Bygdebrev #7 TIL ALLE HUSSTANDANE I VINJE SKULEKRINS DESEMBER 2012. Foto: Anne Vesaas



Like dokumenter
Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

I fjor hadde me STORMØTI den 10.februar, så me er litt tidlegare ute i år og no heiter det Årsfest med Årsmøti.

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

«Ny Giv» med gjetarhund

Månadsbrev for Rosa september 2014

MØTEBOK. Desse møtte: Dorthe Huitfeldt, Halvor Fehn, Jarle Nordjordet, Tor Aage Dale, Marit Jordtveit

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Bygdebrev #6 TIL ALLE HUSSTANDANE I VINJE SKULEKRINS JULI 2012

MEDLEMSINFO. august 2009

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Til deg som bur i fosterheim år

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Rogaland Mållag. Gode målfolk, Bryne, 5. oktober 2009

Lyngmo-Glytten 23. årgang - Januar 2014 Medlemsblad GLYTTEN

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Kjære KUL-konfirmant (og føresette)!

Lyngmo-Glytten 22. årgang August 2013 Medlemsblad. Lyngmo-Glytten22. årgang GLYTTEN SOMMAR PÅ LYNGMO, OG SNART ER DET TID FOR HAUSTLEIR!!

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Kva er økologisk matproduksjon?

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

mmm...med SMAK på timeplanen

Jon Fosse. For seint. Libretto

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Kom skal vi klippe sauen

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

6. trinn. Veke 24 Navn:

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Hei alle sjøstjerneforeldre


Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Informasjonshefte Tuv barnehage

Evaluering av offentleglova bakgrunn, ramme, tematikk, prosess, erfaringar og status. Vegen vidare?

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

Bygdeblad. Bygdesentralen/Frivillighetssentralen. Tlf mob

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

LIV I VINJE EIT GRASROTPROSJEKT

SFSK-INFO. Ordet fritt - ved fylkesleiar Gunn Sande SENTERKVINNENE I SOGN OG FJORDANE. Senterkvinnene. gjer fylket til ein endå betre plass å vere!

Jæren Distriktspsykiatriske Senter Korleis kan ein unngå å bli utmatta? om å ta vare på seg sjølv

Stemnehandboka for NKSF

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

Brødsbrytelsen - Nattverden

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke


Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Referat frå Soknerådsmøte 17.oktober 2013

Informasjon til elevane

/

Plassebakken Barnehage

Brukarrettleiing E-post lesar

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, hausten 2015

ÅRSMELDING FOR VALLE UNGDOMSKLUBB

Månadsplan for Hare November

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag

Tema: Vegen, sanninga og livet. Han som veit alt om meg og som er glad i meg - han vil eg fylgje! GLYTTEN

OK, seier Hilde og låser.

Velkomen. til kulturbygda. Lærdal

Månedsbrev april 2015

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

august 2013 NESETDAGANE.

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

5. Soknerådsmøte mai Referat

M/S NYBAKK SI HISTORIE

Bygdelagsdag 3. juni og friluftsteater i sikte

MØTEBOK. Desse møtte: Halvor Fehn, Jarle Nordjordet, Tor Aage Dale, Marit Jordtveit

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet Kommunestyret. Forvalting av særavtalekraft og konsesjonskraft

Transkript:

Bygdebrev #7 TIL ALLE HUSSTANDANE I VINJE SKULEKRINS DESEMBER 2012 Foto: Anne Vesaas

Hei alle saman! Prosjektet Liv i Vinje, som starta for alvor i januar 2010, er no inne i sin siste månad. F.o.m. januar 2013 må me vandre vidare på litt nye måtar, men med mykje ny kunnskap og inspirasjon frå dei 3 åra med prosjekt som ligg bak oss. Tidleg neste år, truleg i slutten av januar, vil me kalle inn til eit nytt stormøte på Vinjar for å diskutere vidareføring av prosjektet og organiseringa framover. Me set inn lysing i VTB, så følg med! Den 19. september hadde me også eit folkemøte om erfaringane så langt, der folk m.a. kunne koma med tilbakemeldingar på kva dei ynskte seg framover. Det kan du lesa meir om seinare i dette bygdebrevet. Fyrst litt innsendt materiale frå forskjellige lag i bygdi: Red.: Silje Hegg / Layout: Anne Vesaas Frå Vinjeutstillinga 2012 med gruppa Oker frå Grenland. Vinje Handverkslag ei oppsummering av hausten Vinjeutstillinga 2012 er forlengst avslutta, ca 1300 besøkjande og eit overskot på ca kr 20.000 i år òg. Mykje godord, hyggeleg det! Marknadsdagen på Haugsæl 25. august var svært vellukka, mykje folk og god stemning med seljarar frå Haukeli, Rauland og Vinje, ja det dukka jamvel opp to gatemusikantar! Stein Olav frå VTB kom og laga ein fin reportasje. Dette arrangementet kan bli kvart år. Elles har det vore to temakveldar i haust; ein kveld hjå Hallbjørg Strøm i Edland (når det var vegarbeid ved Haugsæl) og ein kveld med Ottar Kåsa på Haugsæl. To flotte og lærerike kveldar! Handverkskveldane for ungar er avvikla; 12 ungar snekra, sauma og teikna. Ja ei dreiv jamvel med brikkevev! Flinke ungar og instruktørar! Åse Bratland har starta opp kurset i å brodere bunad, og 9 glade damer broderer og broderer. Kurset med Harald Kolstad blir ikkje før på nyåret. Om folk har ynskje/idear om andre kurs, så sei ifrå til styret. Joleverkstaden med småskulen frå Vinje oppvekstsenter var fredag 30. november. Stor aktivitet og det

ATV og traktor. Det vart kjempebra! Inne stod det ein super kjøkengjeng som laga vaflar, slik at me fekk ei pause med gode røur og fjas. Til slutt kom den etterlengta knotten, og alle vende me heim med eit smil om munnen : ) Jonsokfeiring Jonsokfeiringa ved Uen vart i år avlyst grunna det fæle regnveret. Bålet derimot fekk me tent på Olsok, og denne kvelden møtte det nokre sjeler som kunne sita tilbakelent i graset og kjenne varmen slå imot. Det var mange som fekk rydda opp i heimen, for bålet var stort og flott. Ottar fekk fint kort teikna av Hallbjørg Strøm. blei mange fine ting i fine pakker! Jolesalg to laurdagar no før jol, mange i laget er aktive handverkarar og lagar så mykje fint! Ein del ting har blitt til på joleverkstadene for medlemmane. Det er ope på Haugsæl fyrste laurdag i månaden. I tillegg til kaffe, vaflar og handverksutsal prøvar vi med eit ekstra tilbod; Ingrid Allum Svalastog var der med sølv 3. november og Birgit Vinjerui kom for å syne karding og spinning 1. Desember. Våren 2013 Neste år held fram med tre temakveldar, kurs for ungar, og kanskje blir det eit par kurs i tillegg til bunadsbroderingskurset som held fram. Inger Buraas kjem til Haugsæl fyrste laurdagen i februar. Fylg med på lysingar! Nytt får du på heimesida vår: www.vinjehandverkslag. no og på facebook! Vinje Grendelag Sommardugnad 27. juni var det dugnad på Breihjot. Over 20 stk med stort og smått frå 3 år til 80+ møtte opp i det strålande sommarvêret. Det var ein glad dugnadsgjeng som sto på og gjorde det fint rundt grendehuset. Me slo med slåmaskin, grasklyppar, rydda vekk graset, klypte greiner og små rissler med både lauvhøgg og ryddesag, og jammen fekk me rydda gamleveg heilt ned til Statkraft òg. Til den jobben hadde me med motorsager, Festivalherberge Etter førespurnad frå Bøgrend Autofest leigde Vinje Grendelag ut Breihjot til overnatting for 12 kjempeflotte Autofestdeltakarar. Det vart ei minnerik oppleving for alle - det har dei iallefall sagt etterpå. Styret i grendelaget gjorde Breihjot reint og fint både utanfor og inni, tenkte på branntryggleiken, og kaupte inn naudsynt hushaldningsmateriell. Det kom folk frå land og strand, både frå aust og vest. Me er takksame for den positive erfaringa, og dette gav meirsmak. Litt inntekter gav det òg. Jolebasar Sundag 9. desember sto den årvisse jolebasaren for tur. Det møtte mange trivelege bygdefolk, og kvelden vart som før om åra vellukka. Blir grønsakdyrking snart like populært som. fotball? Liv i Vinje v/vinje jordfræsarlag inviterar deg til å dyrke jordeple, grønsaker og urter m.m. Fleire synte interesse for dette på eit møte på Vinjar i vår. Då var konsulent Knut Volland frå Forsøksringen der, og han svara på mange spørsmål og snakka om mangt som kan dyrkast her i krinsen. Som mange veit frå før, særleg dei eldre, så kan me dyrke mange slag jordeple og rotgrønsaker her, så som gulrot, nepe, kålrot, lauk, kvitlauk, pastinak, jordskokk og raudbitar m.m. Av grønsaker som veks over jorda kan me dyrke broccoli, grønkål, blomkål og fleire slag salat m.m. Også mange slag urter veks godt her, så som oregano, timian og mynte for å nemne nokre. Jordbær, solbær, rips, bringebær og stikkelsbær har vore dyrka her i lange tider, og kanskje fleire vil i gang med det? Å drive jorda som andelsbruk har blitt meir vanleg fleire stader i landet. Ein av godene med det er at

grovarbeidet kan gjerast saman med fleire. Slik kan òg kunnskapen delast t.d. om kva jordtyper som passar til dei forskjellige plantene, fôrkulturar, forskjellen på tradisjonell og økologisk produksjon, næringsverdi og ymist anna. Det er òg ei glede å gjera noko meiningsfylt saman og hauste grøda i lag. Ei særskilt glede er det å nære andre og seg sjølv med mat ein har vore med å drive fram. Tenk om me kunne bli sjølvforsynte med grønsaker. Og endå betre, få litt til overs så me kunne ha noko å selje på ein marknadsdag på Vinje Gardsmat. Me ynskjer at området for dyrking skal ligge i Vinje skulekrins, men kven som helst elles kan vera med å dyrke. Det er arbeid på gang, i høve til grunneigarane her i krinsen, for å skaffe høveleg areal til dyrking. Dette innlegget er ein invitasjon til deg og dine om å vera med å dyrke i lag. Me vil gjerne vita kven som er interesserte i dette, og derfor må du vera så snill å taka kontakt med oss. Du binder deg ikkje på nokon måte om du gjer det. Me vil helst høyre frå deg alt no og i alle fall før nyttår. Om me skal leggje meir arbeid i dette, treng me å vita om fleire er interesserte, noko me trur og vonar at de er. Når våren kjem, vonar me så mykje er på plass at dyrkinga kan koma i gang. Derfor må vintermånadane nyttast til førebuingar. Kontakt Marit Sande på tlf 95 27 35 44, eller Olav Rui på tlf 95 05 03 57. Nytt av året var mellom anna eit samarbeid med Vest- Telemark Blad om ei utstilling med artiklar frå og om bygda. Her var det mange artige augneblink og gullkorn å sjå! I år hadde også Vinje Grendelag sett i stand Breihjot for overnatting for festivalgjestene, noko som vart svært godt motteke! Som tidlegare år selde Vinje Gardsmat god drikke og småmat, Bodil Nordjore & Øystein Løvlie laga strålande mat med varer frå Vinje Slakteri, og Kaffemannen ordna rykande fersk kaffe. Me er svært nøgde med årets festival. Musikken, maten, drikka og ikkje minst stemninga var svært god! Økonomisk gjekk me til slutt i eit overskot på omlag 40 000 kroner. Dette gjeng til eventuell vidare drift av festivalen. Til slutt ynskjer me å rette ein stor TAKK til alle som var med å hjelpe til for å få festivalen på beina, gode naboar som har lånt oss utstyr, lokale, jorde og ikkje minst takk til artistar som har stilt opp for oss! Utan innsatsen og velvilja frå alle dykk ville det ikkje blitt nokon festival, og i alle fall ikkje så bra som årets Autofest vart til slutt! Årets Vesttele! Laurdag 8. desember kunne me lesa i VTB at Bøgrend Autofest er nominert til Årets Vesttele! Hurra og til lukke og stem i veg! Ein kan stemme ein gong per døgn fram til 20. desember! Blåmann Blåmann. Bøgrend Autofest Den tredje utgåva av Bøgrend Autofest gjekk av stabelen i august, og i år var det til saman 1500 besøkande innanfor portane desse tre dagane. På scena stod artistar som Susanne Sundfør, Katzenjammer, og ikkje minst Blåmann Blåmann som spelte saman for fyrste gong på mange år! Heile festivalen vart avslutta med Odd Nordstoga med fullt band laurdag kveld. Hallen var stappfull av glade folk som song med for full hals på vers og refreng frå start til slutt. Ein konsert me seint vil gløyme! VTB si utstilling.

Vinje Slakteri fekk den fyrste Paafonnprisen. Supermiddag Måndag 3. desember var NRK Super på vitjing på måndagsmiddagen! Dei fokuserte særleg på at dette er ein spesiell møtestad for folk i alle aldrar. Reportasjen gjekk på lufta torsdag 6. desember og for dei som ikkje fekk det med seg er det mogleg å sjå det på nett-tv. Jolemiddag 10. desember Bodil sa igjen ja til å forsterke kokkegjengen og lage jolemiddag til oss siste måndagsmiddagen før jol, den 10. desember. Kari Vinjerui song og spelte gitar og Elin Fetveit las eit fint stykke av Prøysen for oss. Deilig mat, fine jolesongar og god stemning! Tusen takk til Kari og Elin, Bodil og resten av kokkane! Paafonnprisen 2012 Historias fyrste Paafonnpris vart dela ut på årsmøtet til Liv i Vinje i fjor, og den gjekk til Aslaug og Knut Erik på Vinje Slakteri. På det komande stormøtet i 2013 vil me dela ut Paafonnprisen for 2012. Kriteriar: 1. Nyskaping. 2. Bu innanfor Vinje skulekrins 3. Gjeva positiv omtale for området. 4. Kan auke trivnaden og aktiviteten i området. 5. Kan gjevast til både lag og organisasjonar. Tips oss om kandidatar! Framlegg til Paafonnpris-kandidat med grunngjeving må vera Anders Sandvik i hende - anten skriftleg eller muntleg - innan 13. januar 2013. Kontakt Anders: anderssandvik@yahoo.no, tlf: 954 07 593 LIV I VINJE: Kvar var me - kvar er me - kvar går me Dette var tittelen på folkemøtet på Vinjar 19. september. 48 personar møtte. På Vinjar denne kvelden kunne ein m.a. bla i pressklypp frå heile prosjektperioden (Eli Vesaas har på oppdrag samla presseklypp i 3 år. Mange takk til Eli for innsatsen!), over 200 ljosbilete frå aktivitetar i krinsen dei siste 3 åra, og ein kunne studere utstillinga som Bøgrend Autofest laga i samarbeid med VTB til festivalen i sommar. Utstillinga inneheld avisutklypp frå Vinje skulekrins m.m. dei siste tiåra. Her var mange kjende fjes med sveisar me forlengst hadde gløymt at dei hadde hatt. Arne Vinje, rektor Knut Krossbakken og prosjektleiar Ole Dalen sa nokre ord, Irmelin Trøite las eit fint dikt, og Anne T. Romtveit las ei prosjektforteljing ho hadde skrive. Prosjektforteljinga til Anne kan de laste ned i sin heilskap frå heimesida vår. Olav Eriksen heldt så ein kvissleik (quiz) som var laga av styret i Liv i Vinje, med spørsmål frå Vinje skulekrins. Dei heldige vinnarane fekk ein gratis måndagsmiddag! Spesielt invitert denne kvelden var Märit Thorkild-

Blått landskap. Foto: Knut Krossbakken. son frå Verksemda Vertskapet (www.vertskapet.no). Ho snakka om verdien av å vera gode vertar og vertinner for t.d ei bygd, og om korleis det ofte er dei små tinga som har stor tyding for folk i kvardagen, eit smil, eit vink, ein hyggeleg kommentar. Det skal eigentleg ikkje så mykje til for å få folk til å føle seg velkomne. Märit leidde oss gjennom ein runde med gruppearbeid, der alle gruppene skulle koma opp med 3 lærdommar frå prosjektet Liv i Vinje, og 3 framlegg til vegen vidare etter prosjektperioden. Av lærdommar nemnde folk m.a. at blesten som Vinjesongen og Autofesten har gjeve bygdi er ein viktig verdi, og syner at det går an. Og at måndagsmiddag, påfonndag og bygdebrev fører til sterkare felleskap. Av ting ein såg for seg i framhaldet nemnde folk blant anna at dei håpa folk ville halde fram med å jobbe dugnad på måndagsmiddagen, og at bygdebrevet og heimesida vart vidareført. Referatet frå dette møtet, med mange fleire detaljar, kan de laste ned på heimesida: Trykk på Liv i Vinje i venstremenyen, og så vidare på Referat frå møter. Der kan de lesa referat frå alle møta i prosjektperioden. No ser me atter slike fjell og daler Etter innspel frå bygdefolk har styret i Liv i Vinje lenge prøva å få til hogging av skog langs E134, nedanfor Haugeminnesvingen, for å opne utsikten mot Vinje kyrkje og prestegarden. I haust har Vegvesenet rydda og stelt mykje langs E134 frå Åmot og oppover. Dag Rune Kvålen har vore leiar for dette arbeidet, og Anne T. Romtveit tok kontakt med han tidlegare i haust og spurde om Vegvesenet kunne ta denne hogsten medan dei likevel var i området. For litt sidan kom gladmeldinga frå Dag Rune at Vegvesenet tek på seg jobben. Gjetordet seier no at arbeidet alt er i gang og antakeleg fint og ferdig når de les dette. Bygdebrev Dette er det siste bygdebrevet i prosjektperioden. Det aller fyrste bygdebrevet kom i stand før den formelle prosjektperioden, i 2009. Brevet var skrive av interimstyret og designa av Kari Nestestog. Bygdebrev nr 2-7 er det prosjektarbeidar Silje som har hatt redaktøransvar

for, og etterkvart har fleire og fleire byrja å sende inn tekstar på vegne av sine lag og foreiningar m.m. Det er for det meste Anne Vesaas som med den fine snirklerosa til Kari har laga layout n på desse bygdebreva. Sidan bygdebrevet var noko av det folk ynskte skulle halde fram også etter prosjektperioden håpar me nokon vil ta på seg redaktøransvaret også etter nyttår. Folk som kan tenkje seg å jobbe med bygdebrevet kan kontakte Anders eller Anne i styret, eller koma på stormøtet i januar. Me takkar Anne Vesaas så mykje for innsatsen med layout og Hanna Jordstøyl som har teke på seg jobben med å køyre ut bygdebrevet til alle postkassene! og eg (Silje) takkar for meg (det har vore eit triveleg arbeid!) og ynskjer eventuelle arvtakarar lukke til vidare med arbeidet! Kontakt styret: Anders: anderssandvik@yahoo.no, tlf: 954 07 593 Anne: a-romt@online.no, tlf: 906 16 209 med få innbyggarar. Dette gjev von for framtida i Vinje. Takk for godt samarbeid! Venleg helsing Elisabeth, Silje, Eivind og Ole. Og til slutt KLAPP på skuldra til alle som sit i og har vore innom styret i Liv i Vinje. Alle prosjekt er avhengige av folk som er villige til å ta ansvar. Takk alle saman! Liv i Vinje presenterer Heim te Vinje Aasne Vinjerui vokal Lars Ole Hagen vokal Ungar ved Vinje Oppvekstsenter - kor Nils Ole Lien - gitar Knut Tore Bratland mandolin Odd Nordstoga gitar Erland Dalen trommer og perkusjon Thomas Tofte bass John Vinge piano Gooood jol og rektig godt og spennande nytt år i 2013! www.livivinje.no Vinjesongen Heim te Vinje CD-singelen Heim te Vinje er ute i sitt 3. opplag (det er m.a.o. trykt 1500 stk!) og Hanna Jordstøyl har vore så grei å ta på seg administrasjonen og distribusjonen av dette opplaget. Takk til Hanna! Kanskje ligg songen under nokre joletre i år også? Helsing frå prosjektarbeiderane i Vest-Telemark Næringsutvikling Me trur at prosjektet Liv i Vinje har sådd mange gode frø, som kan spire i åra framover. Spenstige tiltak som t.d. Måndagsmiddagen, Vinjesongen og Bøgrend Autofest har vist at alt er mogleg, sjølv på små stader

Joletrefest på Vinjar Det blir tradisjonell joletrefest med gang rundt joletreet 3. dag jol på Vinjar. Me startar kl 17.00 og er ferdige kl 19.00. Aasmund Nordstoga er festleiar og ungane våre underheld. Dersom alle tek med litt småkaker kan me fordele dei rundt på borda. Vaksne kr 50,- Born gratis Alle er hjarteleg velkomne!