Forslag til indikatorsett for oppfølging av strategiar og delmål i Klimaplan for Hordaland 2010-2020

Like dokumenter
Klimaplan for Hordaland

Klimaplan for Hordaland

Klimaplan for Hordaland

PARTSBREV. Dykkar ref. Vår ref. Stad/Dato: 08/2487-4/K1-K00 - Natur- og miljøforvaltning - Felles Felles, K3-&30//RSK

Bustadbehov i Bergensregionen

Klimaplan for Hordaland v/magnar Bjerga Spesialrådgjevar klima

Klimaplan for Hordaland Plannettverk om parkeringspolitikk Per Svae, Klima og naturressursseksjonen i Hordaland FK

Klimaplan for Hordaland Høyringsutkast

Konsekvensanalyse. Vegomlegging Etnesjøen. Juni AUD-rapport nr

Det andre jeg skal si noe om

Fylkestinget ber om at desse punkta vert teke med i det vidare arbeidet med klimaplanen.

1. Mål for klimagassutslepp: 22% reduksjon innan 2020, 30% red. innan 2030 (frå 1991) 30% reduksjon innan 2020 (frå 2007)

Velkomen til miljøpedagogisk samling. Bård Sandal, fylkesdirektør regional utvikling

Korleis oppfylle Parisavtalen gjennom klimatilpassing og meir miljøvennlege løysingar

Klimaplan for Hordaland utkast

Hordaland på veg mot lågutsleppssamfunnet

SAKSFRAMLEGG. Tiltak 1 side 12 Fjerne til privat bruk. Tiltaket får då fylgjande ordlyd: Ikkje subsidiera straum.

Kartlegging av befolkninga sitt syn på drosjetilbodet i Bergensområdet. AUD-rapport nr. 12b

Kollektivstrategi for Hordaland - Årsrapport 2016

Reisevanekartlegging i Hordaland fylkeskommune Fylkesbygget og Skyss.

Oversikt over mål og strategiar i Klimaplan for Hordaland

Miljørapport for 2010 skal være levert til stiftinga Miljøfyrtårn innan 1. april 2011.

Berekraftig eller berre kraftig mobilitet?

Fjell kommune Arkiv: 460 Saksmappe: 2010/ /2010 Sakshandsamar: Espen Elstad Dato: SAKSDOKUMENT

1 av 40. Handlingsprogram (2012) til Klimaplan for Hordaland, Versjon )

Endringar i den differensierte arbeidsgjevaravgifta Konsekvensar for næringslivet i Sogn og Fjordane

FYLKESDELPLAN FOR KLIMA OG MILJØ

Arbeidsliv

Sigdal kommune - Energi-og klimaplan (vedlegg 2) Mål, tiltak og aktivitetar

Klimagassutslepp i Time kommune. Status og grunnlag for evaluering av tiltak i. KDP Energi og klima

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Miljøsertifisering Kva, kvifor og korleis? Per Svae, koordinator for miljøsertifisering. Hordaland fylkeskommune Klimanettverk Hordaland 27.9.

FRAMLEGG Oppstart av planarbeid og forslag til planprogram. Angelica Talley Avdelingsingeniør PLAN FOR KLIMA OG ENERGI I GISKE KOMMUNE

Regionale roller og regionalt samarbeid i klimatilpassingsarbeidet

Kartlegging av verksemder sitt syn på drosjetilbodet i Bergensområdet. AUD-rapport nr. 12a

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skolane.

MØTEBOK. Saksbehandlar: Ingrid Karin Kaalaas Arkiv: 255 Arkivsaksnr.: 10/311

Handlingsprogram Klimaplan for Hordaland

Bømlo kommunestyre handsama klimaplanen for Hordaland Fylkeskommune i møte Særutskrift av vedtaket og kopi av saksutgreiinga ligg ved.

Regionalt bygdeutviklingsprogram i Rogaland 2013

Oppfølging av Skyss sin miljøstrategi. Klimarådet Hordaland 7. november

Arbeidsprogram for energi-, miljø- og klimaplan. Framlegg til arbeidsprogram

PLP - PROSJEKTPLAN GRØN VARME I TELEMARK

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Dialogkonferanse Nye ferjeanbod

Interkommunal plan for klimaomstilling i Sunnfjord KS sin haustkonferanse oktober 2017

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

HØYRINGSUTTALE TIL RAPPORTEN "BELØNNINGSORDNINGA FOR BEDRE KOLLEKTIVTRANSPORT OG MINDRE BILBRUK - FORSLAG TIL NY INNRETTNING"

Regional plan og regionale forventningar. Fjerde samling, Samhandling for Grønt Skifte september.

Status for klimaarbeid/samarbeid i regionen

Nasjonale forventningar korleis svarar fylket på forventningane? Vedlegg til Regional planstrategi for Sogn og Fjordane

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 45/10 08/189 ENERGI- OG KLIMAPLAN FOR BALESTRAND KOMMUNE, HØYRINGSUTKAST

Miljørapport Hordaland fylkeskommune. AUD- rapport nr Mai 2009

System for miljøansvar ved anskaffingar i Hordaland fylkeskommune

AUD-rapport Endring i billettinntekt ved nytt ungdomsbillettområde. Metode for automatisert berekning av ungdomsbillettområde.

Handlingsprogram. Klimaplan for Hordaland

Ullensvang. Prognosar for folketalet, August AUD-rapport nr

Kor mange blir vi i Hordaland? Fylkesordførar Tom-Christer Nilsen

Handlingsprogram Forslag til. Klimaplan for Hordaland ( ) 1 av 37

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015, vedteke i kommunestyremøte 11.desember 2014.

Farleg avfall i Nordhordland

Handlingsprogram Klimaplan for Hordaland

Norsk Bremuseum sine klimanøtter

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

FJORDVARMENYTT. Kjære kundar! Her kjem juleavisa vår! Informasjon om drifta av fjordvarmeanlegget. Statistikk og økonomi:

Fylkeskommunen som pådriver for miljøsertifisering

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Nye klimaplanar i Østfold

Innhald Innleiing... 4 Kva er Handlingsprogram for klima og energi?... 4 Hovudmåla for Møre og Romsdal Fylke ( )...

FRÅSEGN - HØYRING AV STATLEGE PLANRETNINGSLINJER FOR BOLIG-, AREAL- OG TRANSPORTPLANLEGGING - MLJØVERNDEPARTEMENTET

KLIMAPLAN FOR HORDALAND FRAMLEGG TIL HANDLINGSPROGRAM Forord

Arbeidsbok (mal for eigenprodusert HMS-dokumentasjon)

Rådmannen si rolle i arbeidet med klimatilpassing Rådmann Ole John Østenstad Dato:

I Tussaområdet står transport for om lag 30 % av den totale energibruken, derav om lag 50 % knytt til personbilar

Austrheim kommune PLANPROGRAM for Kommunedelplan for klima- og energi.

Skyss, Bergen Adm. direktør Bernt Reitan Jenssen, Ruter As. Ruter sine strategiar på miljøområdet - kva fungerer?

FØRESPURNAD OM UTTALE - AKADEMIET BERGEN AS VEDKOMMANDE SØKNAD OM GODKJENNING ETTER PRIVATSKOLELOVA

Nasjonale forventningar korleis svarar fylket på forventningane?

Vedlegg 1 Forslag til Klimaplanens Handlingsprogram 2013

Reisevanekartlegging i Hordaland fylkeskommune Fylkesbygget og Skyss.

Kostnader for bussar i kø i Bergensområdet

Gruppemøter. Stasjonær energibruk

Klimagassutslepp frå produksjon og forbruk

STYRESAK: GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Bergen HF

Vestland på veg mot nullutslepptransport. Klima- og naturressurssjef Sølve Sondbø

Energi og klimaplan for Sykkylven kommune Planprogram

SØKNAD OM TILSKOT TIL FREDA KULTURMINNE I PRIVAT EIGE, KULTURMILJØ OG KULTURLANDSKAP (Kap post 71)

Plan for forvaltningsrevisjon Sogn og Fjordane fylkeskommune

Vestlandet ein stor matprodusent

INDRE VESTLAND. Innspel frå Hardanger, Sogn, Voss og Vaksdal i dialogmøte med Vestland fylke

KOMMUNAL PLANSTRATEGI FLORA KOMMUNE

Noreg som bærekraftig energinasjon

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Fjordvarmeanlegg energiløysing også i distrikta?

REGLEMENT OM ELEKTRONISK KOMMUNIKASJONSTENESTE FOR MØRE OG ROMSDAL FYLKE.

3. Har kommunen trygge parkeringsplassar ved buss-stopp og bussstasjonar/knutepunkt

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

SØKNADER OM TEST OG UTVIKLING AV TEKNOLOGI FOR BIOGASSHYBRIDBUSSAR FYLKESKOMMUNAL EIGENANDEL

Handlingsprogram 2014, Regional plan for museum

KOMMISJONSVEDTAK. av 3. februar 1997

Transkript:

Forslag til indikatorsett for oppfølging av strategiar og delmål i Klimaplan for Hordaland 2010-2020 Nr. 8-12 AUD-rappor t

Utgivar: Tittel: Hordaland fylkeskommune, Analyse, utgreiing og dokumentasjon (AUD) http://www.hordaland.no/aud Forslag til indikatorsett for oppfølging av Klimaplan for Hordaland 2010-2020 Publikasjonsserie/nr: AUD-rapport nr: 8-12 http://www.hordaland.no/aud-rapportar Dato: 9. juli 2012 Forfattar: Stian Skår Ludvigsen, PhD Tlf: 55 23 92 79 E-post: stian.ludvigsen@hfk.no Forsidefoto: Ole Hallvard Dyrbekk 2

Innhald Oppsummering... 4 Tabell 1: Inndeling av resultatmåling/avrapportering... 4 Tabell 2: Forslag til rapporteringssyklus for hovudmål, temamål, strategiar og delmål... 5 Hovudmål klimagassutslepp... 7 Hovudmål energi... 7 Hovudmål klimatilpassing... 7 Tema 1 Samarbeid og verkemidlar... 8 Tema 2 Energi... 9 Tema 3 Forbruk og avfall... 12 Tema 4 Bygningar... 14 Tema 5 Arealbruk og transport... 16 Tema 6 Næringsliv... 21 Tema 7 Teknologi og klimautfordringar... 22 Tema 8 Klimatilpassing... 23 3

Oppsummering Denne rapporten inneheld forslag til indikatorsett for resultatmåling og oppfølging av hovudmåla, temamåla, strategiane og delmåla i klimaplan for Hordaland 2010-2020. Oppfølging og rapportering av tiltaka i handlingsprogramma er ikkje handsama i denne rapporten. Rapporten er bestilt av Klima- og naturressursseksjonen i Regionalavdelinga i Hordaland fylkeskommune, og seksjonen har samarbeidd med Analyse, utgreiing og dokumentasjon om innhaldet i rapporten. Kjeldene som er nytta til rapporten er Klimaplan for Hordaland 2010-2020 (vedteken i fylkestinget juni 2010), kortversjonen av klimaplanen, handlingsprogram for 2010-2011 (korrigert utgåve frå 19.11.2010) og handlingsprogram for 2012 (vedteken i fylkestinget desember 2011). Nummereringa av hovudmål, strategiar og delmål følgjer det første handlingsprogrammet. Nummereringa av temamål følgjer kronologisk av teksten i det første handlingsprogrammet. Vi foreslår sju former for resultatmåling/avrapportering (desse formene er forslag til kva som praktisk kan vere realistisk, men ein kan òg skyve rapporteringa nedover i tabellen eller forsøke å strekkje seg oppover): Tabell 1: Inndeling av resultatmåling/avrapportering av hovudmål, temamål, strategiar og delmål Årleg Kvart 4. år Heildekkjande, kvantitativ Kvantifiserbare mål med årleg rapportering Kvantifiserbare mål med rapportering ved rullering Utval eller kvalitativ Kvantitativ analyse av utval eller kvalitativ resultatmåling ved rullering Sjeldnare Via anna mål Ikkje aktuelt Kvantifiserbare mål med lengre tidsrom mellom rapporteringane Mål som blir dekt via data på andre mål Kvantitativ analyse av utval eller kvalitativ resultatmåling med lengre tidsrom mellom rapporteringane Delmål som er føringar, lovkrav, eller de facto tiltak, og/eller som ein ikkje treng eller kan finne resultatmål på. Her vil tiltaksrapportering vere nok. Vi foreslår årleg rapportering på to hovudmål, tre temamål, to strategiar og sju delmål; rapportering kvart fjerde år (ved rullering) på sju delmål; sjeldnare rapportering på ein strategi og 11 delmål; proxyrapportering (rapportering via andre mål) på fire temamål og seks delmål; og inga rapportering på eitt hovudmål, tre temamål, ein strategi og 31 delmål. Oversikt over dette er gjeve i tabell 2. Ei rekkje mål er for tida ikkje mogleg å rapportere måloppnåing på, fordi SSB har stogga publisering av kommune- og fylkesfordelte tal på utslepp og energi grunna høg usikkerheit om kommunale tal. 1 To hovudmål, tre temamål, ein 1 Sjå http://www.ssb.no/vis/magasinet/miljo/art-2012-02-13-01.html og http://www.tu.no/energi/2012/03/05/ssb-nekter-apublisere-klimastatistikk 4

Ikkje aktuelt Via anna Sjeldnare Rullering Årleg Tabell 2: Forslag til rapporteringssyklus for hovudmål, temamål, strategiar og delmål Tema/ strategi /delmål Mogleg kjelde Tema/ strategi /delmål Mogleg kjelde H 1 SSB 08615 (avslutta) T 3.4 Rapport frå eiga verksemd H 2 SSB 06926 (avslutta) D 3.5 SSB (05414+5413+5417)/5559 og KOSTRA 05458/SSB 07335 D 2.1 SSB 06926 T 4.2 Årleg miljørapport frå HFK D 2.2 SSB 08615/05559 T 5.2 SSB 08615 S 2B SSB 06926-(06926 H /06926 N *08307) D 5.5 Skyss. Alternativt SSB 06673 D 2.5 SSB 06926 D 5.12 SSB 07849 (evt. OFV) S 2C SSB 08308 D 5.13 Årleg miljørapport frå HFK D 2.7 Eigarskapsmeldingar D 5.1 KOSTRA 07903 eller 06140 D 2.8? D 5.14 Spesialbestilling av SSB 03689 D 3.4 Ravninfo og miljøsertifiseringane D 7.3 Opplæringsavd. + Univ/Høgsk. D 3.6 BIR+NGIR+SIM+private Alternativt: KOSTRA 05458 D 2.3 Regionråda D 5.8 Skyss, NSB, SSB 08506 D 2.10 Kraftverka (og SSB 08292/08308) D 5.9 Reisevaneundersøking S 2E Statnett D 5.10 Reisevaneundersøking D 5.4 Kvantitative utval D 5.11 Reisevaneundersøking D 5.6 Kvantitative utval D 5.19 Lloyds shipregister D 5.7 SSB 07394, 08506, 04277, 07151, CargoNet + CargoLink D 6.4 Kvalitative utval + SSB 08615 D 2.13 Via D 4.6 D 4.2 Via D 2.1 T 3.1 Via H 1 D 4.4 Via D 2.1, just. for boligmasse T 3.3 Via D 3.5 og D 3.6 D 4.8 Via D 2.1 T 4.1 Via D 2.1 T 6.1 Via D 6.1-6.3 D 4.1 Via D 2.5 D 6.1 Via D 3.4 H 3 Føring D 4.7 Tiltaksnivå D 1.1 Føring D 4.9 Tiltaksnivå D 1.2 Føring T 5.1 Føring D 1.3 Føring D 5.2 Føring D 2.4 Lovkrav D 5.3 Føring D 2.6 BIR (årsmelding) D 5.15 Føring D 2.9 Føring D 5.16 Føring D 2.11 Utan tiltak D 6.2 Upresist D 2.12 Lovkrav D 6.3 Upresist T 3.2 Føring D 7.1 Føring D 3.1 Utan tiltak D 7.2 Føring D 3.2 Ikkje realistisk å måle T 8.1 Føring D 3.3 Ikkje realistisk å måle D 8.1 Føring D 3.7 Utan tiltak D 8.2 Føring S 3E Føring D 8.3 Føring D 4.3 Lovkrav D 8.4 Føring D 4.5 Tiltaksnivå D 8.5 Føring D 4.6 Tiltaksnivå D 8.6 Føring Tabellen viser ei oversikt over hovudmål, temamål, strategiar og delmål i Klimaplan for Hordaland 2010-2020. Data som p.t. ikkje er mogleg å oppdrive (t.d. p.g.a. stogga levering frå SSB) er merkt med raudt. 5

strategi og sju delmål vil ikkje vere moglege å hente ut data på så lenge SSB held att publisering av energi- og utsleppstal. Vi ser det som kritisk for oppfølging av klimamåla at vi som eit minimum får fylkesfordelte tal på endring i energiforbruk og utslepp frå SSB. I resten av rapporten gir vi detaljerte forslag til korleis vi tenkjer oss at måloppnåing kan bli målt. 6

Hovudmål klimagassutslepp Utslepp av klimagassar i Hordaland skal reduserast med 22 % innan 2020 i høve til 1991 (30 % i høve til 2007) og 30 % innan 2030 i høve til 1991. Hovudmål klimagassutslepp kunne blitt målt direkte opp mot SSB tabell 08615 (avslutta serie). 2 Tabellen inkluderer CO2, CH4 og N20, ikkje HFK, PFK og SF6. SSB har avslutta publiseringa av denne tabellen på kommune- og fylkesnivå grunna høg usikkerheit om kommunale tal. 3 Vi tek atterhald om at SSB vil starte publikasjon av denne serien igjen (i alle høve på fylkesnivå). Vi foreslår fire statistikkmål: a) Totalt b) Totalt per innbyggjar c) Utanom olje- og gassverksemd d) Utanom olje- og gassverksemd, per innbyggjar = Årleg kvantitativ rapportering om SSB opnar for å publisere dataa. Hovudmål energi Energibruken skal reduserast og gjerast berekraftig gjennom effektivisering og bruk av ny fornybar energi. Innan 2030 skal energibehovet til alle føremål i hovudsak dekkjast av fornybare energikjelder utan tap av naturmangfald. Vi har vurdert om Hovudmål 2 kan bli målt i eit sett med indikatorar og rapportar basert på tema 2 (energi), tema 4 (bygningar), og tema 5 (arealbruk og transport), men finn at det enklaste er å måle dette etter SSB tabell 06926 (avslutta serie). 4 Som for klimagassutslepp har SSB avslutta publiseringa av denne tabellen på kommune- og fylkesnivå grunna høg usikkerheit om kommunale tal. 5 Vi tek atterhald om at SSB vil starte publikasjon av denne serien igjen (i alle høve på fylkesnivå). Vi foreslår to statistikkmål: a) Energibruk (skal reduserast) b) Del fornybar energi (skal aukast) = Årleg kvantitativ rapportering om SSB opnar for å publisere dataa. Hovudmål klimatilpassing Hordaland skal vere best mogleg budd på klimaendringane, og klimatilpassing skal baserast på føre-var-prinsippet, forsking og kunnskap om lokale høve. = Vi ser dette i hovudsak som føringar, og foreslår at hovudmålet ikkje blir målt, men at tiltaka blir rapportert. 2 http://www.ssb.no/vis/klimagassr/om.html (kommunefordelte tal). Siste år = 2009, oppdatert 22.2.2011. 3 Jfr. fotnote 1. 4 http://www.ssb.no/vis/energikomm/om.html (kommunefordelte tal). Siste år = 2009, oppdatert 22.2.2011. 5 Jfr. fotnote 1. 7

Tema 1 Samarbeid og verkemidlar Strategi 1A (gjennomføring av Klimaplan for Hordaland) Delmål 1.1 (effektivt samarbeid om oppfølging og gjennomføring av handlingsprogrammet for Klimaplan for Hordaland). = Føring, vi foreslår at statistikk på delmålet ikkje blir målt, men at tiltaka i handlingsprogramma blir rapportert. Strategi 1B (utvikle og ta i bruk nye verkemidlar) Delmål 1.2 (utvikle og ta i bruk nye verkemidlar for å nå klimamåla) = Føring, vi foreslår at statistikk på delmålet ikkje blir målt, men at tiltaka blir rapportert. Strategi 1C (kunnskap, kompetanse og samarbeid med særleg vekt på ungdom) Delmål 1.3 (ungdom i Hordaland skal ha nødvendig informasjon, kunnskap og kompetanse til å gjere miljøvenlege val som forbrukarar og framtidige produsentar = Føring, vi foreslår at statistikk på delmålet ikkje blir målt, men at tiltaka blir rapportert. 8

Tema 2 Energi Strategi 2A (energibruken i Hordaland skal endrast slik at energibruken vert berekraftig og klimavennleg) Delmål 2.1 (bruken av energi i hushald, offentlege verksemder og tenesteyting skal vere 20 % lågare i 2020 enn i 2007) kan for hushald og tenesteyting bli målt etter SSB tabell 06926 6 om SSB opnar for å publisere denne att. 7 Evt. data om offentlege verksemder kan moglegvis bli framskaffa via eigne køyringar frå SSB. 8 = Årleg kvantitativ rapportering om SSB opnar for å publisere dataa. Delmål 2.2 (bruk av energi i produksjon skal i snitt ned med 20 % per produsert eining i 2020 i forhold til 2007) kan bli målt i form av utslepp (SSB tabell 08615) 9 per krone fylkesfordelt BNP (SSB tabell 05559). 10 Fylkesfordelt nasjonalrekneskap blir publisert med nokre års etterslep. = Årleg kvantitativ rapportering om SSB opnar for å publisere dataa. Delmål 2.3 (spillvarme frå industri skal gjerast tilgjengeleg for anna verksemd) kan vere vanskeleg å følgje med kvantitative mål som dekkjer all spillvarme. Vårt forslag er derfor at det blir gjort opp status i form av ei kvalitativ tilnærming, t.d. ved å ringe regionråda, for deretter å bli følgd opp ein til to gongar i perioden. = Sjeldan kvalitativ rapportering. Strategi 2B (Hordaland sin energibruk skal i størst mogleg grad komme frå fornybare energikjelder) kan vi få status på ved å sjå el-forbruket i Hordaland (SSB tabell 06926 11 ) fråtrekt Hordaland sin del av det nasjonale el-forbruket sett i forhold til import av elektrisitet (tabell 08307 12 ). Formel: SSB 06926-(06926 Hordaland /06926 Noreg *08307) = Årleg kvantitativ rapportering om SSB opnar for å publisere dataa. Delmål 2.4 (i nybygg over 500m2 skal 60 % av oppvarminga dekkjast av annan energi enn direkte bruk av elektrisitet og fossile brensel, 80 % innan 2020) kan bli målt som nytilført bygningsmasse (godkjend etter 2010-standard) som del av total bygningsmasse. SSB tabell 05940 (bustader) og 05939 (anna bruk). 13 Vi vil i så fall anbefale å operasjonalisere dataa på ein slik måte at delmål 4.3 òg kan bli målt etter dette målet. Men: fordi dette er eit lovkrav, er det vår anbefaling at delmålet blir teken ut ved revidering av klimaplanen, og at ein ikkje søkjer statistikk på delmålet. 6 Jfr. fotnote 4. 7 Jfr. fotnote 1. 8 Kontaktperson SSB: Marius Bergh (pmb@ssb.no; tlf 21 09 44 20). 9 Jfr. fotnote 2. 10 http://www.ssb.no/vis/fnr/om.html (fylkesfordelte tal). Siste år = 2009, oppdatert 12.3.2012. 11 Jfr. fotnote 1 og 4. 12 http://www.ssb.no/vis/elektrisitetaar/om.html (nasjonale tal). Siste år = 2010, oppdatert 29.3.2012. 13 http://www.ssb.no/vis/byggeareal/om.html (kommunefordelte tal). Siste år = 2011 (foreløpige tal), oppdatert 31.5.2012. 9

= Lovkrav. Utgår. Delmål 2.5 (bruk av olje og naturgass til stasjonære føremål skal reduserast med 80 % innan utgangen av 2013 (i forhold til 2007) og vere heilt utfasa i 2020) kan bli målt ved SSB tabell 06926. 14 = Årleg kvantitativ rapportering om SSB opnar for å publisere dataa. Delmål 2.6 (meir avfall til biobrensel i Rådalen for å bidra til utfasing av oljefyring) kan bli målt ved årsrapportane til BIR, 15 men det ligg inga forslag til tiltak under dette delmålet, og vi ser liten grunn til å følgje opp dette målet med statistikk. Delmål 2.7 (det offentlege bør utnytte si eigarmakt slik at bedriftene prioriterer tiltak som vil bidra til å redusere klimautfordringane) bør bli målt ved ei kvalitativ tilnærming (gjennomgang av det offentlege sine eigarskapsmeldingar). Etter vår meining bør dette bli gjort med ei viss regelmessigheit. = Kvalitativ rapportering ved rullering. Strategi 2C (Hordaland skal vere ein føregangsregion i produksjon av fornybar energi) er moglegvis mest eit kvalitativt mål. Produksjonsomfanget kan derimot bli beskrive ved SSB tabell 08308. 16 = Årleg kvantitativ rapportering. Delmål 2.8 (Hordaland vil stimulere til utvikling, produksjon og bruk av nye fornybare energikjelder. Kompetanse, forsking og utdanning på energifeltet skal styrkjast. Verkemidlar må sikre utvikling, produksjon og tilgang til marknad/sluttbrukar). = Kvalitativ rapportering og rapportering av tiltak ved rullering. Delmål 2.9 (Hordaland skal produsere energi frå fornybare kjelder og med minst mogleg arealkonfliktar. Ein skal ta omsyn til naturmangfald, friluftslivområde og store landskapsverdiar i fylket. Jf. fylkesdelplan for små vasskraftverk). = Føring, vi foreslår at statistikk på delmålet ikkje blir målt, men at tiltaka blir rapportert. Delmål 2.10 (effektivisering og modernisering av eksisterande vasskraftverk) kan moglegvis bli målt som installert effekt (SSB tabell 08292 17 ) i prosent av maksimal stasjonsyting (SSB tabell 08308 18 ). Tal frå kraftverka vil vere meir nøyaktige mål på D 2.10, så vår anbefaling er at dette blir henta inn ved rullering eller sjeldnare. Fordi det ikkje ligg forslag til tiltak, er vårt forslag at måloppnåelse blir sjeldan målt. = Sjeldan heildekkjande kvantitativ rapportering. 14 Jfr. fotnote 1 og 4. 15 http://bir.no/birkonsernet. Siste år = 2010. 16 Jfr. fotnote 12. 17 Jfr. fotnote 12. 18 Jfr. fotnote 12. 10

Strategi 2D (Hordaland skal ha ei robust, stabil og fleksibel energiforsyning) Delmål 2.11 (kraftnettet må ha kapasitet og drift som sikrar høg leveringstryggleik av elektrisitet i Hordaland. Effekttoppane i straumnettet må også kunne dempast på etterspurnadssida for å redusere fare for straumstans i høglastperiodar). Her ligg førebels inga forslag til tiltak, og det blir da vanskeleg å operasjonalisere indikatorar. Delmål 2.12 (alle nybygg over 500m2 skal vere lågenergihus eller passivhus og ha vassbåren varme). Vårt forslag er å måle D 2.12 via D 2.4 (nytilført bygningsmasse som del av total bygningsmasse), men denne foreslår vi utgår, pga lovkrav. Delmål 2.13 (det skal stimulerast til forsøksprosjekt med bygging av lågenergihus og passivhus i område der dette er eigna) har tiltak i bygningskapitlet. = Via D 4.6. Strategi 2E (energioverføring frå produsent til forbruk må skje på ein måte som minimerer energitapet) er utan delmål eller tiltak, men ein kan moglegvis hente inn data om energitap frå Statnett. 19 Det vil neppe vere naudsynt å hente inn årlege data om dette. = Sjeldan, utval. 19 Statnett SF, Seksjon Reléplanlegging og Feilanalyse (DKV) (feilanalyse@statnett.no; tlf 22 52 70 00). 11

Tema 3 Forbruk og avfall Temamål 3.1 Mål for forbruk (forbruket i Hordaland skal vere dominert av varer og tenester med lågast mogleg miljøpåverknad, energibruk og klimagassutslepp. Innan 2012 skal veksten i forbruket av klimaskadelege produkt vere relativt lågare enn folkeveksten i fylket. Frå og med 2020 skal samla forbruk av klimaskadelege produkt gå ned) er vanskeleg å operasjonalisere [korleis måle produktforbruk?]. Ei mogleg løysing er å sjå på dei totale klimagassutsleppa via hovudmål 1 (med dei fire statistikkmål vi har foreslått der). = Via H.1 Temamål 3.2 Mål for forbruk Hordaland fylkeskommune (Hordaland fylkeskommune skal vere i front, stimulere til og bruke varer og tenester som har lågast mogleg miljøpåverknad, energibruk og klimagassutslepp) kan vi sjå som ei føring på fylkeskommunens drift. = Føring. Treng ikkje bli målt. Temamål 3.3 Mål for avfall (Utviklinga i generert mengde avfall skal vere vesentleg lågare enn den økonomiske veksten. Mengda avfall til gjenvinning skal aukast til 80 % i 2020) er å finne att i delmål 3.5 og 3.6. = Via D 3.5 og D 3.6 Temamål 3.4 Mål for avfall Hordaland fylkeskommune (innan 2012 skal alle fylkeskommunale verksemder oppfylle krava til miljøfyrtårnsertifisering: kontorverksemder skal kjeldesortere 75 %, tannhelseklinikkar 70 % og skular 60 % av alt avfall) blir i dag følgd opp av koordinator for miljøsertifisering i Klima- og naturressursseksjonen. = Årleg kvantitativ rapportering. Strategi 3A (miljømerking av varer og tenester) Delmål 3.1 (alle varer og tenester med betydelege karbonfotavtrykk som er produserte i Hordaland skal vere miljømerka innan 2020) krev ei betydeleg kartlegging/forsking. Om dette skal bli gjort, foreslår vi at det berre blir gjort ein gong (rundt 2020) for å gjere opp status. Skal dette derimot ha hensikt, bør det bli knytt tiltak til delmålet. Så lenge det ikkje finns tiltak, er det vårt forslag at måloppnåing ikkje blir målt. Delmål 3.2 (minst 50 % av importerte produkt og varer skal vere miljømerka i medhald av internasjonal standard innan 2020) krev eit så tett samarbeid med Tollvesenet at vi ikkje ser det som realistisk mogleg å måle måloppnåing. Delmål 3.3 (alle importerte varer og tenester skal ha klimagassrekneskap for transportfasen innan utgangen av 2013) krev, ikkje berre tett samarbeid med Tollvesenet, men òg ei så omfattande godsstrømundersøking, at vi ikkje ser det som realistisk mogleg å måle. Strategi 3B (miljøsertifisering av verksemder) 12

Delmål 3.4 (alle offentlege og private verksemder med minst 10 tilsette skal vere miljøsertifiserte innan 2020, minst 25 % innan utgangen av 2013) bør berre bli fullt ut målt ved rullering. Talet på miljøsertifiserte verksemder kan bli målt årleg, ved innrapportering frå sertifiseringsorganisasjonar, men for å få del verksemder, må det bli kryssa data frå miljøsertifiseringane med føretaksregister. Dette er ikkje ein så stor jobb å rekne ut som ein skulle tru: Ravninfo (tidl. Brønnøysundkatalogen) oppgir 2998 bedrifter i Hordaland med 10 eller fleire tilsette (søk per 14.6.12). Med andre ord må 750 av desse vere miljøsertifiserte innan 31.12.13. Vårt forslag er at ein reknar ut stoda snarast, og på nytt når sysselsettingstala for 2013 er oppdaterte; deretter ei utrekning noe tid før 2020, og på nytt etter 2020. = Heildekkjande kvanitativ ved rullering. Strategi 3C (redusere avfallsmengdene) Delmål 3.5 (utviklinga i generert mengde avfall skal vere vesentleg lågare enn den økonomiske veksten. Frå og med 2020 skal produksjonen av avfall gå ned) kan bli målt ved å summere SSB 05413 (deponering av avfall) 20 med 05414 (biologisk handsaming av avfall) 21 og 05417 (forbrenning av avfall) 22 og dele på SSB 05559 (fylkesfordelt bnp) 23, justert for konsumprisindeksen (SSB 03014). 24 Utviklinga vil gå riktig veg om forholdstalet går ned. Både avfallsdataa og fylkesfordelt bnp har eit etterslep av data på tre-fire år. For nyare data kan ein i tillegg summere avfallsvariablane i KOSTRA 05458 25 og dele på SSB 07335 (bnp), 26 justert for prisutviklinga. KOSTRA 05458 inneheld berre data om hushaldavfall. = Årleg, heildekkjande kvantitativ. Strategi 3D (auke grad av materialgjenvinning og energigjenvinning av restavfall) Delmål 3.6 (mengda avfall til gjenvinning skal aukast til 80 % i 2020) kan bli målt med tal frå renovasjonsselskapa (BIR, NGIR, SIM, private). Alternativt kan KOSTRA 05458 27 (berre hushaldavfall) bli nytta. = Heildekkjande kvantitativ ved rullering. Delmål 3.7 (restavfall frå biogassanlegget vert brukt til gjødsel og skal i den grad det er mogleg erstatta kunstgjødsel) er utan konkrete mål, og utan tiltak. Vi foreslår derfor at måloppnåing ikkje blir målt. 20 http://www.ssb.no/vis/avfhand/om.html (fylkesfordelte tal). Siste år = 2010, oppdatert 13.12.2011. 21 Jfr. fotnote 30. 22 Jfr. fotnote 30. 23 Jfr. fotnote 10. 24 http://www.ssb.no/vis/kpi/om.html (nasjonale tal). Siste år = 2011, oppdatert 11.6.2012. 25 http://www.ssb.no/vis/avfkomm/om.html (kommunefordelte tal). Siste år = 2010, oppdatert 24.6.2011. 26 http://www.ssb.no/vis/nr/om.html (nasjonale tal). Siste år = 2010, oppdatert 22.11.2011 (foreløpige tal for 2011 i http://www.ssb.no/knr, oppdatert 22.5.2012). 27 Jfr. fotnote 25. 13

Strategi 3E (oppfølging av eksisterande verkemiddel) vert handtert under tiltak 1.1.4 i handlingsprogramma for 2010-2011 og 2012, og vi foreslår at det ikkje blir rapportert noko måloppnåing, men at det held med tiltaksrapportering. = Føring, vi foreslår at statistikk på strategien ikkje blir målt, men at tiltaket blir rapportert. Tema 4 Bygningar Temamål 4.1 (energibruken i bygningsmassen i Hordaland skal reduserast med 20 % innan 2020 i forhold til energibruken i 2007) er i prinsippet det same målet som delmål 2.1. = Via D 2.1 Temamål 4.2 (reduksjon i energibruken i fylkeskommunen sin bygningsmasse og utfasing av fossile brensel) blir allereie målt i dei årlege miljørapportane frå Hordaland fylkeskommune. = Årleg, heildekkjande kvantitativ (i miljørapport) Strategi 4A (energieffektivisering, energikonvertering meir miljøvenleg materialbruk) Delmål 4.1 (bruk av fossile brensel i bygningar skal reduserast med 80 % innan utgangen av 2013 og vere utfasa innan 2020) er i prinsippet det same målet som delmål 2.5. = Via D 2.5. Delmål 4.2 (bruk av elektrisitet til å dekke varmebehov i eksisterande bygningar skal reduserast med 10 % innan 2013 og 20 % innan 2020) lar seg vanskeleg måle, fordi vi da må skilje mellom elektrisitet brukt til oppvarming og elektrisitet brukt til andre formål. Om vi ser bort frå spørsmålet om varmebehov, vil vi kunne måle utviklinga i elektrisitetsbruken via delmål 2.1. = Via D 2.1. Delmål 4.3 (i nye bygg skal minst 60 % av varmebehovet dekkast av anna enn direkte verkande elektrisitet eller fossile brensel). Energiutnyttinga i bygga er dekt av lov. Kan bli målt via delmål 2.4, men vi foreslår at det utgår. = Lovkrav, utgår. Delmål 4.4 (bustadmassen i Hordaland skal ha ein reduksjon i energibehov på 350 GWh fram til 2020) er eit mål som ikkje står i forhold til delmål 2.1. Delmål 2.1 er strengare, der ein reduksjon på 20 % (i energibruk) vil innebere ein reduksjon på 826 GWh. Vår anbefaling er derfor å rette delmål 4.4 etter det strengare målet i delmål 2.1, og måle oppnåing av delmålet etter 2.1, men at ein justerer for bustadmasse. = Via D 2.1, justért for bustadmasse. 14

Delmål 4.5 (fremje bruk og utvikling av miljøvenlege materiale, produkt og tekniske løysingar med låge klimagassutslepp) er eit mål på/nær tiltaksnivå, og vi foreslår at måloppnåing ikkje blir målt, men at tiltak vert rapportert. Delmål 4.6 (stimulere til bygging av fleire passivhus og lågenergihus og at eigna bustadområde/tomter vert sette av til dette) er eit mål på/nær tiltaksnivå, og vi foreslår at måloppnåing ikkje blir målt, men at tiltak vert rapportert. Strategi 4B (auka kompetanse og rådgjeving) Delmål 4.7 (Hordaland skal ha eit komplett og operativt kompetansemiljø på energivenlege bygg og gi råd om energieffektive løysingar til huseigarar, entreprenørar, kommunar) er eit mål på/nær tiltaksnivå, og vi foreslår at måloppnåing ikkje blir målt, men at tiltak vert rapportert. Delmål 4.8 (Hordaland skal verte den fremste regionen innan energi og miljøriktig bustadbygging innan 2020) kan bli målt på energimåla i delmål 2.1. = Via D 2.1. Strategi 4C (fylkeskommunale bygg) Delmål 4.9 [oppgjeve som 4.7] (fylkeskommunale bygg skal vere førebilete på miljø- og klimavenleg bygging og rehabilitering) er eit mål på/nær tiltaksnivå, og vi foreslår at måloppnåing ikkje blir målt, men at tiltak vert rapportert. 15

Tema 5 Arealbruk og transport Temamål 5.1 Mål for arealbruk (Hordaland skal ha ein effektiv arealbruk som reduserer behovet for reising, stimulerer til meir miljøvenleg transport og unngår nedbygging av verdifulle areal) er ei føring som kan leggjast inn i areal- og transportplaner. Vi vil ikkje foreslå å måle måloppnåing på temamålet. Temamål 5.2 (utslepp frå vegtrafikk og mobile kjelder skal ned 20 % i forhold til 1991 innan 2020, 30 % innan 2030) kan bli målt i same tabell som hovudmål 1: SSB tabell 08615. 28 = Årleg kvantitativ rapportering om SSB opnar for å publisere dataa. Strategi 5A (meir effektiv arealbruk) Delmål 5.1 (jordressursane må i størst mogleg grad vernast mot omdisponering) inneheld ikkje tiltak, men ei retningsline. Måloppnåing kan bli målt ved å sjå på omdisponering av dyrka eller dyrkbart areal (KOSTRA tabell 07903 29 eller 06140 30 ), og produserbart skogareal og jordbruksareal i drift (KOSTRA tabell 06140). = Kvantitativ rapportering ved rullering (årleg er mogleg). Delmål 5.2 (stø opp om Hordaland sin senterstruktur) inneheld berre retningsliner, og kan tolkast som føring. Delmål 5.3 (arealplanlegging: Hordaland sine utfordringar på arealbruk skal løysast gjennom kunnskap og samarbeid på tvers) er å tolke som føring. Vi foreslår at måloppnåing ikkje blir målt, men at tiltak vert rapportert. Strategi 5B (digital kommunikasjon) Delmål 5.4 [oppgjeve som 5.6] (innan 2020 skal digitale møte erstatte minst 20 % av arbeidsreisene til offentleg verksemd i Hordaland. Minst 20 % av arbeidsreisene i fylkeskommunen skal innan 2013 erstattast av digitale møte). Første del av delmålet krev større datainnsamling som blir veldig krevjande å gjere, og som vi derfor foreslår blir gjort nokre få gongar. Andre del av delmålet bør følgjast opp ved (å leggje til rette for) at møtestatistikk blir ført. = Sjeldan kvantitativt utval (del 1); årleg kvantitativt utval (del 2) Strategi 5C (meir offentleg transport og meir miljøvenleg transport) Delmål 5.5 (tal reisande med kollektivtransport i Bergensområdet skal auke med 50 % frå 2007 til 2020. Det må utviklast strategiar og delmål for å oppnå auke i talet på kollektivreisan- 28 Jfr. fotnote 1 og 2 29 http://www.ssb.no/vis/kofola/om.html (kommunefordelte tal). Siste år = 2011, oppdatert 15.6.2012. 30 http://www.ssb.no/vis/kofola/om.html (kommunefordelte tal). Siste år = 2011, oppdatert 15.6.2012. 16

de i resten av fylket) vil mest presist kunne bli målt med data frå Skyss. Alternativt SSB tabell 06673 (for buss). 31 Tabell 06673 er oppgitt per innbyggjar, og må da kryssast med innbyggjartal om det er det absolutte talet reisande som skal bli målt etter delmål 5.5. At det berre er data for buss er eit problem, eit anna problem er at det er inntil eit par års etterslep på dataa. = Årleg heildekkjande kvantitativ Delmål 5.6 (tog skal vere det mest attraktive reisemiddelet mellom Bergen, Voss og Oslo for personar og godstransport) må bli dekt via reisevaneundersøkingar, samt ved datainnsamling frå logistikkfirma. Ein kan lage eit proxymål på attraktivitet ved å sjå på tid og pris. = Sjeldan kvantitativt utval. Delmål 5.7 (innan 2020 skal godstransport som går på bane doblast, godstransport på sjø skal aukast med 20 % og godstransport på veg skal reduserast tilsvarande) må først operasjonaliserast. Det er ikkje gitt kva år endringane skal målast i forhold til, og måla må reknast i delar av total godstransport, med mindre fylkestinget har som mål å ikkje tillate vekst i godstransporten. Vårt forslag er at ein her nyttar CargoNet 32 og CargoLink 33 som kjelder for godstransport på bane, SSB tabell 07394 (lastebilundersøkinga) 34 som kjelde for godstransport på veg, SSB tabell 08506 35 som kjelde for godstransport med fly (i forhold til totalrekneskapen), og SSB tabell 04277 (hamnestatistikk) 36 og tabell 07151 (godsstrømundersøkinga for sjøtransport) 37 som kjelder for sjøtransport. Godsstrømundersøkinga har berre vore i 2007, så vi kan ikkje vente oss årlege data om dette. = Sjeldan kvantitativt utval. Delmål 5.8 (innan 2020 skal minst 20 % av persontransport ut av fylket til resten av Sør- Noreg over frå fly til buss og bane) må først operasjonaliserast. Det er ikkje gitt kva år endringane skal målast i forhold til, og målet må reknast i deler av persontransport, med mindre fylkestinget har som mål å ikkje tillate vekst i persontransporten. Tal om busstrafikk kan moglegvis hentast frå Skyss, evt. busselskapa, og tal om togtrafikk kan hentast frå NSB. 38 Tal om flypassasjerar kan hentast frå SSB tabell 08506. 39 Årleg statistikk er mogleg, men ikkje relevant. = Sjeldan heildekkjande kvantitativ (årleg er mogleg). Delmål 5.9 (innan utgangen av 2020 skal talet på reiser til fots i Bergensområdet aukast med 50 % (frå 19 % i 2008). I resten av fylket skal det aukast monaleg) krev reisevaneundersøking eller innkjøp i spørjeundersøking. = Sjeldan kvantitativt utval. 31 http://www.ssb.no/vis/kolltrans/om.html (tal for byområde). Siste år = 2010, oppdatert 6.9.2011. 32 Terminalansvarleg Bergen Vidar Veka, tlf 916 66 170; kundesenteransvarleg Tor Barkal, tlf 62 46 33 32. 33 Tlf 815 10 060 34 http://www.ssb.no/vis/lbunasj/om.html (fylkesfordelte tal). Siste år = 2011, oppdatert 14.5.2012. 35 http://www.ssb.no/vis/flytrafikk/om.html (tal per lufthamn). Siste kvartal = 2012K1, oppdatert 22.6.2012. 36 http://www.ssb.no/vis/havn/om.html (hamnefordelte tal). Siste år = 2010, oppdatert 13.10.2011. 37 http://www.ssb.no/vis/havn/om.html (hamnefordelte tal). Siste år = 2007, oppdatert 17.3.2009. 38 Persontrafikk NSB: Tony Clay; tonyc@nsb.no, tlf 916 52 525. 39 Jfr. fotnote 35. 17

Delmål 5.10 (delen av reiser med sykkel i Bergensområdet skal auke frå 3 % i 2008 til minst 10 % av alle reiser i 2020. I resten av fylket skal det aukast monaleg) krev reisevaneundersøking eller innkjøp i spørjeundersøking. = Sjeldan kvantitativt utval. Strategi 5D (avgrense biltrafikken) Delmål 5.11 (minst 70 % av alle personreiser i Bergensregionen skal i 2030 skje anten gjennom bruk av kollektivtransport eller vere basert på bruk av fornybar energi. I resten av fylket skal biltrafikken reduserast monaleg) krev reisevaneundersøking eller innkjøp i spørjeundersøking. = Sjeldan kvantitativt utval. Strategi 5E (redusere utslepp frå køyretøy og fartøy) Delmål 5.12 (innan 2020 skal minst 20 % av alle lette køyretøy vere ladbare motorvogner, resterande skal i størst mogleg grad gå på ikkje-fossile drivstoff) kan (for elbildelen av målet) bli målt ved SSB tabell 07849 (registrerte køyretøy). 40 Om delmål 5.14 er å lese som 20 % av nye køyretøy, trengs data om nyregistreringar. I så fall trengs spesialbestilling til SSB eller Opplysningsrådet for veitrafikken. Delmålet er urealistisk, og klimaplanen peikar på det sjølv, ved å vise til at det trengs verkemidlar for å stimulere til raskare utskifting av bilparken. Klimaplanen viser (utan kjeldevising) til at Lågutsleppsutvalet har berekna at det vil ta 30 år å skifte ut heile bilparken og 15 år å skifte ut halvparten. I 2020 vil derfor berre 30 % av bilparken vere skifta ut, og da må det etter AUD sine berekningar for kvart år framover (inkludert 2012) vere 64 % ladbare bilar blant dei nye bilane om målet er at 20 % av registrerte lette køyretøy i 2020 skal vere ladbare! 41 I første halvår 2012 var 2,5 % av dei nyregistrerte personbilane i Noreg elektriske og 3,2 % hybridar. 42 Om vi reknar 5,7 % nyregistrerte ladbare bilar i 2012 og aukar lineært mot 100 % i 2020, vil det vere eit behov for ein auke i delen ladbare bilar på 11,8 prosentpoeng kvart år fram mot 2020. I 2014 må tre av ti nye bilar vere ladbare, i 2015 må to av fem vere ladbare, i 2016 må over halvparten av dei nye personbilane vere ladbare, og i 2020 må altså alle nye personbilar vere ladbare, og framleis vil berre 16 % av bilane vere ladbare i 2020. Legg vi til varebilparken til dei lette køyretøya, blir målet enda mindre oppnåeleg. Første halvår 2012 var det berre 13 av 15 886 nye varebilar i Noreg som hadde el-motor og åtte som var hybridbilar. 43 Om målet om 20 % elbilar blir strekt til 2030, trengs det 31 % elbilar årleg. I motsetnad til Hordaland fylkeskommune sin klimaplan, er målsettinga i Klimakur 2020 at talet ladbare (elbilar og hybridbilar) skal utgjere 5 % av bilparken i, 44 målsettinga til Samferdselsdeparte- 40 http://www.ssb.no/vis/bilreg/om.html (kommunefordelte tal). Siste år = 2011, oppdatert 26.4.2012. 41 Dersom utskiftingstakten er konstant og den totale bilparken held seg på 2011-nivå. 42 http://ofvas.no/bilsalget/bilsalget_2012/bilsalget_i_juni/, sist lasta 6.7.2012. 43 Jfr. fotnote 42. 44 http://www.klif.no/publikasjoner/2590/ta2590.pdf, side 93. Sist lasta 6.7.2012. 18

mentet sin ressursgruppe for elektrifisering av vegtransport er 4 % elbilar og 6 % hybridar, 45 mens klimameldinga til regjeringa ikkje inneheld talfesta målsetting. 46 Tjueprosentmålet for 2020 er altså ikkje realistisk, men graden av måloppnåing for elbildelen av dei ladbare bilane kan likevel bli målt årleg. SSB publiserer ikkje data om hybridbilar, og Opplysningsrådet for veitrafikken publiserer ikkje fylkesfordelte data om motortypar. = Årleg heildekkjande kvantitativt (for elbilar). Delmål 5.13 (alle fylkeskommunale køyretøy skal gå på drivstoff som er mest optimalt i forhold til klima) kan bli lagt til den årlege miljørapporten frå Hordaland fylkeskommune. = Årleg heildekkjande kvantitativt. Delmål 5.14 (alle tunge køyretøy skal over på meir klimavenlege drivstoffløysingar innan 2020) kan moglegvis bli dekt via spesialbestillingar til SSB av tabell 03689 (petroleumssalg). 47 Tabellen som er publisert i Statistikkbanken skil ikkje mellom lett og tung transport. = Heildekkjande kvantitativt ved rullering. Delmål 5.15 (ved framtidige anbod på kollektivtrafikk i fylkeskommunen skal det stillast krav til bruk av fornybar energi) er eit krav, og treng ikkje bli målt. Delmål 5.16 (det skal innførast ei fylkeskommunal/statleg tiltakspakke med gode insentivordningar for å få fart på satsinga på klimanøytralt drivstoff som elektrisitet og biogass) er eit krav, og treng ikkje bli målt. Delmål 5.17 (sjøfartsnæringa i Hordaland skal ta i bruk den mest klimavenlege sjøfartsteknologien, og skal innan 2020 vere den mest berekraftige i verda) kan moglegvis bli målt ved å kjøpe data frå Lloyds Shipregister eller andre skipsregistre (inkl. registre for grøn skipsfart), men dette har vi ikkje undersøkt i detalj. Om dette ikkje kan bli målt, er det behov for ei meir kvalitativ tilnærming. Å måle om sjøfartsnæringa i Hordaland er den mest berekraftige i verda, blir ei utfordring, og ikkje mogleg utan skipsregister som opplyser både registreringshamn og motortype. Sjølv med skipsregister, vil det vere ein stor jobb å kartleggje dette. Vi kan fange opp sjøfartsnæring i Hordaland som har skip registrerte i andre hamner, men da blir det etter ei operasjonalisering som gjer det umogleg å samanlikne mot andre registreringshamner. 45 http://www.zero.no/publikasjoner/zero-rapport-norges-satsing-paa-elbiler-hydrogenbiler-og-ladbarehybrider.pdf, side 16. Sist lasta 6.7.2012. 46 http://www.regjeringen.no/pages/37858627/pdfs/stm201120120021000dddpdfs.pdf (Miljøverndepartementet: Norsk klimapolitikk, meld.st. 21 (2011-2012). Sist lasta 6.7.2012. 47 http://www.ssb.no/vis/petroleumsalg/om.html (fylkesfordelte tal). Siste år = 2011, oppdatert 20.1.2012; kontaktperson SSB: Guro Henriksen; ghe@ssb.no, tlf 21 09 47 65. 19

Ein kan òg sjå på hamnar og infrastruktur, og kartleggje reiarlaga: er dei ISO 14000 sertifiserte, har dei miljørapportar, er dei miljøfyrtårnsertifiserte,? Ved ei kvalitativ tilnærming, vil vi ikkje kunne samanlikne, heller ikkje om vi ser oss nøgd med rapportering av tiltaka. Under føresetnad om at fylkeskommunen har råd og personalressursar til det, er det vår anbefaling at dataa berre blir kartlagd ein gong. = Sjeldan, heildekkjande kvantitativt 20

Tema 6 Næringsliv Temamål 6.1 Mål for næringsliv (bedriftene i Hordaland skal ha låge utslepp av klimagassar og lågt energibruk per produsert eining, innanfor sine bransjar. Innovasjon og nyskaping i bedriftene skal bidra til berekraftige løysingar på klimautfordringane) er godt dekt via delmåla. = Via delmål 6.1-6.3. Strategi 6A (meir miljøvenleg produksjon i Hordaland) Delmål 6.1 (flest mogleg private bedrifter i Hordaland skal vere miljøsertifiserte, minst 25 % av bedriftene med fleire enn 10 tilsette skal vere miljøsertifiserte innan utgangen av 2013) er dekt av delmål 3.4. = Via delmål 3.4. Strategi 6B (klimavenleg utvikling av fiskeri og havbruk i Hordaland) Delmål 6.2 (meir klimavenleg fiskeri og havbruk i Hordaland) er upresist. Utan betre presisjon i målet, er det vårt forslag at ein rapporterer på tiltaka. Strategi 6C (klimavenleg utvikling av marine næringar i Hordaland) Delmål 6.3 (meir klimavenlege marine næringar) er upresist. Utan betre presisjon i målet, er det vårt forslag at ein rapporterer på tiltaka. Strategi 6D (meir klima- og miljøvenleg landbruksproduksjon i Hordaland) Delmål 6.4 (betre utnytting av landbruket sine moglegheiter til å redusere og binde klimagassutslepp i Hordaland) kan bli målt ved SSB tabell 08615, 48 samt ved kvalitative analysar. = Årleg heildekkjande kvantitativ (utsleppstal); sjeldan kvalitative utval 48 Jfr. fotnote 1 og 2. 21

Tema 7 Teknologi og klimautfordringar Strategi 7A (teknologiutvikling og forsking) Delmål 7.1 (Hordaland fylkeskommune vil nytte verkemidla i Innovasjon Noreg, såkornfond og forskningsfond til å stø utviklinga av miljøteknologiske løysingar og forsking på miljøteknologi, klimakunnskap og kunnskap om effektiv verkemiddelbruk. Hordaland bør ha som målsetjing å verte best i Europa på bruk av brenselceller på ulike område) inneheld i hovudsak krav der det held med rapportering på tiltaka. Vi har ingen forslag til korleis ein kan måle måloppnåing på målsettinga om brenselceller. Strategi 7B (teknologiovergang) Delmål 7.2 (Hordaland fylkeskommune vil nytte den til ein kvar tid best tilgjengelege teknologi som gjev minst utslepp per produsert eining, sett i eit heilskapsperspektiv) er føring, der det vil holde med rapportering på tiltaka. Strategi 7C (kunnskap og rekruttering) Delmål 7.3 (Hordaland fylkeskommune vil auke kunnskapen om naturfag og klimaendringar og auke rekrutteringa til naturfag) kan bli målt ved karakter- og opptaksstatistikk frå Opplæringsavdelinga og universiteta og høgskulane. = Heildekkjande kvantitativ ved rullering. 22

Tema 8 Klimatilpassing Temamål 8.1 Mål for klimatilpassing (Hordaland skal vere mest mogleg budd på klimaendringane. Klimatilpassing skal baserast på føre-var-prinsippet, forsking og kunnskap om lokale tilhøve) er føringar. Vi foreslår ingen statistikk på måloppnåing her. Strategi 8A (kunnskapsutvikling) Delmål 8.1 (klimatilpassing i Hordaland skal baserast på relevant og oppdatert kunnskap) er føring. Vi foreslår ingen statistikk på måloppnåing her, men at tiltaka blir rapportert. Strategi 8B (sikre bygningar, vegar og annan infrastruktur samt biologisk mangfald) Delmål 8.2 (eksisterande offentlege bygg, anlegg og infrastruktur i Hordaland skal innan 2020 sikrast i høve negative effektar av klimaendringar) er føring. Vi foreslår ingen statistikk på måloppnåing her, men at tiltaka blir rapportert. Delmål 8.3 (nye offentlege og private bygg, anlegg og infrastruktur i Hordaland skal frå og med 2013 berre etablerast i område utan kjent risiko for negative effektar av klimaendringar) er føring. Vi foreslår ingen statistikk på måloppnåing her, men at tiltaka blir rapportert. Delmål 8.4 (minimere tap av biologisk mangfald som følgje av klimaendring) er når ein ser det i samband med strategien ei føring. Vi er heller ikkje kjend med at det finns god statistikk på biologisk mangfald, og vi foreslår ingen statistikk på måloppnåing her, men at tiltaka blir rapportert. Strategi 8C (klimatilpassing av naturbaserte næringar) Delmål 8.5 (naturbaserte næringar ( ) skal førebu seg på klimaendringar og gjere naudsynte omstillingar/tilpassingar) er føring. Vi foreslår ingen statistikk på måloppnåing her, men at tiltaka blir rapportert. Strategi 8D (implementering av klimatilpassing i arbeidet med folkehelse og sosiale høve) Delmål 8.6 (Hordaland skal vere ein sunn, trygg og inkluderande region å leve i uansett klimaendringar) er når ein ser det i samband med strategien ei føring. Vi foreslår ingen statistikk på måloppnåing her, men at tiltaka blir rapportert. 23

Hordaland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Hordalands samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelse tenester og kollektivtransport til inn byggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for verdi skaping, næringsutvikling, fritidsopplevingar og kultur. Som del av eit nasjonalt og globalt samfunn har vi ansvar for å ta vare på fortida, notida og framtida i Hordaland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen. Regionalavdelinga Analyse, utgreiing og dokumentasjon Agnes Mowinckels gate 5 Postboks 7900 5020 Bergen Telefon: 55 23 92 82 e-post: aud@hfk.no www.hordaland.no Juni 2012