AFGHANISTAN. krigogfredogsann.no KRIG OG FRED OG SÅNN



Like dokumenter
3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Til deg som bur i fosterheim år

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Islamsk revolusjon, golfkrigen, Al Qaida, Osama bin Laden og 11. september.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Vidar Kristensen Illustrert av Lars Tothammer. leseser ie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet

6. trinn. Veke 24 Navn:

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Informasjon til elevane

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Kosmos 8 Skulen ein stad å lære, s Elevdemokratiet, s Kosmos 8 Vennskap, s Artiklar på internett

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Med god informasjon i bagasjen

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Psykologisk førstehjelp i skulen

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

APOSTELGJERNINGANE Av Linn og Jonas


Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

IKT-kompetanse for øvingsskular

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7


Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Samfunnstryggleik eit felles ansvar ei historie frå dei kommunale tenestene

«Ny Giv» med gjetarhund

Den europeiske samfunnsundersøkelsen hvordan lever vi i Norge og andre land i Europa?

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Månadsbrev for Rosa september 2014

Den europeiske samfunnsundersøkelsen - hvordan lever vi i Norge og andre land i Europa?

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Far min sa ein gong at ein må velje sine kampar

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

mmm...med SMAK på timeplanen

Konklusjon for 4 grupper

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Kva er økologisk matproduksjon?

Pakistan: Islamsk stat, militærstyre og svakt demokrati. Hvorfor så forskjellig utvikling fra India? 26. april 2010 Eldrid Mageli

Jon Fosse. For seint. Libretto

Odd Petter Habbestad Prosjektleder i Bømlo Vatn og Avløpsselskap AS.

Informasjonshefte Tuv barnehage

Konflikter i Midt-Østen

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

St.prp. nr. 8 ( )

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

VELSIGNING AV HUS OG HEIM

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Odd Petter Habbestad Prosjektleder i Bømlo Vatn og Avløpsselskap AS.

Geitekillingen som kunne telje til ti av Alf Prøysen

Kom skal vi klippe sauen

Lotteri- og stiftingstilsynet

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

LOV nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

Innbyggjarundersøking Kommunereforma

Vil forbetre diagnostiseringa av tuberkulose

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Norsk Bremuseum sine klimanøtter

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

KappAbel 2010/11 Oppgåver 1. runde - Nynorsk

Intervju med hamnemynde i Stord kommune.

BIBELEN SITT TIDSPERSPEKTIV.


Brukarrettleiing E-post lesar

Brødsbrytelsen - Nattverden

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Barnevernsfaglege vurderingar. Fylkesmannen sine erfaringar. Turid Måseide og Gunn Randi Bjørnevoll

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

For utfyllande informasjon om nedbetalingsvilkår, sjå INNHOLD Fleksible nedbetalingsvilkår 3. Låneavtale 3

Lønnsundersøkinga for 2014

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Plassebakken Barnehage

SUNDAG Morgonbøn (Laudes)

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL

Transkript:

AFGHANISTAN I dette heftet skal me sjå på kva som har utløyst konflikten og kvifor den har vore så vanskeleg å løyse. Religion, ekstremisme, terror, korrupsjon og okkupasjon er viktige tema. Gjennom å lære meir om den komplekse historia til Afghanistan kan me også lære meir om utfordringane båe afghanarar og verdssamfunnet står overfor - og korleis dei kan løysast. Bruk dette heftet til å lære meir om Afghanistan, om konflikten og utfordringane. Les meir på nettsidene www.krigogfredogsann.no og globalis.no. KRIG OG FRED OG SÅNN Krigen i Afghanistan har snart vart i ti år, men konflikten har vart mykje lengre. Afghanistan har vorte ramma av fleire krigar og konfliktar dei siste tiåra, og befolkninga har vore prega sterkt. krigogfredogsann.no Foto: US Army i samarbeid med KRIG OG FRED OG SÅNN

OVER 5 MILLIONAR AFGHANARAR FLYKTA TIL NABOLAND 1/4 AV DEN AFGHANSKE BEFOLKNINGA HAR RETURNERT SIDAN 2001 DEI FATTIGASTE ER DEI SISTE TIL Å RETURNERE

krig og fred og sånn Krigen i Afghanistan har snart vart i ti år, men konflikten har vart mykje lengre. Foto: CMI Afghanistan har vorte ramma av fleire krigar og konfliktar dei siste tiåra, og befolkninga har vore prega sterkt. I dette heftet skal me sjå på kva som har utløyst konflikten og kvifor den har vore så vanskeleg å løyse. Religion, ekstremisme, terror, korrupsjon og okkupasjon er viktige tema. Gjennom å lære meir om den komplekse historia til Afghanistan kan me også lære meir om utfordringane båe afghanarar og verdssamfunnet står overfor - og korleis dei kan løysast. Bruk dette heftet til å lære meir om Afghanistan, om konflikten og utfordringane. Les meir på nettsidene www.krigogfredogsann.no og globalis.no. 3

Foto: Arne Strand 4 Foto: United Nations Photo

krig og fred og sånn krig, fred og flukt Eg møtte Noorudin i ein flyktningeleir i Kabul. Han var 17 år gammal. Saman med familien sin pakka han alt dei eigde på lastebilen som skulle ta dei over dei høge Hindu Kush-fjellene til landsbyen dei kom frå i Badakshan-provinsen i Nordvest-Afghanistan. Gler du deg til å kome heim, spurde eg. Eg veit ikkje kvar heimen min er, svara han. Eg har aldri budd i heimbygda mi. Familien min flykta til Pakistan før eg vart fødd. Eg har berre høyrt historier om fjell, dalar, elver og at det er mykje snø der om vinteren. Flyktningleiren i Pakistan vart heimen min. Der budde slektningane mine og alle eg kjenner. Eg veit ikkje kva som ventar meg no. Eg veit ikkje om det er krig eller fred der me reiser, eller om me kan drive med jordbruk eller finne arbeid. Alt er nytt for meg. Kanskje må me flykte igjen for å overleve? Far min og onkel Rashid flykta saman i 1985 då krigen kom til Badakshan. Dei gifta seg og fekk barn i Pakistan. No er me seks familiar som reiser tilbake og skal dele huset og jorda som bestefaren vår eigde. Eg veit ikkje om det er skule eg kan gå på der eller kva eg kan gjere der. 5

krig og fred og sånn eit komplekst land med ein kompleks historie Flyktningane Mange afghanarar deler skjebnen til Noorudin. Over 5 millionar av ei befolkning på ca 25 millionar var i mange år flyktningar i nabolanda, og mange har vore flyktningar i sitt eige land. Framleis er det over 2 millionar som ikkje har returnert. Desse er ofte dei fattigaste og dei som ikkje har land eller eigedom å reise heim til. Familiar med litt pengar eller som kunne ta opp lån, kunne betale for at familiemedlemmer reiste til Midtausten for å jobbe, eller prøve å få opphald og jobb i Europa. Migrasjon har i mange generasjonar vore ein afghansk overlevingsstrategi. Menn reiste når det var fredeleg. Heile familien reiste når situasjonen var utrygg. Fattig land Afghanistan er eit av verdas fattigaste land. Det ligg nest sist på FN sin indeks over menneskeleg utvikling. Dei fleste afghanarane levde av jordbruk og budde på landsbygda før krigen starta. Krigsøydelegging, landminer og dårleg tryggleik har ført til at mange flytta inn til byane for å vere trygge og finne arbeid. Dei siste ti åra har landet vore ramma av naturkatastrofar som tørke, jordskjelv og flom. 6

Foto: United Nations Photo 7

krig og fred og sånn Afghanistan Afghanistan er et fjelland i Sentral-Asia. Fjellkjeda Hindu Kush går gjennom Afghanistan og inn i nord Pakistan. I sør på grensa mot Pakistan og Iran, er det sletteland og ørken. I nord grensar elva Amu Darya mot Turkmenistan, Usbekistan og Tadsjikistan. Wakan fjella grensar mot Kina. Her bur det nesten ingen. Afghanistan er eit lappeteppe av forskjellige etniske grupper. I sør er dei fleste pashtunarar som er verdas største stammefolk - medan hazaraer bur midt i landet. Dei fleste tadsjikar, uzkekar og turkmenarar bur i nord. I nord bur også nomadar koochies som har måtte leggje om dei årlege reiserutene med husdyra sine på grunn av landminer og tørke. Land, folk og språk Dei fleste afghanarar er sunnimuslimar. Hazarane er sjiamuslimar. Der er to hovudspråk i Afghanistan, pashto som er det same språket som vert snakka i deler av Pakistan, og dari som er likt språket som vert brukt i Iran. Det er også nokre mindre språk. Mange unge afghanarar kan og engelsk. Pashtunarane har eit eige æresregelverk som dei må følgje skal dei ha respekt og innflytelse i sine samfunn. Det mest kjende er blodhemn og det å verne om kvinner si ære, men det finns også strenge reglar for å verne flyktningar og å ta seg av gjester. Afghanarane er stolte over at dei aldri har vore ein koloni og at dei har stått imot alle stormakter som har prøvd å okkupere landet. Dette inkluderer Storbritannia i sist århundre og Sovjetunionen i nyare tid. Historia fortel om ei rekke kjende hærførarar som Aleksander den Store og Djengis Khan som kryssa Afghanistan på veg til India, og handel frå Kina gjekk over Silkevegen gjennom Afghanistan til Midtausten og Europa. Dette pregar landet. Hazarane meiner dei er etterkomarar av Djengis Kahn. Folket i Nooristan, som har blå auger og blondt eller raudt hår, meiner dei stammar frå Aleksander den Store sin hær. 8

Foto: CMI Den Kalde Krigen Krigen i Afghanistan starta i 1978 då President Daud Khan vart drepen i eit statskupp. I 1979 invaderte Sovjetunionen landet med over 100 000 soldatar. Foto: CMI Motstandsgrupper som kalla seg mujahedin - heilage krigarar - prøvde å driva dei ut med geriljakrig. Harde kampar, landminer i vegar og vatningsanlegg og bombing av landsbygda førte til at mange afghanarar flykta til Pakistan og Iran. Dette var ei tid då USA og Sovjet kjempa om verdsherredøme, det som er omtala som den Kalde Krigen, og afghanarane vart ei brikke i eit stort spel som øydela landet og drap hundretusen av afghanarar. Mujahedin fekk våpen og pengar frå USA, Saudi Arabia og vestlege land for å kjempe mot Sovjethæren. Pakistanske militære fordelte støtte til dei afghanske partia som dreiv motstandskamp frå Pakistan. Iran gav støtte til andre grupper. Muslimar frå veldig mange land kom for å slåss saman med afghanarane for å forsvare dei mot kommunisme og ateisme. Det vart etablerte ein base Al Qaida i Pakistan for dei som kom for å slåst, desse vart ofte kalla Islamske krigarar. Den mest kjende av desse var Osama Bin-Laden frå Saudiarabia. Bin-Laden, Al Qaida og USA hadde same målet: Sovjetunionen ut av Afghanistan. Taliban Då Sovjet trekte seg ut i 1989 vart det ikkje fred i Afghanistan. Det braut ut borgarkrig mellom mujahdeingruppene og deira leiarar, krigsherrane. Dei delte Afghanistan mellom seg, og øydela store delar av Kabul i kampen om makta til å styre hovudstaden. Nye grupper vart sende på flukt. USA og resten av verda hadde mista si interesse for Afghanistan og avslutta sin støtte til Afghanistan. Afghanarane fekk sjølve ordne opp i kaoset. Oppryddinga vart annleis enn nokon hadde rekna med. I 1994 dukka det opp ei ny gruppe, Taliban religiøse studentar. Saman med ein del kommandantar som hadde fått nok av den interne konflikten, tok dei etter kvart over kontrollen av mesteparten av Afghanistan og innførte eit strengt regime. Kabul vart teken i 1996, og Taliban erklærte eit Islamsk Emirat under leiing av Mulla Omar. Berre tre land anerkjende Taliban sitt regime. Taliban vart sterkt kritisert for at terrorgrupper som Al Qaida fekk opphald, at dei var kvinnefiendtlege og at dei tillet dyrking og sal av narkotika. FN innførde sanksjonar. Afghanistan vart stadig meir politisk isolert. 9

10

krig og fred og sånn Krig mot Terror Den 9. september 2001 organiserte Al Qaida ei rekke angrep i USA. Verdsamfunnet med President Bush i spissen svara med å erklære Krig mot Terror. Vedtak i FN og i NATO danna grunnlag for det militære angrepet på Talibanregimet, som starta i oktober same år. Den USAleia militæroperasjonen vart kalla Operation Enduring Freedom og her stilte også Noreg med soldatar. Dei samarbeidde med ei samanslutning av Afghanske kommandantar som vart kalla Nordalliansen. I løpet av eit par månader hadde Taliban vorte nedkjempa militært og mange av soldatane deira returnerte til landsbygdene sine eller flykta til Pakistan. Nordalliansen tok hovudstaden Kabul, og kommandantane tok kontroll over heimeområda sine att. Dei inter nasjonale soldatane held fram jakta på Osama Bin Laden, medan ein internasjonal militær styrke (ISAF) garanterte tryggleiken i Kabul. Foto: US Army 11

Foto: US Army Hamid Karzai var ein av dei som deltok i krigen mot Taliban med amerikansk militærstøtte. Han var son til ein mektig pashtunsk stammeleiar, snakka bra engelsk, hadde gode kontaktar til amerikanske oljefirma og erfaring frå både mujahedin og Talibanregjeringar. Demokratisering Då gruppene som hadde vunne krigen møttes i Bonn i Tyskland i desember 2001, utnemnde dei Karzai som midlertidig president. Dei vart også einige om å halde val av parlament og president for å danne ei ny regjering i Afghanistan. Først vart det organisert eit tradisjonelt storråd ( Loya Jirga) i Kabul i 2004 som godkjende ei ny afghansk grunnlov. Val til parlament og val av president vart gjennomført i 2005. Karzai vart offisielt vald som president. Vallova vart ikkje fylgt. Mange av krigsherrane som hadde stått for grove menneskerettsbrot vart valde inn i Parlamentet. Karzai utnemnde også mange av dei som guvernørar og til viktige posisjonar i hæren og politiet. Dermed hadde dei som skulle styre Afghanistan veldig liten tillit hjå vanlege Afghanarar. Narkohandel Mange av kommandantane var involvert i narkotikaproduksjon og handel. Opiumsvalmuen treng lite vatn og er lett å dyrke. Råopium er enkel å foredle til heroin som er lettare å transportere ut av Afghanistan. Fattig bønder vert betalt på førehand for å dyrke heroin på si jord, og set seg i stor gjeld dersom dei ikkje leverer den avtala råopiumen. Eit velorganisert smuglarnettverk får heroinen til Europa, ofte gjennom Pakistan, Iran eller Russland. Det er bakmennene og smuglarane som tenar pengar på narkotikahandelen. Bøndene får nok til å overleve til neste avling. Det har vore satt i verk ei rekke kampanjar med internasjonal støtte for å få slutt på dyrkinga. Problemet er at bøndene ofte ikkje har andre alternativ for å skaffe inntekter til familiane sine. Dermed aukar også misnøya med afghanske styresmakter når dei ser at politikarar, ministrar og politi tener store pengar på denne handelen samstundes som dei øydelegg avlingane deira. 12

Foto: United Nations Photo 13

krig og fred og sånn Kvinner Tradisjonelt har kvinner hatt få rettar i Afghanistan. Få kvinner har hatt posisjonar i regjering eller statsapparat. Det er menn som har styrt landet. Den nye grunnlova har sikra at kvinner er sikra plassar i parlament og provinsråd, og fleire har også fått jobbar i staten. Men det er mange barrierar for at kvinner skal kunne oppnå større rettar og innflytelse. Veldig mange vert gift og får barn i ung alder. Helsevesen er dårleg utbygd. Mødredødligheten er stor. Vold mot kvinner er også svært utbreidd, og utdanningsnivået er svært lågt. Krig eller forhandling? Det internasjonale samfunnet har gitt både økonomisk og militær støtte til Afghanistan, mykje av det har gått til å drive krig og byggje opp afghanske militære og politi. Afghanske styresmakter har hatt lita innflytelse på planlegginga av støtten. På tross av eit stort antall internasjonale soldatar har tryggleiken dei siste åra vorte verre i store deler av landet. Taliban og andre grupper har auka sin innflytelse. Vegbomber har tatt livet av mange internasjonale soldater. Motstanden mot å delta i krigen i Afghanistan har vorte sterkare i Europa. Tilliten til Karzai og den afghanske regjeringa er sterkt svekka på grunn av valfusk og korrupsjon. Dei siste åra har løysninga vore å sende fleire internasjonale soldatar og la desse prøve å dekke større deler av landet. Det har berre auka tapstala. Spørsmålet som stadig fleire stiller er om ein bør innleie forhandlingar med Taliban for å finne ei politisk løysing på konflikten. Dei militære, og spesielt USA, har vore skeptiske av di dei ikkje ønskje å stå som taparar i krigen mot terror. Men President Karzai har sikra seg støtte for forhandlingar gjennom å organisere eit storråd der representantar frå alle provinsane gav han fullmakt til å forhandle. Mange menneske rettsorganisasjonar er redde for at eit kompromiss med Taliban kan forverre kvinner sin situasjon. USA har annonsert at dei vil starte ei gradvis uttrekking av soldatar frå sommaren 2011, med mål om at ansvar kan overførast frå NATO til afghanarane i 2014. Det er usikkert om denne timeplanen vert følgd, men heilt sikkert at mange land vil ha trekt sine soldatar ut innan fristen. 14

Foto: United Nations Photo 15

krig og fred og sånn Noreg sin rolle Noreg har vore aktiv i sin støtte til Afghanistan sidan den sovjetiske invasjonen. Støtta gjekk først via FN og frivillige organisasjonar som hjelpte flyktningar og dreiv mindre naudhjelps-, utdannings-, helse- og oppbyggingsprosjekt. Etter at President Karzai kom til makta, har mykje av norsk humanitær støtte vorte gitt til prosjekt som er drivne av afghanske styresmakter. Men Noreg har også sendt soldatar, og dei er del av ISAF-operasjonen. Dei fleste er plasserte i NordAfghanistan der Noreg har eit Provinsial Reconstruction Team som har ansvar for å trygge Faryabprovinsen. Frå januar 2011 har oppgåvene til dei norske militære vorte innretta mot trening og oppfølging av den afghanske hæren, og mindre mot aktiv krigføring. Noreg har eit klart skilje mellom sin militære og sivile innsats, derfor driv ikkje norske militære humanitære prosjekt slik mange andre land gjer. Likevel er den militære innsatsen dyr. I 2010 vart det brukt 750 millionar kroner på den sivile innsatsen medan over 1000 millionar kroner gjekk til militær innsats. Noorudin har grunn til å vere uroleg. Nye generasjonar Afghanarar må kanskje også vekse opp i krig og flykte landet for å overleve. Som offer for alle slags internasjonale krigar har dei lite høve til å styre si eiga utvikling. Kva er utfordringane? Krigen i Afghanistan er svært kompleks, og etter ni år med konflikt står me ikkje særlig nærare målet om å opprette ein fredelig og demokratisk stat. Kva må gjerast for å få slutt på krigen? Her blir debatten om me skal fokusere på militær eller humanitær støtte sentral. Når militære verkemidlar ikkje fungerer må me heller ty til politiske. Skal me ha fredsforhandlingar med Taliban? Kven bør føre dei forhandlingane? Korleis unngår ein at Taliban vinn att makta si? Er det negativt eller positivt at Taliban er oppdelt i ulike grupper i fleire områder? Kva for ein rolle kan det internasjonale samfunnet spele? Her blir debattar om fredsbevarande styrker, bistand, gjenoppbygging og sikkerheit gjeldande. Korleis byggjer me fred når ingen stolar på dei som skal verne tryggleiken? Styresmaktene og rettsapparatet i Afghanistan må auke tilliten i folket. Dette gjeld for president, politikarar, soldatar og politi. Korrupsjon må kjempast mot og folket må få ein tryggjare kvardag. Kva skal gjerast for flyktningane som kjem tilbake til landet? Befolkninga har lite tillit til retts- vesenet, og fleire flyktningar fryktar at dei ikkje skal få tilbake eigedomen sin når dei returnerar. Og kva skal dei som ikkje eig eigedom gjere når dei kjem tilbake? Befolkninga og spesielt kvinner må få tilgang til utdanning. Lese- og skrivekunnskapar samt opplæring i eins rettighetar vil gjere det vanskeligare for Taliban og andre konservative grupper å prege befolkninga. 16

Foto: US Army 17

Oppgåver Til teksten 1. 2. 3. 4. 5. 6. 7. Kvifor er det vanskelig for Noorudin å reisa heim? Kvifor er det så mange Afghanske flyktningar? Kva betyr det at Afghanistan er eit lappeteppe? Desse årstala markerer viktige hendingar i Afghanistan sin historie. Forklar: 1978, 1979, 1989, 1994, 2001, 2004, 2005, 2010 Kvifor driv så mange Afghanarar med opiumsdyrking? Korleis er kvinnene sin situasjon i Afghanistan? Kvifor er norske militære i Afghanistan? diskusjonsoppgåver Kva bør gjerast med konflikten i Afghanistan skal me fortsette den militære innsatsen eller er det på tide å vurdere forhandlingar med Taliban? Kva er viktigast for å skape ein fredeleg og stabil stat militær makt eller humanitært arbeid (utdanning, opplæring av politi, oppbygging av infrastruktur osv)? fordjupning/presentasjonsoppgåver Tidslinje: Konflikten i Afghanistan har vart lenge og er svært kompleks. Lag ei tidslinje kor du tar med dei viktige hendingane. Ta med bilder og skriv kort om kvar hending. Kvinner i Afghanistan: Kva veit du om situasjonen til kvinner i Afghanistan? Finn ut meir og lag ein presentasjon eller plakat for klassen. Taliban: Kva veit du om organisasjonen Taliban? Kor kom han frå og kva står han for? Finn ut meir og lag ein presentasjon eller ein plakat for klassen. ISAF: Kva veit du om ISAF? Kven er medlemmar og kva er måla deira? Er medlemmene einige om desse måla? Finn ut meir og lag ein presentasjon eller plakat for klassen. Den Afghanske regjeringa: Afghanistan har fått seg ny og demokratisk regjering. Men det er framleis mange problem som skal løysast før det Afghanske statsapparatet fungerar som det skal. Korrupsjon, valfusk og lite kvinner er berre nokre av problemene. Finn ut meir om Karzai, den nye regjeringa og deira utfordringar. 18

KRIG OG FRED OG SÅNN ROLLESPEL TV2 held politisk debatt om Noreg si rolle i Afghanistan. Ein spelar representant frå SV som er svært imot krigen. Ein annan spelar Jonas Gahr Støre som forsvarar innsatsen i Afghanistan. Den tredje spelar programleiaren som stiller spørsmål og leiar debatten. Bør Noreg vera med i krigen eller skal me trekke oss ut? Kva bør Noregs rolle i Afghanistan være? Finn ut meir om konflikten og framstill argumenter både for og i mot for klassen. KOR KAN EG FINNE MEIR INFORMASJON? krigogfredogsann.no globalis.no Forfattar: Arne Strand Redaktør: Ingvild Hestad Redaksjonssekretær: Ola Roth Johnsen Design: Nor PR Trykk: CMI

AFGHANISTAN I dette heftet skal me sjå på kva som har utløyst konflikten og kvifor den har vore så vanskeleg å løyse. Religion, ekstremisme, terror, korrupsjon og okkupasjon er viktige tema. Gjennom å lære meir om den komplekse historia til Afghanistan kan me også lære meir om utfordringane båe afghanarar og verdssamfunnet står overfor - og korleis dei kan løysast. Bruk dette heftet til å lære meir om Afghanistan, om konflikten og utfordringane. Les meir på nettsidene www.krigogfredogsann.no og globalis.no. KRIG OG FRED OG SÅNN Krigen i Afghanistan har snart vart i ti år, men konflikten har vart mykje lengre. Afghanistan har vorte ramma av fleire krigar og konfliktar dei siste tiåra, og befolkninga har vore prega sterkt. krigogfredogsann.no Foto: US Army i samarbeid med KRIG OG FRED OG SÅNN