TRADISJONAR I ADVENTSTIDA OG JULA. Av Åse Eikemo Strømme



Like dokumenter
Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

mmm...med SMAK på timeplanen

Rukia Nantale Benjamin Mitchley Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 5

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Brødsbrytelsen - Nattverden

Månadsbrev for Rosa september 2014

«Ny Giv» med gjetarhund

Nr. 37. Høgtidsmat ved dei gamle årsfestane

Kom skal vi klippe sauen

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Setring ved Håbakkselet Hareid

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette?

Til... Frå... God Jul, Kald Kaffi Sauen!

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Mos.25:23-30, 3.Mos. 24:5-9 Av akasietre. Kledd med gull. Berestenger Fat, skåler, kanner og beger av gull.

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Jon Fosse. For seint. Libretto


Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Bunadar og stakkar 7å Hallingdal

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

Månedsbrev april 2015

Norsk etnologisk gransking Bygdøy, august 1963 HEIMANFYLGJE OG BRYLLAUPSGÅVER

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Ursula Nafula Catherine Groenewald Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 4

Me har halde fram med gruppedelinga (relasjonsgruppene) og ser at dette har hatt positiv innverknad på dagane til barna.

Lyngmo-Glytten 23. årgang - Januar 2014 Medlemsblad GLYTTEN

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

Mini-skodespel om Lars Skrefsrud ( ) SCENE II: I Tjuvhøla. SCENE lll: Dina og Anna.

Brukarrettleiing. epolitiker

Ute mat Korleis laga god mat UTE

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn

Informasjon til elevane

TURKESTOVA. 5. Dersom fleire hadde turkestove saman, var det då faste reglar for bruken, eller retta dei seg etter kvarandre som best dei kunne?

Tormod Haugland MØRK MATERIE

Plassebakken Barnehage

Far min sa ein gong at ein må velje sine kampar

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Rapport Mandatory Assigment 06 Photo Essay. Malin Ersland Bjørgen

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking


Til deg som bur i fosterheim år

FANTASTISK FORTELJING

M/S NYBAKK SI HISTORIE

/

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

Tale, Ivar Aasen-stemnet

Minnebok. Minnebok NYNORSK

6. trinn. Veke 24 Navn:

Lærarrettleiing 1. Kornartane

Februar 2015 Januar, månaden som gjekk Månaden som kjem

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Hei alle sjøstjerneforeldre

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Plassebakken Barnehage BA

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Evaluering av offentleglova bakgrunn, ramme, tematikk, prosess, erfaringar og status. Vegen vidare?

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk

Transkript:

TRADISJONAR I ADVENTSTIDA OG JULA Av Åse Eikemo Strømme Alle dagane våre har retningslinjer for skikk og bruk, folkeskikk, mellom menneska. Slik er det også med tradisjonar på det materielle planet for arbeid me i ymse høve skal ha gjort. Det er skapt arbeidsmetodar og skikkar gjennom generasjonane som har levt før oss. Det beste av dette er me med og fører vidare. No i adventstida fram mot jul, og i sjølve jula, tek me med oss tradisjonar frå våre barndomsheimar og skapar våre eigne ut frå påverknad frå blad og fjernsyn. I neste omgang vert dette truleg ført vidare av våre etterkomarar. Når eg no vil skriva om juletradisjonar frå barndomen min i Eksingedalen, lyt eg ha i tankane om det er så stor skilnad i bygdelaga våre om måten me steller i stand til jul? Her i våre bygder har stort sett dei same tradisjonane helde seg. I Eksingedalen og Modalen og Stamnesbygda har 98

dei mykje godt vore dei same. Her har vore mykje giftarmål inn og utover i fjorden og over fjellet mellom desse to dalane, og dei nye konene tok nok med seg sine tradisjonar inn i sine nye heimar. Tradisjonane har nok også endra seg her, alt etter om her flytta til folk frå andre landsdelar. Like eins har tradisjonane endra seg i takt med den teknologiske utviklinga. MAT Eg vil starta med maten. Ein må ha i tankane at frysboksen vart ikkje teken i bruk før på 1950/60 talet. Her var det ikkje griseslakting like inn under jul, slik som på Austlandet. Der skulle det vera svineribbe og medisterpølser og kaker til jul, og då måtte det vera ferskt kjøt. Her på Vestlandet greidde me oss med turrfisken, som vart til lutefisk, og røykt sidekjøt av sau. Dette er i nyare tid vorte kalla for pinnekjøt, då dei fann ut at det kunne dampast over bjørkepinnar. Det vert fortalt at bestemor mi på Høvik steikte dette sidekjøtet til middag julafta i ei flatbotna gryte, og dei kalla det for steik. Griseslaktinga skjedde tidlegare om hausten, og sylteflesket som vart laga av hovudet, vart lagt i kokt saltlake, som måtte bytast fleire gonger fram mot jul. Elles vart nok kjøtet lagt i saltlake for seinare å verta til røykjekjøt/flesk. Kotelettane og anna godt til sosekjøt vart hermetisert på store såkalla Norgesglas. Dette vart så brukt til mat i romjula. Baking av flatbrød, krotalefser og kling vart gjort tidlegare om hausten. Klingen skulle knekast med ystemjølk, så det måtte skje i den tida då kyrene kalva. Like under jul vart julekakene steikte. Det var hjortebakelse, krumkaker, sandkaker, jødekaker, berlinerkransar, peparkaker m.fl. Goro kom til seinare, då den skikken kom frå Austlandet, og gorojernet vart å få kjøpt. Det var ikkje tradisjon for å laga fattigmenn. Julafta vart det ete middag i vanleg middagstid kring kl. 12. Då brukte mange pinnekjøtet, som vart ete rundet kjøkkenbordet, som var vanleg til kvardags. Seinare om kvelden vart det stelt i stand middag i stova med ljos og julepynt på bordet, og der lutefisken var hovudretten. Lukta av lutefisk gjev meg i dag minne om spenning kring det som skulle koma etter middagen opning av julegåvene. 99

VASKING Det var om våren at dei trekvite stovene vart grønsåpeskurte. Til jul vart det teke ein meir overfladisk vask. Men reint skulle det vera i alle krær. Dei fortel før mi tid at golva vart kvitskura, og dei hakka sprake og strødde utover. Det vart nok ei skikkeleg god lukt i stova av det. Panner og pannelok skulle pussast skinande blanke med stålull. Sølv, koppar og messing, av det vesle som var, skulle pussast. Alt skulle skina. Så var tradisjonen med byting av halm i sengene. Det skjedde eit par dagar før jul, samstundes som lemmane eller soveromma vart vaska til jul. Det var mykje arbeid å bera ut dei velbrukte halm-madrassene og fyll dei med ny halm borte på låven eller i løa. På dei nye halmbolet låg ein temmeleg høgt første natta, men så la ein seg til og seig etter kvart ned att der ein høyrde heime. Ein skal tenkja på at det var ikkje så enkelt å skaffa seg skikkelege stoppa madrasser frå byen, og på dei fleste gardar var det kornåkrar, serleg med havre, og halmen av havre vart til varme og gode senge-bol. Karane saga ved. Det skulle vera nok av den i jula. KLEDE Nye klede skulle lagast til jul. Mitt eige minne om det er at om hausten kjøpte mor tøy til nye kjolar til oss jentene, og buksetøy til karane. Ho sat flittig med symaskina om ettermiddagane og etter florstid om kveldane. Det var alltid så kjekt å vera med å hjelpa ho med syarbeidet. I det minste lærde hos oss å kasta over alle saumar for hånd. Julegåver skulle lagast. I november starta me med det. Då kom det fram lerret, kanskje av nyvaska sukkersekker, eller kjøpt på andre måtar. Det skulle verta til nye putevar med broderi på. Det var å finna fram øskja med mønsterarka og blåpapiret, og så vart det påteikna roser og rankar, som skulle broderast i fine fargar. Det var så kjekt å velja ut farger på blomar og blad. Ho mor lærde oss jentene å brodera stilkesting og plattsaum. Me 100

fekk tidleg sleppa til med slikt arbeid. I tankane kjem eg ofte tilbake til desse gode ettermiddagane og kveldane då me i førejulstida sat med eit broderi eller eit lite heklearbeid som kunne verta til ein presang til bestemor eller ei tante. Elles fann mor også på at me skulle laga noko nytt til huset til jul. Det kunne vera ein liten duk til å ha på ein krakk eller skap med eit julemotiv på. Juletrepynten skulle også fornyast. Av glanspapir laga me korger og lenkjer, og av krepp-papir vart det laga pynt til dei brune blomsterpottene av leire. Me fekk alltid nye kjolar til jul, og så var det gåva frå bestemor på Høvik. Det var alltid gråe leistar av heimespunne garn og med fine renner i bråtet. Dei var raude, grøne, brune eller blå, og det var alltid spanande å sjå korleis ho hadde sett saman fargane i rennene. BLAD Heime abonnerte me i alle år på Norsk Barneblad, og til jul kom heftet Juletre. Når det kom i posten var me alltid einige med mor at dette skulle ho gøyma til julafta. Når dei vaksne var i floren fekk me ungane dette til lesestoff for å drøya tida til middagen og julegåveopninga. Der var også andre julehefte, som kunne variera frå år til år. Det kunne vera Norsk Jul, Jul i bygda, Bondens jul, Julehygge m.m. og teikneseriar av Vangsgutane, Tuss og troll, Knoll og Tott, og Stomperud. Juledag var me inne og las frå desse hefta, eller spelte Monopol, Ludo eller Gnav. Bestemor heime, som var oppvaksen på Myster, fortalde oss om gamle juleskikkar. Ein av dei var å ri husfuten. Det var 2. dags jul at dei unge karane gjekk frå gard til gard og på besøk til dei unge jentene. Jentene måtte ha ei flaske brennevin i senga til jul, og når ungkarane kom, skulle dei få seg ein dram før dei for vidare. Ein annan skikk var dagen etter 13. dag jul, som vart kalla for Eldberkvelden. Det var ein litt annan leik. Då skulle dei drikka øl av ei skei utan skaft, og kasta skeia bakom seg. Om ho holvde skulle dei ikkje leva ut neste år, og om ho sto skulle dei få leva vidare. Det var ein form for spådom. Elles snakka ho også om badnadagen i jula, som er 4.dag jul. 101

Ein dag i romjula var alle på garden i besøk i stova hjå bestemor. Då vart det servert rjomegraut, julebrødskiver, kling og lutefiske. Fisken var det viktigaste. Det var berre flatbrød og godt smør til den. Føre maten las alltid bestemor utanboks den gamle bordbøna, som byrja slik: I Jesu navn går vi til bords, og spise, drikke på ditt ord. Det Gud til ære oss til gavn, så få vi mat i Jesu navn. Sidane hadde ho ei lang bøn, som høyrde jula til, etter det eg hugsar. Til slutt las ho velsignelsen for oss, og så kunne måltidet ta til. Det er gode minne frå ein trygg og god barndom. 102