Fakta Framtidas skulebrød 5. Framtidas skulebrød
Fakta/oppgåve/oppskrift Framtidas skulebrød Innhald produktutvikling Framtidas skulebrød grove rundstykke
Fakta Framtidas skulebrød Produktutvikling Å lage ei ny matvare er ein lang prosess. Dette gjeld anten du skal lage eit nytt brød, ein ny middagsrett eller ein ny type drikke. Først må ein bestemme seg for kva ein vil lage. Det er viktig å tenkje på form, konsistens, farge, lukt og smak. Så må ein finne ut om ein vil vidareutvikle det eksisterande produktet, eller om ein vil skape noko heilt nytt. I ei oppskrift kan ein byte ut ingrediensar, t.d bruke grovt mjøl i staden for fint eller ein kan tilsetje nye ingrediensar. Undervegs må ein kanskje ta bort nokre ingrediensar og legge til andre. For å få eit vellukka sluttprodukt, må ein prøve ut oppskrifta fleire gongar. MarkNAD og marknadsføring Dersom planen er at fleire enn du skal like matvara du har utvikla, er det viktig å undersøke kva andre syns er godt. Kven skal ete og like matvara andre enn deg, og kva trur du dei har lyst på og ynskjer?. Når du har laga noko nytt, er det viktig å tenkje på at flest mogleg vil like det du lagar. Ein må også hugse på at ein kan ikkje greie å gjere absolutt alle fornøgde. Å marknadsføre ei matvare inneber at du lagar ei liste med alt det positive med produktet ditt, som du skal legge fram for dei som skal ete det. Er det sunt? Har det mange ulike ingrediensar? Smakar det spennande? Varedeklarasjon Når du ser på innpakningane til råvarene du brukar i oppskrifta di, vil du sjå ei liste over kva slags ingrediensar matvarene inneheld. Dette kallar vi varedeklarasjon. Det som står først i varedeklarasjonen er det mest av, og det som står sist er det minst av. Dette kan hjelpe deg å få ei oversikt over innhaldet i råvarene du brukar i oppskrifta di. Merkeordninger Dersom du vil velje produkt i oppskrifta di som t.d er positive for miljøet eller som har helsemessige fordelar, kan du undersøke dei ulike merkeordningar som fins. Dei ulike symbola viser deg fordelar ved matvarene utan at du treng å lese varedeklarasjonen. Brødskala n Brødskala n er ei merkeordning som gjer det enklare for deg å skilje dei grove brødtypene frå dei fine brødtypene. Kva slags grovleiksmerke trur du at produktet ditt får? Nøkkelholet Nøkkelholet er ei merkeordning som er utvikla for å gjere det enklare for deg å velje dei sunne alternativa til mat i butikken. Merket er plassert ved dei matvarene som inneheld anten mindre feitt, sukker, salt og /eller meir fiber enn tilsvarande matvarer. Trur du produktet ditt kan få dette merket? Fairtraide Fairtrade-merket er ei internasjonal merkeordning som garanterar at produktet er produsert gjennom rettferdig handel og gode arbeidstilhøve for bønder og arbeidarar i nokre av dei fattigaste landa i verda. Merket viser også at miljøomsyn blir ivareteke under produksjonen. Fins det fairtrade-merket på nokre av dei matvarene du skal bruke i produktet ditt? Ø-merket Debios Ø-merket er merket du må sjå etter om du vil ha ingrediensar som er økologisk produsert. Økologiske matvarer er produsert på ein miljøvenleg måte.
oppgåver Framtidas skulebrød Framtidas skulebrød MEL No skal de få bruke dykkar eigen kreativitet til å lage eit nytt produkt. De skal få prøve dykk som bakarar og lage dykkar eige «skulebrød». Når de skal utvikle ei ny matvare, er det fleire ting å tenkje på. 1. Først treng de ei oppskrift som utgangspunkt. Eit tips kan vere å bruke oppskrifta på Grove rundstykke. Eit anna alternativ er å leite etter oppskrifter på internett, på Opplysningskontoret for brød og korn sine heimesider www. brodogkorn.no, i kokebøker, blad, brosjyrer og liknande. Finn ei oppskrift som passar som utgangspunkt for dykkar skulebrød. Ta ei utskrift av oppskrifta. Legg til eller byt ut ingrediensar med noko dykk sjølv vil bruke. Krydder, urter, ost, nøtter, frø. kjerne, frukt og grønsaker er ingrediensar som kan gje ekstra smak. Byt gjerne noko av det fine mjølet med grovt mjøl, varier med ulike mjølsortar osv. Hugs at mjølmengda og væskemengda bør vere den same på oppskrifta som blir laga, som det var i oppskrifta som var utgangspunktet. Då blir det bakeresultatet det beste. Det viktigaste av alt er at skulebrødet smakar godt. Ingrediensane som blir brukt i deigen må passe saman. To eller tre utbytingar vil vere nok til at det blir eit nytt skulebrød. Det blir opptil dykk å avgjere kor mykje som skal endrast. Diskuter med kvarandre slik at det blir semje om eit godt forslag. Skriv ned oppskrifta og legg ho inn på data med nøyaktig framgangsmåte, steiketid, temperatur osv. Bruk brødskalakalkulatoren på www. brodogkorn.no for å rekne ut kor grov oppskrifta er. 2. Ta med oppskrifta til neste mat og helse time. Det er lurt å ha ein gjennomgang med læraren, for å sjå om måla ser rette ut og for å lage ei handleliste. Nokre av ingrediensane er på kjøkkenet, men andre må kjøpast inn. Dersom det er mogleg kan det vere lurt å prøve oppskrifta heime. Då kan oppskrifta ev, justerast før utprøvinga på skulen
oppgåver Framtidas skulebrød Greit å vite når du lagar ei oppskrift Deigveske er vanlegvis mjølk eller vatn. Juice kan også brukast i somme oppskrifter. Gjær er hevemiddel i baksten. Ved bruk av fersk gjær må deigvæska vere fingervarm, 37ºC, for at gjæringsprosessen kan bli sett i gang. 3. Lag ein presentasjon av «Framtidas skulebrød» som seinare skal leggast fram for dei andre i klassen. Skriv ned dei punkta som er viktigast. Skriv ned korleis de har kome fram til dykkar spesielle oppskrift, kva slags ingrediensar som er brukt. Skriv namnet på skulebrødet og kva som er positivt med det nye produktet. 4. Så er det tid for utprøving. Fylg oppskrifta nøye, og noter endringar undervegs. Er det t.d meir kveitemjøl i, mindre nøtter, mindre kvitløk i? Blir steiketida endra? Hald ein kort presentasjon om «framtidas skulebrød» for resten av klassen. Smak på kvarandre sine skulebrød og stem over kva produkt som er best i klassen. 5. Legg inn den endelege oppskrifta på data med rett ingrediensmål, framgangsmåte, steiketid, temperatur osv. Ta gjerne bilete av skulebrødet og legg det ved sida av oppskrifta. Tips: Ei sjølvlaga oppskrift kan vere ei kjempefin gåve! KONKURRANSE I løpet av skuleåret vil det bli invitert til ein skulebrødkonkurranse på www. brodogkorn.no/skole. Her kan det sendast inn favoritt skulebrødet til klassen. Hugs og les konkurransereglane godt. På slutten av skuleåret vil eit panel kåre nokre vinnaroppskrifter som vil bli premiert. Sukker gjer at gjæringa går lettare. 1 ts er nok til mindre oppskrifter. Salt har ein gunstig verknad på gjæringsprosessen og fremjar smaken på baksten. ½-1 ts er nok til mindre oppskrifter. Olje, smør eller margarin gjev saftigare bakverk. Brødet blir gjerne mjukare, smakar betre og smular mindre. Byt gjerne ut smør med olje/mjuk plantemargarin som inneheld det gode feittet. Mjølet du brukar avgjer smak og kvalitet på bakverket. Hugs at dei ulike kornartane har ulike bakeeigenskapar. Mjølmengda bør vere i underkant av 3 gongar så stor som væskemengda: 2 dl væske = ca 5-6 dl mjøl. Krydder, urter, frø, nøtter, frukt, grønsaker eller ost set spennande smak på bakverket. Her er mange moglegheiter. Det er enklare å jobbe med mindre deigar. Lag difor ikkje oppskrifta til meir enn 8-12 rundstykke.
oppskrifter Framtidas skulebrød Grove rundstykke 8 stk 2 dl vatn ½ pk gjær 2 ms olje 1 ts sukker ½ ts salt 3 dl sammalt kveite, grov Ca. 3 dl sikta kveitemjøl Framgangsmåte 1. Varm opp vatnet til 37ºC i ein kjele. Smuldre gjæren i ein bakebolle og tilset oppvarma vatn. Rør gjæren ut og tilset olje, sukker og salt. 2. Rør inn sammalt kveite og ev. valfrie ingrediensar. 3. Tilset halvparten av det sikta mjølet og rør om. Tilset halvparten av mjølet som er att, osv. Elt deigen til han er passe fast og slepp bakebolle og reiskap. 4. Dekk bakebollen med plast eller arbeidstallerken og la han heve til dobbel storleik i ca 30 minutt. 5. Trykk deigen ned i bakebollen. Ha ev. litt mjøl på benken før deigen blir teken ut og elta lett saman. 6. Rull deigen til ei tjukk pølse. Del deigen på midten. Del så kvar del i to og desse delane i to slik at du får 8 like store delar. 7. Trill delane til runde rundstykke og legg dei på ei steikeplate med bakepapir. Dekk med plast eller klede og la rundstykka etterheve til dobbel storleik i ca 30 minutt. 8. Dusje eller pensle med vatn. 9. Steik rundstykka midt i omnen i ca 10 minutt ved 220 ºC. Avkjøl på rist.