SSB. Partifinansiering 2014, lag med org.nr., 06.05.2015, s 1 Rettleiing til rapportering i Altinn, «Partifinansiering 2014», RA-0604 Partilag med organisasjonsnummer Pålogging i Altinn For å få tak i skjemaet «Partifinansiering 2014» gå til Altinn på Internettet, dvs. til https://www.altinn.no/no/ og logg deg på med fødselsnummeret ditt (11 siffer). Bruk ein av innloggingsmetodane MinID BankID buypass eller Comfides Du får ikkje logge inn på andre måtar for få tilgang til skjemaet med i Altinn. Har aldri brukt Altinn på vegner av andre/på vegner av ein organisasjon Har du aldri nytta Altinn for andre enn deg sjølv tidlegare, må du først samtykkje i (akseptere) å kunne opptre på vegner av andre enn deg sjølv i Altinn. Logg deg på, klikk på fana «Min profil», vel «Kontaktinformasjon på vegner av andre» i venstre marg, trykk på knappen for Samtykke «i å nytte Altinn på vegner av andre (person/verksemd» og gi opp nødvendig kontaktinformasjon. Berre styreleiar og enkelte andre kan opne Meldingsboksen Første gong laget skal rapportere, må anten den som har rollen Styreleiar, Dagleg leiar eller Rekneskapsførar for partilaget i Einingsregisteret (ER), logge seg på www.altinn.no (sjå over). I utgangspunktet er det berre ein av desse tre som kan hente skjemaet i organisasjonsnummeret sin Meldingsboks i Altinn og fylle det ut. Dersom ein annan person, f.eks. eit anna styremedlem enn leiaren, skal fylle ut skjemaet, må Styreleiaren eller Dagleg leiar gi denne retten vidare til vedkomande. Dette gjer ein av dei i Altinn ved å «delegere» rolla Avgrensa signeringsrett til den personen. Slik delegering kan vere gjort tidlegare og gjeld då heilt til den retten blir sletta i Altinn. (Elektronisk signering er ein annan prosedyre og blir beskrive særskilt i eit eige avsnitt under.) Korleis «delegering» blir gjort i Altinn er beskrive i eit eige notat, sjå notat «Delegere rettighet i Altinn» i Partiportalen. Oppstår det problem ved pålogging eller tilgang til Meldingsboksen, kan det henge saman med rolletildelinga, ta då kontakt med Altinn-brukarservice på 75 00 60 00 og eventuelt med SSB for å få skjemaet på ein annan måte.
SSB. Partifinansiering 2014, lag med org.nr., 06.05.2015, s 2 Hente skjema i Meldingsboksen Ha tilgang til 11-sifra fødselsnummer og e-post-adresse til den som skal signere saman med deg. Etter pålogging i Altinn vel du kven du no skal representere, dvs. vel partilaget du skal svare for ved å søkje det opp i nedtrekkslista. Fyll ut skjemaet Altinn og ENTER-tasten Klikk på «Min meldingsboks», deretter finn du skjemaet RA 0604 Finansiering av politiske parti, 2014 (bildet viser 2013), klikk på skjemaet for 2014. Når du bruker ENTER-tasten i Altinn, blir du sendt direkte til neste side, sjølv om du ikkje har svara på alle spørsmåla på den sida du stod på. Vi anbefaler å nytte tab-tasten eller flytte cursor til det neste svarfeltet, og når alle spørsmåla på sida er svara på, klikke på NESTE nedst på sida for å kome vidare i skjemaet. Du kan også navigere i venstremargen ved å bla mellom grupper av spørsmål. Fyll ut skjemaet spørsmål for spørsmål fram til spørsmål 50. Har partilaget under 12 000 kroner i inntekter når ein ser bort frå all offentleg støtte, er det berre nokre få spørsmål som du skal svara på. Altinn viser då berre dei relevante spørsmåla (12 000 kroners spørsmålet blir stilt fyrst). I spørsmål 50 skal du gi opp namna på dei som skal signere elektronisk. Det er partileiaren og ein annan styremedlem (jf partiloven). Dette er ikkje sjølve signeringa, den elektroniske signeringa blir gjort i dei neste stega. Klikk «Kontroller skjema» før du går vidare. Når skjemaet er ferdig utfylt og kontrollert, klikker du på Vidare til signering, du kjem då til elektronisk signering. Om «utfyllaren» ikkje har rett til å signere etter partiloven, skal han/ho følgje rutinen under likevel.
SSB. Partifinansiering 2014, lag med org.nr., 06.05.2015, s 3 Elektronisk signering, trinn for trinn: Du må hente inn namnet, fødselsnummeret (fnr, 11 siffer) og e-post-adressa til den/dei andre som skal signere, før du går vidare. Gi opp kven som skal signere i tillegg til deg, skriv inn fødselsnummeret og etternamnet på nr. 2 (ikkje ditt eige fnr! og etternamnet utan fornamnet) og klikk på Legg til. Om berre partileiar og eit anna styremedlem er inne for å fylle ut og signere, skal det stå 1 her. Er det to andre enn «utfyllaren» som skal signere, skriv inn fnr og etternamnet til den eine, klikk «Legg til». Gjenta så det same med fnr og etternamn til den andre og klikk «Legg til» og endre talet til 2. Denne inntastinga styrer Altinn slik at Altinn kjenner att den/dei andre som skal signere når dei logger seg inn. Klikk så på Hald fram til signering (også om du sjølv ikkje har rett til å signere etter partiloven). partiloven. I det neste bildet blir namnet på den/dei andre som skal signere, vist med for- og etternamn. Klikk deretter på Signer, og om du ikkje skal signere etter Dette er den elektroniske signeringa di, Altinn kjenner deg att frå fødselsnummeret du logga deg inn med. (Om du ikkje har rett til å signere, vil dei to neste signaturane fylle kravet i loven, men for å sende vidare til den/dei som har rett til å signere, er den som fyller ut uansett nøydt til å klikke «Signer».) Neste bildet er «Steg 3 av 5: Signering (1)». Bruk knappen Varsle andre per e-post i menyen til høgre i skjermbildet. Du kan då sende e-post til den neste som skal signere, e-posten vil automatisk innehalde ei lenkje til skjemaet, be han/ho om å signere.
SSB. Partifinansiering 2014, lag med org.nr., 06.05.2015, s 4 Når du har klikka på «Varsle andre per e- post», får du dette bildet. Skriv inn e-postadressa til mottakaren, send gjerne kopi til deg sjølv(pr 08.04.15 kan ein berre ha ei e- postadresse i Til-feltet og ei i Kopi-feltet). Klikk på «Send e- post». Deretter kjem bildet under fram. Klikk på «Send tilbake til utfylling» berre dersom du må rette noko i det du har sendt,. Da får du eit varsel på skjermen om at du må signering på nytt. Vil du likevel sjå kva du har svara, klikk på «Utskriftsversjon (pdf)». Logg ut. Om varselet «steg du ikkje har rett til å utføre», sjå neste side. Nr. 2 og evt. nr 3 som skal signere, får ein e-post som vist under med lenkje til skjemaet. Nr. 2 klikkar på lenkja og blir då ført til det vanlege påloggingsbildet i Altinn der han/ho logger på vha. MinID, BankID, buypass eller Comfides. Nr. 2 kjem rett inn i steg 3 i signeringsprosedyren: Han/ho kan opne skjemaet som pdf-dokument, men kan ikkje korrigere det. Dersom noko skal rettast, må nr. 1 gå inn på nytt i Altinn og
SSB. Partifinansiering 2014, lag med org.nr., 06.05.2015, s 5 rette feila. Er alt i orden, klikkar nr. 2 på «Signer»-knappen. Dette er den elektroniske signeringa til nr 2. I eksemplet her blir to namn vist, slik ser det ut om den som fylte ut skjemaet, ikkje kan signere etter kravet om signatur i partiloven, men to andre personer har dei rollane (styreleiar og styremedlem i partilaget). Da skal nr. 2 signere, sende e-post frå Altinn til nr. 3 og logge ut. Nr 3 følgjer same rutinen, dvs. går inn på skjemaet vha lenkja som kjem per e-post og signerer. «Steg du ikkje har rett til å utføre» Etter kvar signering kommer man til eit bilde som det under. Det står at skjemaet «er i eit steg du ikkje har rett til å utføre». Det er fordi du ikkje kan signere for neste person eller sende inn skjemaet enno. - Den som signerar sist, må sende e-post frå Altinn tilbake til den som fylte ut skjemaet og be han/ho om å sende det inn. Det er berre den personen som kan sende inn skjemaet frå Altinn. Nr. 1 får ein e-post om at skjemaet er ferdig signert. Han/ho klikker på lenkja i e-posten og kjem til innlogginga i Altinn og logger seg på. Ein kjem da rett til steget for innsending, steg 4. Klikk «Send inn».
SSB. Partifinansiering 2014, lag med org.nr., 06.05.2015, s 6 Etter innsending blir bildet under vist. Der kan ein be om å skrive ut kvittering og be om å få kvittering sendt på e-post. Arkiverte skjema Når skjemaet er signert og sendt inn, blir det lagt i «Arkivert» under «Min meldingsboks» til organisasjonen/partilaget. Denne lagringa fyller kravet i partiloven om arkivering, jf. partiloven 18 (b) 1. ledd.