etnemarknaden Magisk marknad Magi og illusjonar er eit tema gjennom heile årets marknad. 31. juli-3. august 2014 Grannekampen Side 10-11

Like dokumenter
Til deg som bur i fosterheim år

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

OK, seier Hilde og låser.

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Røldal. Informasjon. Leilegheit 101 & 103. Ve og Vel V/Turid Tveit / turid.tveit@stord.kommune.no


Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Jon Fosse. For seint. Libretto

VEL MØTT TIL ETNE CUP 2008!

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk

Lyngmo-Glytten 23. årgang - Januar 2014 Medlemsblad GLYTTEN

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Lønnsame næringar. Presentasjon av Folgefonni Breførarlag AS ved daglegleiar Åsmund Bakke

Setring ved Håbakkselet Hareid

Månadsbrev for ROSA mars 2015

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Frå novelle til teikneserie

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo

mmm...med SMAK på timeplanen

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

ÅRSMELDING FOR VALLE UNGDOMSKLUBB

6. trinn. Veke 24 Navn:

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Månadsbrev for Rosa september 2014

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN

Velkomen. til kulturbygda. Lærdal

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!


Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Kvifor likar me å høyre på forskjellig musikk?

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Refleksjon og skriving

Brukarrettleiing E-post lesar

Invitasjon til Vinterfestivalen i Myrkdalen 2012

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

Månedsbrev april 2015

Spørjeundersøking om sentrumsområde

Referat frå MINTA møte

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

Sandeid skule SFO Årsplan

Stormfestival Klart for stormfest. Då er det like før det brakar laust med stormfestival.

Månadsbrev frå Tyrihans oktober 2016

Månadsplan for Hare November

Innspel frå elevane på 9. trinn på Leikanger ungdomsskule

Orstad Idrettslag. Barnas Turnfestival mai 2014

6-åringar på skuleveg

ÅRSMELDING FOR VALLE UNGDOMSKLUBB MED JUNIORKLUBB

Rapport Mandatory Assigment 06 Photo Essay. Malin Ersland Bjørgen

MEDLEMSINFO. august 2009

Kom skal vi klippe sauen

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

«Ny Giv» med gjetarhund

Brukarrettleiing. epolitiker

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Til: Kultur og ressursutvalet Dato: 13. desember 2012 Frå: Fylkesrådmannen Arkivsak: /HANESPE Kopi til: Arkivnr.: 626

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

BARNEVERNET. Til beste for barnet

Frøylandsbakken. Velkomen til Frøyland og Kvernaland! Siste byggetrinn 18 bustader på Kvernaland

Informasjon Mangerfestivalen

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Med tre spesialitetar i kofferten

Transkript:

etnemarknaden 31. juli-3. august 2014 Magisk marknad Magi og illusjonar er eit tema gjennom heile årets marknad. Side 16-17 Varierte artistar Side 3 Torg med mat Side 4-5 Viser fram dyr Side 16 Grannekampen Side 10-11 Grindbygg Side 22-23

2 Etnemarknaden Traden i lause tradar Møte med: Yvonne Sandgren, ny prosjektleiar for Etnemarknaden FAKTA: Etnemarknaden v Første gong i 1981 v Tufta på dugnad v Arrangert av sju lokale, frivillige organisasjonar, i tillegg til prosjektleiar v Over 200 utstillarar v Om lag 35.000 besøkande over fire dagar v Største i sitt slag på Vestlandet v Handel, mat, kultur, kunst, konsertar, tivoli, handverk, dyr, underhaldning, salsutstillingar Yvonne Sandgren er ny prosjektleiar for Etnemarknaden og ser fram til marknad av godt, gammalt merke og ein del fornyingar. foto: Jon Edvardsen Siddisen Yvonne Sandgren flytta til Etne midt under marknaden i fjor. I år er ho prosjektleiar for bygda si stolte skute. Jon Edvardsen Begge delar er tilfeldig. Slik framstiller 40-åringen sin entre i Etnemarknaden. Men sceneskiftet var ikkje tatt ut av det blå. Sambuaren er frå Etne og dei hadde tenkt ei stund på at ny adresse i heimbygda hans kunne vere det rette. Med to små gutar i familien, Oliver (3) og Linus (1), ville paret ta eit val for kor ungane skal vekse opp og slå rot. Litt meir landleg enn hovudstaden i Rogaland, var ønsket. Plutseleg skifte Det nyttar ikkje berre å snakke om å flytte, og før ein veit ordet av det, blir det for seint å skifte miljø. Vi hadde snakka i mange år om Etne, og plutseleg dukka det opp eit hus vi kjøpte og dermed var det gjort. Det var eigentleg litt tilfeldig, fortel ho. Oppvaksen som ho er i Stavanger by, er det målbare forskjellar til Etnesjøen og deromkring. Meir landlege Etne har innfridd, er dommen etter eitt år med fast adresse i ytterpunktet i Hordaland. Eg trivest med natur og utsikt. Dessutan møter eg gjestfridom i Etne som eg set pris på. I Stavanger må ein vente tre år på barnehageplass, her var det i boks med ein gong. Likar marknader Det er ti år sidan ho var på marknaden for første gong, og i 2007 møtte ho sitt livs etnebu. Då vart ho kjent med Etne, og bygda var ikkje lenger berre eit landskap langs europavegen i bil på veg til faste turar i Røldal med venner. Deretter har det blitt mange besøk, helst når det skjer noko, ikkje berre under den årlege marknaden i august. Eg har alltid likt å vere på marknaden. Den er så stor, har litt av alt, og du får kjøpt alt mogleg. Handelen er eg fascinert av, og alt det andre rundt, tivoli, og stemninga. Når eg er i utlandet oppsøkjer eg alltid marknader dersom dei er å finne, seier ho. Ho likar tankegangen bak marknaden om at mykje godt ligg i botnen og at fornyinga skal skje litt kvart år. Det er ein viktig kombinasjon der ein tar vare på det tradisjonelle. Vêret største tjuven Sandgren har forventningar til ei endå sterkare spissing av mattilbodet i årets utgåve. Her er det omorganisering på gang, og opplegget blir i endå større grad ein felles arena for ganen og det gode måltid. Her kan ein nyte mat samstundes som ein kan ta del i underhaldninga, forklarer ho. Ho er ikkje i tvil om at Etnemarknaden først og fremst er eit familiearrangement, og artistane blir blinka ut for å passe mang ein smak. Eg opplever at marknaden er godt innarbeidd og har eit godt rykte der ute. Det gjeld også artistane vi er i kontakt med, seier prosjektleiaren. Difor meiner ho dei opplever liten effekt av at det er mange arrangement i løpet av ein kort sommar som konkurrerer om folk sin gunst. Vêret er ein større publikumstjuv, med fjorårets luner og opne slusar i i minne. Den stormen vi hadde i fjor kjem ikkje igjen, for den er brukt opp. Dagen etter var det slik trykkande varme. Slikt vêr kjem ikkje igjen, er den langsiktige vêrmeldinga frå eit møterom i Skakkesenteret. Halde tråden Jo, det vart meir landleg og annleis i bygda enn i byen, men det andre ønsket om å stresse ned, var ikkje like enkelt. Ho jobba tidlegare i eitt av dei største eventbyråa i Stavanger, og var alltid på farten, gjerne når andre hadde fri, kveld og helg. Det er nær slektskap mellom dei to jobbane, og eg arbeider heller meir enn mindre etter at eg kom til Etne og tok jobben i Etnemarknaden, fortel Sandgren. Jobben dukka plutseleg opp nesten med ein gong etter at ho var på plass i Etne i fjor, ein stillingsannonse som nesten var skreddarsydd for jobbsøkjaren, spøkte ho om den gongen. Dermed var ho prosjektleiar for det største dugnadsløftet i bygda. Kva er det som må til i ein slik jobb? Det viktigaste er å halde tråden i alle lause trådar, vere positiv og kommunisere godt med alle rundt seg. Det er ei ny erfaring å jobbe opp mot eit utprega dugnadsprosjekt. Det trengst utruleg mange frivillige for å få alt til å gå opp, og vi har mange gode folk, seier ho. Sommarferie er eit framandord i år, men den kan ho ta igjen etter at årets marknad er historie. Marknadsavisa 2014 er gitt ut av Grannar Opplag 86.000 Ansvarleg redaktør: Arne Frøkedal

31. JULI-3. AUGUST 2014 3 2014-utgåva av marknaden har ein særs variert musikalsk meny. Enten det er pop, country, folk, rock, dansbart, for vaksne eller for ungar, har ein det meste i år. ØYSTEIN BIRKENES Martin Halla er kjent frå The Voice på TV2 der han blei finalist i 2012. Han ga ut debutalbumet sitt i 2013, og er i år klar for marknaden. Han skal både halde konsert og vere dommar i den lokale Grannekampen. Norsk-indiske Samsaya er klar for marknaden med opningskonsert torsdagen. Artistar for mang ein smak Henrik Høven vart superfinalist i MGP Jr. i 2013. Du kan sjå han på laurdagen under marknaden. M arknadsleiar Yvonne Sandgren fortel at dei sette seg krav til bookinga som skapte utfordringar: det skulle vere norsk, det skulle være allsidig, familievennleg og samstundes ikkje gjenta seg sjølv. Ser ein på festivalar rundt om i landet, går ein meir og meir utanlands når det skal bookast artistar. Det blir fort mykje reprise når ein år etter år skal ha norske artistar, men samstundes er me veldig klare her på marknaden om at me ynskjer oss nettopp det. Det er ikkje umogleg å halde det friskt og spennande, og eg er godt nøgd med kva me har fått til i år. Difor var me litt avventande med bestillingane og hadde litt is i magen, men det var det verdt. BÅDE LIVLEG OG MELANKOLSK POP Ein av profilane det har lykkast marknaden å få tak i, er den norsk-indiske pop-sangerinna Samsaya. Mange har ho kanskje friskt i minne frå då ho deltok i den nyaste sesongen av «Hver gang vi møtes» på TV2. Ho er ei tøff dame med tøff musikk. Samstundes viste ho på fjernsyn nylig at ho har ei mjukare side. Me synest veldig godt om å ha fått henne til opningsshowet torsdag kveld, seier Sandgren. På den meir melankolske enden av pop-spektrumet finn ein Martin Halla, vinnaren av 2012-utgåva av The Voice på TV2. Han imponerte der med sensitive tolkingar av vidt forskjellige artistar, frå Tom Waits til Rihanna. I 2013 ga han ut debutalbumet Winter Days. Fredag ettermiddag held han konsert under marknaden. I tillegg skal han vere dommar i Grannekampen, saman ein annan The Voiceprofil, Shaun Bartlett. Bartlett skal også opptre med eit par låtar mellom konkurransedeltakarane. VIL FREMME UNGE TALENT Blant dei yngste headlinarane på musikksida i år er Henrik Høven, kjent som superfinalist i Melodi Grand Prix jr. Høven tok ikkje skrittet heilt opp i finalen, men er blant deltakarane som har markert seg sterkast som frittståande artist etter ferdig MGP. Det er ikkje umogleg at det kan bli litt Justin Bieber-stemning blant ei viss målgruppe når denne MGP-sjarmøren tar til scena. Til marknaden kjem også Trine Uthaug frå Eigersund. Uthaug er aktuell med si andre plate, trass i at ho berre er 15 år. Ho har opptredd sidan ho var fem år gammal, og har nyleg hausta ros som oppvarmingsartist for Gabrielle. Me vil gjerne vere med på å bringe unge artistar opp og fram i lyset, og dette er litt av bakgrunnen for å hente inn desse nye talenta, seier Sandgren. I tillegg til at det sjølvsagt er midt i blinken for den yngre delen av marknadspublikummet. AVSLUTTAR MED EIT BRAK Til avslutningskonserten søndag kjem Eirik Søfteland for å setje eit kraftfullt punktum på marknaden. Den hårfagre rockaren frå Os blei først kjend då han kuppa Idol 2013 med rock n roll, og tok seg heilt til finalen. I år står han klar til å kuppe heile marknaden, ler Sandgren. Tidlegare marknadsår har ein gjerne gått for å opne kraftig og ta den roligare musikken som avslutning. I år har me valt å snu heilt om på dette, og avslutte med eit smell av ein rockekonsert. The Irish Vikings stiller med energisk folk-rock på Saloonen laurdag. Country og sprek folkerock Marknaden fortset samarbeidet dei hadde med Old River Saloon i fjor, og i år er Saloonen sterkt med på å ta seg av dansetrongen som måtte oppstå blant publikum. Fredag blir det dans med DJ Kristoffer Solvang frå Haugesund, og på laurdag stiller The Irish Vikings opp, saman med Byting. The Irish Vikings kallar seg «Nordens sprekaste folkerock-band», og framfører ei salig blanding av rock og tradisjonell, akustisk folkemusikk. Konsertane sine kallar dei «viking-raid», og på scenen brukast det helst kilt. Byting er eit nystarta band frå Bø i Telemark. Dei spelar country inspirert av folkemusikk, og har med seg hardingfele på scenen. Framført på klingande austlandsdialekt er kanskje ikkje samanlikninga med Hellbillies veldig langt unna. God stemning ligg det i alle fall an til å bli når desse banda tar til scenen på Saloonen laurdagskvelden.

INTRODUSE 4 ETNEMARKNADEN Med blikk for det hjartet viser, ønskjer Lyla Granberg å foreviga dei fine augeblikka. FOTO: LYLA GRANBERG Lyla Granberg (41) fann sin styrke i det ho trudde var eit hinder. Med auge for detaljar, tar ho flotte bilete. Lyla Granberg har alltid vore interessert i fotografi. Det var hennar store hobby. Nå gjer ho hobbyen til ein jobb og har planar om å etablera seg innan bryllaupsfotografering. Ho er ein av mange utstillarar på årets Etnemarknad. Då eg kom til Noreg frå Filippinane i 2000, jobba eg fyrst med kontorarbeid, men eg fann fort ut at papirarbeid ikkje er noko for meg. Eg tenkte derfor på at eg kunne vera engelsklærar, men der sette norskkunnskapen ein stoppar for meg, fortel Granberg. Ideen om å gjera hobbyen til noko meir, vart dermed sett ut i live. Og sidan 2007 har ho kursa seg opp i fotokunsten gjennom workshop med mellom anna Jose Villa frå California. HINDER VART STYRKE Først sleit eg litt med å finna ut kva retning eg ville innan fotografi. Men eg visste at gatefotografering ikkje var noko for meg, fortel Granberg, som har erfaring med fotojournalistikk frå vidaregåande i heimlandet. Ho jobba intensivt med fotografen Karl Olav Gjerde ei veke, og då den var omme, såg vegen mykje klarare ut. Eg er ein romantikar. Eg elskar gamle ting. Og etter at eg fekk sjå workshopen til Jose Villa, visste eg at bryllaupsfotografering var det rette for meg, smiler Granberg. Ho fall heilt pladask for fotografia hans, og følte ho vart introdusert til ei ny verd. Det ho tidligare hadde sett på som ein ulempe og eit hinder, vart til noko positivt, som ho kunne nytta i arbeidet sitt. Eg er ein veldig introvert person. «Small talk» er ikkje noko for meg. Eg er det du kan kalla ein observerande person, og gjennom observasjonen får eg med meg detaljar som andre kanskje overser. Det har vore ein stor fordel i fotokunsten min. For mitt mål er å fanga augeblikka og få fram stemning og personlegdom gjennom bileta eg tar, seier Lyla Granberg. VIKTIG MED LEIK Ho føler det er ei ære å få delta og ta vare på SIRIANNE VIKESTAD Ofte ligg kjærleiken i dei små detaljane, som skapar det gode biletet. Rammar kj rleiken inn Lyla Granberg elskar romantikk og synest Noreg er velsigna med flotte steder der kjærleik kan forevigast i ei fotoramme. FOTO: SIRIANNE VIKESTAD minna til menneske ved deira store augeblikk i livet. Bryllaup er jo ofte starten på alt. For deretter kommer det baby, dåp, familie, konfirmasjon. Hendingar som mange vil ta vare på gjennom bilete, konstaterer fotografen. Men det er romantikken, bryllaup og forloving som er hennar gate, og dersom nokon ønskjer å dra inn bonderomantikk med gamle gjenstandar, traktor eller liknande, frydar ho seg. Det er viktig å leika, meiner Granberg, og viser til at for ho er det viktig å verta kjent med dei ho tek bilete av. Kva likar dei? Kva personlegdom har dei? Kva vil dei uttrykkje med bileta? Det er viktig for meg at alle gir litt, både eg og den eller dei eg tar bilete av. Det skal vera ei god oppleving for alle. Bare då vil bileta bli gode, meiner Granberg. BEVARA GODE MINNE Nordmenn er ikkje alltid dei lettaste å arbeide med når det gjeld å visa intimitet, lidenskap og kjærleik framføre eit kamera, synest Lyla Granberg. Å finne det rette elementet der brureparet trivest og slappar meir av, er derfor viktig. Ho minnest sjølv stress rundt eige bryllaup og fotografering. Forventingar og press. Når eg ser på mitt eige brudebilete ser eg at eg er spent, seier fotografen, som håpar på at ho gjennom sin fotokunst kan bevara dei gode minna og kjenslene som høyrer eit bryllaup til. Sjølv meiner ho at forlovingsbilete ofte blir betre, på grunn av mangelen på press om det perfekte brurebiletet. På dette området er barn herlege å jobba med, då dei er så autentiske og frie, fortel Granberg. Det å skapa noko bra, treng meir enn ei komponering, bra utstyr, den rette programvaren til redigering og den slags. Kven som helst kan ta gode bilete med det rette utstyret. Utfordringa ligg i det å fanga opp stemninga i det rette augeblikket, uttrykka ei historie, ei utstråling og personlegdom. Det er det eg søkjer og elskar ved fotografering, fortel Granberg. Eit 800 kvadratmeter stort telt skal vera hjarta i det som skal bli det nye mattorget på Etnemarknaden. Utstillarar som har mat på menyen, får plass rundt teltet. GRETHE HOPLAND RAVN Mattorget er noko av det nye arrangørane av Etnemarknaden i år kan by på, for der det i fjor var europeisk marknad, skal det i år plasserast eit 20x40 meter stort telt, som er så høgt under taket at to av lyktestolpane som står på området, får plass under teltduken. Dette teltet skal setjast opp utan teltvegger, og rundt heile teltet skal det vera utstillarar som kan by på ferdigmat. Dette ser me veldig fram til og me trur det blir bra. Me har mange forskjellige utstillarar som kan by på veldig mykje forskjellig, og dei kjem til å stå rundt teltet på tre av sidene. Målet er at me ønskjer å samla folket enda meir enn før. Mattorget kan fungera som ein base og ein møteplass, og det skal vera god plass til dei som vil setja seg ned for å eta, prata eller berre ta seg ein pause, seier prosjektleiar for Etnemarknaden, Yvonne Sandgren. MAT FOR ALLE Heile området på barneskulen sin leikeplass blir altså mattorg, og dei som før har brukt plassen til utstilling av bil og motor, har fått ny plassering. Utstillarane rundt skal servera ferdig mat som folk kan eta med ein gong. Sandgren opplyser at det skal vera noko for ein kvar smak. Mellom anna blir det sal av søtbakst som til dømes bollar, vaflar, sveler, kaker, cup-cakes og hellebakst. Det blir grillmat i fleire variantar og det blir sal av thai-mat, gresk mat, indisk mat, somalisk mat, laks, krabbe, skaldyr, spekemat, graut, bakte poteter og det blir sal av ostar, frukt, grønt og belgisk sjokolade. Den tradisjonelle bondestova flyttar også opp i dette teltet. Det er viktig å komma på nye idear og me Superheltar og gres Ynskjer ein å ta seg ein tur inn i kinomørket under marknaden, er det litt av kvart å velje mellom. Blant anna har to storfilmar frå Hollywood premiere i marknadshelga. ØYSTEIN BIRKENES Publikum sin appetitt for spesialeffektar, spetakkel og superheltar verker umetteleg for tida, og filmavdelinga til Marvel Comics har ingen planar om å sleppe opp gassen. Nå kjem dei med Guardians of the Galaxy, som er Hilde Synnøve Jacobsen Harboe og dottera Madelen handlar nordlandskaker under fjorårets marknad. AKRIVFOTO: GRETHE HOPLAND RAVN På marknaden er det premiere på ny film basert på Marvel sitt teikneserieunivers, Guardians of the Galaxy. FOTO: MARVEL STUDIOS

31. JULI-3. AUGUST 2014 5 RER NYTT MATTORG Det blir mat frå mange forskjellige stader i verda. ARKIVFOTO håpar denne ideen er noko folk tenner på. Likevel er det viktig å ta vare på dei tradisjonane som me veit fungerer, og derfor blir det som alltid servering av middag i storsalen på kulturhuset. Her har me tradisjonelle rettar som kjøttkaker og svinesteik på menyen. Me kjem også til å lage til ein kiosk som skal servera pølser, påsmurt, snop og brus/kaffi nede i idrettshallen, seier Sandgren. TELT OG SHOW Det er ikkje berre mat som står på menyen i teltet, for her kjem også all underhaldning til å finna stad. På austveggen blir det bygd opp ei scene, og her skal det mellom anna arrangerast matpreik to gonger til dagen. Då skal kjende, profilerte kokkar få presentera og prata om mat til publikum. Her skal også den magiske timen finna stad. Det blir dermed trylleshow med forskjellige magikarar, også dette to gonger til dagen. Alle konsertar inkludert Grannekamp blir arrangert på scenen og fredagskveld blir det også dans her. Me har gitt beskjed til utstillarane våre at dei gjerne kan selja mat utover kveldane om dei ønskjer det, så lenge det er arrangement i teltet, seier Sandgren. PROFFE MATFOLK Til å dra lasset i Mattorget denne helga har arrangørane fått tak i tre personar som skal samarbeide om dette. Gunnar Nagell-Dahl er seniorkonsulent og matattaché hos Fylkesmannen i Hordaland. Han kjem til Etne i saman med Bodil Irene Nordjore som er koordinator for lokal mat hos fylkesmannen i Telemark. Ho har også med seg ektemannen sin til Etne. Både Nordjore og Nagell-Dahl er i tillegg forfattarar av fleire matbøker. For dei som trur at den europeiske matmarknaden må vike for det nye mattorget, kan eg forsikra dei med ein gong om at denne marknaden også i år kjem til Etnemarknaden. Den blir berre flytta lenger bort i gata, mellom Skakkesenteret og Enge skule, seier Sandgren. ke gudar enda ein film om eit heilt lag av superheltar, likt The Avengers frå 2012. Skodespelar-lista inkluderer Bradley Cooper, Benicio Del Toro, Glenn Close og mange fleire. HENNIE OG BERDAL I HOLLYWOOD Hercules er ein ny film om den greske helten ved same namn, for høvet spelt av Dwayne «The Rock» Johnson. Her kan ein trygt førebu seg på hardare kost enn Disney-musikalen frå 1997, som mange kanskje forbind Hercules med. På rollelista finn ein faktisk to norske skodespelarar, Aksel Hennie og Ingrid Bolsø Berdal. Dette er mildt sagt ei sjeldanheit i amerikansk film. Vil dei sjå tilbake på denne filmen som eit vendepunkt i karrieren? INGEN NY BARNEFILM Kinosjef Berit Rafdal hadde håpa på å også få tak i ein splitter ny barnefilm for premiere i marknadshelga, men dette var ikkje å oppdrive i år. Vanlegvis får me tak i det til marknaden, men det var ingen kandidatar som låg an til dette i år, tidsmessig, seier Rafdal. Men barnefilm blir det: me siktar på å sende «Dragetrenaren», som premierte tidlegare i juli, både fredag, laurdag og søndag. Andre juli-filmar blir òg å sjå under marknaden. Har ein sansen for komedie, kan ein på torsdagen få med seg «Sex Tape» med blant andre Cameron Diaz og Jason Segel i rollene. For dei litt yngre vil Dragetrenaren 2 bli sendt både fredag, laurdag og søndag. BILDE: DREAMWORKS ANIMATION

6 ETNEMARKNADEN Utstillarar Oriflameprodukter til heile familien kom innom min stand B-131 og gjer ett kupp flotte pakketilbud! Sissel Årak -970 35 594-sisseleikemo@gmail.com Last ned Etnemarknaden sin app for program, kart og info! Besøk NAF-standen Velkommen til en nyttig og hyggelig NAF prat hvor vi blant annet har følgende aktiviteter: Prøve promillebriller Prøve Velte-Jakob Medlemsvering med fine premier Utdeling av diverse reklameeffekter Velkommen! NAF avd. Haugesund og Omegn Standnr. B-72 NORTØMMER AS, er er et et heleid selskap av av NORSKOG, omsetter vi omsetter ca årlig 1,4 ca mill 650.000m m3. Nortømmer 3. Vi har AS kontorer har distriktskontor i Oslo, Våler i i hele Østfold, Norge Elverum, som Kongsvinger, håndterer Grue, tømmerkjøp Hamar, og Hønefoss, skogkultur. Skien og Randaberg. Skal du selge tømmer, eller vurderer en skogsdrift, ta kontakt med Nortømmer for et pristilbud på tømmeret, stand C-205 G-204 Vi kjøper alle typer bartre, både sagtømmer og massevirke, til konkurransedyktige priser. Vi ordner alt av planlegging, entreprenører, miljøhåndtering kostnadsfritt. Er Spesiell du skogeier kapasitet uten på håndtering å ha bosted av på større eiendommen, drifter i bratt er terreng. du velkommen til Ved å større bruke skogsdrifter NORTØMMER kan AS, vi kjøpe og NORSKOG hogstavfallet til å til forvalte bioenergi. den for deg. VOSS KONTORET STAVANGER KONTORET Ring oss for en uforpliktende vurdering Pål Jens Johnsen Manger 40 43 69 80 Markus Junge 91 62 37 79 Sør Hordaland/Sogn Rogaland/ Vest og Fjordane Agder Rogaland/Hordaland/Vest Nord Rogaland/Hordaland Agder av potensialet på paal.johnsen@nortommer.no Tlf 480 52 228 Tlf Markus.junge@nortommer.no 916 23 779 din eiendom. www.skoginfo.no Jens.manger@nortommer.no Markus.junge@nortommer.no www.nortommer.no NORSKOG tilbyr en rekke tjenester innen skog/utmarks-forvaltning. Se mer innformasjon om våre tjenester på www.skoginfo.no Etne kommune me gjere de i Etne! MEKTIGE OG MINNERIKE NATUROPPLEVINGAR TRYGG OG GOD OPPVEKST RIKT KULTURLIV NÆRINGSLIV I VEKST QUIZ PÅ STANDEN! Møt ordførar Sigve Sørheim og andre politikarar på vår stand i idrettshallen. Etne kommune er omringa av flott og variert natur og ligg sør i Hordaland fylke. Kommunen grensar til Kvinnherad, Odda, Suldal, Vindafjord og Sauda, der dei tre siste ligg i Rogaland. Dei fleste innbyggjarane bur rundt tettstadene Etne og Skånevik. Kommunen er eit godt utgangspunkt for å nå stader som Haugesund, Bergen, øyriket i Sunnhordland, Hardangerfjorden og Ryfylkefjordane. I Etne kommune kan du busetje deg i landlege omgjevnader med det du treng av butikkar og andre servicetilbod i nærleiken. Det er gode og velorganiserte kommunale tenester for innbyggjarane. Etne kommune har eit stort mangfald i lokalsamfunnet, der livskvalitet for alle står i sentrum. Me ynskjer deg velkommen til kommunen vår! FOTO: GRETHE NYGAARD ETNE KOMMUNE Postboks 54, 5591 Etne Tlf. 53 75 80 00 Faks: 53 75 80 01 trygg raus engasjert post@etne.kommune.no www.etne.kommune.no

31. juli-3. august 2014 7 Utstillarar Spar inntil 30 %** Ytterligere informasjon om kampanjetilbudene får du hos din Hörmann-forhandler: MøT oss på ETnEMarknadEn fra 8.990 NOK *: Automatisk garasjeport fra 11.990 NOK *: Ytterdør uten sidefelt * All informasjon om kampanjeproduktene finner du på www.hoermann.no. Frakt til forhandler kommer i tillegg. ** Sammenlignet med Hörmann leddport LPU, horisontal profil M med samme overflate / farge Størst utvalg Skinnklær Moi Skinnutsalg, Moi Vi kommer til Etnemarknaden, og vil ha standen full av skinnklær til knallpriser! Ta turen innom, her er penger å spare. NB! Alle priser fra 30% til 60% lavere enn butikkpris. Mob. 419 16 748 Skinnklær Best pris Gjør et kupp på vår utstilte demostue. Ordinær pris kr 94000.- Spar kr30000.- MESSEPRIS KR 64000.- 30 % messerabatt på Gapo garasjeporter DU TREFFER OSS PÅ MARKNADEN FOR EN HYGGELIG HANDEL www.fasadefornyeren.no Tlf. 466 93 644 leiv@fremmersvik.no Tlf 992 80 458 www.portteknikk.com www.sommerstuer.no Tiden er inne for å kjøpe eget sagbruk Nyhet! farmers m8 fra 9.950,- Me skal til Etne Sogelag og Etne Bygdeboknemd i marknadshallen! Der får me kjøpa årbøker og bygdesoger frå dei beste bygdene i Noreg! - Og der kan me svalla saman! Fram! Fram! Garantert det flottaste sommarhagekonseptet på Haugalandet stand nr B-76 v/inngangen til kulturhuset Ikkje noko vas Bruk VårVIk Glas VESTVIK REKLAME AS alle priser eks. mva. og frakt Ystadvn. 41 7670 Inderøy Tlf. 47 87 50 00 www.logosol.no båndsager fra 47.900,- høvler fra 19.950,- Besøk oss på Etnemarknaden! BRUDEPIKEKJOLER www.ninnisbarn.no Finklær til barn DRESS opptil 17 år kr 390,- / 490,- kr 199,- Kjoler, dåpsklær og mye annet på tilbud. Alle som leverer inn denne annonsa på standen og kjøper viltgrill eller viltburger er med i trekninga av eit gåvekort på kr. 3.000 i viltkjøtt til hausten. Roy Martin Øyjord, tlf. 909 32 295 roy@arcus-vita.no Skakkelaksen er oppvaksen ein fantastisk plass www.skakkeforedling.no i Etnefjorden. Etter at den er slakta er den blitt innsausa i Erling Skakke konjakk XO, og ein del andre gode ingredienser. Her har laksen blitt liggjande i passeleg lang tid, slik at den har trekt til seg ein fantastisk aroma. Etter marineringa er laksen røykt i tradisjonelt røykehus i ei blanding av or, bøk og einer. Etter røyking er den vindtørka før den er blitt vakuumpakka. Tilberedt av Roy Martin Øyjord 5590 Etne, Tlf. 909 32 295 Namn:... Tlf.:... Viltkjøtt Viltpølser Viltkarbonader Skakkelaks Erling Skakke Konjakk XO er laga som ein hyllest til ein forfar av Nicolas Mahé De Berdouaré. Han er ein av etterkomarane til Erling Skakke Ormson. Erling Skakke som kom fra Etne, var ein omstridt einekonge i åra 1162-1177. Han vart født i 1115 og var gift med Kristin, dotter av Sigurd Jorsalfare, og hadde sonen Magnus Erlingsson. Utanfor Sicilia kom han i kamp med arabarane. Her fekk han eit hogg i halsen slik at den kom til å helle over, eller på «skakke», til den eine sida. Erling Skakke døydde i slaget på Kalvskinnet i 1179 og vart gravlagd i Nidarosdomen i Trondheim. Sonen hans var konge over Norge frå 1161 til 1184. Viltgrill Viltburger Skakkelaks Du får alt i lausvekt " Skogeigarlaget for Hordaland og Rogaland har du SKOG? Vestskog tilbyr tenester innafor hogst, tømmerkjøp, planting og ungskogpleie. Skogbruk er ein langsiktig aktivitet og val av tidspunkt for avvirking har stor innverknad på totaløkonomien. Vi tilbyr derfor også, for våre eigarar, gratis rådgiving i skogøkonomi. For å sikra god oppfølging og aktivitet tilpassa lokale tilhøve har vi skogbruksleiarar og entreprenørar som bur i og kjenner sitt distrikt. Vi legg vekt på at skogeigar skal få ei god totalløysing gjennom rådgiving, driftsplanlegging, avvirking, oppgjer, oppussing av kjørespor og tilplanting. For ein god skogprat ta kontakt med våre skogbruksleiarar ved kontoret i Ølen, Njål Søndenå (416 47976) eller Iver Blokkum (980 35223). www.vestskog.no VESTSKOG SA er eit selskap i skogsamvirket med langsiktig perspektiv på sin aktivitet. Vestskog er den leiande aktøren innafor vestnorsk tømmeromsetning og vår oppgåve er å sikra meirverdi for våre eigarar.

8 utstillarar Etnemarknaden gjør hverdagen enklere Takmontert tørkestativ Marknadstilbud Sommerkampanje Juli 2014 2014 PraKTIsK - enkelt - PlassbesParende Vi feirer at vi er verdens mestselgende B MESSETILBUD MES Besøk oss på messen og se hvor enkelt det er! SETPasser både skrå og rette TaK ILB UD 6 stk stenger som kan senkes til behagelig arbeidshøyde. butikk Leveresoss i lengder på 100og - 120 130 -enkelt 140-150 160-180 cm Besøk på messen se -hvor det -er! KAN TILPASSES SKRÅ- OG RETTE TAK www.interiordetalj.no 6 stk. stenger som kan senkes til behagelig arbeidshøyde. Leveres i lengder på: 120-130 - 140-150 - 160-180 cm Interiørdetalj PRAKTISK - ENKELT - PLASSBESPARENDE Tlf. 62 54 92 40 - Fax: 62 55 24 18 - Mobil: 936 14 848 gte E-post: post@interiordetalj.no Interiørdetalj Norge AS sol stand 0 0 Stand Telefon: 62 54 92 40 Telefax: 62 55 24 18 Mobil: 936314 6.0 848 A-15 138 gjør hverdagen enklere! nn re BESTILL PÅ INTERNETT: WWW.INTERIORDETALJ.NO Me Kvalitet behøver ikke koste mer... Sundance Peyton Sundance Chelsee Sitteplasser: 5-6 voksne Sitteplasser: 6-7 voksne Mål:214 cm x 214 cm x 92 cm Mål: 226 cm x 226 cm x 92 cm Antall dyser totalt: 35 Antall dyser totalt: 40 Et flott bad i 680 serien. fra 9.990,- * fra 11.990,- * Et lekkert bad i 780 serien. KAMPANJE PRIS KR KAMPANJE PRIS KR 59.900,- NÅ KUN KR 89.900,Ordinær pris kr. 98.000,- 9.900,-* Ordinær pris kr. 129.000,- Modell: Steer stand Ordinær pris kr. 14.800,- Vi ses på messen! 120 *Tilbudet gjelder så langt lageret rekker Bentsrudveien 8, avkjøring 31 E-18, 3083 Holmestrand epost: post@portsenteret.com Tlf: 33 06 30 00 www.sundance.no Tilbor 5

31. juli-3. august 2014 utstillarar 9 Tar ein sportsleg vri Arrangørane av Etne Duathlon håpar på at det sportslige elementet vil slå an under Etnemarknaden. foto: Øystein Birkenes Folkefesten viser nye sider når Etne Duathlon blir arrangert for første gong. Sirianne Vikestad Elisabeth Bjørkhaug, dagleg leiar i Filter design&kommunikasjon (t.v), Jon Oddvin Moe, Yvonne Sandgren, prosjektleiar Etnemarknaden og Peter Øren. I bakgrunnen Skåneviksfjellet der deltakarane kjem springande attende etter å ha sykla til Skånevik. foto: Astrid E. Hjelmeland/Filter Etnemarknaden har mykje å by på, men den har mangla ein sportsleg konkurranse. Dette ville Jon Oddvin Moe og Peter Øren frå Etne idrettslag gjera noko med og lufta ideen om Duathlon for marknaden. Ideen slo godt an og planlegginga tok til med ein gong. Med seg på laget har dei Røde Kors og IF Klypetussen som stiller med både kunnskap og utstyr, slik at deltakarane får ei god oppleving av arrangementet og løypa som står klar til å utfordre spreke bein. Løype med utsikt Påmeldingane strøymar på allereie, og arrangørane håpar på at interessa bringar inn mellom 30-50 deltakarar, klare til dyst laurdag 2. august. For klokka 11.00 går startskotet i hjartet av Etnemarknaden. Då skal dei tråkka pedalen i heile tre mil, før dei legg ut på ein tolv kilometer lang fjelltur med beina på nakken. Dette er ei løype i flott natur som me gjerne vil gjera meir kjend, seier Moe. For med startskot i Etne, vil deltakarane få oppleva Skåneviksstranda langs den gamle fylkesvegen til Skånevik. Frå Skånevik skule blir sykkelen ståande når deltakarane skal få bryne seg på den gamle postvegen inn til Etne sentrum att. Til fots i vanleg turtempo reknar ein kring halvannan time opp til det høgaste punktet, Varleitet, som ligg 620 meter over havet. Frå dette punktet har ein ei fantastisk utsikt over Skånevik, Etne og heile Sunnhordland. I byrjinga må deltakarane førebu seg på nokre motbakkar før vidda breiar seg ut, og går nedover mot kommunesenteret att. Målet er å gjera dette til ein fast tradisjon under marknaden, og nå vert det spennande å sjå om deltakarane liker løypa, seier Øren, som forventar ein tidsbruk mellom 1,5-3 timar for utøvarane. Arrangement med potensial Moe og Øren håpar på at det sportslege elementet i marknaden vil bidra til sunn treningsglede og mosjon, der dei fleste i vaksen alder og nokolunde form kan delta. Eg trur at Etne Duathlon har eit stort potensiale. Etnemarknaden vil bidra til eit godt fotfeste for arrange- mentet då marknaden tiltrekker seg folk frå mange stader, seier Moe. Og med så mange menneske samla på ein plass, håpar han at mange vil stille seg langs løypetraseen og heia fram deltakarane. Nå er me i prøvefasen, men om dette slår an i år, kan dette utvikle seg til noko veldig bra, seier Moe. Tryggleik er viktig Mykje skulle på plass for å få arrangementet godkjent, og både kommune, vegvesen og politi har tatt imot søknad om Etne Duathlon. Mat- og drikkestasjonar, kart og løypeprofil, vakter, følgjebil og skilting, sjåfør og transport, tidtaking, påmelding og premiar. Me set sikkerheita høgt på lista, seier arrangørane og viser til at dei har stor hjelp i både Røde Kors og IF Klypetussen, til å få ein så bra konkurranse som mogleg for utøvarane. Det er viktig at dei kan lita på eit godt og gjennomført arrangement, der dei kan føla seg trygge når dei legg seg på hjul langs fjorden og skal springa over fjellet. UtstillarAR Trampett og tumbling Marknadssøndagen blir det turnoppvisning på stadion. Her får alle som har lyst til å vera med på «Lær på stedet» eit flott tilbod om å læra seg ein heilt ny dans som skal framførast to timar seinare. Ein kan også vera med og læra seg tumbling og trampett-kombinasjonar som på lik linje skal framførast for publikum. Etter oppvisninga kjem dei meir profesjonelle turnarane på banen for å visa publikum kva dei er gode for. Matmarknad med lokale spesialitetar frå heile Europa www.europeintown.no RUNES MAX FRITID ER DIN LOKALE LEVERANDØR AV UTENDØRS MASSASJEBAD. SPA FRA KR 39 990,- -11. ÅRET PÅ MARKNADEN * Spaene er produsert i Nord-Amerika og laget for vårt nordiske klima