55 57 23 34Sakshandsamar, innvalstelefon Britt Solheim, 55572334 Vår dato 14.11.2012 Dykkar dato Vår referanse 2012/14103 Dykkar referanse Gustav Eide Isdalstø Auto Knarvik AS Postboks 153 5903 Isdalstø Rapport frå inspeksjon 1. november 2012 Rapportnummer: 2012.082.I.FMHO Til stades ved inspeksjonen: Frå verksemda: Gustav Eide og Steinar Eide Frå Fylkesmannen i Hordaland: Nina Vadøy og Britt Solheim Frå BKK-Elsikkerhet: Oddvar Hopland Resultat frå inspeksjonen Denne rapporten omhandlar avvik og merknader frå inspeksjonen. Dersom vi ikkje får melding om faktiske feil i rapporten innan to veker etter at rapporten er motteken, er rapporten endeleg. Fylkesmannen i Hordaland fann tre avvik og har gitt ein merknad innan følgjande tema: handtering av farleg avfall internkontroll for ytre miljø kjemikaliehandtering Avvika og merknadene er nærare omtalt frå side 5 og utover i rapporten. Isdalstø Auto Knarvik AS må sende ei skriftleg stadfesting innan 1. mars 2013 på at avvika er retta. Oppfølginga etter inspeksjonen er nærare omtala på side to. Sissel Storebø e. f. senioringeniør Britt Solheim senioringeniør Rapporten er godkjent elektronisk og har derfor inga underskrift. Kopi til: Lindås kommune BKK Elsikkerhet AS v/oddvar Hopland Statens hus Kaigaten 9, 5020 Bergen Telefon: 55 57 20 00 Telefaks: 55 57 2851 Miljøvern- og klimaavdelinga Postboks 7310, 5020 Bergen Org.nr: 974760665 E-post: fmhopostmottak@fylkesmannen.no Internett: www.fylkesmannen.no/hordaland
1. Informasjon om verksemda Namn: Isdalstø Auto Knarvik AS Anleggsnr: 1263.0107.01 Besøksadresse: Kvassnesvegen 31 Postadresse: 5914 Isdalstø E-post:gustav@isdalstoauto.no Telefon: 56342380 Kommune: Lindås Organisasjonsnr.: 974191652 Bransjenr. (NACE-kode):45.200 Eigar (org.nr): 944407286 Kontrollklasse: 4 2. Bakgrunnen for inspeksjonen Inspeksjonen vart gjennomført for å kontrollere om gjeldande krav fastsett i eller i medhald av forureiningslova med forskrifter blir overhalde. Inspeksjonen vart gjennomført 1. november 2012 som ein del av ein nasjonal tilsynsaksjon i små verkstader og i bilpleiebransjen. Inspeksjonen inngår også i tilsynsetatane sin felles risikoaksjon i 2012. Følgjande hovudtema vart kontrollert: farleg avfall kjemikaliebruk og substitusjon utsleppskontroll risikovurdering og avvikshandtering 3. Oppfølging etter kontrollen Verksemda plikter snarast å rette opp avvika som er omtalt i denne rapporten. For at Fylkesmannen skal kunne avslutte saka, må de innan 1.mars 2013 sende ei skriftlig tilbakemelding med dokumentasjon som viser korleis avvik er retta, gjerne med bildedokumentasjon. Varsel om tvangsmulkt Dersom vi ikkje får tilbakemelding med dokumentasjon på at avvika er retta innan fristen, vil Fylkesmannen fatte vedtak om tvangsmulkt, jf. forureiningslova 73. Vedtaket om tvangsmulkt må betalast dersom Fylkesmannen ikkje har fått skriftleg stadfesting på at avvika er retta innan fristen. Ei eventuell tvangsmulkt vil vere på 50 000 kroner. Verksemda kan kommentere dette varslet. Eventuelle kommentarar må sendast til Fylkesmannen innan to veker etter at denne rapporten er motteken, jf. forvaltningslova 16. 2
4. Vedtak om kontrollgebyr Fylkesmannen varsla i e-post 25. oktober 2012 at Isdalstø Auto Knarvik AS vil få eit gebyr på 11 200 kroner for inspeksjonen, jf. forureiningsforskrifta 39-7. Auto Knarvik AS skal betale 4 400 kroner for inspeksjonen, jf. forureiningsforskrifta 39-7, sats 4. Faktura blir ettersendt frå Klima- og forureiningsdirektoratet. De har rett til å klage på valet av gebyrsats innan tre veker etter at de har fått denne rapporten. Klagen må innehalde den eller dei endringane de ønskjer. Den bør vere grunngjeven og skal sendast til Fylkesmannen. 5. Offentleggjering Denne rapporten vil vere tilgjengeleg for ålmenta via Fylkesmannen i Hordaland sin postjournal på www.fylkesmannen.no/hordaland, jf. offentleglova. 6. Dokumentunderlag Lov om kontroll med produkter og forbrukertjenester (produktkontrolloven) Lov om vern mot forurensninger og om avfall (forurensningsloven) Forskrift om systematisk helse, miljø- og sikkerhetsdatablad i virksomheter (internkontrollforskriften) Forskrift om gjenvinning og behandling av avfall (avfallsforskriften), kapittel 11 Informasjon om regelverket finner du på www.klif.no og www.regelhjelp.no. 7. Definisjonar Avvik: brot på krav fastsett i eller i medhald av helse-, miljø- og sikkerheitslovgjevinga (for eksempel brot på krav i forureiningslova, produktkontrollova og forskrifter heimla i desse lovene eller krav og vilkår fastsett i løyve eller dispensasjonar). Merknad: eit forhold som miljøvernmyndigheitene meiner det er nødvendig å påpeike for å ivareta ytre miljø og som ikkje er omfatta av definisjonen for avvik. Farleg avfall og kjemikal Farleg avfall inneheld helse- og miljøfarlege kjemikal som ikkje skal handterast saman med forbruksavfall fordi det kan medføre alvorlege forureiningar eller fare for skade på menneske eller dyr. Farleg avfall på avvegar kan føre til at miljøgifter blir spreidde og hopar seg opp i naturen. Spreiinga kan skje gjennom forureina sigevatn frå deponi eller gjennom utslepp av forureina avgassar, slagg eller oske frå forbrenningsanlegg. Om vi heller farleg avfall i kloakken, kan det gjere at kloakkreinseanlegga ikkje fungerer som dei skal, slik at meir forureining kjem ut i sjø og vassdrag. Farleg avfall Forskrift om gjenvinning og behandling av avfall (avfallsforskrifta) har i kapittel 11 reglar for farleg avfall. Her er det reglar for forsvarleg oppbevaring osv. av farleg avfall ( 11-5), krav om løyve 3
( 11-6 og 11-7), leveringsplikt ( 11-8), deklarering ( 11-12) og tilsyn ( 11-15). I tillegg er det regelverk knytt til bestemte typar farleg avfall. Dette gjeld m.a. for batteri, spillolje, oljehaldig avløpsvatn, PCB-haldig avfall som kondensatorar og isolerglassvindu og liknande. Deklarasjonsskjema som verksemda må fylle ut ved levering av farleg avfall, får du på dei fleste avfallsmottak eller ved å kontakta NORSAS, www.norsas.no eller på telefon 40618200. Kjemikal Informasjon om kva for kjemikal som er regulerte/forbode finst i Forskrift om begrensning i bruk av helse- og miljøfarlige kjemikalier og andre produkter (produktforskrifta). Reguleringar finst mellom anna på bromerte flammehemmarar, kortkjeda klorparafinar, kadmiumsambindingar, nonyl- og oktylfenol og deira etoksilat. Substitusjon av farlege kjemikal Substitusjonsplikten er eit verktøy i arbeidet med å redusere risiko frå helse- og miljøfarlege stoffer. Substitusjon betyr erstatning. Prinsipp om substitusjon inneber at den som nyttar farlege kjemikal skal vurdere om verksemda kan nå sitt mål like godt med eit mindre farleg kjemikal, utan bruk av kjemikalia eller med å ta i bruk ein annan metode. Alle verksemder som nyttar kjemikal frå 1. januar 2000, er pålagt å vurdere substitusjon av helse- og miljøfarlige kjemikal. Leverandørar har plikt til å gje opplysningar om produkta sine. Slik informasjon kan du blant anna finne i tryggleiksdatablad eller i tilsvarande dokumentasjon. 8. Informasjon gitt til verksemda Regelverk som det ble informert om: Vegvisar til regelverk for verksemder: www.regelhjelp.no Lov om kontroll med produkter og forbrukertjenester (produktkontrolloven) Forskrift om systematisk helse, miljø- og sikkerhet i virksomheter (internkontrollforskrifta) Forskrift om gjenvinning og behandling av avfall (avfallsforskrifta) Diverse infoskriv om avfall, farleg avfall, substitusjonsplikt og gebyr 4
9. Avvik Vi fann følgjande avvik under inspeksjonen: Avvik 1: Verksemda har mangelfull handtering av farleg avfall Avvik frå: Avfallsforskrifta, kapittel 11 Grunnlag for avviket: a) Verksemda overheld ikkje leveringsplikta for farleg avfall i avfallforskrifta/ kan ikkje dokumentere at dei overheld leveringsplikta, jf. 11-8 b) Verksemda leverer ikkje farleg avfall til innsamlar/godkjend mottakar, jf. 11-8 c) Verksemda tømmer og leverer ikkje olje frå oljeutskiljaren minst 1 gong i året, jf. 11-8 Kommentarar: Verksemda har levert farleg avfall jamt dei siste åra, men ikkje alt farleg avfall er levert til godkjent mottakar. Sprayboksar og absorbent forureina med olje vert levert som restavfall. Verksemda opplyste at dei har ein nedgravd spilloljetank med volum på 3000 liter. Denne vart tømt siste gong i 2008. Siste levering av bilbatteri til godkjent mottak var også i 2008. Verksemda har oljeutskiljar og denne var tømt i 2009. Ny tømming er bestilt. Farleg avfall skal leverast minst 1 gong i året. Leveringsplikta gjeld når det totalt oppstår over 1 kilo farleg avfall. Dette gjeld også for avfall frå oljeutskiljaren. Kopi av utfylt deklarasjonsskjema for levert farleg avfall skal lagrast i 5 år. Tilbakemelding til Fylkesmannen: o Kopi av gjenpart av deklarasjonsskjema for levert farleg avfall Avvik 2: Verksemda har mangelfull internkontroll for ytre miljø Avvik frå: Internkontrollforskrifta, 4 og 5, andre ledd, punkt 6, 7 og 8 Avfallsforskrifta 11 Grunnlag for avviket: a) Verksemda har ikkje kartlagt og vurdert risiko, jf. internkontrollforskrifta 5 andre ledd punkt 6 b) Verksemda har ikkje på bakgrunn av risikovurderinga utarbeidd tiltaks-/handlingsplanar jf. internkontrollforskrifta 5 andre ledd punkt 7 c) Verksemda har ikkje etablert eit system for handtering av avvik, jf. internkontrollforskrifta 5, andre ledd, punkt 6 og 7 5
d) Verksemda tømer ikkje oljeutskiljaren minst 1 gong i året, jf. avfallsforskrifta 11-8, jf. internkontrollforskrifta 5, andre ledd, punkt 6 e) Verksemda manglar skriftlege rutinar, jf. internkontrollforskrifta 5, andre ledd, punkt 7 og 8 for: handtering av farleg avfall avvikshandtering drift og vedlikehald av oljeutskiljar gjennomgang av internkontrollen Kommentarar: Den som er ansvarleg for verksemda skal sørgje for at internkontroll vert innført og at denne vert utøvd i verksemda. Dette skal gjennomførast i samarbeid med arbeidstakarane og deira representantar, jf. internkontrollforskrifta 4. Verksemda har ikkje utarbeidd ein skriftleg risikovurdering for ytre miljø. Internkontrollen skal tilpassast verksemda sine aktivitetar og risikotilhøve. Lagring av farleg avfall, handtering av kjemikal og farleg avfall og risiko for forureining av vassdrag eller grunn, er viktige faktorar som må vere med i risikovurderinga. I ein risikovurdering er det viktig å få med: tidlegare hendingar mogelege/sannsynlege hendingar hendingar som mest sannsynleg ikkje vil skje, men kor konsekvensen er stor om det skjer Skriftlig tilbakemelding til Fylkesmannen: o kartlegging og vurdering av risiko for ytre miljø o tiltaks-/handlingsplanar utarbeida på bakgrunn av risikovurderinga o skriftleg system for avvikshandtering for ytre miljø o skriftlege rutinar for handtering av farleg avfall o skriftleg rutine for avvikshandtering o skriftleg rutine for korleis internkontrollen skal holdast oppdatert 6
Avvik 3: Verksemda har manglar ved kjemikaliehandteringa Avvik frå: Produktkontrollova 3a Substitusjonsplikt Internkontrollforskrifta 5, andre ledd punkt 7 Grunnlaget for avviket: a) Verksemda manglar skriftlig dokumentasjon på at det er gjort ei systematisk vurdering av substitusjon av kjemikal. Kommentarar: Verksemda har sikkerhetsdatablad for sine kjemikal. Databladene er fra 2004 og 2005 og må oppdaterast. I 2008 trådte kjemikalieregelverket REACH i kraft og sikkerhetsdatabladene må derfor være oppdatert etter dette. Verksemda manglar liste over alle kjemikal/produkt som vert brukt. Sikkerhetsdatablad er ei viktig kjelde til informasjon om dei farlege eigenskapane til kjemikal og produkt som verksemda bruker. Desse bør vere aktivt i bruk i arbeidet med substitusjon. Verksemda har vurdert substitusjon ved at dei har erstatta produktet Autorens med eit mindre miljøfarleg produkt. Dette var ikkje skriftleg dokumentert. Alle som bruker kjemikal med miljørisiko skal vurdere om det finst alternative stoff med mindre risiko, og velje slike alternativ, dersom det kan gjerast utan urimeleg ulempe eller kostnad. Datablad inneheld opplysningar som vil vere til hjelp for å kartlegge verksemda sine kjemikal. Substitusjon trinn for trinn: 1. skaff informasjon om eksisterande produkt 2. gjer ei prioritering 3. finn ut om det fins alternativ 4. kva er risiko ved alternativa? 5. jamfør risiko 6. substituere? 7. substitusjon er ein kontinuerleg prosess Skriftleg tilbakemelding til Fylkesmannen: o liste over alle kjemikala og produkt som er i bruk på verkstaden o melding om gjennomført oppdatering av sikkerhetsdatablada for alle produkt som er i bruk o dokumentasjon på at ei systematisk vurdering av substitusjon av kjemikal er gjennomført 7
10. Merknader Merknad 1: Lagring av farleg avfall utandørs kan betrast Kommentarar: Ved tilsynet var bilbatteri lagra utandørs i eigna konteinar for denne typen batteri. Batteria hadde dessutan stått lagra sidan 2008. Sjølv om konteinaren er godkjent for lagring, var han plassert utanom tett dekke og på underlag av gras. Det vart opplyst at sand frå sandfang vert lagra i eige deponi utandørs. Sand frå sandfang er ofte farleg avfall. Verksemda må undersøke om sandfangssanden er farleg avfall eller ikkje. Lagring av farleg avfall må skje i tråd med regelverket. Det vil sei at lagring skal skje utan at avfallet er tilgjengeleg for uvedkomande og ikkje kan føre til forureining av verken menneskje, dyr, luft eller grunn. 11. Andre forhold Verksemda opplyste at biler vert vaska i eigen hall og at vatnet går via sandfang til oljeutskiljaren. Det er lite olje i oljeutskiljaren av di rominnhaldet er på 3000 liter. Berre vassbaserte vaskemiddel er brukt i det vatnet som går til oljeutskiljaren. 12. Bilde 8