FORMakademisk. Anders Nedland Røneid 040467 11HMBMDA

Like dokumenter
Lotteri- og stiftingstilsynet

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Til deg som bur i fosterheim år

EasyPublish Kravspesifikasjon. Versjon 1.0

Rådgjevarkonferanse 2009

Brukarrettleiing. epolitiker

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Brukarrettleiing E-post lesar

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Rådgjevarkonferanse 2010

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Søking til skuleåret

Vegvisar til vilbli.no for rådgivarar

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

IKT-kompetanse for øvingsskular

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT


Teknikk og konsentrasjon viktigast

Bruk av reiserekning i Agresso

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Tilgangsrettighetar i episerver

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

Samansette tekster og Sjanger og stil

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Nytt HFK Intranett

Brukarmanual.

Nettbedrift nye funksjonar frå februar 2016

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

Stråling frå elektronisk kommunikasjon

Rettleiing til rapportering i Altinn, «Partifinansiering 2014», RA-0604 Partilag med organisasjonsnummer

Samfunnstryggleik eit felles ansvar ei historie frå dei kommunale tenestene

Vegvisar til vilbli.no

Frå novelle til teikneserie

ehandel og lokalt næringsliv

Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp

Brukarrettleiing for ny lagsportal kvam.no

Søking til skuleåret

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Lønnsundersøkinga for 2014

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Rettleiing aktivering av fritekstleverandørar i ehandel

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Ein tydeleg medspelar. frå elev til lærling. Informasjon, tips og råd til deg som skal søke læreplass

Bli verande eller reise vidare? avgjerande faktorar når høgt utdanna vel å bu og arbeide i distrikta

Team Hareid Trygg Heime

Dagens tema: Nye avleveringsrutinar KVIFOR? KVA ER NYTT?

Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen. 1 Organisering av sentralt gitt skriftleg eksamen

AD Travel. Brukarmanual for prøvenemnda i Hordaland Fylkeskommune FAGOPPLÆRINGSKONTORET

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

HORDALANDD. Utarbeidd av

Informasjonssbrev Arkivplan.no

Essay om søk. Anders Nedland Røneid, (ca 4100 ord utan referanseliste) Anders Nedland Røneid

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

RETTLEIAR BYGGSØK. Søknad om tiltak utan ansvarsrett PBL 20-2

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Lettare litteraturnett (Ref #77ab3a77)

Når du kjem inn i registeret, skal du sjå ei liste over kor du er administrator for. Lista ligg under kategorien lokale organisasjoner i menyen.

Opplæring i bruk av Datafangstportalen informasjon om innlogging og dokumentliste

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

LOV nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Høyringsinnspel til endringar i Teknisk forskrift om krava til tilgjenge i studentbustadar

HØYRING OM NYE IT-STANDARDAR FOR OFFENTLEG SEKTOR

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Psykologisk førstehjelp i skulen

RETTLEIING FOR BRUK AV «MIN SIDE» I DEN ELEKTRONISKE SKJEMALØYSINGA FOR FRI RETTSHJELP. Oppdatert 19.september 2012 Ove Midtbø FMSF

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 9. trinn

Retningslinjer for klart og tydeleg språk i Statens vegvesen

Personalportalen. Brukarmanual for medarbeidarar i Hordaland fylkeskommune. Til innhaldsregister

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

REGLEMENT OM ELEKTRONISK KOMMUNIKASJONSTENESTE FOR MØRE OG ROMSDAL FYLKE.

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Innhald Pålogging... 2 Viktige knappar... 3 Fronter som rom... 3 Leggje inn ei oppgåve i Fronter... 4 Litt om nokre ulike format for tekstbehandling

S sosalisering og samspill. F Fritid og felleskap. O Omsorg

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Transkript:

FORMakademisk Anders Nedland Røneid 040467 11HMBMDA

Strategi Målgruppe FORMakademisk definerer sjølv si hovudmålgruppe som forskarar innan design ved høgare utdanningsinstitusjonar, andre forskingsinstitusjonar og næringsliv i Norge og Norden. Ein gjennomgang av nettstaden viser at dette truleg er eit realistisk val av hovudmålgruppe. I tillegg vil også tradisjonelle (og meir «tilfeldige») lesarar som ikkje fell inn under kategorien over, for eksempel designinteresserte personar eller studentar innan designutdanning på jakt etter fagstoff, vere ei aktuell sekundærmålgruppe. Denne sekundærmålgruppa har ingen spesielle behov som går utover dei behova hovudmålgruppa allereie dekkjar, altså normale krav til god lesing (struktur, navigasjon, god teknisk løysing med individuelle tilpassingsmoglegheiter, etc). Nettstadgjennomgangen kan difor ta utgangspunkt i hovudmålgruppa, og dermed også tilfredsstille andre brukarar av nettstaden samtidig. Hovudmålgruppa har to mål på nettstaden. Det eine er å finne innhald av andre som er av interesse, mens det andre er å få publisert eige arbeid på nettstaden. Begge desse er viktige i det vidare arbeidet med revisjon av nettstaden. FORMakademisk har vedteke at norsk skal vere hovudspråk, men at det er mogleg å publisere innhald også på andre skandinaviske språk eller engelsk. Ein må difor anta at målgruppa er fleir- språkleg, noko som mellom anna må tas omsyn til når ein skal sjå på nettstadspråket (ikkje berre artiklar, men også sjølve nettstaden med funksjonalitet). Målsetning/forretningsmål Målet til FORMakademisk er «å skape eit forum for utveksling av forskingsresultat og konsept på tvers av ulike designkulturar og designpraksisar, innan designteori og designhistorie, praksisbasert forsking og designdidaktikk» (Wathne, 2012). For å få til dette er ein avhengig av å ha ein nettstad som tilfredsstiller brukaren sine behov, og som dei returnerer til ved seinare høve. Det betyr mellom anna at innhald må vere relevant og ikkje minst lett å finne fram i. Suksesskriterier Ei liste over viktige suksesskriterier gjer det enklare å finne ut kva funksjonalitet og innhald som må prioriterast i det vidare arbeidet. Lista er delt inn i to delar for å gi betre oversikt, ein for sjølve nettstaden (brukarretta), og ein for innsending av materiale (forfattarretta). Nettstaden Det er enkelt å finne fram til artiklar innanfor bestemte områder/tema

Nettstaden står fram som truverdig og seriøs Nettstaden er brukarvenleg og enkel å navigere i Nettstaden er universelt utforma og i tråd med WCAG2.0 nivå AA (Difi, 2011) Designen er attraktiv og gir gode assosiasjonar Søkjefunksjonen gir gode og relevante treff, som er mogleg å sortere/kategorisere Det er enkelt å dele innhald via sosiale media 70% av dei besøkande er returnerande FORMakademisk.no sine artiklar kjem opp som treff i eksterne søkjemotorar ved relevante søk Publiseringsløysinga Det er enkelt å registrere seg som ny brukar Det er enkelt å logge inn og vedlikehalde personleg informasjon Det er enkelt å sende inn eige materiale Det er enkelt å redigere eksisterande innhald (dersom innhald skal kunne redigerast) Personas Stine Olsmo, besøkande Alder: 34 år Bustad: Sykkylven, Møre og Romsdal Sivilstand: Gift, 1 barn Jobb og utdanning: Stine er utdanna industridesignar og jobbar hjå møbelprodusenten Ekornes på Sykkylven der ho mellom anna er med i eit team som utviklar nye konseptmodellar i Stresslessserien. Familie: Stine har si utdanning frå Milano, der ho også møtte mannen Thomas som driv eige firma. Saman har dei sonen Mathias på 4 år. Ho er opphavleg frå Oslo, men har flytta til vestlandet med familien for å kunne arbeide med noko ho trivst med. Figur 1: Stine, henta frå sxc.hu Interesserer: Stine er oppteken av å halde seg oppdatert på designfronten, og abonnerer på ulike trykte magasin og brukar i tillegg nettet til å halde seg oppdatert på feltet. Ho er oppteken av framtidas design, og får kombinert interessa med jobben i Ekornes. Teknologibruk: Stine ser seg sjølv som over gjennomsnittet teknisk sett og brukar Mac både privat og på jobb. På

jobb handterer ho ulike avanserte 3Dmodellerings og grafikkprogram, mens ho på nettet er meir «hobbysurfar» utan kunnskap om det som skjer bak kulissane. Mykje av fritida til Stine går med til familien og plikter i huset, men kveldane blir ofte brukt i sofaen med ipad i fanget og TV i bakgrunnen. På leikeplassen er alltid smarttelefon og ulike designmagasin med, slik at ho får nytta ledige stunder til å lese siste nytt og få inspirasjon på designfronten. Typisk sitat: «Har du sett siste nummer av Exceptional Design?» Ruben Wilhelmsen, skribent Alder: 58 år Bustad: Trondheim Sivilstand: Skilt, men relativt tett med hunden Jobb og utdanning: Ruben jobbar som forskar innan universell utforming av automatar på NTNU og for tida jobbar han og nokre kollegaer med korleis den optimale billettautomaten for tbaner bør sjå ut for å vere tilpassa flest mogleg brukargrupper. Han flytta i ung alder til USA der han fullførte sivilingeniørstudia og har seinare jobba som dette i både inn og utland. Seinare returnerte han til Trondheim og NTNU og tok doktorgrad innan automatutvikling og har sidan vorte ein anerkjent forskar innan området. Figur 2 Ruben, henta frå sxc.hu Familie: Ruben er skilt utan born, og bur saman med hunden Bass. Interesser: Ruben har lite skilnad mellom jobb og fritid, og tida utanfor kontoret går anten med til turar med hunden eller forskingsrelatert arbeid knytt til jobben. Han har ansvaret for å dokumentasjon av arbeidet på jobb, og publiserer mykje av arbeidet dei gjer på nett. Andre interesser er arkitektur, og feriane går ofte til plassar med kjente arkitektoniske bygg. Teknologibruk: På den tekniske fronten tar Ruben visse forbehold. Han ser fordelen med å bruke datamaskiner, men nektar å lære seg noko meir enn enkel tekstbehandling og surfing. Jobben har utstyrt han med ein laptop til heimebruk og denne blir stort sett brukt til å lese seg opp på aktuelle fagområder på internett. Stor fan av delingskultur på internett. Opplever ofte at ting forsvinn på maskina og at ho ikkje gjer som han vil. Typisk sitat: «Interessant, dette må vi sjå nærare på».

Scenario Med utgangspunkt i personas er det utvikla to bruksscenario ein kan definere som hovudoppgåver for nettstaden til FORMakademisk. Det første, og kanskje viktigaste, er at besøkande enkelt greier å finne fram til relevante og interessante artiklar innanfor dei områda dei ynskjer. Det andre scenarioet er at det skal vere enkelt for forfattarar å sende inn materiale til tidsskrifta. Stine, finne interessante artiklar Etter leggjetid av Mathias sit Stine og mannen Thomas i sofaen med kvar sin ipad. Gullrekkja på NRK står på i bakgrunnen. Stine surfar gjennom designbloggane ho les regelmessig og kjem tilfeldigvis over ein bloggpost som brukar ein artikkel på FORMakademisk sin nettstad som referanse. Bloggtemaet har dei sjølv diskutert på jobb og ho klikkar på lenkja for å finne ut meir om temaet. Nettstaden er ukjent for ho, men ser ut som ei seriøs kjelde med godt fyrsteinntrykk og ho tek seg difor tid til å lese gjennom artikkelen. Ho blir positivt overraska over nivået på artikkelen samanlikna med bloggane ho til dagleg les, og bestemmer for å finne ut meir om kva nettstad dette er og kven som står bak. Ho leitar ei stund etter logiske inngangar til ein artikkeloversikt og prøver til slutt menypunkt nummer 7 «Arkiv» i håp om at denne kan gje ho noko. Her finn ho oversikt over tidlegare utgåver og det går no opp for ho at dette er ein nettstad som publiserer på same måte som trykte tidsskrifter, eit bestemt tal gonger årleg, ikkje som regelmessige «bloggpostar». Ho blir litt skuffa over at titlane på dei ulike utgivingane har lite forklarande tittel og at ho difor må gå inn i kvar enkelt for å finne ut kva dei handlar om, men på grunn av det positive inntrykket ho sit med etter den fyrste artikkelen ho las, vel ho og gje nettstaden ein sjanse. Ho finn etter kvart nokre artiklar og finn interessante, og byrjar også å bruke søkjefunksjonen. Denne gjer at leitinga går litt lettare, men ho saknar moglegheita å kunne velje ut artiklar innanfor enkelte område. Ho bokmerkjer sida og noterer seg at ho truleg bør utforske nettstaden grundigare seinare, og ikkje minst tipse andre kollega om funnet. Ruben, publisere eige innhald Det er fredag og arbeidsdagen går mot slutten. Ruben og kollegaane har avslutta gjeremåla for veka og i staden for å ta tidleg helg som dei andre, blir Ruben sittande igjen på kontoret for å avslutte nokre lause trådar. Han har nyleg fått ein forskingsartikkel tilbake frå fagfellevurdering og tenkjer at resten av dagen kan brukast til å publisere artikkelen. Sjølv om Ruben ikkje er besteven med datamaskinverda, ser han at artiklane hans blir mykje meir lest og brukt som referanse i anna forskingsarbeid dersom han publiserer dei på nett i tillegg til berre trykte media.

Saman med resten av kollegaane på laben har Ruben bestemt at dei skal prøve å halde seg til ein felles arena for publisering av arbeidet dei gjer innanfor automatutvikling, og valet har falle på FORMakademisk.org. Her får dei tilfredsstilt sine behov ved publisering, og dei ser at nettstaden har ei aukande lesarmasse som gjer at arbeidet blir meir spredt. Ruben har aldri publisert på denne nettstaden før, men håpar at det skal gå bra sjølv om kollegaane er reist heim. Han finn fram til nettstaden og etter litt leiting kjem han fram til at han må velje «Registrer» i hovudmenyen for å få sende inn bidrag til tidsskrifta. Han kjem til eit langt registreringsskjemaet og tenkjer stille og ironisk at politiet faktisk ville ha mindre informasjon om han då han nyleg bestilte pass, enn det FORMakademisk vil ha av han no. Etter mykje plundring og litt feiling kjem han igjennom skjemaet og får oppretta brukar. Vidare får han her informasjon om korleis han kan sende inn sitt bidrag. Han føl oppskrifta og sender inn bidraget til nettstaden. Han får ingen umiddelbar tilbakemelding frå nettstaden om kva neste steg i prosessen er eller når neste utgåve kjem ut. Omfang Behovslister Behovsliste, Stine Informasjon om nettstaden/avsendar Enkel navigasjon Finne fram til artiklar innanfor bestemte stilretningar God søkjefunksjonalitet i innhaldet Plattformuavhengigheit Kunne diskutere andre sine artiklar (kommentarfunksjonalitet) Dele innhald på sosiale media Behovsliste, Ruben Enkelt å finne artiklar relevante for hans arbeidsområde Enkelt å opprette brukarprofil Enkelt å logge seg inn Oversikt over eige innhald publisert tidlegare Kunne søkje seg fram til arbeid publisert av bekjente/kollega Konseptmodell

For å lage ein beskrivande konseptmodell til FORMakademisk har eg teke utgangspunkt i Peter Morville sin bikube/verdifullmodell (Morville, 2004). Denne modellen er bygd opp av seks ulike fasett som til saman seier noko om kor verdifull ein nettstad er. Figur 3 Peter Morville sin bikubemodell http://semanticstudios.com/publications/semantics/000029.php Ved å forklare og eksemplifisere dei ulike fasettane, er det mogleg å få ein oversikt over kva FORMakademisk sin nye nettstad bor vere. Gjennomgangen av kvart fasett som føl under, er rangert etter prioritert rekkefølgje, som byrjar med det som bør få mest merksemd. Brukarvenleg (usable) For FORMakademisk betyr det at alle skal kunne bruke nettstaden utan å måtte ha dei store tekniske føresetnadane. Den funksjonalitet som er til stades til ei kvar tid skal vere enkel og intuitiv i bruk, slik at det er enkelt å finne fram til relevant innhald. Det må vere fleire inngangar til innhaldet, hovudsakleg vil dette vere meny og søk. Når det gjeld forskingsartiklar bør det vere mogleg å sortere desse etter ulike faktorar, til dømes tema, forfattar eller tidspunkt. Nettstaden må støtte fleire språk med bakgrunn i utanlandske brukarar og eventuelle feilmeldingssider må gje brukaren god informasjon med kontekstuelle valmoglegheiter. Nettstaden må også vere plattformuavhengig, altså støtte bruk via smarttelefonar, nettbrett og datamaskiner. Registrerings og innloggingsdelen av nettstaden skal vere så enkle som mogleg og berre etterspørje naudsynt informasjon. Sikkerheitsnivået på innloggingsløysinga bør tilpassast den informasjonen det blir gitt tilgang til (truleg svært lite sensitive data som treng høgt sikkerheitsnivå med avansert innlogging). Gjenfinnbar (findable) Innhaldet på nettstaden er det folk er på jakt etter. Det må vere lett å finne fram på nettstaden, og nettstaden må vere lett å finne fram til frå eksterne kjelder.

For FORMakademisk sin del betyr dette at ein må ha fokus på søkjemotoroptimalisering slik at nettstaden kjem opp som treff i dei mest populære søkjemotorane som mellom anna Google. Gode treff betyr betre besøkstal. I tillegg må navigasjonselement som søk, meny og andre aksjonselement vere godt synlege og gjere det mogleg å kome seg vidare til innhaldet. Det må også vere mogleg å lokalisere kvar i nettstadstrukturen ein er til ei kvar tidspunkt (Difi, 2011). Truverdig (credible) Nettstadeigar står fram som truverdig og gir inntrykk av at innhaldet og avsendar er til å stole på. Nettstaden har eit design som står i stil med det profesjonelle og forskingsrelaterte inntrykket FORMakademisk prøver å formidle. Nettstaden bør sjekkast mot Stanford University si sjekkliste for «Web Credibility» (Stanford University, 2004). Forskingsartiklar må vere kvalitetssikra for å sørgje for at innhaldet på nettstaden er til å stole på og toler å bli sett nærare på. Det må gå fram av nettstaden kven som står bak prosjektet og korleis ein kan kome i kontakt med organisasjonen. Attraktiv (desirable) Nettstaden har eit attraktivt design som er tilpassa målgruppa og gjer det enkelt å bruke nettstaden. FORMakademisk har ei målgruppe som mellom anna består av høgt utdanna personar. Designen bør difor stå fram som seriøs og enkel, men framleis attraktiv nok til at den byr til bruk. Med eit mål om å bli ein møteplass for utveksling av forskingsartiklar er det sannsynleg at mange av brukarane er nye (i håp om å auke brukarmassa) det er difor viktig med eit design som gir eit godt fyrsteinntrykk slik at brukaren blir verande. Sidan nettstaden i hovudsak er meint for lesing av artiklar, er det viktig at typografien er tilpassa lesing av lengre tekstar. Nyttig (useful) Nettstaden skal vere nyttig og svare på eit behov blant brukarane. For FORMakademisk sin del betyr dette at innhaldet må vere av ein slik karakter at det er til opplysning for andre, og eventuelt til vidarebruk som kjelder eller vidare forskingsarbeid. Innhaldet må vere oppdatert slik at brukarane kjem tilbake og ikkje opplever nettstaden som gamal. Dette er i utgangspunktet eit svært viktig område og grunnlaget for all eksistens, men sidan innhaldet på nettstaden er brukargenerert vil dette området gå av seg sjølv dersom FORMakademisk greier å nå måla sine som eit forum for utveksling av informasjon, mellom anna ved å oppfylle punkta nemnt i dei andre fasettane her. Tilgjengeleg (accessible) Nettstaden er i så stor grad som mogleg kan brukast av alle uavhengig av funksjonsnedsetjingar og utan behov for spesielle tilpassingar (Difi, 2012). For FORMakademisk sin del vil dette bety at nettstaden må tilfredsstille W3C sine WCAG2.0retningslinjer opp til nivå AA (W3C, 2011) for

universell utforming av nettstader. Som ein norsk nettstad retta mot allmenheita vil dette også verte eit lovkrav på sikt (Difi, 2012). På lik linje med fasetten nyttig, er dette ein område ein absolutt ikkje bør oversjå sjølv om det er plassert nedst på rangeringa. Som nemnt blir dette eit lovkrav på sikt, og grunnen til at dette er plassert nedst i dette dokumentet er status på tidsperspektivet i dette prosjektet. På dette stadiet må vere klar over fasetten og kva det inneber, men det er altså meir relevant i eit seinare perspektiv når ein nærmar seg teknisk kravspesifikasjon mot val av systemleverandør og i interne arbeidsrutinar for redaktørar og publiseringspersonar. Prototype/wireframes (lofi og hifi) Det er produsert prototypar for dei viktigaste sidetypane for både vanleg skjermvisning og for mobilvisning. Prototypane er fyrst utvikla som lofi med lågt detaljnivå, for deretter å auke detaljnivået i hifiversjonen. Designelementa er kun med for å betre inntrykket, det er ikkje meint som endeleg designforslag for ny verjson av FORMakademisk. Nettvisning Skjermbileta for nettvisning ligg vedlagt. På grunn av fysisk størrelse på skjembileta er det lite hensiktsmessig å ha dei med direkte i rapporten. Det er laga prototypar for sidetypane forside, publikasjonar, artikkel og søk. Mobilvisning Under ligg skjermbileta for mobilvisning. Det er laga prototypar for sidetypane forside, artikkel og søk.

Forside Forsida på mobil er relativt lik forsida på nett. Hovudmenyen består derimot av berre 3 punkt, logg inn/registrer er teke vekk. Det er truleg lite sannynleg at nokon ynskjer å sende inn forskingsartiklar via mobilen. Diskusjon treng ikkje innlogging. Personar som treng innlogging må derfor til nettversjonen (på mobil).

Artikkelvisning På undersider er toppen med logo og meny redusert til ein slidemeny som må dras ned for å vise innhaldet. Dette er gjort for å spare plass og få fokus på innhaldet.

Søkefunksjon

Referansar Wathne, O. (2012) Oppgåve tekst Informasjonsarkitektur. Henta frå https://fronter.com/hig/links/files.phtml/1887864218$672042645$/fagstoff/oppgaver/ia- designbrief2012_prcent_a0.pdf Morville, P. (2004). Illustrasjon og informasjon om bikubemodellen. Henta frå http://semanticstudios.com/publications/semantics/000029.php Difi (2012). Definisjon på universell utforming og informasjon om lovforslag innan universell utforming av IKT. Henta frå http://www.difi.no/digitalforvaltning/universellutforming W3C (2011). Norsk versjon av WCAG 2.0retningslinjene. Henta frå http://www.w3.org/translations/wcag20no20110926/ Stanford University (2004). Stanford guidelines for web credibility. Henta frå http://credibility.stanford.edu/guidelines/index.html Difi (2011). Kvalitetskriterier for offentlege nettstader 2011, indikator 2.7. Henta frå http://kvalitet.difi.no/2011/05/27nettstadenharmarkertkvareineri- nettstadsstrukturen/ Pective (2012). Bilete av iphone til prototyping. Henta frå http://pective.com/m/iphone3g