist endra )

LOVER FOR LEIKARRINGEN I BONDEUNGDOMSLAGET I OSLO

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

Dok.dato: Vår Ref: Arkiv: N-025 REGLEMENT FOR SUND KOMMUNESTYRE

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

Vedtekter for Fusa Kraftlag

Vedtekter for Lærdal båteigarlag

REGLEMENT FOR SAKSHANDSAMING I FOLKEVALDE ORGAN

VEDTEKTER FOR VOLDA SMÅBÅTLAG

VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE

Foretaket er eit samvirkeforetak og foretaket sitt namn er Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag SA.

5 Overdragelse av andeler Det er ikkje høve til å overdra andeler til andre utan at styret for andellaget samtykkjer. Adresse: Styret 2009:

VEDTEKTER for Aurland Sparebank

Vedtekter KINSARVIK BÅTLAG VEDTEKTER. Vedtekne på årsmøtet 21. april 2016, gjeldande straks. 1 Namn og føremål

POLITISK SAKSHANDSAMINGSREGLEMENT FOR HÆGEBOSTAD KOMMUNE

STORD IDRETTSLAG. STORD IDETTSLAG LOVHEFTE LAGSNAMN 1 FØREMÅL 2 ORGANISATORISK TILKNYTING. Revisjon. 2009

Referat frå årsmøtet i Leikarringen i Bondeungdomslaget i Oslo 25. februar 2014 i Lagsrommet, Rosenkrantz gate 8 kl. 19

Referat frå årsmøtet i Leikarringen i Bondeungdomslaget i Oslo

Kap 1 Innleiande fastsettingar

FOR VEDTEKTER. Vik SPAREBANK. Kap. 1. Føretaksnamn. Forretningskontor. Formål Formål. 1-1 Namn. Kontorkommune.

LOVER FOR NORSK BONDE OG SMÅBRUKARLAG

Framlegg til endring av lova

REGLEMENT FOR SAKSHANDSAMING I ØYGARDEN KOMMUNESTYRE

Selskapsavtale for Setesdal Miljø og Gjenvinning IKS Versjon

LOV OG FØRESEGNER. for. Bondeungdomslaget i Kristiansand. Vedteke på omframt årsmøte 18.oktober Oppdatert etter årsmøtet 8. februar 2012.

Innkalling og sakspapir er dermed sendt ut innanfor dei fastsette fristane.

Framlegg til lovbrigde LST: Framlegg frå landsstyret SST: Framlegg frå sentralstyret VST: Framlegg frå Vebjørn Sture Innstilling på lov- og tuftbrigde

MØTEREGLEMENT FOR ADMINISTRASJONSUTVAL

Vedtekter for Revisjon

VEDTEKTER FOR SKJØRSAND OG FUSA VASSVERK SA

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Sak 1 Konstituering. Vedlegg: Forslag til saksliste Forslag til tidsplan Forslag til forretningsorden. Godkjenning av innkalling

VEDTEKTER FOR Vekselbanken. Voss Veksel- og Landmandsbank ASA

Konstituering. Vedlegg: Forslag til saksliste Forslag til tidsplan Forslag til forretningsorden. Godkjenning av innkalling

Vedtekter for Oikos - Økologisk Norge

REGLEMENT FOR POLITISKE UTVAL

Kap. 1 Firma. Kontorkommune. Formål. 1-1

Sparebankens eigardelskapital er på kr fordelt på eigenkapitalbevis pålydande kr 104 fullt innbetalt.

REGLEMENT FOR Utval for Levekår

Sak 1 Konstituering. Godkjenning av innkalling. Godkjenning av sakliste

RETNINGSLINER GRANVIN HERADSSTYRE. Innhold

UPU skal vere referansegruppe i fylkeskommunen sitt arbeid med planar og saker som vedkjem barn og unge.

Vedtekter for Landbrukstjenester Sør SA

LOVER FOR NORSK BONDE OG SMÅBRUKARLAG

3 Det målpolitiske grunnlaget tufta vert slege fast gjennom særskilt vedtak på landsmøtet.

Selskapsavtale for Setesdalsmuseet Eigedom IKS 1 Selskapet sitt namn

Reglement for formannskapet

VEDTEKTER FOR VIKEDAL BYGDAHUS SA, VINDAFJORD KOMMUNE

4 Medlemmene som måtte få kjennskap til ulovlig jakt eller fiske har plikt til å melde frå om dette til foreininga sitt styre.

REGLEMENT FOR SEKTORUTVAL FOR SKULE- OG KULTUR

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 1/10 10/29 POLITISK KVARTER - PERSONALUTVALET

VEDTEKTER ETNE ELEKTRISITETSLAG AS

Klepp kommune SENTRALADMINISTRASJONEN

LOV nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1

SELSKAPSAVTALE FOR INTERKOMMUNALT AVFALLSELSKAP FOR ÅLESUNDREGIONEN

MØTEREGLEMENT FOR SULA FORMANNSKAP DET FASTE UTVALET FOR PLANSAKER

Landslaget for lokal- og privatarkiv (LLP)

Vedtekter (Gjeldande frå årsmøte )

Reglement for Seljord kommunestyre

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: KOMMUNESTYRET Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 16:30-00:00

Sakspapira blir etter dette sendt direkte til dei påmeldte utsendingane etter påmeldingsfristen er ute, 14. mars.

Reglement for Ørskog kommunestyre (sist revidert i KS )

JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT

for NORDTVEIT VASSVERK SA

Reglement for Kvam kontrollutval

VEDTEKTER FOR FINNÅS KRAFTLAG SA

Selskapsavtale for Setesdal Revisjonsdistrikt IKS Versjon

NYNORSK MAL FOR: Forholdet til kommunelov og vallov. Verkeområde. 1 Forholdet til kommunelova. 2 Forholdet til vallova.

Reglement for kommunestyret, formannskap og hovudutval

Reglement for kommunestyre

Landsmøte 2016 Sak 9.4 forslag til vedtektsendring som følge av navne-endring

VEDTEKTER FOR TYSNES KRAFTLAG SA

Vedtekter. for Vekselbanken. Voss Veksel- og Landmandsbank ASA. ajourført med endringar til og med generalforsamling

Reglement for utval for plan og miljø

MØTEREGLEMENT FOR FAGUTVALA

Heradsstyret kan oppretta sakskomitear for særskilde saker som innanfor fastsett mandat gjev tilråding direkte for heradsstyret.

Reglement for Ungdommens fylkesting og Ungdommens fylkesutval. Dokumenttype: Godkjend av: Gjeld frå: Tal sider:

SELSKAPSAVTALE FOR SUNNHORDLAND INTERKOMMUNALE MILJØVERK IKS (SIM)

Reglement for folkevalde organ. Vedtatt av fellesnemnda 6. september 2019

Reglement for formannskap og næringsutval, plan- og forvaltningsstyre og administrasjonsutval

Reglement for fylkestinget Fastsett av fylkestinget i sak nr 26/95 og revidert i sak nr. xx/15

Selskapsavtale for Sunnhordland Interkommunale Miljøverk IKS

VEDTEKTER FOR VOLDA SMÅBÅTLAG

Per Øyvind Tveiten - leiar, Mari Skeie Ljones nestleiar, Helene M. Bolstad - nestleiar, Jan Heier, Olav Luksengård Mjelva, Tove Leinslie, 1.

SKODJE KOMMUNE. Møtereglement for Skodje kommune. Jfr. kommunelova 39 nr.1.

VOSS KOMMUNE Rådmannen sin stab

Seljord kommune Arkiv: 033 Saksnr.: 2016/114-1 Sakshand.: Kari Gro Espeland Direkte tlf.: Dato:

SOGNDAL KOMMUNE REGLEMENT FOR KONTROLLUTVALET UTKAST

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

SAKSBEHANDLINGSREGLEMENT FOR KOMMUNESTYRET, FORMANNSKAPET OG FORVALTNINGSSTYRET I FINNØY KOMMUNE

REGLEMENT FOR HÆGEBOSTAD KOMMUNESTYRE

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I BØMLO BÅTLAG

MØTEREGLEMENT FOR LÆRDAL KOMMUNE

Sak 8 Endringar i mønsterlovene for lokallag og fylkeslag

Reglement for Ungdommens Fylkesting og Ungdommens Fylkesutval

Laget har sete i Stranda kommune, og er medlem av Idrettsrådet i kommunen.

MØTEPROTOKOLL. Personalutvalet. Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Frå: til 19.30

Transkript:

STYRINGSFØRESEGN FOR BONDEUNGDOMSLAGET I OSLO (Vedteken 06.02.91, sist endra 18.03.15) 1 INNMELDING I LAGET Styret(1) fastset dei opplysningane som skal gjevast ved innmelding(2) i laget. På innmeldingsskjemaet skal vera attgjeve lagslova 1 og 3 fyrste, andre og siste leden. Styret avgjer om innmeldinga skal godkjennast. Avslag skal grunngjevast. L = Lagslova S = Styringsføresegna (1) L 5 (2) L 3 2 LAGSMØTE Innkalling til lagsmøte(1) med sakliste skal kunngjerast ved oppslag. Dersom lagsmøtet skal handsama saker der det skal gjerast bindande vedtak, skal innkalling sendast kvar einskild medlem seinast 14 dagar i førevegen. Alle saker som skal avgjerast må ha stått på saklista. Det skal førast møtebok over program, framlegg(2), røysting(3), og vedtak(4). (1) L 2 (2) S 22 (3) L 12, S 25 (4) L 12 jf L 2, 2. leden, L 10, 13-16 og S 28, 29. 3 ARBEIDET I SÆRLAGA Alle særlag(1) skal arbeida i samråd med styret(2) og alltid i samsvar med føremålet til laget(3). Særlaga må ikkje skipa til noko som kjem i vegen for laget eller samkomene der(4), utan at styret har gjeve løyve til det føreåt. Eit særlag kan ikkje venda seg utetter om anna enn det som gjeld sjølve drifta av særlaget utan at styret har gjeve samtykke til det. Eit særlag kan ikkje taka imot årspengar frå ein medlem for lenger tid enn han ved lagskortet viser at han har lagt årspengar til laget. (1) L 2, 3. leden, S 28. (2) L 5 (3) L 1 (4) L 2, 1. og 2. leden. 4 LAGSARKIV Lagsbøker, brev, brevkopiar, kartotek, lydband og andre dokument skal takast godt vare på slik styret fastset(1). Opplysningar frå lagsbøkene og arkivet skal gjevast lagsfolk som ber om det dersom ikkje sterke grunnar talar imot. Avslag kan prøvast av lagsmøte(2) etter klage. (1) L %, 1. leden (2) l, 1l. Og 2. leden 5 TENESTEMÅL Nynorsk er det skriftlege tenestemålet.

6 TEIESKYLDNAD Styret kan vedtaka(1) at styremedlemer og tilsette i eit avgrensa tidsrom skal teia med opplysningar dei får i tenesta, dersom det trengst av forretningsomsyn eller andre særlege grunnar. Regelen gjeld tilsvarande for rådet.(2) (1) L 6, 3. leden jf L 5, 1. leden. (2) L 9, 3. leden 7 HINDRING MOT Å HA VISSE TILLITSOMBOD SAMSTUNDES Lagsleiaren og dei andre i styret med varamedlemer(1) og ordføraren og varaordføraren i rådet(2) kan ikkje vera med i eit særlagsstyre(3) eller i styret for eit økonomisk tiltak laget har meir enn 25 % eigardel i. Styremedlemer i eit tiltak som nemnt kan ikkje vera med i eit særlagsstyre(4). (1) L 4 (2) L 7 (3) og (4) L 2, 3. leden 8 TILSETTE SOM IKKJE KAN VELJAST Tilsette i laget eller i økonomiske tiltak laget eig fullt ut, kan ikkje veljast til lagsstyret(1), rådet(2) eller styret for tiltaket. (1) L 4 (2) L 7 9 VAL TIL VISSE OMBOD I LAGET Årsmøtet(1) vel til: Valnemnda, for 1 år, sjå 12 Barnelaget, 2 styremedlemer for 2 år(slik at 1er på val kvart år), Hyttestyra Bunadsnemnda for 1 år, sjå 16 Målnemnda for 1 år, sjå 14 (1) L 11 1 varamedlem for 1 år, eitt for kvar hytte Leiar for 1 år 4 medlemer for 2 år(slik at 2 er på val kvart år, minst 2 gutar og 2 jenter) 10 VAL PÅ UTSENDINGAR OG TIL OMBOD UTANFOR LAGET Årsmøtet(1) eller eit lagsmøte(2) vel utsendingar til årsmøta i Noregs Ungdomslag(3) Noregs Mållag(4) Bygdelagssamskipnaden Fylkesmållaget Vikværingen LL Det Norske Teatret Norsk Barneblad Dag og Tid AS

Lagsstyret peikar ut styremedlem til Oslo Nye Sparebanks fond Val etter fyrste leden skal gjerast etter reglane for listeval i 11(5). Det same gjeld for framlegg til styreombod laget har rett til i organisasjon nemnd i fyrste leden, og som årsmøtet i laget skal gjera vedtak om, jfr. lagsova 11 nr. 10. Ingen kan vera utsending til lag eller samskipnad e.l. der han er tilsett eller har eit framståande tillitsombod. For Noregs Mållag, Noregs Ungdomslag, Bygdelagssamskipnaden og Fylkesmållaget Vikværingen skal som framståande tillitsombod her berre reknast medlem og fast møtande varamedlem i styret for organisasjonen. (1) L 11 (2) L 2, 2. leden (3) og (4) L 13 (5) S 11, 1., og 2. leden, og 3. leden brukt tilsvarande. 11 LISTEVALET Framlegg på listeval(1) kan leverast skriftleg til lagskontoret før årsmøtet(2). Det er og høve til å koma med framlegg på årsmøtet. Dei som kjem med framlegg om namn til listeval skal på førehand ha spurt dei dei kjem med framlegg om. Røystesetlane skal ha alle framlegga i alfabetisk rekkjefylgje. Høgaste talet på namn ein kan røysta på skal vera det talet som kan veljast. Har to eller fleire fått like røystetal, skal rekkjefylgja avgjerast med lutdraging(4). Nemnda som står for oppteljinga av røystene står for lutdraginga. (1) L 7 (2) L 11 (3) L 7, siste leden (4) Jf L 12, 3. leden 12 VALNEMNDA Valnemnda(1) har 5 medlemer med 4 vara medlemer. Valet vert skipa etter reglane for listeval i 11(2). Ingen kan vera med i valnemnda i meir enn 2 år på rad. Nemnda vel leiar og nestleiar seg imellom. Nemnda skal koma med eitt framlegg til val på dei ombodsfolka som årsmøtet vel etter lova 11 nr. 8, nr. 9 og nr. 10(3), unnateke valnemnda. Nemnda må ikkje gjera framlegg om andre enn dei som har sagt seg viljuge til å taka mot val. Nemnda si tilråding skal vera mangfalda til utgjeving minst ei veke før årsmøtet, og skal delast ut på møtet. Det skal gå fram av tilrådinga kven som står på val og kven som står att. Dersom valnemnda ikkje kjem fram til samrøystes framlegg, skal det gå klart fram kven i nemnda som stør dei ulike framlegga. (1) L 9. (2) S 11. (3) Jf S 9. 13 HYTTESTYRA Laget har eitt hyttestyre(1) for kvar hytte. Hyttestyra har ansvaret for drift og vedlikehald av hyttene. Dei skal ha tilsyn med bruken av hyttene, og har ansvaret for å setja opp hytttevakter. Lagsstyret fastset retningsliner for den økonomiske styringa av hyttene. Styret skal leggja fram melding om arbeidet sitt på årsmøtet(2)

(1) S 9 Jf. L 11 nr.10 (2) Jf. L 11 nr.2 14 MÅLNEMNDA Målnemnda(1) skal ha 3 til 5 medlemer. Nemnda vel sjølv leiar. Nemnda skal driva arbeid for å fremja nynorsk språk. Nemnda skal vera eit rådgjevande og opplysande organ. Nemnda skal leggja fram ei melding om arbeidet sitt på årsmøtet. (1) S 9 jf. L 11 nr. 10 ( 15 BLADSTYRET SLETTA PÅ ÅRSMØTET 26. MARS 2008) 16 BUNADNEMNDA Bunadnemnda(1) har 3 til 5 medlemer. Nemnda vel sjølv leiar. Nemnda skal arbeida for å fremja bunadskulturen og vera eit rådgjevande opplysande organ for medlemene. Kunnskap om bunadsspørsmål kan m.a. spreiast gjennom personleg kontakt med lagsfolk og gjennom særskilde bunadskveldar. Lagsfolk skal kunna venda seg til nemnda for å få råd om bunadsspørsmål. Nemnda skal medvite arbeida for å utvida sitt eige kunnskapsområde. Dette kan m.a. gjerast gjennom litteraturstudier, ved å søkja samband med Bunad- og folkedraktrådet i Noreg og Bunadsnemnda i Noregs Ungdomslag, museum og husflidsutsala våre og med einskildpersonar som kan gjeva opplysningar om bunader og bunadsbruk. Nemnda skal leggja fram melding om arbeidet sitt på årsmøtet.(2) (1) S 9 jf. L 11 nr.10 (2) Jf. L 11 nr. 2 17 BUDSJETT Rådet(1) skal i november fastsetja mellombels budsjett(2) for laget. Laget skal ha driftsbudsjett og investeringsbudsjett. Driftsbudsjett set av midlar til løn, kontorutloger, blestarbeid, årspengar til samskipnader laget er med i og andre kostnader iden løpande drifta. I vedtaket om driftsbudsjett fastset årsmøtet(3) og kor mange faste stillingar det kan vera på lagskontoret. Investeringsbudsjettet set av midlar til særskilde prosjekt, større vedlikehaldsoppgåver og anna som ikkje høyrer under driftsbudsjettet. Årsmøtet kan fastsetja at midlar til eit tiltak skal handsamast som saker etter lova 10 andre leden. Budsjettendringar kan gjerast på omframt årsmøte. Mindre endringar innanfor budsjettet kan styret gjera etter å ha høyrt rådet. Styret skal revidera budsjettet isamsvar med vedtak etter denne leden og etter lova. (1) L 8 (2) og (3) Jf. L 11 nr.7 18 REKNESKAP Rekneskapen(1) for laget og særlaga skal drøftast i rådet(2) 1. I juni for januar april 2. I oktober for januar august

3. I februar for heile året Særlaga skal før 1. februar kvart år senda styret og rådet budsjett og godkjend rekneskap. Styret skal setja opp eit samla oversyn over rekneskapane til laget og særlaga. (1) L 11 nr.3 (2) L 8, 2. leden. 19 ETTERSYN For kommande rekneskapsår(1) nenmer rådet kvar haust opp: a) Ein registrert eller statsautorisert revisor(2) som skal ha det vanlege revisjonsansvaret for laget og særlaga. b) To lagsfolk(3) til ei kontrollnemnd som skal halda tilsyn med økonomien i laget og særlaga som heilskap. Nemnda skal koma med tilrådingar og vurderingar i økonomiske spørsmål som går ut over det ein revisor nemnd i a) normalt vil gjera. (1) Jf. S 18 (2) Lov 14.03.1964 nr. 2 om revisjon og revisorer (3)L 3, 1. leden jf D 1. 20 RÅDET OG ØKONOMISKE TILTAK LAGET ER MED I Delårsrekneskapar for økonomiske tiltak(1) laget eig fullt ut, skal drøftast i rådet, og så langt det høver til dei tider(2) som er nemnde i 17. Rådet fastset drøftingsgrunnlaget for andre økonomiske tiltak laget er med i. Rådet skal kvart budsjettår gjeva lagsstyret tilråding om husleiga, rentesatsar på lån og andre ytingar laget skal ha av økonomiske tiltak laget eig fullt ut. Medlemene i styret for økonomiske tiltak laget eig fullt ut, har ikkje røysterett når rådet og styret er årsmøte for tiltaket. Det same gjeld i rådssaker om økonomiske ytingar nemnde i tredje leden. (1) og (2) Jf. L 11 nr. 4 (3) Jf. L 8 siste leden. 21 SÆRLAGA, OM DRIFT OG INVESTERING I drifta kan eit særlag(1) binda seg økonomisk til kostnader som trengst i vanleg forsvarleg drift. Særlege driftstiltak utanom den vanlege drifta treng samtykke frå lagsstyret. Eit særlag kan innanfor føremålet sitt, investera midlar i den mon det har fri eigenkapital. Ei investering lyt gjerast slik at ansvaret for særlaget vert avgrensa til den investerte summen. Særlagsstyret skal leggja vedtak om investering fram for lagsstyret(2). Særlagsstyret kan ikkje setja i verk vedtak dersom lagsstyret skulle koma til at vilkåra etter andre leden ikkje er oppfylte. (1) L 2, 3. leden, S 3. (2) L 5 22 FRAMLEGG FRÅ MEDLEMER

Framlegg til vedtak i laget(1) skal vera skriftleg med grunngjeving, og skal leverast til lagskontoret. Styret drøftar framlegget og set det på saklista snarast råd. Framlegg til årsmøtet(2) må vera levert seinast i januar. Framlegg kan likevel gjerast under møtet dersom det har beinveges samanheng med ei sak som er oppe til drøfting i årsmøtet, og det vert teke opp medan saka er under ordskifte. Vert eit framlegg drege attende, kan det haldast oppe av ein annan. (1) L 2, 1. og 2. leden. (2) L 11. 23 ORDSKIFTE Når grunnlaget for ordskiftet er eit framlegg, har den som har gjort framlegget og i tilfelle ein målsmann for den nemnda som har førebudd saka og ein frå styret, rett til å tala fyrst. Møtet fastsett taletida. Møteleiaren kan, når han meiner det er om å gjera for ordskiftet, gjeva løyve til stutte innlegg utanom tur. Møteleiaren kan som lagsmedlem taka ordet til korte merknader i ei sak utan å gjeva frå seg møtestyringa. Ein talar kan berre under særlege høve få ordet meir enn to gonger i det ålmenne ordskiftet om ei sak. Det same gjeld for det særskilde ordskiftet om ei sak. Det kan vedtakast at ordskiftet skal avsluttast før alle dei skrivne talarane har hatt ordet. framlegg må vera gjort av møteleiaren eller 10 lagsfolk, og framlegget må få to tredelar fleirtal. 24 TALAR SOM BRYT REGLANE Dersom nokon set seg ut over reglane i 23 skal møteleiaren åtvara, og taka opp att åtvaringa om det er turvande. Rettar talaren seg likevel ikkje etter reglane, kan møteleiaren taka ordet frå talaren for resten av ordskiftet. 25 RØYSTING Open Røysting:(1) Den vanlege røystingsmåten er at dei som røystar for eit framlegg, reiser seg. Deretter er det motprøve. Skriftleg røysting:(2) Den som røystar skal skriva på røystesetelen korleis han røystar, og sjølv leggja setelen i urna. Røyster nokon annleis enn det er høve til, skal røystesetelen vrakast. Røystemåten må vera oppgjeven og godteken før det vert røysta. Ein medlem som ikkje er i salen når røystinga tek til, får ikkje røysta. (1) og (2) L 12, (3) JF. S 26 og L 3, 1. og 2. leden. 26 UGILD I RØYSTING Ugild i røysting er den som sjølv kan få økonomisk fordel i avgjerda. Det same gjeld om nære slektningar eller arbeidsgjevaren kan få det. Ein medlem som er ugild, skal melda frå til møteleiaren og levera røystesetelen, og bør ikkje vera til stades under drøftinga.

Har ein som er ugild røysta likevel, skal saka takast opp att dersom mistaket kan ha vore avgjerande og saka ikkje gjeld ein liten verdi. 27 RØYSTEOPPGJER Oppteljing av røystene skal gjerast av ei nemnd som møtet vel. Er det uhøveleg å telja opp med det same, kan opteljinga utsetjast, men må gjerast innan 2 dagar. Til då skal røystesetlane liggja i ein lukka konvolutt, påskriven av to medlemer frå nemnda. Nemnda gjev styret skriftleg og underskriven melding om utfallet. 28 TIDSGRENSE FOR AVGJERDER Avgjerd ilagssaker kan ikkje takast etter kl. 2300, utan at møtet under fastsetjing av saklista har vedteke å halda på lenger. Avgjerd kan ikkje takast etter kl. 2400. 29 TIDSGRENSE FOR Å TAKA OPP ATT EI SAK Når ei sak er avgjord, må ho ikkje takast opp på nytt før eit år er gått. Tida frå eit årsmøte til neste vert i dette høvet å rekna for som eit år. Når eit framlegg har vore sett på saklista og det har vore høve til å drøfta det, men det har falle bort eller vorte vraka, gjeld fyrste leden tilsvarande. Styret kan gjera unnatak frå desse reglane når det er turvande. 30 TILDELING AV LIVSVARIG MEDLESMSKAP Styret kan utnemna lagsfolk til livsvarige medlemer. Vedtaket krev 5 røyster, og skal nemnast i årsmeldinga. 31 ENDRING AV LOVA OG STYRINGSFØRESEGNENE Om framlegget til lovbrigde(1) gjev styret skriftleg tilrådning til årsmøtet(2). Styringsføresegna kan endrast med vanleg fleirtal på eit årsmøte(3). Framlegg må kunngjerast som for lovbrigde(4) (1) L 16 (2) og (3) L 11 nr. 12 og 13 (4) L 16, 3. leden.