Tyding av namn ved Femunden

Like dokumenter
Kvernåe naturområde i tekst og bilete

TURKESTOVA. 5. Dersom fleire hadde turkestove saman, var det då faste reglar for bruken, eller retta dei seg etter kvarandre som best dei kunne?

Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Kva er økologisk matproduksjon?

Kulturhistoriske registreringar

Vi har valt vassveiter som tema

Norsk etnologisk gransking Februar 1955 GRENSER OG GRENSEMERKE MELLOM EIGEDOMAR

Nokre viktige landskapselement langs Langedalselva frå Karbø-bru til Klipphølen. Frå Per Ingebrigt Karbø 19/6-2016

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Minnebok. Minnebok NYNORSK

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk

Jon Fosse. Olavs draumar. Forteljing

Til deg som bur i fosterheim år

TIDSUR. Svartedauden. Dei første norske byane vert grunnlagt. Dei første menneske kjem til Noreg. Julius Cæsar

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Bakkeelva kraftverk i Askvoll kommune.

NORSK LOVTIDEND Avd. I Lover og sentrale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

Fuglestadelva, Hå kommune

NOREG KAPITTEL 15 1 TANKEKART. Cappelen Damm AS NORSK START 8 10 / KAPITTELPRØVE 15 / 1

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Sjutoppsturen FAKTA OVERSIKTSKART LØYPESKILDRING

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

FRÅSEGN HENNAELVA KRAFTVERK I HALSA KOMMUNE

Skjell Rådgivende Biologer AS FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN. Fangststatistikk. Skjelmateriale

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

KARTLEGGING AV MILJØPROBLEM I REGULERTE ELVAR I LUSTER

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette?

FANGST OG SKJELPRØVAR I FRØYSETELVA

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, vår 2019

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

Turmål Vestre Slidre kommune. 1 Bergstjednet (856 moh)

VOLLASETRA I SUNNDAL

Og han sa til dei: Så står det skrive, at Messias måtte lida og stå opp att frå dei døde tredje dagen,

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

Namning av vegar i Fræna Kommune

Flaumfarevurdering Rene - Gnr/Bnr 188/2 - Voss kommune INNHALD. 1 Samandrag s 1. 2 Innleiing s 2. 3 Regelverk s Vurdert område s 46

Vurdering av Hedalen mølle. I Sør Aurdal. Tilstand og forslag til utbedring.

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Fagerdalen, Bergen kommune

FANTASTISK FORTELJING

Da dalsbygdinger og osinger drog på sikfiske i Tufsinga

RAPPORT FRÅ KULTURMINNEREGISTRERING. Naustholmen Gnr/bnr 27/86. Flora KOMMUNE

Kom skal vi klippe sauen

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag

6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12

Stabbursberging på Åsen Bygdemuseum

Stadnamn for Luster bruk av stadnamnbasen på Internett

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

NATURTYPELOKALITET/NØKKELBIOTOP KJØLLIA I TINGVOLL HOGST OG AVGRENSING

Innbyggarhøyring i Nesse skulekrins

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Kommentar frå Naturvernforbundet vedrørande blåsesand i Ulsteinvik

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Arealdelen til kommuneplanen , grunnlagsdokument 4, vurdering av innspel om område for fiskebuer og naust

Forskrift om fiske i vassdrag med laks og sjøaure, Rogaland

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim

Setring ved Håbakkselet Hareid

Lova skal sikre omsynet til samiske og kvenske stadnamn i samsvar med nasjonalt lovverk og internasjonale avtalar og konvensjonar.

NATUR, MAT OG HELSE KAPITTEL 13 1 KVA VEIT DU? Skriv namn på fem bærtypar og fem fruktslag.

NOEN VIKTIGE INFORMASJONER OM NORGE

Turmål Vestre Slidre kommune Eggjiåsen 910 moh 10 poeng

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Tingvoll, Tingvoll kommune FRÅSEGN SØKNAD OM NYDYRKING GNR 41/1. Viser til brev av , sak 2016/19-2

Skjel Rådgivende Biologer AS FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN. Fangststatistikk. Skjelmateriale

Klage Løyve til bruk av lutzgran på eigedomen gnr. 13, bnr. 1 i Lødingen kommune

Norsk etnologisk gransking Bygdøy, august 1963 HEIMANFYLGJE OG BRYLLAUPSGÅVER

Turmål Vestre Slidre. 1 Kvithøvd (1001 moh)

Skjell Rådgivende Biologer AS FANGST OG SKJELPRØVAR I FRØYSETELVA. Fangststatistikk. Skjelmateriale

FØRSTEKLASSELÆRER NYNORSK KOPIARK. GAN Aschehoug

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

mmm...med SMAK på timeplanen

Månadsbrev for Rosa september 2014

Næring 23 Hytte 34, Bustad 76 Hytte 2

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

LOV nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:

Skjervheim 279 1/6. Moderne gardsdri i pakt med kulturlandskapet. Myrkdalen Voss kommune

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Turmål Vestre Slidre kommune Kvithøvd 1001 moh 25 poeng

Vel nynorsk for barnet ditt!

Søknad om auka slukeevne ved Grøvla kraftverk

Turmål. Kvithøvd. Vil du legg inn koordinatane på GPS er dei: Nord: Aust: kartformat EUREF89 (WGS84)

Månadsbrev frå Tyrihans oktober 2016

Fransk Spansk Tysk Andre fs. I alt Østfold 13,1 % 30,2 % 27,0 % -

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Innhaldsliste KLASSE v. Sunnylven Skule, Hellesylt

Fiskevegar kølbruk namn

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 3. Nynorsk

VOLLASETRA UTTAK AV TORV

Skjel Rådgivende Biologer AS FANGST OG SKJELPRØVAR I FRØYSETELVA. Fangststatistikk. Skjelmateriale

Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Marka kraftverk i Førde kommune.

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Transkript:

Trygve Nesset Tyding av namn ved Femunden Elvenamnet Kvenna kjem av kvann og ikkje kvern Kvennvika er ei 3 kilometer lang, smal vik på vestsida av Femunden, ei halv mil nordafor Buvika. På nordsida av Kvennvika er det ein lang odde som er smal på midta, Skåvårodden. Her hadde garden Røsta i Tufsingdalen ein myrslått dei kalte Skåvåren. Odden har vel fått namnet sitt fordi bølgjeslaget har skava han mest av. Nordafor Skåvårodden er Halstensvika. Ho har fått nammnet etter at tre rendøler, som alle heitte Halsten, drukna her. Dei hadde vore på fiske i Kora og skulle ro til Buvika med fangsten. Da dei kom forbi Nålodden, bles det opp, og dei kvelva med båten. Den eine fann dei att like ved der båten kvelva; den andre fann dei ved Hangfastskjeret; den tredje vart aldri attfunnen. Slik kom namnet Halstensvika i bruk. Ved Halstensvika ligg garden Solli. Inst i Kvennvika er det det no ti hytter som er bygde på statens grunn i slutten av sekstiåra og utover syttitallet. Lenger ute i vika er det gamle fiskebuer som minner om det gamle næringsfisket. Ytst ute er det fleire holmar, med Storholmen i midten, som lagar liksom to innløp i Kvennvika. På sørsida og innafor her er Settungen. Sett- Kvennvika ved Femunden. Foto: Forfattaren. 60 Årbok for Nord-Østerdalen 2002

ungen skal vera sjettedelen av ein mæle eller eit halvsåld, liksom ein åtting er åttandedelen av ei tynne. Ein settung eller setting var frå 1683 eit offisielt mål som var lik sekstendedelen av ei tynne, dvs. om lag 8,7 liter. Det er ikkje godt å veta kva dette mengdesmålet viser til. Det er ein god fiskeplass, så kanskje dei gamle fiskarane rekna med å få ein settung fisk her. Kvennvika er rekna som ein god fiskeplass, for heile vika er etter måten grunn. I 1750-åra vart Femunden demt opp i sørenden, ved Gløten, for å gjera det mogleg å fløte tømmer nordover til Røros der verket trong mykje trelast. Før den tid var vel nokre av grunnane i Kvennvika tørt land. Ovafor Kvennvika ligg Kvennvikhøgda 1075 m.o.h. som eit dominerande fjell. Alle desse namna på Kvenn her, har rota si frå elva Kvenna som renn ut i Kvennvika. Det er ei lita, stillrend elv som ein fint kan padle oppover og finne beverhytter. I bygdemålet er uttala kvæinna med palatal n. På noen kart er namnet stava med r, Kverna. Tankegangen bakom er lett å forstå, for i bygdemålet heiter kvern som ein mel korn på, også kvæinn. Eg trur det er rimelegare å rekne med at namnet her har samanheng med plantenamnet Kvann. Utan at eg direkte kan gå god for at det er mykje kvann å finne langs Kvenna, veit eg at kvann gjerne veks på fuktige steller med god jord, og det er det langs Kvenna. Ei halvmil oppe ved Kvenna låg dei gamle setrane til Sætersgardane i Tufsingdalen, og det er mange gamle slåtteng ved elva. Lenger nord ved Litjåsen er det liknande bonitet, og det er kjent som eit godt kvannstelle. Skulle ikkje elva da heite Kvanna? Det er fleire namneformer av plantenamnet kvann. På Røros bruker dei for eksempel kvenne som namn på denne planta, så språkleg sett kan elva Kvenna godt ha samanheng med plantenamnet kvann. I Rendalen er det to elvar som heiter Kvenninga. Her er det vel rett å skrive Kverninga, for namnet kan koma av ordet kvern anten elva durar som ei kvern, eller det har vore kvernar der. Ingen av delane høver på Kvenna som renn ut i Femunden, for elva er stillrend og durar ikkje, og har heller ikkje fossar til kvernbruk. Fjellkvann, angelika archangelika, var rekna som ei verdifull plante. I bygdetradisjonen hugsar eg dei sa at det var sunt å tygge kvann, eller kvannjol som dei sa. Når ungane var ute og gjette, fann dei seg kvannstilkar å gnaga på. Det hadde ein særmerkt, men ganske god smak. Det hende dei tørka rota og laga seg tobakk av. Den innhole stilken kunne det lagast pipe av. I soga om Olav Tryggvason er det fortalt at kongen var i Nidaros og gjekk gjennom Stretet og kjøpte ein kvannstilk som han tok med heim til dronning Tyre. Men ho slo til kvannstilken og sa at det var for dårleg gåve. Ho ville heller at han for til Vendland for å hente medgifta hennar. Det endte, som vi veit, med at kongen fall i slaget ved Svolder. Vi skjønar at kvann vart rekna som ei verdifull plante. Den unge stengelen var rekna som ei delikatesse og brukt som grønsak. No har ikkje kvann lenger nokon posisjon her heime, men kvann er brukt som ein viktig ingrediens i franske Benediktinarlikørar. Under Spanskesjuka etter første verds- Årbok for Nord-Østerdalen 2002 61

krigen togg dei kvann for å berge seg unna sjukdomen. ( Dei brukte også tobakk.) No er det mange som har urtehagar, så kanskje kvann kan få sin renessanse. Mange stadnamn i Norge, også nokre gardsnamn, vitnar om at kvann var ei ettertrakta vare. Etter gamle islandske lover er det straff for å grava opp kvann på annan manns grunn. Under Svartedauen togg dei både kvannrot og søtrot for å helbrede og forebyggje sjukdom. Nålodden nord for Halstensvika stikk som ei nål ut i Femunden så namnet er lett å forklare. Vidare nordover har vi Lauvholman og Kråkholmen med namn som er lett å tyde. Men så kjem vi til Hestholmen. Her fortel sagnet: Langt atti tien va de en hæst som svømte over frå Tjøinnlainda på Æljåsien å komm i laind på Hæstholma. De æ så langt som to kilometer.frå Hæstholma å innåt laind æ de itte mer hell et drygt pilskott. Men hæsten hadde fått vass-skrekken å tørsa itte svøm mer. Han va på Hæstholma te han gjekk te. Sea ha holmen hett Hæstholmen. Dreg vi lenger nordover, kjem vi til Kløvstenodden med ein stor kløvd stein. Herifrå og rett over til det ytterste av Kornesset er grensa for Tufsingdeltaet som vart naturreservat 1981. No står Tufsing-deltaet også på lista til Ramsarkommisjonen. Det betyr at deltaet no kan reknast som eit internasjonalt viktig våtmarksområde. Det har heilt spesielle økosystem som den norske staten er forplikta til å overvaka og følgje nøye med på. Det er sagt at Kornesset har namnet sitt etter fiskarar som heldt kor her, altså andakt,før dei starta fisket. Det er vel helst rimeleg at namnet kjem av elvenamnet Kora som var brukt om nedste del av Tufsinga. Namnet Kora har samanheng med gamalnorsk kùrr som tyder stille, roleg, kur. Det var i denne stille delen av elva det beste fisket var. Dei kalla det korfisket. Det vanlege namnet på elva var Tufsinga. Kva kjem elvenamnet Tufsinga av? Er det deltaet som først har fått namnet? Elva Tufsinga har gjeve namnet til Tufsingdalen. Det er ei stor, vassrik elv, bortimot ein par mil lang frå Siksjøen til Femunden og godt tjue meter på det breiaste. Det er eit stryk, eller ein foss, der ho renn ut frå Siksjøen. Ho blir vanlegvis kalla Siksjøåa til ho etter ein par kilometer inn saman med Flena. Flena kjem frå Flensjøen. Elvenamnet kjem kanskje av adjektivet Fleinn, naken, berr, altså elva som er særmerkt med nakne, avskura berg og steinar. Tufsinga renn så still til ho når eit par stryk ved Sætersgardane, vidare er ho still og svingete ein tre kilmeter til ho når Stømmen (Straumen). Nedafor her har tufsingdølane båtnausta sine, for no er elva still og lett farbar ned til deltaet som dei kallar Tjønnan. Frå Siksjøen til Femunden er fallhøgda 46 meter. Frå Sætersgardane på austsida av elvae, ein tre kilometer sørover, er den store Tufsingdalseskeren som er verna som naturreservat, fordi han har kvartærgeografisk interesse. Dei som går turistløypa på eskeren, må ha båtskyss for å krysse elva. Elles er landskapet flatt og myrete på båe sider av elva, men elvekantane er 62 Årbok for Nord-Østerdalen 2002

faste og oppbygde av sand. Beverløyper kjem ned frå frå sidene her og der. Elvebotnen er også mest sand. Tufsinga er ei svært verdfull fiskelv. Om hausten i oktober har siken gytevandring frå Femunden og oppover elva. Det er halvkilos gytesik som er 7-9 år gamal. Sikyngelen som blir klekt i elva, blir førd med staumen ut i sjøen. Det er fortalt om eventyrlege fangstar av rendølar og tufsingdølar.det er tjue notvarp som er i bruk nedover elva. Elva går i svingar og lagar fine elvekantar som høver godt for notfisket. Dei tre nedste notvarpa skil seg ut. Det kan ein skjøne av namna: Kanalvarpet, Størvarpet og Lortvarpet. Kan elvenamnet Tufsinga knyttast til tufser av myr-rør eller liknande sjøgras? Den vanlegaste forklaringa av elvenamnet Tufsinga er etter Oluf Rygh. Han knyter namnet til nynorsk tufs n (armod, dårleg tilstand) og adjektivet tufsen ubehendig, som vel forsøger, men ikke udretter stort (Sitat etter Ivar Aasens ordbok.) Namnet skal da sikte til at elva renn sakte og tufset. Ettersom det er så mange myrar ved elva, og på myrane er det store tuver, har det vore freista å knyte elvenamnet til tuver, myrtuver. Men i så fall skulle vi vente namnet tuv-inga, slik som andre samansettingar med tuve, Tuv-rya, Tuv-enget og så vidare. Hovudleddet må vera tufs. Endinga -inga er vanleg i elvenamn og understrekar det hovudleddet betyr f.eks Setninga, Kverninga osv. Dei gamle skrivemåtane frå slutten av 1600-tallet og utover - Tousing, Tougsing, Tusing, Toufsing, Tufsing er vel alle forsøk på å bokstavere den gamle bygdeuttala Tøfsinga, Tøfsingdalen. No blir vel uttala Tufsinga mest brukt. Den svenske nasjonalparken på andre sida av grensa blir skrive Töfsingdalen. Vi kan finne andre tufsingnamn i same namnelagingsområde. På om lag same breiddegrad som Tufsingdeltaet, ei mil innafor grensa på svensk side, ligg sjøen Tøfsingen. Herifrå rinn elva Tøfsingån, tre kilometer lang, til ho rinn ut i Storån. Etter samanløpet med Storån, ein tre kilometer lenger nede, er Tøfsinghån. Etter kartet å dømme liknar det på Tufsingdeltaet, stillrend elv med ein floke av mange små og større elveløp. Håen er ein kilometer lang til elva får normalt far att. Storån er ein del av vassdraget som til slutt hamnar i Siljan. Sjøen Tøfsingen har også eit samisk namn, Jeartanjaevrie som kan tydast som myr-rør-sjøen eller myrgras-sjøen. På norsk side, aust for Aursunden ligg sjøen Tufsingen mellom Bolagen og Botnet i Aursunden. Tufsingbekken rinn frå Tufsingen og ut i botnet, ein par kilometer lang. Her må sjønamnet vera eldst og Tufsingbekken laga til sjønamnet. Ein kan rekne med ein språkleg samanheng mellom desse tufsingnamna. Kanskje nykjelen ligg i det sørsamiske Jeartanjaevrie? Eg har fått opplyst at i sørsamisk ordbok er jeartan nemnt som brukt i namn. Jeavrie er vanleg og betyr sjø. I nordsamisk betyr jearta myr-rør, myrgras. Bruker vi det nordsamiske ordet jearta, kjem vi til Myr-rør-sjøen. Det er så stor språkleg skilnad på orda Jeartanjaevrie og Tøfsingen at namna må vera laga parallelt på grunnlag av eit karakteristisk Årbok for Nord-Østerdalen 2002 63

Stalloddan t Nordn- Utllwlmen Tal/holmen f 'gerhoinkn S,ndn! LitihoJmen ::)Stor 95 Vt,thoiman cy. 94 : He,tlr.olrMni, 49 Liiuvliiilman 93...... 0 UJuvholmen --t- + 92 E N 91 90.. v.-. r I ""'!"'ra -~ I i... ~ -+ - + Utsnitt av kartbladet Elgå. blad 1719 II, utgitt av Statens Kartverk. -;J <;;i, lin, _,,,. 89 88 l 87 64 Årbok for Nord-Østerdalen 2002

trekk ved sjøen. Tøfsingen må ha fått namnet fordi det er typiske tufsar av myrrør i delar av sjøen. Det same må gjelde Tufsingen på norsk side. Så kjem vi tilbake til elva Tufsinga og spør om dette namnet har noko med myr-rør, myrgras å gjera? Ordet tufs betyr opprinnelig tjafs, tust, dott, bunt, floke. Ein tufs med hår, ull Eg har høyrt brukt en høytufs. Så kjem tyding 2: ein pusling, altså ein som det flokar seg til for. Tyding 3: tåpe, tust, dumming. Tyding 4: haugbue. Nøytrumsordet tufs tyder stakkarsdom, meiningsløyse, pusleri, kluss, rot, vas, tull. Er det nokon stad i elva det er som ein tufs, ein bunt ein floke? Det må vera deltalandet der elva renn ut i Femunden. Om ein kjører med motorbåt frå Kvennvika og nordover til Tufsingdeltaet, er strendene dominert av stor stein så det blir reine strender, ei og anna lita størrvik innimellom. Kjem ein så til Tufsingdeltaet, som blir kalla Tjønnan, er inntrykket eit heilt anna. Området er naturreservat fordi det er heilt spesielt. Det er eit frodig og flokete område. Fagfolk kallar det eit fuglefotdelta med eit sant virvar av tjønner og holmar og forgreina elveløp. Her er det fullt med sivgras, starrgras som veks på grasøyer og grunt vatn. Nokre starrarter lagar tuver med grastufser oppå. Rotsystemet er krypande rotstokkar. Frå denne matta av rottrevlar veks det ein sann jungel av strå. Kanskje det var det elva gjennom dette flokete deltalandet, Tjønnan, som først vart kalla Tufsinga, og så spreidde namnet seg til heile elva. Kva anna skulle ein kalle ei elv som renn gjennom eit slikt samanvevd system av tufsar av siv og sjøgras enn Tufsinga? Kora er brukt i gamle rettsakdokument i krangelen om fiskerettar og var namnet på berre ein del av elva. Kora var vel brukt i samband med fisket i den nedste delen av elva. Tufsinga derimot vart vel brukt om heile elva slik som i våre dagar. Trygve Nesset Cand. philol. Tidlegare lektor ved NØ. vg skole 2500 Tynset Årbok for Nord-Østerdalen 2002 65