Sogndal Studentbarnehage Dalavegen 10 6856 SOGNDAL Kontor: 477 08 880 Måne: 480 31 132 Sol/ Stjerne: 480 64 858

Like dokumenter
Sogndal Studentbarnehage Dalavegen SOGNDAL Tlf E-post:

Sogndal Studentbarnehage Dalavegen SOGNDAL Tlf E-post:

Sogndal Studentbarnehage Dalavegen SOGNDAL Tlf E-post:

Studentbarnavisa. Nr /2017. Foto: Ingvild S Nornes (frå tur med barna på avdeling Sol)

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Månadsbrev for Rosa september 2014

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Veke Fredag Offentleg høgtidsdag. 18 Barnehagen er stengd. Veke Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Månadsbrev for juni avdeling Glimmer

Månedsbrev april 2015

Studentbarnavisa. Nr /2019. Bilde frå fagområdet: Tal, rom og form

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

MÅNEDSPLAN FOR MAI 2016 HJØRNETANNA

Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST

MÅNADSPLAN GRANAT- mai 2019

Plassebakken Barnehage

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

MAI. Månadsskriv for Nøtteliten. Tilbakeblikk på april:

Halvtårsrapport for gul gruppe våren 2017

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN

EVALUERING OG OPPSUMMERING AV MAI. Storsamling

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

INFORMASJON om førestellinga:

MÅNEDSPLAN FOR MAI 2015 HJØRNETANNA

ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage)

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Sogndal Studentbarnehage Dalavegen SOGNDAL Tlf E-post:

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Månadsplan for Hare November

MÅNADSPLAN GRANAT- oktober 2019

Plassebakken Barnehage

Då har august månad fyke forbi i stor fart med tilvenning av nye barn, og for dei barna som har gått her før. Etter ein lang sommarferie så treng dei

Månadsbrev for Blå, april 2016

Tilbakeblikk på mars:

Lyssamlinga gjekk som smurt, barna syns det var kjempe kjekt. Dei dansa, svansa og lo som berre det. Dette hadde me øvd på ei heil veka på forhånd,

Til deg som bur i fosterheim år

MAI I SVEIARVEIEN TILBAKEBLIKK PÅ APRIL

Hei alle sjøstjerneforeldre

PERIODEPLAN EVALUERING Avdeling: Blåmeis EVALUERING AV PERIODE 1: September - november2015

Storebjørn. Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Sogndal Studentbarnehage Dalavegen SOGNDAL Kontor: Måne: Sol/ Stjerne:

Informasjonshefte Tuv barnehage

Sogndal Studentbarnehage Dalavegen SOGNDAL Tlf E-post:

PEDAGOGISK TILBAKEBLIKK

BREIDABLIKK KULTURBARNEHAGE. september 2018 ********************************************************************************************************

Månadsplan for Mars 2017 Nøtteliten

MAI 2018 HATTIFNATTENE

Gul gruppe månedsbrev for januar og februar

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

Velkomen til Mork barnehage

BARN SITT MØTE MED BARNEHAGEN - AVD. STOVA. TID KVA KORLEIS MÅL UTFORDRING Barnet kjem i barnehagen.

Aktivitetsplan - Vår 2015 Blindheim barneskole SFO-1. kl. basen

Februar 2015 Januar, månaden som gjekk Månaden som kjem

VEDTEKTER FOR RØYSMARKA STUDENTBARNEHAGE, VOLDA OG FOGDEGÅRDEN STUDENTBARNEHAGE, ÅLESUND. gjeldande frå

- Mars 2016 på Nøtteliten

Månedsbrev Bikuben juni, juli og august 2016

OSTERØY KOMMUNE VALESTRAND BARNEHGE

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

MÅNADSPLAN GRANAT- juni og juli 2019

MÅNEDSPLAN FOR APRIL 2015 HJØRNETANNA

Aktivitetsplan - Vår 2014 Blindheim barneskole SFO-1. kl. basen

Månedsbrev for Nordlys. oktober 2014

Periodeplan for avdeling Lykke, januar til juni 2013

MÅNEDSPOST FOR STUBBEN MAI 2014

ÅRSPLAN FOR SFO FLATDAL BARNESKULE

Sogndal Studentbarnehage Dalavegen SOGNDAL Kontor: Måne: Sol/ Stjerne:

PEDAGOGISK TILBAKEBLIKK

Klepp kommune Tu skule

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

Månedsbrev Bikuben februar 2017

Månedsbrev Bikuben mai 2016

Plassebakken Barnehage BA

Månadsbrev for Blå, november 2015

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Sogndal Studentbarnehage Dalavegen SOGNDAL Tlf / 01/ 02 E-post:

Månadsbrev for Februar

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag Felles minirøris ute. Aktivitetsuke. 08. Inne/ute aktiviteter. 15. Inne/ute aktiviteter

Månadsskriv for oktober Askeladden-

Smilehullet Mai og Juni 2017 Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Månedsbrev april 2018 på Himmelkroken

6. trinn. Veke 24 Navn:

Månedsbrev for mai 2018 Avdeling Valhaug

Månadsbrev frå Tyrihans oktober 2016

Transkript:

Sogndal Studentbarnehage Dalavegen 10 6856 SOGNDAL Kontor: 477 08 880 Måne: 480 31 132 Sol/ Stjerne: 480 64 858 E-post: karin.uglum@sisof.no

Siste avis dette barnehageåret. Dei neste månadane verte det mykje aktivitet i barnehagen. Ber dykk følja med på oppslag på dørene, og at de er flinke å seie ifrå om de tek fri eller kjem seinare enn 9.30 ein dag, slik at de ikkje går glipp av noko. Vi skal ha ein dugnad før 17. mai, vi skal arrangere sommarfest, overraskingsdag/ kveld for dei som skal over i skulen, skulebesøk, 2 åringane på Sol og Stjerne skal verta kjend med ny avdeling og mykje, mykje meir!!!!. Vi har planlagt at vi skal på mange turar i tida som kjem, mange turar vert teke på sparket og er korte, men vi har og noko som er planlagde og dei vert litt lenger. Husk å ta med mat i matpakken som ikkje treng varmast. Røvehaugane Også i år har vi sett oss som mål å ha turar til Røvehaugane, dette er eit fint turområde oppe på Leite sida. Vi går alle på Måne, og dei eldste på avdeling Sol/ Stjerne. Dei minste som er igjen i barnehagen får og ein fin dag, då dei får heile barnehagen for seg sjølv og kan boltre seg fritt både inne og ute. Dugnad 11. mai Noko av det første som står på plakaten no er dugnaden i barnehagen. Alle set av ein liten ½ time i forbindelse med henting (enten de kjem kl. 14 eller seinare), barnehagen har ein del raker, spadar, trillebår, men om det er nokon som har slikt utstyr er det fint om de tek det med. Det vert som tidlegare år berre enkle dugnadsoppgåver; kosting, plukking av stein, raking, klypping av busker. Kafé- gjengen hakkar opp frukt og grønsaker som vert serverar etter at vi er ferdig med arbeidet vår 17- mai øving ONSDAG 13.05. vil vi øve på å gå i 17. mai tog, vi syng nasjonalsongen og lagar flagg. Vi går i tog rundt barnehagen, feiringa vert avslutta med felles måltid, der serverar vi rømmegraut og spekemat. I fruktstunda vert det servert is i staden for frukt. Dette har vi gjort kvart år og er vi opplever det som ein fin tradisjon. Oppslag over kva som skjer i Sogndal 17 mai, og kor vi skal gå i tog, heng på foreldretavlene på avdelingane. Det er foreldreråds utvale som har ansvar for dette. Dersom nokon ønskjer å samlas og bruka barnehage denne dagen, så står de fritt til å gjer det.

Avslutting dag/ kvelden i barnehagen for dei som skal over i skulen Førskulegruppa har ein avslutting på sine år i barnehagen. Vi har lagt opp til ein tur med opplevingar, turgåing og kos. Vi vender tilbake til barnehagen på ettermiddagen der vi lagar mat, spelar spel og leitar etter skattkiste, - og det er der de foreldre kan hente ungane (de får meir informasjon av dagen i eit skriv seinare). Sommarfest 10. juni. Sommarfest i barnehagen starta i 15 tida og varer til ca. kl.16.30. Denne dagen invitera vi alle foreldre og søsken til å komme i barnehagen å ha ein avslutnings- fest saman med oss. Barnehagen ordnar med ein stor grill, vi har laga salat og hakkar opp frukt, så det einaste de tek med, - er det som skal på grillen. Dei yngste barna er med å pyntar borda, medan kafé- gruppa står for opp kutting av salat og opp skjering av frukt. Kafé- gjengen Dette er siste oppdraget til kafé- gjengen, barnehagen takkar dei for kjempegod innsats i året som har gått. På slutten av sommerfesten vil dei overlevere sine forklær til neste års kafe- gjeng. Samarbeidsutvalgsmøte I løp av juni vil vi ha møte i samarbeidsutvalget, vi skal evaluere arbeidet vi har gjort, alt fra dokument, informasjon straum, pedagogisk arbeid, barnehagemiljøet mm., om de har noko som de vil skal komme fram i dette møte, enten det er ros som de vil dele med oss, eller det er noko de tenker at dette må vi jobbe med, ver snill å kom med det. Tilbakemeldingane vil vi bruke i planlegginga for neste barnehage år. 5 og 6. mai 5. mai får vi besøk av elevar frå vidaregåande som vil steike vaflar til oss og gjennomføre aktivitetar saman med barna, - dette berre for å glede oss- òg me gleda oss. 6. mai er det entreprenørskaps messe for alle ungdomane i indre Sogn, messa er for 8. klassingar på ungdomskulen, vi i Studentbarnehagen får besøk av 3 r. Planleggingsdager fredag 15. mai, barnehagen stengt Fredag 19. juni barnehagen stengt, dette er den siste planlegging dagen i dette barnehageåret. Ferie Tidlegare erfaringar visar at ein del tek tidleg sommarferie. Det er fint om de kan gje melding om dette, fordi vi ønskjer å ta eit skikkeleg farvel med barn og foreldre og at alt av utstyr, produkt mm. er klart til å takast med når de hentar siste dagen. Vi vil og freiste få til litt avspasering for personalet om det vert mindre barn i periodar, derfor er det fint om de gjer beskjed om de veit at det er dagar barna tek fri. Siste dag i barnehagen er tysdag 30.juni. Første dag etter sommaren er onsdag 5. august. (barnehagen har planleggingsdagar 3 og 4. august, så har de spørsmål kan de ringe 57 67 35 00 desse dagane) Takke alle for eit godt samarbeid! Ynskjer der alle ein god sommar! Lykke til vidare for dei som skal slutta og velkommen tilbake til dykka andre! Karin

Avd. Sol og Stjerne Evaluering av mars og april avd Sol og Stjerne Me ser tilbake på to månader med mykje spennande innhald. I mars hadde me fokus på fagområda tal, rom og form, og kunst, kultur og kreativitet. Me gjekk på fleire turar der me leita etter former. Dette fann me i form av skilt, speglar, stein mm. Me tok bilde av desse. Elles så pynta me avdelingane med store og små former og merka at barna vart opptatt av former og prata om det. Me brukte songen, «Se min kjole», der me har ei dokke med ein trekanta kjole som me kunne byte ut i fleire fargar. Barna hadde formingsaktivitetar med blant anna former klipt ut av papp som dei limte på store former av papp. Dette vart til fine «uro» eller bilde. Tall og teljing jobbar me med i formelle og uformelle situasjonar heile året. Det tek ikkje lang tid før dei aller minste er med på å telje til tre før me skal synge Fredag 6. mars hadde me ein flott ake dag i Hodlekve. Alle som var med på turen storkosa seg. Ei lita med dei aller yngste var att i barnehagen. Tysdag 17. mars markerte me barnehagedagen. Me inviterte foreldra til barnehagen, der me hadde song og aktivitetar. Me hadde og filmframvising i lavoen Ei veldig fin oppleving. Då det nærma seg påske, starta me med påskeaktivitetar. Det viktigaste for oss er å finne formingsaktivitetar som passar for små barn. Det skal vere barna sitt produkt. Dette fekk me fint til i år. Me laga kylling, der me limde fjør på ei isoporkjegle og laga trekant kylling av papp, fjør og piperensarar. Nokre laga og kyllingbilde i ull. I tillegg til dette planta me Karse. Påskefrukosten med foreldra var vellukka. Godt oppmøte og god stemning! Me har feira Vilde og Mathea sine 2 årsdagar som var i mars. Gratulera Tema vår : Sjå endringane i naturen. Tida etter Påske har «Våren» stått i sentrum. Me har vore mykje ute. Barna har hatt fleire formingsprosjekt. Dei har m.a. måla vår bilete i vår fargar og me har hjelpt fuglane å «bygd reir» inne på avdelingane våre og me gleda oss til egga blir klekt! 2-årsgruppa har hatt mange fine turar ute i naturen. Dei har vore mykje på haugen ved gammen til Trudvang og dei er veldig flinke til å gå opp bakkane! Dei veit tydleg kor dei skal og at dei gleda seg over turen. Me har leita etter dyrespor og brukt litt tid på insekt. Barna synes det er veldig spennande å sjå kven som bur under steinane, under barken mm. 2-åringane brukar også litt tid på avdeling Måne. Dei skal bli kjende med avdelinga, vere med på samling og få ete maten sin på Måne. Av og til har alle, eller deler av barnegruppa, ete maten sin ute. Dette er kjekt!

Planar for mai og juni Me skal desse månadane ha fokus på fagområda: nærmiljø og samfunn, samt kropp, rørsle og helse. Barna som skal begynne på avd. Måne skal fortsette med å gå på besøk der. I mai jobbar me vidare med tema våren. Gå på turar for å observere endringane i naturen. På denne måten blir me også meir kjende med nærmiljøet og samfunnet rundt oss. Me skal plante frø og sjå det spirer. Det er fast tradisjon i barnehagen å øve til 17. mai. Me synger Ja, vi elskar og lagar flagg. I år skal me markere 17. mai i barnehagen onsdag 13. mai. Då går me i tog rundt om på uteområdet vårt og synger 17. mai songar. Etterpå går me inn og kosar oss med graut og spekemat. Kvar vår går me på tur for å sjå på lam. I år går turen til Nestangen. Me gleder oss! Tema: Livet i sjøen og i fjøresteinane. Dette vil me gjere i slutten av mai byrjinga av juni. Me skal gå på tur ned til sjøen og sjå kva me finn i fjøresteinane, under steinane og i sjøen. Kva liv finnes det? Fisk? Krypdyr? Kva veks det i sjøen? Og på land? Og så må me leite etter Formingsmateriell. Me vil sløye fisk og tilberede fisk til mat. Nærmiljø og samfunn Det at barn får påverke det indre liv i barnehagen, kan vere det første steg for å få innsikt i og erfaring med det å delta i eit demokratisk samfunn. Barnehagen skal bidra til at barn møter verda utanfor familien med tillit og undring. Barn skal få utforske og oppdage nærmiljøet sitt. Fagområdet omfattar og korleis media påverkar kvardagen til barna. Rammeplan for innhald og oppgåver i barnehagen s. 47 I juni vil me legge opp til å ta dagane som dei kjem. Me vil ha fokus på barns medverknad. Det vil sei at barna skal ha muligheit til å påverke sin eigen kvardag. Her er det viktig at personalet har god tid til å observere kva barna seier verbalt og kva kroppsspråket seier. Små barn gir ofte tydeleg utrykk av kva dei meiner gjennom kroppsspråk. Personalet i barnehagen må ta seg tid til å forstå kva barnet meiner. Slik kan små barn vere med på å motivere og påverke kvardagen i barnehagen. Her er det viktig at barna møter tydelege og ansvarsfulle vaksne som tek omsyn til heile gruppa. Elles er juni utetid. Me vil bruke uteområde og nærmiljøet flittig. Gå på tur, plukke blomster, oppsøke andre leikeplassar, ete maten vår ute mm. Medverknad: Barn i barnehagen skal ha rett til å gi uttrykk for sitt syn på barnehagens daglege verksemd. Jf. Rammeplanen s. 17 Songar me syng i mai og juni: - Ja, vi elsker dette landet.. - Lille måltrost.. - Eg gjekk ein tur på stien.. - Historien om 3 små fisk.. - Alle fugler.. - Ro ro til fiskeskjær.. - Fløy ein liten blåfugl.. - Ro ro til Siraland.. - Bæ bæ lille lam.. - Blomster små, gule blå.. Helsing Personalet

MAI Veke Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag 19 4 5 6 7 8 Våren, naturen vaknar til liv; Vi plantar frø, ser på trea, snakkar om fuglane som legg egg 20 11 12 13 14 15 Dugnad Me øver 17. mai! Kristihimmel- Planleggings- Vi øver på 17- mai Mat: Rømme- ferdsdag dag Graut og spekemat. Bhg stengt Bhg stengt 21 18 29 20 21 22 Julia 3 år!! Hurra 22 26 27 28 29 30 Barnehagen stengt 2.pinsdag Tema ; Sjøen og livet i fjæra

JUNI Veke Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag 22 1 2 3 4 5 Tema: Sjøen og livet i fjæra 23 8 9 10 11 12 Tema: Sjøen og livet i fjæra Sommarfest i barnehagen Sløye fisk!! Mat: Me til- beredar fiskemat av fisken me har sløya. 24 15 16 17 18 19 Planleggingsdag Barnehagen stengt 25 22 23 24 25 26 26 22/ 29 23/ 24 25 26 30 SISTE DAG I BARNEHAGEN

Vi starta mars med flott ake dag i Hodlekve. Buss, pølser og mykje moro i bakken, er ei kort oppsummering av den turen. I perioden som har gått har vi jobba med fagområda «Tal, rom og form» og «Kunst, kultur og kreativitet» mest. Vi har snakka om, leita etter, fotografert og laga bilete med ulike former og tal. Barna snakkar mykje om det dei ser og har lært seg formene firkant, trekant og sirkel. 10.mars ble Barnehagedagen markert over heile landet Tema; Friluftslivets år. Dei eldste i barnehagen var saman med dei eldste i dei andre barnehagane i Sogndal. Dei var samla til eit opplegg ute i Notsete barnehage. Ei flott oppleving for barna trass dårleg vær. Veka etter markerte vi barnehagedagen ute i vår barnehage. Med ulike aktivitetar, film i lavoen og bollar som barna hadde bakt. Veldig kjekt at så mange foreldre kunne komme, og vi trur at både barn og vaksne kosa seg. I slutten av mars starta vi med påskeførebuing. Påskepynt blei laga og påskefrukost blei planlagt og gjennomført. Alltid kjekt med masse besøk til frokost. Takk til alle som kom. I april har det vore mykje aktivitet ute. Turar i nærmiljøet blir naturleg i desse tider, med bl.a. tur til Nestangen, Rutlin og elles i nærmiljøet. Barnegruppa i år likar veldig godt å teikne og male, så det er storproduksjon på avdelinga. Mange flotte, fargerike og detaljerte teikningar og maleri. I denne perioden har vi også hatt besøk av 2 studentar frå 3BLU. Dei hadde eit opplegg med ei barn med tema bokstavar. Ivrige barn som kunne mange bokstavar og syns det var spennande og finne og lage ord. Ein har hatt bursdag i perioden som har gått, og det er Tom Elias 6 år, Siv Noor 6 år og Isak 4 år, hurra!

Mai og juni er fine månader å komme seg på tur. Vi vil nokre gonger gå heile gruppa, men kanskje flest gonger går vi i mindre r. Sjøen, med fjordstien eller Nestangen er ynda turområde på denne tida. Rutlin, med sitt fine leikeområde, og parken er og aktuelle områder vi vil besøke. Overgang barnehage- skule: Førskulegruppa vil nokre gonger flyttast til andre dagar enn fredag, pga. skulebesøk, fridagar eller andre aktivitetar.. I mai vert det meir organisert besøk i skulen og ein får komme inn i klasserommet til den kontaktklassen vi har fått tildelt (Sjå vekeplan). I mai og juni vil vi jobbe litt med tema trafikk, generelt sosial kompetanse og sjølvstende. Førskulegruppa avsluttar barnehagetida med ein tur og ekstra kos i barnehagen. Slik det ser ut no blir det frå 9. juni. Dei det gjeld vil får eit eige skriv om dette. «Det skal leggas til rette for at barn kan ta avskjed med barnehagen på ein god måte, glede seg til å byrje på skulen og oppleve at det er ein samanheng mellom barnehage og skule» (Rammeplanen). Dei fagområda vi har mest fokus på i mai og juni er «Nærmiljø og samfunn», Kropp, rørsle og helse og "Natur, miljø og teknikk". "Natur, miljø og teknikk: Naturen gir rom for eit mangfald av opplevingar og aktivitetar til alle årstider og i all slags vêr. Naturen er ei kjelde til skjønnheitsopplevingar og gir inspirasjon til estetiske uttrykk." (Jmf rammeplanen). 17.mai fokuserer vi på litt i forkant av dagen. Litt før sjølvaste dagen øver vi på å gå i tog, og vi et tradisjonsmat som høyrer til den dagen. Her er det bare å følgje med på planar og plakatar, så de får med dykk alt som skal skje. Framover håpar vi det blir mykje godt vårvêr, slik at vi kan gå mykje på turar og sjå naturen vakne til liv og oppleve gleda med å vere i naturen. Turane vil vere i nærmiljøet, som ned til fjøra, opptil Rutlin mm. Det skjer mykje på dyre fronten. Barna finn mange ulike insekt i barnehagen og på tur, dette er noko vi prøver å bygge vidare og finne ut meir om dei ulike insekta saman med barna. Vi går og for å sjå på lamma når dei kjem ut. Litt uti mai månad er det tid for å setje poteter i åkeren igjen. Dei eldste barna, og dei som blir eldst til neste år blir med på den aktiviteten. Det er dei eldste som har ansvar for å passe og stelle åkeren. Vi fortset med vårsongane, ser på vårteikn i naturen som fuglar, knoppar på trea og spirande blomster og gras. Tema i juni: Livet i sjøen og i fjøresteinane. Vi skal gå på tur ned til sjøen og sjå kva vi finn i fjøresteinane, under steinane og i sjøen. Kva liv finnes det? Fisk? Krypdyr? Kva veks det i sjøen? Vi leitar etter formingsmateriell. Og vi vil sløye fisk og tilberede fisk til varmmat på ein fredag. Vi håpar sola og varmen held fram med å besøke oss i mai og juni, og i det høve vil vi minne om at de sørgjer for å sjekke kva klede barnet dykkar har i korgene sine. Ta med heim det som ikkje trengs lenger og ha tilgjengeleg det som trengs. Viktig å hugse på i desse tider er solkrem og solhatt/caps. Vi ynskjer at de tek solkrem på barna, før de kjem i barnhagen, og at barnet har ein eigen solkrem i korga si, slik at vi kan smørje dei på nytt utover dagen. Er det noko de lurer på, så er det berre å ta kontakt.

MAI Veke Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag 19 36 20 37 2 3 4 5 68 4 5 6 7 8 Besøk av Feire Silje elevar frå vidaregåande 6 år, hurra! Tema; Mot og glede. Skulegruppa på besøk til Trudvang 9 10 11 12 13 11 12 13 Øver på 14 15 Øve på 17.mai. Går i nasjonal- Skulegruppa på tog og syng Kristi songen besøk til Mat: graut og Himmelfarts- Trudvang spekemat dag Dugnad ved henting Feire Maya 4 år, hurra! Varmmat: Lapskaus Skule Bhg. Stengt Planleggingsdag 21 38 16 17 18 19 20 18 19 20 21 22 Ei jobbar i åkeren Skule Varmmar: Sjå vekeplan 22 39 23 25 24 26 25 27 26 28 27 29 2. pinsedag Formingsaktivitet Feire Frøya 4 år, hurra! Varmmat Skule NB: Eventuelle endringar sjå vekeplan.

JUNI Veke Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag 1 2 3 4 5 23 Formingsaktivitet Skule Varmmat: Sjå vekeplan 8 9 10 11 12 24 Skulegruppa på tur Sjå eige skriv SOMMAR- FEST Røde Kors 150 år, skulegruppa med på opplegg i Parken. Skule Varmmat: Sjå vekeplan 25 15 Tur alle eller i mindre r iløpet av veka. 16 17 18 19 Bhg. Stengt Planleggingsdag 22 23 24 25 26 26 Feire Marie 4 år, hurra! Feire Sofie 6 år, hurra! Skule Varmmat: Sjå vekeplan 39 30 27 Siste dag før sommarferien